Alle innlegg i kategorien Ymse

Rote sonne über Berlin

Eg tok visst ferie for ein månad sia, eg burde kanskje ha skrive noko på bloggen, men det er ikkje så veldig mange som har masa, og dei som har masa, har iallfall ikkje trudd eg var daud. Så verda står nok enno til påske.

For å ta ei kjapp oppdatering sia sist, så har eg:
- fått A på munnleg eksamen i språknormering (fest)
- fått meg ny deltidsjobb som bl.a. korrekturlesar
- floge til Berlin
- spelt volleyball

Det har ikkje skjedd så veldig mykje, eigentleg. Men no er ferdig med eksamenane, ventar på sensur, nyt sola og les endeleg noko skjønnlitterært igjen! Eg har så klart hive meg over Paasilinna.

I Berlin har det til no vore varmt og ikkje ei sky på himmelen!





Sjølvsagt har eg med meg nokre små vener på tur. No legg eg berre over nokre bilde frå mobilen (iPhone-en min blei stolen av ein frekk svenske her om dagen, men eg har fått låne ein sånn fancy Sony Ericsson med Android fram til eg får råd til å kjøpe ny iPhone. Den tar heilt greie bilde.)



Her sit Lillegrønn og ser på fotballkampen mellom Norge og Ekvatorial-Guinea, som Norge vann. Sia det er damelandslaget det er snakk om, er det kanskje betre å omtale dei som "fotballjentene", "damene" eller berre "det norske kvinnelandslaget". Men så jobbar eg heller ikkje i Dagbladet.



Ntaww...



Eg har kjøpt ein bombefugl på turen. Han er tenkt som gåve, men eg veit at han som skal få han ikkje les bloggen min så ofte, så eg tar kjangsen på å legge ut eit bilde.

No skal eg og kjærasten ut for å tusle i Berlin. Eg har blant anna tenkt å kjøpe fleire slike plakatar som eg kjøpte sist gong. Fleire bilde av Yoshi-barn kjem seinare.

Neste innlegg blir med kløyvd. Eg lovar.

Sverige - eg kys deg!

(Kjose - kys - kaus - kose = å velje, tilsvarande engelsk choose - grådig kult verb!)

I går var det andre semifinale i ESC, og no er det klart at alle dei nordiske nabolanda våre har fått ein finaleplass. Og som den finske delegasjonen sa då dei trekte startnummer éin: "Det är i alla fall ett startnummer i finalen. Vi kunde varit helt utan. Som Norge."

Men Sverige, og Eric Saade, kom seg til finalen. Kanskje var det pga. den store, pulserande pokeballen dei hadde bak seg...



Eg fann ikkje noko ordentleg bilde av det, så eg tok eit skjermdump frå eit YouTube-klipp. Dunk-a-dunk-a-dunk...

Det er som vanleg med mykje ræl, og europearar har utruleg dårleg musikksmak, om ein skal dømme etter kva dei sender vidare i ESC... Eg hadde i det minste håpa på at dei mest høyrbare låtane kom vidare, men verken Israel eller Kviterussland (med den fantastiske propagandasongen "I love Belarus") gjekk vidare.

I dag starta eg dagen tidleg, gitt. Det betyr at det sannsynlegvis kjem eit innlegg til seinare. Om det brevet eg fekk.

Til minne om Wenche Foss





Space Invaders

Sidan sist

No har det gått nokre dagar igjen. Av og til skjer det, og det må vere greitt. Sidan sist har eg strikka ei lue! Eg fekk garn, pinner og oppskrifter frå søstera mi då eg blei 20, så då øyra heldt på å ramle av i kulda her om dagen, sette eg meg ned og strikka. Resultatet blei heilt kurant. Eg følgde oppskrifta slavisk, men likevel blei lua ganske stor. Men det er jo greitt, for då varmar ho ekstra mykje. Og fargane er kjempefine, veldig typisk meg. Flink søster eg har.

Lua er med Space Invader-motiv etter oppskrift frå Arne og Carlos. Oppskriftheftet er stappfullt av skrivefeil og riksmål, men eg såg forbi det og strikka.

Lommeboka lei knappedauden

Den fine dinosauruskjekslommeboka mi fekk ikkje eit langt og lykkeleg liv. Eg var så dårleg til å sette i knappen på lokket at pappen har rivna allereie. Eg måtte prøve tre gonger før knappen sat, og det er nok noko av grunnen. Men, eg har jo skapet fullt av slike esker, så eg får berre lage ein ny. Kanskje kan eg prøve det Marita tipsa om, altså borelås? Det høyrest jo ut som ein god idé.

Les, les, les

Snart ferdig med R av Arne Torp no, etter det tenkte eg å lese den nynorske omsettinga av Ett drömspel av August Strindberg. Eller kanskje eg skal låne nokre fleire bøker av Arto Paasilinna... Og så var det pensum, då. På planen framover står bl.a. Amalie Skram. Kjekt!

Litt om nyleg attkvitter

Om Kaptein rettskriving
Marta meinte "Kaptein rettskriving" burde ha stor R. Eg er usikker, og det kjem an på om han er rettskrivingskapteinen eller heiter Rettskriving. Eg valde "Kaptein rettskriving", men var særs usikker.

Kva eg jobbar med
Clara lurte på kva eg jobbar med. Det kan eg halde hemmeleg.

Stavanger-tur?
"Siddispus" ville ha meg til Stavanger ein tur. Eg har vore i Stavanger før, det er ein fantastisk fin by, og eg skal nok finne vegen dit igjen ein gong. Kanskje ikkje akkurat no.

Nynorsk 2011
Þormoðr lurer på om eg meiner bokmålsrettskrivinga av 2005 burde vere modell for nynorskrettskrivinga av 2011 eller om ein berre skal lære litt av det. Ein kan ikkje bruke det som modell, men ein kan utan tvil trekkje lærdom av korleis dei heldt på breidda i skriftspråket. Sjå innlegget mitt for detaljar.

Nynorsk i eliteserien neste år
mikaoJ spreidde gladnyhendet om at Sogndal har rykka opp til eliteserien. Då blir det litt meir nynorsk i norsk toppfotball, ja til og med i-mål. :D "Heia Saogndal!", som "Frå Austfold/Østfold?..." skreiv.

Krav til konsekvens i nynorsk
Þormoðr spurde om ein i skulen må ha ein konsekvent bruk av liknande klammeformer, altså skrive "glømme" om ein først har skrive "drømme" osv.. Eg veit ikkje, men reknar med at kvar lærar har sin eigen praksis når det kjem til dette. Det er jo så klart greiast å lese om det er konsekvente val av liknande former, men eg veit ikkje.

Eg har faktisk tenkt på noko liknande. Kan eg velje i-supinum berre for former med i som stammevokal? Altså skrive "skrivi", "drivi" og "sliti", men likevel "funne", "teke" og "skote"? På bokmål går det fint an å vere inkonsekvent i val av supinumsending i verb i "kasta-klassa", kor ein kan velje mellom -a og -et, så lenge ein er konsekvent i kvart enkelt ord. Eg tykkjer dette burde kunne gjelde i nynorsk òg, men... Eg veit ikkje. Eg veit verkeleg ikkje.

Kallenamnslaus lurte på om eg òg ville skrive -er i presens av sterke verb, som i dag er lov med klammeformer. Det kjem eg nok aldri til å gjere, då det er heilt unaturleg for meg, sjølv om eg har -er i presens av sterke verb i dialekta mi. I skrift er det meir naturleg med skriv og driv enn skriver og driver. -er i presens av sterke verb går antakeleg ut av rettskrivinga til neste år, og det synest eg er heilt rett å gjere.

Elles
Eg og kjærasten har bestemt at eg skal bo hos mora mi ei lita stund. Det går bra, altså. Eg berre. Ja. Poff. Difor det er så stille.

Ein gong levde eg i ei boble



No lever eg i eit vakuum, eller noko slikt.

Kveldssong for deg og meg

Odd Nordstoga er ein fantastisk fyr. Eg hugsar ikkje kven som sa det, men eit fantastisk sitat om han er: "Odd Nordstoga har gjort meir for nynorsken dei siste ti åra enn Noregs Mållag har gjort dei siste hundre." Fakta faen (for å bruke eit uttrykk frå Grand Manila av Kjartan Fløgstad)

Eg såg Senkveld då Odd Nordstoga var der, og blei sitjande og ville høyre dette om att og om att. Dette må jo bli ein singel.

Av anna musikk eg har høyrt på dei siste dagane, kan eg nemne Superfamily, Doktor Kosmos og Satyricon. Om nokon skulle bry seg. Det var nokon som spurte om musikksmaken min ein gong, hugsar eg.

Radioaktivitet (+ nynorsk i Aftenposten?)

Nyaste tilskot i platesamlinga: Kraftwerk - Radio-activity.

Eg veit ikkje kva det er med meg, men eg elskar Kraftwerk. Dei er så... koselege og... tyske.

Ein må jo berre elske tematikken i songane deira. Her er låtlista for dette albumet: Geiger counter, Radioactivity, Radioland, Airwaves, Intermission, News, The Voice of Energy, Antenna, Radio Stars, Uranium, Transistor og til slutt den balladeliknande Ohm Sweet Ohm, som sjølvsagt er eit ordspel av "Home sweet home".

Nei, for å skrive noko om nynorsk, så hadde eg (som eg blei spurt om i ein kommentar) eit innlegg i Si;D her om dagen. Noko litt artig som skjedde, var at Si;D-redaksjonen gjorde to endringar i innlegget mitt:

1: Eg skreiv om snittkarakterane i sidemål og hovudmål. For skuleåret 2008/2009 var dei 3,5 og 3,7. Dei endra dette til eksamenskarakterane frå juni 2010, nemleg 3,0 og 3,2. Utan å spørje meg.

2: Eg skreiv til slutt at nynorskbrukarar var vanlege folk med følelsar. Dette blei retta til "kjensler". Eg meiner at ein del -else-ord absolutt burde vere med i nynorsken, og følelse er eit av dei. Følelse står i ordlista og er ikkje eingong klammeform. Eg veksler mellom å skrive kjensler og følelsar, men valde det siste til Si;D-innlegget. Det blei endra. Jaja.

Eg skreiv ein e-post og spurde kvifor dei hadde gjort dette, og fekk eit svar med ei unnskyldning for at dei hadde vore litt teite. E-posten var på nynorsk og runda av med eit "heia nynorsk!". Så vi har nokon på innsida av Aftenposten?

Kjekt. ^^

So sit ein i Ørsta

Det er ikkje så enkelt å blogga frå iPhone, men det går. I går fór eg til nynorskland, Ørsta, på helgetur. Eg bur på Hotell Ivar Aasen, går i Ivar Aasen-gata og skal på Ivar Aasen-tunet i morgon. Her er det knallvêr, blå himmel og klar luft! Byen er like under fjella, like ved fjorden, og alt er på nynorsk. Eg elskar denne plassen, men han er ganske daud. Ein ser ikkje mykje til dei 10 000 menneska som i følgje Wikipedia skal bu her.

No skal eg gå att. Postar bilete og slikt i morgon!

Eg kan løyse Rubiks kube

Noko fekk eg då ut av Paris-turen. Eg har lært meg å løyse Rubiks kube.

Her bruker eg litt under tre minutt, men personleg rekord er 2.14. Med tanke på at eg brukte 15 minutt første gong eg fekk det til, har eg jo forbetra meg kraftig, men om eg samanliknar med verdsrekorden på 7,08 sekund, ligg eg jo eit godt stykke bak. Eg ligg kring eit minutt over venene mine som kan dette, så dette er ikkje nokon skrytevideo.


Problemet mitt er at eg bruker altfor, altfor mange trekk. Kuben kan alltid løysast med 26 eller færre trekk, men eg bruker mange gonger fleire.

Det er fleire ulike framgangsmåtar ein kan bruke på kuben, og eg kan berre denne eine.

Kva gjer du her, Eli Kari Gjengedal?

Eg såg vêrmeldinga på TV2 på tysdag, og la merke til at Eli Kari Gjengedal hadde ei noko uortodoks peikestav. Eg forventa å sjå noko om dette i media seinare, men det har vore stille. Så no legg eg det ut på bloggen i håp om å finne svar. Kva i alle dagar er dette for noko?

Eg fekk ikkje teke noko heldig bilete, så eg legg ut to uheldige:

Kva skal dette vere? Er 13. juli ein merkedag?

Ok, litt fleire bilete:




Er det no eg skal skryte av å faktisk ha møtt Eli Kari Gjengedal? Ja. ^^

Vesttysk ESC-discosynthpop med litt Jack Sparrow

Eg har eit nytt yndlingsband. Og du har høyrt minst éin låt av dei, kanskje to.


Bandet heiter Dschinghis Khan, vart stifta for å delta i Eurovision Song Contest i 1979, og dei kalla gruppa opp etter songen dei teltok med. Dei enda opp på fjerdeplass, men vart likevel verdskjende for eit spektakulært og underhaldande show.

I tillegg til ESC-bidraget er òg songen Moskau særs kjend og har vore ein enorm hit blant anna i Australia. Nokre tykkjer nok at songane er for like, men eg høyrer discobass, storband, synthpop og tyskarar som syng om asiatiske tema. Fantastisk.

Dschinghis Khan - Moskau

7 Leben
Spotify finn du berre eitt av albuma deira, men det er absolutt verd ein titt (lytt?)!

Ein kan seie mykje rart om stilen til denne gruppa, men den er i alle høve gjennomført! Her er det litt av kvart, frå fleire verdshjørne, noko som flott speglar tematikken i songane.

Og kven står ytst til høgre der? Det er ikkje Johnny Depp som Jack Sparrow, men det er ekstremt likt. Påfallande, altså.
Dei er jo så like at ein tek feil. Så like at ein tek feil...

Bandet syng på tysk om tema frå heile verda. Dei har låtar om Russland, Aust-Asia, Sør-Amerika, Israel (som aldri greier å bestemme seg for kva verdsdel dei ligg i), og dei har alt frå heftig disco til rolege balladar (ein av dei beste heiter Rote Sonne Über Kasachstan - raud sol over Kasakhstan).

Dette er fantastisk, rett og slett. Eg elskar det! Dette vert nok den store hit-en på spelelista mi i sommar.

Japansk versjon
Og til slutt ein kuriositet. Som alt anna her i verda, finst det ein japansk versjon. Her er Berryz Koubou-versjonen av Dschinghis Khan, omdøpt til Jingisukan. Nyt det.

Nedtur, opptur, diskett, kamera

Her kjem eit realt ymsekvitter! Eg har òg lagt til orda "andlet", "attende", "framhald" og nokre fleire i bokmålsordlista mi! Ta ein titt, kanskje er det fleire ord du ikkje visste var tillatne på bokmål!

Nedtur 
Eg kom opp i matte. I seg sjølv er jo ikkje det så ille, særskilt med tanke på at vi har "visst" det ei stund allereie, så eg har vore mentalt førebudd. Greitt å la den frustrasjonen leggje seg nokre veker før. Men altså... Eg skal opp i funksjonslære. Det kunne vel vore verre, men bra er det ikkje. Eg er glad eg har helga, og at eg er aleine heime fram til sundag.

Opptur
Nynorsk på trekkoversynet. Alle om kom opp i matte, kom opp i "munnleg". Men merk at det berre er nynorsk i den eine tittelen. Elles er alt på bokmål.

Diskett
Eg har fått tak i fem diskettar i ulike fargar. Dei skal det bli fine halskjede av.



Kamera
Eg fekk òg tak i dette artige kameraet i dag. Det er skikkeleg gamalt og har 3,2 megapikslar, juhu! Det tek berre CF-kort, merkeleg nok, og har ei linse ein kan vri på. Slik at ein til dømes kan sjå seg sjølv på skjermen. Utruleg nyttig.

Ikkje mobb henda mine. Eg har høyrd at dei er skumle.

Eg må sjølvsagt teste biletkvaliteten ved å ta bilete av Yoshi-barn og slikt.






Som de ser tullar den med lyset. BIletet eg tok ut vindauget vart heilt blått, og den takla dårleg å ha både sterkt og svakt lys i biletet på ein gong. Med blits vart det jo litt fint, men eg hatar å bruke blits. Eg skal ta med meg kameraet ut i sola og teste det skikkeleg seinare!

Men no: Funksjonslære! Du og du, kor artig eg skal ha det i helga...

Nokon som har vore heldigare enn meg med munnlegtrekket?

Små designendringar #2

Kan du sjå dei?
Eg har gjort nokre få endringar, men eg oppdagar at dei berre er synlege i Chrome og Firefox! Eg har no testa med Chrome (for Mac), Firefox, Opera, Internet Explorer (for Mac) og Safari. Resultatet var:

Bloggen ser ut slik eg vil i Chrome.
Bloggen ser omtrent ut som eg vil i Firefox.
Bloggen ser firkanta ut i Opera og Safari.
Bloggen min er uleseleg i Internet Explorer.

Sånn vil eg at bloggen skal sjå ut no:

Om ikkje bloggen min ser slik ut, er det fordi eg ikkje har "optimalisert" designet for alle nettlesarar. Eg jobbar med det, men eg har jo ikkje peiling, eigentleg.

Men bloggen ser ganske fin ut i Chrome! Chrome er for øvrig langt raskare enn Firefox.

I morgon kjem helga, det er tid for

... hovudmålseksamen!
Og eg skal sjølvsagt skrive på nynorsk. Så no skal eg førebu meg og plukke med meg alt eg treng. ID, kandidatnummer, ordliste, norskbøker, avisartiklar, alt eg kunne finne på å trenge... Jeje. Det går heilt sikkert bra. Er det slik at alle Vg3-elevar har hovudmålseksamen i morgon? I så fall får dei av dykk som skal ha eksamen i morgon ha lykke til!

Ferdig med Min Kamp 2
Eg har kanskje ikkje skrive at eg er ferdig med å lese andre bind av Min Kamp, så det gjer eg no, berre for å vere sikker. Det var ei god bok, og eg skal vel snart ta til å lese tredje og fjerde bind, men i mellomtida skal eg lese litt andre ting.

No held eg på med den vesle boka Kasino av Mette Hansen, og eg har lånt meg Hardkokt eventyrland og verdens ende av Haruki Murakami til å kose meg med mellom eksamenspugging og Eurovision-semifinalar. Eg fekk ikkje tak i After Dark, men denne skal visst og vere god. Ikkje er ho frykteleg lang, heller. 350 sider.
Er det eit kranium på framsida av boka, eller? Eg gler meg til å finne ut!

Vekene som kjem
Ja, i vekene som kjem, skal eg ha eksamen og slikt. Det er med om lag ei vekes mellomrom. Første eksamen er i morgon, så er det ein neste torsdag, og så den siste skriftlege fredagen etter der, igjen. Torsdagen etter der igjen, får vi vite kva vi kjem opp i munnleg, og eksamenen er på måndagen.

Heldigvis har eg ikkje kome opp i nokre fag som gjer at eg må pugge og lese og ha det fælt, så eg har det eigentleg ganske godt dei komande vekene. Men eg håpar jo sjølvsagt vêret ikkje er uuthaldeleg varmt og fint medan eg har eksamen.

Elles kjem det snart ein ny omvendt spørjekrins (eg har døypt det om til -krins, sidan eg trur krins er brukt meir om menneske og krans meir om ting, jamfør venekrins og valkrins, men tornekrans og laurbærkrans). Eg må berre sjekke litt kva eg har spurt om før og slikt...

Kommentarar - noko å takke for?

Skremmande utvikling
I det siste har eg fått (minst) to slike "gjengjeldingskommentarar" på bloggen min etter å ha kommentert andre blogginnlegg. Eg har sjølvsagt skrive relevante eller konstruktive kommentarar, men eg slit med å forstå kvifor desse bloggarane seinare har gått inn på bloggen min og kommentert "SV: Tusen takk for kommentar !" på det øvste innlegget mitt.

Det er kjekt med konstruktive og relevante kommentarar på bloggen, og eg har jo fleire gongar takka folk for gode kommentarar, men det er alltid av typen "Takk for langt og grundig attkvitter" etterfulgd av eit utdjupande svar på kommentaren, gjerne framhald av diskusjonen eg har oppmoda til i innlegget eg har skrive. Og når eg tilsvarande har skrive sidelange kommentarar til andre, har dei byrja svaret sitt med å takke for god og konstruktiv tilbakemelding.

Men kva tid vart det slik at ein kommentar har ein eigenverdi for desse fjorten år gamle jentene? Eg ser så mange som skriv "Kommenterer tilbake<3", men vil det berre seie at dei skriv "takk for kommentar" på bloggane til kvarandre? Kan ein kalle dette noko anna enn toskeskap?



Enkle sinn, enkle gleder?
Eg legg skulda på blogg.no og liknande bloggsider i utlandet sitt utstrakte arbeid med å byggje eit samfunn kring bloggane, for dette fenomenet. No startar ein ikkje lenger bloggar fordi ein har noko å blogge om, men fordi ein "må". Blogg.no og andre bloggarar krev sjølvsagt at alle som deltek i konkurransar osv. har eigen blogg. Legg dette saman med topplister for mest vitja (mest genererte reklameinntekter) og mest aktive bloggar og kva skjer då? Jo, kvar dag vil 1500 fjortisjenter opprette ein blogg utan å vite kva dei skal fylle han med.

Og når ein skriv ein meiningslaus blogg, kvifor skal då kommentarane ha nokon annan funksjon enn å lage høge, fine tal under kvart innlegg? Desse fjortisbloggarane gjev ein lang og høg blaff i om kommentarane dei får er konstruktive tilbakemeldingar eller om dei er like innhaldslause som innlegget dei står under, så lenge det står noko anna enn "ingen kommentarer" etterpå.

Men kva er eigentleg det neste? Vi har jo sett døme på at kommentarar er premie i konkurransar, at det er eit gode ein burde gjengjelde, at det har med høflegheit å skrive noko berre for å skrive noko osv., men kor lang tid skal det gå før eg finn eit blogginnlegg om at "Julie Maria har busjdag i dag jeg har gitt hun 20 komentarer <3"?

Her er slik ein ikkje gjer det, og slik ein gjer det:


Den øvste kommentaren fekk eg etter å ha skrive ein lang kommentar om mammabloggarar til eit innlegg om nettopp mammabloggarar. Den nedste kommentaren fekk eg etter å ha kommentert eit innlegg om sidemål, og kommentert blant anna at ho skreiv "sidemål" og "nynorsk" om kvarandre. Slikt er hyggeleg, men takkekommentarar er på grensa til boss.

Eyh, no kom eg på eit avløysarord for "spam", anna enn "søppelpost"! Bosspost! Bosspost kan ein jo òg bruke om meiningslause blogginnlegg og -kommentarar? Nei til bosspost!

Små designendringar

Eg var litt lei av at bloggen såg ut som om han var retta mot 12-åringar, så eg tok nokre grep og gjorde han meir... Tjah, eg veit ikkje kva eg gjorde, men eg er litt nøgd.

Gjer meir utover dagen. Toppbiletet vert antakeleg endra litt.

Det er sjølvsagt lov å meine noko om dette, men ingen tvang. ^^


Nytt toppbilete ^^,

Kvitretog
No har eg teikna eit nytt toppbilete til bloggen. Ganske nøgd! Med unntak av at toget ikkje går på skinner. Menmen, det er ikkje så farleg.

Skal vi sjå.. No vil eg analysere alle toppbileta eg har hatt sidan eg laga bloggen! Merk at alle bileta er "gjennomsiktige" og at mykje av det som ser kvitt ut her var ljoseblått då det var toppbilete (det ser berre kvitt ut fordi du ser rett gjennom teikninga og på bakgrunnen i innlegget, som er kvit).

Toppbilete #1:




Eg likte dette særs godt. Faktisk. Det er søtt og upersonleg, men kvitrefuglen er heilt brun. Merkeleg, det der. Men eg likte det. Då eg teikna dette, tykte eg "Kvitter.blogg.no" var det beste bloggnamnet nokon sinne og var kjempeklar for å gjere dette til verdas (iallfall Noregs) beste blogg.

Toppbilete #2:


Og så var det dette. Dei blå strekane ytst var berre der for å skape breidde. Eg er jo så datadum at eg ikkje greidde å få toppbiletet akkurat dit eg ville i stilsettet, så då vart det til at eg teikna inn to blå strekar der eg ville ha dei. Dette toppbiletet har brune konturar, legg du merke til det? Fuglen er og skikkeleg tjukk.

Toppbilete #3:



Ja.. Speisa fargar, og kvitrefuglen er brun og har kvit mage. Eg veit ikkje kvifor. Dette må vere før eg fekk ein identitet som den kvitrefuglen. Høhø.. Eg liker romvesenfuglen med fire bein og blå vingar på ryggen. ^^

Toppbilete #4:


Same som nummer 2, berre at eg slengte på ei stor stjerne om at eg vart omtala i Sunnmørsposten. Eg er framleis stolt. ^^

Toppbilete #5:



Jaddå.. Denne perioden hadde eg dilla på awesome-smileyen. Ikkje spesielt nøgd med dei hengande bokstavane, altså. Difor vart denne bytt ut nokså raskt.

Toppbilete #6:



Dette er det eg liker best av alle, trur eg! Warhol-fugl, bokmålskråkespor, og teksten om Twitter-inspirasjon. Særs nøgd. ^^

Toppbilete #7:



Dette hadde eg inntil i dag, og eg har hatt det kjempelenge. Eg tykkjer det vart særs bra. ^^ Her fekk eg med ei form for glorifisering av fuglen, namnet på bloggen og at eg elskar nynorsk. Og er det nokon som ser ein UFO? Heilt rett. Manglar derimot kråkespor.

Toppbilete #8:



Yoshi-barna gjer sitt inntog (åfydenvartørr) på bloggen igjen, men det er framleis kvitrefuglen som køyrer. Hurra-hurra! ^^

Sånn.. No skal eg lese meir i Kjærleikens ferjereiser, av Edvard Hoem. Nyt kvelden!


Meg og blogging - ein klar progresjon

Lenge sidan byrjinga
Eg har ikkje datoen friskt i hug no, men eg laga min fyrste blogg, yoshi.blogg.no, i mars i fjor, eller noko. Så. Det er ein god stund sidan. Den bloggen levde til i haust, då døydde han. Det gjekk då ikkje mange dagane før eg hadde mobilisert skrivetrongen i meg til denne bloggen, som eg har helde meir eller mindre i live frå oktober til no, og i overskueleg framtid. Men la oss sjå progresjonen.

Bokmål -> nynorsk
Sjølv om eg hadde bestemt meg for å leggje om til nynorsk, skreiv eg dei fyrste innlegga mine på bokmål, men det gjekk ikkje lang tid før eg gjorde bloggen om til ein nynorskblogg.

Personleg -> upersonleg
Den fyrste bloggen handla om meg. Det var ikkje ei dagbok, men ei slags minnebok for ting eg hadde opplevd. Seinare handla bloggen meir og meir om Yoshi, homofili og nynorsk. Seinare meir og meir om nynorsk. Kvitrebloggen handlar eigentleg ikkje om nokon ting, han handlar litt om korleis ein tidlegare bokmålsbrukar vart nynorskbrukar, nyhende, språk, og bla bla bla. Likevel er han meir "populær" enn Yoshi-bloggen nokon gong var, så det er vel eit teikn på at det var eit steg i riktig retning.

Evolusjon!
Det er nokon som har kommentert at eg gjekk frå å vere dinosaurus til å vere fugl. Vel. Dinosaurane utvekla seg jo til fuglar, gjorde dei ikkje? Kom ikkje her og sei at det ikkje er nokre likskapar, altså...




Vegen vidare?
Åh, eg veit ikkje. Eg held på med dette så lenge eg ser glede i det. :3 Så kan jo nokon lage veddemål om kva som skjer neste gong eg sluttar å blogge, eller noko. Eg har ein ekstremt kreativ gjeng med attkvitrarar. Det er søtt. ^^

No må eg avslutte, men innlegget held fram i hovudet ditt.

Tre månader med kvitring

Eit aldri så lite jubileum!
Ja, denne bloggen laga eg 30. september, og det er tre månader sidan i dag! Likevel byrja eg jo ikkje å blogge før 1. oktober, så det er eigentleg fyrste januar det ekte jubileet er, men føkk no det, la oss sjå attende på kva eg har vore gjennom, på godt og vondt, i dei tre månadene eg har kvitra. Sjølvsagt akkompagnert av noko melankolsk, poetisk og vakkert som vi alle elskar:




  • 160 innlegg
    Dette er nummer 161, eller i snitt 1,75 innlegg kvar dag.
  • 1000 attkvitter
    Altså eit snitt på 6,25 attkvitter per kvitter. Vi hadde vore ein fin flokk, vi. ^^
  • 34 følgjarar på Bloglovin
    Eller om lag 2,6 nye følgjarar i veka. Panikk.
  • Presseomtale!
    Ein framleis uidentifisert skribent nemnte bloggen min som noko som var verdt å få med seg i ein artikkel om blogging, i Sunnmørsposten. Det er jo noko å skryte av? :3
  • 375 bilete og 1 video
    Eg har posta så mykje som 375 bilete. Det er jo ikkje bileta mine de bryr dykk mest om, har eg skjønt, men eg liker dei. Så det, så. Den eine videoen er ein fantastisk keisam video av meg som brifer med pannekakekaste-skillza mine. Det var vanskeleg å filme og kaste på same tid, så eg måtte filme fleire gongar og enda opp med å bruke eit opptak kor pannekaka allereie er steikt på båe sider. Det er jo ikkje like imponerande. Videoen finn du på YouTube.
  • Eg har vore profilert på framsida av blogg.no
    Temmeleg ufrivilleg, men det er jo kjekt å vite at blogg.no-folka les bloggen min, sjølv om dei aldri svarar på e-postane og kommentarane mine. :3
  • Ingen topplisteplassering på blogg.no
    Jesssss!
  • Eg har framleis 6 i nynorsk
    Eg har derimot gått ned til 5 i bokmål. Høhø. Kanskje eg tek eit innlegg eller to på bokmål på nyåret? (...njaaaaaah)
  • Mindre enn 10 reklamekommentarar!
    Nynorsk er eit effektivt prevansjonsmiddel mot spam og reklame! :3
  • Ingen ondsinna blogginnlegg om meg!
    Den førre bloggen eg hadde var det faktisk nokon som valde å vie eit heilt innlegg til å slenge drit om. Etter å ha kontakta mora hans på Facebook, sletta han heile bloggen sin og ba halvvegs om orsaking. Såh. Ingen køddar med meg, okej? ^^ Eg er kanskje ganske anonym, men eg er eit menneske, trass alt. Eg finn meg ikkje i kyberterror.

Framtida?
Eg er stadig ute etter å fornye bloggen på eit eller anna vis. Orkar ikkje halde på med det same heile tida. Men kjem eg alltid til å vere like kvasi-anonym? Kanskje. Eg har førebels ingen eksponeringstrong.

Æh, det vart ikkje slik eg tenkte. O.o

Jaja. No skal eg ut. Adios. Hugs å delta i den omvendte spørjekransen. Artig-artig, veit du. No er det fire stykk som er med. Kjenner eg dykk rett, kjem dei fire til å få like mange poeng... Så, framleis gode sjanser for pallplass.

Julekvitter, nytt toppbilete, romjulskalender

Pynta til jul
No er det snart jul, og observante lesarar ser at eg har pynta pepperkakehus og julestjerne, og kvitrefuglen har fanga seg eit julenek. No kan jula berre kome, og helst ha med seg litt julestemning.

Eg har selskap i sofaen.

Dette biletet er snart eit år gamalt, trur eg. Søte små...

Romjulsgreier
Eg har ikkje hatt nokon adventskalender på bloggen, men kva seier de til romjulskalender? 13. luker (til trettande dag jul)? Vi seier det, vi.

Kva vil vere i lukene? Tjah, kven veit. Ikkje noko de kan vinne eller liknande, men ulike, løgne ting. Artige innlegg, til dømes. Eg skal freiste å vere kreativ. Hurra.

No skal eg pynte pepperkaker og setje opp juletre. Og snart er det graut. Merkar eg julekjensla kome krypande? Jaa? Jaaaa?

Nei. Faen.

Kvitter om attkvitter og att-attkvitter

Þormóðr - ein gluping
Greitt, eg har òg sett at folk mest har slutta å kommentere på innlegga på bloggen her, og slik Þormóðr attkvitra om, har eg jo skjønt at det er fordi eg nær aldri svarar på attkvitteret dykkar. I motsetnad til småbarna, som det er for mange av i bloggsfæren, gret eg meg ikkje i søvn om eg skriv eit innlegg utan at det kjem noko attkvitter. Men det er jo likevel noko som manglar - det er det som er skilnaden på ein blogg og ein nettavis (igjen, takk til Þormóðr for samanlikning), ein nettavis er einvegskommunikasjon, men på ein blogg skal det vere mogleg å kommunisere direkte med skribenten. Det har eg diverre ikkje lagt godt nok opp til så langt.

Eg har ikkje lyst til å finne på masse unnskuldingar om kvifor eg ikkje kvitrar attende på attkvitteret de skriv, men det kan vere greitt for dei av dykk som undrar på kvifor de aldri får svar å vite at eg er ganske usikker på meg sjølv og at det difor stundom kan vere vanskeleg å skrive den minste lille ting til kven det skulle vere. Éin ting er å kvitre som dette, ein annan ting er å faktisk snakke med de som uforståeleg nok har ei interesse av å lese kvitteret mitt. Det er fleire ting som spel inn.

Eit døme er at eg konstant kjenner meg vurdert av alt og alle. Difor freistar eg å vere så anonym som mogleg her, for eg vil nødig utlevere meg sjølv meir enn naudsynt. Men tru meg, det er paranoiatendensar ute og går her. Ein av grunnane til at eg ikkje skrive att-attkvitter er at eg trur folk som les bloggen vil tenkje at eg svarar på kommentarar berre for å få eit høgare tal på kommentarar på innlegg. Og eg vil ikkje at nokon skal tenkje at eg er ein sjølvhøgtideleg idiot som gjer slike ting, sjølv om det eigentleg burde vere ein god ting at fleire av kommentarane på eit innlegg er skrive av kvitraren sjølv. Seriøst, slike ting tenkjer eg. Eg freistar å slutte med det.

Til slutt ei lita teikning som skal bli til nytt toppbilete etter at eg har attkvitra til attkvitteret de har lagt att i det siste. Eg har ingen grunn til å te meg som om eg skriv ein nettavis.

Jogurt med smak av jul. "Æsj"?

Eg skreiv eit innlegg om kor lite godt eg trudde jogurt med smak av jul ville smake. Eg enda opp med å kjøpe jogurten, og du får her ein test. Eg skriv medan eg smakar. K.

Julejogurt, mm.
Right, eg tek jogurten ut av kjøleskapet og tek med meg ei skei (skje) bort til sofaen kor eg nettopp har sett handball (Noreg vann!) Kva for jogurt skal eg byrje med? Her har vi jo tilsynelatande både pest, kolera, AIDS og kreft å velje i... Eg greier absolutt ikkje å bestemme meg for kva jogurt eg skal ete fyrst, men eg skal definitivt ta gløgg til slutt. Vi byrjar med rom og rosin. Okej. Eg vurderer fleire sider ved jogurten og ei heilskapsvurdering til slutt.

Rom og rosin

Vit at eg testar desse jogurtane med ei aning om at dei smakar vondt og ekkelt, eg er kjempenegativt innstilt og dette er på ingen måte ein objektiv test. Men. Eg er absolutt open for at noko av dette faktisk smakar godt.
Lukt: Jogurt med smak av rom og rosin luktar rett og slett under middels godt. Eg veit ikkje korleis rom skal lukte, men det luktar ganske likt baileys. Isj. Ikkje særs innbydande.
Konsistens og farge: Denne jogurten skil seg ikkje særs mykje ut frå vanleg jogurt i farge. Konsistensen, derimot.. Ser ut som vanleg jogurt, men når eg rotar litt kring, finn eg ut at det faktisk er rosinar oppi her. Nam. *BLÆ*
Smak: Oi, fy faen, dette smakte verkeleg hesleg. Dette er nesten like ille som kirgisiske jogurtkuler! Dette smakar verkeleg vondt. >.< Eg tvingar meg sjølv til å ta fem skjeer, men meir enn det orkar eg verkeleg ikkje. ***
Ettersmak: Etterpå sit du igjen med ein ettersmak av rosin og noko som minnar om måling. Ikkje at eg har smaka på måling, men det smakar slik måling luktar, om du skjøner. Verkeleg, verkeleg ekkelt.
Heilskap: Dette er definitivt total strykkarakter. Verkeleg. Denne går rett i søpla. Isj. Karakter: 1.
Bilete:

Fiken

Neste ut vart fiken. Mmm... Eg er ikkje noko glad i fiken.
Lukt: Denne ligg i omtrent same klasse som kamerat rom og rosin over her. Verkeleg, verkeleg ikkje noko godt å lukte på. Luktar fiken.
Konsistens og farge: Fargen er ganske.. Vanleg jogurt-aktig, men litt mørkare enn rom og rosin. I tillegg er det noko nedi der. Eg anar ikkje kva det er, det er små raude frøliknande ting og noko meir. Jaja. Ser ikkje direkte motbydeleg ut, akkurat. Positivt overraska. Finn dog ut at det òg her er fruktbitar. Eller er fiken eigentleg frukt? Kva er fiken? Noko ekkelt frå ein annan planet? Eg trur det. Menmen.
Smak: Eg veit ikkje korleis eg skal skildre denne smaken. Den er absolutt langt betre enn rom og rosin, utan tvil. Denne er faktisk over grensa til god! Eg er absolutt positivt overraska. Etter å ha ete ein del og vorte vand med smaken, så er dette faktisk godt. Faktisk. :3
Ettersmak: Her må eg faktisk gje Tine rett - dette smakar jul. Eg har ein ettersmak av jul etter å ha ete fikenjogurt. Det smakar ein rar blanding av krydder og søtsaker. 
Heilskap: Dette var ei positiv overrasking. Absolutt. Ikkje kjempegodt, men godt. Ekkelt med fikenbitar, det kunne dei ha spara seg for, verkeleg. God ettersmak. Karakter: 4.
Bilete:

Ingefær


Eg skulle jo ta gløggen til slutt, så då vert det ingefær no. Eg elskar ingefærøl og mat med ingefær, så dette kan gå alle vegar.
Lukt: Her må eg berre seie "oisann". Det luktar nesten ingenting, men når du faktisk greier å fange opp litt lukt, kan det like gjerne vere frå ei wok-gryte med ingefær som frå ingefærjogurt. Sært. Men på ingen måte like motbydeleg som rom og rosin.
Konsistens og farge: Dette hadde eg trudd på var vanlijejogurt om du sa det. Konsistensen er ganske fin, men det er nokre små klumpar eg ikkje heilt greier å forstå kva det er. Er det heile bitar av ingefær? O.o 
Smak: Utruleg nok smakar dette ingefær (hadde eg aldri trudd...).  Det smakar ganske sterkt til jogurt å vere. Jogurt plar jo vere mild og søt, men denne var faktisk litt sterk i halsen. Særs når ein får i seg dei heile bitane av ingefær. Dette smakar på ingen måte vondt, men eg vil heller ikkje kalle det kjempegodt. Godt, ja, men ikkje noko eg hoppar i taket av. 
Ettersmak: Denne jogurten sit i halsen. Kanskje litt for lenge. Det er som om ein har ete anna mat med ingefær - du kjenner det svir lett bakarst i halsen. Det er jo litt kjipt.
Heilskap: Utan at eg skal seie kjempemykje om denne, må eg få med at han var god. Men det held på ein måte ikkje å vere god når det ikkje er særs meir enn eteleg. Alt i alt same som fikenjogurt. Karakter: 4.
Bilete:

Gløgg


Og til slutt er det gløgg. Eg er ganske glad i gløgg og greier på ingen måte å sjå føre meg korleis dette kjem til å smake. Spennande, spennande, spennande...
Lukt: Ikkje overraskande luktar denne jogurten gløgg. Lukta er eigentleg ganske tam. Ikkje så mykje å seie om det.
Konsistens og farge: Jogurten har ein grårosa farge. Jah, grårosa. Nestan mot lilla. Svak, grå, rar. Jaja. Konsistensen er litt tynnare enn dei andre, men framleis ganske jogurtaktig. Godkjent.
Smak: Omg, det er rosinar i denne òg! Æh, det kom brått på, dei hadde samla seg i botn.. Men okej, joda, denne smakar godt! Eg vil faktisk nytte ordet godt! Absolutt utradisjonelt, men likefullt god smak av gløgg. 
Ettersmak: Det er absolutt smaken av rosin som sit att, i tillegg til ein sterk gløggsmak.
Heilskap: Dette var den beste (slik eg hadde trudd), og dette er verkeleg på grensa til ganske godt. Litt rar konsistens, men. Dette var utan tvil den beste jogurten, men ikkje heilt perfekt. Noko skurrar, jogurten er litt for tynn og dei ekle rosinane øydela mykje. Eg hadde vore snill om eg ga ein femmar, men eg kan ikkje gje noko anna enn 4.
Bilete:

Om eg skal gje nokon samla vurdering, må det hamne på tre. 3/4 jogurtar smakar heilt ok, og den fjerde smakar pyton. Dette vert nok ingen salssuksess, men.. kvifor ikkje? No er eg ganske kvalm.

Fire sesongmatvarer verda aldri såg

Jula - sesongen for dei rare påfunna
Det er utruleg kva folk finn på for å selje meir i jula, som no har vorte julehalvåret (hurra for det, sa jenta som gifta seg med jula), og vi ser dei vanlege produkta i nye innpakningar, marknadsført som jule-ditt og jule-datt. Vi har òg ein masse sesongprodukt som er i butikkane berre kring juletider. Om du til dømes vil ha eit nyhugga grantre å slepe inn i stua, så du kan pynte det, danse ikring det og synge saman med familien, bør du vente med det innfallet til desember.

I daglegvarebutikkane kan ein no kjøpe ein masse matvarer som har kome for sesongen. Julemarsipan, julesjokolade, julebrus, julebakst, pepperkaker osb. Vi har òg ulike julevarer som ikkje er i godterihylla, som julepølse, juleskinke, juleditt og juledatt.

Her har du fire sesongvarer verda aldri såg. Dei vart att på idéstadiet.

1. Freia Mjølkesjokolade med smak av gløgg


2. Joikakaker - Rudolf Jule Spesial
Skrivefeil er obligatorisk på eit slikt produkt. Den som kjem heim med slike joikakaker til ungane, er ikkje mykje gjennomtenkt av seg.


3. Urge + gløgg = Glørge!
Urge-bølgja er ikkje ferdig! No kjem Coca-Cola med ein eigen jule-Urge: Glørge! Smakar vanleg Urge tilsett gløgg. Mmm... Gjev sikkert utruleg god ande.


4. Jogurt med smak av jul!
Frå Tine kunne vi fått jogurt (eller "yoghurt" som dei skriv) i fire smakar: Rom/rosin, ingefær, fiken og gløgg. Mmmm, jula luktar lang veg!


... Okej, okej, julejogurten frå Tine er faktisk eit ekte produkt det går an å kjøpe. Eg nektar berre å tru at det kan vere noko godt, eller at det er ein marknad for dei som vil ha denne jogurten, så eg ville mobbe litt, ond og fæl av meg som eg er. Men.. Sørlandschips har jo laga potetgull med smak av pizza, og det var fantastisk godt! Så eg trur eg kjøper med meg disse jogurtane på butikken etterpå, så får eg smaka og sjå. Kanskje må eg bite i meg denne mobbinga.

Kva for sesongmatvarer kan du tenkje deg at folk har tenkt på, men aldri laga?

Los (guide) til å lese overskrifter på blogg.no

God kveld
Det er ikkje nokon løyndom at eg les ein del bloggar kvar dag. Eg liker å bla gjennom bloggar, kategoriar, sjå kva folk har funne på å "shoute" osv., men det slår meg kvar dag at folk skriv ein ting og meiner noko heilt anna. Eit blogginnlegg med ei overskrift som seier ein ting, kan gjerne gå ut på noko heilt anna. Eg har laga denne lista til deg, slik at du skal slippe å klikke deg inn på innlegg for å skjøne kva dei handlar om.

Bli med i blogg vs blogg! = Eg vil at du skal lese bloggen din og få alle venninnene dine til å lese bloggen min òg
Dagens outfit = dagens antrekk
Følg meg, så følger jeg deg = Eg vil at du skal følgje med på Bloglovin.
Hot or not? = Eg vil at du skal lese bloggen min
HTML-koder til deg! = Eg har kopiert HTML-kodar frå ein annan blogg
Jeg trenger nye blogger å lese = Eg treng at du les bloggen min
Jeg vil lese din blogg = Eg vil at du skal lese min blogg!
Jeg vurderer blogger = Eg vil at du skal lese bloggen min
Konkurranse!! = Eg vil at du skal skrive masse kommentarar slik at eg hamnar på "mest aktiv"-lista
Legg meg til som venn! = Eg vil at du skal lese min blogg ved å leggje meg til som ven.
Legger ned bloggen om ingen kommenterer = Tek bloggpause på 48 timar om ingen kommenterer no.
Photoshoot = Anten eg har vore på photoshoot med ein fotograf eller eg og venninna mi har teke bilete på skrå framfor spegelen på badet
Skal jeg anbefale deg? = Eg vil at du skal lese min blogg
Utfordring! = La oss leike "kor er biletmappa?"-leiken! Kjempelett. Kan òg bety Eg vil at du skal lese bloggen min
Vil du bli vurdert?
= Eg vil at du skal lese min blogg
Vil du ha flere lesere? = Eg vil ha fleire lesarar, klikk her!

Sånn, så veit de det.. No skal eg finne meg noko konstruktivt å bruke fredagskvelden på.

Folk det er litt synd på

I serien "Folk det er litt synd på" har vi no kome til objektseksuelle Eija-Ritta Berliner-Mauer, betre kjent som dama som gifta seg med berlinmuren.

Kjendisen Eija-Riitta Berliner-Mauer

Det er mange gode grunnar til å kalle Eija-Riitta Berliner-Mauer for kjendis. For det fyrste er ho svensk, og kjendis er eit av dei mest vellykka importorda vi har frå vår favorittnabo i aust, og for det andre har jo historia hennar gått kring heile verda, vil eg tru. Men kvifor er det synd på ho? La oss ta litt historie.

17.06.1979 - bryllaupet
Eija-Riitta og berlinmuren gifta seg sumaren 1979, og då tok ho namnet Berliner-Mauer. Som ho skriv på heimesida si, har dei kanskje ikkje eit tradisjonelt ekteskap, men ingen av dei bryr seg så mykje om tradisjonar.

09.11.1989 - tragedien
Etter å ha vore gift i litt meir enn ti år, møtte paret ei utfordring som var større enn avstanden - berlinmuren vart rive ned. Dei er framleis gift, "our souls entwined for all eternity", som ho skriv på heimesida si, og har kome seg over denne hendinga, som ho ikkje greier å finne andre ord for enn tragedie.

Det er ganske gripande å lese historia hennar. Denne dama er verkeleg oppriktig forelska i berlinmuren og det er ei gripande kjærleikshistorie. Ikkje nok med at ho stadig må oppleve at folk over heile verda stadig feirar denne tragedien, seinast det enorme tjueårsjubileet no i år, ho vert latterleggjort. Sjølv om Blogg.no-teamet fleire gongar har oppmoda folk til å ikkje mobbe på blogg.no, var Eija-Riitta Berliner-Mauer ein hit blant mobbarane opp og ned på topplista.

Og ikkje nok med det - korleis skal ho forholde seg til at mesteparten av mannen hennar er rive ned og knust, mange delar er frakta til USA, mange bitar på museum, og i tillegg vert påståtte bitar av berlinmuren selt til turistar? Dersom ein set saman alle bitane av berlinmuren som er selt som suvenirar, får ein nok stein til å byggje mange berlinmurar. Korleis skal denne dama forholde seg til at det står ein bit av ektemannen hennar i fleire millionar heimar kring heile verda? Mange har òg ein bit av ektemannen ståande i hagen?

Harmlaust ekteskap
Nei, det er ikkje anna enn synd i denne dama, men som ho skriv, har dei framleis eit lykkeleg ekteskap og har kome seg over tragedien. Ver så snill, ikkje mobb slike folk, kva plagar det eigentleg andre folk at ho er gift med berlinmuren? Det gjer jo ingen skade på nokon? Nei, denne dama er det synd på. Stakkar.

Kjelder: Berlinermauer.se

Eg har kome ut feil. Orsak, alle saman.

Lydspor til dette innlegget: Daft Punk - Nightvision

For mykje tullekvitter

Dette skulle vere kvitresida mi kor eg kunne kvitre om kva som helst, men når eg blar gjennom dei siste innlegga eg har skrive, er det heilt klart noko som manglar: positivitet.

Eg vert oppfatta som og er negativ, depressiv og kritisk. Utan at eg freistar å unnskylde noko, er det gjerne slik det går når ting var slik det var for meg på ungdomsskulen og dei siste åra på barneskulen. Ein vert opplært til å vere kritisk. Og det siste året har eg dagleg og nattleg gjenoppleve mange ting frå ungdomsskulen, som har gjort at eg har vore særs negativ til alt. Heile tida. Diverre. Eg er jo framleis ein triveleg kar å ha med å gjere, vil eg påstå, men det er så mykje eg brukar for mykje tid på å vere kritisk til. Dette gjeld spesielt det meste som har med populærkultur å gjere. Huff.

Eg teikna dette for å illustrere:


Kvitrebloggen var ikkje tenkt slik
No vil eg ta ei vending, no skal bloggen bli mindre klagande og fokusere meir på kor vakkert nynorsk er. Eg vil heller lage innlegg om éin ting som gjer meg glad enn ti ting som gjer meg frustrert, eg vil heller skrive om at nynorsk er vakkert og gjer meg lykkeleg enn å syte over kor diskriminert eg kjenner meg av og til.

For kva får eg eigentleg attende for å syte og klage slik over alt? Eg får ganske lite attende for det? Eg tenkjer meg om. Eg trur eg vil skrive eit innlegg om korleis nynorsken har gjeve meg dialekta mi attende.

Men eg kjem til å halde fram med "dagens utklipp"-postane. Det er jo som å ta bielte av eit artig skilt. Det kan eg jo òg gjere, eigentleg, for det er mange artige skilt i Oslo.

Homofili på nynorsk - leseverdig?

Skeiv Ungdom

... er ein organisasjon for all ungdom som ikkje er heterofil eller heteronormativ. Fantastisk! No har ei gruppe ungdomar teke initiativ til eit medlemsblad for organisasjonen, og eg skal vere med og skrive til fyrste utgåva! Men kva?

Sidan eg liker å tru at eg har flinke lesarar med peiling på mykje rart, vel eg å spørje dykk om kva de tykkjer eg kan finne på å skrive om. Eg har sjølv laga nokre framlegg:
  1. Homofili i barnekultur (Humlesnurr, TinTin, Yoshi, Tinky Winky ++)
  2. Kvifor er det lettare å vere homofil enn nynorskbrukar i Oslo? (Om identitet og mobbing)
  3. Gode romanar om unge homofile (Eg vei ikkje om så mange, men eg kan skrive om dei eg kjenner til)
  4. Homorørsla må inn i målrørsla (Norsk Målungdom og Skeiv Ungdom er glade i å arrangere ting samstundes, på heilt ulike plassar i landet)
  5. Legning og dialekt - delar av vår identitet med mykje sams (...kan jo vere gøy?)
  6. Noko heilt anna
Det er ikkje lenge til daudlinje, så eg bør kome i gong snart! Tips, idear? Kom med dei!

Blogg.no - kva er problemet?

Eg skulle diskutere sidemål på ein blogg, og så skreiv eg ein kommentar på ikkje mindre enn 890 ord, og 5098 teikn. Då fekk eg denne meldinga:
bilde 11

Eg forstår ikkje kva som gjer denne kommentaren for lang! Har det alltid vore ei grense på 5000 teikn? Eg har då skrive kommentarar lange som vonde år før, og det har gått heilt greitt! Korleis kan ein grunngjeve å avgrense kor lange kommentarar folk skal få skrive? :S

Men eg kan jo likevel ta det litt innover meg og slutte å skrive doktoravhandlingar kvar gong eg skal argumentere for nynorsk og for sidemål... Folk gidd kanskje ikkje lese så mykje med mindre det er i bokform? (I så fall skal eg faen meg skrive ei bok om dette. Kalle ho "Vegard for nynorsken" og skrive kvifor alle nordmenn burde halde på nynorsken til Dovre fell)

Blogg.no er generelt lite nynorskvennlege
Eg vil gjerne ha publiseringsverktøyet til blogg.no på nynorsk, men det får eg jo ikkje. Eg vel norsk, men får det på dansk - logisk. Kanskje eg skal sende eit straumbrev til Rafiq og tilby meg å oversetje heile driten til nynorsk, utan å ta ei krone for det? Det verker som om desse folka er glade i pengar, så kvifor skulle dei ha noko imot det? Dessutan vil det kanskje betre haldningane til nynorsk om folk ser at dei må ta eit reellt val mellom bokmål og nynorsk litt oftare. Og kva er vel betre enn betre haldningar til nynorsk? =D

Resultat av den omvendte spørjekransen!

Mange deltakarar!
I alt var det åtte stykk som svara på spørsmåla og kom med sine eigne teoriar om kva som verkeleg hadde skjedd! Og eg må seie at dette er noko av det mest morosame eg har vore med på på bloggen! ^^ Folk har altså utruleg artig fantasi, og eg lo høgt mange gongar då eg gjekk gjennom svara! Men her kjem fasiten!

Spørsmål 1. Er det snart eit halvt år sidan eg byta profilebilete på Facebook sist?
Fasit: Ja, det er det! Det har eg ikkje gjort sidan mai, og det er berre dagar unna å ha gått eit halvt år! Ingen grunn, eg har berre ikkje gjort det.
Beste svar: Ja, det tror jeg. Facebook forandrer seg jo stadig vekk, og du har ikke klart å finne ut hvor de har gjemt "endre profilbilde"-knappen. (Nora)

Spørsmål 2. Er eg medlem av eit politisk parti?
Fasit: Nei, det er eg ikkje. Eg er medlem av fleire politiske ungdomsorganisasjonar, men ingen parti. Eg sympatiserer ikkje fullt og heilt med noko parti, sjølv ikkje det partiet som fekk røysta mi ved valet i år.
Beste svar: Ja, det er du. Senterpartiet hadde en vervekampanje i fjor der de delte ut kulepenn og nynorsk ordliste til alle som vervet seg selv og tre venner ; ) (Nora)

Spørsmål 3. Hadde eg planar om å ta lappen på 18-årsdagen, men strauk på prøva?
Fasit: Nei, eg har aldri hatt planar om å ta lappen. Men eg hadde nok strøke på prøva. :P
Beste svar: Du strøk fordi prøven var skrevet på bokmål! :D (Frederic)

Spørsmål 4. Kosta den dyraste buksa eg nokon gong har kjøpt 600 kr?
Fasit: Ja, det gjorde den! Det var ei eg kjøpte tidlegare i år. Fann ei Levi's-bukse i min storleik på 50 % og måtte ha ho. 600 spenn!
Beste svar: Nei. Som ekte homofil kjøper du ikke bukser som koster mindre enn 600 kr. (Lisa) - Dette er jo heilt, heilt gale. xD

Spørsmål 5. Har eg bruka meir pengar på bøker enn på kosmetikk i år?
Fasit: Nei, men det er ikkje så langt unna! Det har mest å gjere med at eg låner bøker på biblioteket og at eg er allergisk mot syntetisk kosmetikk og difor må kjøpe organisk og økologisk, som er litt dyrare. Men eg brukar jo berre litt i håret av og til.
Beste svar: Ja, du synes det ser finare ut å pynte seg med bøker. (Marte)

Spørsmål 6. Vart eg på ungdomsskulen kalla "professor Vegard" fordi eg bruka vanskelege ord då eg snakka?
Fasit: Ja, det vart eg faktisk! Eg er ikkje stolt av det.
Beste svar: Nei, du snakka ikke. SOSIAL ANGST. (Anders)

Spørsmål 7. Har eg nokon gong strippa i byte mot eit sjeldan Pokemon-kort?
Fasit: Nei, det hadde aldri falt meg inn. Det var for øvrig aldri nokon som spurte om det.
Beste svar: Ja. Du mistet da tittelen som "professor Vegard" og ble heller kalt for Candy eller Peaches. (Frederic)

Spørsmål 8. Var eg ein gong så tynn at helsesøster sendte meg på feteleir?
Fasit: Nei, dette har aldri skjedd. Eg har vore ganske tynn, men aldri underernært.
Beste svar: Nei. Ho skulle til å gjere det, men fann deg ikkje igjen sidan du gjøymde deg bak palmen på kontoret hennar. (Marte)

Spørsmål 9. Hadde eg ein periode på ungdomsskulen då eg berre digga Maybe av Emma Bunton?
Fasit: Jepp. Eg elska den songen. Heilt sant. ^^
Beste svar: Ja, og ho digga deg, ho også, sidan du var den einaste i verda som faktisk likte den låta. Da-ra-lalala. Dala-ra-lalala. (Marte)

Spørsmål 10. Har eg nokon gong deite ein bygdegjøk som hadde angst for ballongar og fekk anfall utanfor Burger King?
Fasit: Nei. Det har eg ikkje. :p
Beste svar: Bygdegjøk? Groruddøl, meiner du? Eg sjansar på ja. :) (Vebjørn)

Resultatliste:
Det var 40 moglege poeng - 10 for spørsmåla og 30 for grunngjeving, og imponerande nok greidde tre stykk å få 29 poeng! (I parantes står det fyrst kor mange spørsmål dei svara rett på, og så kor mange poeng dei fekk for grunngjevingane.)
  1. 29 poeng: Marte (4/25), Nora (6/23) og Aina Carolin (7/22)
  2. 26 poeng: Emma (4/22)
  3. 24 poeng: Frederic (3/21)
  4. 23 poeng: Vebjørn (1/22) og Anders (4/19)
  5. 22 poeng: Lisa (4/18)
Så her ser ein at Aina Carolin svara mest riktig, medan Marte svara mest artig!

Premia
No kan alle dei tre vinnarane sjølv kome med framlegg til passande premie. o.O

Og takk, alle saman, for å enno ikkje ha påpeika at eg har stole dette konseptet frå Den store klassefesten på NRK. <3

No er eg trulova med verdas beste kjæraste <3

Overskrifta i dag
Jepp, det er akkurat slik du trur!! Dette innlegget skal handle om korleis du med eit par enkle knep og nokre kvite løgner kan klatre litt på topplista. :3

Topplista påverkar verkeleg resten av bloggsfæren, slik eg har blogga om før. No er det visst in å lyge for lesarane sine for å få fleire av dei. Hurra! Dei som trudde Lars Tangen verkeleg hadde gifta seg i ein alder av 16 år, har for øvrig seg sjølv å takke. Ingen får gifte seg før dei er 18, til nauds det året dei fyllar 18 om fylkesmannen godtek det og det er sterke grunnar som talar for å la dei gifte seg, til dømes graviditet.

Men! Det funka! No har han den tredje mest lesne bloggen på blogg.no og har sikkert vorte litt meir lykkeleg av det. Hurra for han.

Slik skal eg hamne på topplista:

Eg har laga nokre framlegg til korleis eg skal leggje om bloggen for å få fleire lesarar og hamne på topplista:
  1. Kvitter.blogg.no - 11 år, open homofil gut <3 Trulova med Christer på 28
  2. Kvitter.blogg.no - Kreftsjuk transvestitt som bloggar om mote og livet
  3. Kvitter.blogg.no - 8 og et halvt og snart mamma! Bloggar om mote og livet
  4. Kvitter.blogg.no - 14 år og åleinefar til trillingar, bloggar om mote og livet
  5. Kvitter.blogg.no - Voksen gut på 89 år og trulova med Linn på 17 år. Bloggar om mote og livet!
Det er jo ikkje sant, men det gjer visst ikkje noko!
Q: ER DET HOT ELLER NOT Å LYGE FOR LESARANE SINE? <3<33 (Alle som stemmer får tre kommentarar at tilbake<3<3)

Merk at eg ikkje er seriøst når eg skriv bokmål.

Eg er "profilert" på blogg.no? KVIFOR??

Lesartala hoppa
Då eg kom heim i dag, la eg merke til at lesartala hadde gjort eit lite hopp. Det likte eg ikkje. Eg freista å finne ut kvifor. Har nokon skrive om meg? Lenkja til meg? Eg søkte, fann ingenting. Eg var uroleg, engsta meg litt, likte slett ikkje at lesartalet hoppa så grovt. Så fann eg ut kva som hadde skjedd.

Eg fann dette på framsida av blogg.no

bilde 1

Dette har eg ikkje godkjent! Eg har ikkje gjort nokon ting for det! Eg har no sendt eit straumbrev til blogg.no og spurt kvifor eg var "profilert". Eg kan ikkje fatte at dei ikkej spurde fyrst, eller noko som helst. Dette er rett og slett ikkje gøy. Eg vil ikkje vere profilert på framsida av blogg.no Så i morgon vonar eg lesartala er der dei plar.

Q: HVA SYNES DU OM PROFILERING PÅ BLOGG:NO?!1

høhø, ikkje ta den der seriøst...

Omvendt spørjekrans! (Ver med, du òg!)

Kva er ein spørjekrans?
Spørjekrans er eit ord eg smidde fordi "spørsmålsrunde" er eit bælstygt ord. Det er jo ikkje ein runde, det er ein krans. (Til dei som spør om kvifor eg ikkje skriv "krins", så er det fordi ein krins er ein krets, og ein krans er ein krans).

Kva er då ein omvendt spørjekrans?
Eg er jo ganske anonym. Kva vei de eigentleg om meg? Særs lite. Eg bur i Oslo, skriv nynorsk, er 18 år og heiter Vegard. De treng ikkje vite meir utan å bli betre kjent med meg, tykkjer eg. Så når eg har spørjekrans på bloggen min, er det ein omvendt spørjekrans. Det er altså eg som stiller spørsmåla og de som svarar! Og spørsmåla handlar i hovudsak om meg, men alle skal ha like gode føresetnader for å gjette kva som er rett.

I ein omvendt spørjekrans får DU poeng! Og den som får flest poeng, vinn eit eller anna. Til dømes eit dikt og ei lita teikning.

Spørsmåla:
Denne gongen vert det litt færre spørsmål, berre 10. Men.. Då tek det jo mindre tid, slik at du kan bruke meir tid på å bake kake, eller noko.
  1. Er det snart eit halvt år sidan eg byta profilbilete på Facebook sist gong?
  2. Er eg medlem av eit politisk parti? (Ungdomsparti tel!)
  3. Hadde eg planar om å ta lappen på 18-årsdagen min, men strauk på prøva?
  4. Kosta den dyraste buksa eg nokon gong har kjøpt 600 kr?
  5. Har eg bruka meir pengar på bøker enn på kosmetikk i år?
  6. Vart eg på ungdomsskulen kalla "professor Vegard" fordi eg bruka vanskelege ord då eg snakka?
  7. Har eg nokon gong strippa i byte mot eit sjeldan Pokemon-kort?
  8. Var eg ein gong så tynn at helsesøster sendte meg på feteleir?
  9. Hadde eg ein periode på ungdomsskulen då eg berre digga Maybe av Emma Bunton?
  10. Har eg nokon gong deite ein bygdegjøk som hadde angst for ballongar og fekk anfall utanfor Burger King?
(Svar helst som kommentar, eller noko slikt!)

Poengsystem
Rett svar:
1 poeng.
Galt svar: 0 poeng.
Grunngjeving: 0-3 poeng (etter kor artig/rett/hysterisk det er)

Døme:
Spørsmål: Har eg angst for ballongar?
Svar: Ja. På fødestova fekk du vitjing av ein klovn, men ballongane han hadde med seg sprakk, og du har sidan forbunde ballongar med høge smell. Difor angst.
Poeng: Galt svar = 0 poeng. Kjempeartig grunngjeving = 3 poeng.

Så.. Sjølv om du ikkje veit svaret på noko, er det ikkje der dei viktigaste poenga ligg! Så her gjeld det å vere god til å gjette og til å finne på artige ting. Slepp deg laus, ha det gøy! Her skal du ikkje lære noko om meg, for det trur eg ikkje du er interessert i.

Les du Sunnmørsposten? Klikk her!

Kvitter på trykk
Eg kom over eit blogginnlegg kor det vart skrive at bloggen min vart nemnt i ei spalte i Sunnmørsposten, onsdag 21. oktober. Artikkelen/spalta (eg reknar med at det var ein liten rubrikk på sida, eller noko) heitte "Bra fra bloggverdenen" og min blogg vart nemnt som ein av fleire bloggar det er verdt å få med seg.

Sunnmørsposten er ikkje så lett å få tak i her i Oslo, og det er visst ikkje alle papirsaker som kjem på Sunnmørsposten.no, så om nokon her som les Sunnmørsposten (det skulle ikkje forundra meg om nokon frå den delen av landet har vore innom her), kunne ha funne fram denne utgåva og teke eit bilete av artikkelen for meg, så hadde det vore kjempefint!

Om du gjer det, kan du skrive ein kommentar og fylle inn straumpostadressa di, så sender eg deg eit straumbrev. :3 Eller skriv eit blogginnlegg om det, om du vil.

Ein månad på laurdag!
På laurdag fyller Kvitter.blogg.no ein månad! Woho, parteyh like itz 1814, lzm... Såh.. Ja, eg held no fram med denne bloggen her, eg liker han. Gjer du? Hihi.

Eg har forresten teikna eit framlegg til nytt toppbiletet. Men eg veit ikkje om eg vil bytte ut det eg har. Æsj.. Kva skal eg gjere med dette då?


Éin idé er å lage mange slike forskjellige og berre bytte dei ut litt no og då, utan å endre på øvrig design. Så då vert det liksom ei overrasking kva for toppbilete som er når du kjem inn på bloggen. Kva trur du om det?

Boikott "humorbloggen"

Kjent fenomen
Det er ikkje noko nytt at topplista har stor påverknad på kva bloggar som vert skipa til. Ida Wulff - rosablogging, Lars Tangen - homoblogging, Voe - mindreårig rosablogging, Ulrikke Lund - "mote og livet"-blogging og no Kuuuuuuuuuuuse bloggen humor bloggen (merk orddeling) - humorbloggar. Eller såkalla "humorbloggar".

Men ein av desse nye "humorbloggane" er Furts. Eg vel no å henge ut denne bloggen fordi eg, i likskap med minst 1000 andre bloggarar, har motteke ein søppelkommentar frå dei. Eg har aldri før motteke ein slik søppelkommentar! Aldri, aldri, aldri! Sidan eg byrja å blogge i mars i år, har folk lagt att godt over 1000 kommentarar på bloggane mine, men ikkje ein einaste av dei har vore slik søppel som dette! Sjå søppelet her:
fiin blogg :D skal jeg lese oftere altså ! < 3

Add meg som venn så kan du følge med på innleggene :'D

les vår humorblogg også da ^^, eller når du har tid

http://furts.blogg.no


Haha, kan ein seie, dette er jo ein openbar parodi på andre slike reklamekommentarar, men det er like fullt ein søppelkommentar! Eg oppmodar no til fullstendig boikott av denne "humorbloggen", som ikkje er noko anna enn fem gutar i store boblejakker som ikkje er morosame i det heile. Boikott, boikott, boikott. Ikkje eingong vitje bloggen deira for å sjå kva det er, berre hald deg unna.

Og beste bidrag til utfordringa var...

Det var fire barske, modige bloggarar som tok utfordringa mi om å sjå på eit bilete av Yoshi-barn og skrive eit innlegg om noko dei fann i kjøleskapet, på nynorsk. Flott, flott, flott. Her er ein gjennomgang:

Anders var fyrst ut, og han fann sitronsaft som han tok ein slurk av. Slikt vert det artige bilete av! Anders har ein del slurvefeil i nynorsken sin, men han er litt unnskyldt sidan han ikkje har lært nynorsk på skulen så lenge. Plusspoeng for å ha bilete av kjøleskapet.

Lisa - kvalbein.blogg.no
Lisa tok utfordringa ikkje så lenge etter Anders, og ho skreiv om ei drue, som ho tok ein bit av. Eg veit ikkje kor vanleg det er å ha druar i kjøleskapet, men det vart jo to artige bilete. Nynorsken i innlegget er heilt ok, og innhaldet er absolutt godt. Veldig bra. Har derimot ikkje med biletet av Yoshi-barna.

Gard - mannebarn.blogg.no
Gard tok utfordringa sjølv om eg hadde sagt at folk med namn som ikkje rimar på nokon ting ikkje fekk vere med, men det er ikkje så lett å rime på Anders eller Lisa heller, så han fekk vere med. Gard skreiv eit kjenslerikt innlegg om Oreos, men det er litt rart å finne ei tom pakke Oreos i kjøleskapet.. Særs lite tekst, men grei nynorsk. Gard har heller ikkje med bilete av Yoshi-barna.



Silje - siljeeen.blogg.no
Etter nokre dagar kom bidraget frå Silje òg. Ho blandar heimelaga saft og tek ei pære, og ho har eit flott innlegg på god nynorsk med humor og snert! Eg er òg glad for å sjå konservative nynorskformer som "lukke", men nokre av orda er litt for dialektsnære og langt unna ordlista. (T.d. "ditta")







Og vinnaren er...

Etter ei heilskapsvurdering av alle blogginnlegga har eg kome fram til at ingen stakk seg korkje negativt eller positivt ut. Alle vinn! Woho! Så no kjem eit dikt med eitt vers til kvar, i den rekkjefølgja dei tok utfordringa. Gratulerer!

Anders
Fyrst kom ein fjortis frå vest
Og ga smakslaukane sine ein test
Sitronsaft er surt
Heilt åleine obskurt!
Men Anders han er aller best (*smisk*)

Lisa

Fru Kvalbein ho fann fram ei drue
For ho skulle sjukdomen kue
For sjølv med sjukdom
Treng ho mat i si vom
Ho manglar jo ikkje ei skrue

Gard
Gard sitt problem var komplekst
Og smilet vart snudd sporenstreks
Han vart lurt med storm
Av broren sin, Gorm (rein gjetning frå mi side)
For pakka var tom for kjeks

Silje
Til slutt kom eit innlegg frå Silje
Som deltok med hugleik og vilje
Med god atmosfære
Om saft og om pære
Med nynorsk for ein heil kodilje (*kodilje = gjeng)

Eg ber om orsak for litt naudrim og slikt, men eg trur eg fekk rytmen og rima sånn cirka i orden, såh.. :P

God kveld!

15. oktober. Masedag.

Særemne
Eg sit og skriv på eit særemne, og det skal eg levere i morgon klokka 08:15. Det er ikkje ferdig. Difor vert det ikkje noko ordentleg nyskapande og moro kvitring i dag, men eg rotar saman eit innlegg. Eg elskar å kvitre, eg er ein fugl i bur, eg må kvitre for å halde meg i livet! Ok, nyt innlegget og ynskj meg lukke til med særemnet! (Eg satsar på å vere heilt ferdig omtrent klokka tre i natt).

Folk liker bloggen
Det er hyggeleg å få høyre at folk liker det dei les på bloggen min! :3 Eg får fleire søte kommentarar dagleg, og eg er litt for dårleg med å svare på dei, diverre.. :C Når folk ikkje stiller konkrete spørsmål, er det vanskeleg for meg å kome på noko å seie som ikkje virkar rart. Eg har slitt med sosialangst i fleire år og slit framleis med litt mentale sperrer på slikt. Men eg les no alt folk skriv på bloggen, det er sjelden meir enn ti kommentarar om dagen!

Hyggeleg var det jo at Ina valde å anbefale bloggen min blant 87 stykk som kommenterte på innlegget "Kan jeg få lese bloggen din? :)" kor ho sa ho skulle anbefale om ho kom over "en vanvittig stilig blogg". For dei som undrar kva eg skreiv i min kommentar, var det " NEI, HALD DEG UNNA, BOKMÅLSJÆVEL!!! >:C". Kjekt!

Lei av teite utfordringar?
Tykkjer du ikkje det er utfordrande å skrive ti ting om deg sjølv og fikse fram eit bilete og skrive om det? Lyst til å røre på deg? Då kan du jo ta utfordringa mi, som er tre enkle punkt; sjå på eit søtt bilete, finn noko i kjøleskapet og ta bilete av det, skriv eit lite innlegg på nynorsk om det du fann. Ta-dah.

Bilete frå i dag
Hausten er her. Det må vere artig å sjå denne bilisten setje på vindusviskarane. ^^
img0725

img0726

Og her er bilen ved sidan av den andre.
img0727

Korleis øydeleggje ryggen når du syklar?
img0729
img0728
Gjer det

Eg sparka rumpe i ein konkurranse!
Marit Pettersen hadde ein konkurranse på bloggen sin, kor ein skulle gjette kva faen dette er:

Folk gjetta ting som isbjørn, mår og røyskatt. Eg gjetta på snømann med flosshatt og feiekost.

I dag har ho posta originalbiletet.


Eg vann! ^^

Sånn! No skal eg skrive særemnet ferdig!! Det er forresten om Carl Frode Tiller og dei tre bøkene han har skrive. Sjekk dei ut!

Nei, eg vil ikkje vere venen din

I dag har det runne inn med veneførespurnader frå vilt framande folk som eg aldri har skrive ein einaste kommentar til og som aldri har skrive ein einaste kommentar på bloggen min. Kvifor sender dei veneførespurnader? Fordi dei vil ha meg til å lese bloggane deira. Men eg fell ikkje for det!

Vanskeleggjort
Eg vil ikkje ha fleire vener på blogg.no enn eg treng. Dei eg er ven med er gjerne ordentlege vener, eller "blogg"-vener som eg er i ferd med å verte kjend med. Før kunne ein sjå kor mange vener folk har, og om nokon har 500 vener og sender meg ein førespurnad, skjøner eg kjapt at dette ikkje er ein som vil vere venen min, men ein som vil promotere seg sjølv. (og det gjer meg kvalm)

Blogg.no fjerna dette, så no kan eg berre sjå kor mange vener eg sjølv har, og eg vil gjerne halde det under 10, slik det er no, elles vert det så kaotisk.

Ute etter ein god måte å følgje bloggar på? Eg har eit tips:

Bloglovin.
Det er superenkelt! Berre sjå denne demonstrasjonsfilmen. På svensk... ^^

Diktet til Garrrrd

På den førre bloggen, Yoshi-bloggen, hadde eg ein liten konkurranse som gjekk ut på å finne den nye bloggen min. Vinnaren skulle få eit personleg dikt. Gard brukte nokre minutt på å finne bloggen, halv fire om natta, og det fyrste eg tenkte var "Faen, ingenting rimar på Gard", men eg greidde no å få til litt. :3

Garrrd
På min førre blogg hadde eg konkurranse
Ein trong korkje mot eller spisskompetanse
Men éin stakk seg ut, heilt utan assistanse
Mot Gard var det ingen som hadde ein sjanse

Med iver og motiv som ein afrikansk katt
Sprang Gard ut på veven, langt ut på natt
Heilt utan hjelp tok han oppgåva fatt
Og jakta ned bloggen som ein sjørøvarskatt

Kven fann min blogg, blant minst ein milliard?
Kven deltok på alvor, ikkje noko hasard*?
Kven sprang på veven, som ein leopard?
Du veit kven eg snakkar om, eg snakkar om Gard

*hasard = sjansespel der slump og ikkje dugleik avgjer

Kan slike personlege dikt vere premie i fleire småkonkurransar..? Det er jo ikkje noko kunstverk av André Bjerke, men eg tykkjer det er moro. Då får ikkje fleire folk med lite rimvennlege namn delta, i så fall. >:C

Her er for øvrig eit bilete av Gard.

"Regimeskifte", ja takk?

Ein hyggeleg gut som heitter Ivan Mathisen skreiv eit innlegg om at han etterlyste eit regimeskifte på blogg.no, noko eg fyrst stussa over, men no seier meg heilt samd i.

Har vi eit regime?
Har vi hatt eit regime her på blogg.no? Vi har jo alltids hatt topplista, som no er utvida frå 10 til 25 og så til 100, men eg har aldri opplevd dette som eit regime for meg. Dei har aldri styrt kvardagen min eller bloggen min i nokon grad, eg ville aldri funne på å kalle det eit regime! Men kva om vi trekk inn alle dei andre bloggarane?

Ida Wulffs storheitstid
Då det var Ida Wulff og Lars Tangen, opplevde eg at blogging berre var for rosabloggarar og homofile gutar. Alle blonde venninner hadde blogg, alle homofile vener hadde blogg. Så kom Regine Stokke og Norman Aleksander Sanderud. Og sjølv om Norman var homofil, så handla bloggen hans i stor grad om kor teit det var at Lars Tangen ga mange eit feilaktig inntrykk av homofile gutar, så no kom dei heterofile gutebloggarane. Og med Regine Stokke kom bloggane til dei som var annleis. Ho hadde kreft, men vi fekk jo og ein transperson opp på topplista ein periode? Det var kult, og eg såg fleire og fleire bloggar om å vere annleis.

Så hadde vi jo Taperen, hundrings og fleire andre bloggarar som gjorde karriere av å gå til personangrep på toppbloggarane. Når eg tenkjer attende på denne perioden, kan eg godt hugse ei oppblomstring av småbloggarar som posta lange, grusomme innlegg om topplistebloggarane og masse personangrep. Dette vart heldigvis slått ned på av blogg.no-folka.

Korleis er regimet no? (Berre eg som tenkjer på filmen Little Miss Sunshine når eg ser topplista?)

Og kva er eigentleg regimet no? Toppbloggaren heiter Voe, og ho er 13, har dette gjort at dei fleste nye bloggar er starta av ungjenter som har tru på at dei ein gong kan nå topplisteplass? Ida Wulff vart "vippa av tronen" av ei yngre jente, ga ikkje dette andre merksemdskåte ungjenter håp? Jo, absolutt. Bloggarane vert yngre og yngre! Det vert fleire og fleire yngre (og dummare) toppbloggarar. Eg vil ikkje kalle det rosabloggarar, eg vil kalle det Barbie-bloggarar. Dukker. Lars Tangen er jo framleis der, men han kan vi jo godt òg kalle ei dukke.

Ein ny stor  hit er unge mødre som bloggar. Dette er enormt og invaderte topplista raskt. Det kom ei oppblomstring av ung-mamma-bloggar, noko som kanskje ikkje er så heldig?

Oppsummering?
Så, ei oppsummering. Toppbloggane er ikkje eit regime på den måten at dei styrer over alle, men kva bloggar som er populære har utruleg mykje å seie for kva bloggar som vert skipa til! Berre gå og observer, gå til framsida av blogg.no og klikk "oppdater side" i eit par minutt, så ser du kva for bloggar som er der. Bloggarar er ekstremt moteriktige folk som går etter kva som er populært. No for tida kjem ein langt med å anbefale og vurdere. Då nokon fann på "outfit"-blogging, spredte det seg som ild i tørt gress, og no spreier "blogg vs blogg"-innlegg seg som klamydia i klasse 9b på Smestad ungdomsskule. Toppbloggarane er toneangjevande i bloggmiljøet, og det er ikkje sunt for norske barn at "bloggregimet" er slik det er no! Eg vil ha fornuften opp på topplista og utsjånadsfikseringa bort og vekk.

Let du deg påverke av toppbloggarane?

Anbefale til du døyr

Det går for tida inflasjon i anbefalingar her på blogg.no. Dette er grusomt - lesarkåte fjortisar vurderer og anbefaler andre lesarkåte fjortisar, og alt alle er ute etter er høgare lesartal, som vi veit kan kurere låg sjølvtillit, gjev deg større brystar og er viktigare enn både jobb og skule.

Iallfall.. Dette inspirerte meg til å teikne denne teikninga. Eg legg meg no, så får vi sjå om eg gidd å kvitre meir drit om anbefalingar i morgon.

God natt!


Ingen treng å kjenne seg truffe.

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits