Alle innlegg i kategorien Språkkvitter

Og så tek vi helg...

Er vel berre torsdag, men...
Eg hadde eksamen i dag, og sidan alle heldiggrisane som kom opp i sidemål har eksamen i morgon, har eg (dels på oppmoding, dels av meg sjølv) søkt studiedag i morgon. Så eg skal ikkje på skulen før til måndag.

Eg kjenner meg jo unekteleg litt slesk når eg gjer slikt. I morgon skal eg rett nok arbeide litt med førebuing til skriftleg eksamen i rettslære.

Eg tek ein spansk ein med helga denne veka, så denne vekas "nå er helgen kommet, det er tid for fredagskos"-variant er bærumsdialekt, presentert av ein bærumsgut som tidlegare i år fekk litt blest for å ha teke ein spansk ein og hoppa i nye kollen før Anette Sagen.



Eg er ikkje heilt stø i bærumsdialekt, men... Kanskje burde det stått "noen som har pils og snæs?" nedst.

No er det andre semifinale i Eurovision Song Contest.
Så eg skal benke meg ned i sofakroken med ein stor skål is. :3

Og om du lurer: Eg heiar på Sverige, Sveits og Nederland i kveld!

Fredagskos!


Fredagskosen denne veka (eg arbeider hardt for å gjere dette til tradisjon) kjem frå Stoltenberg som på pompøst bokmål snakkar i store ordelag om ting som er flott og fint. Men så kjem det liksom ikkje heilt med ein gong. Kor lenge hadde Stoltenberg visst at "månelandinga" måtte utsetjast?

Jaja. Her i heimen skal det bli fredagskos nok. Og her i blokka skal visst alle partysvenskane ha svenskeparty til dei små timar. Jaja.

Sidemålseffekten og favorittord på bokmål

Er du ein av bokmålsbrukarane som tykkjer nynorske ord som kjærleik, fridom, vonbroten, heim, annleis eller løyndom er vakre og poetiske? Vil du gjerne bruke dei sjølv, men vil ikkje leggje heilt om til nynorsk? Fortvil ikkje, alle desse orda er tillatne på bokmål òg!

Eg samlar på fine bokmålsord, sjølv om eg skriv nynorsk. Dei samlar eg i bokmålsordlista mi, som du kanskje allereie har sett, og der skal eg love deg at alle kan eit ord eller ti dei ikkje visste ein kunne skrive på bokmål.

Biletet er sjølvsagt ironisk. Eg oppmodar alle å skrive nynorsk, men folk skal så klart få lov til å skrive bokmål, om dei vil. Om eg assosierer bokmål med den mørke sida? Veel...


Så kva skal ein gjere med dette? Eg brukar no ord som "stundom" og "rørsle" aktivt i sidemålstekstane mine på skulen, eg har bytte ut "selv" med "sjøl" og skriv langt nærmare dialekta mi. Sjølv om eg meiner Noreg har godt av å ha éi, streng norm, tek eg ikkje sidemålet mitt så høgtideleg og brukar gjerne den enorme valfridomen for alt han er verdt. Akkurat slik mange bokmålselevar gjer med nynorsk. Dette kallar eg sidemålseffekten.

Så no vil eg vite. Kva er ditt favorittord på bokmål? Sjekk bokmålsordlista mi for inspirasjon eller leit sjølv! Gå på skattejakt i språket ditt og oppdag at det er meir til språket enn det forfina sossemålet du les i Aftenposten.

Nye ord i ordlista er vonbroten. Hmm.. Fleire?

Korfor er det norske ESC-bidraget engelsk?

Her kjem eit langt og artikkelaktiv kvitter. Ikkje kvar dag eg skriv sånn, eg håpar de får noko ut av det. (Og no er alle faktafeil retta opp òg!)
Sjekk for øvrig bokmålsordlista for nye ord!


Kor norsk er dette?
I slutten av mai skal Didrik Solli-Tangen syngje "bikøs mai hard is jårs" på heimebane under den internasjonale finalen i Eurovision Song Contest. Som Gard spurte, spør eg: Korfor er ikkje dei norske bidraga lenger på norsk?


Didrik er sjølvironisk og stiller opp i Probat-skjorte! Foto: Probat

I staden for eit norsk bidrag er Noreg i år igjen representert med eit bidrag på middelmådig engelsk. Teksten er jo god, skriven av den svenske tekstforfattaren Fredrik Kempe, men uttala har vorte kritisert og latterleggjort i norske og utandlandske medium i lang tid allereie. Det er fleire grunnar til at det norske bidraget i år er på engelsk, men la oss først sjå litt på historie.

Tidlegare heilnorsk
Frå starten i 1960 til og med 1998 var alle dei norske bidraga på norsk. (Ein lesar presiserer at fire av dei vart framført på engelsk i den internasjonale finalen). Frå 1999 og til no har berre eitt bidrag vore på norsk (Alvedansen i 2006), alle dei andre har vore på engelsk. Bidraget til Guri Schanke i 2007 hadde spansk tittel (ven a bailar conmigo), men var i alle høve ikkje på norsk. Korfor? I 1999 fjerna ein det omstridte nasjonalspråkpåbodet for godt. Frå og med 1999, kunne alle syngje på kva språk dei ville, og Noreg går frå Alltid sommer i 1998 til Living my life without you i 1999.

(Eg skreiv først som om nasjonalspråkpåbodet hadde vore der fram til 1999, men ein lesar gjorde meg merksam på at desse reglane har vorte endra fleire gonger opp gjennom).

No er stoda verre enn nokon gong. Av dei 21 konkurrerande songane i dei norske delfinalane i år, var det berre Gaute Ormåsen som hadde eit bidrag på norsk, med Synk eller svøm. Alle dei andre var på engelsk.


Gaute Ormåsen sto for det einaste norske bidraget i årets Melodi Grand Prix. Foto: NRK

Same visa i Europa
Andre europeiske land ser same effekten. Etter at nasjonalspråkspåbodet vart oppheva i 1999, har fleire og fleire bidrag vore på engelsk. Likevel er det ein del land som sender bidrag på andre språk. I år sender Slovakia, Serbia, Portugal, Makedonia, Hellas, Finland, Bulgaria, Kroatia, Nederland, Sveits, Israel, Slovenia og Frankrike bidrag som ikkje er på engelsk. I tillegg kan ein nemne Island, som har ein del av songen på fransk. (Ein lesar tipsa om at òg Polen har litt polsk i bidraget sitt).

Heldigvis har ikkje folk heilt slutta med å syngje på nasjonalspråka sine heilt enno. Men er det verkeleg ein fordel å syngje på engelsk?

La oss ikkje nekte for historiske fakta
Frå 1956 til 1998, var tolv (og ikkje ni, som eg skreiv først) av vinnarlåtane på engelsk, men ein av hovudgrunnane til at alle til slutt fekk syngje på kva språk dei ville, var at Irland vann både i '92, '93, '94 og '96.

Og korleis har det vore frå 1999 og til i dag? Alle vinnarlåtane etter at nasjonalspråkpåbodet vart oppheva har vore på engelsk, ikkje eitt av dei har vore frå eit engelskspråkleg land. Det einaste unntaket er frå 2007, då serbiske Marija Serifovic vann med ein song på serbisk. 

Internasjonalt samarbeid
Eg må òg leggje til at mange av bidraga både i Noreg og andre land er produkt av internasjonal ESC-produksjon. Låtskrivarar skriv tekstar og sel dei til ESC-deltakarar. Då seier det seg sjølv at ein del av dette standardmaterialet vert på engelsk, og nasjonalspråka må vike. Årets norske bidrag er ein slik produksjon, men Alexander Rybak skreiv Fairytale sjølv, og valde vel engelsk av andre grunnar. Kanskje var det heilt ubevisst?


Fredrik Kempe er svensk og har skrive årets norske bidrag. Biletet fann eg her.

For å svare på overskrifta
Årets norske bidrag er på engelsk fordi det er lov, statistisk ein fordel og fordi ein utlending har skrive songen. Sidan det framleis er kort tid sidan engelsk vart lov for alle deltakarland, håpar eg nasjonalspråka står sterkare i åra som kjem. Eg spår at engelsk ikkje vil ta over ESC, den engelskdominansen vi ser no, er berre ein "barnesjukdom" som kom med opphevinga av nasjonalspråkpåbodet.

Trudde du norsk var upopulært som musikkspråk i Noreg? Faktisk ønskjer både musikarar og musikklytttarar meir norsk, skal vi tru statistikk og undersøkjingar som kjem fram i denne artikkelen i Språkråd-publikasjonen Språknytt. Men det kan eg kvitre om ein annan gong.

Kjelder:
- Oversyn over norske bidrag på Wikipedia
- Oversyn over årets deltakarar i Melodi Grand Prix
- Oversyn over vinnarlåter i den internasjonale finalen på Wikipedia

Dagens plakat

Orda "daud", "øyde", "øydelegge", "brott", "vatn" og "hamn" er lagt til i bokmålsordlista.

Eg såg denne perla på veg heim i kveld. Fantastisk.



Eg likte "malling" og "flislegning" best. ^^

("-legning" er eit alternativ til "-legging" i orda "omlegging" og "brulegging", skal vi tru bokmålsordlista. Men "flislegging" er nok det luraste valet.)

Dagbladet overgår seg sjølv


Eg skal seriøst skrive "pedonazisykepleier" neste gong eg spelar Scrabble. Eg skal få det til. Og då skal eg blogge om det.

Eg tykkjer heller ikkje det er nokon god idé å korte "seksuelt misbruk" til "sexmisbruk". Er det misbruk av sex eller seksuelt misbruk?

På same måte reagerer eg på "knivran". Er det å rane nokon med kniv eller å stele ein kniv? Meir aktuelt er "bilran". Er det å rane ein butikk ved å køyre ned døra/vindauget med bil, eller å rane ein bil? (Jamfør "togran"). Argh.

Ja, det var meg!

Her kjem eit langt kvitter om dagens hovudinnlegg i Si;D.

I dag har eg måtta gjenta overskrifta ganske mange gongar. Greia er at dagens hovudinnlegg i Si;D er signert "Vegard (19)", men det var visst ikkje anonymt nok. Eg sende inn innlegget under kallenamn", men fekk raskt ein e-post frå Si;D-redaksjonen som likte innlegget særs godt, men gjerne ville ha det signert med fullt namn. Eg vurderte det lenge, men enda opp med "Vegard (19)".

Dagen har vore fylt av folk som har lese innlegget og tenkt at det var meg. Det går opp for meg at det ikkje er så mange nynorskingar i Oslo som heiter Vegard og er 19 år. 

Om du har lese innlegget, tek eg gjerne diskusjonen vidare her. La meg berre seie eit par ord først.

Klikk på biletet for å kome til innlegget mitt hjå Aftenposten.

Aftenposten si framstilling
Overskrift og tekst er akkurat slik det skal vere, men dei små utklippa dei har teke ut, er eg ikkje heilt nøgd med. Innlegget handlar om at det er fælt for nynorskbrukarar å møte nynorskhatet over alt og at skuleverket må ta ein del av skulda. Men om nokon berre les overskrifta og dei små sitata dei har blese opp, kan det fort verke som om eg vil gjere sidemålsundervisninga valfri. Det vil eg absolutt ikkje.

Eg meiner jo at alle i heile Noreg burde skrive nynorsk, men det er jo samstundes heilt fantastisk for eit land å ha meir enn eitt språk. At vi har bokmål og nynorsk som to former av norsk, tykkjer eg er herleg. Det gjev oss valfridom, variasjon, mangfald og større grunnlag for språkleg identitet. Dette må vi ikkje kaste vekk!

Eg stil likevel spørsmål ved om alle treng å kunne skrive like godt på sidemålet som på hovudmålet. Mange vil trenge det, ja, men ikkje alle. Ingen tek skade av å lære det, men det er langt ifrå alle som har eit godt anlegg for å lære nye språk, og det å lære eit skriftspråk som er så likt det du brukar til vanleg, kan vere vanskelegare enn å lære eit som er vilt framand.

Men det viktigaste med innlegget mitt er at mange byrjar på skulen med ei positiv innstilling til nynorsk og går ut med ei hatsk og negativ innstilling. Mange fortel meg at dei elskar nynorsk, men hatar å måtte skrive det på skulen, andre fortel at dei elska nynorsk, men hatar det etter at dei måtte skrive det sjølv, for dei fekk det ikkje til.

Altså er noko gale med sidemålsundervisninga. Ho avlar nynorskhat, det er påstanden min. Løysinga er på ingen måte å fjerne ho eller gjere ho valfri, ikkje misforstå meg. Men når vener av meg fortel at første nynorsktime byrja med at læraren sa "huff, så var det denne nynorsken, da, de fleste av dere vil få 3 eller 2, jeg bare advarer" - er det svikt i systemet.



Kan vi godta dette? Skal eg godta at mine medborgarar hatar språket eg brukar til dagleg, fordi dei lærte det på skulen? Det er jo ikkje riktig! Det er riv ruskande gale! Og eg vert så forbanna når eg tenkjer på det. Men eg skal ikkje bli hatsk, eg vil ikkje kjefte på folk som hatar nynorsk, eg vil heller gjere mitt beste for å syne alle at nynorsk er eit vakkert og fantastisk språk alle kan ha glede av! Anten som sidemål eller hovudmål. Kva du skriv er ikkje så farleg for meg, så lenge du ikkje mobbar språket mitt.

Kvitters bokmålsordliste

I denne bokmålsordlista finn du bokmålsorda eg aldri lærte på skulen. Eg tilrår som vanleg absolutt alle nordmenn å skrive nynorsk (som er langt enklare, betre, meir folkeleg og finare enn bokmål), men eg vil aldri nekte nokon å skrive bokmål. Skriv du bokmål, så ta ein titt på denne lista og sjå om det er nokre ord du kunne tenkje deg å bruke til vanleg.

Er du i tvil? Du kan alltids slå opp i bokmålsordlista.
Denne ordlista er under kontinuerleg oppdatering. Har du tips til nye ord, så skriv gjerne eit attkvitter!
Merk at ikkje alle orda er tillatne på nynorsk, t.d. "skau".
Slik les du ordlista:
Oppslagsord (alternativ bokmålsform) (tips til bruk)
Døme: Sein (sen) (fullfør med seinere osv.)
aksel (skulder)
aleine (alene)
andlet (ansikt)
annleis (annerledes)
au (også)
auke (økning)
ause (øse)
aust (øst)
arbeidsløyse (arbeidsløshet)
attende (tilbake)
attrå (v: å lengte, subs: lengsel)
attåt (i tillegg)
avleiing (avledning)
avrøysting (avstemning)
band (bånd/tau/streng, armb-, hundeb-)
blaut (bløt)
bleik (blek)
bløyte (bløte)
boge (bue)
botn (bunn)
bru (bro)
brott (brudd)
brei (bred)
bu (bo)
bustad (bolig/bosted)
daud (død)
dansarring (ring av danser)
djervskap (djervhet)
djup (dyp)
djupn (dybde)
dogg (dugg)
dugleik (dyktighet)
dreiing (dreining)
dryg (drøy)
døme (eksempel)

edruskap (edruelighet)
eigen (egen) fullfør med formene eiga, eige og eigne
eining (ening)
einslig (enslig)
ete, eter, åt, har ett (spise)

feit (fet)
ferje (ferge, som i fergebåt)
lømme (flomme)
fløyte (fløte)
fram (frem)
framhald (fortsettelse)
framifrå
framleis (fremdeles)
framsyning (forestilling, framvisning)
fridom (frihet)
fråsegn (uttalelse)
førebels (foreløpig)
førebu (forberede)
førehand (forhånd)
føresegn (regel, forskrift)

gammal (gammel)
gard (gård)
gjømme (gjemme)
gleppe (glippe)
glømme (glemme)
golv (gulv)
graut (grøt)
gras (gress)

hardleik (hardhet)
heil (hel)
heilskap (helhet) OBS: Ikkje noko "helskap"!
heim (hjem)
heit (het)
hol (hull)
hugnad (glede, hygge)
høg (høy)
høgd (høyde, som i en åshøyde)
høgre (høyre)
høve (verb: passe, subs.: anledning)

inna- (innen-, som i innafor, innariks, innalands)
innbrott (innbrudd)
innfløkt (innvikla)
innleie (innlede)
innleiing (innledning)
innreie (innrede)
innskott (innskudd)

jaggu (jammen)
jamn (jevn)
jamvel (til og med)
juge (lyve) jf. ljuge

keie (kjede, i betydninga "å kjede seg"))
keisam (ensformig)
kjensle (følelse)
kjelde (kilde)
kjærleik (kjærlighet)
kløyve (kløve)
korg (kurv)
kval (hval)
kvile (hvile)
kvit (hvit)
Kviterussland (Hviterussland) og tilsvarande

lagnad (skjebne)
laus (løs)
~laus (-løs) rotlaus, arbeidslaus, æreslaus, rådlaus
lauv (løv)
leiing (ledelse)
leik (lek)
leike (leke)
ljuge (lyve)
lovnad (løfte)
løyse (løse)
~løyse (-løshet) rotløyse, arbeidsløyse, æresløyse, rådløyse...
løysing (løsning)
løynd (hemmelig/skjult)
løyndom (hemmelighet)
låg (lav)

meine (mene)
meining (mening)
mellombels (midlertidig)
merksam (oppmerksom)
mis(for)nøgd (misfornøyd)
mjuk (myk)
mjøl (mel)
mjølk (melk)
morosam (morsom)
måse (måke) (det er vel ikkje typisk nynorsk, men typisk dialekt)

nærleik (nærhet)
nøgd (nøyd/fornøyd)

overgiving (overgivelse/kapitulasjon)
om att (om igjen)
omsyn (hensyn)
oppbrott (oppbrudd)
oversyn (oversikt)

regnboge (regnbue)
rein (ren)
reir (rede)
rettleiing (rettledning)
rørsle (bevegelse)
røynd (erfaring/virkelighet)
røynsle (erfaring)

samband (sammenheng, forbindelse)
samd (enig)
samstundes (samtidig)
sanning (sannhet)
sakn (savn)
saknad (savn)
sakne (savne)
semje (forlik)
sein (sen) fullfør med seinere osv.
sju (syv)
sjuk (syk)
sjøl (selv) fullfør med sjølsagt, sjøl om, osv., merk at det ikke kan heite sjølfølge
sjølveste (selveste)
skau (skog)
skei (skje)
sleppe (slippe)
skilnad (forskjell)
skipnad (ordning/organisasjon)
somme (noen/enkelte)
spell (spill, t.d. tv-spell, kortspell)
spelle (spille)
stad (sted)
steike (steke)
stove (stue)
stundom (av og til)
stønad (støtte)
støype (støpe)
særskilt (spesiell)
såleis (slik/således)

takksemd (takknemlighet)
tjukk (tykk)
tjuv (tyv)
tore (torden)
torevær (tordenvær)
trivnad (trivsel)
trugsmål (trussel)
tru (tro)

vaken (våken)
vakne (våkne)
vakte (vokte) 
vatn (vann)
varsam (varsom)
varsemd (varsomhet)
veg (vei)
verknad (virkning)
vitje (besøke)
von (håp)
vonbroten (skuffa)
vone (håpe)
vonløyse (håpløshet)
vørdnad (aktelse, respekt)

æve (evighet)
ævelig (evig)

øskje (eske)
øyde (øde)
øydelegge (ødelegge)

åssen (hvordan/hvorledes)
åt (mot/til)
åtte - har ått (fortid av å eie
åtak (angrep)

Fredagskos, kos, osk, oske..

I serien "Ulike folk med ulike språk presenterer reklamesetninga 'Ja, nå er helgen kommet, det er tid for fredagskos' på ein langt meir folkeleg måte" har eg denne veka vald ut statsminister på Island, Johanna Sigurdardottir, som her seier "Ja, no er helga komi, det er tid for vulkansk oske!", omsett med Google Translate. (Ja, "vulkansk aske" vart "öskufall".)

Sigurdardottir er (så vidt eg veit?) den fyrste regjeringsleiar i verda som er opent homoseksuell. Eg har tidlegare kalla ho "statsoverhovud", men det viste seg at Island har ein president (ikkje konge, som eg fyrst skreiv). Eg kjenner ikkje det politiske systemet og skal difor ikkje skrive meir om det, men eg tykkjer Johanna Sigurdardottir er ei ganske stilig dame.



No er det tid for ekte fredagskos, nemleg Nytt på nytt. Fantastisk, fantastisk.

Elles vil eg gjere noko meir konstruktivt med Kvitter-bloggen framover. I det siste har det vorte litt mykje "folk skriv så dårleg", men det vil eg eigentleg spare til gamleheimen og heller vere produktiv og glad og konstruktiv. Forslag/ønskje?

Jaja. Det kjem ordliste med fantastiske bokmålsord. (Dei siste dagane har eg funne "livat" og "gammal" i bokmålsordlista. Kan ein kalle denne utforskinga av ordtilfanget på sidemålet for "sidemålseffekten" eller liknande?)

Dagens utklipp frå dagspressen

Det er ikkje berre unge bloggarar som skriv artige ting. Eg ser merkeleg og rar språkbruk i dagspressen kvar dag, men i dag var det nokre som stakk seg ut.

Aftenposten: Refleksiv plikt
I ein artikkel om vulkanoska som har lamma flytrafikken i Noreg, kunne ein lese dette:
Flyselskapene har derimot plikt på seg til å hjelpe flypassasjerene med å finne alternative ruter der det er mulig.
Ein kan vere pliktig, ein kan ha plikt til noko, men kan ein ha plikt på seg? Refleksiv plikt var nytt for meg. Her veit eg faktisk ikkje kva som er riktig. Veit du må du gjerne seie frå! Eg tykte i alle høve dette var rart.

Dagbladet: Radikalt, verballaust, kort og konsist
Dagbladet har overraska stort i dag, med hunkjønnsord i store, fete bokstavar på framsida! Ord som "regjeringa", "vulkankrisa" og "svovellukta" er ikkje vanlege å sjå med -a-ending i Dagbladet.

Elles har Dagbladet si satsing på inkjeseiande setningsemne framfor informative overskrifter, nådd eit nytt høgdepunkt, med overskrifta:

- Oljetankere størst fare for miljøet i nord

Denne påstanden er utan verballedd. Kva står det eigentleg her? Hadde oljetankarane vore den største faren, burde det stått "største". Eg leitar etter eit verbal i setninga, men finn det ikkje. Det hadde vore bra artig om "størst" faktisk var eit verb. Å størest, størst, storst, har storest? 

Elles har Dagbladet i dag ei fin overskrift om korleis eit yrkje kan ha kreft:

Disse yrkene har uvanlig mye kreft

Kva som er gale med å skrive "yrkesgruppene" eller noko som gjer at det er folk og ikkje yrkje som har kreft, skjønner eg ikkje. Det er heilt klart underforstått kven som har kreft, men setninga seier no sitt.


NRK: Kjekt å vite..
NRK veit å ta opp aktuelle og flotte ting. No som flytrafikken er stengt, kjem NRK med denne saka:

Slik kommer du deg ut av landet


Aftenposten reise: - Skal vi ta det? - Nei.. - Kom igjen 'a. - Okei, da..

Hemsedal blir Homsedal

At festivalen Scandinavian Ski Pride måtte vere i Hemsedal, må nesten ha vore klart frå skissestadiet. Men at Aftenposten, av alle, skal kline til med dette ordspelet i ei overskrift, hadde eg ikkje trudd. For det fyrste burde "Homsedal" heilt klart ha stått i hermeteikn og kanskje med liten h. Elles går mine tankar til lesbiske, bifile og transpersonar som ikkje får vere med i overskrifta.

Sovande tre og gravid massasje

Slik svarar ein eit barn
Vesle Bodil på 7 spør om Gud har gløymt at trea kan ha blad om vinteren. Svaret er at trea kanskje treng å sove. Kva er tankegangen? "Sanninga får ho vite på skulen om eit år eller to"? Hmm... Hadde dette vore min unge...



Norsk gatekunst på sitt beste? Berlin er fylt til randen av artige figurar og kunstverk. I Oslo er det heller lite, men i går kveld oppdaga eg dette søte, logolause klistremerket mellom to skilt. Søtt!



Salsstrategien her må vel vere å skrive så kort og rotete som mogleg, slik at folk føler at dei ikkje kan leggje lappen frå seg før dei har forstått alt:


Det øvste (ParKurs) er greitt nok, ein rar måte å skrive "parkurs" på, men det får gå.

"GRAVID massasje på Bislet Bad" er eg ikkje heilt sikker på kva er, men det er heldigvis ingen tvil om kvar det er, for dei som er interesserte.

Kva i alle dagar "3xman" skal tyde, kan berre fuglane (eller dei sovande trea) vite. Kanskje er det tre parallelle kurs på måndag? Eller er det tre menn som skal halde kurset? Er det berre plass til tre? Hæ?

Sist, men ikkje minst, er det eit sikkert teikn på kvalitet at desse kurshaldarane har oppretta og registrert ein e-postadresse til kurset sitt, som er relevant og lett og hugse. "Doulakateleon? Åja, gravid massasje!"

For ordens skuld: Eg har ikkje smelt nokon på tjukka, eg fekk lappen ved eit tilfelle..

Soga om kameraladaren, Greenpeace og bokmålsblogging

Denne hendinga fann antakeleg stad i heimen for litt over ein månad sia.


Lilleblå: ... og då sa eg til han berre "dropp det'a, liksom", og då såg han på meg og berre "hallooo"
Lillegul: Serr?! Han med skjegg og ruta skjorte??
Lilleblå: Ja, serr, eg kunne ikkje tru det, var heilt sjukt, ass.
Lillegul: Sjukt, ass...



Lilleblå: Men oh! Kva har vi her? 
Lillegul: Kvifor ligg dette og sleng
?



Lilleblå: Dæven døtte skyllebøtte, Vegard burde ikkje la kameraet liggje og slenge slik. Nokon kunne jo finne på å stele det.
Lillgul: Tja, kva er sannsynet for det? La oss sjå kva bilete som er på det.



Lillegul: Sjå! Det er jo oss!
Lilleblå: Ja! Då vi var på IKEA den gongen! Og herregud, vi ser jo så...
Lillegul: FEITE ut!! Kva i svartaste, ramsalte h*
Lilleblå: Eg nektar å tru at eg er så tjukk!! Og sjå nasen min, så brei han ser ut!



Lilleblå: Fy farao, Vegard sug i å ta bilete av oss, vi ser jo fæle ut på alle bileta.
Lillegul: Vi må slette bileta før han publiserer dei nokon plass!
Lilleblå: Kva om han allereie har lagt dei over på Mac-en?



Lillegul: Æsj, det har han sikkert gjort. Men vi må syte for at han aldri får teke slike bilete av oss igjen!
Lilleblå: Ja.. Men eg har ikkje små nok fingrar til å korkje slette bilete eller ta ut batteriet...
Lillegul: Hmmm... Eg har det!



Lillegul: Mihihihi, han får ikkje teke så mange bilete no, nei!
Lilleblå: Genialt, Lillegul! No vert det ikkje fleire stygge bilete av oss. ^^




Kamera: *dzeoowww* Tomt for straum.


Vegard: Hei, kven har tukla med kameraet mitt? Nokon har latt det stå på, no er batteriet heilt flatt..



Vegard: Men kvar er ladaren? Han låg jo her? Åh, desse Yoshi-barna...





Det må jo ha skjedd sånn? Eller? Isj-isj... Vekke var no ladaren, til eg fann han på sundag. No er kameraet i drift igjen. Og har ikkje eg fin t-skjorte? ^^



Greenpeace oppmodar folk til å avgrense donasjonane
Skal du gje pengar til Greenpeace? Då held det med eitt bidrag.


Visste du at
Å blogge kan bety meir enn å skrive ein blogg? Henta frå bokmålsordboka:
TILSLAGSORDARTIKKEL FRA BOKMÅLSORDBOKA (offisiell rettskriving)
bloggeblogge v1 (norr bloðga, av *blod) skjære, stikke fisk slik at blodet renner ut, jf *bløgge

Og tilsvarande i nynorskordlista:
TILSLAGSORDARTIKKEL FRÅ NYNORSKORDBOKA (offisiell rettskriving)
bløgge
blodge el. bløgge v1 (norr blóðga)
  1få til å blø
  2gjere blodet; blode ut
  3skjere over den store blodåra frå hjartet til gjellene på nyfanga fisk

Kanskje nynorskbrukarane skal byrje å "bløgge" i staden for å blogge, for å få denne artige tvitydinga på båe målformer? 

Eventuelt kan "å blogge" vere å skrive blogg og "å bløgge" vere å skrive homoblogg (bøg + blogg = bløgge). Bløgg, bløgg, bløgg.

"Å blogge" står for øvrig ikkje i nynorskordlista. Enno.

Nynorsktrening i alle fag

Høyrer på: Kraftwerk - Airwaves

Bli flinkare i nynorsk med ørsmå grep
Eg har jo alle skulebøkene mine på nynorsk, men irriterer meg grøn og blå over at alle utdelte undervisningsting, kopiar frå andre læremiddel, bøker, aviser og liknande alltid er på bokmål (med mindre det er ei novelle av Frode Grytten eller liknande, så klart). Då er det fram med pennen.



Slik ser alle arka mine ut. Eg set alt eg får på bokmål om til nynorsk. Og gjett kva - læringsutbyttet er fantastisk. Etter kvart går det automatisk, og når eg då skal skrive nynorsk igjen, så går det leikande lett.

Noko anna eg har vend med til å gjere, er å notere på nynorsk. Om læraren skriv noko på bokmål på tavla, så spontanomset eg det til nynorsk før det når skriveblokka mi. Og det er jo ikkje det grann brysamt - det er berre ein liten ting ein kan gjere for å bli flinkare i nynorsk, anten ein har det som hovudmål, sidemål, hobby eller livsfundament. Skadar aldri.

Og elles
Bysyklane er attende! Juhu! Eg har diverre gløymt å bestille nytt kort før sesongopninga (som er i dag). Isj. Håpar dei ikkje vert sure for det... Det kan dei vel ikkje bli. 80 kr, så kan du sykle så mykje du vil i sentrum av Oslo ut årssesongen (som sluttar omtrent når snøen kjem og det vert farleg å sykle). Dvs. ikkje etter midnatt eller tidleg-tidleg om morgonen, og berre i tre timar om gongen og berre i sentrum, men det går bra. Sjeldan du treng noko anna.
Nydeleg vêr i Oslo i dag, som du ser.


Kompliment for håret
... får eg sjeldan. Med mindre eg ikkje har fiksa det, så klart. Når eg går rett frå dusjen til skulen, med lue i vind, kjem på skulen og dreg av meg lua så håret står som eit forblåst fuglereir, med bølgjer og fuglane veit kva - då står folk i kø for å seie "Har du gjort noko med håret, Vegard? Det var fint?" eller "JAAA, gå sånn heile tida! =D" og liknande. Sjølvsagt. Eg kan gjerne bruke ti minutt på håret om morgonen til vanleg, men i dag er altså dagen for å komplimentere den naturlege sveisen min.




Seriøst. Ikkje fint.

No skal eg lese meir i Trekkoppfuglen av Haruki Murakami, tjohei. Etter at eg har støvsugd, så klart. Føkk. 

Det er vanskeleg å kategorisere innlegg som dette. Er det språkkvitter eller kvardagskvitter? hirr.. Alt-mogleg-kvitter. Diverse...

Dagens utklipp frå blogg.no 25

No er det ein månad sidan sist, så no kunne eg ikkje vente lenger. Pga. framsideendringar på Blogg.no, går det kjempetreigt å surfe gjennom nye innlegg, sidan dei berre oppdaterer framsida kvart femte minutt, eller noko slikt. Det gjer at eg ikkje kjem over like mange artige og rare bloggar. :C Men.. etter kvart har òg denne utklippsposten fylt seg opp. Og eg lova jo å aldri slutte.

Dagens overskrift
:

LONG TIME, NO SEA

- Gut, 17 år, som ikkje har vore på sjøen ein stund.


Dagens:

Kom med forslag til morgen dagens, Dagens! :D

- Gut, 19 år. Ord er overflødige dagens.


Dagens norske:
Vi sitter og har Norsk Prøve :D 
Jeg er alerede ferdig så jeg sitter og kjeder meg litt .
- Gut, 11 år. Heilt ferdig var han vel ikkje...


Dagens kreative omgrepsbruk:
Etter himla mye styr med reklamasjon etc med min telefon, gikk jeg til pers og kjøpte meg iPhone.
- Jente, 22 år. Det kan hende ein må til pers, så då kan ein vel gjerne gå dit. (Å måtte til pers betyr eigentleg noko heilt anna, men kvifor ikkje gje gamle omgrep ny betydning?) Eventuelt gjekk ho til butikken til kameraten Per...? "Pers" kan vere kortnamnet på "Per's Mobil Butik"?


Dagens bruksområde for blogg 2.0:
Synes dere at jeg skal få nye ski?
Kommenter. Hvis jeg får MANGE kommentarer skal jeg vise det til mamma, og da har jeg TO gode grunner til at jeg skal få nye ski.
- Jente, 13 år. Det er jo utan tvil ein grunn, men ein god grunn? Meh..


Dagens ord:

Vi er jo norges beste kjoleproduserere

- Jente, 16 år, som skriv om dei beste kjoleprodusentane i landet. Dei står i stil med alle "kommentererene" her på blogg.no. Skal jeg bli din faste leser og kommenterer? Nei.


Dagens modne:
Nynorsk. styggeste dialekta som finnes. Det er faen meg ikke norsk i det hele tatt, det er en drit stygg dialekt som nesten ingen liker å ha om på skolen. Jeg skjønner ikke at vi må lære å snakke det rare språket når man ikke tørr å snakke det en gang fordi nesten ingen liker dialekta. Hadde jeg vært nynorsk ville jeg vært flau og lært meg bokmål med en gang. Nesten ingen liker nynorsk, sånn er det bare.
- Jente, 14 år, med reflekterte meiningar om nynorsk. Skryt for å ha alle fakta på plass. Nynorsk er ikkje norsk, berre ein stygg dialekt. På kva skule lærer ein slikt?


Dagens overskrift 2:

nytt header<3<3

- Jente, 16 år. Inkjekjønn? Javel.


Dagens spørjerundespørsmål:
Hva synes du om at vi har blitt lært til å skrive og snakke bokmål, og har nynorsk som vår ''ekstra norsk'' mens de i norden har nynorsk fra første stund og har bokmål som sitt ''ekstra norsk''?
- Jente, ukjent alder, som har både omgrepa og geografien på plass før ho uttalar seg.

Hadde det kome inn slike spørsmål om eg hadde hatt ein spørjerunde?

Påsken. Eller... påska? (+Yoshi-bilete)

Kjønnskvotering, igjen?
Eg har alltid snakka om "påskeferien", sia eg aldri har feira påske, det har berre vore ein slags vårferie for meg. Men i år har eg for første gong tenkt over at mange ikkje snakkar om påskeferien, men om påska i bestemt form. Eller påsken, som mange seier. Og er eigentleg påske eit hokjønnsord eller hankjønnsord?

Båe delar er eigentleg ganske unaturleg for meg, men eg trur eg landar på at påske er eit hokjønnsord. Påsken vert litt for fint og snobbete, medan påska nesten høyrest ut som noko rart og framand.. Eigentleg.

Generelt vert påske nytta lite i bestemt form. Ein høyrer så ofte om påskeegg, påskeferie, påskefjellet, påskevêr, påskemarsipan, påskeaften, påskedag, påskehare, påskelilje og påskekrim.

Jaja, slikt går no eg og tenkjer over. Kjærasten min ristar på hovudet og gruar seg til eg skal lære færøysk til hausten.

Påska sitt kjønn er forresten valfritt på båe målformer:
påske f2 el. m1 (norr fl páskar)
  1jødisk høgtid til minne om utvandringa frå Egypt
  2kristen høgtid til minne om Jesu død og oppstode påska kjem seint i år / skjemt.: verda står ikkje til p- dette var heilt uventa; dette er det verste eg har høyrt e l

Ny nynorskkunnskap
I dag lærte eg at korfor er eit lovleg alternativ til kvifor. Artig. Eg trudde "kordan" og "korfor" var uoffisielle former som mange forfattarar brukar likevel, men det gjeld visst berre "kordan". "Kordan" var for øvrig tidlegare klammeform i bokmål, men for å sitere Eva: "Alt har vore klammeform i bokmål...".

Det er jo ganske sant. Visste du at ein tidlegare kunne skrive "åffer" på bokmål? "Åffer gjorde du det?"

Tenk kor artig det hadde vore om vi fjerna bokmålsreforma av 2005. Då kunne ein jo ha skrive akkurat som ein ville!

Apropos artige klammeformer. Dette fann eg i nynorskordlista i dag:
[hokken hokka, hokke, hokken] pron (jf norr hvatki 'kva det enn er' oghvílíkr 'kva for ein')
  1kva (for ein), kven h- er det? / kven enn ta h- du vil / hokke som (el. det)er kor som er
  2konj: hokke du vil eller ikkje anten ? eller

Hohoho.

Til slutt har eg leika meg med Canon EOS 5D MkII. Ikkje mitt, men eg fekk prøve litt. Resultatet er fabulous, for å bruke ein bokmålsklammeform.









Alle bileta er tekne med auto-modus og er ikkje redigert det spøtt. Bruk gjerne bileta, men ikkje presenter dei som dine.

Generalplan Ost og naken-Fabian

Lett blanding av språklege finurlegheiter.

Ord deling i Dag Bladet !


Ost = Aust


Eg trur dette betyr "heis"
Men det er aldri godt å vite i Tyskland. Kanskje dei hadde eit drop-in-bordell i museet?

Naken-Fabian og kjole-Hansen.
Har ikkje politikarane våre flotte namn?


Ord diktat
Korleis kan læraren vente at barna skriv rett?

Legg merke til korleis "3C" er skrive på den eine boka. ^^


Er det den tida av året?

Men hugs på kva Aasen sa:

Dagens sitat i Ivar Aasen-almanakken frå Dag og tid. Åttande mars totusenogti.

Grad av usikkerheit og bruk av "i forhold til"

Spontan språkstudie på tinghuset
I dag har rettslæreklassa vore i tingretten for å sjå ei rettssak. Der er jo dørene stort sett opne og både vi og fleire andre skuleelevar og jusstudentar kunne velje fritt blant fleire titals saker å sjå på i dag. Måndager skal visst vere flotte til slikt, og i dag kom eg eit hakk nærare svaret på kvifor nokon brukar "i forhold til" så ofte.

Uttrykk som "vedrørande", "i anledning", "apropos", "i samband med", og faktisk òg småord som "til", "mot" og "på" i ekstreme situasjonar, er døme på kva folk får "i forhold til" til å bety, sjølv om "i forhold til" eigentleg betyr noko slikt som "samanlikna med". Dette er stort sett ikkje problematisk, men det kan fort bli det, det har eg fleire døme på.

Saka vi såg på hadde to tiltalte med kvar sin forsvarar, ein aktor og tre dommarar. Aktor hadde ganske dårlege prov å kome med, sjølv om ho hadde provbyrda, og eg såg at etter kvart som partane vart meir eller mindre usikre på kva dei sa og på saka, så varierte bruken av "i forhold til". Aktor var i fyrstinga flink til å bruke riktige og presise uttrykk, som "vedrørende" og "i samband med", men mot slutten var det minst tre-fire "i forhold til" i kvar einaste setning, og ingen av dei var riktig bruka. Kvifor?

Eg oppdaga ein samanheng mellom grad av usikkerheit og bruk av "i forhold til". Då forsvararane vann fram og kom med gode moment og poeng, sank bruken av "i forhold til", og då aktor til slutt var særs usikker på alt ho sa, bruka ho opptil 4-5 "i forhold til" i kvar einaste setning.

Eg laga denne grafen:

Som vi ser av den særs uvitskaplege grafen, byrjar ein med eit snitt på 0,5 "i forhold til" per setning, altså eitt "i forhold til" i annakvar setning. Men dess meir usikker talaren er, så aukar bruken av "i forhold til" drastisk, og når talaren nærmar seg 100 % usikkerheit, er vi oppe i 4 "i forhold til" i kvar einaste setning. Og det er ikkje tull, eg sat og talte då aktor til slutt mista grepet på kva ho snakka om! Då var det snakk om lovbrot "i forhold til" paragrafer og uttalingar "i forhold til" avhør og så bortetter.

Så kjem spørsmålet: Er det eg som er heilt koko, eller er det noko i dette? Samanheng eller samantreff?

Gjer PC-en din nynorsk

Unngå bokmålsveldet i PC-verda!
Er du av dei mange som tykkjer det er kjipt å ha heile PC-en på bokmål? Du kan antakeleg ha meir nynorsk på PC-en din enn du trur, Microsoft er faktisk ganske flinke til å omsetje ting til nynorsk. Sjølvsagt nokre månader etter at bokmålsversjonane av ting ligg føre, men kven er vel flinkare til å vente enn nynorksfolk...

Her har eg nokre tips til ting du kan gjere for å få PC-en din meir på nynorsk:
Installer nynorsk språkpakke. Finn operativsystemet ditt i lista og klikk, så kjem du til nedlastningssida hjå Microsoft. Følg instruksane, det er alltids lurt!
Pass på at du har rett versjon av Windows (32 bit / 64 bit) og at versjonen din er ekte. Desse oppdateringane krev validering av Windows, og om du har piratkopiert OS, kan det bety at Windows heller avinnstallerer seg sjølv.

På nettsidene til Microsoft kan du òg finne nynorskoppdateringar til Microsoft Office 2003 og 2007 og Internet Explorer.

Elles har Wikipedia ei større liste over nyttig programvare på nynorsk, til både PC, Mac og andre operativsystem. Eg er likevel nokså vonbroten, då Mac OS ikkje er mogleg å gjere nynorsk i det heile. Eg har MacBook. :C

Kvifor?
Eg tykkjer det er fantastisk å kunne ha PC og nettlesar på hovudmålet mitt. Mange bokmålsvener av meg tykkjer òg det er gøy å ha Firefox og Facebook på nynorsk, så kvifor ikkje ha heile PC-en på nynorsk? Anten det er hovudmålet ditt eller sidemålet ditt, skal eg love deg at nynorsk er eit språk alle kan trivst godt med.

Eg vil jo likevel tilrå folk å bruke Mac, sjølv om han berre finst på bokmål. Bokmål er jo ikkje det verste som finst, akkurat.. Menmen. Eg draumar om å starte ei bedrift som tilbyr å omsetje programvare, spel, filmar og bruakrgrensesnitt til nynorsk. Eg vil gjerne ha Scribblenauts på nynorsk, eg vil gjerne kunne velje nynorsk tekst på DVD-ar, eg vil gjerne ha iPhone-en min på nynorsk, eller iPod-en min på nynorsk, men det går jo ikkje. Kvifor ikkje? Teite verda...

Dagens utklipp frå blogg.no 24

Dagens norske:

agnesbjercke sin norsk novelle! COMMENT

- Jente, 17. Når ein fyrst tek ordbindinga på engelsk vis, kvifor ikkje ta tilbakemeldingane på engelsk òg?

Dagens "det er tanken som teller":
Heisann! Dette er ikke ment som reklamasjon for bloggen min. Men nå som det er kjølig i luften hadde det kanskje vært godt med litt gratis solarium? Nå kan du vinne solkort fra brun og blid på min blogg. Bli med da vel :D Ha en fin dag videre!
- Jente, ukjent alder. Det er ikkje meint som reklame, så då er det vel tanken som tel. Ho freistar eigentleg å seie til folk at dei er bleike.

Dagens gode gjerning:

GRATIS KOMMENTAR!

- Jente, ukjent alder. Kommentarar plar som kjent å koste noko. Denne jenta delte ut ein kommentar eller to til alle som kommenterte innlegget hennar. Innlegget har 93 kommentarar.

Dagens ordval:
Ris og ros taes i mot på strak arm.
- Bloggar av ukjent kjønn og alder. Å ta ting på strak arm, er å ta ting spontant eller utan å førebu seg.

Dagens naudrop:

Noen som veit ossen jeg får flere lesere på bloggen? !

Jeg sliter !!!,
på en uke har det gått fra 40-50-60 stykker til 10-20 stykker bare !
Kan noen hjelpe meg?
Hvis du veit ossen jeg kan få flere lesere på bloggen min såå,,ja takk for en liten beskrivelse !
det kan jo hende det er pga jeg har vært syk da xD mennee vil gjerne ha flere lesere forde.
- Jente, 13 år, i naud. Nokon som kan vise henne kva for knappar ho skal trykke på, kanskje.

Dagens "dagens ungdom":
Jeg tenkte jeg skulle blogge om noe som mange har forskjellige meninger om. Nemlig merketøy.
Noen syntes det er bortkastet å få en genser til 1000 kroner bare fordi det står ett merke på den, mens andre digger det.
- Jente, 13 år. Då veit vi at det kan vere bortkasta å  merkeklede, ikkje berre å kjøpe dei.

Sidan nokon har funne på at framsida av blogg.no berre skal oppdaterast kvart femte minutt, er det umogleg for meg å surfe gjennom like mange bloggar som før, same kva hensikt eg har. Menmen... No skal eg lese meir i Pixley Mapogo.

Ord om morgonen

Ord ein treng og ord som er litt artige
Det er tidleg om morgonen i hovudet mitt, og då har ein jo store tankar om det meste. Så eg tenkte eg skulle skrive djupt og reflektert om ord.

Vi byrjar med ord som tyder akkurat det same, men som har heilt ulik betydning. Ta hundredelar og prosent. Ein hundredel og ein prosent er jo akkurat det same, men du høyrer aldri om at "Lund Svindal ligg tre prosent foran amerikanaren i slalåmbakken, no" eller at "Høgre går fram fire hundredelspoeng og er no Noregs nest største parti, syner ei fersk meiningsmåling"? Nei..

Noko anna er at ordet "promille" alltid får oss til å tenkje alkohol. Det er elles så sjeldan vi brukar ordet "promille" at ein utan problem kan snakke om "promillekøyring" utan at nokon er i tvil om at det handlar om køyring i alkoholpåverka tilstand. Merkeleg, kva? Tusendelskøyring, nokon? Kor mange tusendelar har du etter ein øl og to glas vin?

Noko som er litt verre, er når folk tek eit framandord fordi det norske alternativet ikkje er godt nok, eller fordi ein vil skilje seg ut. Det er neppe difor politiet snakkar om promillekontroll og ikkje tusendelskontroll, men det er akkurat difor Stortinget legg fram proposisjonar og ikkje framlegg/forslag. Før kalla ein det lovforslag, no er det proposisjon. Ikkje lovproposisjon, berre proposisjon. Stortingsproposisjon.

Andre ordting
Veit du kva leigesoldat heiter på svensk? Ein kan seie hyrsoldat, men det er langt artigare å seie legosoldat. Eventuelt legoknekt. På svensk er leige nemleg "lego". Systera mi tenkte på kva for andre artige ord ein då måtte få. Legomördare, legobil osv.. Desse svenskane, altså.. Kanskje like greitt dei ikkje er med i NATO.

Var få legosoldatar å oppdrive her i heimen, så eg googla og fann eit bilete av ein tysk legosoldat på Thelegostarwarsblog.com. Er det ikkje fantastisk kva ein kan finne på nett?

Men no må eg visst vere min eigen hushjelp og rydde..

Dagens utklipp frå blogg.no 23

Dagens nedtur:
Blogg.no har (kanskje for å spare kapasitet) gjort slik at framsida berre vert oppdatert kvart femte minutt. Eg kan altså ikkje lenger sitje og oppdatere, skumme gjennom innlegg og oppdatere slik eg gjorde før. No hamnar særs få av innlegga på framsida, og det tek fem minutt før ein får sjå nye. Det betyr at eg ikkje kjem over like mange bloggar som før, og verst av alt at det tek lengre tid å finne gullkorn å klippe ut. Eg har no likevel funne nokon.

Dagens overskrift:

Tre kant drama?

- Jente, 17 år. Kvifor kan ikkje to hakk komedie når tre kant drama?

Dagens reklamekommentar:
Dette ER en spam kommentar OG en Reklame kommentar, MEN ikkje for min blogg!!¨ Men for www.badboi.blogg.no sin blogg :) Han har konkurranse der du kan vinne en HELT dress, det du renger å gjøre er å skrive at det var "FrkMalin" som tipset deg, og DIN grunn til å vinne en Helt dress!! ENKLERE BLIR DET IKKJE!! :)
- Jente, ukjent alder, ho er fullt klar over at både reklamekommentarar og bosspost er noko drit, men det er jo greitt så lenge ein ikkje genererer trafikk til sin eigen blogg, men til ein konkurranse på ein annan blogg, slik at ein kan hjelpe kommentatoren med å vinne eit slikt moteplagg. Eg veit ikkje kor, men det er noko som skurrar her.

Dagens merkelege:
Blogg.no har jo nyleg lansert ein funksjon slik at ein kan sjå kva for bloggar som er mest lest og sortere dei etter alder og kjønn. Sidan dei fleste bloggane eg les er av gutar mellom 18 og 24 år, tenkte eg å sjå om dei faktisk er av dei mest lasne. Men sjå kva eg fann:


Her fann eg Zolex, men sjå kven som står under han? Toroborgen? Prøv sjølv, lenkja går til Tor-Olav Borgen sin blogg på iPublish.no! Utruleg merkeleg. Eg såg i tillegg at Kim Skoglund (gamal klassekamerat av meg ^^) hadde fått ein plass langt oppe på topplista for gutar mellom 18 og 24, sjølv om han for moro skuld har skrive at han er over 80 år.

Men så har aldri blogg.no hengd særs mykje på greipp..

Dagens Dei skal alltid kyta og klaga:
Det ligger mye mer bak denne bloggen enn dere egentligt aner, jeg må ha ideer, jeg må få livet mitt til å virke innteresant for å få dere til å like det, jeg må passe på og alltid oppdatere, jeg må ta masse bilder, jeg må virkelig huske hardt for å få skrevet ned akuratt det som blir sagt.
- Jente, 15 år som fangar dei viktigaste problemstillingane kring blogging. Tenk for eit slit! Arbeide rumpa av seg for å få livet sitt til å låte interessant slik at blogglesarane kan like det. Bloggarar bør få stipend! Fyfaen, for ei utsett gruppe i samfunnet! Å bli bloggar er verkeleg sjølvproletarisering på høgt plan. La oss nominere Voe til Nobels fredspris, kva?

Dagens reklamekommentar 2, :
Kjempe fin blogg !

Kommende tilbake ? :D. Www.tomattamot.blogg.no

JEG KOMMENTERER ALLTID TILBAKE <3
- Jente, ukjent alder. No har eg snart teke med for mange av denne typen bosspost i utklippspostane mine, men det kan eg lett forklare med at det er for mange av dei. Dei er overveldande og dominerande.

Dagens reflekterte kommentar:
Jeg er helt enig, jeg mener, hvilken jente vil ikke ha en gay venn ? Homser er både gutt og jente i en, de vet hva gutter liker, og de kan slikt som jenter kan - jentegreier -.
- Jente, 14 år, som fyrst er heild samd i at fordommar mot homofile er ein uting, for så å vere ekstremt fordomsfull i neste setning. Kvifor ikkje?

Når svensk tek over

Alternativ til engelsk?
Dei siste åra har svensk arbeidsinnvandring gått kraftig utover hovudstaden. Snart er det berre svenskar som sel oss klede, klippar håret vårt, serverer oss kaffi eller kva det skal vere. Svenskar har teke over store delar av sørvisyrka i Oslo, og det er eigentleg ikkje meg imot.

Det var fyrst Carlings og andre svenske butikkar. Plutseleg var alle butikkskilt på halv-svensk, alle ekspeditøraen snakka plutseleg svensk. "Tjenäre! Passade byksorna?". "Hej, läget?". Søtt og flott, så klart. ^^

Om svensk i marknadsføring i Oslo er eit alternativ til det engelske inntoget, så er eg i utgangspunktet positiv. No i det siste har eg sett stadig fleire og fleire reklameskilt og plakatar som ikkje er på bokmål. Dei fleste er anten på engelsk, svensk eller nynorsk.

Det fine med svensk, er at det er eit utruleg kjekt og hyggeleg språk i forhold til bokmål og engelsk. Sjå berre korleis svenske nabovarsel ser ut:


Dersom svensk er kuren mot overdriven bruk av engelsk i hovudstaden, seier eg gjerne "Tack, snälla!".

Kva seier du?

Heimføring av brura i snøgt laup

Gode, gamle tradisjonar
Då eg såg at bokmålsfolk ikkje veit korleis dei skal skrive "bryllup", måtte eg slå det opp i ordlista. Eg veit jo at ein skriv det b-r-y-l-l-a-u-p på nynorsk, men bokmålsfolket vert aldri samde om dei skal skrive brylupp, bryllupp eller bryllup. "Bryllup" er for øvrig det riktige (drep meg om eg greidde å skrive det feil).

Og det slo meg kva dette ordet faktisk kjem av. Eit laup er jo eit laup, men kva er bryl? Brylkrem? Nei, det må liksom kome av noko anna. Svaret sto i ordlista...
bryllaup n1 (norr brúð(h)laup, brullaup, bryllaup, kanskje eigl 'heimføring av brura i snøgt laup') fest, gjestebod ved brurevigsle feire, ha, halde b- / be inn til b-s

Barnet lærer i den skule det gjeng i

Til dei som finn eventuelle skrivefeil i innlegget og vil påstå eg kastar stein i glashus: Eg er ikkje utdanna lærar og har ikkje hengt opp dette i eit klasserom. Det er altså urimeleg å stille same krav til grammatisk perfeksjon. Så det, så. ^^ Dessutan hadde det vore få reine trammar i verda om alle skulle feia for eiga dør fyrst.

Aller fyrst, ein meklar med eit noko trist namn


Nerbråten. Nerbroten. Nedbroten. Dakar. :C

Kva skal det bli av den komande generasjon?
Er det eit aldringsteikn at eg er oppgjeven over den komande generasjon? Det er det nok, men det er kanskje sunt. Iallfall, i går var eg på korpsøving og i det høvet var eg innom eit klasserom på den lokale barneskulen. Der måtte eg berre fram med iPhone-en og fotodokumentere alt det merkelege eg såg... Det har sjølvsagt med språk å gjere.

Å/og


Greitt nok at det er ein tredjeklassing som har skrive dette, men kvifor er ikkje læraren der og rettar det opp? La gå at det er ei salig blanding av små og store bokstavar, men isen byrja å smelte, ikkje og.

La oss sjå kva læraren sjølv skriv...

Imperativ eller futurum?

Eg trur vi eigentleg er snille og hyggelege mot kvarandre, og ikkje med, men eg er ikkje heilt sikker.

Elles er det ei merkeleg blanding av setningar med imperativ og futurum. Sidan dei to siste setningane er subjektslause, burde dei vel eigentleg vere i same form som den øvste setninga, som har subjekt. Der går det klart fram at det er "vi" (altså klassa som heilskap) som skal vere snille og hyggelege mot (med) kvarandre, og i dei tre underpunkta er det òg klart at vi skal gjere ditt og datt.

Derimot er det andre punktet litt rart. Her byrjar setninga i imperativ og oppmodar nokon til å rekkje opp handa (skryt for radikalt ordval), men deretter held setninga fram i infinitiv. Nokon skal "vente på tur". Her burde båe verba stå i same tid for å gje setninga meining. Det mest logiske hadde vore å halde fram med futurum slik at det framleis er vi som skal rekkje opp handa og vente på tur. Imperativsform er dessutan litt vel autoritært.

Den siste setninga heng ikkje saman med dei to øvste. Denne setninga er òg subjektslaus, men om ho hadde svara til setningane over, burde det framleis vere vi som er subjektet. Men vi sit helst på plassen vår (aller helst "plassane våre") og ikkje plassen sin. Den fyrste delen av setninga vender seg altså til ein elev i tredjeperson som skal sitje på plassen sin. Vil det òg seie at den siste delen av setninga heller ikkje peiker attende på vi, og at det er denne ukjente eleven som vert oppmoda til å ikkje forstyrre andre? Eit alternativ er jo at alle skal sitje på plassen sin (burde vore plassene sine, men det er lov med eintalsform, trur eg. Det var iallfall vanleg og lov før).

Nei, denne lappen er ei grammatisk mølje. Slik burde lappen ha sett ut (på bokmål):
Vi skal:
- være snille og hyggelige mot hverandre.
- snakke pent, si hyggelige ting
- hjelpe hverandre
- ta med alle i leken
- rekke opp handa og vente på tur
- sitte på plassene våre
- ikke forstyrre andre


Det læraren vil fram til er jo ei slik liste. Langt meir oversynleg!

Leseteknikk i klasse 3C:



Sær setningsbygging... Elles er det flott at ungane lærer å bruke auga når dei les. Lett å gå seg vill i alle alternativa, altså.
(Kritiske lesarar gjer meg merksam på at ein òg kan nytte fingeren til å lese, då sjølvsagt med blindeskrift som er utheva. Dette var eg sjølvsagt klar over og meinte på ingen måte å gjere narr av blinde, svaksynte eller andre som av andre grunnar les blindeskrift. Men sjå det i samanheng med at lappen er laminert og heng på veggen. Det går ikkje an å lese den lappen på andre måtar enn med auga.)

Eg kan godt forstå at ungane vel å lukke auga når dei har slike gardiner i klasserommet.



Til sist fann eg ein merkeleg definisjon av dikt..


Skal vi tru denne lappen
er det du les no
eit dikt sidan lengda på linjene
ikkje er avhengig av
storleiken på papiret.

Eg fann eit passande ord av Aasen: Barnet lærer i den skule det gjeng i. Diverre.

Dagens utklipp frå blogg.no 22

Dagens bloggshout:

GIDDER IKKE Å BLOGGE NOE I DAG

- Jente, 13 år. Ho gidd ikkje å blogge, så ho skriv eit innlegg om det og brukar 15 kr på å få det på framsida av blogg.no. Heia samfunnet.

Dagens reklamekommentar:
Heey! Kjempekul blogg :D Synes du kakao er HOT, eller kanskje NOT? Kommenter mitt siste innlegg, hvis du vil :)
- Jente, ukjent alder. Nesten så eg vil gå inn på bloggen, finne innlegget og skrive at kakao utan tvil er "hot", til nauds "lunka". Hadde det vore "not", hadde det jo vore sjokolademjølk. Halloo, likzom.

Dagens særskriving:
Jeg går media og kommunikasjon's linjen utenfor Bergen.
- Gut, 16 år, med særs imponerande "ord deling's feil" etter alle reglane i boka.

Dagens norvagiserte:
nettopp kommen ut av dusjne, så nå lukter håret mitt noe annet enn hest :) nå lukter det hedensholders shampo eller hvordan det skrives :)
- Jente, 13 år. Eg måtte lese produktnamnet to gongar før eg skjønte kva ho meinte.

Dagens reflekterte:
Hva hadde du tenkt om det viste seg at læreren din fulgte bloggen din og dine klassekammeraters blogg?
(...)
Synes du det er greit, eller bør lærere respektere deres privatliv også her inne på blogg.no?
- Kvinneleg norsklærarspire, 32 år. Greitt nok at lærarar av yrkesprofesjonelle grunnar burde unngå å lese bloggane til elevane (lærarar bør ikkje vere involvert med elevane på fritida utanom i regi av skulen), men om nokon skriv noko på ein blogg på Internett, er det per definisjon ikkje privatliv. Og om det er nokon som i den situasjonen manglar respekt for privatlivet til eleven, er det eleven sjølv.

Dagens overskrift:

Dagens skoledag befant seg utendørs

- Jente, 17 år. Makan til besjeling der. Skuledagen fekk bein og gjekk ut. ^^

Dagens overskrift 2:

redd bull med cola smak

- Jente, 16 år. Det er uklart om ho skriv om ein redd okse med cola smak (det er uvisst om cola smak er god eller dårleg smak), eller om ho skriv om at ein kan redde ein okse om ein har cola smak. Jaddå.

Dagens multimerkelege:
Skal-fotsette-og-blogge-på-denne-sellom-jeg-blogger-også-på-en-anna.
Men-på-den-andre-bloggen-husker-jeg-ikke-passordet
på.-hahaxD-Må-spørre-den-første-som-logger-på-msn.
- Jente, 12 år. Her er det fleire merksnodigheiter, altså. Det minner for det fyrste litt om då mor mi bytte mobiltelefon frå Nokia til Siemens. På Nokia-telefonar trykkar ein på 0 for å få mellomrom, men på Siemens får ein eit punktum om ein trykkar på 0. Eg tenkte denne jenta kanskje hadde skrive innlegget på ein telefon og gjort denne feilen, men ho har jo mellomrom mellom setningane.

For det andre - kvifor skal den fyrste som loggar på msn kunne hjelpe henne med å hugse passordet? Hæ? o.O

Dagens eksterke utklipp
Det er ikkje berre på blogg.no folk skriv merkelege ting. Her om dagen fekk eg ein e-post frå Skeiv Ungdom Oslo og Akershus med invitasjon til å kome på såkalla kakaotreff. Det var òg med ei engelsk omsetjing, og den talar vel for seg sjølv:
Sunday 7th february is it hot chocolate meeting. We are meeting under the big screen on Oslo S(centralstation) 15:45, and than walking too the Sub Café. It is usinng be very fun to be on they meeting, and it will be even more funnier if they comming more people. Vi are always happy with new faces. This sunday will Lars Kristian from the boarder meet you.
Ikkje så mykje anna å seie om dette at det var på sin plass at det seinare vart lagt ut ein retta versjon, etter at fleire hadde reagert.

Dialektslære og tørrvittigheit

Tørrvittigheita sitt Mekka
Vi kjenner jo alle orda hovudmål og sidemål, men det er ikkje ofte ein omtaler språk som "mål" no lenger, her i landet. I tillegg til målformene, har vi målføre. Dialektar, altså. Å kalle språk for mål er litt uvand, men det legg jo opp til uendelege, tørrvittige vitsar og gåtar.

(Fyrst: Ei målprøve er ei prøve av eit målføre, altså eit utdrag av nokon som snakkar dialekt! I norsktimane får vi utdelt målprøver og skal finne ut kor dialekta er frå).

Her er nokre tørrvittigheiter eg har kome opp med dei siste dagane:

Målvitsar
- Har du høyrt om dialektsbrukaren som var heilt på målstreken?
- Har du høyrt om dialekta som var heilt bak mål?
- Har du høyrt om austlendingen som normerte dialekta si så mykje at han vart mållaus?

Måluttrykk
Å kome i mål med målprøva = å finne ut kor dialekta er frå.

Målgåter
Her er nokre tørre målgåter til dykk!

Kor lang tid brukar ei dialekt på å forandre seg?
Eit måltid.
Kva kallar du ein dum dialektsbrukar?
Ein målbo.
Kva kallar du ein trost som snakkar dialekt?
Ein måltrost.
Kva kjem du i når du trener dialekta di?
I god målform.


Åherregud.
Nok.
Kjem du på meir?
Noko på baklengsmål? Målmann? Måldø?

Dagens utklipp frå blogg.no 21

Fyrst vil eg takke alle gratulantar som ofra meg ei setning eller tusen i høve bursdagen min i går. Det var hyggeleg og kjekt! :D Og så vil eg seie at eigentleg hadde teikne at nytt og kjempesøtt toppbilete, men så bestemte programmet seg for å berre avslutte før eg fekk lagra noko av det. Kjipern.

Eg har òg nokre idear til nyskapning på bloggen. De må gjerne kome med synspunkt:
- Spørjespalte om språk. Sjølv om eg er uutdanna og ganske ny i nynorsken, er det fleire som spør meg om kva eg tykkjer om det eine og det andre, anten det er forholdet mellom a- og e-mål, om eg vel y eller ø osv.. Sjølv om eg ikkje har kompetente svar å kome med, vil eg jo gjerne dele mine synspunkt i slike spørsmål! Så om eg laga ein knapp i menyen til venstre der som gjekk til ei slik spørjespalte, kunne jo kven som helst spørje meg om kva som helst som har med språk (i hovudsak nynorsk) å gjere, og så kunne eg ha svara i det vide og breie og alle kunne vere nøgde? :D
- Teikneserie. Eg har så lyst til å lage ein eigen teikneserie. Det må vere med Yoshi-barna, så klart, og det må vere på nynorsk, men eg er heilt tom for idear til innhald, eg har berre idear om ramma. :C
- Bloggroman. Det er så lenge sidan eg har skrive noko skjønnlitterært. Kva om eg byrjar på ei historie, og så kan de hjelpe meg med vegen vidare? Eg har lese artige bloggromanar før. Det kan fort bli ganske spesielt, då.

No kjem nokre utklipp frå i dag.

Dagens gjevaste toppliste:
kjempe fin blogg, du skriver bra :-D

VIL DU VÆRE PÅ TOPPLISTA MI?

BARE KOMMENTER PÅ INNLEGGET DER TOPPLISTA ER OG DU ER MED :-)
- Jente, ukjent alder, som har ei første-mann-til-mølla-toppliste.

Dagens interessante bloggsamfunnsutvikling:
Jeg skal ikke være skikkelig bitchy nå, men det er utrolig kjedelig å gjøre jobb, å ikke få noe igjen for det. JEg snakker om denne bloggen. Jeg mener, jeg blogger ofte, kommenterer hos alle vennene mine på blogg.no og fler. Er det ikke normal høflighet å få kommentarer tilbake? Eller er jeg den eneste som tenker sånn?
- Jente, 16 år. Ho etterlyser at folk kommenterer hennar innlegg. Merk korleis ho skildrar det å lese og kommentere andre bloggar som "jobb", som ho meiner ho burde få noko attende for. Ikkje berre er kommentarar vorte ein valuta, det er no òg snakk om høflegheit. Eg trur eg snart kan setje saman ei eiga liste over bloggfolkeskikk...

Dagens hæ?:
Alle mennesker har ting de sliter med. Veldig mange vil si de sliter med matte, noen påstår de er elendige til å tegne, og de færreste vil inrømme at de kan synge.
- Jente, 17 år. Det finst altså folk som slit med god sangrøyst og ikkje tør innrømme det. Stakkars folk. :C

Dagens grunn til å vere vonbroten:
Jeg fikk -5 på nynorsk prøven jeg hadde i går. Jeg er litt skuffet.
- Jente, 15 år, som knuste skalaen og fekk minuskarakter. Ein god grunn til å vere litt meir enn vonbroten. (Om ho les dette, veit ho vonleg ikkje kva "vonbroten" betyr).

Dagens velbegrunna religionskritikk:
I bibelen står det jo at Gud skapte de første menneskene Adam og Eva. Hvordan har det seg at vi har så mange hudfarger da? Adam og Eva skal jo i følge bibelen være hvite, men hvorfor i helvete fins det negere da?
- Jente, ukjent alder. At ho vil fram til at bibelen ikkje fortel den fulle og heile sannheit er greitt nok, men at Adam og Eva var kvite, er noko vestlege kunstnarar har funne på. Hudfargen deira er ikkje nemnt med eitt ord i bibelen.

Dagens overskrift:

Grete Roede kurs for 13-17 åringen.

- Jente, 22 år, som skriv om eit Grete Roede-kurs for 13-17-åringen. For dei som ikkje har møtt han, er han ganske hyggeleg, men litt ubestemmeleg alder.

Korleis trendifisere bygde-Noreg?

Noreg - meir enn berre by
Eg tykkjer nyhendebiletet i Noreg er altfor byfokusert, og det er skremmande vanleg at Oslo-folk trur folk flest i Noreg bur i by og at det "semi-storbylivet" vi lever i Oslo er den norske normalen. Det er heilt utruleg! Tru meg - folk i Oslo måpar og gispar når dei ser bilete frå småbygder og småbyar rundt om i landet. "Herregud, har de ikke t-bane?!"

Så eg vil gjerne slå eit slag for bygde-Noreg. Det er der vi har tradisjonar og kultur verd å ta vare på. Kva har bylivet gjeve norsk kulturhistorie? Narkolanging, gjengkriminalitet og prostitusjon? Pfft, det treng vi ikkje!

Korleis kan bygde-Noreg få høgare status?
Eg legg skulda på systera mi for å ha gjeve meg smaken på iskaffi. Capuccino-iskaffien er jo faktisk god, kald og inneheld koffein. No veit eg korleis eg skal overleve dei siste mattetimane før helga på fredag! Men så slo det meg at dette må vere mogleg å kombinere, på noko parodisk vis, med gamle bygdetradisjonar frå der eg har mine røter, nemleg Trøndelag! Her er mitt forslag til korleis vi kan ta bygde-norske (er det eit ord?) tradisjonar inn i moderne og trendy miljø i byen.

Karsk er kaffi med sprit i. Kvifor ikkje iskarsk?


Illustrasjon: Meg.

Ikkje ta det for seriøst
Eg meiner ikkje dette, altså. Eg meiner bygde-Noreg har for dårleg rykte, men iskarsk er neppe måten å gjere det betre på. Men det hadde jo vore artig, då. ^^

Nynorsk gjev veka meining

Påstanden står
Min påstand om at nynorsk er det beste valet av dei to målformene i Noreg, står framleis. Nynorsk er meir konsekvent, enklare, meir presist og gjev langt meir meining. I dag skal eg ta eit trivielt og enkelt døme, som går på kva vekedagane heiter. Ein kan kalle det irrelevant, men det får vere ei subjektiv vurdering. Eg er oppteken av dei små tinga i livet, medan andre sjølvsagt kan tenkje og meine at språk er mindre viktig og at å bry seg om språk er å kaste vekk ressursar. Men som sagt meiner eg at språk er viktig og at nynorsk er det beste og riktigaste valet for alle nordmenn, same kor i landet dei bur og kva dialekt dei snakkar.

Men det var ikkje dette innlegget skulle handle om! Her kjem eit oversyn over namnet på dagane i veka og korleis dei gjev meir meining på nynorsk enn på bokmål.

Generelt om vekedagar
Dagane i Noreg har stort set namn etter himmellegeme eller norrøne gudar. Unntaket er laurdag.

Måndag/mandag
Den fyrste dagen i veka er på mange europeisk språk kalla opp etter månen. På fransk heiter måndag lundi, og i Spania seier dei lunes, båe etter luna, men på norsk er det måndag. Logisk nok. På engelsk monday, framleis etter the moon. Og på bokmål? Mandag. Kvifor skal dei gjere å-en om til ein a? Ingen grunn.. Så lenge ein kallar månen for måne med å, så gjev det meining å skrive måndag og ikkje mandag.





Tysdag/tirsdag
Andre europeiske land har kalla den andre dagen i veka opp etter planeten Mars, men i Noreg har dagen fått namn etter guden Ty. Kvifor skal dagen då heite noko anna enn tysdag? På bokmål skriv dei tirsdag, slik dei gjer i Danmark. I Danmark enda dei opp med "tirs" på ein eller annan komplisert måte. Men guden heitte Ty på norsk, og då er tysdag logisk. ^^

Onsdag, torsdag og fredag har alle same namn på båe målformer, så her er det ingen logiske glippar hjå bokmålsfolket.

Laurdag/lørdag
Den sjette dagen i veka har lenge vore vaskedagen og har hett det sidan norrøn tid. Laugardagr var det norrøne namnet, og laurdag heiter det framleis på nynorsk. Men i tråd med resten av diftongfobien på bokmål, skal det berre heite lørdag der. Det er vanleg at au-diftongen vert til ø, men eg ser ikkje poenget. Døme er haust, aust og graut som vert til høst, øst og grøt. Aust og graut er lovlege former på bokmål, haust var det fram til 2005. Det var òg raud.

Sundag/søndag
Den siste dagen i veka er kalla opp etter sola. På engelsk heiter dagen sunday, på nynorsk sundag, men på bokmål søndag. ("Søndag" er òg lov på nynorsk, men eg tykkjer sundag er langt betre). På norrønt heitte sundag sunnudagr, så sundag er den mest nærliggjande forma. Søndag er berre rart.

Sånn!
Merk at språk er levande og forandrar seg og at ord gjerne forandrar vokalar og konsonantar over tid. Eg har ikkje noko imot det, men eg tykkjer det er merkeleg å til dømes ikkje kalle månedagen for måndag eller Ty sin dag for tysdag. Det historiske argumentet med at nynorsk ligg nærare norrønt enn bokmål (som er ein avart av dansk, som er langt meir påverka av tysk og engelsk enn norsk nokon gong vart), er for dei fleste gått ut på dato, men for meg gjev det meining. Det er så klart mi meining og mi oppfatning eg delar her, og dette er mi subjektive vurdering av stoda, dette er på ingen måte ein fasit.

Sånn, då har eg gått mi subjektive vurdering av vekedagane! =D

Muffinsformer som fyller seg opp og steikjer seg sjølve

Hei, du grøne sopp

Du var artig. ^^


Hei, de fine Yoshi-barn i mørkret

Har de det bra der de rullar omkring?


Rosa-Yoshi har ein ven

Han er av tre, men ikkje sei det høgt. Han har sløyfe.




Verdsrekord i -inging

Ing. Ing. Ing. Ing. Ing. Ing. Privatflytting og utrydding var av dei interessante ordvala..


Kven er no "LTG"?



Passiv gjev sjelden meining

Det er klart at det er kokken som skal blande og røre, men muffinsformene fyller seg opp sjølv! "Formene fylles ca. 3/4 fulle". Dei steikjer seg sjølve òg! "Små muffinsformer stekes i ca. 12 minutter". Fantastisk. Når eg følgjer instruksjonen her, ser eg at eg vert instruert til å setje omnen på 200 grader, blande, røre, blande og ha røra oppi former. Då står instruksjonen i imperativ, og det er klart at lesaren er den som skal gjere det. Men kven skal gjere det når setninga står i passiv? "Formene fylles" - javel? Kven fyller opp dei?


Eg unngår å bruke passiv så langt det let seg gjere. Bruk av passiv skapar ein ugrei avstand til lesaren og er i overkant autoritært. Eg hatar passiv. Derfor er det så fint at s-passiv er eit bokmålsfenomen. :3 På nynorsk er det lite bruk av passiv, og det er flott. Nynorsk er eit meir presist og godt språk enn bokmål. Legg om i dag, det er mitt råd! Men no skal eg leggje meg, det er nok ikkje dumt.

Gjestinnlegg: Dagens utklipp

I dag er det Pormodr som har stått for utklippa. Eg har ikkje laga ein utklippspost på kjempelenge, og det er jo litt kjipt. Så no har Pormodr gjort det. Eg får ikkje til å skrive den t-en i namnet hans, men.. Du skjøner. Og eg kan jo leggje til at eg har bruka redaksjonell sensur på eit utklipp eg fann for drygt. Elles kan ein rette all ros til Pormodr.

Jente (15) som synes Heidi<3 er finast no og før.

 

Jeg har lært mye og forandret meg. Skjønner også at et outfit ikke bare handler om å ta på noe klær, men faktisk hva du tar på. Det er kanskje derfor jeg ikke poste outfit innlegg hver dag også. (...) Det er ikke så spennende og se at du har på deg joggedress annenhverdag.

Jente (15) i utvikling, som berre kan sjåast i joggedress engangiblant.

 

Jeg vet en blogg blir mye finere når man har mange fine bilder.
Men jeg har ikke ett bra kamera og da blir ikke det ikke bra bilder :(

Jente (14) som tar bra bilder med sine to kameraer!

 

Jeg fant ut att Resturang Og Matfag ikke var noe for meg, siden egentlig intereserer det meg ikke sånn veldig.

Jente (14). Kva med Boomerang-linja?

 

Jeg syns alt for mange unge jenter tar for eksemper silikon i både pupper og lepper. Så klart forstår jeg det hvis de har veldig små pupper/lepper, eller bare vil løfte litt opp på det, men når de begynner å gå så langt som å få 2 kilo med lepper og 10 kilo med pupper begynner det å bli litt ille.

Jente (18) som er forståelsesfull for dei som brukar puppane som stativ.

 


Alt i alt får denne karakter: 2/3 (altså to til tre)

Her kommer bilde av neglene uten lakk. Skal kanskje lakkere de senere i dag, så da kommer det bilde med lakk på.

Jente (19). Må rekne med litt gris når ein bloggar om lakk! I alle fall på skjermen hennar! Lakken fekk forresten karakter 2/3 av 100.


Jeg er redd for bacon. Når jeg kjenner bacon-lukten så må jeg dekke for nesa for jeg tror at lukten setter seg inni meg hvis jeg puster den inn xP

Kvinne (27). (-_-)

 

Alt dette skjer rett før unionsoppløsningen (derfor krigen btw). Jeg har sett spelet to ganger nå, og er mektig inponert av både rekvisitter (ute!), sang og drama. For å si det sånn, omtrent alle satt og stridgråt rundt meg (rørende)!

Jente (16?) som sat blant eit presist gretande publikum!

 

Jente (14).

Og her er det med ein illustrasjon:

Det var litt av eit gjesteinnlegg, ja! Utruleg kjekt å få slikt tilsendt på e-post, altså. ^^ Om nokon andre kjenner seg kalla til å skrive til meg, har eg e-postadressa "kvitrar@gmail.com". Elles er det ein lesar som har greidd å spore opp kor eg bur, så eg fekk eit hyggeleg brev i postkassa i dag. Det var uventa, men utruleg hyggeleg. Eg skal sende svar så kjapt som råd. Og dette skal ikkje gå til hovudet på meg. Det skal ikkje gå til hovudet på meg. Det skal ikkje gå til hovudet på meg..

 

Ein god grunn til å skrive norsk

Angst for avløysarord?
Eit avløysarord er eit ord som skal avløyse eit framandspråkleg importord. Gode døme er datamaskin for "computer", og lydplanke for "surroundbar". Eg tykkjer engelske ord generelt passar dårleg inn i norsk grammatikk og ser særs upassande ut nynorsk. Dei har ikkje sjølvforklarande bøyningsmønster, og det er ingen reglar for det.

Ta ordet "outfit" som døme. Det er semje om at "outfit" ikkje er eit hokjønnsord, elles er det uklart om det er han- eller inkjekjønn. Fleirtalsbøyinga er eit reint anarki med eit utal ulike måtar, som "outfit'er", "outfitter", "outfit", "outfit-er" osv. Nokon vel òg å berre bruke engelsk s-fleirtal og snakke om "fleire outfits". (Eller "flere outfits", som det gjerne er.)

Av og til treng ein likevel ikkje meir avansert fornorsking av ord enn å fornorske stavemåten. Eit døme er blogg. Vi legg på ein ekstra g, og plutseleg passar ordet inn i både uttale og grammatikk. Ein blogg, bloggen, fleire bloggar, alle bloggane.

Diverre er det mange som har angst for slike avløysarord, og mange ser ikkje poenget i å lage dei eller å bruke dei. Engelsk har vorte eit sminkespråk, og mange går i fella og trur at alt vert mykje betre og tøffare på engelsk. Blogg.no nyttar til dømes fjortisjenter til å kaste bort pengar på "BloggShout", og sjølv ei gamal, slitt joggebukse frå Cubus vert kul om ho er del av ein "outfit".

Blog(g?)awards 2010
Som brukar på blogg.no kan ein ikkje unngå å få med seg nyhenda frå blogg.no-folka. Det nye no er å reklamere for "Bloggawards 2010", nesten elleve månader i førevegen. Kvifor veit eg ikkje, men eg gjettar på at dei skal tene pengar på det.

Iallfall, eg har faktisk eit poeng. Dei vel å kalle det "bloggawards". "Award" er ikkje eit ord som står i bokmålsordlista, men det ser ikkje ut til å bry dei det grann. Eg forstår eigentleg ikkje poenget med å kalle arrangementet "Bloggprisen 2010". Det passar langt betre inn i norsk uttale og grammatikk og er ikkje minst eit ordentleg ord folk kan seie utan å dumme seg ut. "Awååååååååourdszz".

Men her snublar dei. For korleis kombinerer ein eit norsk ord med eit engelsk? Kan ein gjere slikt? Må båe orda vere engelske? Eller? Nei? Kanskje? Jo? Ja? Nei? Tjah? Veitikkje? helvetefaenhjelpossdaa?

Du får nå sjå korleis det gjekk:


Sideadressa er altså bloggawards.no med to g-ar, men dei er ikkje heilt samde med seg sjølve her... Trykk på biletet for å kome til sida.

Moralen er: Skriv norsk. Gjerne nynorsk.

Nokon vil vel påstå at "bloggawards" er fleire prisar medan "bloggprisen" berre er éin, men eg kan jo opplyse om at både Komiprisen, Amandaprisen og Spellemannprisen er mange prisar i ulike kategoriar, så eg foreslår namnebyte til "Bloggprisen 2010".

Tips til deg som vil leggje om!

Lettare enn ein kan frykte!
Eg har fått førespurnad frå eit par lesarar (akkurat to, faktisk!) om å skrive nokre tips til korleis ein kan leggje om til nynorsk. Det er det klart eg kan gjere! Og no har eg ein ledig stund, så eg kan faktisk gjere det litt bra. Her gjev eg deg tre tips til korleis du kan leggje om frå bokmål til nynorsk. Merk at alt er basert på eigne erfaringar og at eg ikkje på noko vis har pedagogisk utdanning eller liknande.

Punkt 1: Ha lyst!
Det er ikkje ei smal sak å leggje om til nynorsk. Å endre målforma er enklare enn å endre målføret (målform = skriftspråk, målføre = dialekt), men det er altså snakk om å endre måten du tenkjer på når du skriv. Ikkje tenk at du skal bli vand med å skrive alle orda annleis og slikt, du burde tenkje nynorsk medan du skriv. Det nyttar ikkje å få nokon flyt i nynorsken din om du skal tenkje "gutter" kvar gong du skal skrive "gutar". For å greie å vri om nøkkelen i hovudet og endre dette, må det store kreftar til. Eg tilrår å mobilisere slike krefter i deg gjennom å byrje å elske nynorsk. Kjærleiken er sterk, og kjærleiken må kanskje til.


Du må òg vere mentalt førebudd på at nynorsk raskt vert ein langt større del av din identitet enn bokmål nokon gong har vore.

Punkt 2: Ha utstyret på plass!
Nokre ting må ein berre ha. Nynorsk ordliste må du ha (ho finn du òg på nett!), helst nyaste utgåva. Eg har tiande utgåve, men fann berre niande då eg skulle ta bilete. I tillegg er det andre, gode hjelpemiddel tilgjengeleg:
- Nøkkel til nynorsk, lite hefte med oversyn over nynorsk grammatikk (40 kr hjå Dag og tid)
- Språkrådet sitt nettkurs i nynorsk
- Nynorsksenteret sitt nettkurs i nynorsk
- "Kort administrativ ordliste" for deg som er vand med byråkratisk språk, gratis frå Språkrådet


Punkt 3.1: Bruk nynorsk - les nynorsk!
Diverre kan ein ikkje pugge seg til å leggje om språket. (Det heiter jo at det umogleg ikkje er umogleg, det tek berre litt lenger tid, så du kan sikkert bli god i nynorsk ved å berre pugge nynorsk grammatikk medan du elles les bokmål, men det vil altså ta ubehageleg lang tid). For å bli riktig flink i eit språk, må ein bruke det, altså lese og skrive. Diverre er nynorsken diskriminert, utestengd og tråkka på her i landet, så det er ikkje berre å gå i butikken og kjøpe ei avis på nynorsk, og på skulen les ein gjerne berre Garborg, Vesaas og Duun - noko som ikkje heilt treff alle ungdomar i hjartet i dag. Då eg la om til nynorsk, las eg mange bøker og andre ting på nynorsk.

Her er tips til korleis du kan lese og bruke meir nynorsk:
- Ha Facebook på nynorsk
- Be om å få skulebøkene dine på nynorsk (her er det berre å mase, du har lovfesta rett på det)
- Nynorske teikneseriar på nynorsksenteret.no (eg kan ikkje leggje dei ut her, pga. kopirettar, men det er mykje artig!) Teikneserien Raff og Brage er definitivt min favoritt.
- Nynorsk.no samlar opp artiklar om nynorsk rundt omkring, elles skriv nrk.no mange nyhende på nynorsk
- Les bloggar på nynorsk! Nynorskbloggane eg les, finn du til venstre på sida her
- Abonner på Språknytt, gratis frå Språkrådet:

- Les bøker på nynorsk. Her er eit utval gode bøker eg fann i hylla mi no:

Are Kalvø - Nød

Are Kalvø er verkeleg ein genial mann. Bøkene hans er stappfulle av humor og satire, men med Nød viser han at han òg kan skrive gode romanar. Dette er både ein satirisk roman du kan smile av og ei bok som tek opp alvorlege tema om ansvar og naudhjelp. Are Kalvø har teke seg nokre fridomar og skriv til dømes "Norge", "da" og "nød", men elles flott nynorsk.


Kjartan Fløgstad - Grand Manila



Carl Frode Tiller - Innsirkling

Denne boka har vunne masse prisar og er fantastisk bra! Nominert til Nordisk Råds Litteraturpris, og vinnar av EUs litteraturpris. Knallbra konsept. Tilrår òg dei andre to bøkene til Tiller: Skråninga og Bipersonar. Eg skreiv særemne om denne mannen.


Øyvind Vågnes - Ekko

Då eg las denne boka, gjekk det opp for meg kor bra engelsk gjer seg på nynorsk. Her har du ei passe sprø historie, passe sprø folk, New York og kjærleik i same bok. Artig-artig. ^^ Ikkje misforstå, boka er originalt skrive på nynorsk, men det er berre ikkje heile tida dei engelske replikkane står på engelsk. Av og til står dei på engelsk, men stort sett på nynorsk. Eg sjølv om eg las det på nynorsk, høyrte eg engelsk i hovudet. Noko liknande har aldri skjedd medan eg har lese bøker på bokmål. Fantastisk.

Lars Ove Seljestad - Blind

Denne boka er ikkje på ordentleg nynorsk, men på ganske fri Odda-nynorsk. Altså ei bok for vidarekomne, men fullt ut ei god bok. Inneheld eit par særs artige og koko historiske augneblink. ^^


Treng du tips til fleire gode nynorskbøker? Eg har ambisjonar om å ein gong byrje å skrive faste bokmeldingar på bloggen, kategorisere dei og lage eit oversyn slik at folk som vil leggje om til nynorsk kan finne fram til gode bøker på deira nivå. Men førebels har eg berre ambisjonane...

Punkt 3.2: Bruk nynorsk - skriv nynorsk!
Nei, det held ikkje å berre lese nynorsk, du må òg skrive nynorsk. Når du les, vil du merke at nokon skriv med kløyvd infinitiv og at det er mange verb du kan bøy som anten a-verb eller e-verb. Til dømes er "å smelte, smelter, smelte, har smelt" like riktig som "å smelte, smeltar, smelta, har smelta" og mange liknande verb.

Dette vil eg samanlikne med å velje mellom a- og en-endingar i bokmål. Slik du har måtta gjere deg komfortabel med bokmålet du skriv, anten du vel å skrive "jenta hoppa ved hytta i skauen" eller "jenten hoppet ved hytten i skogen", er det viktig å velje. Her er det fleire moglege val. Her er ei liste over dei vala eg oppfattar som mest sentrale
- Om du skal bruke klammeformer eller ikkje. Her er det to underpunkt:
----> Skal du velje bokmålsnære klammeformer der du kan? (Noen, gjøre, gikk osv.)
----> Skal du skrive gamalmodig nynorsk? (Kossen, sumar osv..)
- Om du skal bruke kløyvd infinitiv eller ikkje (vere/vera, kome/koma..)
- Om du skal skrive i-mål (ei sol, soli osv.)
- Om du skal skrive da eller då, vi eller me o.l. (Hjelp til gode døme?)
- Om du skal leggje dialekta di til grunn eller skrive slik du meiner nynorsk bør vere

Eg har vald å unngå klammeformer så mykje som mogleg, berre bruke e-infinitiv, ikkje skrive i-mål, skrive då og vi og å ikkje leggje dialekta mi til grunn. Eg føler jo same kva at dialekta mi kjem betre fram på nynorsk, sidan eg kan skrive a-endingar og a-preteritum utan å gå mot norma. Ikkje at det er mot den teoretiske norma i bokmål, men det er mot den praktiske. Du les ikkje om at nokon har "hoppa i havet" i ei avis eller ei bok, med mindre ho er skriven av Dag Solstad...

Sånn, no har eg lært deg litt av alt eg kan! Gå og legg om!

Dagens utklipp frå blogg.no 20

Dagens kreative genitiv:

Dagens' TEGNING

- Jente, 15 år.

Dagens overskrift:

Tjen penger på bloggen DIN.

- Jente, 19 år, som gjev tips til folk som ikkje vil tene pengar på andre sine bloggar.

Dagens kreative nyskapning:

krops`pleie

- Jente, 18 år som kombinerer bindestrek og apostrof (iallfall noko som liknar litt på ein apostrof) i ei nyskapande genitivsordbinding. Hurra!

Dagens overskrift 2:

vannekselige greier :P

- Jente, 11 år. Nei, det er ikkje å skrive på tastatur ho meiner.

Dagens litt merkelege:
som jeg sa i forrige innlegg elsker jeg tokio hotel.Jeg har gjort det i tre år nå:)) tokio hotel består jo av fire GUTTER ikke homser ,men vanlige hetro gutter

BLOGGES....
- Jente, 14. I dette korte innlegget nemner ho éin ting for å understreke at ho elskar Tokio Hotel, og det er at dei ikkje er homofile. Det er jo litt flott å høyre.

Dagens godt og blanda:

Fotoshoot til outfit's bilder

... og i slutten av innlegget finn vi dagens blånisse:
Skriv en kommentar og få en tilbake.
- Jente,14 år som har vore på "fotoshoot"-en til outfit sine bilete, og kommentering handlar om å gje og å få. Eller ta, kanskje.

Dagens engelske:
hey bloggen.
Jeg sitter å searcher etter hunderaser og ender opp med Chihuahua.
- Jente, 13 år. Say what?

Dagens ungdom:


Dette er ikkje frå blogg.no, men eg måtte berre ha det med på bloggen og tenkte det vart for kort å kvitre om det åleine. Det er eit punkt her som er interessant, og det er kor mange som røyker i år i forhold til kor mange som røyka i 2009. Flinke nordmenn som held nyttårsforsetta! =D

Ein festdag for moderne nynorsk!

Ærede landsmenn!
Slik kongen i nyttårstalen sin i år siterte visdomsord på nynorsk, opnar eg dette innlegget med kjennemerket til kongens nyttårstale. 2010 vil bli eit merkeår i nynorsk historie og i 2011 vil vi byrje å skrive eit nytt kapittel i nynorsken si historie. Eg gler meg som eit lite barn.

På Språkrådet sine heimesider kan ein no lese om planane for nynorsken. Det er no sette ned ei nemnd som skal arbeide med ei ny, nynorsk rettskrivingsnorm! Norma skal vere ferdig til 15. mai 2011. 17. mai 2011 kan vi altså feire tre ting: Grunnlova er 198 år, den femtende markeringa av IDAHO (Internation Day Against Homophobia) og ei ny nynorsknorm! Hurra!

Kva skal skje?
Vi veit førebels lite, men eg trekk fram nokre punkt frå pressemeldinga til Språkrådet:
  • Det skal bli slutt på klammeformer!
    I 2005 vart skiljet mellom side- og hovudformer fjerna i bokmålet, og det var ein suksess. Heldigvis ser det ikkje ut til at dette medfører at ein held på alle orda, slik som ein gjorde i bokmålet og berre laga eit saleg kaos, men at ein til dømes fjernar former som "noen", "høre", "gjøre", som ikkje høyrer heime i nynorsk. Den nye norma skal vere "stram" og "enkel". Hurra for det!
  • Den nye norma skal appellere til heile folket
    Eller "språkbrukarar over heile landet", som Språkrådet skriv. Folk som "gjev faen å skriver en slaks blanning" er altså ikkje rekna med. Då får vi berre vone at ein gjer lukke med å gjere alle norske skuleelevar til bevisste språkbrukarar innan 2011. Eg reknar meg som språkbrukar, så den nye norma skal appellere til meg. Flott. ^^
  • Det er heile tre Oslo-folk med i nemnda
    3 av 7 nemndfolk er frå Oslo, blant anna ei ung, kvinneleg NRK-journalist. Dette gjer  vonleg at det vert lettare for meg og andre målungdomar i Oslo og andre "bokmålsbyar" å promotere nynorsk som bynorsk. Stas!


Aud Søyland.
Foto // Noregs Mållag.

Åh, eg vil skrive endå meir, men det er så lite ein veit no. :C Ei av dei som skal arbeide med dette er Aud Søyland, som eg har møtt på Målungdom-konferanse. Ho er ei dyktig, dyktig dame som gjer mykje for nynorsken. Ho er nestleiar av Noregs Mållag, driv med Mållaget i Valdres og har diverse andre tillitsverv, dette kjem til å gå så utruleg, utruleg bra. I dette prosjektet skal ho vere sekretær, og det trur eg ho greier fantastisk bra.

(Grunnen til at eg tek fram nettopp Aud Søyland er at ho er den einaste på lista eg kjente til frå før.^^)

2011 vert eit merkeår!
Veit du kva tid siste nynorskreform var? Eg trudde til i dag at det var i 1981, men det var visst berre bokmål dei endra på i 1981. Det har rett nok kome nye ord og bøyingar inn i ordlista sidan siste reform, men nokon heilt ny norm har vi ikkje fått sidan 1959. Det er heilt sjukt. 2011. Åh. Eg gler meg. Eg gler meg verkeleg.

Dagens utklipp frå blogg.no 19

Dagens uforståelege:
Og ja, mange flere kjekkaser som er eldre! Men GUD så godt de holder seg!
Eller hva? Hehe, Jared er min personlige favoritt da! Fra serien; Supernatural!
Hvem syns du er kjekke av Hollywood eller normale mennesker?
- Jente, 15 år. Ho spør altså om kven du tykkjer er kjekke, både blant Hollywood-kjendisane og "normale menneske". Det er jo fint å vite at Johnny Depp ikkje er eit normalt menneske, er det ikkje? :3

Dagens gjeve gevinst:
Jeg trekker over TI stykker som skal bli anbefalt. Kanskje 20. Får folk til å trekke tall mellom alle som melder seg på, sånn at det blir rettferdig. Så, her gjelder det å melde seg på. DEN SOM SKRIVER FLEST KOMMENTARER BLIR GARANTERT EN AV DEM SOM BLIR ANBEFALT!!
- Jente, 13 år, som i rette juleånd er raus med anbefalingane! :3

Dagens overskrift:

SPØRSMÅLS RUNDE!

- Jente, 16 år, som har teke runden til Spørsmål og lagt ut på bloggen. Dakar Spørsmål. Spørsmål er for øvrig faren til Bursdags barn.

Dagens nyskapning:
Ja, da skal jeg ha Blogg VS Blogg igjen da bare på en annen måte!
For de to som blir valgt ut skal jeg nemmelig vurdere oxo!
Så kom igjen og meld dere på!
- Jente, 13 år. No kan du få pest og kolera samstundes!

Dagens overskrift 2:

Spørsmål's runde ! Spørsmål ...... ???

- Jente, 11 år. Eg tenkte det var orddeling, men her er det umogleg å forstå noko anna enn at det er herr Spørsmål sin runde det er snakk om. Og herr Spørsmål må vere ein engelskmann. Ein anna favoritt på denne bloggen var "Nyttår's aften !".

Dagens historiske:
opp til flere ganger daglig så sitter jeg å funderer på dette me dagens samfunn og livet nå kontra før!

før levde alle barn nesten i harmoni..nå er det jo bare mobbing og dritt,barn og voksne er slemmere nå enn noen sinne!
- Jente, 25 år. Noko kjeldetilvising på at barn levde i harmoni tidlegare har ho ikkje. Kaaaan det vere fordi det ikkje er eit snev av sannheit i det?

Dagens overskrift 3:

i love min katt !

- Jente, 14 år.

Dagens "det enkle er ofte det beste":
Jeg er uvenn med Cirel:(
hva skal jeg gjøre?

Jo jeg er med vilde!
Hu er kjempe grei!
- Jente, 11 år, som ikkje ser nokon grunn til å sitje og deppe.

Dagens reklamekommentar:
Heisann, vi i FUALUKTA.blogg.no vilel bare få gi deg med en kommentar fra oss med ønske om et fint år i 2010 og litt skryt av at du har en kjempekoselig blogg ! Vi startet med blogging i går og vår elendige humor om en bamse sitt navn som heter FOA sammen med masse reklamering skaffet oss en 44.plass på blogg.no og en 5.plass på aktivlista ! For å ikke mista disse plassene prøver vi nå desperat å være snille og gi ut kommentarer til andre blogger ! Med ønske om en fin dag videre - fualukta.blogg.no :)
- Fualukta.blogg.no., som er både desperate og snille. Ikkje berre tykkjer dei det er greitt og snilt å søple ned andre bloggar på den måten, dei kallar det å "gi ut kommentarer". Så det er litt som å donere pengar, liksom? Gje ein liten presang? "takk"?

Målrørsla og fråhaldsrørsla, hand i hand

Hand i hand i hundre år?
Til tross for at nordmenn ikkje akkurat er kjend for måtehald og nynorsken er det ekte norske språket, er det mange som assosierer målrørsa ("nynorskbevegelsen") med fråhaldsrørsla ("avholdsbevegelsen"). Dette kjem av at målrørsla nådde byane på same tid som alkoholismen rådde, og då slo dei fornuftige folka seg saman slik at fråhaldsfolk ofte òg var nynorskfolk (dette er sette ganske på spissen og overdrive), og sidan då har assosiasjonane vore mange.

Men det er no ein gong slik at dersom du vil få gjennomslag for noko i Noreg, er det ikkje så lurt å foreslå å forby alkohol, og det fekk jo målrørsla merke. Sjølv om alkoholismen vart eit mindre problem, vart ikkje oppslutninga kring nynorsk så stor.

Høyrer fortida til! ...eller?
Tidlegare i år vart eg invitert på "nynorskfest". Ein innflyttingsfest hjå nokon i sentralstyret til Norsk målungdom. Det var kjekt lag, og det var rett nok nokre andre fråhaldsfolk der i tillegg til meg, men alkoholen rådde, kan ein seie. Eg har faktisk dykka i arkivet til Hjartesmil for å finne noko fotodokumentasjon i innlegget ho posta dagen etter:



Foto // hjartesmil.

Sånn, og så håpar vi Mariell ikkje slår meg no.

Okei, eg skal kome til poenget. Eg var for fyrste gong innom nettsidene til Vinmonopolet her om dagen. Ein ven av meg skulle kome heim frå ferie i går, men sidan polet er stengt i dag og ikkje opent lenger enn til klokka seks i går, spurde han om eg kunne gå og handle for han, og ga meg ei lenkje til ei flaske sprudlevann på Vinmonopolet.no. Eg gjekk inn og såg, noterte meg kva det var, og så slo det meg - burde ikkje Vinmonopolet vere tilgjengeleg på nynorsk? Det er jo statleg drive, då skal det jo vere både for nynorskfolk og bokmålsfolk, skal det ikkje?

Jakta er i gong.

Kor er nynorsken?
Eg leitar og leitar for å finne ut kva som er på bokmål og kva som er på nynorsk. Her er kva eg finn:

På bokmål:
- Alle artiklane om vin-, brennevin- og ølsmaking
- Artiklane om "mat- og vinklubben"
- All "praktisk om vin", altså informasjon om lagring, innkjøpsplanlegging, temperatur, servering, glas osv.
- Ordlista med "vinbegreper"
- Alle artiklane i serien "Vinens ABC"
- Alle artiklane i "Vinklubben"
- Alle artiklar om "vinområder"
- "Båtkjøring"
- Artiklane "Hvit jul" og "Hjelp oss å stoppe langing"
- Alle presseinformasjon og alle pressemeldingane eg såg

På både bokmål og nynorsk (altså at det er fleire artiklar, nokon på bm andre på nn):
- Artiklar om kva du skal drikke til kva type mat

På nynorsk:
- "Alkohol og kroppen" (om skade osv.)
- "Allergi og medikamentar" (farlege greier)
- "Bilkøyring"
- "Born og alkohol"
- "Graviditet" (åtvaring mot å drikke alkohol under graviditet)
- "Kaloriar" (informasjon om høgt kaloriinnhald i alkoholhaldige drikkevarer)
- "Kor mye er for mye?" (eg vil påstå at det er for mykje når ein skriv "mye" på nynorsk...)
- Alle artiklar om promille
- Vinmonopolet si historie

For å oppsummere
- Nær alle artiklar som handlar om korleis ein drikk, lagrar, smakar, opnar, serverer og vurderer vin, brennevin og øl, er skrivne på bokmål. Av unnatak kan ein nemne artiklar om kva vin som står til pinnekjøtt, men det skulle jo berre mangle, då pinnekjøtt er assosiert med Vestlandet.
- Så godt som alle artiklane som handlar om alkoholskadar er på nynorsk. Einaste unntaket er artikkelen om "båtkjøring". Er det typisk bokmålsk å køyre båt i fylla? Andre unntak er artiklane om "hvit jul" og langing, kanskje fordi dei er del av andre prosjekt.
- Alt om korleis ein skal lære barn om eit sunt forhold til alkohol er på nynorsk
- Alt om kvifor vi har eit vinmonopol og kvifor det er flott og fantastisk at det ikkje er fri flyt av alkohol her i landet er på nynorsk.

For å seie det kort: Skal du lese noko på nynorsk på vinomonopolet.no, er det ikkje rart om du endar opp som fråhaldsmann. (eller -kvinne)

Kor mange er fleire enn fleire?

Fluortablettar
Av ein unemnd grunn søkte eg no litt etter informasjon om fluortablettar på nettet. Eg fann denne sida på helsedirektoratet.no om kor mange ein må ta før det er giftig. Ta det med ro, eg er ikkje suicidal og det var på ingen måte dét eg søkte etter, men eg kom no iallfall inn på sida.

Her står det altså fyrst kor stor mengde fluor ein må få i seg før det er snakk om forgiftning, deretter følgjer ei pen liste over kor mange tablettar og kor mykje tannkrem du då må ete og så kjem ein del om symptomar. Eg heng meg opp i fyrste setninga i avsnittet:
"Inntak av over flere fluortabletter vil kunne gi magesmerte, oppkast og diare pga innhold av søtningstoffer."


Kor mange tablettar er det eigentleg snakk om her? Over fleire? Kor mange er fleire? Og kor mange er fleire enn fleire?

I alt står eg att med fleire spørsmål enn eg hadde då eg gjekk inn på sida!! >:C

Dagens utklipp frå blogg.no 18

Dagens temaskifte:
Tenkte å skrive min mening om abort, men siden det er jul tenkte jeg at jeg skrive om JUL.
- Jente, 17 år. Neste setning handlar passande nok om jesu fødsel. ^^

Dagens overskrift:

god jul til mine alle blogg lesere

- Jente, 13 år. Hm. Jaja.

Dagens supermann:
Sorry for lite blogging, Jeg har jo sovet hos frida og det var ikke nåkka nett på datan. Og vist jeg ville blogge hadde det gådd 100 år, den er så treig!
- Jente, 11 år. Dataen hadde ikkje nett, men ho skulle nok ha greidd å blogge likevel? Eg må berre minne om kva som faktisk står i avtalevilkåra på blogg.no:
For å benytte TJENESTEN må du ha tilgang til Internett.
Så det, så...

Dagens kross på halsen:
gutter leker med kjærlighet for å få sex, mens jenter leker med sex for å få kjærlighet...




det er helt sant faktisk!...
- Jente, 16 år. Heilt sant er det vel ikkje...

Dagens reklamekommentar:
Heisann. Jeg vet, det er kjempe teit jeg går ut og reklamerer for bloggen min men jeg trenger fler lesere, synes det er gøy og få comebacks på det jeg skriver. Om du er enig eller ikke, let me know. Jeg har en gøy og morsom blogg, handler om litt av hvert. Så vist du kjeder deg eller noe så ta en titt innom ? Jeg setter alltid pris på nye lesere :) - Og legg meg gjerne til på bloglovin vist dere har det, det ville jeg blitt kjempe glad for.
- Jente, ukjent alder (eg gadd ikkje gå inn på bloggen for å sjå), som må ha det, berre må ha det.

Dagens overskrift 2:

Is it anybody her?

- Jente, ukjent alder. Engelske overksrifter er ein pest som kan ramme alle, i hovudsak folk som ikkje kan engelsk.

Dagens engelsk:
I had a wonderful christmas with Sonja, Gunnar and Marie. On the 24th they picked me up and we went to "den norske skjømanns kirken".
- Jente, 18, som tek ein ny vri med god engelsk og dårleg norsk.

Dagens nyttårsforsett:
MÅL FOR ÅRET 2010 :
¤ få mer enn 10 kommentarer
¤ skriv lengere innlegg
¤ si meningene dine, hele tiden.
- Jente, 12 år, med ambisiøse nyttårsforsett.

Dagens besjeling:
Btw. Jeg har en oppegående spørrerunde til høyre i min meny, så sleng gjerne igjen spørsmål der og.
- Jente, 18 år. Spørrerunden er kva...? Kanskje eg skal ha ein oppegåande spørjerunde neste gong, istadenfor ein omvendt spørjekrans?

Gjer som Statens vegvesen!

Slå eit slag for effektiviteten
Eit av argumenta mot å ha to målformer er at alt til ei kvar tid må vere tilgjengeleg på båe formene og at det, diverre, er litt stress av og til. Heldigvis er det ikkje slik med til dømes lovverket (der vert lova skrive på den målforma som passar han eller ho som leiar lovførearbeidet, eller noko slikt, eg veit ikkje, men i lovverket er det jo alt frå gammaldansk til nynorsk til landsmål, og både konservativ og radikal bokmål). Alle skulebøker må kome på begge målformer osv.. Ikkje at dei gjer det heile tida, men dei skal.

Slik er det jo òg at alt ofte må ha to namn. Arbeidarpartiet heiter Arbeiderpartiet på bokmål, Framstegspartiet heiter Fremskrittspartiet på bokmål, Raudt heiter Rødt på bokmål. Alt må ha to namn, og det er jo litt upraktisk. Men kvifor gjer ikkje fleire som statens vegvesen?

Logo // Statens vegvesen.
Samnorsk?
Sidan ein faktisk kan skrive "veg" både på bokmål og nynorsk, heiter Statens vegvesen "Statens vegvesen" - korrekt på båe målformer! Kvifor heite både "Statens vegvesen" og "Statens veivesen" når ein kan heite Statens vegvesen? Ingen god grunn! Så her er framlegg til andre namneendringar:

  1. Partiet Høgre kan heite Høgre på båe målformer!
    Dette har førebels ikkje slått an hjå UH-arane eg har lagt det fram for..
  2. Tine kan lage berre TineMjølk!
    "Melk" er berre bokmål, mjølk er både nynorsk og bokmål. Kvifor har ein då både melk og mjølk? :s
  3. Regjeringa bør kalle seg regjeringa heile tida!
    Det er berre på bokmål ein kan skrive regjeringen. Men regjeringa er jo for heile folket?
  4. Kjem ikkje på fleire framlegg akkurat no, gjer du? :D
I tillegg kunne partiet Raudt fram til 2005 fint hatt same namn på båe målformer, men no er "raud" teke ut av bokmålsordlista (...bitches).

Eit slag for nynorsken
Det flotte med å få folk til å velje samnorske former er at ein alltid vil ende opp med former dei fleste vil tenkje på som nynorske. Og det er jo flott. ^^ Om ein skal kommunisere med heile folket, bør ein i så høg grad som mogleg velje former som går an i båe målformer. Når ein skriv ein personleg tekst, bør ein velje dei formene ein trivst best med, men det er noko anna.

Google-undersøking om skilnaden på bokmåls- og nynorskfolk

Artig syssel
Dette gjekk så bra sist gong, så eg undersøkjer meir om kva bokmålsfolk og nynorsfolk søkjer etter og finn på Google. Så. La oss no fyrst sjå på kva bokmålsfolk ikkje vil ha kor. Vi søkjer etter "ikke i".
bilde 25

Javel, ikkje noko artig eller spennande der. Men la oss sjå kva nynorskfolket ikkje vil ha kor. Vi søkjer etter "ikkje i".

bilde 26

... Jaha? Dette var artig. Ikkje i rumpa, altså. Jaja. (Det viste seg at dette var eit dikt, så det er ikkje så kjemperart. Men artig.)

Førre gong skreiv eg om kva ein fekk då ein skreiv "hvorfor" og "korleis". Det eg gløymde var at ein på bokmål òg kan skrive "åssen". (På nynorsk har vi tilsvarande "koss eller hossen", men det er klammeform, trur eg.) Så vi søkjer etter "åssen".
bilde 27

... Og her var resultata verkeleg ute i natta. Altså. Ja. Analyser i veg, eg skal ikkje seie så mykje! Men 239 000 resultat på "åssen fingrer man"? Lykke til i livet, bokmålsbrukarar.

Dagens utklipp frå Blogg.no 16

Dagens lille søte:
Men det jeg egentlig skulle skrive i dette innlegget var jo om gutter! Jeg synes at noen gutter er helt teite, de kan finne på så mye dumt, og være utrolig korttenkte. Slik som i dag. Vi skulle bake sammen med fadderungene på skolen i dag, og da satte en gjeng med gutter seg sammen på et bord. Når fadderungene kom inn gjennom døra, var det jo ikke plass til dem! Så korttenkte er jo neon av de.

Men noen er bare så greie! Man kan liksom være sammen med dem uten at det blir snakk om noe kjæresterier eller at det blir teit. De er gode venner rett og slett. Og den tingen som er så bra med gutter, er at de ikke lager så mye styr. Jenter skal alltid være lei seg, lage oppstyr eller blåse ballong. Blåse ballong er altså mitt ord for å gjøre ting større enn de egentlig er. En ballong er jo i utgangspunktet ganske liten, men når man får blåst luft i den blir den ganske så mye større.

Jo. Jeg ønsker meg flere guttevenner, og ikke slike feminine. Som oppfører seg som jenter. Gutter skal ikke blåse ballong, men de skal ta det rimelig chill. De skal ikke bruke sminke, de er best naturlige. De skal ikke oppføre seg som damer, de ER gutter. De skal oppføre seg pent, og ikke kødde med alle mulige slags regler. Dette er noe gutter gjør BARE for å tøffe seg. 
- Jente, 12 år. Det var no litt søtt, då. ^^

Dagens røyndomsoppfatning:
Hej jeg glemte å si at om torsdagen kom
Baraco obama hit til norge i oslo ! 
Å han kom å skulle skrive ned fredsprisen sin .

Jeeg er heeelt enig med at han kom hit å skrev under.
Obama skal prøve å få fred over helle verden.
Men noen gange så må jokrig føre til fred da : ( <33
- Jente, 11 år. Ikkje nok med at ho gløymte å fortelje oss at Obama har skrive ned (?!) fredsprisen, ho er òg samd i noko. eg forstår ikkje heilt kva ho eigentleg er samd i. Nokon?

Dagens toppgjevinst:
vinneren blir blogganbefalt av meg og får 5 komenterer på bloggen sin :D og vist du ikke har blogg så er det synd for deg :D<3<3
- Gut, 12 år. Eg kjenner eg berre  delta.

Dagens flotte overskrift:

Laurdag

- Jente, 16 år. Vi kjenner fenomenet med engelske overskrifter, men her er faktisk overskrifta på nynorsk. Innlegget er på bokmål og handlar ikkje om nynorsk eller noko.

Dagens "ikkje verst!":
har slutta å skriv bokmål før dæ e fake and gay.
- Gut, 15 år. Han byrja diverre ikkje å skrive nynorsk. :C

Dagens overskrift:

Fallow Your Dream

- Jente, ukjent alder. Fallow er altså noko heilt anna enn "follow". Overskrifta vart, heldigvis, seinare endra. ^^

Dagens "like imponerande kvar gong":
Hva er pointet å lære nynorsk? Det er jo nesten ingen som snakker nynorsk. Heller at de har en dialekt som er lik, enn måten det skrives på. Alt er jo helt forskjellig fra vanlig bokmål
- Jente, 15 år. Ja.. Kva er det eigentleg ho vil fram til her? At det er problematisk å lære eit skriftspråk ingen snakkar? Seier ho at det bør vere ein samanheng mellom korleis folk snakkar og korleis dei skriv? Burde ikkje då langt fleire skrive nynorsk? Eller gjeld ikkje det same når ein snakkar om bokmål? Hæ? >.<

Dagens dristige:
jo nå er det første time og jeg sitter og lissom skal gjøre engelsk..
men jeg følte for og blogge, selvom det er litt nervepirende.
- Jente, 14 år. Blogg - den nye lommelerka?

Dagens overskrift 2 (+litt innlegg):

Oi My God!

Æsj jeg har blitt mann:S
- Jente (?), 28 år. Allitd litt kjipt. "Oi".

Eg har ete sushi med trønderar

Gløym det
No går eg igjen vekk frå alle mine prinsipp om å aldri blogge om kva eg et. Eg har tidlegare blogga om ein burde ha kaviaren under eller oppå egget.

(No sit eg og ser på nyhende på TV og må berre seie at eg er imponert over den litle jenta:
Reporter: Veit du kvifor det er så mykje politi og sånn i dag?
Jenta: Eeh.. eh.. nei.
Reporter. Veit du kven som er på vitjing i Oslo i dag, då?
Jenta: Ja, Barack Obama!

Greidde ikkje kople det, nei...)


Men i dag har eg vore og ete sushi. For aller fyrste gong. Og det var utruleg godt. Eg åt med etepiinnar, noko eg helelr aldri hadde gjort før, og alt gjekk eigentleg fint. Det var kjempegodt, og dessutan eit billeg måltid. Skal eg absolutt gjenta ein gong. Det er litt påfallande at nokre trønderar (eller bønder, som ein seier her i Oslo) kom hit til byen og lærte byfolk (eg er jo sjølvsagt ein stereotyp bygut) å ete sushi. Spezz.

Eg tok ikkje nokre bilete eller noko, og eg gidd ikkje google fram eit bilete av sushi. Eg reknar liksom med at dei som les dette og har interesse av å ha eit bilete til teksten greier å lage eit hovudet. De kan heller få eit bilete av smilefjes i matteboka mi:

img1255
(Eg held fram med å skrive slik til nokon ber meg slutte-->) Foto // meg

Nytt uttrykk?
Eg høyrer nyhenda no, og eg reagerte litt på eit uttrykk bruka av Ine Marie Eriksen Søreide. "..dette helte sikkert litt kaldt vann i blodet på..". Dette har eg aldri høyrt før, har du? Kva tyder det? Vatn i blodet er ganske farleg, er det ikkje? Men ho bruka det ikkje om drap, akkurat.. Hm... Rart.

Jaja. Eg diggar forresten PhotoShop på iPhone. ^^
img1246

I forhold til "i forhold til"...

Språkleg irritasjon
På eit eller anna tidspunkt byrja eg å irritere meg over språkfeil. I byrjinga var det berre slike dustefeil som at folk rota med då og når, at dei skreiv "dems", at dei delte ord osv., men eg måtte til slutt gje opp å irritere meg over slikt kvar gong. Det vart reint for mykje for meg, dessutan er det jo ikkje så viktig med slike småord i det store og heile.

No har eg igjen byrja å irritere meg grenselaust over språkfeil, men denne gongen over at folk skriv feil når dei freistar å gjere språket finare. Det er jo eigentleg fornuftig å irritere seg over slikt, for det går jo til slutt ut over måten eg skriv på. Når mange nok brukar eit ord eller eit omgrep på ein eller annan måte, må det på eit punkt bli rettskrivingsnorm? Eller?

img1229
Eg har PhotoShop på mobilen. Wiih. ^^ Foto //  meg

I forhold til
Eit forhold kan vere så mangt, men formuleringa "i forhold til" skal ein bruke berre når ein samanliknar noko. Det er ofte snakk om eit storleiksforhold, til dømes at denne bloggen er liten i forhold til Hjartesmil sin. Eller at eg er tynn i forhold til Hank von Helvete, men tjukk i forhold til Knerten (difor må eg no slutte å ete ris, potetar og brød). Slik - og berre slik - skal ein bruke "i forhold til", men det er jo ikkje det folk gjer.

Døme på gal bruk av "i forhold til":
- Vi er bekymra i forhold til økninga av overfallsvoldtekter.
- Jeg har et spørsmål i forhold til Norges tilstedeværelse i Afghanistan
- Vi er bekymra i forhold til Obama-besøket.
Merk at sitata er på bokmål...

Eit forhold kan jo vere meir enn eit storleiksforhold, til dømes eit romantisk forhold mellom to personar. Så eg skjøner jo på sett og vis korleis folk tenkjer når dei brukar "i forhold til" som "i forbindelse med", men dette er gale.

Det verste med dette er jo at folk brukar "i forhold til" fordi det er ein slags mote. Denne moten spreier seg som ild i tørt gras, og eg høyrer berre "i forhold til" same kor eg vender på meg. Når nokon formulerer seg slik for å pynte på språket og gjere det vanskelegare / meir formelt / meir presist, men feiler så grådig og endar opp med å drite seg ut, då er det irritarande.

img1235
Noko anna som er irriterande er naglar i lomma. Vert fin telefon av slikt.. Foto // meg

Ikkje eineståande
Det er mange liknande døme på korleis folk pyntar på språket, men går på trynet og framstår som dumme. Språk er makt, og det mest utbredte verkemiddelet for å få folk til å framstå dumme, er å tilleggje dei språklege feil. Hadde servitøren i Fawlty Towers vore like morosam om han ikkje hadde vore så dårleg i engelsk? Skal du ha ein karakter til å verke dum, så er det berre å gje han språkfeil. Det funkar og er meir etisk forsvarleg enn å gje han fysiske funksjonshemningar.

Eg vurderer å lage eit kurs i å unngå slike tullefeil, men eg veit ikkje heilt. Folk har ein tendens til å tru at eg gjer det for å skryte, men det gjer eg ikkje. Mest av alt vil eg gjere det for å unngå at vi går mot ein ny rettskrivingsnorm kor ein kan bruke "i forhold til" som kva som helst. Hurra.

Til slutt: JA, eg har bruka "i forhold til" feil i overskrifta.

Dagens utklipp frå blogg.no 15

Dagens engelske:

C h r i s t m a s T a b l e ?

Hva heter julebord på engelsk?

Ville ha det som overskrift, bare på engelsk.
Regner med det ikke heter Christmastable, men oversetter det likevel til det.
- Jente, 19 år, som absolutt MÅ skrive engelsk, sjølv når ho ikkje kjem på ordet.

Dagens LOL:
Når man bretter ned uggs får de en sånn tykk pels "krage" på toppen som er helt forferdelig og får hele beinet til å se helt lol ut.
Og uansett om dette er den nye trenden eller noe og alle begynner å brette ned uggsene sine så kommer dere ALDRI TIL Å SE MEG MED NEDBRETTEDE UGGS!! Om så noen bretter de ned og syr de fast, så skal jeg personlig sitte å sprette opp hver eneste søm, for nedbrettede uggs er det lolleste jeg ser! Nesten enda mer lol en de som har fake uggs! OG DET ER LOL!
- Jente, 19 år. Lol.

Dagens kreative reklamekommentar:
Fin blogg ! Vill gjerne lese mer :D Bare å adde meg som venn

Hva syns du om min foresten ?
- Jente, 19 år.

Dagens slanketips:
Skal du ned i vekt? IKKE SPIS DETTE:
1. smør
2. snop ol.
3.brød
4.poteter
5.Ris 
- Jente,16 år. Alle veit at ein går ned i vekt om ein ikkje et, men.. ris, potetar og brød..?

OBS: Lesarar har kommentert at ris, potetar og brød inneheld masse karbohydratar og at det er difor ein ikkje skal ete det. Eg er derimot ganske trygg på at dei karbohydratane ein får i seg med brød, potetar og ris er sunne karbohydratar ein treng, og ikkje raske, usunne karbohydratar, slik ein finn i sjokolade og brus. Men eg er sjølvsagt open for at eg, som alle andre, kan ta feil, og om alt brødet, all risen og alle potetane eg et er det som gjer at eg er så tjukk og feit (og eg et masse ris, brød og potetar, det er ein stor del av kosthaldet mitt), skal eg filme meg sjølv medan eg et brød, potet(ar) og ris og leggje ut videoen på bloggen. ^^

Dagens "med andre ord":
Nei, det blir ingen sminkevideo. For dem som virkelig føler de MÅ se meg sminke seg, så får du komme på besøk, så kan vi drikke te sammen og spise popcorn. Nam.
- Jente, 15 år. Så det er det jenter gjer når dei skal sminke seg...

Dagens litle søte:
nå skal jeg slette bloggen!!
hvorfor skal jeg blogge,når dere ALDRI kommenterer??
jeg har hatt blogg siden sommer og vet du hva??jeg har fått 6 kommentarer helt
siden sommer på bloggen!!!!!!
det er deres feil att jeg sletter bloggen
- Jente, 11 år. Eg får ikkje dårleg samvit, merkeleg nok.

Dagens CAPSLOCK:
JEG KAN VURDERE DIN BLOGG. OG HVIS DEN ER BRA BLIR DEN ANBEFALT.
RESULTATENE BLIR LAGT UT PÅ MIN BLOGG. ALT DU MÅ GJØRE ER Å SKRIVE
EN KOMMENTAR! UNDER PÅ DETTE INNLEGGET. ER DU SNILL KAN DU LEGGE
UT ET INNLEGG OM AT DE MÅ GÅ INN PÅ MIN BLOGB OG BLI MED DE OG!

>KOMENTER DU OGSÅ<
-Jente, 14 år. Kven er egentleg "de"? Og kvifor er det snilt å få folk til å vere med? Har dette noko med lesartal å gjere...?

Dagens avsløring:
RIHANNA ER FET. HU ER KUL, HU HAR BALLER OG HU ER ET FORBILDE.
-Jente, 18 år, som kan fortelje oss at det er fleire enn Lady Gaga som har noko å skjule.

Bokmålsfolk er frå Mars og nynorskfolk...

To typar folk i Noreg
Vi har bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar. Ganske grovinndelt, men du skjøner poenget. Eg søkte litt på Google for å finne ut kva skilnaden på bokmålsfolk og nynorskfolk eigentleg er. Kva problem har dei? Kva har dei sams? Kva gjer dei på? Kva undrar dei på?

Kva manglar dei?
På Google har ein den fine funksjonen at ein kan sjå kva mange har søkt etter før deg. Ved å skrive inn "hvordan få" på Google, kjem desse framlegga opp:
bilde 21

Bokmålsbrukarane manglar altså kjæraste, fine magemusklar, langt hår, Spotify og betre sjølvtillitt, så dei søkjer etter det på Google. Dei vil i tillegg ha penare mage raskt. Kva manglar nynorskbrukarane? Vi skriv inn "korleis få":
bilde 22

... Okej. Det eg lurer på no er om nynorskbrukarar har alt det bokmålsbrukarane manglar, eller om dei har vett nok til å skjøne at dei ikkje får særs mykje hjelp på Google.

Og elles, då?
Sidan eg fekk så skuffande få framlegg til ting å søkje på då eg skreiv "korleis få", stryk eg det siste ordet og søkjer berre etter "korleis". Dette er kva eg får opp:
bilde 23

Eg elskar treff nummer to. I alle høve er dette ganske seriøse treff. korleis skrive artikkel? Korleis skrive rapport? Mest imponerande er jo det siste framlegget "korleis skrive en artikkel". La oss igjen sjå kva bokmålsbrukarane slit med:
bilde 24

Kva har dei sams? Bokmålsbrukarar treng òg hjelp til å skrive cv og ulike teksttypar, men det er overraskande mange treff på korleis ein seier opp, korleis ein vert gravid og korleis ein røyster (!). Òg her går det klart fram at bokmålsfolk vil ha pen mage.

Her har eg lyst til å poste eit bilete av magen min, men det sparer vi. Den er for øvrig av den flate typen.

Eg må gjere fleire slike, sosiologiske undersøkingar ein gong eg ikkje skal sove. ^^

Nynorsken redda helga mi

No er det fredag ettermiddag!
... og helga er i gong! Kva har dette med nynorsk og dialekt å gjere, spør du? Hælj, svarar eg.

Eg har alltid uttala helg slik: hælj, hælja, hæljer, hæljene. Men då eg byrja å gå på skule i byen, vart det normert til helg. Helllggg. Ikkje nok med det, eg byrja å seie helgen, og alt var eigentleg heilt jævleg. Dialekta mi var på god veg vekk, og stadig fleire hokjønnsord vart til hankjønnsord, hoppa måtte vike for hoppet, skarru måtte vike for skal du, og alt dette eg har syti og klaga over lenge.

Då eg la om til nynorsk vart eg straks meir bevisst på dialekt mi og det gjekk opp for meg kva som var i ferd med å skje. Språket mitt vart sakte forfina og normert. Ånei, ånei! Kva skjer då? På skulen vart det jo stadig påpeika at eg ikkje snakka særs pent, men dei eg møtte på austkanten påpeika at eg snakka så utruleg fint. Så på skulen var eg austkantgut, på austkanten var eg soss. Jaddå, fint tilhøyre der, du.

Men då eg byrja å skrive nynorsk, vart eg meir bevisst på at hokjønnsord måtte få vere hokjønnsord, og etter kvart var det lett å byrje å seie helga igjen! Særs etter at eg var på sumarleiren til målungdomen no i sumar, fekk eg (på oppmoding) god hjelp frå dei andre til å slå ned på -en-endingar og -et-endingar som hadde snike seg inn i dialekta mi.

Så ved å skrive nynorsk har eg fått hælja attende. Nynorsk redder ikkje berre dagen, men helga òg! Hurra, hurra!


Okei, ei ganske dryg teikning denne gongen. Kvitrefuglen brukar ei nynorsk ordliste til å slå -en-endinga ned i luka som går til helvete, og så kjem frelsaren -a-endinga ned frå himmelen. Eg er ikkje religiøs, altså... o.O

I helga skal eg ha det gøy, og det skal du òg, så eg forventar at lesartala som vanleg stupar i helga. :3

Korleis skrive nynorsknært bokmål

Det finst ikkje mange som arbeider for å radikalisere bokmålet, men dei finst! Organisasjonen Landslaget for Språklig Samling (LSS - samnorsk.no) arbeider i utgangspunktet for at Noreg skal ha eitt skriftspråk og ikkje to, men dei vil òg at folk skal skrive radikal bokmål! Dette kom eg heilt tilfeldig over då eg no, etter å ha laga losen, søkte etter kjelder og stader kor ein kunne lese meir. Eg finn ut at dei har gjeve ut eit eige hefte om korleis ein kan skrive radikalt bokmål, og det er jo artig! Heftet ligg ute til gratis nedlasting på heimesidene til LSS.

Skilnaden mellom den losen og min los, er at eg ikkje tek noko standpunkt til om alle
burde skrive radikalt bokmål, eg vil berre vise folk kor stor valfridomen i bokmål eigentleg er, for mange kjenner ikkje til han, og denne losen er meint som ei motvekt til at folk skriv bokmålsnær nynorsk (som er forferdeleg), men eg har ikkje nokre klare meiningar om kva som er rett og gale her. Poenget er berre at du kan få bokmålet ditt til å sjå ut som nynorsk, og eg har laga ein los til korleis.

Korleis skrive nynorsknært bokmål

Merk at losen ikkje er fullstendig, men laga kjapt.

1. Verb
1.1 Fortid: Ikkje bruk et-preteritum eller -perfektum.
Å hoppe, hopper, hoppa, har hoppa (hoppet, har hoppet)
Å bygge, bygger, bygde, har bygd (bygget, har bygget)
1.2 Bruk diftongformar der du kan.
Mange au-diftongar vart i 2005 teke ut av bokmålet og erstatta med øy. Men dei ser òg fine ut.
Å krype - krøyp (krøp)
Å skyte - skøyt (skøt)
Å fryse - frøys (frøs)

Å bli - blei (ble)
Å skli - sklei (skled)
Å vite - veit (vet)
2. Substantiv
2.1 Hokjønnsartikkel.
La hokjønnsorda vere hokjønnsord. Bruk hokjønnsartikkelen!
Ei jente, jenta
En jente, jenten
En jente, jenta
2.2 Vel alltid hokjønnsform! Ikkje bøy i hankjønn der du kan velje hokjønn!
Ei sol, sola (en sol, sola)
Ei setning, setninga (en setning, setningen)
Ei meining, meininga (en mening, meningen)
2.3 Gjer -else om til -ing der du kan!
Innkallelse -> innkalling
Godkjennelse -> godkjenning
2.4 Unngå -else-ord, bruk synonym
Forsinkelse -> opphold
Godtgjørelse -> vederlag/erstatning
Beskrivelse -> skildring

2.5 Bruk diftong der du kan! Mange ord har to formar:
Mening -> meining
Sten -> stein
2.6 Inkjekjønsord: Bruk -a-ending i best. form. fleirtal.
Et eple - alle epla (eplene)
Et kontor - alle kontora (kontorene)
Et teppe - alle teppa (teppene)

3. Enkeltord
3.1 Du kan ofte velje ein nynorsknær versjon av ordet. Gjer det! Døme:
Bru (bro), tru (tro), sjuk (syk), sju (syv)
mjølk (melk), graut (grøt), høve (anledning)
tjukk (tykk), mjuk (myk), djup (dyp), tjuv (tyv)
(3.2 Uformelle / lite bruka former)
Mange radikale bokmålsformer er ikkje å finne i nynorskordlista, men du kan likevel bruke dei for å radikalisere bokmålet.
Skau (skog), åssen (hvordan)

4. Ordstilling
4.1 Unngå passiv.
På bokmål brukar ein mykje s-passiv. Unngå det ved å skrive om setninga.
Ta med deg tinga dine når du går. (Eiendeler medbringes når garderoben forlates.)
Her blir det skrevet mye. (Her skrives det mye.)
Folk jobber på spreng. (Det jobbes på spreng.)
4.2 Genitiv
S-genitiv er lite bruka på nynorsk og er lett å unngå på bokmål.
Bloggen til Vegard / Vegard sin blogg (Vegards blogg)
Jensen sine holdninger (Jensens holdninger)
Barna til Per / Per sine barn (Pers barn)
Håret til Mathias / Mathias sitt hår (Mathias' hår)

Dagens utklipp frå blogg.no 14

Dei beste gullkorna har latt vente på seg dei siste dagane, men det er kanskje eit god teikn? Eg veit ikkje, men noko artig har eg då kome over.

Dagens
"Valutaen i blogg.no-by er lenker og kommentarer":
Hei alle sammen!
Nå skal jeg ha en vitsekonk!
Jeg trekker ut den vitsen jeg synes er best, og den vinner:
4 kommentarer + at jeg skriver link til bloggen din i et innlegg.
- Jente, 16 år. Her kan du vinne fete premiar, altså.

Dagens overskrift 1:

Spm og mine svar.. henne er dine? skriv dem vell!:P

- Jente, 11 år. Eg får litt dårleg samvit sidan ho er 11, men. Kva tyder "henne" her? "Kor hen"? "Kan hende"? Skriv dem "vell"? Som i "vel", altså "godt", eller "da vel"?

Dagens nynorskkvote:

Jeg får et nytt kamera innen en veke!

- Jente, 12 år. Heile 12,5 % nynorsk i denne overskrifta!

Dagens VS:
men nå skall jeg har min første VS så jeg vil gjerne ha komentare om hva dere liker best
 
KLÆR VS SMINKE
- Jente, 11 år. Eg trur eg går for klede. No skal eg slutte å sitere småbarn.

Dagens overskrift 2:

Look at my new jakket!

- Jente, 13 år.

Dagens "NEI! Eller jo, kanskje litt":
Det er så utrolig teit og idiotisk å dømme folk etter utseendet! Alle er jo pene på sin egen måte.
Hvis du for eksempel blir kjent med en person som er kjempesnill, men ikke akkurat det peneste du har sett, så gidder du ikke være med han/hun bare pågrunn av utseendet! Men hvis du for eksempel skal få deg kjæreste og gifte deg så syntes jeg at den personen burde være litt pen, du skal jo tross alt våkne med han/hun ved siden av deg resten av livet.
- Jente, ukjent alder. Kort oppsummert: Det er ikkje greitt å unngå å henge med folk fordi dei ikkje er pene nok, med mindre det er snakk om ekteskap, for i lengda kan det vere brysamt å henge med folk som ikkje er pene. ...åh.

Dagens reklamekommentar:
hva synest du om sangen en stjerne skinner i natt?

svar på min blogg :-) www.benediktew.blogg.no
- Jente, ukjent alder (eg gjekk ikkje inn på bloggen), som verkeleg tok kaka. Eg tykkjer for øvrig den songen er grusam.

Dagens smør på flesk:

Idag er begynnelsen på en ny start

- Jente, 16 år.

Dagens kvardagsproblematikk:
Dette spørsmålet stilte jeg meg i dag tidlig da jeg skulle kaste søpla mi i en søppelkasse som ikke var der. Hvordan i all verden skal man få kastet søpla, når det ikke finnes en søppelkasse i nærheten? Er det rart det er søppel på bakken? Nei, det er faktisk ikke det.
- Jente, ukjent alder. Det er merkeleg, det der. Søplet går jo rett i bakken om ikkje søppelkassa er der for å ta imot.

OBS! Faktafeil på bloggen! OBS!

Observante lesarar reddar dagen!
Då eg skreiv innlegget om å kjønnskvotere når ein skriv, påsto eg at det var feil å skrive "katta" - men det kan faktisk vere rett!

Eg skreiv om austkantmålet mitt og om at vi seier "ei katte - katta", men at ein på bokmål og nynorsk skriv "e(i)n katt - katten". Det er riktig å skrive "katten" og ikkje "katta" når ein skriv om "e(i)n katt", men - slik lesaren mikaoJ så godt som skreiv i klartekst - er ikkje "ei katte" berre eit dialektord, det står òg i ordboka!

Utan å ha tenkt så mykje over det sidan eg skreiv innlegget, kom eg over dette ordet i ordlista i går. Ei katte - katta. Ein har altså eitt ord for hokatter og eitt ord for hankattar! Fantastisk, det visste eg ikkje! Eg trudde hankjønnsordet gjekk på båe dyr, slik eg sjølv seier "katta" om kattar av båe kjønn. (Slik eg òg seier "geita" same kva kjønn det er på geita. Med mindre det heilt klart er ein bukk, då. Dette seier kanskje mest om kor flink eg er med dyr og slikt, eg berre seier noko og trur det er rett. :3 )

Fasit frå ordboka! (klikk på orda for å kome til ordlista)
Ein kan altså skrive:
Ei katte - katta - katter - kattene
Ein katt - katten - kattar - kattane


Hurra for hokjønnsorda og hurra for mikaoJ som kom med denne oppklarande kommentaren! At eg ikkje sjekka dette med ordlista med ein gong og skreiv dette innlegget for ein månad sidan har eg ingen god unnskulding for. :C

Eg sjekka om eg hadde nokre bilete av kattar, og det hadde eg:
p1020557
Dette biletet er frå sumarleir i Lofoten. Om det er ein katt eller ei katte er uvisst.
 (Det ser grådig proft ut med sånt!-->) Foto // privat.

Bokmålstips for bedrevitande nynorskbrukarar

Gal allmennkunnskap
Språk er makt, det er det ingen tvil om, men eg opplever stadig at folk freistar å lære meg allmennkunnskap om språk, då særskilt bokmål, som eg veit at er gale! Det eksisterer altså så mykje gal allmennkunnskap om bokmål at eg sjølv i mange år trudde at mange av bokmålsreglane var gale. Ko-ko! *banke seg i skallen*

Nynorskbrukarar er gjerne flinkare i bokmål enn bokmålsbrukarane sjølv, så sjølv om eg er kjent som "nynorskmann", er det mange som spør meg om hjelp til bokmål òg, fordi folk forventar at ein er flink nok i bokmål om ein legg om til nynorsk i Oslo. Moralen må vere at nynorskbrukarar er til god hjelp for bokmålsbrukarane, og det er jo flott! Men då er det viktig å unngå feilaktig "allmennkunnskap"!

Her har eg samla noko av det eg hadde lært at var riktig eller galt, men som viste seg å vere det motsette. (Eg har kjapt lagt inn lenkjer til truverdige kjelder på at det er rett.)

1. Mer/flere
Det er framleis nokon som påstår at ein ikkje kan skrive "mere" eller "fler", men berre "mer" og "flere". Det er ikkje rett, ein har kunna skrive "mere" og "fler" på bokmål sidan 2005. (På nynorsk er det framleis berre "meir" og "fleire".)

2. Enda/ennå
Du trudde kanskje at "enda" berre var om mengd og "ennå" berre var om tid? Vel, dette skiljet er ikkje der lenger. No kan ein nytte "enda" over alt. Altså er setninga "Vi venter enda" riktig. Men ein kan ikkje nytte desse orda om kvarandre. Der ein før berre kunne skrive "ennå", kan ein no skrive "enda", men det går ikkje andre vegen. Ennå er framleis berre om tid. Ein kan altså ikkje skrive "Det er ennå et kakestykke igjen". Kjelde: korrekturavdelinga.

3. Tyve og tredve
Det er nokre få som har freista å fortelje meg at ein kan skrive "tyve" og "tredve" på bokmål når eg (på oppmoding) har retta ein tekst for dei og skrive "tjue" og "tretti" i staden. Ein kan seie "tyve" og "tredve" så mykje ein vil, men desse orda står ikkje i bokmålsordlista. Om du søkjer dei opp i DokPro-ordlista står dei i parantes fordi dei er mykje bruka, men du kan altså ikkje bruke dei.

4. Ham/han
Nokre seier at objektsformen av han er ham. Altså at ein skal skrive "jeg møtte ham" og ikkje "jeg møtte han". Det er feil! Det er valfritt om ein skal skrive "han" eller "ham" i objektsform, og valfritt har det vore i mange, mange år! Det er ikkje gale å skrive "jeg møtte han". (Dette er òg valfritt på nynorsk, kor ein kan velje mellom "han" og "honom").

5. "En høytaler er en som prater til en høystakk"
Eg trudde lenge at ein måtte skrive "høyttaler" med to t-ar. Det må ein ikkje. På bokmål kan ein skrive "høytaler" eller "høyttaler". Eventuelt "høgtaler" om ein vil skrive nynorsknær bokmål. (På nynorsk er det derimot berre høgtalar som gjeld.)

6. Tunnel eller tunell?
Eg skriv som oftast tunnel på både bokmål og nynorsk, men det hender ofte at nokon påstår det skal vere tunell. Om eg skriv tunell, vil nokon andre påstå det skal vere tunnel. Fasit er at båe skrivemåtar er like riktige. "Tunel" eller "tunnell" er feil, så hugseregelen er at ein berre skal ha éin dobbelkonsonant.

7. "Skog, ikke skau!"
Eg skriv gjerne "skau" når eg skriv bokmål, og det er ikkje feil. Skau står i bokmålsordlista. (Men ikkje i nynorskordlista! Altså, "skau" står i nynorskordlista, men ikkje som synonym til "skog"..)

Det finst mange, mange slike ord folk påstår at ein ikkje kan bruke på bokmål, men det er altså heilt greitt å skrive til dømes mjølk, graut og bru på bokmål. Det er like riktig som melk, grøt og bro.

Og til sist eit bilete av ei and:
p1030312
Foto // privat.

Eg likte denne lista, og eg vonar du likar ho òg! Medan eg er i listemodus, kan eg jo sjekke om nokon treng ein los til å radikalisere bokmålet? For ein må jo skrive bokmål på skulen sjølv om ein har nynorsk som hovudmål (ei jente i klassa mi tykte det var ulogisk, eg er ikkje heilt samd), og då kan ein jo gjere det ein kan for å skrive mest mogleg nynorsknær bokmål. Eg har massevis av tips til korleis ein får bokmålet til å likne på nynorsk, og det er kjempeartig!

Ein kan jo spørje seg om det er riktig å gjere det når ein kritiserer andre for å skrive bokmålsnær bokmål, men eg vil i så fall svare at det går heilt fint. Det er få som veit om den enorme valfridomen ein har på bokmål, så eg vil gjerne skrive så radikalt bokmål som mogleg for at folk skal slutte å kritisere nynorsken for valfridomen. (Sjølv om eg i utgangspunktet tykkjer valfridom er ein fin ting, så lenge formene ikkje er for ulike).

No må eg springe!

Dagens utklipp frå blogg.no 13

Okei, no har det sopa seg opp ein del artige utklipp i utklippsboka mi igjen. Eg vil leggje til at eg ikkje legg ut desse klippa for å mobbe enkeltpersonar (difor er alle anonymiserte) eller for å henge ut nokon. Eg samanliknar dette med å ta bilete av eit skilt kor det står "Vi har PISSA i frysern - 50 spenn" og leggje det ut på nettet. Har ein fyrst gjeve slikt eit artig tilskot til det offentlege rom, må ein tole at nokon tykkjer det er gøy. Sjølv om bloggar er langt meir personlege enn butikkskilt, er dei likevel offentlege. Om nokon ikkje vil at kven som helst skal lese kva som helst i deira offentlege dagbok, så kunne dei ha skrive dagboka si i ei vanleg notatbok, til dømes med hengelås på, om det er så viktig å halde alt løynd. Dersom nokon kjenner igjen noko dei sjølv har skrive her, så bør dei ikkje ta det ille opp. (Og nei, eg skriv heldigvis ikkje dette fordi nokon har teke det ille opp.)

Dagens overskrift 1:

Tror dere på horskop?

- Jente, 14 år.

Dagens bloggtittel:
gal og utenadvent blogg <3
- Jente, 12 år, som hoppar over adventstida.

Dagens overskrift 2:

på tide med en norsk time!

- Jente, 16 år. Ho veit ikkje kor rett ho har.

Dagens føresetnad:

Anbefaling av blogger

Noen blogger dere bør ta turen innom etter dere har kommentert på innleggene mine som jeg har skrevet før i dag.
- Jente, 15 år. Kommentarar har vorte ein slags valuta, det er skummelt.

Dagens språkkvotering:

Stop, it's det cop!

- Jente, 13 år, som slo eit slag for norsken og kvoterte inn litt norsk i overskrifta. Yay!

Dagens engelsk:
you braked my heart whit no prblem.
- Jente, 15 år. Kvifor skrive norsk når ein kan skrive engelsk? (Eller i alle fall noko som liknar)

Dagens gårsdagens:
Nå satt jeg akkuratt og surra inne på bloggen så kom jeg frem til detta,

http://blogsoft.no/index.bd?fa=twitter.edit

Altså noe som heter Twitter som er sånn man kan logge inn så ser folk fortere når du har oppdatert bloggen din og ikke tydeligvis!

- Noen som har hørt om det?
- Koster det penger?
- Jente, 14 år.

Dagens "MOT til å seie nei?":
nå har nesten alle i klassen mast om at jeg ska få blogg, så det har jeg fått. jeg har egentlig ikke så mye å snakke om
- Gut, 13 år, som ga etter for gruppepresset. :C

Dagens engelsk 2:

What's the clock?

- Jente, 15 år. Framleis ikkje noko krav om engelskkunnskapar for å blogge på engelsk. (Det riktige er "What time is it?")

Dagens overskrift 3:

Dåps takke kort og julekortet!

- Jente, 23 år. Eit prov på at det vert vanskelegare å skrive samansette ord samansett jo fleire ord det er?

Dagens overskrift 4:

Tenner på juletreet :p

- Jente, 14 år. Liiiiiten skilnad på å tenne eit juletre og på å tenne på eit. Menmen. Eller kanskje dei skal pynte juletreet med My Milk Toof-figurane? =D *lese* nei.. julegrantenning...

Ånei, no har dei kommersialisert fred!!

Nobels fredspris
No har media (og næringsliv?) kommersialisert freden i verda. Formuleringar som at "Barack Obama vart tildelt fredsprisen", "Fredsprisen 2009 gjekk til Obama" og "Barack Obama får nobels fredspris" må no vike for formuleringar om at Barack Obama har vunne fredsprisen. Det har altså vorte ein konkurranse om å skape mest fred i verda, og Obama vann i år. Tidlegare nobelprismottakarar har vorte omdøpt til vinnarar.

Dette tykkjer eg er trist, ein bør ikkje konkurranseutsetje alt, men no er det altså offisielt: Fred er konkurranseutsett. Den som får fredsprisen vert ikkje tildelt han, han har vunne han. Men kor har ein dette frå? Kven har skulda for å konkurranseutsetje fred?

Nobelkomiteen uskyldig
Eg vitja Nobelpeaceprize.org for å sjå kva nobelkomiteen sjølv skriv. Sida finst på både engelsk og norsk, la oss fyrst sjå på den engelske. Der har dei ikkje nokon oversikt over "Prize Winners" eller noko slikt, dei har derimot oversikt over "Prize Laureates". I den norske versjonen av sida, heiter det derimot "pristakere" på framsida og "vinnere" i undermenyen. Det er altså her det har skjedd noko gale, for ein bør ikkje omsetje laureate med vinnar!

For dei som ikkje er så stø i engelsk (neidå, eg måtte slå det opp sjølv), er ein laureate ein som er krona med laurbærkrans, slik keisar Cæsar til dømes bar. Diverre må noko ein gong ha trudd at ein som får ein laurbærkrans har vunne noko, men sjølv om laurbærkransar òg har vorte gjeve til vinnarar i dei olympiske leikane, er det i moderne tid ikkje bruka som premier i konkurranser, men til heider av kunstnarar og viktige personar. Ein laurbærmottakar er altså ikkje ein som vert heidra for å ha vunne ein konkurranse. Neinei. Absolutt ikkje. Dette biletet eg fann på ein engelsk blogg er passande:

Engelsken har skulda
På norsk Wikipedia kan ein lese om nobelprisvinnarar, men på den engelske er det konsekvent laureates. Det er i dei norske omsetjingane folk bytar om, så eg vel å leggje skulda på folk som tenkjer for engelsk og for lite norsk. Ein kan òg kalle dei bokmålsfolk.

Nei, no vart det usakleg. Men hugs: Ikkje konkurranseutsett fred, omtal Barack Obama som fredsprismottakar eller fredspristakar, eventuelt gjer om på setninga og sei det som det er, for han har ikkje vunne prisen!

Fin bok og dagens outfit

bilde 44
Saman er ein mindre aleine, av Anna Gavalda.

Fin bok på nynorsk
Eg hadde høyrt mange gode ord om Gavalda-bøkene før eg byrja på Saman er ein mindre aleine, og eg er alt anna enn vonbroten. Dette er ei av dei finaste bøkene eg nokon gong har lese, og då eg las slutten tidlegare i dag, rant det ei tåre nedover kinnet på meg. Så fin var ho.

I tillegg er dette eit utruleg godt prov på korleis andre språk gjer seg godt på nynorsk! Denne boka er omsett frå fransk og handlinga er for det meste i Paris. Det er berre nokre få ting i boka som står på fransk, men sjølv om all tekst og dialog står på nynorsk, har eg null problem med å tenkje meg at dei snakkar på fransk. Fransk gjer seg utruleg godt på nynorsk!

Har du lese boka Ekko av Øyvind Vågnes? Om ikkje, bør du gjere det no. Utruleg god bok kor mykje av handlinga er lagt til New York og mykje av dialogen er på engelsk. Altså - dei snakkar engelsk, men i boka står det på nynorsk, av og til med engelsk i kursiv. Det var utruleg flott å lese kor godt engelsk gjorde seg på nynorsk. Sjølv om eg las nynorsk, høyrte eg utan problem engelsk i hovudet sidan det var så utruleg godt skrive! Det same skjedde då eg las boka Bror av Ted van Lieshout - eg las nynorsk, men høyrte nederlandsk i hovudet. Noko liknande har aldri skjedd når eg har lese bøker på bokmål! Merkeleg, det der..
bilde 56
Vi køyrer kråkereirstil når vi er sjuke, og ein får gratis sjokolade på Oslo S av og til, det er òg greitt. Wiiih. Sjokolade. Nom nom.

Dagens outfit
Dei som har lese bloggen min ein stund, kan kanskje hugse "Dagens outfit"-spalta mi på den førre bloggen. Eg posta like få bilete av meg sjølv då som no og aldri for å vise fram kleda mine, med to unnatak: Ein gong eg hadde vore på MGP-fest og kledde meg i lilla frå topp til tå og då eg hadde kjøpt ei sort "I <3 YOSHI"-t-skjorte med innsving. Huhu.

Men dagens "outfit" var aldri klede, det var ein protest og ein reaksjon mot at folk skriv "outfit" i staden for antrekk eller klednad. Så eg laga ei spalte kor eg nokre gongar i veka kom med utklipp av engelskbruk i norsk eller anna språkleg toskeskap/humor/finuerlegheit. Dagens outfit må definitivt vere denne reklama eg såg på Dagbladet.no:
bilde 3

KVIFOR skal dei skrive "black te"? Black te?! Verkeleg? :S Dummaste eg har sett i dag, og definitivt dagens outfit.

No skal eg kose meg med sjokolade og bok. ^^

Dagens utklipp frå blogg.no 12

Dagens engelske overskrift:

Marry Christmas?!

- Jente, 18 år, med eit interessant giftemål.

Dagens ubeskrivelege:
Idag på gymsal måtte vi danse -.-"
det var ikke lov å danse sammen
med samme kjønn! Gymlæreren
valgte at jeg og Martin må danse
ilag! Ææsj, jeg liker ikke Martin!!
etterpå mått æ danse med isak,
han ville ikke. Han løpte til gutte-
do xD læren sa til meg: "  Isak
er borte, så må du danse med
thomas" !! æsj thomas er verre
enn Isak, Thomas lå på golvet
og sa : " blæh! æ gidd faen ikke"
- Jente, ukjent alder. Hadde det vore på Facebook, hadde eg trykka "lik dette".

Dagens overskrift:

What kjøpte Henrikke today?

- Jente, 13 år.

Dagens "Jeg har bestemt oss for å lage en blogg":
Vi lagde denne bloggen for å vise verden hvilken sterk kjærlighet som er mellom oss :D HE HE HE
Forholdet er noe utenom det vanlig, vi har holdt sammen i TYKT OG TYNT i 2 1/2 år nå og vi SKAL VÆRE SAMMEN FOR RESETN AV LIVET <3 <3 <3

Her skal vi fortelle hele verden hvordan vi har det, og vi skal være ÅPNE OM ALT. Forteller ALT til dere lesere ;) hehe
Så kanskje vi skal dra i gang en spørsmålsrunde med en gang?

ps. aleksander vet ikke om bloggen. hehe ;) :D :D
- Jente, ukjent alder. Dersom Aleksander er kjærasten, er det noko som seier meg at han ikkje hoppar i taket når han finn ut av dette.

Dagens filmmelding:
Om mandagen så jo jeg twilight sammen med de søte vennene mine
Og jeg har en mening om filmen : den er dom !
- Jente, 13 år.

Dagens overskrift 2:

Jesus var egentlig bare en wannabe Buddha.

- Jente, 21 år.

Dagens skuleblogginnlegg:
i dag hadde vi kunst og honntverk det er så gøøøøøøøøøøøøy.
- Jente, ukjent alder. Norsktimane var derimot ikkje det artigaste..

Dagens ...hæ?:
Jeg tror lærerne (som jeg har) er frekke, for når jeg er borte får liksom de fri nesten en hel dag.
når jeg er der, må vi liksom sitte å jobbe hele tiden. Jeg mener det liksom ikke frekt ment men , hallo?
- Jente, 12 år, som mistenkjar lærarane for å vere frekke.

Vi nærmar oss jul og gjer litt kjønnskvotering...

Jula er her snart
Sjølv om sjølve jula eigentleg er frå 25. til 6./13. januar (avhengig av om ein reknar til trettande eller tjuande dag jul), vil folk flest ha det til at jula allereie er godt i gong. Dette er sjølvsagt den kristne jula folk feirar i dag. Tidlegare feira ein årshjulet som spant, og då var julefeiringa kring den mørkaste dagen i året, 21. eller 22. desember, òg kjent som vintersolverv. Men det er få som feirar denne typen jul, så sjølv om vi feirer ei tidsperiode som er ei veke seinare på året, har jula flytta seg månadsvis framover og tek til ved månadsskiftet september/oktober.

Men ok, nok historie, no skal eg skrive noko om språk. For ein ting som irriterer meg er at så mange skriv julen, når det utan tvil skal vere, bør vere og er eit hokjønnsord! På bokmål kan ein velje å bøye jul som hankjønnsord, men få gjer det når dei snakkar. Sjølv her i Oslo høyrer eg stort sett snakk om jula som kjem. Om nokon seier julen vil det berre verke som om dei er påteke "fint"-talande, og dei får rare blikk.

Julen dominerer
Likevel er julen den dominerande forma i media. Keisamt!! Kvoter inn litt hokjønnsord og gje jula hokjønnet attende!


Kvitter.blogg.no kjempar for å halde på norske hokjønnsord!

Dagens utklipp frå blogg.no 11

Eg har ikkje kome over så mange artige ting dei siste dagane. Om det er ei god eller dårleg nyheit, kan de jo avgjere sjølv.

Dagens
"åsså":
idag var jeg å ida og en sånn fyr te på byn på storsentre , åsså skulle vi gå ned i parkeringshuset åssådere rulletrappin åsså "sku" æ gå under åsså gjikk æ å snakka me ida da , åsså putselig donk hørt æ , der gjikk æ rett i dere veggen te rulle trappa ! å dem flira å flira , det var skikkelig `FLAUT!
- Jente, 11 år.

Dagens orddeling:
BURSDAG'S BARNET!!
- Jente, 13 år. Her fekk ord deling's feil ein ny dimensjon.

Dagens overskrift (ikkje noko samband med utklippet over):

Ingvild er bursdag's barn : -)

- Jente, 16 år. Ikkje berre har venninna hennar, Bursdag, vore heldig med namnet, ho har no fått ei datter som heiter Ingvild! Gratulerer!

Dagens skumle undertone:
Vi lurer nå på hvordan vi skal få tak i noe mat. Det regner jo hunder og katter her i Drammen akkurat nå.
- Gut, 17 år. Om du les det ironisk og bokstavleg, har dei matplanane klare.

Dagens skulerelaterte:
Vi har nettopp fått tilbake matteprøvene, og gjett hva jeg fikk! Jeg fikk karakteren 1 ! Er det mulig!? Jeg fortalte læreren vi har i matte at Helga hadde tatt med seg matteboken min hjem to dager før prøven var, og at hun ikke kom på skolen før på prøven, og at det var grunnen for at jeg ikke hadde øvd. Og jeg syns hun burde tatt det i betraktning. Det er jo faktisk en ganske god grunn da. Skjønner ikke at hun ikke kunne gitt meg en 2'er fordi jeg faktisk prøvde. Jeg gjorde jo mitt beste, istedenfor og skulke eller bare levere blank..

Det var utrolig dårlig gjort. Jeg tror jeg skal lage en voododukke til henne. Slik at hun får en forferdelig forbannelse over seg, og da kommer hun nok ikke til og gi meg noen dårligere karakterer i framtiden..
dust.
- Jente, 16 år. Er det verkeleg slik at prøvekarakteren berre viser kva du får lese kvelden før?

Dagens "kvifor?":
Hva er egentlig vitsen med nynorsk? Det er et spørsmål jeg har stilt meg selv ofte, men får aldir noe svar. Det er jo ingen som snakker nynorsk til vanlig, er det vell? Så hvorfor skal vi lære det da?
- Jente, 14 år, som stiller spørsmål til seg sjølv utan å få svar. Det var litt stakkarsleg, så eg la att ein kommentar om kvifor ho skal lære nynorsk.

Dagens overskrift 2:

Vi samler inn kaker til 10klasse tur

- Jente, 15 år. Det er ein klassetur eg kan like!

Dagens "Tida går verkeleg fort. Oi, der flaug ho forbi!":
I løpet av mange år har den tekniske verden gjort det enklerer og enklere for hverdagen vår. Før i tiden, var det trege og tunge mobil telefoner/pc'er. Men i dag, kan vi nesten ikke forestille hvor kjappe og enkle de har blitt.
- Jente, 15 år. Dette minner meg om korleis Are Kalvø deler inn Noregshistoria: Gamle dagar, gode gamle dagar, då eg var ung og notida. Alt er relativt.

GRATIS ting frå Språkrådet <3

Bloggarar får ting gratis
... men dette er òg for oss som enno ikkje har vorte misbruka av kommersielle kapitalistsvin! Vil du ha gratis ting frå Språkrådet, kan du vitje tingingssida deira, huke av det du vil og tinge! Merk at ikkje alt er gratis, men det meste av det er. :3 Her er eit gledesinnlegg om dei beste tinga ein kan få:

img1141
Språknytt
Eit blad utgjeve av Språkrådet. Ikkje så stort, men fantastisk bra lesning! Fine artiklar om språkbruk og -utvikling, prosjekt, utklipp, nye ord, gamle ord, fine ord, fæle ord, norsk i utland, norsk i innland osb. Kjempeartig! Kjem berre fire gongar i året. :C

img1148
Kort administrativ ordliste, bokmål-nynorsk
Anten du har nynorsk som hovudmål eller sidemål, kjem denne lista godt med når du skal skrive nynorsk! Ho er laga for offentleg tilsette så det er forklara masse vanskelege "professorord". Mange av omsetjingane er òg like nyttige for dei som skal skrive bokmål utan å skrive knøvlete! Fleire bilete:
img1149
img1151

img1146
Ny bokmålsrettskrivning fra 2005
Det skjedde fleire endringar i bokmålet ("bokmølet") i 2005, og dette heftet skal definitivt liggje i veska når eg skal ha bokmålstentamen om få dagar! For sjølv om eg har nynorsk som hovudmål, må eg stadig skrive bokmål eit par gongar i året. Då er det greit å sjå kva som faktisk er lov til å skrive i bokmål! Dette heftet er òg kjempegreitt for dei med bokmål som hovudmål. Ha det med på tentamen om du får lov! (Det bør du) Bilete frå heftet:
img1147

Mmm, gratis ting..
img1152

Er det ikkje fantastisk kva skattepengane våre går til? =D

Eg hadde eigentleg tenkt å ta dette i ein video for at de skal få høyre dialekta mi, men så gjorde eg ikkje det likevel. Høhø. Eg får heller skrive litt om dialekta mi ein annan gong.

Debutere for andre gong? Det går an!

Kvitraren ber om orsak for at det ikkje er noko sjølvlaga teikning i dette innlegget, noko som er eit heilt klart brot på kvitrelova § 7. Orsak.

Korleis dra ekstra merksemd

Det er alltid spennande med debutantar. Den fyrste boka ein forfattar skriv får alltid fleire auge på seg enn den andre, den fyrste filmen frå ein fersk regissør får alltid meir merksemd. Debutplater, debutrolle, debutkonsert - ein debut får alltid meir merksemd, og når artistar og forfattarar vert intervjua etter mange år i "gamet", er det alltids eit spørsmål eller ti om debuten.

Debutere ein gong til
Kva hadde du sagt viss du kunne debutere ein gong til? (Eg hadde definitivt sagt ja om det gjaldt seksuell debut, men det er ei anna historie du aldri får) Eller om ein spurte ein forfattar om han/ho hadde endra på debutromanen sin, ville han/ho svara ja? Kanskje.

Ok, no kjem eg til poenget
Eg irriterer meg blå (?) over konseptet med førpremierar. Ærleg tala. Kva er eigentleg ein førpremiere anna enn eit påskot for å ta litt ekstra for billettane to gongar istadenfor éin? I tillegg må jo dei som er på "premieren" kjenne seg snytt? Kan ein med rette kalle det premiere når det er andre framsyning?

Det er jo stort sett i kinobransjen ein høyrer om dette omgrepet. Førpremiere! Woho, vi tek meir for billettane to dagar istadenfor éin, hurra! Eg kan ikkje fatte korleis dette kan vere a) lovleg marknadsføring eller b) sosialt akseptert verksemd!

Tenk desse situasjonane:
I bokhandelen
- Du er no ute med di andre bok, korleis har det vore å kome med debutboka i desse finanskrisetider?
- Det er jo klart at boksalet går ned, så å sleppe debutboka nå var ikkje lurt, men eg har gjort meg mange gode erfaringar frå førdebutboka, så eg kjente at tida var inne for debutboka no.

Utanfor kinoen
- I går skreiv vi om dei heldige som hadde sove ute for å vere fyrst i verda til å sjå oppfylgjaren til Ringdrotten-filmane, som hadde førpremiere i går kveld. I dag tidleg kunne endå fleire sikre seg premierebillettar. Vi har ein av dei her. No, Per-Mathias Lorentzen-Dobbermeister, korleis kjenst det å vere fyrst i verda til å sjå denne filmen?
- Åh, det kjenst så godt! Eg har sove ute, og no har eg billetten i handa og skal vere fyrst i verda til å sjå filmen.
- Kva tankar gjer du deg om dei som var på førpremieren?
- ... kva?!

I høyet
- ... Så.. eh.. eg er litt nervøs, er det fyrste gongen din?
- Ja! Dvs. eg hadde ein førpremiere førre fredag, men..
- Åja, men då er du jo framleis jomfru, då.
- Ja :3
- Ligg stille no.. Det gjer alltid vondt fyrste gong
- ... Ai!

Kva tenkjer du om konseptet førpremiere?
Greitt nok er "førpremierar" ikkje alltid for offentlegheita på same måte som premierane. Dei kan vere for eit eksklusivt publikum, særskilt inviterte, osb. (Likevel ikkje alltid). Men same kven og kor mange som er på førpremieren, er det jo lureri å kalle einkvar annan visning etter den fyrste visninga for premiere? O.o

Til inspirasjon og ettertanke, har vi her eit av topptreffa på google biletsøk for "førpremiere", frå fantastiske Vardø kino.


Kva er det der i bakgrunnen? Flammar? Lava? o.O

Eg fekk gratis ting i posten! (Wuhu, snart topplista, lzm)

Bloggarar får gratis ting i posten
Slik er det no ein gong. Voe og andre "toppbloggarar" får vekentleg sendt til seg ein masse drit frå kommerse tulleselskap (nei, det heiter ikkje "sjølskap" på nynorsk) som vil bruke dei som levande reklameplakatar. Eg forstår jo at dette er alvor og  at den nye, nye, nye økonomien (nei, det heiter ikkje "aukonomi" på nynorsk) er her for å bli når Voe med foreldre er på framsida av A-magasinet for å snakke om all makta dattera har på soverommet. Huff.

Kvifor ikkje eg?
Dei bloggarane som får gratis ting i posten får ting dei skriv om, eller ting avsendarane vil at dei skal skrive om. Dei som skriv om mote, får mote..-ting. Og dei som skriv om sminke, får sminketing.

Så eg tenkte jo som så at - hei!, eg bør jo òg få litt ting i posten som eg kan skrive om? Dagane og vekene gjekk, og postkassa sto heilt tom. Sjølv om meir enn éin lesar har greidd å spore opp både mitt fulle namn, addresse, telefonnummer, Facebook-profil og kva skule eg går på, vel eg å tru at eg framleis ikkje har fått slike "sponsorpakker" i posten fordi eg er anonym. Anonym. Det er ikkje så mange som meg, forstår eg.

Men i dag kom ei pakke!
Jess, sidan ingen har greidd å finne meg slik at dei kan sende meg gratis ting, var det mitt kall å bestlle gratis ting til meg sjølv. Og sjølvsagt er dei relevante for det eg skriv om! Hoho, dette er moro, kan du tru. Og i dag fekk eg pakke frå....



Yay!
Eg skriv jo mykje om språk, så det var anten å finne ei side som sendte ut gratis bøker enn å finne ei side som sendte ut gratis språkting. Eg har ikkje fått lese alt eg har fått enno, heller ikkje teke bilete, så det kjem seinare. Men eg kan seie som så at eg har fått eit blad og ei bok og nokre brosjyrar og ein del info og slikt. Huhu, eg gler meg. Det er artig å få gratis ting å blogge om, sjølv om ein må fikse det sjølv. Jaddå. Men om det er nokon der ute som har lyst til å sende meg ei bok, eller noko som helst, er det berre å leike detektiv og finne ei addresse og sende i veg. (Eg tullar. Vér så snill, seriøst.)

Korleis fekk eg det til?
Språkrådet har ei eiga side kor du kan bestille ulike ting, både gratisting og ting som kostar pengar. Kjempeflott. Berre å hake av det du vil ha, skrive inn namn og addresse og slikt, så kjem det i posten etter nokre dagar. ^^

For å toppe innlegget, tek eg fyrste treff for "Språkrådet" på Google biletsøk.


Sylfest Lomheim. Aiai, fin kar! Biletet er henta frå Aftenposten.no *bokmåls-grøss*

Neste steg?
Vel, no har eg sjølv skaffa meg gratis ting i posten. Neste greie må jo vere at eg sjølv ryddar plass på topplista til meg. Eller ikkje. Gud forby.

Dagens utklipp frå blogg.no 10

Om nokon er nyfikne på kor lang tid eg brukar på desse innlegga, kan eg seie at det tek nokre dagar. Eg berre surfar gjennom nokre tilfeldige bloggar (gjerne "shouta" innlegg) og klipper ut ting som er artige eller som berre er fantastisk på ein eller annan måte. Sjølv om det er i "dagens utklipp", kan utklippa vere fleire dagar gamle. Og i førre innlegg hadde eg med eit uklipp frå eit innlegg som var posta i februar i år, fordi eg kom til å tenkje på det og søkte det opp. Det var frå han med stort ordforråd. Han er på topplista. Ganske høgt oppe. Her er dagens utklipp:

Dagens engelske overskrift 1:

ONCE UP IN A TIME

- Jente, ukjent alder. Å nytte engelsk i overskrifter er ikkje synonymt med gode engelskkunnskapar, altså..

Dagens overskrift 2:

MAMMA OG PAPPA, DETTE ØNSKER JEG MEG TIL JUL!

- Jente, 18 år. Sosiale medium invaderer kjernefamilien.

Dagens "det er jo nesten det same?":
Alle sammen må se opp på himmelen i kveld klokken 2300, det skal regne steiner!!!
For å si det på en annen måte: Meteorsverm
- Jente, 15 år. Regne steiner...?

Dagens eitt-eller-anna:
MENNE ATTE ER DET NOEN SOM HAR TIPS OM HVA
JEG KAN ''VIDEOBLOGGE'' OM ?: )
- Jente, 12 år. Språk? Jo for atte jeg har hørt at det er inn.

Dagens overskrift 3:

NY UGG STRIKKA FAKTISK

- Jente, ukjent alder (sikkert 14), med ein velformulert overskrift.

Dagens innlegg om OnePiece:
VILL HAAA ! Den sjer så deili ut :-D Å voe sjer DRIT fin ut i den =D Æ håpe æ får den te julegave eller Bursdag <333 JEG LIKEEE :DD
- Jente, 13 år. Det er visst eit poeng at Voe ser fin ut i OnePiece.

Dagens "den var glup":
For å få noen kommentarer skal jeg stille noen spørsmål.
- Jente, ukjent alder. Eg spår ein foss av kommentarar.

Dagens brilliante formulering:
Her om dagen da jeg satt på bussen og spiste banan, slo det meg: tenk om julenissen har fått eller får svineinfluensa? Det ville jo vært katastrofe!
-Jente, 16 år. Så utruleg random.

Dagens overskrift 4:

svine influesna sprøyta.

- Jente, 14 år. Finn ikkje ord.

Dagens "kva skal vi med nynorsk når vi har engelsk?":
Hei hie!
Nå har jeg fått ny Header!!!!!
YOU LIKE??
Here it is!! I made it by myself!!

I AM STOLT!!
- Jente, 13 år.

Dagens ... ein gong til?:
Nå sitter jeg her og tenker på om jeg skal ta svine-syken , noen sier den er KJEMPE VOND , og noen sier at de ikke kjente at de tok den , så jeg vet ikke hva jeg skal tro på , så jeg er litt forvila på om jeg skal ta den eller ikke ..
- Jente, 11 år. Ta? Hæ? *lese ein gong til* HÆ?

Kjønnskvoterer du når du skriv?

Dialekt - ein fin ting!
Etter at eg la om til nynorsk har eg vorte meir bevisst på talemålet mitt - dialekta mi. Eller nei, det heiter visst dialekten min, sjølv på nynorsk og radikal bokmål! Eg skreiv lenge dialekta mi, men så fann eg ut at det var feil. Likevel er det mange som bøyer dialekt som hokjønnsord når dei skriv. Kva gjer du?

Eg vil gjerne kunne skrive om dialekta mi utan at det er feil. Er det verkeleg så få i Noreg som bøyer dialekt som hokjønnsord at det ikkje kan stå i korkje nynorsk- eller bokmålsordlista? Eg kjenner det litt slik når eg ikkje får skrive "dialekta" utan å skrive "gale":



Katta
Eit anna ord eg tykkjer burde få vere hokjønn, er katt. Her på austkanten av Oslo heiter det nemleg ei katte - katta. Så lenge skreiv eg katta i god tru. Men den riktige bøygninga på nynorsk er ein katt - katten, på bokmål en katt - katten. Det skurrar å skrive "katten" for meg, og eg har lenge skrive feil... Huff... Petimeteret i meg, altså..

Sjå for øvrig kva Per Egil Hegge skriv om andre ord folk bøyer i feil kjønn!


Kjønnskvotering!
Eg er glad i hokjønnsord. Hokjønnsartikkelen ei er på veg ut av språket etter at ein i 1981 opna for tvikjønna ord i bokmål. No kan ein skrive en jente - jenta utan å skrive feil. Mange vil òg ha tokjønnssystem i Noreg, slik dei allereie har i Sverige og Danmark. Men eg vil slåst for hokjønnsord i Noreg! Så difor vil eg gjerne kvotere inn to ekstra hokjønnsord i nynorsken min. Sei hei til "dialekta" og "katta"! =D

Kjønnskvoterer du?

Dagens utklipp frå blogg.no 9

I dag har eg samla ein del utklipp, faktisk! Nokre lange mot slutten der, men absolutt noko å lese på! Sjølv sit eg og skriv innleveringar, så i dag let eg andre bloggarar stå for underhaldninga. God hugnad!

Dagens snev av ironi:

Siden enkelte syntes jeg er så wannabe Lars Tangen, (noe jeg mener jeg selv ikke er) skal jeg poste et skryteinnlegg om mobilen min. Ja, for det viser jo bare at jeg ikke er lik han, ikke sant?
- Gut, 16 år.

Dagens "krydder i kvardagen":
Fordi at jeg sier lissom og omg, betyr det ikke at jeg hermer etter Magnuss Fag-Mag, det betyr at jeg har et ordforråd som ikke bare er i de norske ordbøkene. Jeg har et stort ordforråd, og bruker det med glede.
- Gut, 16 år. Han var 15 år i gjerningsaugeblinken. Eg tykkjer det er imponerande skrive.

Dagens overskrift:

KONKURRANSEN BLIR KÅRET IDAG, BLI MED!

- Jente, 17 år.

Dagens "ånei, dårleg samvit":
JEG ER SÅ LEI FOR DET!!!
Helgen har løpt fra meg, og det ble verken tid eller rom for bloggen.
Har vært så dårlig på å blogge denne uken og jeg føler meg litt lumpen for det
- Jente, 16 år. Lumpen, faktisk.

Dagens "rått parti":

USA vs OSLO

- Jente, 20 år, som skal flytte.

Dagens "djupt og reflektert innlegg om eit veksande samfunnsproblem":
Rundt om i verden blir det stadigvekk mer og mer akseptert med homofili, jeg kan huske at fram til en gang på 70-tallet var det kriminelt å være homofil, jeg synes at det skulle være latterlig å endre denne loven.
personlig så mener jeg at alle homofile skulle vært utryddet, hvordan kan man tiltrekkes av noe så sykt som sitt egen kjønn? hva som får denne feilen til å oppstå?
dette er noe illustrert vitenskap skulle ha gått inn på (om de ikke allerede har gjort det).
Jeg har noen homofile bekjentskaper, disse respekterer meg såpass at de klarer å holde seg unna "sin ting" når de er i samme rom som meg, men jeg treffer disse personene minst mulig.

Det å kunne videreføre sine gener, sin ætt, er vel eneste grunnen til at vi eksisterer.
Verden går under, litt og litt fortæres den bort, for hver gang noen "kommer ut av skapet" så blir en generasjon avsluttet ved den personen, denne egoismen er tydeligvis noe altfor mange har.
En homofil person har alt for lite respekt for seg selv og folk rundt seg, jeg vil aldri kunne respektere et slikt menneske.
- Mann, ukjent alder, med interessante synspunkt og formuleringsevne frå helvete. Homofili er egoistiske og sjuke og bør respektere ham ved å halde seg unna "sin ting" når dei er i same rom som han. Åja.

Dagens "apropos overskrifter på engelsk":
you where as silence as a butterfly
- Jente, 14 år.

Dagens "éin av grunnane til å ikkje gå i kyrkja":
Jesu-blod og legme smaker dritt!
Unnskyld, men det måtte bare ut. Var på gudstjeneste idag, og da fikk vi det.
Jeg hadde tyggis i munnen, og måtte spise det ekle brødet med tyggisen i munnen!
ÆSJ! Så jeg svelget tyggisen med brødet. Den komm akkurat ikke opp igjen!
Huffameg, så var det den vinen. OMG! Det gikk fort ned heldigvis!
- Jente, 14 år. Eg humra.

Dagens "kvifor ikkje?":
Noen ganger har det vært veldig godt å hatt en burka å gjemme seg bak. Tenk så frigjørende. Alle tror bare det er en random muslimsk kvinne, men i virkeligheten er det meg - en liten nysgjerrig snok som ikke vil gi fra seg sin identitet. Dessuten så ville det ikke vært flaut å kjøpe både sjokolade og brus mens man er på butikken. Jeg er nemlig av den typen som kjøper brusen på en butikk og sjokolade på den andre for at folk ikke skal tro jeg er sååå usunn. Men nå er det jo ingen hemmelighet lenger. Oops. Vel vel, jeg vet om flere som gjør akkurat det samme, så det er ikke så farlig.

Noen ganger har det vært utrolig deilig å vært "usynlig" også. Som for eksempel når jeg er i dårlig humør og reiser på shopping for å få smilet tilbake. Oh yes, jeg ikke av den typen som trøstespiser, men jeg trøsteshopper. En dyrere uvane, men holder meg slankere enn det andre alternativet. Anyways, da er jeg ikke i særlig humør til å snakke med noen. Har bare lyst til å dra visakortet og komme meg for helvete ut derfra etter å ha prøvd halve butikken. Med en burka ville ingen ha kjent meg igjen. Herlig! Tror jeg kunne ha ramset opp utallige ganger der en burka har vært tingen, men skal gi meg mens leken er god.

Argument #1: I burka kan man gå naken under uten at noen merker det. Hoho. Det skulle jeg gjort hele tiden!
- Jente, 20 år. Og dette vil eg ikkje gjere narr av, her var det både sjølvironi (litt på andres vegne òg?) og humor i eit artig innlegg om burkaer. ^^ (Men formuleringa "tenk så frigjørende" er kanskje litt bak mål om burka?)

"English post titles - hot or not??"

Blanda attkvitter
I går sjekka eg kor mange engelske overskrifter eg kunne finne blant dei nyaste innlegga på blogg.no, i laupet av fem minutt. Eg fann 15 engelske overskrifter, blant 150 innlegg. Eg trakk ingen konklusjon (sjølv om mange tolka bileta som eit uttrykk for mi eiga meining, hihi ^^), men her er nokre av attkvitret, kor lesarane konkluderte med litt av kvart. Eg svarar litt til alle:
"Der har vi det, et bevis på at engelsken tar over og at vi ikke gidder å tenke norsk lenger."
- Zuzanna
Eg veit ikkje heilt om eg er einig med Zuzanna i dette. Vi tenkjer jo stadig på norsk, men openbart er det mange som trur at ting vert meir interessant, stikk seg meir ut eller er finare på engelsk. Eg har snakka med nokre vener av meg om kvifor dei plutseleg skriv overskrifta på engelsk utan at det har noko føre seg, og svaret er "oi, eg veit ikkje, det fall meg berre naturleg". Eg trur difor det heller er snakk om at det spreier seg ei haldning om at blogginnlegg godt kan ha engelsk overskrift.

Det er det same som at mange bloggarar har bloggtitlar på engelsk ("just living my life", "gaybloggen by Lars Tangen", "i write it, you read it" osv.), eg vonar dette er ein forbigåande pest (les: mote) og ikkje noko permanent.
"Eg synest det er skremmande. Eg tek meg alltid i å undrast over kva som er gale med (ny)norsk, når nokon skriv/snakkar engelsk eller halvt norsk, halvt engelsk. Dersom det er meint at engelsktalande skal lese det eller overskriftane refererer til ein film (slik som "Dead man walking"), kan eg skjøna engelskbruken, men ikkje elles."
- Marta
Eg tenkjer mykje det same! Er det noko gale med norsken? Kvifor kan ikkje fjortenåringane skriv "moro på skulen" i staden for "fun at school"? Eg mistenkjer at det er den norske språkkjensla som står svakt hjå ungdomen. Nordmenn har jo lenge hatt ei elitistisk haldning til språk (jamfør at bokmålet er større enn nynorsken, noko som ikkje gjev meining), så kanskje engelsk er det nye elitespråket for bokmålsbrukarar? Dei vil ha noko nytt å strekkje seg etter.

Sjølv siterer eg gjerne engelske songtekstar, filmtitlar eller slikt i overskriftene, men eg tykkjer det er mykje betre å omsetje dei til norsk. Eg veit ikkje heilt kvifor det fell meg 100 % naturleg å skrive alt på norsk. Det kjem jo ofte meir til uttrykk om det står på originalspråket, men for min eigen del er det best å ha det på norsk. Til dømes skriv eg heller "kom igjen, apar" enn "C'mon you monkeys", om eg skal sitere the Dandy Warhols.
"Du skulle bare visst hvor mye jeg terroriserer det norske språket, spesielt muntlig, ved å blande norsk og engelsk om hverandre til det blir et multispråklig kaos à la Frederic! :D"
- Frederic Bodin
Haha, eg kjenner typen. Og eg har ærleg tala ikkje så utruleg mykje imot det. Har litt å gjere med at nokon som står meg nær er av denne typen (og antakeleg verre enn Frederic), og han har eit bevisst forhold til det. Openheit om engelskbruk skapar vel større aksept slik openheit om homofili skapar større aksept. Om det er til det betre, er noko anna..
"Interessant problemstilling. Naar jeg tenker meg er overskriftene mine ofte engelske, men det er fordi det enten er et sitat fra en sang, bok eller andre ting som er relevante."
- Chalten
Dette er ei haldning eg kan like. Kulturen er jo internasjonalisert, og det skulle berre mangle at ein fann noko å relatere innhaldet i bloggposten til blant engelskspråkleg kultur. Overskrifter skal jo gjerne appellere til folk, få dei til å tenkje litt, gjere seg nokre tankar om kva innlegget skal handle om. Og om dei då kan kople det til ein song, så er jo det fint.
"Interesting. Jeg elsker engelsk. Ingenting galt med norsk, men jeg er så glad i sitater. KAN jo selvfølgelig sitere noe norskt..."
- Else
Engelsk er jo eit fint språk, eg har ikkje noko imot engelsk som språk. Og eg tykkjer det er forsvarleg å skrive engelsk om ein siterer, for då skal ein jo gjerne skrive det akkurat slik det er. Så lenge ein er ein bevisst språkbrukar, tykkjer eg det meste går an. Men denne engelske pesten spreier seg utanfor sunn fornuft og gjer stadig større innhugg i språket til norske ungdomar. Er det fordi dei ikkje har eit godt nok forhold til eige språk? (Eg merkar jo at nynorskbrukarar i langt, langt lågare grad brukar engelsk - er det fordi dei som minioritet e rlangt meir bevisste på sitt eige språk? I så fall er jo det ein god grunn til å skrive nynorsk!)
"eg likar eigentleg å blanda alle språk eg kan, men då må det jo vera for eit slags kreativt mål. språkleik er bra! men det meste du fann der var jo berre skit som ein kunne funne seg mykje betre uttrykk for. (t.d. er vel kanskje sjansen større for at nokon trykkjer seg inn på innlegget ditt om du skriv "heitt eller ugreitt" i staden for "hot or not" - det siste er jo SO oppbrukt!) når uttrykka vert brukt for mykje fungerer dei ikkje lenger, så då må ein jo koma opp med noko betre for å få effekt!

eg las forresten ein stad at "Cookies" er det same ordet som "kjeks" ganske fint å vita!"

- Ida
Eg er som vanleg samd med Ida. ^^ Språkleik er artig. Og eg trur verkeleg det er noko i det du seier om å stikke seg ut. Kanskje er denne forvonleg forbigåande engelskmanien eit resultat av at nojon (på topplista) fann på at dei skulle bruke engelsk i overskriftene for å stikke seg ut?

Sjølv satsar eg på "dott eller drott" som alternativ til "hot or not". Eller "heitt eller teit".

Litt meir
Det er ikkje nok tekst i dette innlegget enno. Eg trur den utstrakte engelskbruken i bloggsfæren reflekterer fleire ting:
- Mange vil leve i ein engelskspråkled såpeserie
- Stadig meir av reklame og marknadsføring i Noreg er på engelsk. Folk tenkjer på engelsk som eit marknadsføringsspråk og nyttar sjølvsagt engelsk når dei skal marknadsføre seg sjølv. (For å ta eit døme: Sjå på elevbedriftane rundt omkring. Kva heiter produkta/tenestene dei lagar? Eg tykkjer dei alltid er på engelsk!)
- Det er ein forbigåande mote i blogg.no-sfæren
- Folk er ikkje bevisste nok på eige språkbruk.

Kva skal vi gjere? Eg har eit framlegg:

Haldningskampanjar

Lita undersøking om engelsk på blogg.no

Problemstilling: Om eg tek eit friminutt (fem minutt) og oppdaterer framsida på blogg.no ein gong i minuttet, kor mange overskrifter på engelsk greier eg å få med meg? Og kor mange av innlegga er på engelsk eller har ein referanse til ein song/film/osb. kor den engelske overskrifta er henta frå? La oss sjekke.

Engelske overskrifter eg fann på fem minutt:
PERFECT TIMEING.
FUN @ SCHOOL
HoT oR nOt ?
Nevermind what haters say, ignore them till they fade away (antakeleg eit sitat)
Farger/Colors
Why now??? :S
Brownie Cookies (er ikkje mange norske alternativ)
I'M IN A HURRY
In fields where nothing grew but weeds I found a flower at my feet (sitat?)
Mission impossible? (Teke frå filmtittel)
Life is a awful thing.. Til it's over
Videoblogg! svineflue (eg trur det skal stå "swine flu" her..)
Money
"A dance tribute to the art of fotball" (tittel frå noko med engelsk tittel)
My farvorit

Resultat: Eg oppdaterte framsida fem gongar, då fekk eg med meg 15 overskrifter på engelsk! Det er 30 innlegg på framsida kvar gong, altså hadde 10 % av alle innlegga (15/150) eg såg engelsk overskrift. Wow!

Konklusjon: Eg veit ikkje kva eg skal seie. Korleis tolkar du denne lille undersøkinga?

Kva seier du? Er innlegg keisame utan bilete? Vel, eg gidd ikkje teikne noko, og eg har ikkje relevante bilete. Såh.. Google er venen min.




Enkle bilete til inspirasjon.

Dagens utklipp frå blogg.no 8

Berre sju utklipp i dag. Jaja. Slik går no dagane.

Dagens overskrift 1:

Idag facer jeg tannlegen :S

- Jente, 14 år. Kva vil det seie å "face"?

Dagens "tok toppen av iskaka":
Hei, jeg har nylig startet på igjen med ny blogg, håper du har lyst til å ta en titt innom min blogg! www.marieliselin.blogg.no !
- Jente, ukjent alder (eg gadd då fan ikkje gå inn på bloggen!). Å ta ein tur innom og å titte innom har no vorte å ta ein titt innom. Det tok toppen av iskaka.

Dagens overskrift 2:

What do you have on you?

- Jente, 16 år. Eg er jo generelt negativ til engelske overskrifter, men det vert noko anna når overskrifta er norvagisert.

Dagens "små barn, enkle gleder":
Så i går kveld skulle jeg sjekke statistikken min, og jeg fikk helt sjokk - jeg hadde 77 sidevisninger og 43 besøkende! Selv om de fleste kommer til å synes at det er kjempelite, så er det mye for meg, så jeg spratt opp av stolen og hoppet opp og ned og banket i veggen og løp ut og brølte 'JEG HAR OVER 70 SIDEVISNINGER OG MER ENN 40 BESØKENDE!!!"
Senere den kvelden, en liten stund før jeg skulle gå og legge meg, så skulle jeg sjekke statistikken min igjen. Og i løpet av noen få timer hadde det økt fra 77 sidevisninger og 43 besøkende til 140 sidevisninger og 93 besøkende! Da ble jeg så glad at jeg tror jeg besvimte ei lita stund...
- Jente, 11 år. Nokon på topplista lenka til bloggen hennar..

Dagens hypokonder 2.0:
Lurer på om jeg har begynt å utvikle svineinfluensa.
- Jente, 14 år. Er det eg som tek feil, eller er utvikle rett og slett galt ordval?

Dagens "not weird, just gifted, not different, just alternative":
Ja som di fleste sekkert har fått me sæ, så e det Fredag den trettende imårra. Alle sei at 13 e ett ulykkes'tall osv, før mæ som ikke lika å vær som alle andre, e det mitt lykketall OG fredag den 13 blir på en måte en lykke'dag... jess.
- Jente, 15 år. Eg ynskjer ho lukke til i norsktimen i morgon. (huff, den var slem..)

Dagens gullkanta avtale:
Kunne noen av dere tenke dere å være mine faste lesere? Jeg har så fryktelig lyst på flere lesere! Jeg kommer til å bli DIN faste leser hvis du blir min! :-D
- Jente, 11 år, som oppsummerer tanken bak Bloggtrafik.nu og Viraltrafik.nu.

Facebook-annonsar. Dei er no så løye

Villeiing og dårleg språk
Skal ein skildre Facebook-annonsar med nokre få ord, må det vere at dei er villeiande og har utruleg, utruleg dårleg språk. Det går kraftig utover språket når reklamebransjen får stadig færre sekundar og færre pikslar å formilde bodskapane sine på. Kjappe løysingar, dårleg språk, dårleg alt. Men det vert litt komisk for enkelte av oss. ^^ Her er nokre døme:

Handsfree + håndfri =
Her har det gått litt kjapt i svingane.
bilde 3
"Det er jo norsk så lenge det er med å? Ka?"

Uhell, blikkfang eller uheldig undertone?
Det er vanskeleg å seie om dei her ikkje har merka at musepeikaren vart med på skjermskotet, om det skal vere eit blikkfang som fortel at "dette kan du trykke på!!!" eller om det er ein utruleg dårleg måte å skrive "bruk Kost1, så får du mus". La oss håpe det ikkje er det siste.
bilde 2
"Kost1 - bli ein musemagnet i dag!"

Orddeling
Ein utruleg enkel måte å bruke litt fleire teikn, er å dele orda. Då får du kjapt eit ekstra mellomrom. :3
bilde 5
"Neinei, dobbel n er fyfy. Det lærte vi på barneskulen."

Formuleringsevne 1
Det er noko som skurrar her..
bilde 6

Kva er det eigentleg dei sel?
bilde 1
Ja, dette var eigentleg litt sinnssjukt.

Nynorsk skrivedag!! =D Nei, vent.. sidemål? :C

Eit innlegg med mykje tekst, for dei som liker det! Kvitrebloggen min er jo litt av kvart, altså noko for einkvar smak.

Nynorsk er ikkje alltid sidemål

Eg er den einaste i klassa mi som har nynorsk som hovudmål, men langt frå den einaste på skulen, og eg er absolutt ikkje den fyrste nynorskingen norsklæraren min har i klassa si nokon gong. Likevel presterte han å seie at vi i dag skulle ha "halv skrivedag i nynorsk", då han meinte vi skulle ha halv skrivedag i sidemål. Snart skal eg sitje i tre timar og skrive på sidemålet mitt. Som er bokmål, ikkje nynorsk!

Det er jo rett at dei fleste i klassa har nynorsk som sidemål, men sidan norsklærarar i bokmålsdominerte område ofte konsekvent omtalar sidemål som nynorsk, er det mange som går ut av den offentlege skule i den tru at nynorsk ikkje berre er deira eige sidemål, men heile Noreg sitt sidemål. Det er jo heilt gale!

Ingen god grunn til å ha nynorsk som sidemål
Eg står på mitt og påstår igjen at det ikkje finst gode grunnar til å ha nynorsk som sidemål. Eg meiner altså heilt og haldent at alle burde ha nynorsk som hovudmål på skulen. :3 Kvifor? Nynorsk er jo den minste forma i utbreiing, og nynorsken vert diskriminert og utestengt frå media, reklame og næringsliv og alt mogleg. Der er det berre bokmål og engelsk, i hovudsak. (Nynorsken slepp heldigvis stadig meir til.)

Kva er den beste måten å lære språk på? Det er å lese og skrive mykje på det språket. Så.. Ein som har hatt nynorsk som hovudmål heile livet, vil same kor mykje han vrir og vendar på seg aldri unngå bokmålet. Det er over alt. Og han kjem til å forstå og kunne bokmål same kva. Men kva med ein som har bokmål som hovudmål? Vil han lære nynorsk slik? Antakeleg ikkje, med mindre han bur i ein nynorskdominert kommune. Og det er det jo få bokmålsfolk som gjer. Her i Oslo hadde eg jo ikkje høyrt om nynorsk før eg byrja på ungdomsskulen!

Så då eg hadde nynorsk som sidemål, møtte eg nesten ikkje på nynorsk nokon plass. Det var berre bokmål, bokmål, bokmål - over alt. Då var det vanskeleg å lære seg nynorsk. Men eg vilja jo verkeleg lære meg dette språket! Så eg la om og valde nynorsk som hovudmål. Sidan det var midt i skuleåret, fekk eg ikkje bøker på nynorsk, så eg las masse andre bøker på nynorsk. Ei i veka. Og eg skreiv nynorsk på skulen. Eg blogga på nynorsk. Og då tok det jo berre månader å lære seg nynorsk? Det tok eit par månader, så var nynorsken meir naturleg for meg enn bokmålet nokon gong hadde vore!

Oppsummering
Nynorsk er eit diskriminert og utestengt språk, sjølv om det er levande og vakkert. Om du vil bli flink i nynorsk, er mitt beste råd å byte hovudmål. Bokmålet får du jo med deg same kva du gjer, så det er ikkje noko farleg å ha det som sidemål. Det forsvinn aldri. Om du så har tenkt til å hovudsakleg skrive bokmål resten av livet, er det utruleg lurt å ha nynorsk som hovudmål på skulen. Då får du ein gratis 6-ar i sidemål og vert flinkare i det nye hovudmålet ditt, ja, kanskje så flink at du får 6 i det òg?

Eg åtvarar alle som tenkjer at dei aldri får bruk for nynorsk: I framtida kjem nynorsken attende og veks seg stor og sterk i Noreg! Då er det kjipt å vere den einaste som ikkje forstår dette språket! :3

(Det er forresten merkeleg at dei som argumenterer mot sidemålsordninga seier både "jeg skjønner ikke en dritt av nynorsk" og "hvorfor skal vi lære nynorsk? Jeg forstår jo hva som står der uansett". Motsetnad, nokon?)

Språk-språk og smør på flesk på smør

Korleis fekk vi språket vårt?
Eg er ikkje utdanna språkhistorikar eller noko slikt, men eg vil likevel skrive innlegg om språket vårt, og språkfenomen eg finn verdi i å blogge om! Som ei innleiing til dette innlegget, vil eg at du tenkjer litt over kvifor språket vårt er akkurat slik det er. Kvifor heiter ein gaffel gaffel? Kvifor er eit fjell eit fjell? Ting har jo openbart ikkje berre eit naturleg namn, vi har funne det på. Eventuelt teke det frå andre som allereie har funne på ord for nye ting. (Eit fantastisk unnatak er islendingar som heller satsar på å konstruere ord som passar inn i islandsk språk i staden for å importere eller låne ord frå engelsk. Lurt!)

Kva skal staden heite?
Kvifor heiter Oslo Oslo? Det er ein ikkje heilt sikre på. Men kvifor Reykjavik heiter nett det, er fordi det var ein vik med mykje damp. Logisk.

Men det er litt artig når utlendingar skal lage eit ord for noko, eller gje ein stad eller eit dyr eit namn på eit anna språk. Så av og til oppstår det snåle ting. Her er to døme:

Månefisk

På norsk heiter arten mola mola "månefisk". Det er kanskje den særaste fisken eg har sett! Og den har eit artig namn. Månefisk. Men kva heiter arten på engelsk? Sunfish.

Innsjø innsjø
lakenyasa
- Og kva er dette? Hæ? Hæ?
- ... Nyasa?
- Allright! Innsjø Nyasa!


Dette skal liksom vere ein europear i Malawi som spør ein innfødd kva dei kallar den store innsjøen, og den innfødde svarar nyasa. Europearen kallar difor innsjøen for innsjø nyasa, eller Lake Nyasa, på engelsk. Det artige er jo at nyasa tyder innsjø. Så.. Dei kalla innsjøen Innsjø Innsjø. ^^

Kenguru
Det eksisterer ein liknande myte om at kenguruen har fått namnet sitt etter at James Cook spurte ein aboriginar om kva dette hoppande dyret var for noko og aboriginaren svara kan ga ro, som visstnok skal bety "eg forstår ikkje kva du seier". Det stemmer at aboriginaren kan ha sagt noko som likna på kangaroo, men det er altså det aboriginarar faktisk kalla kenguruar.

Yay for dei!

Dagens utklipp frå blogg.no 7

Dagens "blogg.no er eit betre oppslagsverk enn Wikipedia":
Et lite faktum!
Coca Cola er den beste brusen i hele verden. Den er over 100 ganger bedre enn Pepsi, og Pepsi smaker såpevann med suketter i.
- Ukjent kjønn, ukjent alder. Eit lite stykke heilt objektive fakta. Ja. Tenk.

Dagens "på norsktimen":
Kom med en idè om hva jeg skal skrive på mitt neste innlegg om.
- Jente, 19 år, som gjekk seg vill i preposisjonsjungelen.

Dagens overskrift:
Betydidninghet.
- Jente, 18 år. Eg trur det er meint å vere feil, men eg ser ikkje poenget.

Dagens prioritering:
Da har del 1 av blogge kurset omsider blitt publisert :)
- Jente, 21 år. Eg hadde satsa på rett skrivings kurs fyrst.

Dagens "om ein bil køyrer i lysets hastigheit og skrur på frontlysa, kva skjer då?":
Hvis muslimer som ikke kan vise håret sitt, hadde brukt parykk, hadde det vært lov?
- Jente, 17 år, med interessant problemstilling.

Dagens "skulen er jo berre ein fritidsklubb":
Bruker du å ha fritidsproblem i timene på skolen?
-Jente, 15 år, som har eit problem med for mykje fritid på skulen. Eg undrar på kva ho gjer på fritida. Går på skule, kanskje?

Dagens historiske referanse:
for å være helt ærlig syns jeg uggs er dritstygge! sorry til alle dere uggs-elskere. syns de ligner litt på huleboersko?
- Jente, 15 år. Som kjent gjekk huleboarane med sko. Adams sko.

Eg er ein stolt og levande nynorsking!

Lite med innlegg i dag
Det er lite med innlegg i dag og for tida sidan det er så mykje anna artig å finne på i livet mitt, som å lage middag, flytte heimefrå og gjere organisasjonsarbeid og slikt.. Men! Det er ikkje med det sagt at eg ikkje skriv noko! Eg kommenterer flittig på andre bloggar, særs på dei som skriv om nynorsk. Det er kjempeenkelt å argumentere for å halde på nynorsken! :3

Her er den lengste kommentaren eg har skrive i dag, den skreiv eg på bloggen til Lars Tangen etter at Mariell Hjartesmil posta ei lenkje på Facebook. Eg tok det som ei oppmoding til å ta til motmæle. Det er ikkje det at han skriv i klartekst at han hatar nynorsk, men det osar nynorskhat av heile innlegget. Eg følte for å skrive langt og konkret og lite fiendtleg. Nyt!

Poenget med nynorsk er at det er eit språk som mange her i landet skriv. "Poenget" med språk er at folk skal kunne kommunisere, og skriftspråk (nynorsk er eit skriftspråk, det er ingen som "snakkar nynorsk") er til for at folk skal kunne kommunisere skriftleg.

I Noreg har vi sidan 1885 hatt to sidestilte målformar - bokmål og nynorsk. Båe språk er laga etter dansketida for at nordmenn skulle ha eit alternativ til dansken. Bokmål er ei fornorska variant av dansk, med viktig utgangspunkt i korleis eliten i Oslo snakka. Nynorsk er derimot ei samling av alle norske dialektar, og poenget var at alle skulle "ofre" litt av dialekten sin for å lage éin skriftnorm. Genialt, spør du meg! Eg er frå Oslo aust og tykkjer dialekten min er like mykje nynorsk som bokmål, så det er heilt logisk for meg å skrive nynorsk.

Men kvifor skal du lære nynorsk på skulen? Vel, du er jo sikkert på mange måtar ein oppegåande gut og er dessutan frå Møre og Romsdal, så du forstår jo heilt fint kva som står i ein nynorsktekst og du forstår vestlandske dialektar. Og takka vere bokmålsveldet og aktiv diskriminering og utestenging av nynorsk frå det meste av media og reklame, så er du flink i bokmål òg.

Men mange stadar i landet, og sikkert i Molde òg, er det mange som ikkje forstår nynorsk "by nature" (for å bruke eit fint bokmålsuttrykk). Dei forstår ikkje kva som står og dei har problem med å forstå kva folk frå vestlandet seier. Kva skal vi gjere med det? Jo, då kjem sidemålsordninga inn! Sidan vi har to språk i Noreg (det dansk-norske bokmålet og den norsk-norske nynorsken), er det naturleg at alle barn lærer båe språk på skulen. Men ein har då den eine forma som hovudmål og den andre som sidemål. Det er langt lågare krav til kompetanse i sidemålet enn i hovudmålet, men alle må kunne båe former fordi ein i utgangspunktet skal kunne treffe på nynorsk over alt (men det er det ikkje alltid ein gjer fordi mange diskriminerer og stenger ute nynorskbrukarar!!).

Til dømes står ein stor del av Noreg sine lover på nynorsk. Då er det keisamt å ikkje kunne nynorsk, kva? Og det er ikring 700 000 nynorskbrukarar her i landet, og dei vert stadig fleire! Og no byrjar nynorsken endeleg å få innpass i næringsliv, reklame og media! (På same måte som dialektane fekk innpass i radio og TV for nokre år sidan) Så i framtida kjem folk i langt høgare grad til å møte på nynorsk, og då er det lurt å kunne det. Ein treng ikkje kunne sidemålet sitt like godt som hovudmålet, men ein må jo kunne det. Akkurat slik ein må lære engelsk på skulen, fordi det for dei fleste er vanskeleg å unngå engelsk språk i kvardagen. (Eg ser dog meir nynorsk enn engelsk i kvardagen, men det har å gjere med mine interessar.)

Men når det kjem til sidemålsundervisninga, er ho heilt feilslått! Ingen parti i Noreg, utanom Partiet Eitt (skrift)Språk går inn for å fjerne nynorsken, men mange går inn for å forbetre/endre/fjerne sidemålsundervisninga, for slik ho er no, kan vi ikkje halde fram med. Folk vert jo berre sitjande og pugge og pugge og pugge, og dei forstår ikkje kva dei skal med nynorsk. Dei les Vesaas, Duun, Vinje og Hovland og trur at nynorsken er eit tullespråk ein skroting frå Vestlandet laga for å plage norske elevar. Det er jo heilt gale! Folk som har nynorsk som sidemål bør få lese noko av Are Kalvø, eller Carl Frode Tiller! Dei bør få analysere reklamar for Bula-boxarar, Lerum-julebrus eller Kari Traa-klede. Nynorsken er eit levande språk, men det får ein på ingen måte lære slik sidemålsundervisninga er no.

Så botnlinja er: Ver så snill, aldri gå inn for å fjerne eit levande språk, men gjerne gå inn for å endre sidemålsundervisninga!

Forresten så stikk det like djupt i hjarterota mi når folk sleng drit til meg for å skrive nynorsk, som når dei sleng drit til meg for å vere homofil. Eg er, med heile mitt hjarte, nynorsking og kjem til å skrive nynorsk heile livet, det er mitt språk og det er min identitet! På same måte kjem eg til å heile livet vere homofil, eg elskar kjærasten min, som er ein gut, og eg kjem aldri til å gjere noko anna. Homofilien er min identitet!

Om eg skulle lagt om til bokmål, hadde det vore som å late som om eg er heterofil og gifta meg med ei jente. Det hadde gått, men det hadde drepe ein del av meg. Og det vonar eg du forstår! Og vit at du med innlegg som dette spreier negative haldningar til nynorsk. Men sprei heller negative haldningar til sidemålsundervisninga, for nynorsk er eit levande språk som er ein viktig del av identiteten til over ein halv million nordmenn!

Helsing ein nynorskskrivande homo frå hovudstaden.
Eg vonar verkeleg Larsemann les heile kommentaren. (Og nei, dette er ikkje sløsing med tid og energi. Det tok meg maks. eit par minutt å skrive den kommentaren.)

Jess! Eg skriv for øvrig på ein serie innlegg eg har vald å kalle "Vegard for nynorsken", inspirert av foredraget "vegar for nynorsken" ("veier for nynorsken"). Eg skal presentere kvifor eg skriv nynorsk, korleis det har vore å leggje om og korleis ein kan dra mange parallellar til å kome ut av skapet som homofil. Det er mange skapnynorskingar her i landet! Eg har ei oppmoding til dykk: Kom dykk ut av skapet og skriv nynorsk! :D

Nynorsk midt i Oslo? Ja takk!

Varmande ord om nynorsken
Dette vart skrive i ein kommentar på bloggen:
Elsker forresten at du skriver bloggen på nynorsk, jeg kjenner jeg får sommerfugler i magen og svever på rosa skyer av å lese det. Å lese nynorsk er som å bli forelsket. Alt blir så dypt uansett hvor enkelt det er.
Kjempesøtt sagt, slikt varmar! Og no må eg sjølvsagt fortelje om korleis eg nett kjente det på same viset midt i Oslo. For som nynorsking i hovudstaden, er det gøy å sjå nynorsk bruka i marknadsføring, reklame osb. Dei einaste som reklamerer på nynorsk i Oslo, som eg har sett i år, er Lerum og Bula. I tillegg står det KulturMjølk, på enkelte mjølkekartongar osb. Kjempegøy! Men sjå kva eg fann på ein bokhandel midt i byen:
img0983
img0987
img0993
img0995
img0997
img0998
img0999
img1001
Hmm, litt samnorsk..
img1003
img1005
img1006

Meir nynorsk, takk!
Det er fint å vite at det finst nynorskbrukarar som ikkje er redde for å bruke målforma si, sjølv i tjukkaste bokmålshelvetet Oslo! Det varmar eit nynorskhjarte. <3

Fir øvrig var det éin fin ting med at Oslo no i helga har vore stappfull av møringar som har drege hit for å sjå cupfinalen: Dei snakkar så fint og nynorsknært. ^^ (Elles var dei for det meste i vegen..)

Han skal høyre mykje, Oslo-guten som skriv nynorsk..

Eg kom over eit blogginnlegg kor ei jente spurte etter bloggar på nynorsk. Ein av kommentarane var:
http://kvitter.blogg.no/

jeg har møtt han - og det pussige er at han er fra oslo og snakker bokmål, men blogger på nynorsk fordi han er veldig venstreradikal. ikke akkurat en moteblogg, men det er morsom :)
Dette stemmer jo ikkje!! Eg lagar ei liste:

1. Eg snakkar ikkje "bokmål"!
Eg skal ærleg innrømme at eg lenge sjølv kalla dialekten min for "bokmålsnær", men etter at eg la om til nynorsk har eg funne ut at Oslo-aust-dialekten min eigentleg ligg like nær nynorsk som bokmål. Så det er ikkje ulogisk for meg å skrive nynorsk av den grunn.

2. Eg skriv ikkje nynorsk fordi eg er veldig venstreradikal!
(for det fyrste vilja eg ikkje kalle meg "veldig venstreradikal", sjølv om mange oppfattar meg som det. Eg er berre litt kvass.) Eg skriv nynorsk fordi eg har funne ut at det er eit språk eg identifiserer meg med i langt høgare grad enn eg gjer med bokmål. Nynorsk passar perfekt inn i nasjonalkjensla mi og i den dialekten eg eigentleg burde hatt. Eg er nynorsk, eg var berre fanga i bokmålet i nokre år av livet mitt.

Det vart ei liste på to punkt, men det får så vere..

Det er for øvrig rett at eg ikkje akkurat skriv ein moteblogg. ^^ Kva kan eg eigentleg kalle bloggen min? Ein nynorskblogg? Ein språkblogg? Ein skråblogg?

Nei, eg kallar det ein kvitreblogg, eg. ^^

Sånn, no kan du sjå denne artige videoen av Hans Olav Lahlum.

Dagens utklipp frå blogg.no 6

Dagens "spørsmål om RESPEKT":
"Jeg sitter her som vanlig med musikken min fra spotify på full guffe. Og så blir jeg  avbrutt av denna Jonathanen som skal komme med detta reklamepratet sitt hele tida. Jeg vil bare høre på musikken min, og vi har skjønt at du har jobb i spotify nå!
Det er ingen som bryr seg og ingen som gidder å kjøpe spotify premium for kun en liten sum i måneden. Jeg tror jeg snakker på vegne av ganske mange i hele Norge nå. Kan ikke du bare respektere at vi heller vil høre på favorittmusikken våres i stedet for den gaulinga di? På forhånd takk."
- Jente, 14 år, med ei interessant vinkling på reklamefinansiert gratismusikk. Det handlar om respekt. (Innlegget vart sletta etter at eg kommenterte kven som faktisk var respektlaus.)

Dagens "særskriving":
"Jeg er rett og slett en mamma gutt! "
- Gut, 18 år. Eg er glad mi mor var norsklærar. :3

Dagens dramatiske skrivefeil:
"Glemt og kåre vinneren av blogg vs blogg"
- Jente, 18 år. Det var altså den ikkje så altfor kjente bloggen til Glemt og Kåre som vann! Gratulerer til både Glemt og Kåre! :D

Dagens interessante bloggkonsept:
"Jeg kommer til å blogge om hva som skjer i min verrdag"
- Jente, 14 år. Verr er norrønt og tyder "(ekte)mann". Får vi altså lese om korleis ein 14 år gamal jente har det som (ekte)mann? Vi får sjå! :3

Dagens "Okej, eg overdreiv litt..":
"Det er så herlig å endelig kunne åpne min egen blogg. Jeg har planlagt å gjøre det lenge! Vel, siden i går i alle fall."
- Jente, ukjent alder. Dette var jo litt artig skrive.

Dagens "de vanligste bivirkningene av svineinfluensavaksinen er...":
"Jeg kom på.. Tenk om det skjedde et virus så alle ble svenske :S Hvordan ville modellene taklet det? Alle vet jo at svensker har tettsittende øyner. De sitter som limt intill hverandre."
- Jente, 17 år. Eg vonar ho tullar. Legg merke til "det skjedde et virus" .. ?? o.O

Dagens "større draumar enn billeg bensin":
"I min drømme verden er alt rosa, hvem vil vel ikke bo i et rosa slott, kjøre rosa bil og ha en rosa skog rundt seg?"
- Jente, 16 år. Eg kan kome på éin...

Eg skal vere RAUDruss!

Diskrimingering
Det er mange av oss som skal vere russ neste år som har reagert på at det framleis berre er mogleg å vere rødruss, og ikkje raudruss. Det var heilt utroleg for meg å sjå dette! Er det verkeleg mogleg at ein har hatt to språk i Noreg i så mange år, og så er det ikkje mogleg å få russekort på nynorsk? Herregud. Og velvilje frå dei som driv med dette, kunne nynorskrussen sjå langt etter. For å sitere den frå russ.no som svara på spørsmåla: "Problemene med å gi dere ?raudruss? og ?blauruss? eller whatever er vel i hovedsak at det medfører en del tid og penger å tegne nye russekort, problemer i forhold til å implementere disse på nett, etc.".

Makan til idioti!!

Løysinga er rar
Eg må no lage eigenteikna russekort for å få vere raudruss. Så difor har eg klippa og lima litt, og teikna og laga dette:


Så no skal eg få vere raudruss!! :3 Dersom du òg vil vere raudruss og ikkje rødruss, kan du berre ta dette biletet og lime inn på ditt eigendesigna russekort!

Fantastisk sitat frå ein på russeforumet:
"Det at dere svette nordlendinger vil ha raudruss er det ingen som gidder å bry seg om. Her vårt land Norge er det Bokmål som er mest spredt, dermed mest etterspurt. Så derfor tar de seg ikke tid for at 100 av 50 000 skal få lov til å få være raudruss. Men ja, det er enkelt å fikse, så ser ikke grunnen til at det ikke blir gjort. Men ser også pointet i hvorfor det ikke blir gjort."

At slike meiningar og haldningar eksisterer i Noreg gjer meg seriøst kvalm, og eg hadde inndratt røysteretten til dette mennesket på dagen om eg fekk høvet! Det e rikkje måte på kva ein skal få høyre fordi ein skriv nynorsk. Merk at denne gutten er utruleg dårleg til å skrive sjølv..

Dagens utklipp frå blogg.no 5

Dagens kreative formulering:
"Fingrene mine er helt tørre etter å ha tatt i alle klærene på Vero Moda."

- Jente, 13 år. Luksusfelle?

Dagens "faen, jeg har ikke noe å blogge om, jeg tar det første jeg ser!!":
"Q - Hva synes du om planlagt nedetid?"
- Jente, 13 år, som bloggar om særs aktuelle tema.

Dagens "politisk ukorrekt og stolt av det":
"Afrika ditten, Afrika datten er alt jeg hører. I don't give a shit! Men jeg skulle stilt opp om pengene gikk til prevensjon i Afrika. Hvis det var det som var problemet. Men det er jo ikke det som er problemet, problemet er at folka der nede er fucked."
- Jente, 17 år, som ikkje veit kva problemet er. Nesten så eg vil lenkje til innlegget, for det er hårreisande kor ureflektert det går an å vere..

Dagens overskrift:
"alltid gøyt med nytt sminke"
- Jente, 13 år, med meget i grammatikk. Alltid to l-er i alltid!

Dagens "påskot til å blogge":
"Heisann... Har ikke hatt noe og blogge om i det siste.. så i går overnatta jeg hos Joakim.. ! :D vi spilte Cod 4, Skate2 og Dead ricing..."
- Ung gut som er sosial for å blogge om det.

Dagens "norsk er for pinglar":
" Nå kan du egentlig få lov til å kalle med bookworm, lover at jeg ikke blir sint for det."

- Jente, 17 år. Sjølv er eg litt av ein readinghorse.

Dårleg samvit?
Eg veit ikkje heilt om eg bør ha dårleg samvit for å poste desse utklippa. Det er jo ikkje berre latterlegt dårleg språk eg har klipt ut, det er òg artige formuleringar, rare ordval, setningar teke ut av samanheng som er artige i seg sjølv osb. Det er jo ikkje uthenging.

Men eg meiner heilt klart at alle som skriv noko i det offentlege rom, må forvente og tole at nokon legg merke til det dersom det er store grammatiske feil. Det er litt som å henge opp eit skilt kor det står "Soft is i krunkakekjekg" og ta seg nær av at nokon ler.

Merk at eg ikkje på noko vis ynskjer å framstille meg sjølv som ein perfekt språkbrukar. Absolutt ikkje. Eg vil heller ikkje seie at det er noko objektivt gale i å forsøple norsken. Eg har mange gode vener som nyttar engelske ord i annakvar setning, og det er ikkje alle som er teite..

Dagens utklipp frå blogg.no 4

Kvitrelova av 26. oktober 2009
§ 3. Det er etisk forsvarleg å le av dårlege formuleringar og anna dårleg språk i det offentlege rom.

Resten av kvitrelova kjem snart! Merk at ikkje alle fråsegna her er til å le av, nokre av dei er berre fantastiske.

Dagens fatale ordvalg:

"9 smarte tips mot en perfekt hud."

- Jente, 23 år, som har ni tips for perfekt hud.

Dagens "djuptgåande analyse av fjortismentalitet":
"Og det er så utrolig kjipt å gå med samme kjole to ganger på rad. Tenk hvis folk sier, "den hadde du på deg på festen for 2 måneder siden"?! Tenk så flaut. Du forstår meg sikkert. "
- Jente, 14 år. Nei, eg forstår ikkje.

Dagens engasjerte ungdom:
"I dag gikk jeg i fakkeltog. Jeg liker demonstrasjoner. Og jeg liker fakkel. Jeg vet ikke hva jeg var for eller imot. Vi var  på vei hjem, og havnet i mengden av folk med fakler litt tilfeldig, også fikk vi fakler. Det var godt og varmt, og jeg følte jeg var med på noe litt stort."
- Jente, 23 år, som er glad i faklar. Det viste seg å vere noko ho støtta.

Dagens overskrift 1:
"Første onkli e blogg ;)"
- Gut, 13 år.

Dagens "kursiv? Er ikkje det litt femi 'a?":
"Ja dette va den første o.n.k.l.i.e bloggen :D vi preikes.."
-
Same som over.

Dagens overskrift 2:
"Sex under trillebård i hagen."
- Jente, 14 år. Trillebår er ein ting, men "Trillebård" må vere ein smellfeit gut som heiter Bård?

Dagbladet-overskrift-kvitter

Kreativitetsoverskrifteri
Eg er ikkje noko glad i overskriftene til Dagbladet.no. Dei er til tider språkleg forferdelege, og eg gjev dei ein stor del av skulda for forfallet i norsk språk. Her er dagens gullkorn..
bilde 8
Saka i éin setning: Kongen møter ein muslim og seier at religionsfridom er viktig, men at han tykkjer kongen òg i framtida bør vere kristen, eit fråsegn som ikkje fell i smak hjå til dømes Human-Etisk Forbund.

Dagens nye ord frå Dagbladet:
  • Religion-kritikk: (Ikkje forveksle med "religionskritikk"!) Det er ikkje religiøs kritikk eller kritikk av ein religion, men kritikk av eit fråsegn som handlar om religiøsitet. Altså. Ja. Logisk.
  • Kristen-uttalelse: Fråsegn ("uttalelse") om at religionsfridom er viktig, men at kongen bør vere kristen. Eg forstår ikkje heilt kva ein "kristen-uttalelse" eigentleg er.
Tilgjorte tulleord. Blæ. >.<

Og så berre litt meir om språk...

Språkfeil som blikkfang
Språkfeil på plakatar trekk til seg merksemd, det har eg skrive bådde eitt og to innlegg om no. Her har vi eit noko interessant kebab-tilbod.
img0732

Og det var nok orddeling for i dag, la oss heller sjå på det kreative språket på framsida av Se & Hør.
img0736

Ny kropp = ny nase, nye tenner, nye puppar. Se & Hør oppsummerer kva som utgjer kroppen din, er det ikkje fint?
Sjokk-beskjed = beskjed om at det gjekk med venninna di slik det går med halvparten av befolkninga - ekteskapet enda i skilsmisse. Sjokk? Nah..
Danse-Carsten = i tillegg til å ha fått seg nytt kallenamn, har Carsen òg biologisk klokke. Når vart det overskriftmateriale at folk har lyst på barn?

Heile framsida samlar alle mine fordomar mot Se & Hør, eigentleg. Ei perfekt framside for Se & Hør må jo innehalde: Minst éin sak om kjendiskjærleik, minst eitt medlem av ein eller annan kongefamilie, minst éi sak om kroppsfornying og minst éi sak som handlar om eit brot.

Dagens lille utklipp
Eg må berre ha med dette. Eg vil kalle det dagens "eg har skjønt korleis ting heng saman", og sitatet er frå ein på topplista...
"Ja, det er dyreplaging med pelsindustri, hvem vet ikke det? Men pelsen som er i butikken er allerede laget, så hvorfor ikke kjøpe den, tenker jeg da."
- Ung jente med stor innsikt i kva som held pelsindustrien i live...

Men no er det sundag og eg er ikkje i kyrkja, moahaha!

Onsdag 14. oktober

Eit dagsinnlegg
Eg plar jo ha eit emne eller noko fast når eg skriv innlegg, men no kjem berre alt på ein gong. Gled deg.

Kjekslaus Gard
Gard tok utfordringa mi og syner oss at han ikkje berre er Ve-laus*, han er òg kjekslaus. Haha. (Alt ved Gard er ganske laust, høhø). Så no er det ein, to, tre stykk som har teke utfordringa. (Yoshi tel ikkje, for ingenting rimar på Yoshi, så han får ikkje vere med i den lille konkurransen) Du er sjølvsagt nestemann.



Frå innlegget til Gard.

Skolebøkene mine har fleire teikningar enn notat. Likevel gjer eg det ikkje så aller verst på skulen..
img0684
Mycket cool, svensk bloma.

Språk er makt, ingen tvil om det
Eg er utruleg glad i å skrive. Naturleg nok er eg då særs oppteken av korleis ein skriv, og eg ser verdien i å ha ein felles språknorm slik at alle som snakkar same språk, skriv det same. Difor er eg merksam på skrivereglar og slikt, og når nokon skriv utruleg dårleg, greier eg ikkje ta dei seriøst. Det er ikkje utan grunn at den enklaste måten å få nokon til å framstå som dumme, er å tilleggje dei språkfeil. Ta servitøren i Fawlty Towers som eit døme. (Que?)

Men så kjem det til kroppsspråk, og der står eg dårleg. Eg får ofte høyre at folk trur eg er redd, at folk trur eg sjekkar dei opp (haha?), at folk trur eg er nervøs osb. fordi eg står slik eg står, går slik eg går - du skjøner teikninga.

Er det då faretruande at eg stoppa opp og las denne plakaten fordi eg såg skrivefeil på fleire meters avstand?
img0717

Visdomen kann ein dylja, men Dårskapen ikkje

Rettslæretime. Vi ser grunnlova på stort lerret. Gode, gamle grunnlova på forferdeleg, vanskeleg dansk, frå 1905.

Nokre døme:

 

§ 1.Kongeriget Norge er et frit, selvstændigt, udeleligt og uafhændeligt Rige. Dets Regjeringsform er indskrænket og arvelig monarkisk.

§ 2. Alle Indvaanere af Riget have fri Religionsøvelse.

       Den evangelisk-lutherske Religion forbliver Statens offentlige Religion. De Indvaanere, der bekjende sig til den, ere forpligtede til at opdrage deres Børn i samme.

§ 99. Ingen maa fængslig anholdes, uden i lovbestemt Tilfælde og paa den ved Lovene foreskrevne Maade. For ubeføiet Arrest, eller ulovligt Ophold, staa Vedkommende den Fængslede til Ansvar.

Så kjem dette glimrande utbrotet frå ei i klassa: Hæ, er det på nynorsk?

Det var då eg kom til å tenkje på det fantastiske ordtaket Ivar Aasen samla; Visdomen kann ein dylja, men Dårskapen ikkje. (Å dylja vil seie å gøyme/skjule, gjere løynd.)

Dagens utklipp frå blogg.no

Sjølv eg har kome over desse utklippa i dag, er ikkje alle skrivne i dag. Nokre av dei er nokre dagar gamle.. Eg meiner ikkje å henge ut personar, eg tek berre dårleg språk ut av samanheng og lagar litt moro av det. Det må folk tole om dei fysrt skriv slikt.

Dagens
"den tenkjer eg satt":
"Fra nå av vil alle stygge kommentaerer sagt til Pappa & Mamma."
- Gut, 17 år, som er lei av stygge kommentaerer

Dagens "kva meiner ho eigentleg?":
"Tyggis avhening."
- Jente, 14 år, som anten er tyggisavhengig eller skriv eit innlegg om tyggisavvenning

Dagens overskrift:
"DU KAN SAMMENLIKNE MEG MED EN PINNE"
- Jente, 14 år. Innlegget er shouta med tre stjerner..

Dagens gledesutbrot:
"jeg kan ikke beskrive hvor glad jeg er nå! :o jeg er på topplisten på blogg.no over mest aktive på nummer 16!
Jeg klarer ikke sette ord på dette, jeg sitter her og griner og mista pusten når jeg fikk vite det! :D
"
- Jente, 15 år.

Dagens "gullkanta avtale":
"VÆR SÅ SNILL og annbefal min blogg så kan jeg anbefale din ? (A)
KYSS &&& KLEM :d :*"

- Jente, 14 år.

Dagens "faen, eg skriv om blogging, eg må ha eit bilete, eg tek det fyrste eg finn på google!":

Sett det før? Så klart! Om nokon skal bloggeblogge (altså blogge om blogging) og kjenner at dei må ha eit bilete i innlegget slik at dei som les ikkje kastar opp av keisemd, søkjer etter "blogg" på google og tek det fyrste biletet. Eg har sett dette biletet så ekstremt mange stadar no, at det måtte berre med.

Om eg nokon gong sjølv melder meg på ei slik anbefling, skal du få lov til å skyte meg. Om nokon skal anbefale folk å lese bloggen min, skal det vere på eiget initiativ, heilt uoppmoda frå mi side! Slik som pysjamasanja artig nok gjer i eit innlegg på bloggen sin. Slikt er koseleg å kome over. :3

Forslag til nye stadnamn

Slik det går fram av lov om stadnamn (som er på nynorsk <3), skal det "ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen".

På grunnlag av dette har eg kome fram til følgjande forslag til endringar av stadnamn i Noreg.
- Oslo bør heite Oschlo
- Tromsø bør heite Tromse
- Stavanger bør heite Stavangårrrr
- Elverum bør heite Ællverumm
- Skutnes bør heite Skvattnæs
- Ørsta bør heite Øsj-da!
- Sarpsborg bør heite Sjasjbår
- Majorstuen bør heite Majorstua

Har du fleire?

Eg kjem vel ikkje unna å lage ein illustrasjon? Nei.. Her kjem han:

Påfuglord? Pøh, kva med påfuglspråk?

Engelsk - eit påfuglspråk
Det er mange som nyttar påfuglord for å pynte på språket sitt. Ein skriv deklarasjon og ikkje erklæring, ein skriv aksessere og ikkje få tilgang til. Men kan ein ta dette ut av språket og bruke det på seg sjølv? Kan ein sminke seg med engelsk?

Ja!
Vi kan til dømes sjå på kallenamn, eller nick, på Nettby. Når folk lagar kallenamn, ender det ofte på -gutt(en) eller -jenta. Det er heilt vanleg. Men kor vanleg er det at det heller vert -boy eller -girl?
- Søkjeordet "%gutt" gjev 3574 treff
- Søkjeordet "%gut" gjev 4335 treff, (dette er jo inkl. alle frå "%gut")
- Søkjeordet "%boy" gjev 5000 treff, og antakeleg er det fordi ein ikkje kan få fleire treff enn det
- Søkjeorda "%jenta" og "%jenten" gjev 2128 treff(2047 og 81)
- Søkjeordet "%girl" gjev 3410 treff

- Her hadde eg lyst til å ha bilete av ein -boy og ein -gutt og samanlikne, men det hadde vore slemt..

- Slik vert du med ein gong du har kallenamn på engelsk! M-hm, så det, så! (Foto: ikkje meg)

Kvifor skal nokon vere boy heller enn gut (eller "gutt", for dei som ikkje klarer seg med éin t)? Kva? Er det noko eg har mistydd når eg ikkje heilt greier å sjå korleis folk vert kulare av å ha eit kallenamn på engelsk? Kvifor er det meir populært?

Noko meir påfallande er at vanlege, heilt ordinære ord er meir populære å skrive på engelsk enn på norsk, dersom det er snakk om kallenamn. Sjå til dømes her:
- "Darkness" får 20 treff, "mørke" får 0
- "King" får 547 treff, "konge" får 159, "kong" får kjempemange pga. ord som kongle, kongsberg, kongsgård, kongerud osb.
- "%Dog" får 679 treff, "%hund" får 348 treff
- "%Dragon" får 229 treff, "%drage" får 157
- "%fridge" får 2 treff, "%kjøleskap" får 0

Og kva med fargane?
- "green" får 150 treff, "grønn" får 0
- "blue" får 337 treff, "blå" får 0
- "red" før 540 treff, "rød" får 0, "raud" får 18
- "black" får 456 treff, "svart" får 160, "sort" får 71

Søk på fleire ting! Det er heilt påfallande! Engelsk er poppis i kallenamn!

Tenk over det; tykkjer du kallenamn er kulare på engelsk? Kvifor / kvifor ikkje?

(Forresten; det kjem eit slikt innlegg om engelsk i norske bloggar òg..)

Dagens utklipp frå blogg.no

Dette er inspirert av slike "sett og saksa"-spalter i aviser. Huhu. Eg ser så mykje rart, så eg har sett og saksa litt sjølv. Her er dagens fangst. Bloggadressane er løynde fordi eg ikkje vil henge ut folk, berre formuleringar!

Dagens "dakar liten":

"Har sett og hørt at kne støvletter er inn! Jeg som nesten nettopp har kjøpt meg ankel støveltter!:(   Ja,ja!  I dag da jeg var på shopping med Maria var det utrolig mange som hadde på seg kne støvletter! Og det føltest ut som om jeg var den eneste med ankel støvletter!"
- Jente, 13 år, om knestøvletter
Dagens "meget i engelsk":
"Black and hvite with a PINK tuch"
- Jente, 17 år, om eit antrekk
Dagens "heldiggris":
"Ja, jeg fikk kjøpt med touch mobil i går. Jeg er super happy. Den er vakker. Fikk masa meg til Samsungen, den er så nydelig. Love it:-) Så kom igjen å send meg meldinger for jeg svarer med å trykke på skjermen min!! :-)"
- Jente, 15 år, som ikkje veit skilnaden på å kjøpe og å mase til seg.
Dagens"fekk sagt det der, altså":
"Et kjent fenonem i høst er at a-symmetriske topper er inn! Jeg syns det er utrolig fint med de en-skuldrede-overdelene som skal sette høstens preg."
- Jente, 17 år, om asymmetriske toppar.
Dagens "godt sagt":
"Hvis jeg skulle gi dem en julegave, ville jeg ha gitt de et speil, slik at de kan se hvordan de ser ut."
- Jente, 17 år, om jenter med masse brunkrem.
Det var dagens utklipp!

Skjalg. Eit namn.

Skjalg
Frå norrønt Skjalgr - ("skjeløyd"). I 2005 var det 277 menn i Noreg som heitte Skjalg, i 2006 auka talet til 279. I dag er det 284 norske menn som ber dette fine namnet, 181 av dei har det som einaste førenamn. Det vert altså sakte, men sikkert fleire og fleire som heiter Skjalg her i landet! Eg har personleg aldri møtt nokon som heiter Skjalg, men eg ser jo no at sjansen berre aukar og aukar med åra. I tillegg er det 5 som heiter Skjalg til etternamn. Skjalg gjev 353 treff i Telefonkatalogen, dei fleste folk frå Stavanger som er så heldige å bu i Skjalgs gate, Hafrsfjord.

"Skjalg.jpg" - eit raskt søk på Google


Skjalg-statistikk
Tal frå Telefonkatalogen er behageleg meir detaljerte enn tala frå SSB. Av dei 153 som har Skjalg som einaste førenamn og som er registrert i Telefonkatalogen får vi desse tala:
- Dei fleste Skjalg-ar bur her i Oslo, her bur det 24 stykk. Fylket med nest flest Skjalg-ar er Nordland, med 19
- Færrest bur det i Aust-Agder og Hedmark, som berre har to Skjalg-ar i fylket
- Vel du ein tilfeldig kommune, er det 17,2 % sjanse for at det bur ein Skjalg der
- Landsdelen med flest Skjalg-ar er Austlandet, med 59 Skjalg-ar
- Sørlandet stikk seg ut som landsdelen med desidert færrest Skjalg-ar, der bur det berre 5

Og om vi legg til alle Skjalg-ane som har dobbeltnamn vert tala litt annleis, men det er no så.

Skjalg - passar til alt!
I Telefonkatalogen finn vi mange fine dobbeltnamn med Skjalg i seg. Det mest vanlege er faktisk Skjalg Arne, som heile fire nordmenn heiter. Skjalg går òg fint med andre, meir vanlege namn, som Skjalg Eirik, Skjalg Frode, Skjalg Yngve, Skjalg Joakim og Skjalg Kjetil. Av dei meir eksperimentelle, og desto meir spesielle, har vi Skjalg Birger, Skjalg Kyrre (tungekrøll?), Skjalg Gaute, Skjalg Trygve, Skjalg Otto og Skjalg Harry.

Og ikkje nok med at Skjalg er ein hit i dobbeltnamn, nokon har og klinka til med trippelnamnet Ronny Skjalg Magne!

- Heiter du Skjalg? Så kult, då!
Du har kanskje høyrt om enkelte namn som er som ein forbanning for barnet? Lars Saabye Christensen skriv i Halvbroren (fiiine boka) om guten Barnum som hatar namnet sitt over alt på jord. Det er mindre enn tre menn i Noreg som heiter Barnum i Noreg, det kan vere ingen. Eg må seie at Skjalg er mange gongar så fint som Barnum, men berre her i huset var det fleire som meinte at Skjalg ikkje var så fint.. Men det finst fleire kule Skjalg-ar i landet sjølv om ikkje alle er samde i at namnet er så mykje å koke suppe på! Om du googlar litt, finn du til dømes Skjalg Raaen - gitarist i Sambandet, som har spela med Åge Aleksandersen! Du kan altså kome langt her i livet sjølv om du må bruke litt ekstra tid på å presentere deg!

Eit stykk kul Skjalg der, atlså! Biletet er funne i denne artikkelen om Sambandet.

Kvifor dette innlegget om Skjalg?
I går kveld skulle eg kvitre litt i statusfeltet på Facebook om at eg tykte Tore Strømøy burde spore av for godt snart. I det høvet skulle eg skrive
skjeløyd, men det er jo gale. Ikkje at eg har noko imot å bruke det mot han, men det heiter ikkje skjeløyd på nynorsk. Men kva faen heiter det då?

Eg freista fyrst å pusle saman ord som kanskje kunne funke; skjeløygd, skjelauga, skråsynt. Det funka ikkje. Eg spurte søstra mi, ho kom med forslag; skakksynt, blingsande, kjegleøygd. Vi fann det ikkje. Kva skulle vi gjere? Det er ikkje nokon side på korkje Wikipedia eller Wiktionary. Vanskeleg. Til slutt slo søstra mi opp i nynorskordlista, i bokmålsordlista bakst i boka. Der sto det Skjeløyd = skjegløygd, vindøygd. Dette var den fyrste delen av ordjakta vi gjorde utanfor PC-/Mac-verda, så da fekk jo pappa snappa opp problemstillinga. Og trur du ikkje han visste det? Vi kunne berre ha spurt han, men det tenkte vi ikkje på. Menmen - det vart no eit fint innlegg om Skjalg?

Men det vi fann ut undervegs, var at det gamle, norrøne namnet Skjalg faktisk tyder "
skjeløyd"! Utruleg nok! Så dette vart eit innlegg om namnet Skjalg - til ære for Skjalg.

Norsk kusj

Artiklane våre
Vi har tre artiklar på norsk - ein, ei og eit, på bokmål: en, ei, et. Sjølv om hokjønsartikkelen ei er på god veg ut av austlandsdialekta og formelt bokmål og mistar terreng til hankjønnsartikkelen (berre les ein avisartikkel i til dømes Aftenposten og sjå kor mange hokjønsartiklar du finn), er artikkelbruk ein stor del av språket vårt.

Noko som er litt verre er når ein skal presisere at det berre er éin ting. Slik eg gjorde no; éin ting. Vi veit jo korleis vi seier dette; vi legg ekstra trykk på e-en, og då sleng vi på ein ´ for å markere dette i teksten. Éin ting. Jess. På same viset er det med hokjønsartikkelen. Ei vert til éi når vi skal presisere at det berre er éi einaste det er snakk om.

Problematisk vert det fyrst når folk skal skrive om knappheit inkjekjønsord. Når vi seier det, vil vi legge ekstra trykk på stavinga, men kva staving? Ein vert til éin, ei vert til éi og eit vert til eitt. Eller på bokmål: en > én, ei > éi, et > ett.

Kvifor skriv eg om dette? Jo, på ein blogg såg eg denne kommentaren, og då måtte eg jo berre nytte utklippet som eit døme på korleis ein ikkje gjer det. Legg òg merke til den kreative bruken av tankestrek og linjeskift.
bilde 12
Nokon som veit korleis eg får ramme rundt biletet? o.O Det funkar ikkje å skrive border="1" eller noko som helst.

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits