Alle innlegg i kategorien Yoshi-kvitter

Yoshi-barn på elektromesse

Sitat frå før eg lånte Mac-en til kjærasten min for å skrive innlegget: "Kan eg låne Mac-en og blogge?" - "Korfor skal du det, det er jo ingen som les det." :'-C

Hepp! Denne gongen har Yoshi-barna vore på IFA-messa i Berlin! Der var det mykje kult, og mange fine fargar!

Lillegrønn på ei kokeplate.

Lillegrønn på ei vaskemaskin.

Lillegrønn på eit kjøleskap.

Lillegrønn på ei oppvaskmaskin.

Eg spelte eit "vask tøyet"-spel, kor ein skulle trykke på skitflekkene så fort som mogleg. Eg tangerte rekorden, men andre gongen eg prøvde, fekk eg berre 190. :C


Angry Birds var verkeleg i vinden! Her er det Nokia som har laga ei Angry Birds-utstilling kor ein blant anna kunne spele *trommekvervel* Angry Birds...



Web-kamera med autofokus. Snedig. 

Gear4 hadde den aller stiligaste Angry Birds-utstillinga. Desse store figurane er høgtalarar!



Kinesiske Haier hadde denne mannen til promotør. Det var ein levande mann som oppførte seg som ein robot og plaga dei som gjekk forbi.

Lillegrønn fekk ein penn.

Lillerosa fann Tivoli-radioar i fine fargar.

Og så fann alle tre ein radio i kvar sin nyanse.

Dette er eit høgtalarsett.

"Tak oss åt leidaren din!"

Slapp av, han berre kiler...

Lillesvarten fann seg ein ny ven.

Hugsar du testen eg skreiv av promo-snopet på Elektrofil-messa? Vel, du kan gjette kva som kjem frå IFA...

Yoshi-barn i Berlin 2

Så var eg i Berlin igjen! Kva er vel meir naturleg enn å ha med seg nokre Yoshi-barn i kofferten? Denne gongen var det Lillegrønn, Lillerosa og Lillesvarten som fekk vera med. Det første dei forelska seg i, var "klemmeskiltet" på t-banestasjonen.





I Berlin står det ei rekke "Buddy Bears", som er ei slags verdsutstilling med bjørnefigurar. Dei fleste land har laga ein slik bjørn, inkludert Norge. Etter å ha leita lenge, fann eg den norske bjørnen, som såg slik ut (den i midten):



I Berlin har dei Starbucks:



På hotellet har vi takterrasse:



Eg fekk ikkje nettet på hotellet til å funke i går, så bilda kom i dag. Seinare kjem eit innlegg med bilde frå IFA-messa, som er heile grunnen til at eg er her (kjærasten er journalist og skal skrive om messa). Der var det mange fine stader å ta bilde av Yoshi-barna!

Bilda er tatt med forskjellige kamera.

Yoshi-barna i Berlin

Mange fine stunder, mange rare blikk, mange fine bilde!

























Yoshi-ane les eit brev

Her om dagen kom mamma med eit brev til meg. Det var frå ein ivrig lesar eg har blitt kjend med. Yoshi-ane fekk tak i det, for mot slutten stod det at eg skulle helse til dei. Slik gjekk det føre seg.



















Eg la brevet frå Yoshi-ane saman med brevet til Marta. Eg la òg oppi to av mine eigne russekort (med Raudruss-logoen min). Og eg har no skjønt at å seie at ein skal blogge om noko, er ei god forsikring mot å faktisk gjere det...

Det fine med å ta bilde av Yoshi-barna ovanfrå, er at ein ser auga deira, og ikkje berre nasane.

Yoshi-barna misforstår



Yoshi-barn i vindauget / Kvitter på Twitter











No er Kvitter på Twitter

Eg har aldri brukt Twitter før, men tenkte eg kunne prøve. Eg har foreløpig twitra (må skilje mellom kvitre og twitre no) tre ting, to bilete og éi lenkje til eit artig oppslag i bokmålsordlista. Nokon som kan gi meg ei innføring i bruken av @ og # og slikt?

Her kjem du til sida mi, som foreløpig er heilt upersonleg og A4. Er du på Twitter? Kva er bruksområdet, eigentleg? Eg forstår openbart ikkje omfanget av denne revolusjonen innan sosiale medium..

Heim til jol...















Så blei det jol i år òg, kven hadde trudd det. Alle dei minste Yoshi-barna har kome heim til jol og ønskjer alle gamle og nye lesarar ei gledeleg jol! At det er så få som har vore innom Kvitter i dag, tek eg som eit godt teikn. Pass på å få med deg den siste luka i jolekalenderen før du lukkar vindauget att!

Og så snakkast vi vel i morgon.

Kor er nissane? #24

Det var ikkje så mange som såg det (kanskje ikkje det mest kjende bygget i Oslo?), men i går var nissane altså på Nobels Fredssenter, i eit bygg som er best kjent under namnet "Vestbanen". Iallfall for nokre av oss.

I dag er det sjølvaste jolaftan, og nissane har kome til den siste staden før dei skal vende nasane sine heim att. Kan du sjå kor dei er?

Kor er nissane? #23

Hurra, i dag er det vesle jolaftan! I går var nissane på ankeret til Blücher, som står lettare gøymt bort på Aker Brygge. Ifølgje Wikipedia heiter visst området "Oslo hamn", noko eg aldri har høyrt før. Menmen.

Til i dag har ikkje nissane flytta seg så langt.. Kor er dei vesle jolaftan?

Kor er nissane? #22

No nærmar jula seg med stormskritt, og nissane har igjen farta rundt i byen. I går var dei utanfor Universitetet i Oslo, i Karl Johans gate. Eg er usikker på kva bygget bak heiter, men i sentrum er det iallfall jusstudentane som går.

Kor er nissane i dag? (I dag er det ganske enkelt å sjå kva dei sit på, så eg er mest ute etter kor dei er i verda.)




Kor er nissane? #21

I går var nissane i Vigelandsparken/Frognerparken, heilt oppe ved Monolitten. Flinke folk, alle som gjetta hadde rett.

Kor er nissane i dag?

Kor er nissane? #20

Eg var i gang med å skrive dagens kalenderkvitter, men så skrudde MacBook-en min seg av og ville ikkje skru seg på igjen! Eg var kjemperedd, for eg har jo heile livet mitt innpå maskina. Alle bileta og all musikken min! Og så måtte eg gå ut og handle og møte søskena mine, og no kom eg inn att og har heldigvis fått maskina på. Puh. Så resten av kalenderbileta og alle andre bilete er ikkje vekke.

I går var nissane altså inne på Det Norske Teatret! Eg veit om berre to byster av Ivar Aasen i Oslo. Den eine er på Det Norske Teatret og den andre er i Ivar Aasens hage på Blindern.

Men kor er nissane i dag?

Kjempecredz til Jon-Arne ("JonBlund") som står bak statuen og held Svartnissen på plass. Det var så mykje vind at det var umogleg å få han til å stå på den glatte steinen.

Kor er nissane? #19

I går var nissane på Spikersuppa, ein skøytebane midt i Oslo sentrum. Dessverre har eg ikkje laga små skøyter til dei...

I dag har nissane vitja sjefen sjølv, Ivar Aasen, men... kor er dei?



Kor er nissane? #18

I går var nissane utafor Colosseum kino, ved beina til Charlie Chaplin! I dag har dei masa om at eg må lage skøyter til dei. Jadå, eg skal berre skifte namn til MacGyver først...

Kor er nissane i dag?

Kor er nissane? #17

Unnskyld at luka i går kom kjempeseint. Eg hadde vore ute heile dagen og publiserte først då eg kom heim. For å gjere det godt igjen, skal eg publisere luka for i dag før klokka tolv! Wooh. Akkurat no skulle eg ønskje eg blogga med Wordpress, for der kan ein lage innlegg på førehand og bestemme at dei skal publiserast f.eks. klokka 00.01 neste dag. Det hadde vore kjekt.

Og forresten så var nissane altså utafor Nationaltheatret i går, i armane på statuen av Wenche Foss.

Kor er nissane i dag? (Og kan du sjå kven statuen skal føreseille?)

Kor er nissane? #16

I går var nissane ved Akerselva! Under ei bru som heiter Nybrua, for dei som lurte.

Kor er nissane i dag?

Kor er nissane? #15

I går var nissane på Youngstorget. I dag har dei vandra til ein dunklare stad.

Kor er nissane i dag?

Kor er nissane? #14

I går var nissane på Rådhusplassen! Og i bonusrunden hadde eg skanna dei på jobben. Tjohei.

Kor er nissane i dag?

Dei ser litt kalde ut... Dei byrjar vel å bli frosne.

Kor er nissane? #13

I går var nissane på Løvebakken utafor Stortinget!

Kor er nissane i dag?




Kor er nissane? #Bonusrunde

Sidan alle var flinke og såg at nissane var på Løvebakken utafor Stortinget i går, skal de no få ein bonusrunde (kva skal det bety? Eg veit ikkje).

Kor er nissane i dag?

Så kjem altså den ordentlege luka seinare i dag. Det er ikkje noko tekstfilter for denne luka, så alle kommentarar blir publiserte med ein gong.

Kor er nissane? #12

I går var nissane på trikken. Det var det berre éin som såg, og det var jo eigentleg litt vanskeleg. Det ser ein anten på setetrekka, på at setet er så høgt oppe ved vindauget eller at det er HF-bygget på Blindern som er i bakgrunnen (og forbi der er det berre trikken som køyrer).

Men kor er nissane i dag?

Kor er nissane? #11

I går var nissane utafor Den Norske Frimurerorden og sneik.

Kor er nissane i dag?



Dette blei altså endå ei luke av typen "kjenner du igjen kollektivtransportmiddelet?"...

Kor er nissane? #10

I går var nissane utafor Østbanehallen, ved Trafikanten-tårnet. Eg veit ikkje heilt kor grensene for Jernbanetorget går, men det er jo like ved!

Kor har så nissane snike seg fram i dag?

Riktig svart blir premiert med credz og god karma! Eg set på tekstfilter slik at ingen kommentarar med riktig svar blir publiserte før i morgon!

Kor er nissane? #9

I går var nissane på kjøkkenet her (hos kjærasten min, altså) og las til eksamen i norrøn grammatikk og eldre språkhistorie! Eksamen gjekk eigentleg ikkje så bra - eg hadde lese for mykje om verb og for lite om substantiv, og hadde eg øvd meg på å omsetje tekst? Neeeh...

Men kor er nissane i dag?



No har eg i tillegg teke bilete så eg har i nokre dagar. Haha, flink med som farta omkring i sentrum og såg ut som ein tulling. Jaja.

Hugs at om du liker denne julekalenderen, så ... ja, så går det an å like han. *host*

Kor er nissane? #8

I går var nissane på operataket! Og som de kanskje såg, var dei temmeleg aleine oppå der. Det var masse snø, men lite folk å sjå på taket i går. I dag har nissane valt å ikkje dra så langt.

Kor er nissane åttande desember? (Og ikkje minst: Kva gjer dei?)

Kor er nissane? #7

I går var nissane på t-banen! I dag har dei valt ein meir sentral stad i Oslo og tok ein photoshoot (norsk ord, nokon?).

Kor er nissane i dag?

(Skriv du rett svar, går kommentaren din til godkjenning og vil bli publisert i morgon.)














Kor er nissane? #6

I går var nissane utafor Jan Thomas Studio. Kor mange greidde å sjå det utan å lese på markisane?

Kor er nissane i dag, tru?

Kor er nissane? #5

I går var nissane utafor Slottet. I dag kan det vere litt verre.

Kor er nissane den femte desember?

No har eg òg gjort slik at dersom du skriv rett svar, så publiserer eg ikkje kommentaren før i morgon, slik at andre òg får prøve seg utan å ha fasiten i kommentarfeltet.

bilete5

Kor er nissane? #4

I går var nissane så klart ved Litteraturhuset! I dag postar eg nokre fleire bilete, fordi dei blei så søte...

Kor er nissane i dag?







Sånn. Dette bør de sjå kor er.

Eg kan forresten nemne at eg fekk ein e-post frå framtida.no (særs bra side eg har lese lenge) som lurte på om eg hadde noko imot at dei tek innlegg frå RSS-straumen min og har i lista over "Tilrådde Bloggar" saman med Hjartesmil og ein del andre bloggar. Det er jo litt gøy, då.

Yoshi-barn er ikkje forbruksvarer

... så dei må ein vere forsiktig med. Elles rivnar dei i saumane. No er det Storesvarten som er blitt behandla litt valdsamt, så han har fått ei flengje i halsen... Då er det godt at matfar har eit syskrin, som sjeldan blir brukt til noko anna enn å reparere Yoshi-barn.









Jaja, forsiktig no..

Eg har òg prøvd meg på å hive opp ei menylinje. Eg veit ikkje om eg liker ho. Ho er litt treig. Og treng kanskje ikkje å vere på toppen.

Kor er nissane? #3

I går var nissane utafor den amerikanske ambassaden. Kan du sjå kor dei er i dag?

Kor er nissane? #2

I går var nissane på Oslo City. Men kor er dei i dag?

Kor er nissane? #1

Dei små finn ikkje nissane nokon stad, kan du hjelpe dei med å leite?

Kor er nissane i dag?

Lilleblå leitar etter nissane

Klikk på bileta for å sjå dei stort. Bruk ; og : for å bla mellom dei.

Kva er no dette? Kor er nisse-Yoshi-ane, kvifor er dei ikkje bak sofaen (saman med egget, som de kan skimte nedi der)? Kva skal Yoshi-barna gjere med dette, og ikkje minst - kvifor er stjerna så misnøgd med å hengje i vindauget så alle kan sjå han/ho? Kvifor tek iPhone-kameraet så dårlege bilete når det er både kunstig og naturleg lys på ein gong? Følg med i desember...

Eg hadde forresten eksamen i norsk grammatikk i dag. Det gjekk fint, så eg feira med å dra rett heim og ete frukost.

Lilleblå forklarar seg

I dag prøver vi ei ny måte å ha Yoshi-soger på. Trykk på det første biletet og bla vidare med piltastane:

Og så kan de kome med synspunkt på denne måten å poste Yoshi-soger på! Då blir ikkje framsida så enorm, og det er lettare å bla nedover sida. :3 Det er fordelane med det. Ulempa er jo at eg ikkje veit om dette funkar i alle nettlesarar, og slik eg har forstått det, vil boksen som poppar opp ta alle slike bilete på heile sida, så om eg har fleire yoshi-soger på framsida, vil ein kunne bla mellom alle bileta, uavhengig av innlegg.

Menmen. Slik går no dagan.

For å dele eit sitat frå dagens forelesing i norsk grammatikk, då forelesaren sa "riksmål". "Som nesten enhver foreleser i nordisk på dette universitetet, vil jeg jo nærmest riste med en hvitløkskrans før jeg sier ordet riksmål."

hurr durr

Gjesten møter Yoshi-barni


Lilleblå og Lilleljoseblå: Tihihihi, ja, slik, ja, hihihi, no ser det bra ut, hø hø hø 


Lillegrønn: Hei, gutar! Kva gjer de?
Lillegul: Hæ? Kva held de på med? Kvifor ligg Lillerød slik?


Lilleljoseblå: Det kom ei fjør ut av sofaputa i stad!
Lilleblå: Ja, og no sette vi fjøri i hovudet på Lillrød!


Lillerød: Haha, sjå på meg! Eg ser ut som ein dragartist!
Lilleljoseblå: Eh, ja, nettopp! Du er den divai, då.


Lillegrønn: Du ser tåpeleg ut, din fjott, men no må de halde kjeft og helse på den nye venen vår.
Lilleblå: Ny ven?


Lillegul: Ja, vår bortkomne bror! Er ikkje spenningi til å ta og føle på?
Lillegrønn: Kom no hit, Veslegrå!


Veslegrå: Heihei, alle saman!
Lillerød: "Veslegrå"?? Deg har eg aldri høyrt om før?
Lilleblå: Ikkje eg heller, men du ser jo ut som ein av oss!
Lilleljoseblå: Å lø, då.


Lilleblå: Er du altså bortkomen?
Lilleljoseblå: Og komen tilbake?
Lillerød: Kor har du vore i mellomtidi?
Veslegrå: Ja, eg er den bortkomne bror dykkar! Eg har vore litt her og litt der, men no har eg funne tilbake til dykk, Yoshi-barna.


Lilleblå: Vent no litt, vi har jo i-målsveke no. Kvifor seier du då "barna"?


Veslegrønn: Ja, og kvifor heiter du eigentleg Veslegrå? Alle vi andre er fødde i bokmålsland, så namni våre begynner på Lille-.
Lillegul: Er du eigentleg ein av oss?
Veslegrå: Åååh, eeeeh -- men f


Goomba: Men i svartaste bokmålshelvete, kor vanskeleg det er å bli ven med dykk Yoshi-barn!
Yoshi-barni: Goomba?!?

Du-nu-nu-duuuuh!!! Kva gjer Goomba i Yoshi-flokken? Koss har han greidd å lure dei så lenge? Kvifor snakkar han ikkje i-mål? Når kom eigentleg Lilleblå tilbake? Kjem det ei betre Yoshi-historie i morgon?

Lilleblå vaknar opp... men kvar?


Lilleblå: ... Kvar i alle dagar? Kvar har du teke meg, Ivar?


Ivar Aasen: Åh, det er ikkje så farleg. Hev du sove godt?
Lilleblå: Sov eg? Jau, det var vel godt. Kvifor har du kidnappa meg og teke meg med vekk, eigentleg?
Ivar Aasen: Eg har noko eg vil fortelja deg. Bli med ut.


Lilleblå: Herregud, denne plassen er jo nydeleg!
Ivar Aasen: Ja, det er godt du au tykkjer det, du vesle blå. Men det eg skulle snakka med deg um... Fosse og eg er ikkje so nøgde med arbeidet ditt. Du hev ikkje talentet me leita etter.


Lilleblå: Nehei, det kan vel hende. Men neste gong de skal ha nokon til å skrive nynorskopera, så foreslår eg ei lysing i ei avis eller noko slikt. Kidnapping av tilfeldige kosedyr i elvar under operabygg er lik-
Ivar Aasen: Jadajada, det er skrivi opp i protokollen, me skal gå betre til verks neste gong. Poenget er at me slepp deg laus att no.


Lilleblå: Åh, men så bra! Men Ivar, eg har noko eg vil snakke med deg om òg. Eg har tenkt litt på det, at det kanskje er litt respektlaust og slikt, men så er du jo daud og greier, så det er kanskje ikkje så farleg.
Ivar Aasen: Åh, det er i orden. Klyv upp på fanget mitt og lett hjarta ditt.


Lilleblå: Det er dette med å redde nynorsken. Trur du vi kan spreie nynorsken med tvang og slaveri? Det blir kanskje meir nynorsk i landet om vi får folk til å skrive nynorsk og produsere kultur på nynorsk. Men styrkjer det eigentleg nynorsken som språk?
Ivar Aasen: Hmm... fortel meir, du vesle..


Lilleblå: Vel, du skjøner.. Eg vil vise alle at nynorsk er flott og fantastisk, men eg trur ikkje tvang og kvotering er vegen å gå. Om vi gjer nynorsken til eit reint skulefag, eit byråkratifenomen eller noko som er nynorsk berre for å vere nynorsk, mistar det liksom litt kraft. Eg vil heller spreie nynorsk ved å bruke språket heilt naturleg, utan å heile tida leggje vekt på at det er nynorsk. Eg trur det berre er slik vi kan spreie nynorsken - ved å bruke han utan å gjere eit poeng av det!
Ivar Aasen: Du meiner... snikinnføring? Som ein gerilja? Eg likar det...


Lilleblå: Nja, det var kanskje ikkje slik eg meinte det. Meir at eg vil spreie nynorsken med kjærleik og kvardagslege ting.
Ivar Aasen: Vel, eg er heilt einig. Eg skal fortelja det til Fosse snøggast råd. Men no må eg seia farvel, du vesle. Synd det må enda slik, men eg ser ingen veg utanom. Du fær ha lukke til med å spreia nynorsken!
Lilleblå: Vent, hæ, eg skjøner ikkje? Kva e 


Lilleblå: Argh, wtf, kvifor skal dette alltid skje meg?!

 

Har vore litt oppteken dei to siste dagane, men ser at folk har kvitra kommentarar som om det stod om livet. Skal sjå å svare litt i morgon, så det ikkje blir heilt nettavis, det her.

Yoshi-barna fomlar i mørket

Gamal-Yoshi: Nei, me lyt kanskje ganga heim snart. Det er mørkt og me finn ikkje fram.
Lilleljoseblå: Men eg som trudde du kunne vegen til operaen! Vi har følgd etter deg heilt hit.

Gamal-Yoshi: Kva? Nei, eg følgde etter dykk to?
Lillegul: Åherregud, dette er så typisk. Kva skal vi finne på no, då?
Lilleljoseblå: Eg veit ikkje, men Lilleblå er der ute ein plass og treng hjelpa vår.



Lillegul: Ja, vi har jo éin ting vi kan gjere.
Lilleljoseblå: Hæ, kva då?



Lillegul: Plakatane vi laga, hugsar du vel!
Lilleljoseblå: lolwtf.


Lillegul: Humptidum.... 


Lillegul: Nokon må jo ha sett han? No får vi sikkert inn masse tips!


Gamal-Yoshi: Eg trur det hadde vori ein fordel å skriva på eit telefonnummer.


Lilleljoseblå: ... og å feste plakatane meir enn 10 cm over bakken.

 

Eg er alltid like usikker på korleis blogg.no vil at eg skal kategorisere desse innlegga. Er det "Foto/video" eller er det "kjæledyr"?

Lilleblås første prosjekt

Her er greia: Lilleblå vart blesen ut i Akerselva av luftkjølemaskina. Lillegul og Lilleljoseblå har leita, men tør ikkje gå ut på det folksame operataket for å leite etter han, men dei følgde Akerselva og kom dit.

Samstundes har Lilleblå blitt fiska opp av Jon Fosse og gjenferdet av Ivar Aasen som trong nokon til å produsere nynorsklyrikk til Den Norske Opera og Ballett. No er Lilleblå henta opp på kontoret for å framføre det første prosjektet sitt..

Lilleblå: No må eg jobbe, altså, Aasen kjem snart for å sjå.. Denne ideen bør vere godkjend.

jobbejobbejobbe

Lilleblå: Og slik, og slik, og slik... Jadå..

Lilleblå: Tram-tri-tram-tri-heidulida... 

Lilleblå: Sånn, no har eg laga noko basert på sjølvironi og ein god romantittel!
Ei røyst bak han: Hei, LIlleblå!

Lilleblå: Hei, Ivar! Der er du. Eg blei nett ferdig med prosjektet.
Aasen: Ja, fær eg sjå? Eg gler meg.

LIlleblå: Sjølvsagt, men ikkje ha for store forhåpningar. Det er jo det første prosjektet mitt.
Aasen: Eg er trygg på at det er rett godt, eg. Køyr i gong.

Lilleblå: Første scene er to Yoshi-ar som møtest, den eine er glad og forelska, den andre er meir mutt av seg. "Åh, du kjære min, kor nydeleg du er i dag" seier han bak, sant, og så syng dei.

LIlleblå: "Lalalala, min kjærleik til deg er endelaus, min kjære, her er du og her er eg og eg vil vi skal vere i lag", ikkje sant, og så syng han litt om kjærleiken sin.

Lilleblå: Han byr den andre Yoshi-en opp til dans, men han er skeptisk, for han har eit problem.


Lilleblå: "Åh, akk, min kjærleik til deg er god og ven, men mitt hjarte svir og må letta seg" og så fortel han liksom kva som er gale, som gjer at dei ikkje kan elske kvarandre, sant..

Lilleblå: For her vettu, no ser vi at dei har så korte armar! Og han græt og seier "Min kjærleik er lengre enn æva, men armane mine er ikkje lange nok til å realisere kjærleiken", hihihi, og så græt dei masse.

Lilleblå: Men dei bestemmer seg for å prøve likevel, og så flyg dei mot kvarandre med masse hjarte omkring dei, og søt musikk og dei syng noko slikt som "Kjærleiken vår kan overleve alt" eller noko sånt.

Lilleblå: Og så til den kleine biten, då, for dei krasjar med nasane inntil kvarandre, og så berre "okeej, kleint?", for dei har faktisk så korte armar at det er vanskeleg å fungere vanleg, og det er eigentleg ikkje noko å le av, men det er på ein måte ein sjølvironisk dramakomedia lauseleg basert på romantittelen "Vi har så korte armar".

Lilleblå: Og til slutt zoomar vi inn på to armar som ikkje kan nå kvarandre, og så fell teppet ned.

Lilleblå: No, kva tykkjer du?
Aasen: Altso... Det er nok ikkje so mykje zooming i operaen, så den slutten lyt du gjera noko med.

*krønsj*

Lilleblå: Nøgd no?
Aasen: Kva veit vel eg. Eg lyt høyre med Fosse.

Kva vil skje vidare? Dette kan bli spennande? Og ikkje minst, korleis går det med Lillegul, Lilleljoseblå og vyrde Gamal-Yoshi?

Lilleblå vaknar og finn seg sjølv...

... kor? (Eg innser at eg er litt treig med denne Lilleblå-historia, så om du ikkje har fått med deg episode ein, to, tre eller fire, så kan du jo sjå på dei først!)


Lilleblå: ... urk... kva i

Lilleblå: Kor i grimmaste danskeland er eg?!

Lilleblå: Eg er i... ein kjellar? Det må vere ein kjellar.
Ei røyst i bakgrunnen: Hei, er du vakin?

Lilleblå: KVEN DER?! Hæ? Kvar er du?
Røysta i bakgrunnen: Eg er no kven eg er. Klyv opp på nettingen, so fær du sjå, kan hende.

Lilleblå: Eh, okej, det kan eg vel gjere. Klatre opp her, liksom? Greitt.

Lilleblå: Sånn, no er eÅHERREGUD!!!! .... IVAR?!?!?

...
...
...
Kva for ein Ivar er det Lilleblå har møtt? Framhald kjem...
...
...
...
...
...
...
...
...
...
...
...
...
...
...
...
...
...
...
..
...
..
...
Køddar, vi tek det no.
...
...
...
...


Lilleblå: Ivar Aasen? Kva i alle dagar gjer du her?! Og kor er "her"?!
Ivar Aasen: Du er nynorsking av hjarta, er du ikkje? Godt. Du såg slik ut, so me henta deg upp frå Akerselvi då du flaut forbi. Me tenkte du skulla få arbeida litt fyrr målreisingi her i landet.

Lilleblå: Vent, hæ? Akerselva? Målreising? Kva er dette her for noko tull. Kvar er eg? Om de plukka meg opp frå Akerselva, må eg jo vere i...

Ivar Aasen: Heilt rett, du er i kjellaren åt Den Norske Opera og Ballett. Og no lyt du koma med meg, me hev nok god bruk for ein slik ein som deg.
Lilleblå: Vent, eg forstår ikkje kva du snakkar om!
Ivar Aasen: Hev du god fantasi, du vesle blå?

Lilleblå: Ja, det vil eg vel seie. Eg har eit talent for å skrive.
Ivar Aasen: Godt, då hadde han Fosse rett! Du er nok midt i blinken for oss. Kom med meg no!
Lilleblå: Vent, kva har Jon Fosse med dette å gjere? Eg liker ikkje dette.

Ivar Aasen: Klyv no ned, so lyt eg fortelja deg alt du treng å vita.
Lilleblå: Ja, vent, eg skal berre snu meg og klatre ned...

Lilleblå: ÆH, kva i alle... for ein merkeleg stad...

Ivar Aasen: Gakk inn i kjellarboden med deg, han hev stade her og venta på nett deg!
Lilleblå: Eh, okej? Kva skal de eigentleg med meg?


*KLIKK*

Ivar Aasen: Åh, du veit... Me tenkte å spreia nynorsken litt, men det held liksom ikkje å berre omsetje utalandsk populærkultur. Vi må skriva vår eigen.
Lilleblå: Er det der Jon Fosse kjem inn i biletet?
Ivar Aasen: Han hadde rett, du er ikkje so dum, du.

Ivar Aasen: Du har heilt rett, dette er målreisingsprosjektet åt Jon Fosse. Fyren er yvirarbeida, han kan ikkje standa for all nynorsklyrikk i landet lenger.
Lilleblå: Eg forstår ikkje kva dette har med meg å gjere.

Ivar Aasen: Eh.. Planen er no i alle høve at vi skal halda deg her og læra deg opp i å skriva fantastisk flott nynorsklyrikk. Det var ikkje eg som kom upp med ideen, men eg har ikkje so mykje eg skulla ha sagt. Fosse, veit du. Mektig mann. Eg fær snakka litt med han, um du absolutt ikkje vil. *poff*

Lilleblå: Vent, IVAR! Hæ? Kva skjer! Eg får ikkje opp døra! IVAR!!

... faen.

Gamal-Yoshi trør til

Lillegul: No klarnar det opp att, kanskje vi kan gå ut og sjå etter Lilleblå.
Lilleljoseblå: Men vi må bort på OPERAEN-en, og der var det så mange folk.

Lillegul: Men Lilleblå treng oss! Stakkaren er der ute, heilt åleine...
Lilleljoseblå: Ja, stakkars jæ*, eg meiner, stakkars bror vår..

Lillegul: Korleis skal vi klare å kome oss forbi alle folka?
Lilleljoseblå: Eg veit ikkje. Vi må nesten spørje nokon om råd.

Lillegul: Kva med.... Gamal-Yoshi?
Lilleljoseblå: Tullar du? Hm, kanskje ingen dum idé..

Lillegul: Han veit jo litt av kvart om korleis det er å vere ute blant folk. Meir enn det dumme egget.
Lilleljoseblå: Det er verd eit forsøk. Vi finn han no.

Gamal-Yoshi: Kva ynskjer de med meg, born?
Lillegul: Vyrde Gamal-Yoshi! Me har ein ven som vart blåsen ut i elvi! Vi treng hjelp til å finna honom!

Gamal-Yoshi: Hadde det ikkje vori for at den vesle blå sit her, so hadde eg trudd det var honom...
Lilleljoseblå: Det er honom me talar um! Lilleblå! Han er lik meg, berre litt mørkare i plysjen.
Gamal-Yoshi: Åh, men då so! Kvar har so han teki vegen? Og kvifor kjem de til meg?
Lillegul: Me trur han har sumt med elvi ned åt OPERAEN-en, men vi tør ikkje gå dit.

Gamal-Yoshi. No, born, set dykk på fanget åt han Gamal-Yoshi og fortel meg kva som er so svært med å gå på OPERAEN-en.
Lilleljoseblå: Vel, det er so mange folk der.
Lillegul: Ja, me småe Yoshi-ar er so lette å trakka i hel.

Gamal-Yoshi: Å, er det so å forstande! Vel, då har eg ei enkel løysing.
Lillegul: Vent, kva f
Lilleljoseblå: Kva gjer du, vyrde Gamal-Yoshi?!

Gamal-Yoshi: De forstend so, born... Eg har vori ute ei vinternatt føre, eg, og eg veit at folk ikkje er so farlege som ein kan tru. For å vise det åt dykk to, skal eg bera dykk bort åt OPERAEN-en.
Lillegul: Vil du so hjelpa oss å finna LIlleblå?
Gamal-Yoshi: Eg har ei kjensle av at han vil vere der, so me tarv ikkje leita.
Lilleljoseblå: Kult.

Framhald kjem...

Fyrste del av leiteaksjonen!

Det er ein fin dag i Oslo, og Lillegul og Lilleljoseblå har teke seg ein liten tur ut for å leite etter Lilleblå.


Lillegul: Ser du han nokon stad?
Lilleljoseblå: Eg må seie eg ser ganske lite, eg har ein stor nase i vegen.

Lilleljoseblå: Kva står det her, mon tru?
Lillegul: Eg veit ikkje. Står det kva vag elva rinn?
Lilleljoseblå: Naaah...

Lilleljoseblå: "Bru nr. 14", trur eg det står. Det er partall, då rinn elva oppover! Eg meiner å ha lese det på Wikipedia!
Lillegul: Nei, sjå der, elva rinn jo nedover. Vi stikk til neste bru, nede ved Vaterlandsparken.


Lilleljoseblå: Her er vatnet mykje djupare, då, eg ha'kje kjangs til å sjå noko.
Lillegul: Hmm... Har du lyst til å gå nærare og sjå?


Lilleljoseblå: Nei, eg held meg her. Vi'kje bli haimat.
Lillegul: Men sjå der borte, der går elva under husa! Vi må tusle omkring. Argh...


Lilleljoseblå: Okej? Så elva rinn under her? Kven bygg så masse hus oppå ei elv, eigentleg?
Lillegul: Og kva gjer Akershus fylkesadministrasjon i Oslo sentrum? Makan. Hei, sjå den veggen der borte.

Lilleljoseblå: Dette må vere den styggaste veggen eg nokon sinne har sett.
Lillegul: Hej, sjå på meg! Eg er piksellert, liksom!

Lilleljoseblå: Oslo sentrum er bra tamt, då.
Lillegul: Ja, lol. Hei, sjekk det høge bygget.

Lillegul: Det må jo vere høgare enn det der tårnet i Paris som Lillegrøn hadde vore oppe i.
Lilleljoseblå: Eg spyr av høge ting, la oss gå inn på Oslo S.

Lillegul: Så masse folk det var her. Lilleblå hadde aldri giddi dette.
Lilleljoseblå: Dessutan er det både naturleg lys, glødelamper og ljosstoffrøyr her inne, så det er umogleg å ta gode bilete. Vi stikk.

Lilleljoseblå: Ah, godt å vere ute av tjaset og maset og nyte sola her på sjøsida av Oslo S.
Lillegul: Sjøsida?? Då må jo elva rinne ut rett der borte!

Lilleljoseblå: "Velkommen til Operaen"? Kva er det?
Lillegul: Eg veit ikkje kva ein Operaen er, men eg kjenner på meg at Lilleblå er der!
Lilleljoseblå: Dra til deg auga, kjerring! Vi er'kje nokon turistattraksjon!


Framhald kjem...
Hugs at du kan Facebook-like innlegg!

Lillegul og Lilleljoseblå sjekkar stoda

Lilleblå er forsvunnen, og Lillegul og Lilleljoseblå (broren til Lilleblå som er litt lysare i plysjen) skal høyre litt med dei andre plysjdyra for å finne ut kva som har skjedd.

Lilleljoseblå: Han kjem no sikkert att snart, herregud, ikkje stress.
Lillegul: Vi spør nissane om dei har sett han.

Lilleljoseblå: Kva driv de med, nissar?
Lillegul: Har de sett Lilleblå?

Svart nisse: Hald kjeft, småbarn, vi ser Disney!
Rosa nisse: Og nei, vi har ikkje sett Lilleblå. Herregud.

Svart nisse: Stikk heller bort til Goomba og høyr med han. Han snik jo berre omkring og får med seg det meste.
Rosa nisse: Men ha dykk vekk no, no er femte sesong av Ducktales lasta ned.

Lilleljoseblå: Ikkje mykje hjelp i dei karane der.
Lillegul: Nei, men vi får gå og banke på hos Goomba.

Lilleljoseblå: Er det verkeleg nødvendig? Eg meiner.. Goomba, lzm. Han er jo litt sånn du veit?
Lillegul: Whatevz, han kan ha sett Lilleblå, eller veit kvar han er.

Lillegul: GOOMBA! Kom fram, din bokmålssopp! Vi må snakke med deg!

Goomba: Whatthefuckisthisidonteven...
Lillegul: Har du sett Lilleblå?! Kom ned hit!

Goomba: KVA! Eg sov!
Lillegul: Har du sett Lilleblå?

Goomba: Ja, han står her.
Lillegul: Det er ikkje Lilleblå, det er Lilleljoseblå!
Lilleljoseblå: Lilleblå liknar veldig, men han er litt mørkare i plysjen.

Goomba: NEI DÅ SÅ HA DYKK VEKK
Lillegul: For ein type!
Lilleljoseblå: Ikkje mykje hjelp i han heller. Kva gjer vi no?
Lillegul: Vi går til Egget.
Lilleljoseblå: Serr? Egget?

Egget: hum-di-dum-di-dummmmmm.....

Lillegul: Ver hilsa, Egget!
Egget: Hei, små barn, kva skjer!

Lillegul: Vi leiter etter Lilleblå, veit du kvar han er?
Lilleljoseblå: Altså ikkje meg, men
Egget: Ja, eg veit kven han er, men eg veit ikkje kvar han.

Egget: Men sist eg la merke til han, var han borte ved den store luftkjølaren. No føler eg ikkje energien hans lenger, men det kan jo vere berre på lulz.
Lillegul: Takk, Egget! Då leitar vi der!

Lilleljoseblå: Ja, eg ser han ikkje her, akkurat.
Lillegul: Ånei....

Lilleljoseblå: Ånei! Trur du...?
Lillegul: Han er jo ikkje nokon annan stad, så eg er redd det kan vere mogleg..




Lilleblås forsvinningsnummer

Lilleblå: Dæven døtte, kor eg er sliten... Skulle ønskje eg hadde mitt eige krypinn.

Lilleblå: Hey, der har vi jo den derre bråkebøtta av ein luftkjølar. Kanskje eg kan sove under den?

Lilleblå: Naah, det er for smått under, men hey - kanskje eg kan krype inn i utluftingsslangen?

Lilleblå: Hmm... Det ser litt trangt ut her au, men eg får vel prøve..

Lilleblå: *hnnnggg*

Lilleblå: Gah! Worst part over, no blir det lett...

LIlleblå: Her var det jo rett koseleg!

Lilleblå: zzzzzzz....snrk....zzzzz....it's-a mee....

Vegard: Nei, no er det på tide å lufte litt.

Vegard: Sånn, så får vi blåse den varme lufta ut i Akerselva.



Lilleblå: ... hæ? Kva er det som skjedde no? Kvifor - IIH, maskina er jo i gong, men kvar er eg?!! Å Knudsen steike i bokmålshel

Lilleljoseblå: Har du sett Lilleblå, Lillegul?
Lillegul: Koss ser han ut? høhøhø...

Lilleljoseblå: Åh, du er bra morosam, gulgjøk. Han er som meg, berre litt mørkare i plysjen.
Lillegul: Eg veit då det. Nei, eg har ikkje sett han i heile dag.

Lilleljoseblå: Det liknar ikkje han å vere vekke så lenge.
Lillegul: Nei, vi får berre håpe ikkje nissane har funne på noko tull.


Framhald kjem...

Nisselue i juli

Yoshi-barna må ha leika litt valdsamt, elles har rosa Nisse-Yoshi bestemt seg for å ikkje vere eit fullstendig sesongkrasj. I alle høve held lua hans på å falle heilt av.

Då er det flott at matfar har eit syskrin til slike høve. Fram med nål og tråd, så skal eg setje nokre sting så lua sit der ho skal.

Opp på operasjonsbordet med deg (eller kjøkenbordet, som det vel heiter).



Gjer'kje vondt i det heile. Lovar.

No står lua igjen på plass, og rosa Nisse-Yoshi er klar for nye eventyr.


Den eksperimentelle ungdomen

Eg er sjuk og heimeverande for tredje dag på rad. Dæven, så produktiv eg har vore.


Lilleblå: "Og Knut berre drog i gong ein slik laaang anekdote, og Jon berre 'kva er det eigentleg det står på t-skjorta di i dag, Knut?', og Linn berre lo og så han derre gjesten frå radio, veit du, han knuste glaset sitt!!"
Lillegul: "Hahaha, tullar du?!"
Lilleblå: "Nei, slo med pennen, rett i glaset, og Knut berre 'oi', og Jon berre 'oi' og Linn berre 'Ja, då vart det ekstrapoeng!' og alle berre looooooool, ikkje sant?"



Mellomgrøn: "Hei, barn! Veit de om ljoset i kjøleskapet er på heile tida?"
Lillegul: "Hmm... Eg veit ikkje? Når ein lukkar døra òg, meiner du?"



Lilleblå: "Eg tykkjer vi skal gå og sjekke, elles får eg ikkje sove i natt!"
Mellomgrøn: "God idé, lilleblå!"



Lilleblå: "Okei, det er ljos no, men korleis veit vi om det er ljos når døra er lukka?"



Mellomgrøn: "Eg kan hive deg inn og lukke døra, så kan du sjå."



Lilleblå: "Hæ? Kva, er det naudsynt?! Nei, serr?"



Lilleblå: "Ikkje bruk så lang tid, då!"




Frå kjøleskapet: "Det er jævleg mørkt no, altså, gutar!"



I bakgrunnen: "ÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆHHHHHHH!!!!"
Lillegul: "Kva var det?!?"
Mellomgrøn: "Det kom frå sofaen! La oss springe og sjå!"



Lillegul: "Kva gjer du der nede, mellomblå?!"
Mellomblå: "Eg leika på kanten, men sklei på pleddet og fall ned! Eg har vondt i beinet!!"
Mellomgrøn: "Har du slått deg? Vent, vi kjem ned!"



Lillegul: "Åh, huff, du har rive opp ein saum!"



Mellomgrøn: "Vi ber deg opp til far, ha kan kan sikkert sy deg!"




Frå kjøleskapet: "Hallo? Gutar? Er de der? Gutar?!"



Lilleblå: "Å, faen..."


Held fram seinare...

Yoshi-anatomi: Ei innføring

Yoshi-ar er rare dyr
For at de skal kunne ha noko å seie for livet til dei små Yoshi-barna mine, tenkte eg det var lurt om de visste litt om deira anatomi og følgjande avgrensingar. Yoshi-barn kan ikkje gjere alt dei vil, dei har nemleg anatomiske hindringar. Sånn i tillegg til at dei er laga i plysj, liksom. Okei. Her går vi.

Storleiksforhold
Yoshi-ar har ganske stor nase, som utgjer brorparten av hovudmassen og er omtrent tilsvarande sjølve kroppen. Den store nasen gjer at Yoshi-en må lene hovudet tilbake for å ikkje ramle, noko som gjev han sterk svai i ryggen. For øvrig har Yoshi-barna ein sal på ryggen, dersom nokon vil ri på dei.


Korte armar
Ein Yoshi har eit passe langt spenn mellom armane, som gjer at han kan gripe om middels store ting. Armane står rett ut på kvar si side av den tjukke kroppen, men er diverre særs korte, faktisk så korte at det er umogleg for Yoshi-en å la armane røre kvarandre. Dette gjer det vanskeleg for eit Yoshi-barn å halde små ting. Armane er heller ikkje store nok til at han kan halde dei over nasen. Yoshi-ane ser altså sjeldan kva dei held på med når dei brukar armane.



Avgrensa syn
Den store nasen er der mest av estetiske årsaker. Nasen stenger for store delar av synsvinkelen og gjer at Yoshi-barnet ser særs lite generelt. Dette gjer at Yoshi-barna er heller tilbakehaldne og sjenerte, sidan dei heile tida må sjå seg ekstra godt om. Det gjer dei òg særs nyfikne, noko eg har erfart fleire gongar.


Illustrasjonsfoto som viser kva vi ser og kva ein Yoshi kan sjå.

Sånn.
No har du fått ei innføring i anatomien til eit Yoshi-barn. Og eg skriv ei lang rettslæroppgåve.

Fordi PhotoBooth berre er dritgøy

bilde 30

bilde 31

bilde 38

bilde 39

bilde 40

bilde 41

bilde 43

bilde 45

bilde 46

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits