Alle innlegg i kategorien Vegard for nynorsken

Gudmund Skjeldal og "Det nynorske dilemma"

*Skrytekvitre*
I dag har eg møtt ein stor føregangsmann i bruk av nynorsk som fagspråk. I dag (og andre dagar) har mange skuleelevar frå Oslo fått høyre eit foredrag om fagforfattarskap på Litteraturhuset, med Gudmund Skjeldal.

Skjeldal har skrive fleire fagbøker på nynorsk, no sist boka Feber om norsk oljehistorie. Han hadde ein slik powerpointpresentasjon, og då den fyrste overskrifta inneheldt ordet "fagforfatter", klumpa det seg i halsen. "Kva? Skal Gudmund Skjeldal halde foredrag på bokmål? Legg han om målforma når han er i Oslo? Er han redd han ikkje skal nå fram til elevane på nynorsk? :C!!!", men det viste seg at han berre var litt inkonsekvent med akkurat det ordet. Det sto både forfattar og forfatter elles i presentasjonen, som var på god nynorsk. (Med unntak av ord som "noe"...) Slik ser karen ut:


Foto // Samlaget.

"Det nynorske dilemma"
Du kjenner kanskje til "det nynorske dilemma". Det er knytt mange fordomar og sterke kjensler til denne fantastiske målforma, og det er mang en ung slamp som har slenge frå seg ei bok eller eit ark og nekta å lese på nynorsk. Boka Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda hadde kanskje nådd ut til endå fleire i Noreg om ho vart omsett til bokmål, nett på grunn av denne refleksen.

Det er rett og slett mange som ikkje vil lese nynorsk, tilsvarande er det mange som ikkje vil trykke nynorsk eller selje nynorsk. Lesarbrev og kronikkar på nynorsk må vere ekstra gode for å kome på trykk i avisene, dei store bokklubbene vert kritisert for å systematisk ikkje ta inn nynorskbøker osv.. Lista er lang. Difor vil nynorksbrukarar nær alltid kome opp i dilemmaet: Skal ein skrive på den målforma ein skriv best på, eller den målforma som når flest?


Skal ein alltid sleppe nynorsken til?     Foto // Wikimedia Commons

Kva tenkjer eg?
Eg tenkjer at nynorsk er det språket eg skriv best på, og difor burde eg alltid skrive nynorsk, med mindre det er eit stort poeng i å skrive bokmål (til dømes at kråkar alltid snakkar bokmål). Skal eg skrive fagtekst, skriv eg nynorsk, for ein fagtekst bør ein skrive så forståeleg og godt som mogleg - så kva er eigentleg alternativet til å skrive på den målforma som ligg nærmast hjartet mitt? Sjølv om eg ikkje har 100 % styring på nynorsken enno, er det ikkje mogleg å skildre kor mykje betre eg skriv på nynorsk enn på bokmål.

Eg vel difor alltid å skrive nynorsk. Dei som sleng frå seg boka eller arket og ikkje vil lese nynorsk, er jo same kva ikkje i målgruppa mi (liker eg å tru). Dessutan vil det kanskje vere enklare for andre å velje å skrive nynorsk om dei ser at eg og andre gjer det? Eg vonar og trur det er slik.

Kva tenkjer Gudmund Skjeldal?
Eg måtte sjølvsagt ta ein liten prat med Skjeldal etter foredraget. Han fortalde at han òg har opplevd dette dilemmaet. Det er jo ikkje til å stikke under stol at det meste av faglitteratur på mange felt er på bokmål, men han valde nynorsk av fleire årsaker. For det fyrste er nynorsk "det han kan". Eg forsto det som at han alltid har skrive nynorsk, og då er det ikkje vanskeleg å forstå at han vel å skrive bøkene sine på nynorsk. Sjølv om han trudde fleire hadde lese boka (Feber) om ho var på bokmål, trur han ikkje den faglege effekten boka har gjeve (og vil gje) hadde vore påverka. Han understreker at han ikkje skriv for å tene pengar eller å bli berømt.

Kva tenkjer du?
Dette gjeld spesielt nynorskbrukarar. Hadde de skrive nynorsk om de skulle skrive faglitteratur? Hadde de satsa på at dei som er i målgruppa ikkje kvir seg for å lese (nynorks) nynorsk, eller hadde de følgd bokmålsstraumen for å nå ut til flest mogleg?

Dette vel eg å kalle "Det nynorske dilemma". Eg vel alltid nynorsk, men diverre (?) gjer ikkje alle alltid det. Eg tykkjer det er lettare å alltid velje nynorsk når eg ser at Skjeldal og andre òg vel å skrive på nynorsk i slike "store samanhengar", og eg vonar jo at eg sjølv kan hjelpe andre til å tore å skrive nynorsk. Alltid.

Kvitter presenterer: Spørjespalte

Velkomen til spørjespalta!
Eg la på kort tid om frå bokmål til nynorsk og har vorte eit lykkelegare menneske av det. På oppmoding frå lesar(ar) av denne o' så nynorskorienterte bloggen, har eg no laga ei spørjespalte. I utgangspunktet er denne spørjespalta for språkspørsmål osv., for sjølv om eg er uutdanna og eigentleg har særs lite eg skulle ha sagt, er det nokon der ute som har interesse av å vite kva eg meiner om både det eine og det andre som har med språk å gjere. Eg skal likevel ikkje nekte nokon å spørje om akkurat kva dei vil, men eg kan ikkje love å svare på alt som ikkje har med språk å gjere.

Alle spørsmål og alle svar vil eg skrive inn i innlegget her, og om det med tida blir ein del, skal eg setje opp ei oversiktlig liste, slik:

Spørsmål om nynorsk
- Kva er best: y eller ø? <-- Denne lenkja vil ta deg rett til spørsmålet!
- Sjå ut for/til
- "Vestlandske" former

// Kva er best - y eller ø?

Spørsmål: Kva er best, fyrst eller først, ynskje eller ønskje, personleg likar eg y foran, men eg fryktar det fins fleire "y-ord" (skulle ynskje me kunne ha ekte norske hermeteikn!) som ligg i klammer, kva meiner du/dere?

Svar:
Eg tykkjer stort sett at y-alternativa er dei som ser mest nynorske ut og dei som ser best ut i koselege nynorsktekstar. Men i det siste har eg byrja å tvile på om eg skal ynskje eller ønskje meg noko, om eg skal skrive fyrst eller først.

Så eg har ikkje bestemt meg for kva eg skal gjere sjølv enno, men eg meiner altså at y-alternativa er mest landsmålaktig. Så om ein skriv ljos, so og liknande, ville y-alternativa sett best ut. Meiner no eg. :P

// Sjå ut for/til

Spørsmål: Eg har ofte lurt på om det er greitt å seie: "det er ikkje alltid slik det ser ut for". Skal det ikkje vere "det er ikkje alltid slik det ser ut TIL"?

Høyrer dette ofte, spesielt når eg ser sport.

Kva meiner du?

Svar: Her har eg ikkje nokon fasit, diverre, men eg er samd med deg i at "ser ut til" verkar mest rett. Eg trur "ser ut for" har andre bruksområde, men med anna ordstilling. Til dømes "for meg ser dette ut som...", og då er det vel fort gjort at nokon snur på ordstillinga. Men setninga "det er ikkje alltid slik det ser ut for" kan godt vere direkte feil.

Når du høyrer sport, kan du garantere minst éin grammatisk feil eller gal bruk av minst eitt omgrep/uttrykk i kvar einaste setning... Sportsjournalistar er, etter lokalpolitikarar og høgtståande byråkratar, dei verste til å bruke "i forhold til" på feil måte.

// "Vestlandske" former hjå ein oslogut

Spørsmål:
Er det berre eg som lurar på ting eller?

Uansett, så lurte eg på kvifor du vel "vestlandske" former framfor former nærare ditt eige målføre, t.d ynskjer framfor ønskjer eller ønsker. Eg trudde dei mange sideformene i nynorsk var laga slik at folk skulle kunne velje det som låg nærast målføret sitt.

Prøver du aktivt å skrive så langt unna ditt eige målføre som mogleg?

Eller er det for å sleppe forvirring med bokmål?

Svar: (Ja, det er berre du som lurar på ting, førebels. Men det held for meg.)

Eg vil ikkje seie at eg vel "vestlandske" former, men heller typiske nynorskformer. Vi kan jo dele det opp i to: Der eg vel bort klammeformer og der eg vel bort hovudformer.

Når eg vel bort klammeformer som "noen" og "mye" er det ikkje fordi eg ikkje liker desse orda, dei er jo der i daglegtala mi, men eg er som kjent tilhengjar av å ha ei smalast mogleg norm. Sjølvsagt må vi ha noko valfridom i språket, men ikkje for mykje, og det store talet på klammeformer i nynorsk trur eg er med på å gjere nynorsken vanskeleg. Når klammeformene forsvinn med neste nynorskreform, er eg sikker på at nynorsk vil vere eit enklare og meir oversynleg språk.

Så det at eg vel bort klammeformer som ligg nærare målføret mitt har ingenting å gjere med at eg vil skrive vestlandsk og ikkje austlandsk, men heller at eg vil la variasjonane og mangfaldet høyre talespråket til, så kan skriftspråket heller vere normert.

Ein annan ting er at eg vel mellom hovudformer og endar opp med typiske vestlandske former. Det er jo tillate å skrive "ønskjer", men eg skriv stort sett "ynskjer". Dette gjev eigentleg ikkje mykje meining, og er berre noko eg gjer av ukjent grunn. Her på Austlandet er det jo ø-formene som tradisjonelt er vanlegast der folk seier både det eine og det andre (flytte/fløtte, dytte/døtte, spytte/spøtt osv), men eg har aldri vore vand med å skrive noko anna enn y-formen, sidan det alltid har vore norma. Så kanskje vel eg ofte automatisk y-former av gamal vane?

Eg er iallfall open for å endre på det, dersom eg finn ut at y-former er for sært.

Ang. det med forvirring med bokmål: Det er jo noko i det, men eg tenkjer ikkje så mykje over det medan eg skriv. Eg vil jo i utgangspunktet ha to ulike målformer, men det er berre nynorsken eg skriv normert. Når eg skriv bokmål, vel eg jo radikale former for gøy.

Anonymiteten min får du aldri!

... den må du ta.

Eg freistar jo å vere sånn passe anonym. Eg har jo skjønt at det ikkje nyttar å vere heilt anonym. Folk som vil, kan enkelt finne ut kven eg er, og folk som kjenner meg frå før, har ikkje problem med å gjette seg til kven eg er. Det er ikkje så mange 18-åringar i Oslo som heiter Vegard, elskar nynorsk og er over gjennomsnittleg glad i Yoshi. Faktisk berre meg som eg veit om.

Så anonymiteten min har heller gått ut på å ikkje utlevere meg sjølv. Ikkje poste "outfitbilete", eller "åh, sjå på meg, eg er så trøytt" eller på andre måtar blogge med bilete av meg sjølv, skrive om kvardagen min, tankane mine osv.. For det fyrste har eg ikkje lyst til det, for det andre trur eg ikkje det er interessant. Eg har vore anonym i form av å ikkje ha bilete og å vere upersonleg. Spør deg sjølv - kor mykje veit du om meg som person etter å ha lese bloggen min?

Utfordre anonymiteten
Eg har posta nokre bilete kor eg viser delar av andletet mitt, det er eigentleg mest for å spele litt på at eg er så anonym, men at det går heller dårleg med det prosjektet. Men eg skal halde på anonymiteten min, sjløv om han vert litt svekka med tida. Men blogglesar og bloggar Pormodr har no teke dette eit skritt vidare og sydd saman eit bilete av heile andletet mitt, for å avsløre korleis eg ser ut:



Eg har ikkje heilt ord, men eg skal finne nokon.... For det fyrste er det jo reint imponerande gjort! Dette må ha vore tidkrevjande og slitsamt, og resultatet er jo ikkje så dumt. Eg kan opplyse om at eg ikkje har luggen i ein spiss ned i panna og at eg ikkje ser så trist ut, og eg veit ikkje heilt kva som har skjedd med fingrane mine på biletet, men ja - dette gjev ein peikepinn på korleis eg faktisk ser ut.

Om nokon skulle vere interesserte i det..

Ta til motmæle! Ja, DU, ja!!

Katastrofalt Si;D-innlegg
Dagens innlegg i Si;D er eit forferdeleg angrep på eit vakkert og levande språk! Under overskrifta "La nynorsken dø" skriv Sindre Trengereid (17) påstander om at nynorsken vert halde kunstig i live, at det er eit språk i forfall og kallar det blant anna "halvspråk" og "ruklet".

Kan vi finne oss i at språket vårt vert omtala på denne måten? Nei! Eg oppmodar alle som les bloggen min til å ta til motmæle og sende inn motinnlegg, små som store! Skriv om kor feil han har, at nynorsken lever og har unge brukarar og tilhengjarar over heile landet! Skriv langt, skriv kort, skriv!

Send til dømes ein SMS med kodeord "AFSID" til 1905!

Du kan òg trykke her for å få opp eit innleggsskjema!

Det går klart fram av innlegget til Sindre at det han eigentleg vil ha vekk er obligatorisk sidemål, og det er på tide å få folk til å slutte å la sidemålsdebatten bli ein arena for å slenge dritt om minioritetsspråket i landet.

Tips til innlegg:
Her skal vi ta til motmæle og vi skal skrive betre enn Sindre Trengereid. Han har få gode argument å kome med anna enn prosentar og eventyrmetaforar. Vi må syne ham at vi kan langt betre, at nynorsk er eit levande språk som vert nytta av mange unge i heile landet, òg utanfor Vestlandet. Skriv at vi ikkje vil ha noko fleirtalsdiktatur i Noreg og at vi vil ha to reellt jamstilte språk og ikkje framhalde undertrykking og diskriminering av nynorsken! Ikkje la slike tullingar mobbe språket dykkar, ta til motmæle og ver sta!

Eg vil gjerne få fram at det faen ikkje er bokmålsfolket det er synd i når ein ser på nynorskens historie! Sidan 1885 har landsmålet/nynorsken vorte aktivt utestengd frå media og næringsliv, frå skular og frå heile bygder. Det er nynorskbrukarar som har måtta slåst for rettane sine, det er nynorskbrukarar som har stått på krava og måtta kjempe og slåst for å få lov til å bruke ei målform som er jamstilt med den dominerande. Det er nynorskfolket som er minioriteten og som dagleg vert tråkka på og får drit kasta etter seg. Det er nynorskfolket som alltid har vore den minste og den svakaste parten, men det er vi som har den beste saka og det er vi som har skjønt det.

Vegard for nynorsken #5

Dette har skjedd:
- I Vegard for nynorsken #1 kan du lese om mitt fyrste møte med nynorsken!
- I Vegard for nynorsken #2 kan du lese om korleis eg byrja å elske nynorsk på ungdomsskulen, men vart hindra i å ha det som hovudmål.
- I Vegard for nynorsken #3 kan du lese om kva møtet med nynorsken hadde å seie for min dialektsidentitet og korleis austkantdialekta mi sakte forvandla seg til normert bokmål på vidaregåande
- I Vegard for nynorsken #4 kan du lese om kva som redda meg..
- I Vegard for nynorsken #5 får du lese om korleis eg la om til nynorsk!

Omleggjingsprosess
Då eg tidlegare i år igjen bestemte meg for å gjere alvor av å leggje om til nynorsk, var det ei av dei største avgjerdene eg har teke i livet. Eg bestemte meg for å ikkje berre bli flink i nynorsk, ikkje berre for å byrje å skrive nynorsk, eg bestemte meg for å bytte ut bokmålet mitt med nynorsk. Nynorsk skulle ikkje berre bli mitt hovudmål i skulen, eg skulle gjere nynorsking av meg. Eg skulle bli nynorsk.

Det var ikkje noko eg tenkte særs mykje over. Det berre fall seg heilt naturleg. Slik måtte det jo vere, det var heilt rett for meg å gjere det slik, nynorsk var det språket eg verkeleg ville skrive og tenkje. Det ville hjelpe meg til å halde på dialekta mi, det ville gjere at eg skreiv tydelegare og at eg vart meir bevisst på skriftspråket mitt, nynorsken var rett og slett min språklege identitet, og slik måtte det berre vere, tenkte eg.

Eg byrja på omleggjingsprosessen. For å kunne skrive nynorsk, må ein kunne tenkje nynorsk. Den største feilen ein kan gjere når ein skriv ein nynorsktekst er å fyrst skrive han på bokmål og så omsetje. Då er ein dømt til å feile. Eg forsto såpass at nynorsk og bokmål var to ulike språk ein måtte halde kvar for seg. Så for å bli flink i nynorsk, byrja eg å lese mykje på nynorsk. Eg fann fram til bøker heime, på skulen, over alt. Eg byrja å lære meg å tenkje nynorsk, og det var ikkje så lett.


Bokmålskråker utanfor skulen. Foto // meg.

Så kom det geniale. Eg byrja å skrive nynorsk, kvar einaste dag. Eg skipa til den o' så berømte Yoshi-bloggen og skreiv kvar dag om homofili, oppvekst, nynorsk og ikkje minst om Yoshi. Derfrå gjekk ting raskt. Etter berre ein månad med mykje nynorsklesing og -skriving, kunne eg tenkje nynorsk medan eg skreiv. Det var framleis nokre feil, men eg hadde jo pugga reglane heilt frå ungdomsskulen. Det gjekk seg til.

Eg trur ein kan måle det i månader og veker, kor lang tid det tok før eg hadde lagt om fullstendig til nynorsk i hovudet. Sjølv om eg for det meste skreiv bokmål på skulen fram til sumaren, var det likevel nynorsken som fall som det naturlege valet. Ved skulestart i år, fekk eg skifta hovudmål, frå bokmål til nynorsk, og eg byrja å skrive nynorsk i alle fag. Responsen har vore utelukkande positiv så langt!

Kor går vegen vidare?
No har jo Vegard for nynorsken kome fram til notida. Kva skal eg skrive om no? >:C Eg har lyst til å skrive meir om homofili og argumentasjon for det. Eg vil "oppdra" lesarane mine i god og overtydande argumentasjon for homofile sine rettar. :D Kan det vere noko?

Vegard for nynorsken #4

Dette har skjedd:
- I Vegard for nynorsken #1 kan du lese om mitt fyrste møte med nynorsken!
- I Vegard for nynorsken #2 kan du lese om korleis eg byrja å elske nynorsk på ungdomsskulen, men vart hindra i å ha det som hovudmål.
- I Vegard for nynorsken #3 kan du lese om kva møtet med nynorsken hadde å seie for min dialektsidentitet og korleis austkantdialekta mi sakte forvandla seg til normert bokmål på vidaregåande
- I Vegard for nynosrken #4 får du lese om kva som redda meg..

Vegard for nynorsken 4: Redninga

Etter at eg ikkje fekk ha nynorsk som hovudmål på ungdomsskulen, gjekk det lang tid før tanken slo meg igjen. I fyrste på vidaregåande gjekk vi utan sidemålsundervisning til etter haustferien, då eg hadde masa på læraren etter ei innlevering. Då eg arbeidde med innleveringa, merka eg at nynorsken var på veg vekk. Eit eller anna instinkt sa "NEI", så eg gjekk og prata med læraren. Etter det fekk eg igjen ideen om å leggje om til nynorsk, men det var visst vanskeleg å få gjort på den skulen òg, så eg valde å utsetje det. Eg skulle jo same kva byte skule til hausten, for eg likte ikkje det sosiale miljøet på skulen så godt, sjølv om det var ein million gongar betre enn ungdomsskulen.

Den sumaren var eg på ein sumarleir, og der hadde Norsk målungdom vervebod ein av dagane. Alle instinkt i kroppen min sa at eg måtte bli med på det der, så eg vart verva, fekk eit "Kvifor ikkje?"-jakkemerke og var lykkeleg. Mange av venene mine meldte seg òg inn, men ingen av dei har lagt om til nynorsk i ettertid...

Han som verva meg gjekk på den skulen eg hadde kome inn på og skulle gå på ved skulestart. På den skulen hadde dei eit eige lokallag i målungdomen, og det var mange der som hadde nynorsk som hovudmål.

Tankane om nynorsken var redda, men kva med dialekta?
Eg byrja å forbetre nynorsken min litt uti andre klasse. Eg hadde mykje andre ting å tenkje på på den tida, så nynorsken var framleis ganske framand for meg, sjølv om eg visste at dette var språket eg burde skrive. Eg hadde ikkje på den tida tenkt å leggje om til nynorsk på fulltid, berre å ha det som hovudmål på skulen for å lære det ordentleg.

Men å vere med i Målungdomen gjorde at eg lærte om nærma meg nynorsken på ein heilt annan måte. No var nynorsk eit levande språk, eg fekk møte nynorsk bruka av ungdomar på min eigen alder og det forandra synet mitt på nynorsken frå å elske det til å elske det endå meir. Nynorsk var ikkje berre eit gamalt språk som passa godt med austkantdialekta mi, dialekta til foreldra mine og nasjonalkjensla mi, det var jo eit levande daglegspråk for mange menneske. Eg forsto verkeleg ikkje kvifor dette språket hadde vorte heldt unna meg så lenge.

Men etter at eg byrja på skule i byen og slutta å vere så mykje på austkanten, forsvann ein del av dialekta mi, slik eg har skrive om før. Eg bruka meir og meir -en-endingar, -et-preteritum, hokjønnsartikkelen forsvann meir og meir, "skarru" vart til "skal du" og slikt. Men etter jul i andre, altså i førstinga av 2009, bestemte eg meg for å leggje om. Fullstendig. Så vidt eg hugsar byrja eg ikkje for alvor før månadsskiftet februar/mars, men det tok berre eit par månader før eg var nynorsking på heiltid.

Korleis eg la om til nynorsk får du lese i Vegard for nynorsken 5.

Vegard for nynorsken #3

Dette er tredje innlegg i serien "Vegard for nynorsken". Du bør lese fyrste og andre innlegg fyrst, om du ikkje alt har gjort det.

Nynorsken - ein augeopnar
Dialektsidentiteten står svakt i Oslo. Sjølv om det er enorme skiljer i talemålet her, snakkar dei fleste om ulike dialekter elles i landet på ein heilt annan måte enn dei snakkar om dei ulike målføra i Oslo. I Oslo er det sosiale skiljer som utgjer hovudskilnadene på dei ulike talemåla. Det er "pent" å bruke få a-endingar når ein snakkar, det er pent å seie "skal du" og ikkje "skarru", det er pent å seie "har ikke" og ikkje "ha'kke" osb..

Tradisjonelt har dette skiljet óg vore geografisk og delt Oslo i aust og vest - arbeidarklassa i aust og overklassa i vest. Det geografiske skiljet er mindre viktig, men framleis ikkje uviktig. Det er meir "pent" og forfina mål i vest enn i aust, men no har det å velje bort a-endingar osb. vorte ei sosial markering òg på austkanten.

Det var nynorsken og sidemålsundervisninga som fekk meg til å tenkje over kva for dialekt eg eigentleg snakka. I Oslo snakkar ein gjerne om "bønder som snakker dialekt", som om det ikkje eksisterer dialekter i Oslo. Så eg trudde jo lenge at eg "snakka bokmål", eller "normert norsk" eller kva ein no skal kalle det. Men då vi byrja med sidemålsundervisning og lærte om språkhistorie osb., byrja eg å tenkje etter kva for dialekt eg eigentleg snakka. For om eg ikkje snakkar dialekt, kva for språk snakkar eg då?

Utruleg imponerande at eg har fått framstille bokmålsbrukarar som keisame, ignorante kråker i fleire veker no, utan at nokon har reagert. ^^

Eg var styrt av ordlista
Det eg oppdaga då eg byrja å professorgjere bokmålet mitt, var at eg absolutt ikkje bøyde alle orda slik dei sto i ordlista. Eg skilte til dømes ikkje mellom hengte og hang. Så eg byrja å gjere det. Eg skilte mellom hengte og hang, eg byrja å seie "skar" i staden for "skjærte". Om eg var utrygg på korleis ein sa eit ord, slo eg det opp i ordlista.

Verre vart det då eg byrja på vidaregåande. På skulen eg gjekk på i fyrste, vart eg berre sendt att og fram då eg ville bytte hovudmål. Ingen visste kva ein skulle gjere, kor ein skulle krysse av osb.. Eg gadd ikkje gjere så mykje med det, for eg hadde viktigare ting å tenkje på på den tida, så igjen la eg nynorsken på is. No skjedde det fleire ting med dialekta mi. Eg slutta å seie "sko'orn" og byrja å seie "skolen", eg slutta å seie "skævven" og byrja å seie "skogen", osb.. Dette året byrja eg å henge med folk frå andre sida av byen, eg var meir i sentrum osb., og dialekta mi forsvann. Men heldigvis, sumaren mellom andre og tredje klasse kom redninga.

Og ho får du lese om neste gong. :3

Vegard for nynorsken #2

Dette er andre innlegg i serien "Vegard for nynorsken". Du bør lese fyrste innlegg for å få ein heilskap i det!



Vegard for nynorsken #2 - den fyrste nynorskundervisninga
Eg hugsar den fyrste timen med nynorskundervisning langt betre enn eg hugsar det fyrste møtet med nynorsken. Det aller fyrste vi lærte i timen var å seie denne regla:

Ivar Aasen, Ivar Aasen
Gjekk og gjekk og gjekk og gjekk
Samla på ord, nynorsk ord
Slik fekk vi nynorsken


I åttande hadde eg ein liten og søt norsklærer, ho får vere anonym her, men eg kan nemne at ho har skrive og gjeve ut fleire bøker. Hurra! Det er i det heile utruleg lite eg hugsar av dei fyrste grammatikktimane, men eg hugsar at vi hadde særs lite sidemålsundervisning i åttande og at dei fleste sto på bar bakke då vi lærte grammatikk i niande. I åttande lærte vi mest at Ivar Aasen gjekk og gjekk og samla ord. Og med dei orda var eg ikkje så redd for nynorsken lenger, for det viste raskt å vere noko eg fekk til.


Å teikne ein fugl som sit er ikkje så lett. Det ser kjempedumt ut. Menmen. Fuglen tenkjer på Oslo-aust-dialekt.

6 i sidemål
I niande gjekk eg opp til toppkarakter i norsk sidemål. Nynorsken var jo så enkel og lett og konsekvent og fårståeleg! Vi bytte norsklærar, og no hadde eg ein ekte nordtrønder til å lære meg nynorsk grammatikk omtrent frå scratch, men det var ikkje dumt. I tillegg har mora mi tidlegare vore norsklærar, så eg fekk god hjelp og rettleiing med nynorsken heime. Det var mange negative haldningar til nynorsk i klassa, sidan dei fleste faktisk fekk ein ganske grei karakter, korkje verre eller betre enn i bokmål, og halve klassa var dessutan friteke for sidemålsundervisning sidan dei hadde eit anna morsmål enn norsk. (Eg må likevel nemne at det var godt over halve klassa som lett kunne fått fritak, men det var nokre som valde å lære nynorsk fordi dei såg nytta i det, og dei fekk gode karakterar!)

Det var i niande eg bestemte meg for fyrste gong. Eg skulle lære meg nynorsk. Sjølv om eg fekk 6, sleit eg meir med nynorsk enn med bokmål. Eg hadde rota meg bort i ein professorsjargong krydra med "fine" framandord og kronglete formuleringar. Ideala i bokmålet var Bjørneboe og Bjerke, men det viste seg å gå hardt utover dialekta mi (no bøyer eg demonstrativt dialekt som hokjønnsord!) og gjorde det vanskelegare enn naudsynt å skrive nynorsk.

Kjepp i nynorskhjulet
Det var ein ting som stansa meg: Eg fekk ikkje ha nynorsk som hovudmål. Eg hadde definitivt vore på eit heilt anna stadie i dag om eg hadde fått ha nynorsk som hovudmål på ungdomsskulen, men det fekk eg altså ikkje. Allereie i niande spurde eg kontaktlæraren min (som òg var norsklæraren) om eg kunne ha nynorsk som hovudmål, for å lære det betre. (Eg greidde ikkje då å forklare kva som trekte meg til nynorsken, men noko var det, for det er ikkje kvar dag ein gut på austkanten av Oslo spør om å få bytte til nynorsk)

Svaret eg fekk var at eg kunne lære meg nynorsk på anna vis. Om eg skulle ha nynorsk som hovudmål, måtte skulen kjøpe inn nynorske bøker til meg, og for ein skule som gjekk med to millionar i dundrande underskot det året, var ikkje det noko dei ville. Neinei. Eg fekk vel lære meg nynorsk på anna vis.

Dette sendte nynorsken langt bakover i hovudet mitt. Ein ekte kjepp i nynorskhjulet, eller nynorsksnøballen, som hadde byrja å rulle. Det stansa. Eg var på god veg mot å bli nynorskbrukar, men kva skjedde?

Eg såg aldri nynorsk
I Oslo er det lite nynorsk (heldigvis dukkar det opp butikkar med behagelege mengder nynorsk midt i Oslo og slikt av og til!), så eg såg lite til nynorsken i dei to åra som kom. Slikk forsvann nynorsken for meg og vart borte i to år, medan eg gjekk ei mørkare tid i møte. Ideen om å identifisere seg med språket sitt var blussa opp. Bokmålet mitt var ikkje lenger profesorisk og eg tenkte aldri over at eg faktisk snakka dialekt. Eg tenkte at eg "snakka normert norsk" og at andre folk snakka dialekt.

Det var ein teit tanke! Kvifor lærte vi aldri om dialektsidentitet på barne- og ungdomsskulen? Kvifor fekk vi aldri lære at vi sjølv snakka dialekter og at det ikkje berre var folk på vestlandet som gjorde det? Er det rart mange folk frå Austlandet snakkar om bokmål og nynorsk som "norsk og nynorsk"?

Neste gong skriv eg endeleg djuptgåande om dialektsidentitet og mangel på sådan i livet mitt! Stikkord for neste innlegg er bokmålsordliste og eksamen. Og kanskje vert det to teikningar og ikkje éi.

Vegard for nynorsken #1

Greit, i dag er eg sjuk, så då kan eg endeleg få tid og ro til å skrive fyrste innlegg i serien Vegard for nynorsken. Namnet er henta frå eit foredrag på Vend Vinden-konferansen til Norsk målungdom. Foredraget heitte eigentleg "Vegar for nynorsken", men skifta namn til "Onkel Sigbjørn lærer barna korleis dei skal slåst for nynorsken" eller noko, men vi spøkte med at eg burde skrive noko som heitte "Vegard for nynorsken" fordi det var artig. Here goes, for å bruke eit flott bokmålsuttrykk.

Kva er vel ein innleggsserie utan teikning?

Vegard for nynorsken #1 - tida som bokmålsgut
Sjølv om eg skriv nynorsk i dag og vert skildra som "skiiikkelig nynorsk-freak :D", har eg ei fortid som bokmålsgut. Jepp, heilt sant, eg hadde bokmål som hovudmål til eg fylte 18. Skulebøker på nynorsk har eg ikkje hatt før no i haust då eg byrja på Vg3, med unnatak av at vi hadde KRL-bøker på nynorsk på ungdomsskulen (no heiter det visst RLE, det faget. Eg kjenner meg gamal...)

Men kvifor skal ein gut frå Oslo byte målform? Til og med Rune Gerhardsen tykte dette var rart då eg prata med han om det, og han kommenterte at det var ein rar/manglande kompatibilitet med dialekta mi. Mange påstår eg "snakkar bokmål", men eg påstår sjølv eg snakkar austkantmål, som er ein av dialektene Ivar Aasen laga nynorsk av.

No vel, no skal eg skrive litt om kvifor eg skreiv bokmål frå byrjinga.

Ikkje noko val
Då eg byrja på skulen her i Oslo, var det sjølvsagt at eg skulle skrive bokmål. Det var faktisk så sjølvsagt at eg aldri vart spurt, og så vidt eg veit hadde foreldra mine aldri noko reellt val. Det var heller slik at ein måtte møte opp på kontoret til rektor og insistere på at barnet skulle skrive nynorsk om ein ville ha det annleis. Javel. Eg veit ikkje om nokon i parallellklassene som skreiv nynorsk, men det hadde ikkje overraska meg om det var ein eller to, for det er ekstremt mange tilflyttarar i Oslo, òg nokon frå nynorskstrøk.

Foreldra mine er ikkje frå Oslo, men dei skreiv og skriv bokmål. Eg tykkjer dei burde skrive nynorsk sidan dei snakkar nynorksnære dialekter, men det er no så. Eg skreiv altså bokmål heile barneskulen, som om det var det naturlege å gjere for alle i Oslo. Ingen fortalte meg nokon gong at det var to norske målformer ein kunne velje mellom. Hadde dei gjort det, hadde eg kanskje lagt om til nynorsk tidlegare.

Fyrste møte med nynorsken
Det tidlegaste minnet eg kan grave fram om nynorsken er frå ein vår på slutten av barneskulen, ante i sjette eller sjuande. Eg snakka med nokre gutar i klassa og parallellklassa om at vi snart skulle byrje på ungdomsskulen. Eg var skuleflink på barneskulen, og hadde fått med meg at vi skulle få karakterar på ungdomsskulen, og eg ville gjerne ha 6 i alle fag. Dei som hadde storesysken på på ungdomsskulen fortalte at vi måtte skrive stilar og særemne på massevis av sider og at vi hadde prøver kvar veke. Eg skalv. Og så fortalte dei at vi måtte lære nynorsk. "Nynorsk, hva er det?". "Veit du ikke det? Det er norsk, bare at man skriver "eg" og "ikkje" og sånn. Ingen får det til, alle stryker eller får 2 og sånn, alle hater det!".


Eg fekk angst for nynorsk etter dette. Var det verkeleg sant at ein måtte lære eit språk alle hata og ingen fekk til? Kom denne nynorsken til å øydeleggje karaktersnittet mitt òg? Huff og huff, fy og fy! Eg lærte å tenkje at det var meiningslaust å lære nynorsk, at det var meiningslaust med to språk i eit så lite land, eg lærte å hate nynorsk, hate Ivar Aasen, hate "eg" og "ikkje".

Eg grudde meg verkeleg til eg skulle byrje på ungdomsskulen og skrive nynorsk..

Følg med vidare! Neste innlegg handlar om nynorskundervisninga på ungdomsskulen og korleis eg byrja å oppfatte nynorsken som språket mitt!
Kan ikkje love at det kjem så ekstremt raskt, men det skal ikkje gå for lang tid.

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits