Alle innlegg i kategorien Språk- og litteraturkvitter

Klassikar: Nynorsk på Libris

For å verkeleg markere at eg har begynt å blogge nokolunde normalt igjen, er det på tide med eit innlegg med bilde av nynorskskilt på Grensen Libris.

















Og det var den daglege dosa nynorsk frå hjartet av Oslo. Det er alltid koseleg med nynorsk i Oslo, synest eg. Eg tar bilde av det eg ser.

I morgon kjem eit innlegg med Yoshi-barn i Berlin! ... igjen? Kva gjer dei denne gongen?

Korrekturlesaren Vegard

"Kva er mest konservativt?"

No har eg jobba ei lita stund med å redigere tekst og lesa korrektur på deltid i ei ikkje ukjent nynorskavis. Det er ein jobb eg trivst godt med, og når eg no skal posere med ei bok framfor ansiktet, er valet lett:


Finn-Erik Vinje er ein konservativ riksmålselitist, men han er flink med skrivereglar!

Vil du merke noko nytt på Kvitter no som eg er korrekturlesar? Jau, for første gong i livet har eg endeleg lært meg kommareglane. Ser du kommafeil i eit innlegg, er du velkommen til å seia frå! Det gjeld sjølvsagt òg for grammatiske feil, men hugs at eg - som alle andre - kan trykke feil iblant. Eg les aldri korrektur på blogginnlegga mine heller.

I avisa har vi inga husnorm, det betyr at alle journalistar og skribentar vel språkstil sjølv. For journalistane som skriv nynorsk, skal eg ikkje velja former for dei, men sjå til at dei er konsekvente i vala sine og at språket er fint og flyt godt. "Vil du skrive tåla med o eller å?" - "Kva er mest konservativt?" - "Med o." - "Då tek vi det med o."

Problem?

Ein støter på nokre problem når ein les korrektur på nynorsk, eit av dei er valet mellom ø- og y-former. For om nokon skriv fyrst, bør dei òg skrive fylgje - det vil eg tru dei fleste er einige i. Men følgjer former som syrgje, sylv og nykel med i same rekka? Det trur eg ikkje.

Etter læreboknormalen er ikkje dette valet noko anten - eller. Tilsette i offentleg administrasjon må skrive syster og bytte, tørst og sørgje, men kan velja mellom fyrst og først. Journalistar treng ikkje halde seg til hovudformene, men det kan vera vanskeleg å bestemme kva av desse formene som går hand i hand.

Heldigvis er "problemorda" veldig lite frekvente. Ofte får eg inntrykk av at skribenten ikkje veit at det finst ei alternativ y-form han/ho kan bruke. Nesten ingen vel å skrive nyste (garnnøste), hyrne (hjørne), stytte (gravstøtte), glytt (døra på gløtt), eller grysja (å grøsse). Eg vel å tenke at det går heilt fint an å velja vokal i desse orda uavhengig av om ein skriv med y- eller ø-former elles.

Har du spørsmål til korrekturlesar-Vegard, er det berre å fyre laus.

Forresten så har eg vore på landsstyremøte i Norsk Målungdom. Vi prata litt om bloggar på nynorsk.no-domenet, og eg har tenkt at eg skal laga ein kløyvd-blogg. Meir om det kjem seinare!

Dagens bokmålsglose: Eigen

Draumeyrket mitt er jo som kjent å vera samnorskkonsulent, dvs. utforme offentlege skilt og liknande slik at dei fungerer på både bokmål og nynorsk. Då slepp ein å krangle.

Det er stort sett to utfordringar ein støter på. Mange av formene som er felles for bokmål og nynorsk er klammeformer i nynorsk, og går derfor ikkje an å bruke i offentleg administrasjon. Eit anna problem er at mange av fellesformene er veldig uvanlege på bokmål. I dag skal vi sjå på ei av desse formene.

Eigen

Bokmål:
Din egen/eigen bil. Di egen/eiga bok. Ditt eget/eige hus. Dine egne/eigne barn.

Nynorsk:
Din eigen bil. Di eiga/[eigi] bok. Ditt eige hus. Dine eigne barn/born. 

Som du kan sjå, er det altså mogleg å velja fellesformer i alle kjønn og tal. Slike småord (som ingen og nokon) kan vera eit slit å få til på samnorsk, men akkurat eigen går fint. Den største utfordringa er at eg aldri, absolutt aldri, har sett nokon som helst bruke eigen på bokmål. Men kanskje dette blogginnlegget gjer ein forskjell?

Korfor skrive samnorsk?
Ikkje tru at eg oppfordrar folk til å skrive på samnorsk til vanleg. Samnorsk er forstyrrande både å lesa og å skrive, men det er ei fantastisk øving i norsk grammatikk. Du må øve deg på å omformulere, du må ofte skrive setningar på eit utal ulike måtar før det blir samnorsk, og det er ikkje minst gøy.

Eit døme på skilt som fint kan vera på samnorsk:

"Rent vann - en kilde til glede!" Desse skilta står langs Akerselva (og har ikkje blitt tatt ned etter klorutsleppet, merkeleg nok). Dei kunne fint vore formulerte "Reint vatn - ei kjelde til glede!" og vore grammatisk korrekt og innanfor hovudformene på både bokmål og nynorsk.

Eit lite nynorskkurs

Nokre lesarar ville at eg skulle skrive litt om det eg snakka om på nynorskkurset. Det kan eg sjølvsagt gjere:

St-verb
St-verb er verb som "å skjemmast" (skamme seg), "å møtast" (treffe kvarandre) og "å slåst" (å slå kvarandre). St-endinga kan kome av forskjellige, norrøne pronomen, dei fleste frå sik, som svarar til dagens seg. Desse verba endar på -s på bokmål.

St-verba har st-ending i alle tider og liknar veldig på dei "vanlege" verba dei er konstruert av. Bøyinga blir så klart lik:

- a-verb: å snakkast - snakkast - snakkast - har snakkast (av snakke)
- e-verb: å møtast - møtest - møttest - har møtst (av møte)
- j-verb: å spørjast - spørst - spurdest - har spurst (av spørje)
- sterkt verb: å finnast - finst - fanst - funnest/-ist (av finne)

Lær deg å kjenne att eit st-verb når du ser eit! Merk at alle st-verba har -ast i infinitiv (men ikkje "slåst"), elles endar dei på -est, -ast eller -st i presens.

Imponer læraren: Hugs presensform: Vi sest!

Passiv/aktiv
På nynorsk har vi berre passiv i infinitiv, på bokmål har vi i infinitiv og presens, og på svensk har vi passiv over heile linja. Passiv endar på -st på nynorsk, men må ikkje forvekslast med st-verba over. Passiv er så å seie berre i bruk etter modale hjelpeverb (som dannar futurum, altså med infinitivsforma av verba):
- Oppgåva må leverast innan fredag
- Billettane kan hentast i kiosken
- Du vil hugsast for vitsane dine

På nynorsk lagar vi passiv med bli/verte: Fuglane blir mata på onsdagar (bokmål: fuglene mates onsdager).

Er du i tvil om det er passiv eller st-verb? Prøv å skriv om til bli-passiv, då ser du raskt om setninga er passiv eller ikkje:
- Vi snakkast i morgon -> vi blir snakka i morgon (dette blei berre dumt)
- Det jobbast på spreng -> det blir jobba på spreng (denne er i passiv! Men skriv helst kven som jobbar på spreng...)

Viktige krav til konsekvens i formval
Gjer du eit val, så må du halde deg til valet. Det betyr at om du skriv med a-infinitiv, så må infinitiva alltid ende på -a, osv.. Slike val pleier å gå av seg sjølv på nynorsk, fordi dei som vel dei valfrie formene (som eggi eller sovi) er veldig bevisste på det (i motsetning til på bokmål, kor endingar på -a, -en, -et og -ene flyg om kvarandre i ei salig røre). Men vi har nokre viktige:
- y eller ø? Du som elev treng ikkje halde deg til hovudformene, derfor kan du alltid velje y eller ø i dei orda som har valfridom. Først, søsken, bøtte el. fyrst, sysken, bytte.
- e eller i? Supinum av sterke verb: kome, skrive, sove el. komi, skrivi, sovi
- diftong eller monoftong? Skriv du drøm, bør du òg skrive flom og glømme. Det einaste formelle kravet er til konsekvens i enkeltord, men det ser absolutt best ut med samanhengande val.

Forskjellen på -leg og -ig
Eg argumenterte for å halde på -lig som alternativ til -leg fordi det er vanskeleg å skilje frå l+-ig, men det var få som likte forslaget. Iallfall:

På nynorsk lagar vi ofte adjektiv og adverb med -leg: kjær + leg = kjærleg, år + leg = årleg. Andre gonger lagar vi dei med -ig: kraft + ig = kraftig, drift + ig = driftig.

Om eit ord sluttar på -l, får det ofte -ig, og ikkje -leg. Derfor skal det heite forskjellig, jævlig og stilig! Fleire ord av denne typen: frivillig, (full-)talig, kjølig, salig, tolig.

Ordtilfang: Kva er lov, kva er greitt?
Det er vanskeleg/umogleg å sette ei grense for kva ord ein har lov til å bruke i norsk. Ordlistene vil alltid ha litt etterslep: Det er heilt lov å bruke ord som chatte og blogge, sjølv om dei ikkje står oppført i ordlistene enno. Vi importerer og konstruerer nye ord heile tida, men ordlistene blir ikkje oppgraderte kontinuerleg!

Tidlegare var ein strenge på at ein ikkje fekk bruke ord som ikkje står i ordlista i nynorsk, slik er det heldigvis ikkje lenger. Det er likevel vanleg å ikkje bruke ord på an-, be-, -heit, -else, ge- eller liknande suffiks før dei står i ordlista. Det kan vere vanskeleg å hugse kva som er lov, men her er nokre hugsereglar:
- Dersom nynorsk har eit tilsvarande ord utan prefiks (eventuelt med preposisjon), tar ein ikkje opp ord med an- eller be-. (Altså kan ein ta inn beskrive fordi det skil seg frå skrive, men ikkje antal, fordi vi har tal på frå før.)
- Dersom nynorsk har eit ord med -ing som betyr akkurat det same, tar ein ikkje opp ord med -else: Vi har begynning, så vi treng ikkje begynnelse, men følelse er greitt, for føling er noko heilt anna.
- Ord på -heit kjem ikkje inn dersom vi har ord med -skap, -dom eller -leik frå før. (Friheit krasjar med fridom, verkelegheit går fint, evigheit krasjar med evigskap, svakheit går fint, sjølv om vi har veikleik og veikskap frå før)

Når det gjeld ord som foreløpig og nødvendig er det meste stort sett lov, sjølv om det er mest typisk nynorsk å skrive førebels og naudsynleg.

Presens av sterke verb
Til slutt tar eg eit punkt kor folk syndar masse, og det gjeld presens av sterke verb. Regelen er at sterke verb ikkje har ending i presens:

å finne - finn - fann - har funne/-i

Alle sterke verb kan få -er i presens, men det er klammeform og ser fælt ut:

å finne - finner - fann - har funne/-i 

Absolutt ingen sterke verb kan ha -ar i presens. Eg skrivar bok, ho finnar noko eller han sugar i fotball er kjempefeil! Skriv du -ar i presens av sterke verb, går du kjapt ned ein karakter. Og det er ikkje bra.

Om nokon lurer på noko meir, så er det berre å spørje! (Men obs: Eg er på landsstyremøte i helga, i ei hytte i Nordmarka.)

Kva er vanskeleg med nynorsk?

På torsdag skal eg halde nynorskkurs på den vidaregåande skolen eg gjekk på. Kurset skal vara i to timar og eg har fått nokre ønske om ting eg skal gå gjennom. Eg har sjølvsagt òg nokre punkt eg trur folk treng å lære, men kva er det eigentleg som er vanskeleg med nynorsk? No er det først og fremst dei med nynorsk som sidemål eg har i tankane, så klart.

Lista ser foreløpig slik ut:
- Substantiv: viktige avvik, viktige grupper hokjønnsord
- Svake verb: kort om a- og e-verb, litt om kortverb, mykje om j-verb 
- Sterke verb: Gå gjennom hovudtypane, pugge mønstera
- St-verb: ulike typar, hugsereglar for bruk og bøying
- Passiv/aktiv
- Viktige krav til konsekvens i formval (y/ø, -e/-a, -i/-e, -a/-i)
- Forskjellen på -leg og -ig (herleg, men kjølig) (dette imponerer lærarane!)
- Pronomena de, dykk og dykkar
- Uregelrette verb: Gå gjennom dei viktigaste
- Samsvarsbøying: av partisipp, adjektiv, nokon, ingen, eigen...
- Ordtilfang i nynorsk (kva er lov, kva er greitt)
- Koss få det til å "låte nynorsk" 

I tillegg til dette er målet så klart at dei òg skal lære litt om bokmål og språkhistoria, at vi hadde klammeformer i bokmål inntil 2005 og at nynorskordlista vil bli mykje ryddigare neste år. Om det er interesse for det, vil eg òg lære folk å skrive på i-mål, kløyvd infinitiv, forklare forskjellen på svake og sterke hokjønnsord og sånne andre ting som eg synest er kjempefantastiske.

Kva ville du ha lært på eit nynorskkurs?

Hugs at eg er meir enn villig til å svare på spørsmål om nynorsk grammatikk på bloggen. Eg kan ikkje alt, men eg kan mykje.

Nynorsk og riksmål i Oslo

Som seg hør og bør

... held eg fram med å dokumentere all nynorsk eg kjem over i Oslo. Dette skiltet såg eg på Vinmonopolet på Oslo S, kor det tydelegvis jobbar ein nynorskbrukar:



Eigentleg er det jo berre eitt (eller "éit", som mange skriv) ord som gjer denne lappen nynorsk, men det eine ordet gjorde dagen litt betre!

Og så riksmålet

Det fantastiske med denne lappen, som heng på Rema 1000 i Torggata, er at dei bruker høfleg tiltale. Det er sjeldan å sjå, og sjeldan særleg vellykka. Men akkurat her tek det seg veldig fint ut, og eg kunne ikkje anna enn å smile og dra fram mobilen då eg såg lappen:



Høfleg tiltale. Eg liker det.

Bokhyllekrigen: Pensum vs. Paasilinna II

Bokhyllekrigen ein gong til

Sjølv om eg bør lesa pensum og skrive oppgåver, har eg no kasta meg over endå ei bok av Arto Paasilinna. Denne gonen Harens år, som er den mest kjende boka hans. Overraskande nok er det ein hare som er utgangspunkt for forteljinga...



Det eg burde ha lest, er boka Ein mot alle, ein biografi om Kristofer Uppdal. Eg har skumma gjennom og funne eit avsnitt som kan vera relevant til oppgåva eg skriv om eit dikt av han, men eg føler at eg må lesa heile boka likevel. Kristofer Uppdal er, som Trygve Gulbranssen, ein forfattar som har fått ufortent lite merksemd etter sin daud. Uppdal var stor i samtida si, både i Norge og i utlandet, men eg hadde aldri høyrt om han før eg fekk ei av bøkene hans som prosjekt på vidaregåande.



Det synest ikkje så godt på bildet, men Uppdal-biografien er mykje større enn Paasilinna-boka.

Kven vinn?

Det blir nok Uppdal som vinn i dag og i morgon. I helga skal eg på hyttetur, så det må vera lov med ei bok til peiskos, men på måndag igjen er det Uppdal-tid, for då skal oppgåva leverast. Tjolahopp.

Ymse

Målungdommen arrangerer sommarleir [sumarleir], i år på fantastiske Vinstra. Kom kom kom! Det er imot avtalevilkåra på blogg.no å verve til organisasjonar gjennom bloggen her (sjølv om mange lokallag av ymse parti og ungdomsorganisasjonar har blogg på blogg.no), så eg kan ikkje gjera anna enn å oppfordre folk om å koma på sommarleir.

Har du spelt sjokolademjølk-spelet til Q-meieria? Det er veldig artig, ein skal riste ein kartong på så nære ti sekund som mogleg. Eg har klart 10 blank (stolt), så no treng eg femti poeng for å kunne delta i finalen. På deltakarsida mi kan du gi meg eit poeng, om du vil. Slik eg har forstått det, held det å besøke sida, så får eg eit poeng.

Dette innlegget er forsøkt skrive med kløyvd infinitiv. Funka det?

Eg må blogge oftare, eg kan ikkje ha så mykje på ymist. Dessutan blir det veldig vanskeleg å kategorisere innlegget.

Røyking og likestilling i bokmålsordlista

Under arbeidet med bokmålsrettskrivinga av 2005, var eitt av prinsippa at fortidsformene -a og -et av svake verb skulle vere mest mogleg likestilte. På grunn av dette blei det innført massevis av nye (og gamle) former, og riksmålsbevegelsen kunne feire med kake for alle dei gamle -et-formene som kom tilbake.

Forkjemparane for radikalt bokmål hadde ikkje same grunn til å feire. Mange a-former blei ofra i likestillingas namn, blant anna baka, tala og spara. Sidan desse verba ikkje kunne ende på -et i preteritum, var det best å berre la dei ende på -te. Det same gjaldt ikkje for -et-formene, dei kunne fint stå saman med -te/-de utan selskap av -a: Bygget, breiet, forenet, krevet, næret og skyllet er nokre av ei lang liste former som bryt med likestillinga av -a og -et.

Gleda var derfor stor då eg oppdaga eit verb som gjekk mot straumen: å røyke, som i preteritum berre kan heite røyka eller røykte! Det finst altså litt rettferd i verda. (Og ikkje minst: Er eg den einaste i verda som greier å synast at dette faktisk er litt festleg?)

Dei som vil kan jo lese i oversikta over endringane i 2005. Der har dei lista opp alle verb som mista former og alle verb som fekk nye. Som de ser var det mange verb som mista a-former, mange verb som fekk både a- og et-former, mange verb som fekk berre et-former, men ingen (!) verb som mista et-formene. Nemnda tolka "mest mogleg likestilt" ganske fritt, vil eg påstå.

(Det høyrer med til historia at det monoftongerte alternativet, å røke, til gjengjeld berre kan heite røkte eller røket i fortid, aldri røka. Eg lurer litt på kva ordlisteredaksjonen røykte då dei førte opp denne bøyinga (fnis).)

Prat om språk



Godtepose frå Språkrådet

"Goodiebag"

Frå Språkrådet fekk vi med oss litt av kvart. Best av alt var berenettet (som alle institusjonar med respekt for seg sjølv får trykt opp i desse dagar) med artige teikningar på!





Kjempekjekt. Oppi der fekk vi ha blant anna nokre brosjyrar om kva Språkrådet er og gjer, om rettskriving og blabla. Det meste hadde eg faktisk frå før, for dette kan ein bestille gratis frå nettsidene til Språkrådet, og det har eg så klart gjort, nerd som eg er, men det påfallande var at vi fekk nynorskversjonar av alt. Nokre av tinga var nynorsk på eine sida og bokmål på andre, men dei fleste brosjyrane kjem i to utgåver.


Siste utgåve av Språknytt.


Informasjon om klarspråk. Bokmål på baksida.








Klarspråk-kalenderen 2011! Kjekk å ha, men eg får ikkje spikre opp noko i veggene her.. :C.


Dette er altså eit bokmerke. Bokmål på baksida
.

Vi fekk òg ein Klarspråk-sjokolademynt, men den åt eg opp. Nokon penn fekk eg ikkje, men dette var jo kjekt nok.

Gutesveis og Paasilinna-påfyll

"Kort ved øyra"

Eg har blogga litt om frisørvanene mine før, men no vil eg erklære at den mannlege frisøren på hjørnet (hjørnet ved der kjærasten min bur, altså) er favorittfrisøren min. Gjennom tidene. Eg berre går inn og seier "hei, eg skulle ha stussa skallepelsen litt, eg, helst så fort som mogleg", og så seier han "ja, har du fæm minutt, så kan æ årne dæ, bærre sitt å vænt". Kvar gong.

I dag sa eg at eg ville prøve noko litt nytt. Noko kort. Og eg føler meg altså som ein gutunge no. Og betre blei det då han rota fram ein blå og kvit voks-boks eg drog kjensel på med ein gong. Det var den same voksen eg brukte då eg var - nettopp - gutunge. Så no både kjenner eg meg, ser ut og luktar som ein gutunge. Kjekt.


Han klinte i drygt mykje voks, då. Blir nok betre når eg får vaska det litt ut. Det blei nesten Loddefjord-sveis. Nesten.

Paasilinna-påfyll

Eg har igjen synda mot pensum og gått på biblioteket og lånt meg utanompensumlitteratur. Eg måtte berre ha meir Paasilinna, og no har eg begynt på Den senile landmåleren. Eg har kome ein firedel ut i boka, og foreløpig handlar òg denne boka om nokre sære folk som dreg land og strand rundt i Finland. Men det er jo artig nok, det! Eg lånte òg Den ulende mølleren. Om òg den boka handlar om sære finnar som dreg land og strand rundt i sitt eige land, så blir eg litt skeptisk. Men vi får sjå.



At taxien har nummeret 777 har det ikkje stått noko om i boka enno, så vidt eg har sett. Eg tenker berre på sånne einarma bandidattar, kor "777" er toppgevinsten. Eller deromkring.

Har du lesi Paasilinna?

Boka som får deg til å krølle tunga på bussen

Arne Torp - R. Ei urokråke i språket



Denne boka blei eg eigentleg ferdig med for nokre dagar sidan, men har ikkje fått somla meg til å skrive om ho før i dag. Iallfall er dette ei bok du bør få med deg, iallfall om du lurer på korfor du uttaler r som du gjer og korfor dei på andre sida av landet gjer det annleis.

Denne boka er liten og ikkje så lang, men Torp rekk likevel fint å ta oss med på ei historisk reise i r-ens historie. Sjølv om boka handlar uforholdsmessig mykje om Tvedestrand og Arendal, kan alle r-uttalarar i landet finne noko relevant i denne boka. F.eks. fekk eg endeleg (nesten) svar på korfor eg seier lærærn og ikkje lærern, når eg jo seier lærer med e-lyd. Og kva i alle dagar er ei eigentleg ein retrofleks lyd?

Krølle tunga på bussen

Eg les mykje på bussen og eg køyrer mykje buss. I denne boka får du høyre om eit utal ulike måtar å uttale r og r-relaterte lydar på, så eg sat sjølvsagt på bussen og mimte og prøvde å etterlikne dei. Det meste skjer inni munnen, men her prøver eg å demonstrere utgangspunktet for ein retrofleks lyd: Ein bøyer tunga bakover (retro = bakover, fleks = bøying, eller noko tilsvarande):



Slikt gjer dei ikkje på Vestlandet, trur eg.

Eg har lært utruleg mykje av denne boka, ikkje minst er fagtermar og lingvistiske omgrep forklart på ein forståeleg og samtidig underhaldande måte. Dette er ei populærvitskapleg bok, sjølvsagt, men kva er vel i vegen med det.

No kan eg iallfall vite at det er r-en som et opp k-en i mørkt, slik at det rimar på tørt, og at det er r-en som har skylda for at britar, sørlendingar og danskar snakkar så rart.

Og, heldigvis, spår Arne Torp at skarre-r-en ikkje vil ta over landet. Det hadde jo vore kjipt, for skarre-r lar seg vanskeleg kombinere med retrofleksar (sjølv om det går an), og retrofleksar er mykje kulare enn skarre-r.

Boka får du for ein hundrings på Mammut-sal, eventuelt kan du jo gjere som meg og låne ho på biblioteket.

Høyring om ny nynorskrettskriving

I dag gjekk fristen for å sende inn høyringssvar ut, og eg fekk somla meg til å sende inn eit svar eitt minutt før fristen. Eg vel å tru at dei sjølvsagt hadde latt svaret mitt bli med om eg hadde korrekturlese det først og sendt det inn fem minutt seinare. Menmen. Eg sendte dei ein korrekturlesen versjon seinare, som blei lagt ut.

Då er det berre å setje seg ned og lese! Eg har no lese gjennom meir eller mindre alt nemnda har fått inn og eg er mildt sagt sjokkert. For det første er eg sjokkert over koss institusjonane og enkeltpersonane er så langt frå kvarandre. Så godt som alle enkeltpersonane som har sendt inn høyringssvar, er for å halde på kløyvd infinitiv. Eit fleirtal av institusjonane skriv berre at dei støttar forslaget om å ta det ut.

Skuffande få er positive til å halde på -lig, veldig få har grunngitt synspunktet. Spesielt merkeleg er dette sitatet, frå ungdomstrinnet på Vassenden skule i Jølster (det er uklart om det er elevane eller lærarane som har skrive høyringssvaret): Vi ønskjer -leg, ikkje -lig (sjølv om elevane i stor grad brukar -lig). At elevane i Jølster, som kjem til å vere nynorskområde til Dovre fell, i stor grad vel å bruke -lig er eit veldig godt argument for å halde på forma!

Set deg ned og bla gjennom høyringssvara som er sendte inn og sjå kva som rører seg! Gjett gjerne kva høyringssvar som er mitt, men hugs at eg ikkje vil ha fullt namn på denne bloggen. Så kan vi gjerne diskutere det eg skriv i brevet, eg forventar at nokre lesarar er djupt ueinige med meg (de veit kven de er) i det meste.

Bondestudentar

Arne Garborg - Bondestudentar



Førre veke las blant anna denne boka, og ho er verd å lese for alle, sjølv utan litteraturhistoriebriller, ikkje minst for språket. Boka er frå 1883 med handling lagt til ein gong til 1870-talet. Vi møter ein bondegut som blir hjelpt fram av prestar og lærde og til slutt endar opp som student i Kristiania. Artig.

Boka er naturalistisk, men er ofte ganske ironisk. Denne typen danningsromanar, som fortel om ei personleg utvikling, viser oss ein hovudperson vi skjønner at vi ikkje burde strebe etter å vere som, utan at det nokon gong blir skrive i klartekst. Eg syntest, ikkje overraskande, at boka var ganske morosam, men om ein les boka i lys av si eiga samtid, er det meir tragisk. Men, det er no slik eg les bøker.

Midlandsmål (?)

Garborg var målmann og var ein av dei som arbeidde vidare med grammatikken i landsmålet til Ivar Aasen. Garborg sto saman med Rasmus Flo for den landsmålsgrammatikken som ikkje blei vald til hovudform av Stortinget, nemleg Midlandsnormalen. Observante lesarar legg merke til at boka på biletet i dette innlegget ikkje er den same boka eg har blogga om før. Denne boka er ein litt annan versjon, med nokre endringar i språket. Eg bytte bok om lag halvvegs i boka.

Noko eg kan seie om språket i boka, er at det er i-mål, kløyvd infinitiv, i-supinum og y-former. I tillegg er det bruk av fleirtalsformer som -or, -ir og -ur, som ikkje er med i moderne nynorsk (med unntak av -or, som er klammeform for -er av svake hokjønnsord). Elles bruker Garborg fleirtalsbøyinga -ar for både han- og hokjønnsord med omlyd: hendar, bøndar, bøkar, mennar. Det ser unekteleg litt merkeleg ut. Samsvarsbøyinga av sterke verb er gjort med i-vokal: ein slitin gut.

Så denne boka er ikkje berre ei reise til ei studenttilvere i ei anna tid (som ikkje er så reint ulikt studenttilvera i dag), men òg ei reise i språktid, om ein kan kalle det noko sånt. Sjølvsagt finst det dei som har teke vare på arven etter Garborg og framleis skriv midlandsmål (eg er litt usikker på nemninga, for denne boka er skriven før namnet "midlandsmål" kom til, og det er nok nokre forskjellar), og flott er det.

Noko som var litt uvant i den eine versjonen eg har, er at stum -t i bestemt form eintal av inkjekjønnsord var borte. Altså blir det "boki låg på borde", "i dette lande" osv.. Men det går fort å venje seg til.

Så. Les!

Denne boka er anbefalt.

Elles held eg no på med R. Ei urokråke i språket av Arne Torp. Ei heil bok om r. Fantastisk. Eg les ho på bussen og sit og beveger tunga og leppene for å skjønne kva han skriv om. Fantastisk bok.

Riksmålsforbundet vil ha "Norge" i nynorsken

Ein høyringsinstans

I lista over høyringsinstansar som skal få sitt å seie om den nye nynorskrettskrivinga, finn ein Riksmålsforbundet. Det er litt komisk, for Riksmålsforbundet skriv i svaret sitt (som er lagt ut på Språkrådet sine nettsider) at dei har programfesta at dei ikkje skal meine noko om normering i nynorsk. Men det har eitt unntak: Landsnamnet. Og sjølv om ein skulle tru annleis, er eg heilt einig med Riksmålsforbundet. No må vi få skrive "Norge" på nynorsk utan å få raud strek.

Ikkje uvanleg

Ei lang rekke profilerte nynorskforfattarar, som Ragnar Hovland, Kjartan Fløgstad og Are Kalvø, har valt å skrive "Norge" på nynorsk. Forma "Norge" finn vi òg blant dei som er bundne av offisiell rettskriving, kor "Noreg" altså er eineform. Både på NRK og TV2 (som har nynorskkvotar å fylle) og i f.eks. stillingsannonsar frå det offentlege finn ein "Norge".

Og som du kanskje merka ein gong for lenge sia, gjekk eg sjølv frå å skrive "Noreg" til å skrive "Norge" fordi eg ikkje såg nokon god grunn til å halde fram med å skrive "Noreg".  Ivar Aasen valde "Norig" i landsmålet sitt, sjølv om han og dei fleste andre nordmenn sa "Norge", og - som Riksmålsforbundet poengterer - har forslaget om å tillate "Norge" i offisiell nynorsk vore oppe til diskusjon fleire gonger. Siste gongen var det Departementet som sette foten ned for "Norge". Eg lurer på kva som var grunnen til det.

Openbert ikkje eit normeringsspørsmål

Som Riksmålsforbundet har fått med seg, har ikkje rettskrivingsnemnda heller i denne omgangen diskutert saka. Eg lurer på kva dei i så fall hadde kome fram til. Sjølv meiner eg at både "Norge" og "Noreg" burde vere lov på både bokmål og nynorsk. Kva meiner du?

Bondestudent - eg?

Garborg-jubileum

I år er det 150 år sia Arne Garborg blei fødd, kva er vel meir naturleg enn å ha litt Garborg på pensum? No skal eg i gang med Bondestudentar av Arne Garborg (på ein eller annan måte samtidig med Fröken Julie av August Strindberg) og vere ferdig om nokre dagar. Eg har ikkje lese mykje av Garborg frå før, berre nokre små dikt og sitat, så det blir spennande!

I tillegg til å skrive, var Garborg ein kjend målmann. Han arbeidde med normering av landsmål/nynorsk og stod saman med Rasmus Flo bak midlandsnormalen som var eitt av to framlegg til offisiell rettskriving i nynorsk/landsmål frå nemnda som blei sett ned av Stortinget kring 1900. Stortinget valde den andre nemnda Hægstad-normalen, men lot midlandsnormalen stå som tilgjengeleg sideform for dei som ville. Med seinare rettskrivingar døydde restane av midladsnormalen ut i nynorsk rettskriving (dette er veldig grovt og kort fortalt, altså), men enno skriv mange på denne språkforma, og trivst med det.

Det står ingenting i boka om denne utgåva er modernisert eller akkurat slik Garborg skreiv ho i 1883, men av det eg kan sjå av å skumme gjennom den første sida, er at det ligg tett opptil landsmålet til Ivar Aasen. Det er kjekt å lese, det!

Snjovar yvir Oslo / J. M . Coetzee

Makan til vind

I dag vakna eg av at vinden blåste masse snø rundt omkring på det vesle taket utafor vindauget mitt. Eg ante ikkje at uroleg luft kunne lage så mykje bråk, men det var eit forferdeleg lurveleven, så då eg først hadde vakna, var det inga råd for å få sove igjen.


Det er slike dagar ein ser ut av vindauget og tenker ein skulle hatt truger..

Biletet tok eg då eg kom heim frå universitetet, men på morgonkvisten i dag var det forferdeleg masse snø i vinden òg. På Blindern, som er eit stort, flatt område med mange høge hus, følte eg nesten at eg letta då vinden var på sitt verste.

J. M. Coetzee - Mesteren fra Petersburg

Det er så lenge sia eg har posert med ei bok framfor ansiktet, så eg skal gjere det no:



Boka er altså Mesteren fra Petersburg av J. M. Coetzee - ein forfattar eg ikkje veit nokon ting om og aldri hadde høyrt om før eg fekk denne boka til jul. Fyren har visst vunne nobelprisen i litteratur, og eg har kome såpass langt i boka at eg ser at fyren utan tvil har eit talent for å skrive, men ein djupt tragisk roman lagt til Russland på slutten av 1800-talet er nokså fjernt frå kva eg pleier å lese elles. Eg får gi det ein sjanse, tenker eg.

Logobyte

Er det nokon som har sett at eg på framsida har ein ny logo? På innlegg-, arkiv- og kategorisider er det framleis den gamle logoen, men på framsida er det den nye. Eg stal like greitt den gamle logoen til Twitter mens eg var i gang.

Er det nokon som har forslag til ein flott undertittel til bloggen min? Som liksom oppsummerer kva Kvitter er i ei lita setning? Eg slit veldig.

"Du kan få ein klem hos meg"

Noko nordnorsk?

I det siste har eg høyrt fleire eksempel på ein bruk av ordet "hos" som kjennest uvanleg for meg. Det verkar som om "hos" kan erstatte både "frå" og "av" og blir brukt når noko blir gitt eller fått.

Etter litt googling får eg bekrefta at uttrykksmåten "få ein klem hos" er vanleg. Blant google-treffa som lar seg plassere på kartet er det Nord-Norge som stikk seg ut, og ikkje berre blant blogg- og foruminnlegg: I ein artikkel i nettutgåva av Troms-avisa Folkebladet, om folk som delte ut gratis klemmar på eit kjøpesenter, er "klem hos" brukt ikkje mindre enn tre gonger. Men i alt gir både "kyss hos" og "klem hos" få treff.

I tillegg til bruk om "kyss" og "klem" har eg òg høyrt det bli brukt om gåvegiving. Det var ein trønder som snakka om noko ho hadde gitt dottera si til jul: "Det ho fekk hos mæ te jul". Med meir normert preposisjonsbruk altså: "Det ho fekk av meg til jul". Det eg finn av denne "hos"-bruken på nett er òg i all hovudsak blogg- og foruminnlegg frå dei tre nordlegaste fylka våre, aller flest frå Nordland.

Denne preposisjonsbruken er heilt ukjent for meg som Oslo-gut, men eg er nysgjerrig på om denne bruken av "hos" (eventuelt "hjå" der ein seier det) er vanleg andre stader i landet. Er dette vanleg der du kjem frå?

Lykke for 10 DKK

Ei helg med båt

Som del av bursdagsgåve, fekk eg ein tur til København (Kjøbenhamn?) frå kjærasten min, så laurdag ettermiddag sette vi oss på danskebåten, og etter ei bølgete natt var vi framme. Av artige ting på båten kan eg nemne at dei tydelegvis ikkje var blitt einige om meldingane over høgtalarane skulle lesast opp på dansk og engelsk eller norsk og engelsk, så dei blei lese opp på svensk og engelsk...

København er ein byggeplass, akkurat som ein viss annan skandinavisk hovudstad...



Og ja, sjølvsagt var Yoshi med på turen. Eg fekk ikkje teke bilete av så mange gateskilt og slikt, men eg tok då nokre bilete av ting som var litt artige:


Ein eller annan demonstrasjon framfor rådhuset tidleg på sundag. På skilta stod det "Unlaced Love!" og dei ropte etter fridom og kjærleik mens dei filma seg sjølv. Det heile framstod som temmeleg merkeleg.


I København er det masse interiørbutikkar. Masse dyre interiørbutikkar med masse fine fargar. Lite gardiner, då.






Kjærasten min blei utruleg flau då eg begynte å le høgt og drog fram kameraet for å forevige denne omdøypinga.

Og så høgdepunktet

Turen nådde eit slags høgdepunkt då vi sveipa innom ein daglegvarebutikk på veg til båten og fann Dinosaurus-kjeks med mjølkesjokolade til 10 DKK per pakke. Eg kjøpte med meg åtte pakkar heim. Tjohei. Det blei òg litt anna snop på turen.



Lese på båten?

På vegen til København var det så bølgete at det var vanskeleg å sitje og lese utan å bli kvalm, men eg fekk no lese litt likevel. På veg tilbake var det betre. Eg har lese Peer Gynt med litteraturhistoriske auge og kome godt i gang med Kollektivt selvmord av finnen Arto Paaliini.. Paallist.. Eh.. *googlar* Arto Paasilinnas. Boka handlar om finske sjølvmordskandidatar og er stappfull av galgenhumor og anna humor. Boka oppfyller alle fordommar mot Finland og er rett og slett styggartig. Eit noko merkeleg bokmål ("hentet flaska") står i vegen for den heilt store lesaropplevinga, og eg meiner som vanleg at denne boka og mange andre bøker hadde gjort seg betre på nynorsk, men det får så vere. Originalspråket er finsk og boka er veldig underhaldande frå første setning.

For å sitere litt frå boka, vel eg det finske ordtaket som står heilt først i boka: Døden er det aller viktigste i livet, og heller ikke den er særlig viktig.

Den googlesøk-baserte nynorskhjelpelista

Innkomne Google-søk

Google står for ein del av den innkomne trafikken til Kvitter, og veldig mange av dei som kjem innom etter å ha søkt på Google, leitar etter nynorskhjelp. Google greier sjeldan å sende dei til innlegg kor dei faktisk kan finne svaret, derfor har eg no samla nokre populære Google-søk som har kome til bloggen min i den googlesøkbaserte nynorskhjelpelista. Forhåpentleg vil Google greie å sende folk hit.

Eg er ikkje i tvil om at veldig mange òg googlar med rettskrivingsspørsmål om bokmål, men dei finn sjeldan bloggen min, naturleg nok..

Lista er alfabetisk.

Tips: Dei fleste nettlesarar har søkjefunksjon. Ofte ctrl+f på PC og cmd+f på Mac. Bruk for å søkje etter det du leitar etter!

Anbefale - Anbefale og anbefaling er lov på nynorsk.
Ansikt - Både ansikt, andlet og fjes er like lov på begge målformer.
Auge/auga - Auge går anten slik: eit auge - auget - auge - auga, eller slik: eit auga - auga - augo - augo.
Begynnelse - Denne forma er ikkje lov. Sjå begynning. (Eller byrjing, førstning, start)
De - dykk - Andre person fleirtal heiter de - dykk. De må vaske dykk. Svarar til dere - dere på bokmål.
Dialekta/dialekten - Foreløpig kan dialekt berre vere hankjønn.
Diverre/dessverre - Her står du fritt til å velje. Du kan òg skrive di verre eller dess verre.
Foreløpig - Du kan skrive foreløpig på nynorsk (og du kan skrive førebels på bokmål!)
Forhåpentligvis - Du kan skrive både forhåpentleg og forhåpentlegvis på nynorsk.
Følelse - Tillatt på nynorsk, hanskjønnsord. (Ev. kjensle.)
Heileskaking - Betyr hjerneristing ("hjernerystelse" på dansk) og er noko uvanleg i bruk.
-heit - ord på -heit er hokjønn: svakheita, verkelegheita.
Hjarte/hjarta - Hjarte bøyer du anten slik: eit hjarte - hjartet - hjarte - hjarta, eller slik: eit hjarta - hjarta - hjarto - hjarto.
Inkje - Pronomenet ingen har inkjekjønnsforma inkje på nynorsk. Det betyr det same som "ikkje noko" eller intet på bokmål. "Intet dyr å se", "inkje dyr å sjå". (Inkje kan ein òg bruke for ikkje i trykksterk stilling, altså: "han har eg inkje sett", men likevel "eg har ikkje sett han", kursiv markerer trykk.)
Klammeformer - Sidan 1938 har ordlista vore delt i hovudformer til bruk i lærebøker og klammeformer som elever kan bruke om dei vil. Ein skal etter planen gå vekk frå systemet i 2012.
Likar eller liker? - Dette er valfritt. Å like - likar - lika - har lika eller å like - liker - likte - har likt.
-løshet - Ord som sluttar på -løshet på bokmål, sluttar på -løyse på nynorsk. Arbeidsløyse, søvnløyse.
-løyse - ord på -løyse er hokjønnsord.
Naudsynleg - Eit fint ord som betyr det same som nødvendig, turleveg..
Noreg/Norge - På nynorsk kan landet vårt berre heite "Noreg", enn så lenge.
Nyhende/nyheit - Ei nyheit er noko som er nytt, og kan vere f.eks. eit nytt produkt eller ei ny hending. Eit nyhende er berre ei hending. Nyheit kan brukast om både nyheiter og nyhende, men nyhende kan berre brukast om nyhende. Sjølv bruker eg nyhende om nye hendingar (naturleg nok) og nyheit om nye ting.
Nødvendig - Både nødvendig, nødvendigheit og nødvendigvis er lov på nynorsk.
Osb. - Osb står for "og så bortetter" og betyr det same som "og så vidare" (osv.).
Personlegheit - På nynorsk heiter det personlegdom.
Salg - Dette skal skrivast utan -g: sal. Bm å selge er på nn: å selje - sel - selde - har selt.
Selveste - sjølvaste.
Tilrå - Eit fint verb som betyr det same som å anbefale.
Ønskjer/ynskjer - Desse verba er sidestilte.
Ønske/ynske - Desse substantiva er sidestilte.
Øyre/øyra - Øyre er anten: eit øyre - øyret - øyre - øyra eller eit øyra - øyra - øyro - øyro.

Har du tips eller ønske til kva nynorsktips som kan stå i denne lista, så kom med det. Eg har møtt på masse slike spørsmål mens eg har lagt om frå bokmål til nynorsk, og om eg ikkje kan svare, veit eg kor eg skal leite.

For øvrig lurer eg på om oppsettet er godt nok. Det kunne kanskje vore betre å ha lista slik:

Osb. Betyr "og så bortetter" og er eit alternativ til "osv." (Ordlistelenkje)
Salg. Skal skrivast utan -g på nynorsk: sal (ordlistelenkje)

Eller kanskje ikkje? Då er det lettare å følgje forbokstavane, f.eks.., og utgreiingane mine vere korte.

Tankar om ny nynorskrettskriving

OBS: Dette innlegget har eg skrivi med i-supinum, -lig-endingar, kløyvd infinitiv og nokre monoftongar til støtte for desse formene (som om det hjelper).

Det gode

Det siste året har ei nemnd jobba med å revidere nynorskrettskrivinga. Mange av vedtaka deira kan eg like, det er f.eks.:

  1. Valfri j: bryggje/brygge, liggje/ligge, tenkje/tenke, bølgje/bølge
  2. Vekk med noe(n), bare, mye og nokre fleire tilnærmingsformer.
  3. So/så, sommar/sumar, fyrst/først og hjarta/hjarte er likestilte former.
  4. Blanda bøying for verb som like: like - likar - likte - har likt.
  5. Vekk med systemet med hovud- og sideformer.
  6. Valfri inkjekjønnsform av adjektiv på -en: -e/-ent (ope/opent)
  7. Valfri samsvarsbøying av svake verb (dei er komne, men dei er dratt)
  8. Bøyingsmønstra tar - tatt, drar - dratt og lar - latt blir likestilt med dei tradisjonelle.
  9. Ord som bilde og kors blir med vidare som jamstilte former
  10. Dialekt får hokjønnsbøying
  11. Forfattarskap og liknande ord kan vera inkjekjønn (no berre hankjønn).
  12. Vekedagane skal framleis heite det same.
  13. -st blir eineform (no finnast [-as])
  14. -er i presens av sterke verb går ut

Det dårlege

Eg meiner nemnda har gått laus på feil valfridom og har høvla vekk noko av den kategoriske valfridomen som har gjort nynorsk til nynorsk og som utgjer ein stor del av den nasjonale appellen. Blant anna har nemnda fjerna ein del av dei typiske austnorske målmerka. Dette er nokre av vedtaka eg ikkje liker:

  1. I-mål går ut (døri, soli, husi, tingi)
  2. I-supinum går ut (skrivi, funni, teki)
  3. Kløyvd infinitiv går ut (vera, tenke, sova, leite)
  4. Adjektivsuffikset -lig går ut, -leg blir eineform (ikkje herlig, berre herleg)
  5. Nokre monoftongerte former går ut: glømme, gjømme, drømme, strømme, flom
  6. Verba ganga og standa går ut.
  7. Pronomenet dykk kan òg bli brukt som subjektsform (dykk må passe dykk)
  8. Honom går ut.
  9. Skole går ut, til fordel for skule.
  10. blir likestilt med no.
  11. Koss blir teki ut.
  12. Nemnda tok ikkje med pronomena dokke(r) - dokke(r)

Det vanskelige her, er at eg aldri har skrivi med i-supinum, kløyvd infinitiv, -lig-former eller ø-monoftongar. Det er fordi eg aldri lærte om det på skolen, og derfor har eg aldri teki desse formene i bruk, og det har vore vanskelig i seinare tid. Men no har eg bestemt meg for at dersom desse formene overlever nemndslukinga, skal eg ta dei i bruk. Kva meiner du om det?

Det eg er usikker på

Nokre av vedtaka veit eg ikkje kva eg skal meine om, men eg vil likevel ta dei med her:

  1. Da og skal framleis vere likestilte.
  2. Hankjønnsord på -nad kan få -ar, -ane i fleirtal
  3. Regelrett bøying av svake hokjønnsord går ut: ei jenta - jenta - jentor - jentone
  4. Ei rekke former som ikorn, blekksprute og buble går ut (eg har aldri sett desse i skrift før)
  5. Tri og vinstre går ut (for tre og venstre)
  6. Fortidsformer som skøyt, føyk og strøyk (for skaut, fauk og strauk) er enno ikkje med
  7. Høre og kjøre får ikkje bli med vidare. Dei høyrer på ein måte saman med glømme og gjømme, som eg jo vil halde på, men likevel ikkje.

Som skrivi er eg usikker på kva eg skal meine om dette. Dette er fine former som til dels vil leva vidare utanfor norma.

Prinsipp for normering

Eg har jo normeringsfag på universitetet no og lærer om prinsipp for normering. Sjølv meiner eg alle former som er nokolunde vanlige i skrift bør ha livets rett i nynorsk skrift. Det er ikkje rett framgangsmåte å stryke valfridom i dei store hovuddraga i nynorsk. Det er ikkje i-supinum og kløyvd infinitiv som er dei stygge ulvane i nynorskordlista..

Kva meiner du?

Carl Frode Tiller - Innsirkling 2

Mellom bakkar og berg av pensum

... prøver eg å vere flink til å lese andre ting òg. Førre veke sat eg med nasen djupt i ei gammal utgåve av Amtmandens Døttre av Camilla Collett, men før eg begynner på neste skjønnlitterære pensumbok, dykkar eg ned i Innsirkling 2 igjen. Denne boka er ein tjukkas på 400 sider, men eg nærmar meg slutten no, og det er så vanvittig bra at eg nesten ikkje kan vente på oppfølgjaren.


Sjå på linselusene i bokhylla.. Merksemdssjuke barn.

Ein skulle ikkje tru det var så vanskeleg å få td til å lese andre bøker blant pensum. Det er jo ikkje tida det står på heller, men når du har lese ein del pensum, både romanar, dikt, noveller og faglitteratur, er det ikkje så lett å setje seg ned med ei anna bok og kvile. Men eg er fast bestemt på å likevel gjere det til ein vane.

Det er litt merkeleg koss eg på vidaregåande hadde over 30 undervisningstimar i veka og fekk tid til å lese minst femti bøker i året, mens eg no har ti timar undervisning/forelesing i veka og så langt i år ikkje har lese éi bok utanom pensum.

Og jo, så har eg forresten kjøpt ei plante til å ha på bordet, men ho ser ut til å døy. Tips?

Fasit på genusoppgåva!

Ganske mange har svara litt av kvart på den vesle oppgåva om genustilhøyre i nynorsk og bokmål! Felles for alle var at ingen greidde alt, men mange greidde noko. Og som eg trudde, så er det eit mindretal som seier "eit kjevle". Men her er iallfall fasiten:

Nynorskordlista: 
Eit kjevle
Ein stolpe
Ei eller eit gardin
Eit eller ein farskap

Bokmålsordlista:
Et kjevle
En stolpe
En, ei eller et gardin
Et farskap

Mi eiga dialekt:
Ei kjevle
Ei stolpe
Ei gardin
Et farskap

Kva kan vi lære av dette?
Det er mykje gøy i ordlista, og sjølv om eg har skrive kjevla og stolpa heile livet, har aldri nokon norsklærar retta på det. Kva kjønn eit ord høyrer til er ikkje skrive på steintavler, og mange av orda i norsk språk byter genus over tid. Det gjer at f.eks. ord som "gardin" finst i alle tre kjønn.

Det er mange grunnar til at ord byter kjønn eller kan vere begge. Her er ei av dei eg har lært om i år: Endinga i bestemt form fleirtal av inkjekjønn er lik endinga i bestemt form eintal av hokjønn. Det har gjort at ord som tidlegare har vore inkjekjønn, men stort sett berre blitt brukt i fleirtal, over tid har blitt hokjønnsord. Eit godt døme på dette, er lunge, som på norrønt var inkjekjønn. Lunga var altså fleirtal, men har over tid blitt oppfatta som eintalsform, og i dag er lunge hokjønn (kan òg vere hankjønn på bokmål).

Gardin kan jo ha gått same vegen. "Dra for gardina!" kan då vere anten bestemt form eintal hokjønn eller fleirtal inkjekjønn.

Tjohei.

Kvitters nynorskordliste (?!?)

Kva: Ei ordliste over ord som er tillatne på nynorsk, men som eg aldri lærte på skolen. Mange av desse har eg teke i bruk, andre har eg ikkje teke i bruk. Mange veit ikkje at verkelegheit og hemmelegheit er alternativ til røyndom og løyndom, og det gjer nynorsken fjernt for dei som ikkje har desse orda i talemålet sitt.

Kvifor: Slik eg har ei bokmålsordliste med bokmålsord eg aldri lærte på skolen, har eg no laga ei tilsvarande nynorskordliste. Ikkje for å drite ut nynorsken, men for å vise at nynorsken sjølvsagt har plass til utbreidde ord som følelse, ansikt og einigheit, i tillegg til dei meir tradisjonelle formene kjensle, andlet og semje.

Kor: Alle orda står i nettutgåva til minst ei av desse ordlistene, som alle er godkjende av Språkrådet: Nynorsk ordliste (Samlaget), nynorskordboka (DokPro, UiO), Nynorsk rettskrivningsordbok (Kunnskapsforlaget)

OBS: Lista er ikkje vitskapleg laga. Dei orda som er oppførte som "tradisjonelle" er ikkje nødvendigvis dominerande i skriven nynorsk, men er dei ein gjerne ser på som "typisk nynorsk".

Har du tips til ord eg bør få med eller spørsmål om alternativ til tradisjonelle nynorskord som ikkje finst i talemålet ditt? Skriv eit attkvitter, så skal eg sjå på det!

Alternativ - tradisjonell

Klikk her for å gå til tradisjonell - alternativ

anbefale - tilrå
anledning - høve
angrep - åtak
ansikt - andlet
augeblikk - augeblink
avgjerd - avgjersle

begynne - byrje-
bestemme - fastsetje, avgjere, konstatere, fastslå osv.
besøkje - vitje
bevegelse - rørsle
[bilde] - bilete
bli - verte

derfor - difor
djupn - djupleik

einig - samd
einigheit - semje
enkelt - einskild
erfare - røyne
erfaring - røynsle

fantasi - hugleik
ferdigheit - dugleik
foreløpig - førebels
følelse - kjensle

gi - gje/gjeve
godheit - godleik
gyldigheit - gildskap

hemmelegheit - løyndom
hjerne - heile
hjerneristing - heileskaking
hos - hjå
høgtid(e)leg - høgtidsam
håpe - vone

kjedeleg - keisam
korfor - kvifor
[kors] - kross
[koss(en)] - korleis

leilegheit - leigebustad, leigd husvære

mens - medan
midlertidig - mellombels

nyheit - nyhende
nysgjerrig - nyfiken
nysgjerrighet - nyfikne
nødvendig - naudsynleg

osv. (og så vidare) - osb. (og så bortetter)

samtidig - samstundes
skole - skule
skuffa - vonbroten
spennande - spanande
stemme - røyst
stemme - røyste

tilbake - attende
tjukn - tjukkleik

umiddelbar - beinveges e.l.
utsjåande - utsjånad

veldig - særs
verkelegheit - røyndom
verken - korkje

ånd - ande

Tradisjonell - alternativ

Klikk her for å gå til alternativ - tradisjonell

ande - ånd
andlet - ansikt
attende - tilbake
aug(n)eblink - augeblikk
avgjersle - avgjerd

beinveges - umiddelbar
bilete - [bilde]
byrje - begynne

dugleik - ferdigheit
djupleik - djupn

einskild - enkelt

gildskap - gyldigheit
gjeve - gi
godleik - godheit

heile - hjerne
heileskaking - hjerneristing
hjå - hos
hugleik - fantasi, tankeleik
høgtidsam - høgtideleg
høve - anledning

keisam - kjedeleg
kjensle - følelse
korleis - [koss(en)]
korkje - verken
kross - [kors]
kvifor - korfor

leigebustad - leilegheit
løynd - skjult/hemmeleg
løyne - skjule, halde hemmeleg
løyndom - hemmelegheit

medan - mens
mellombels - midlertidig

naudsynleg - nødvendig
nyfiken - nysgjerrig
nyfikne - nysgjerrigheit
nyhende - nyheit

osb. (og så bortetter) - osv. (og så vidare)

røyndom - verkelegheit
røyne - erfare
røynsle - erfaring
røyst - stemme
røyste - stemme

samstundes - samtidig
samd - einig
semje - einigheit
skule - skole
spanande - spennande
særs - veldig

tilrå - anbefale
tjukkleik - tjukn

utsjånad - utsjåande

verte - bli
vitje - besøkje
vonbroten - skuffa
vone - håpe

åtak - angrep

Nynorsk-Libris er tilbake?

For ei liti stund sidan, skreiv eg ein del om Libris-bokhandelen i Grensen i Oslo, som hadde mykje nynorsk i butikken. Ein periode var derimot det meste av nynorsken borte, og eg kunne ikkje konkludere med anna enn at nynorskbrukaren ikkje lenger jobba der.

Men no er det meir nynorsk der igjen, og eg har òg vore ein tur oppe i barneavdelingi, og der fann eg masse på nynorsk!


Skal vel eigentleg vere "sal" utan g, men..




Galt av meg å få lyst til å lese boki?


... i ein bokhandel med hyggjelege lappar! :D








Dette er den beste lappen.





Mange av desse lappane har heilt sikkert vore der lenge, men fleire av dei er jo sesongbundne, og dei byter ut anbefalingslappane på bøkene heile tidi. Så nokon som skriv nynorsk jobbar der no... Skulle ønskje det var meg.

Jaja.

Eg skulle eigentleg til (la oss kalle det ein) lege i dag, men fekk ein telefon tjue minutt før timen om at legen var sjuk (lol). Flaks for meg at eg bur så nærme at eg ikkje var komen ut døri enno. Så no sit eg her og har mange timar att til første forelesing begynner. Eg får vel skrive litt i NaNoWriMo-boki mi, som eg heng etter med...

Det slår meg forresten at eg bruker særs få sterke hokjønnsord i bestemd (bundi) form. Eg skriv jo i-mål denne veka, men merkar omtrent ikkje forskjell frå a-mål.

Ein gjest i i-målsveka...


Lillegul: Ja, Lillegrønn, me fekk inn nokre kommentarar på i-målsinnlegget vårt på måndag. No må me kanskje svare, det har gått to dagar.
Lillegrønn: Kva, er det onsdag allereie? Åh gud. Jaja. Me må vel det. Kva var det for noko?


Lillegul: Det var ein som meinte me burde skrive om samsvarsbøyingi. 
Lillegrønn: Åh, ja, det, ja. Men eg hadde med samsvarsbøying i leksene, for å sjå om folk kunne det frå før. Kunne dei det?


Lillegul: Eg veit ikkje, det var jo berre ein som svara, og det var Anders. Han er berre 15 år, men greidde jo sjølvsagt alt, med samsvarsbøying og i det heile. Anders, altså. Me elskar deg, Anders. <3


Lillegrønn: Okej, men då kan eg jo vise deg samsvarsbøyingi på i-mål. Ho er ikkje så vanskeleg.
Lillegul: Ok, gi det ein sjanse.


Lillegrønn: Det er jo ikkje slik at alle hokjønnsordi skal få bestemd artikkel -i, det er berre dei sterke
Lillegul: Ja, betyr det at berre dei sterke skal få adjektiv og perfektum partisipp på -i?


Lillegrønn: Nei, det gjer det ikkje. Dei er framleis hokjønnsord og då skal samsvaret vere på hokjønn.
Lillegul: Åh.
Lillegrønn: Ja, det er jo heilt naturleg! Sjølv om det heiter jenta og kista, er jenta liti og kista er funni. Døri er opi.


Lillegul: Eg skjønner! Så enkelt!
Lillegrønn: Ja, det er heilt genialt. Hugs òg at ord som ingen og eigen sjølvsagt òg har eigne i-målsformer: ingi sol å sjå og mi eigi bok.


Lillegul: Wow, å snakke i-mål er jo kjempekjekt! Kvifor står det ikkje noko på i-mål i skolebøkene?
Lillegrønn: Det er fordi i-mål dessverre er klammeform. Det er òg derfor Liv Signe Navarsete, som i høgaste grad er tilsett i offentleg forvalting, ikkje bruker i-mål i skrift sjølv om ho har det i tale.
Lillegul: Åh, det er jo litt klikka. I-mål er då ikkje så uvanleg i tale, er det vel?
Lillegrønn: Faktisk ikkje! Det er vanleg langt vekk frå Vestlandet, og å skilje mellom dei svake og sterke hokjønnsordi er vanleg òg mange stader både i Nord og i Aust.


Lillegul: Då burde jo i-mål bli ein del av nynorsknormi neste år, tykkjer eg.
???: *host* *host*


Lillegul og Lillegrønn: KVEN ER DU?!?
???: Eh, hei, vørde Yoshi-barni! Eg heiter Veslegrå og er eit bortkome Yoshi-barn! Eg har endeleg funne tilbake til dykk!


Lillegrønn: "Veslegrå"? Eg har aldri høyrt om deg før, kvar har du vore?
Lillegul: Ikkje eg heller, men du ser jo ut som ein av oss.


Veslegrå: Åh, eg har vore kring heile verdi, men no er eg her hos dykk att, brørne mine!
Lillegrønn: Yay! Du må kome og helse på dei andre Yoshi-barni!
Lillegrønn: Då trur eg me avsluttar i-målsinnlegget for no og kjem tilbake i morgon. Avsluttar du, Lillegul?


Lillegul: Okei! Greitt, folkens, de skal få nokre lekser i dag òg. Me har forklart at bestemd form eintal av hokjønnsord og bestemd form fleirtal av inkjekjønnsord får same endingi, og hokjønnsadjektiv og perfektum partisipp får òg -i: ei opi dør, kista er funni. Men må ein skrive med i-supinum (altså: eg har funni Veslegrå og ikkje funne) når ein skriv i-mål?

Vi sest i morgon!

 

PS: I førre innlegg kom Lillegul i skade for å kalle Lillegrønn for "Lillegrøn" med éin n. Ingen av dykk såg det. Ingen av dykk såg heller ikkje at Lillegrønn seinare svara med å kalle Lillegul for "Lillegull" med to l-ar. Eg saknar tidi då alle nilas alle innleggi på jakt etter feil. I dette innlegget seier Yoshi-barni "me" for "vi", eg forventar at du såg det før du las dette.

Under Snøen av Ragnar Hovland

Boknytt
Ikkje at boka er ny, men eg har nesten gløymt vana eg hadde med å skrive om bøker eg har lese. Den siste tida har eg lese mange bøker, og ei av dei vil eg verkeleg anbefale. Boka er skriven av Ragnar Hovland og er ikkje akkurat noka nyheit, men kven er vel eg til å berre skrive om nye bøker.

Boka handlar om ein mann (Stefan? Eg trur han blir nemnt med namn éin gong i boka) som bur i eit stort hus i gokk, og alle dei menneska som meir eller minde tilfeldigvis er der saman med han når snøen fell og isolerer dei frå omverda.

Eg er litt lei av å skrive om bøker og så illustrere innlegget med eit bilete av meg som i kjend, anonym stil gøymer meg bak boka. Difor har eg no, i Paint, fått Yoshi-barna til å illustrere boka.



Jaddå. Kven er den raude Yoshi-en på loftet, kva for eksperiment gjer den tjukke, rosa Yoshi-en, drikk katten øl på ordentleg, og kven eller kva ligg under snøen? Les boka, så finn du ut...

50 000 ord på 30 dagar? ...seff!

Har du høyrt om NaNoWriMo før? Det hadde ikkje eg heller, før i går! Det står for Nation Novel Writing Month og er eit internasjonalt prosjekt, som går ut på at ein melder seg på og prøver å skrive ein roman på minst 50 000 ord i løpet av november månad.

Kor fett er ikkje det!

Eg høyrde om det to gonger i går, først frå ein ven i Canada, og så las eg om det på Virrvarr.net, og eg bestemde meg for å prøve. Det kan vel ikkje skade å prøve?

Kvifor?
For å skrive 50 000 ord på ein månad, må ein berre setje seg ned og skrive. For å nå målet, må du skrive i snitt 1667 ord om dagen, og det er forferdeleg masse, om ein tenkjer etter. I går greidde eg 2301, så langt i dag har eg skrive 1257 ord. Dette handlar ikkje om å nødvendigvis skrive ei innmari bra bok, men om å vere produktiv og lære om seg sjølv og koss ein funkar i ein skriveprosess. Du må ikkje publisere verket ditt, du skriv det i Word eller kva du vil, og så fyller du berre inn kor mange ord du har kvar dag.

Du skriv på kva språk du vil (eg skriv sjølvsagt på nynorsk), og om du når 50 000 ord og vil "vinne" (eg veit ikkje heilt kva ein vinn, men det plar vere tusenvis av vinnarar), så må du laste opp tekstfila, slik at eit teljeprogram dei har kan sjekke at du ikkje har juksa.

Skriv deg opp i dag! NaNoWriMo. Legg meg gjerne til som ven, så kan vi lettare sjå at alle greier det, at det ikkje er umogleg. Eg heiter "Kvitter", og du kan leggje meg til som ven frå profilen min på nanowrimo.org, trur eg. Eventuelt kan du seie meg kallenamnet ditt om du er med, så skal eg søkje deg opp og leggje deg til.

Men skynd deg, NaNoWriMo er berre i november, og no har allereie éin dag gått!

Kven er med? Lista ligg ikkje så høgt, det er berre å prøve, og det går fortare å kome opp i 1667 ord enn du trur. Berre begynn med noko og la det stå til!

Endeleg "dialekta"?

Kallenamnslaus tipsa meg om at ein på side 14 i referatet frå møtet rettskrivingsnemnda hadde 11. -12. oktober, finn eit fint vedtak. Nemnda ønskjer at ordet dialekt i 2011 skal ha valfri han- eller hokjønnsbøying. Altså kan vi snart endeleg få skrive dialekta! Eg har skrive dialekta lenge i protest mot at det berre er hankjønn i ordlista. Eg meiner dialekt utan tvil er eit hokjønnsord på folkemunne.

Mindre fine ting
Ein annan stad i referatet, finn vi endå ei drøfting av kløyvd infinitiv. Nemnda oppsummerer nokre argument for og imot, og lista er så fantastisk at eg berre må kopiere heile.

Synspunkt for og imot å halda på kløyvd infinitiv:

  1. Det er viktig å behalda kløyvd infinitiv fordi nynorsken er så truga på Austlandet og i Trøndelag. Det står i mandatet at me skal balansera.
  2. Dersom me tek bort i-målet, bør me òg ta ut kløyvd infinitiv; begge systema er lite frekvente. Me må vera konsekvente i argumentasjonen vår.
  3. Dersom me skal gå inn for å behalda kløyvd infinitiv, må me sjå på kva slags argumentasjon me bruker. Omsynet til Austlandet kan vera eit slikt argument.
  4. Undersøkingane frå 2002 tyder på at kløyvd infinitiv er lite i bruk.
  5. Me veit ikkje så mykje om bruken av kløyvd infinitiv i skrift. Det verkar ikkje som det vekkjer så sterke kjensler blant austlendingane om han blir borte frå den offisielle nynorsknorma.
  6. Me har kutta mange former på grunn av frekvens. Har me teke nok omsyn til talemålet over heile landet?
  7. Viss me beheld kløyvd infinitiv no når tonivåsystemet med hovudformer og klammeformer skal bort, kan me risikera at det kjem lærebøker med kløyvd infinitiv til bruk i heile landet.

Punkt 1 er eit argument for kløyvd infinitiv, punkt 3 er eit tenkt argument for. Punkt 7 er eit slags argument imot, trur eg, for vi vil jo ikkje risikere at barna på vestlandet må lese noko så unaturleg som kløyvd infinitiv. Punkt 2 og 6 handlar om at nemnda føler seg forplikta til å fjerne fordi dei har vore så valdsamt trigger-happy tidlegare. Punkt 4 og 5 handlar om at kløyvd infinitiv kanskje er lite brukt i skrift og at austlendingar neppe vil tenne bål i gata for å få skrive kløyvd.

Vel. Om eg tenner bål i gata, kven vil grille pølser? Kløyvde pølser..

... hahaha, "...risikera...".. Er det eit godt teikn når nemnda byrjar å tenkje på at det dei vedtek faktisk kan få følgjer for nynorskbruk?

Og elles
Eg har litt lyst til å lage eit nytt design. Eit litt opnare eitt, på ein måte. Ja/nei? Idear?

Kvitrenytt (språknytt) frå austkanten

Eg bur i sentrum av Oslo, men må stundom ut på austkanten igjen, anten det er middag hjå mor eller fra eller korpsøving eller noko. Då er bussturen ofte ei feltundersøkjing i språkutviklinga på austkanten. Her er noko av det eg har tenkt over i det siste:

R-en kjem tilbake
I ord som varmt og mørkt er eg vand med at r-en druknar vekk, men no rullar barna på austkanten igjen på desse r-ane, ikkje ulikt vestlendingar (som ikkje skarrar). Det gjør at både k-en og t-en blir meir markante enn den samantrukne schnøvlelyden dei utgjorde då eg var liten.

Yay/nay?

Fine former dominerer enkeltsamtalar
På korpsøvinga snakka vi om eit arrangement i ei kyrkje vi skulle delta på. No og då eg var liten, heiter det anten kjerke eller kirke og gudshuset er utan tvil av hokjønn med bestemd artikkel -a. Og det sa folk, heilt til nokon først slapp bomba og sa kirken, som det sjølvsagt står i alle e-postar frå arrangøren. Då kirken først var sagt, sa alle kirken.

Har du opplevd noko liknande før?

I-supinum i svake verb
I-supinum er vanleg på austkanten, men sidan fleire og fleire verb får svak bøying, forsvinn jo i-supinumen. Bryti blir til brutt, skrivi blir til skrivd og så vidare. Men på bussen her om dagen høyrde eg i-supinum i mange svake verb òg, og etter ein samtale med Emil om dette, kom vi fram til at det har to forklaringar:

1. Det openlyse: Verbet har tidlegare vore heilt sterkt. Døme: Å juge, som vi bøyer: juge - juger - jugde - har jugi. (Ikkje alle barna seier juge, mange seier lyve eller slikt, og forma jugd er heller ikkje framand.) Sjølv seier eg jugi.

2. Analogi. Svake verb som liknar på sterke verb, kan få i-supinum. Døme: Å hoppe, som kling likt som "komme". Det heiter komme - kommer - kom - har kommi, og tilsvarande kan det heite hoppe - hopper - hoppa - har hoppi. Det skal seiast at desse formene er særs lite vanlege, men dei finst. Eg kan fint ha sagt hoppi då eg var liten, men det er vanskeleg å hugse på.

Open y er framleis ø
Eg var heldig å sitje ved sidan av ein flokk med ungdomar på bussen. Ikkje gangsterbarn, heldigvis, men dei snakka høgt og eg høyrde klart og tydeleg at det framleis heiter "fløtte", spesielt i "fløtt dæ 'a". Det er jo kjekt. Slektskapet mellom korte y-ar og ø-ar er påfallande og fint. I skrift burde kanskje y-formene vere dominerande, sidan dei er opphavlege og mest utbreidde.

Hmm..

Endringar i nynorsken min
Når ein skriv nynorsk, må ein - som i bokmål - ta nokre eksistensielle val. Etter at eg blei nynorskelev, har eg på mange måtar byrja å skrive bokmål på nytt og kunna velje å skrive "egga" og ikkje "eggene", "sola" og ikkje "solen", "sjøl" og ikkje "selv", "fram" og ikkje "frem", "feila" og ikkje "feilene" - eg har teke alle desse vala på nytt, i språkmedviten tilstand.

Slik er det ikkje med nynorsken min. Eg har gjort nokre endringar medan eg har skrive nynorsk, men dei fleste er frå sidemålsundervisninga frå ungdomsskulen (eller skal eg skrive -skolen?). Tidlegare i år tenkte eg å "pusse opp" og ta desse vala på nytt, no som eg er blitt ein språkmedviten gut. Men så kom meldinga om nynorskrettskrivinga, så eg utsette det til neste år. Men då er eg redd for at nynorsknemnda kan få ufortent mykje makt over nynorsken min.

Så då tenkte eg å setje meg ned og ta desse vala no. Det eg tenkjer på, er:
- Byrje å skrive med a-infinitiv eller kløyvd
- Byrje å skrive med i-supinum
- Byrje å skrive med [-lig] og ikkje -leg
- Byrje å skrive ho - henne, i staden for ho - ho
- Byrje å skrive y-former igjen
- Velje fleire former av denne typen: komme, [glømme], [drømme]

Men dette blir ei salig blanding av talemålstilnærming og ideologi. Det treng jo ikkje nødvendigvis bli bra. Kva tykkjer du? Eg fekk for øvrig ein kommentar om at eg skriv nynorsk med "skadelige" samnorskformer, som *grøss* e-infinitiv, men eg valde å ikkje ta det så ille opp.

Pondus på nynorsk?

Då eg var på Rimi på veg heim frå trompetøving no i kveld, fekk eg eit innfall om å stikke innom bladhylla før eg gjekk til kassa. Heilt utan grunn, for eg kjøper aldri blad. Då såg eg dette:



Rutetid og Pondus med nynorsk på framsida?

Det er eit lite lyspunkt i kvardagen. ^^

(No er kjærleik òg å finne i bokmålsordlista, men det er jo eit av dei mest nynorske orda vi har, så ingen tenkjer på det som bokmål.)

Kva kan vi lære av bokmålsreforma?

Eg har no jobba ei stund med ei oppgåve om endringane i bokmålsrettskrivinga i 2005. Etter å ha sett gjennom endringane (men grunngivingane såg eg lite til) som blei gjort, har eg tenkt at rettskrivingsnemnda som jobbar med ei ny nynorskreform i 2011, har sitt å lære.

For å seie det kort, så var endringane i bokmål i 2005 enorme, viktige, men betydde i praksis ingenting for folk flest. Systemet med klammeformer blei avvikla, dei lite brukte formene gjekk ut, og det var heller ikkje reint lite som kom inn.

Kva hadde reforma å seie? Vel.. Ordlistene blei ryddigare, systemet blei enklare og språket blei meir oversiktleg og lettare å lære. For folk flest betydde reforma absolutt ingenting. Normeringsgrunnlaget for bokmålet var ikkje lenger tilnærming til nynorsk og norske målføre, denne reforma blei gjort på grunnlag av faktisk språkbruk. Altså fekk så å seie alle halde fram med å skrive slik dei gjorde. Der folk brukte former som ikkje var med i norma, kom dei med, og dei formene ingen brukte, kunne trygt gå ut.

Kva skal så nynorsknemnda lære av dette? Jo, dei tenkjer for mykje på forenkling og kutt i valfridomen på daud og liv. Mange av vedtaka deira vil fjerne former og system som er mykje brukte. Kvifor skal dei fjerne i-målet når det har brukarar og tilhengjarar heilt inn i regjeringskvartalet? Meiningslaust!

Nynorskreforma er viktig for to ting: Å fjerne samnorsken frå nynorske ordlister og gjere nynorsk til eit meir heilskapleg språk, eit språk som ikkje gir deg angst når du slår opp i ordlista. Samnorsken er daud, han kan vi fint rydje ut av ordlistene. Men nynorsk, han er ikkje daud! Då kan vi ikkje rydje nynorsken ut av seg sjølv, berre for å gjere systemet enklare.

Nynorskreforma burde påverke så få som mogleg så lite som mogleg. Former som er mykje brukte, kan ikkje gå ut. Då vil altfor mange bli direkte påverka av norma, og det vil dei neppe sjå lyst på. Nynorsken skal normerast på eigen grunn, då må faktisk språkbruk bety noko for nynorsken òg. At ein då må halde på noko valfridom, gjer ingenting. Vedtaka nemnda har fatta om å fjerne kløyvd infinitiv, i-mål, i-supinum, adjektivsuffikset "-lig" og ordet "skole", burde definitivt gjerast om. Ord som har ei brukargruppe og har støtte i talemåla, burde ikkje gå ut av norma.

Nynorsken kan fint vere stram, men likevel rommeleg. Folk snakkar ganske så ulikt, og mange av forskjellane i talemåla er spegla i den skrivne nynorsken i dag. Det er masse, masse å gå laus på i nynorskordlistene, men ein treng ikkje å gå laus på det som faktisk er nynorsk.

Ein burde altså lære dette av bokmålsnemnda: Reforma burde ha minst mogleg å seie for nynorskbrukarar flest.

Dagens utklipp frå blogg.no + diverse

I dag køyrer vi nynorskspesial. Folk meiner nemleg så utruleg mykje artig om nynorsk.

Dagens årsak-og-følgje:
"Nynorsk suuuger!! Vi må skrive dt på skolen..å eg kan dt kje..-.- får alltid 2'ara på grunn av att eg skrive bokmål i stede får nynorsk.. Det e SÅ teit!!!!-.-"
- Anonym, som tykkjer nynorsk syg fordi ho får dårleg karakter om ho heller skriv bokmål. Dette argumentet er kroken på døra for målrørsla, kjenner eg.

Dagens høgvørde:
"Hahahah, guuud så mange hissige nynorskere du provoserte nå :P GO BOKMÅL, det ene og verdige språket vi skulle ha hatt <3 Det andre språket deres kan dere ha for dere selv ;)"
- Anonym. Ideen om at skriftspråket skal vere verdig brukarane, kjenner eg er ganske framand.

Dagens flaks:
"Bloggen lever på siste verset"
- Jente, 16 år, med ein blogg som livnærer seg av det siste verset. Hadde bloggen sunge på siste verset, hadde det vore verre.

Dagens vareskildring:
"Paraply med trehandtak. Diameter om lag 1 meter. Vasstett".
- Noregs Mållag med ein tørrvittig skildring av paraplyane sine i nettbutikken. (Tok du'n? Tørrvittig? høhø)

Dagens "crying out loud":
"
PS: DETTE INNLEGGET BLIR SLETTET NÅR NOEN HAR HJELPET MEG, OG JEG SKRIVER MED STORE BOKSTAVER FOR AT FOLK SKAL KJØNNE AT JEG VIRKELIG VIL HA HJELP!!!!! "
- Jente, 13 år, som treng at nokon set kjønn på problema hennar.

Dagens overskrift:

Last summerday?

- Jente, 14 år, som går mot straumen og boikottar særskriving, sjølv der det er riktig. Flott initiativ!

Dagens overskrift 2:

I hjel slåtte bondepiker

- Jente, 16 år, som fortel om ei språkleg mistyding.

Dagens overskrift 3:

Hånball skole:D

- Jente, 12 år, som skal på eit ball kor ein skal hånflire mens ein dansar?

Dagens "må gudane vite":

(...) Men for seks år siden sto den nordkoreanske jenta registrert med fødselsår 1985. Det samme gjorde hun i 2006-VM. I Stuttgart-VM 2007, da hun vant sølv, var hun plutselig født i 1986... og nå altså i 1989.

Hvor gammel jenta egentlig er, er det antakeligvis får som vet - (...)

- Aftenposten.no i ein artikkel om nordkoreanarar som fuskar med alderen. Men her er det verken fuglane eller gudane som veit...

 

Om nokon skulle lure, så meiner eg jo ikkje å vere teit eller gjere narr av nokon med desse utklippsinnlegga. Eg tykkjer berre det er og burde vere lov å le litt av artige meiningsendrande skrivefeil i det offentlege rom. Mange aviser har ulike spalter til medieklipp, og Per Egil Hegge harselerer med skrivefeil i Aftenposten kvar dag.

Eg har sjølv mange skrivefeil, heile tida. Eg har òg driti meg kraftig ut fleire gonger og bomma på vekedagar. "I dag er det ein roleg sundag" - "... det er fredag i dag?". Så nokon får berre klippe teite ting frå bloggen min og le av. Om nokon allereie har gjort dette, er det antakeleg får som veit...

Dagens utklipp frå blogg.no (og litt til)

Vekas vri:
"Hva mener du om likstilling?"

- Jente, 22 år. Sjølv meiner eg fjeset opp er best, men det burde vere plass nok til å snu seg.

Vekas skriveleif:

"skal jeg klippe horet ?"

- Gut, 13 år. Ja.

Dagens interessante
"Idag, sto jeg opp med den verste hangovern ever. Det verste er at jeg har jo ikke rørt alkohol i helga i det hele tatt.
Så det var en veldig merkelig opplevelse"
- Jente, 18 år.

Dagens sjølvvørdnad:
"Denne uka skal jeg si ja til alt, når noen spør meg om å gjøre noe! Ingen vet om det, så det blir ekstra spennende."
- Jente, 15 år. Nei, no står det på bloggen, då er det ingen som veit det.

Til dei som lurte, så var den første kommentaren på det siterte innlegget slik:
"Okei. Du svarer ja til alt. Vil du kommentere bloggen min da? (A)<3"

Dagens filosofiske:
"Det er ikke sånn at du sier ting du ikke mener. Eller kanskje du sier ting, men mener ikke det etter en stund. Jeg trur ihvertfall at man mener det man sier, uansett tidspunkt man sier det. Når du sier noe slemt til en person når du er sur, sint, skuffa osv... så mener du det av det det du sa. hvert eneste ord!
Jeg ble kjempe sur på lillebrur, og da kalte jeg han feit, og hadde han ikke vært feit hadde jeg ikke kalt han det. Jeg kalte mami for dum og sladrehank og det hadde jeg ikke kalt hvis det ikke var sant. Eller kanskej det ikke er sant, men jeg mener at det er sant. Pernille sier hei.
Uansett jeg klarer ikke tilgi folk som kaller meg for hore, falsk, dum osv.. selv om dem sier at de ikke mente det..."
- Jente, 16 år. Eg liker tanken om at ein kan meine noko er sant sjølv om det ikkje er det, og ein eigentleg ikkje meiner det sjølv om ein meiner det når ein seier det og meiner det og... Hei, Pernille!

Dagens overskrift:
"Planleggnings dag :D"
- Jente, 13 år. Og lenger ned i innlegget:
"Har forresten Plaleggnings sag idag, Wiiie :D"

Dagens kommunalpolitiske:
"Ørsta kommune fekk tildelt prosjektmidlar for 2010 med hensikt å styrke rus og bustadsosialt arbeid i kommunen."
- Ørsta kommune, kor rus er eit viktig satsingsområde. (I tillegg burde Ørsta halde seg til offisiell rettskriving, altså "prosjektmiddel" i fleirtal, dessutan er "styrke" klammeform og "styrkje" hovudform).

Dagens overskrift 2:

En start har alltid en begynnelse..

- Anonym, som verkeleg får sagt det.

 

Dagens inkluderande:

"Men en annen ting jeg mener også er helt OK, er kissing with friends :D Og da mener jeg selvsagt noen av samme kjønn, eller evt en homoseksuell!! "

- Jente, 20 år. Ordet "homoseksuell" er ikkje eignetleg eit substantiv på norsk, men..

 

Dagens politiske:

"Norge er Norge.

I Norge er man ikke muslim. Derfor syns jeg også at vi burde innføre ett burkaforbud her til lands også. (...)

Nå høres jeg ut som en rasist men det er jeg dessverre ikke.

Syns bare Norge skal få lov til å være Norge."

- Jente, 25 år, med ein ikkje heilt stoverein religionspolitisk analyse. Eg ser for meg reaksjonane. "Kva, får vi ikkje gå med burka? Då kan vi like gjerne droppe heile islam."

Orddelingsfeil på Blindern? Seff!


... og er det eigentleg ein genitivsapostrof der? Eller er det eit aksentteikn?

Desse realistane, altså! Dei et matte og fysikk til frukost, men rettskrivinga er tyngre å svelgje...

Språkperle frå Nord-Trøndelag

Inne i hytta på campingplassen vi budde på, hang det nokre fine informasjonsark. Der sto det litt om kva ein skulle gjere medan ein var der og før ein dro, men vi greidde ikkje heilt å få det med oss medan vi las.


Vi var fire stykk, men det var uklart kven av oss som skulle få det eine oppeholdet (kva enn det er).

Til vår store glede var det òg ein engelsk versjon:


Cheque out!

I tillegg var det ein tysk versjon, men eg kan ikkje seie noko om kvaliteten. Men det kan kanskje nokon av dei tyskekyndige lesarane?



Heia IKEA

IKEA plar jo vere flinke med rettskriving, men dette var ganske stygt. Finn tre feil.
1. Det heiter "vær så god".
2. Substantiv har ikkje stor førebokstav på norsk.
3. Samanskrivne substantiv skriv vi saman. Utruleg nok.

I tillegg fann vi i IKEA-plaster ved sidan av kjøkkenknivane. Høhø. Men det fekk eg ikkje teke bilete av, sidan det sto nokon andre der i evig lang tid...

B, C, C, G, H

For dei som lura på korleis det gjekk med leseprosjektet mitt i sommar, så har det gått ganske greitt. Berre litt saktare enn eg hadde tenkt, for eg har vore litt stressa (ikkje spør korleis eg stressar i juli, det greier eg alltids) og ikkje hatt ro i meg til å lese. Men det er betre no, så eg har fått lese desse bøkene:

De dødes tjern av André Bjerke.
Solen var vitne av Agatha Christie
Og bakom synger skogene av Trygve Gulbranssen
Den merkelige hendelsen med hunden den natten av Mark Haddon

I tillegg har eg sneke meg til å lese endå to bøker, ei på C og ei på H. Det var Alkymisten av Paulo Coelho og Ned til hundene av Helle Helle (på dansk, herregud). Er ikkje heilt ferdig med Ned til hundene, så ho kjem i neste innlegg.

De dødes tjern
Den beste, norske kriminalromanen nokon sinne. Punktum finale. Ein grøssar av ein metafiktiv kriminalroman. Boka handlar om Bernhard Borge (Bjerkes pseudonym) som skal finne stoff til ein ny kriminalroman, og så skjer det noko med ei hytte og litt slikt utanfor fatteevna til vanlege menneske, slik at dei må "bruke den store multiplikasjonstabellen".

Det er eigentleg to veker sidan eg las boka, og ho sklei rett inn på topp fem-lista mi, så du kan lese meir der. Eller.. Ikkje kast vekk tida di på noko anna enn å springe til biblioteket om du ikkje har lese boka.

Solen var vitne
Det blei visst mykje krim på meg i sommar (og seinare skal eg lese Larsson), og skal ein tru agurknyhenda om kva nordmenn les i ferien, så har eg følgd straumen her. Jau.

Riksmålsforma "solen" er til å grøsse av, men eg skal ikkje hengje meg opp i språket. Boka var underhaldande og god, og ikkje minst engasjerande og spennande. Historia er innvikla og figurane mange, så dette er på ingen måte lettlesen krim, men ein vil ha meir medan ein les, og det er det som er drivkrafta i ei god bok: Lysten til å lese meir.

Christie fangar deg raskt, og ho har deg til siste slutt. Dei små detaljane feller store forbrytarar og alt er som det skal, men eg skulle ønske lesaren fekk vite litt meir.

Alkymisten
Dette er på ingen måte min type litteratur, men eg blei oppslukt av boka. Coelho fortel gripande og godt om ein liten gjetargut som dreg ut i verda for å finne skatten sin. Eg kjøper ikkje heilt dei greiene om universet og snakkande sand, og eg forstår ikkje heilt kva som er så spesielt med guten.


Boka er litt typisk "heil vanleg gut er plutseleg Den Utvalde og må ut i verda", men god underhaldning likevel. Eg trur ho hadde gjort seg betre på nynorsk, men.. Dette er ein av dei mest omtala bøkene i verdshistoria, og forteljarmåten er absolutt god, men eg kjøper ikkje handlinga heilt.

Og bakom synger skogene
Kvifor denne boka har gjort det enormt godt i utlandet, men knapt er kjend i Noreg, er eit mysterium, for dette er eit berg av ei bok. Slektskrønike frå Bjørndal, det blir berre ikkje betre enn dette.

Som lesaren som tipsa meg om desse bøkene sa, er språket litt merkeleg. Boka er på bokmål, men med ein del typiske nynorskord, som ikkje lenger står i bokmålsordlista. Det kan hende dei gjorde det då boka blei skriven, kva veit eg. I tillegg greier han aldri bestemme seg for om det heiter "selv" eller "sjøl", "dyp" eller "djup" og liknande. Nokre delar er meir "radikale" enn andre, men i det heile er boka moderat.

Ja, eg har på meg Yoshi-skjorta mi i dag.

I boka følgjer vi slekta på Bjørndal, med sønene Tore og Dag, og sonene til Gammel-Dag, som òg heiter Tore og Dag. Bjørndal gard er ikkje nokon vanleg gard, og folka på Bjørndal er ikkje vanlege folk. Boka inneheld ein del kristendom, "Guds vilje med menneska" og litt småklein namnesymbolikk (Tore = tore ("torden"), f.eks.), men er alt i alt ei mektig bok.

Det fine med boka er at ho må lesast i eit lågt tempo, og leserytmen fell automatisk til kvilepuls medan du les. Boka er roleg, men ikkje treig, og tempoet er lågt, men ikkje keisamt. Absolutt å tilrå! Eg skal lese resten av trilogien, Det blåser fra Dauingfjell og Ingen vei går utenom, seinare.

Den merkelige hendelsen med hunden den natten
Denne boka las eg i går, og eg veit ikkje heilt kva eg synest om ho. Forteljaren er ein 15 år gamal gut som lid av Aspergers syndrom (noko liknande autisme, eg kan ikkje forklare skilnaden). Han er sjef i matte og fysikk, men har store sosiale vanskar. Boka skildrar kor ille tilveret hans kan vere, men Haddon er jo ikkje sjølv autist, han har berre arbeidd med autistar, så heilt truverdig er det ikkje.

Historia er søt og rørande, men ikkje meir. Det blir litt for ekstremt, særskilt med foreldra hans, som ein skulle tru var vande med lidinga til sonen sin. At framande ikkje forstår korleis han har det og omstiller seg, er greitt nok, men foreldra hans? Det blir litt rart.

Boka byrjar med ein hund som blir drepen, og Christopher (guten) vil skrive ein kriminalroman om kva som har skjedd. Men medan han etterforskar hendinga, finn han ut meir enn han hadde trudd, og sjølv om det ikkje er lett å forstå det når dei vaksne dekkjer til og pyntar på det dei seier til han, så bestemmer han seg for noko å gjere og gjer det. Imponerande karakterstyrkje.


Dei neste
Etter at eg har lese Helle Helle, har eg lånt meg Ulysses av James Joyce og Små sitroner gule av Kajsa Ingemarsson. Send gjerne inn fleire tips, men sjekk gjerne kva bokstavar eg manglar. Det går fint med fleire tips på kvar bokstav, men eg kjem meg aldri gjennom alfabetet i sommar om eg skal halde fram med å lese to bøker på kvar bokstav.

Asher, Jay - 13 reasons why
Almaas, Bjørn Esben - Katzenjammer
Bjerke, André - De dødes tjern
Brantenberg, Gerd - Egalias døtre
Christie, Agatha - noko om Poirot
Coelo, Paulo - kva som helst
Dickens, Charles - 
Eikemo, Marit - Arbeid pågår
Faldbakken, Knut - Sin mors hus
Gulbranssen, Trygve - den berømte trilogien hans
Grisham, John - A time to kill og The Innocent Man
Greene, John - Looking for Alaska
Hamsun, Knut - Sult
Haddon, Mark - The curious Incident of the Dog in the Night Time
Ingemarsson, Kajsa - Små sitroner gule
Joyce, James - Ulysses
King, Stephen - Hearts in Atlantis og Needful things
Larsson, Stieg - The Girl With the Dragon Tatoo
Lewycka, Marina - En kort historie om traktoren i Ukraina
Lindquist, John Ajvide - Handeling the undead
Mankell, Henning - Ett skritt etter
Masters, Brian - Killing for company
Nygaardshaug, Gert - Mengele Zoo (el. oppfølgjar), 
O
P
Q
R
Shriver, Lionel - We need to talk about Kevin
Stroud, Jonathan - The Amulet of Samarkand
Teige, Trude - Noen vet
U
V
Walker, Alice - The color purple
X
Y
Zusak, Markus - The bookthief
Æ
Ø
Å

Favorittbøkene mine

Ein ivrig og høgtvørdt lesar har spurt om eg ikkje kunne kvitre om favorittbøkene mine. Det kan eg vel, men eg veit ikkje kor eg skal begynne og kor eg skal stanse, eg har lese ein del gode bøker. Når eg først byrjar å nemne nokre bøker eg liker, så tek det liksom aldri slutt.

Denne fem bøker lange lista har eg nøye vald ut, men litt tilfeldig blir det òg. Hadde eg skrive denne lista for to veker sidan, hadde ho kanskje sett annleis ut. I tillegg til dei fem eg har vald ut som favorittbøker, skriv eg ei lita liste over bøker eg tykkjer er fantastisk gode nedst i innlegget.

1. Innsirkling av Carl Frode Tiller
Sjå opp for herr Tiller. Frå Namsos, skriv på nynorsk, spelar i band, skriv teaterstykke og skriv bøker. Dette er den tredje boka hans, og for eit meisterverk! Den første boka hans, Skråninga, var heilt fantastisk, den andre boka hans, Bipersonar, òg flott, men i Innsirkling kombinerer han det beste frå dei to føregåande bøkene, og dette gjer Tiller til ein av dei største og mest nyskapande forfattarane som lever i Noreg i dag.

I boka møter vi David, eller rettare sagt korleis stefaren hans og to av barndomsvenene skildrar han. David har nemleg mista minnet og det er sett inn ei annonse i avisa som oppmodar dei som kjenner han til å skrive brev for å hjelpe han med å få minnet tilbake.

Det høyrest ut som ein klisjé og du skjøner sikkert at det er tre ganske ulike framstillingar av David vi får lese, men i tillegg får vi vite korleis desse tre har det i dag, i tillegg til brotstykke frå fortida. Boka er særs psykologisk og Tiller skildrar "kvardagens psykologiske krigføring" betre enn nokon annan. Figurane og familiesituasjonane er naturtru og levande og boka er herleg. Slutten er open, så vi forventar ein oppfølgjar.

Diverre har Tiller og Innsirkling fått langt mindre merksemd enn dei burde. Kor mange veit til dømes at han vann EUs Litteraturpris for denne boka? Ingen. Kan det ha noko å gjere med at boka er på nynorsk? La oss ikkje håpe det!

2. Nød av Are Kalvø
Are Kalvø er kanskje Noregs allar mest morosamme mann, og har skrive satirisk om alt som kan krype og gå i Noreg, i
 bøker som Våre venner kinesarane, Syden og Harry. Denna boka er den første skjønnlitterære boka hans, og handlar om noko så alvorleg som solidaritet. Korleis skal dette gå?


Hovudpersonen i boka vinn plutseleg nokre pengar. Ganske mange pengar, faktisk, og han bestemmer seg for å gjere opp for ein lokal Live Aid-inspirert innsamlinsaksjon frå åttitalet, kor pengane aldri heilt nådde fram til Afrika. Kalvø greier sjølvsagt ikkje å la vere å inkludere nokre hysterisk artige stereotypiar, artige situasjonar og treffande parodiar, men boka er òg ganske djup av seg.

Boka er fantastisk gjennomført og rørande. Det er lenge sia eg las ho, men eg hugsar framleis at eg både lo og tenkte godt.

3. Halvbroren av Lars Saabye Christensen


Dette kan kanskje vere litt sjokkerande, men eg elska denne boka. Sidan eg er så svak for dei, måtte eg ha med ein oppvekstroman frå Oslo. Eg las ho på veg opp til sommarleir i Lofoten (det var Natur og Ungdom, sjølvsagt tok vi tog og buss). Dei som har lese Beatles-trilogien til Christensen veit korleis han skriv, og han skriv godt.

Boka handlar om Barnum Nilsen og familien hans. Fred fekk namnet sitt fordi han vart unnfanga på frigjeringsdagen 1945, men det var ved ein valdtekt, så dette namnet er litt delt, og ingen finn nokon sinne ut kven faren til Fred er. (Men eg skal love deg du får mistankar!) Vi får ikkje berre høyre om Barnum og framtida hans, men òg om faren hans, Arnold Nilsen frå Røst, og fortida hans.

Historia omfattar så mange triste og gode historier at det ikkje er rart boka vann Nordisk Råds litteraturpris. Har du ikkje lese Halvbroren ennå, så må du gjere det. Du finn garantert boka i bokhylla til foreldra dine.

4. Bror av Ted van Lieshout
Dette er kanskje ikkje den største litterære prestasjonen i litteraturhistoria, men tematikken og handlinga er så rørande at eg faktisk grein då eg las boka. Boka er originalt skriven på nederlandsk, men omsett til nynorsk og ho er ikkje særskilt tjukk. Denne boka kjem du gjennom på nokre timar, om du vil.

Boka er noko så trist som ein bror som skriv ferdig dagboka til den yngre broren sin, som nettopp har døydd av ein sjukdom legane ikkje fann ut kva var. I dagboka skriv han om korleis mora vil kome over dødsfallet, og ikkje minst om det å vere bror, men ikkje lenger vere bror. Om de forstår. Han har vore ein bror så lenge han kan hugse, men så er han det ikkje lenger. Er han framleis ein bror?


Vi får lese kva som står i dagboka, og vi får lese kva broren fyller ut med. Det viser seg at begge brørne hadde sitt å skjule, så klart, og boka er fantastisk rørande. Eit must. Og ja: Homofili er eit tema i boka.

5. De dødes tjern av André Bjerke
Denne boka vart eg tipsa om av ein lesar, og eg las ho no i sommar. Boka er på riksmål (men med nokre få hokjønnsord og ord som skau og attrå, så det er ikkje så ille) og skriven av krimkongen Bjerke. Ikkje mess med Bjerke, dette er verkeleg eit meisterstykke av ei bok.

Boka har deg frå første setning, og om du ikkje har grøssa av å lese bøker før, så gjer du det no. Bjerke er ekspert på stemningar og hjelper deg godt med å sjå for deg kva som skjer.




Det er noko ved tonen til Bjerke som gjer at eg vegrar meg for å seie at dette er krim. Han skriv med ei slik ro og ironisk tone, og det er rom for nokre synspunkt om både det eine og det andre, men det finst ikkje éi overflødig setning i boka. Ho er både metafiktiv, grøssande og samfunnskritisk på éin gong.

Handlinga er enkel. Bernhard Borge (pseudonymet til André Bjerke) treng stoff til ein ny krimroman og spør etter stoff på ein venekveld. Ein av venene har kjøpt ei sagnomsust hytte i ein austlandsskog, og sagnet om hytta kjem sjølvsagt opp den kvelden. Ikkje lenge dreg han sjølv opp til hytta, men forsvinn. Venegjengen dreg opp dit for å finne ut kva som har skjedd, og Bernhard Borge får sjølvsagt stoff til romanen sin.

Eg må leggje til at eg sit her i sommarvarmen og grøssar berre eg tenkjer på kva som skjer i den hytta...

Andre bøker eg elskar
- Genanse og verdighet av Dag Solstad
- Bøkene om Hellemyrsfolket, av Amalie Skram
- Flytande Bjørn av Frode Grytten
- Krig og En himmel full av stjerner av Knut Nærum
- Trekkoppfuglen av Haruki Murakami.
- Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda
(Legg til nokre fleire seinare)

Den interessante dialekta nordnorsk

Ikkje alltid så lett å forstå
Kjærasten min er nordlending (skal ikkje utlevere han meir enn nødvendig), og eg har budd hjå han i kring eit halvt år no. Sjølv om dialekta hans så smått har blitt litt utvaska av nokre år i Oslo, er det nokre småting eg av og til snublar i.

For det første er heile dialekta mykje bråare og drygare enn den forsiktige Oslo-sjargongen. Eg overdriv sjølvsagt litt, men det er noko i det. Om han seier noko som i Oslo hadde vore rein utskjelling, meiner han berre å vere hyggeleg. Vesle, paranoide meg greier ikkje alltid å høyre rett.

Han seier: Åh, du e altså så håpløs!
Eg høyrer: Åh, du er altså så håplaus!
Han meiner: Du må hugse å leggje brødet i brødboksen.

Han seier: Å helgoland, æ e altså så satans lei a dæ no.
Eg høyrer: Å helvete, eg er altså så satans lei av deg no.
Han meiner: Eg er litt sliten, kan du la dei Yoshi-ane kvile litt?

Å snakke om seg sjølv i tredjeperson
Om nokon snakkar om seg sjølv i tredjeperson i Oslo, er det anten
a) eit forsøk på å vere spesiell og etablere ein unik talemåte,
b) eit forsøk på å passe inn i emo-kulturen,
c) eit teikn på galskap, eller
d) berre merkeleg.

Om nokon snakkar om seg sjølv i tredjeperson i Nord-Noreg, er det heilt vanleg. Det er slikt ein skal gjere, og ein skal bruke nemninga "man". Det kjipe er jo at når ein i Oslo seier "man skal..." betyr det at "alle og ein kvar skal", medan det i Tromsø betyr "eg skal...". Nokre døme:

Han seier: Man får ikkje lønn om man tar ferie no.
Eg høyrer: Arbeidstakarar får ikkje lenger feriepengar.
Han meiner: Eg fekk feriepengane mine i januar.

Han seier: Man hadde tenkt sæ ut i kveld.
Eg høyrer: Det blir trangt på byen i kveld.
Han meiner: Eg skal ut i kveld.

Han seier: Man sitt og jobbe litt.
Eg høyrer: Folk flest sit når dei gjer enkle ting.
Han meiner: Eg er på jobb

Ord og uttrykk som betyr noko anna
Det å ikkje gidde noko er nær uløyseleg forbunde med noko negativt i Oslo. Om eg spør nokon om han vil sende meg fjernkontrollen og får "æ gidd ikkje" til svar, så betyr det i Oslo noko slikt som "det har eg ikkje lyst til å bruke tid på å gjere", "det ligg langt under verdidheita mi" eller "gjer det sjølv, eg liker deg ikkje".

I Oslo kan ein òg seie "å ikkje orke", som då vil vere heilt greitt. Om ein ikkje orkar noko betyr det at ein er for sliten, at ein ikkje har krefter eller at ein ligg så godt at ein ikkje vil reise seg.

Det viste seg at "å gidde" i Tromsø betyr akkurat det same som "å orke" i Oslo.

Eg seier: Vil du væ'me mæi hjem på midda?
Han seier: Nei, æ gidd ikkje i kvell, beklager.
Eg høyrer: Nei, veit du kva, det har eg ikkje lyst til å bruke tid på, eg vil heller sitje her aleine og spele Xbox.
Han meiner: Nei, eg er så sliten, eg orkar ikkje den lange bussturen i kveld.

Så de skjøner kanskje at det har vorte nokre få mistydingar.

Det skal ikkje vere greitt
Eg blir av og til litt frustrert av dette. Ikkje fordi eg meiner det er noko galt med den nordnorske talemåten, men fordi eg aldri greier å lære meg det. I tillegg er eg ganske paranoid og flink til å overtolke kva enn folk måtte finne på å seie til meg, så det blir ofte til at eg tek heilt daglegdagse setningar personleg.

Og merk at eg snakkar om Oslo-dialekta og nordnorsk. Både "Oslo-mål" og "nordnorsk" er enormt store grupper med drøssevis av ulike folk og ulike dialekter. Eg generaliserer veldig, så du treng ikkje å ta dette så seriøst. Det handlar eigentleg berre om kjærasten og meg.

Eg blir snart overtruisk...

Hugsar de at eg, etter å ha rota vekk alle bokmerka mine, trakk eit tilfeldig spelekort ut av kortstokken min og brukte det? Det var hjarter-ess, ikkje sant? Ja.


I går var eg på opplæring på ein minigjenbruksstasjon i Oslo, og medan eg rydda i bokhylla, såg eg gjennom bøkene, blant anna på utkikk etter bokmerke. I ei bok av Edvard Hoem (på nynorsk) såg eg eit bokmerke mellom sidene. "Jess, flaks", tenkte eg, "det tek eg. Boka òg".

Men så såg eg at det ikkje var eit bokmerke. Den som har lese og levert boka må ha gått tom for bokmerke sjølv. Det var eit spelekort. Ja, det var hjarter-ess.



Anten er det ein spøkefugl som har bestemt seg for å tulle med meg og planta kortet der, elles er dette eit utruleg artig tilfelle. Berre sjansen for at spelekortet skulle vere det same, var jo 1 av 52. Eller meir, om du tek med jokerkorta.

7. april 1989


Det var datoen denne boka skulle vore levert tilbake på Deichmanske bibliotek i Oslo. Noko må ha hindra han eller ho som lånte boka i å gjere det då, så eg gjer det no. Boka fann eg på den same gjenbruksstasjonen medan eg rydda i hyllene.

Eg håpar eg får ta vare på innleveringslappen som eit minne:


Hugs at du kan Facebook-like dette innlegget. Det var jo nokon som spurde om Facebook-likar-knapp, men ingen bruker han lenger.

Eg har forresten lese ferdig Bjerke-boka og er i full gang med Agatha Christie. Eg trudde aldri eg skulle seie dette, men eg tykkjer det er utruleg spennande!

De drepte dem

Ikkje få panikk av at overskrifta i dag ser ut til å vere på bokmål. Den er på Oslo-dialekt, og då heiter det "de drepte dem". Det er heldigvis/diverre ikkje snakk om noko kaldblodig massedrap, men berre eit heilt vanleg døme på at subjektsforma av eit personleg pronomen tek livet av objektsforma si.
Kven er denne skumle figuren som tek livet av objektsformer?

Eg har lese om det og høyrt om det, men no har denne drapsepidemien råka menneska kring meg i Oslo. Subjektsforma av personleg pronomen tredjeperson fleirtal, "de", har snart teke livet av objektsforma "dem". Og eg veit ikkje kva eg synest om det.

Ei framtid utan kasus?
Skiljet mellom objekts- og subjektsform i personlege pronomen er restar av kasus (så vidt eg har forstått, eg har aldri lært eit språk med kasus før). Men dette er jo på veg vekk, ikkje berre i dialektane i landet, men òg i både bokmål og nynorsk.

"Han" har (nesten) teke over for "ham/honom" og "ho/hu/hun" tek snart livet av "henne". At "de" no tek over for "dem" er eit døme på at subjektsforma drep objektsforma, men det kan òg skje andre vegen.

På bokmål heiter det "dere vasker dere", men på nynorsk skal det vere "de vaskar dykk". Likevel ser eg at mange nynorskbrukarar droppar "de" og heller skriv "dykk vaskar dykk", noko som kanskje går betre saman med ein del dialekter, kor det gjerne heiter dokk/dykk/dokker/dekkan/osv. i subjektsform.

Eg er upåverka
Eg er så bevisst på dialekta mi at eg så langt er upåverka. Men menneska eg treff til dagleg har ikkje det same forholdet til målføret sitt og vert fort rive med av desse straumingane. Diverre gjeld dette tilsvarande med at eg ikkje greier å gå heilt tilbake til den dialekta eg hadde då eg var liten, då det framleis het "hu så hu" og "dem så'rem" på austkanten av Oslo.

Kva seier du?


Til slutt eit artig breiformatbilete av eit vindmøllelandskap eg såg frå bussen til Paris:
Biletet har absolutt ingenting med temaet å gjere, det er berre artig.
Teke og redigert av meg, med iPhone.

A, D, E og F

A // for Almaas


Forfattar: Bjørn Esben Almaas
Tittel: Katzenjammer
Språk: Norsk (bokmål)
År: 2003
Forlag: Oktober

Denne boka lånte eg fordi eg mangla ei bok på A og gjekk og titta i hylla. Boka har ein daudingsskalle på framsida, og opninga er skummelt lik opninga i ei Murakami-bok. Eg vart nyfiken og bestemde meg for å låne ho, og det angrar eg ikkje på. Hovudpersonen er nederlandsk, heiter Bas de Klerk, jobbar på kontor og er gift med Åsne, som ønskjer seg katt. 

Diverre blir det meir stress med innkjøp av katten enn Bas hadde turt å håpe på, og straks tek kattungen mykje plass i kvardagen. Saman med ei rekkje hendingar i samband med jobben, gjer innkjøpet av katten at noko seier klikk i hovudet til Bas. Ikkje greitt.


Personane og miljøa er karikaturar, men likevel truverdige og gripande. Slutten er diverre ikkje på høgde med resten av boka, men eg vil gjerne vite korleis det går med Bas vidare. Tommel opp!

D // for Dickens


Forfattar: Charles Dickens
Tittel: Mysteriet Edwin Drood
Språk: Bokmål, orig. engelsk
År: 1870 (blei aldri ferdigskriven)
Forlag: Aschehoug

Eg blei tilrådd å lese noko av Dickens, og på biblioteket hadde dei alle dei mest kjend Dickens-bøkene (Copperfield, Twist osv.), og denne. På baksida kunne ein lese at Dickens aldri rakk å skrive ferdig denne boka, og at notata Dickens la att ikkje røpa noko avslørande. Ingen veit kva som skjedde med Edwin Drood, ein ung mann som plutseleg forsvann.

Den halvdelen av boka Dickens rakk å skrive er utruleg fengslande og god. Handlinga er i ein passe stor by i England på 1800-talet og har både kjærleik, begjær, svik og konspirasjon. I omsetjinga snakkar snobbane riksmål med høfleg tiltale og dei med uformell "grov" taleform, har austkantdialekt, ganske lik mi eiga. Det er både dynamiske og statiske figurar, kor dei siste er spiddande karikaturar av heile grupper. Utruleg artig å lese.

Boka "endar" brått ved at det berre ikkje er meir. Handlinga rekk å ta ei overraskande vending like før, og dette må vere den aller verste "cliffhanger"-en i litteraturhistoria. At boka heiter "Mysteriet Edwin Drood" er ikkje anna enn lagnadens ironi.


E // for Eikemo


Forfattar: Marit Eikemo
Tittel: Arbeid pågår
Språk: Norsk (nynorsk)
År: 2009
Forlag: Samlaget

Eg plukka med meg noko på E medan eg først var på biblioteket og freista å gå alfabetisk til verks. Denne boka var den einaste som verka nokonlunde interessant, og den første sida ga meirsmak.

Vi møter (men blir ikkje kjend med) ein ikkje fullt så ung student som har leigd seg ei lita leilegheit i Spania for å få fred til å skrive avhandlinga si, om kritikk og parodiering av Ibsen oppgjennom historia. Det er visst umogleg å konsentrere seg med alt som skjer og alle som bur i bustadkomplekset, og utan nokon å diskutere Ibsen med, finn han stadig att Ibsen-figurane og -tematikken i det nye miljøet. Og er han ikkje ein Ibsen-figur sjølv?

Det står mykje om Ibsen i boka, og eg trur det kan vere greitt å ha lese og gått gjennom nokre Ibsen-drama før ein går laus på denne boka. Eg har heldigvis gått gjennom tre av dei store dramaa på skulen og forsto det meste, men eg mistenkjer at det er hendingar, relasjonar og figurar i boka som er parallellar til Ibsen-skodespel, og at denne boka då blir særs psykologisk. For dei av oss som ikkje kjenner Ibsen så godt, blir det heile litt uengasjerande.

Ein blir aldri særskilt kjend med figurane, og det er berre i periodar ein verkeleg har lyst til å lese meir. Når ein trur ein kjenner hovudpersonen, kjem eit verkeleg karakterbrot, utan forklaring, og av og til er han uuthaldeleg dum. Dette er ei bok du fint kan gå glipp av, men du vil ikkje grine deg i søvn om du les ho likevel.



F // for Faldbakken


Forfattar: Knut Faldbakken
Tittel: Sin mors hus
Språk: Norsk (bokmål)
År: 1974
Forlag: Gyldendal

At eg les denne boka, er eigentleg heilt tilfeldig. Eg var innom ein gjenbruksstasjon og vitja bror min som var på jobb, og så såg eg gjennom dei innkomne bøkene og fann Faldbakken. Eg hugsa namnet frå norsktimane og hadde i hovudet kategorisert det som "må lesast", så eg tok med meg boka og las ho på toget ned til Oslo.

Boka er forferdeleg ekkel, og skildrar korleis ein overtidsstudent (det eg kallar dei som har vore så lenge på universitetet at dei gløymer korleis verda eigentleg heng saman) lagar ei verd oppi hovudet kor alt og alle kring han er delar i eit spel om roller i livet hans.

Det oppstår i hovudet hans ein maktkamp mellom den nye kjærasten hans og mora. Begge to vil vere den dominerande kvinna i livet hans, og det psykologiske, seksualdrivne spelet han diktar opp i hovudet sitt blei nesten for mykje for meg. Boka er utruleg ekkel, men ikkje direkte pervers, men det var likevel noko som heile tida dreiv det vidare og var spennande og truverdig. Ei bok kan handle om kva ho vil, men er god så lenge lesaren vil lese meir. Endinga er diverre litt uoriginal.



Oppsummering
Av dei fire bøkene eg har skrive om så langt, er det berre éi du absolutt burde lese, og det er Mysteriet Edwin Drood. Dei andre er òg gode, men ikkje noko eg meiner du ikkje kan gå glipp av.

Dei neste på lista er Bjerke, Christie, Gulbranssen og Haddon. Heng på!

Late sommardagar, har du boktips?

Lite å gjere på 
Eg hadde ikkje meir planar for sommaren i år enn korpstur og slektstreff. Korpsturen var første veka av ferien, slektstreffet er nokre dagar i slutten av denne veka. Før og etter det, har eg fint lite å gjere på. Då går mykje av dagane med til å sove, lese og gjere husarbeid. Det siste skriv eg berre for å ikkje verke som ein dust.

Eg har snart teke 200 bilete i PhotoBooth. Det er utruleg få, med tanke på kor lenge eg har hatt MacBook-en min, og eg gjettar på at ein plass mellom 100 og 150 har hamna her på bloggen, utan at det har utretta dei store underverka.


Akkurat no les eg Norwegian Wood av Haruki Murakami, denne japanske forfattaren som for tida har trollbunde meg, og eg går aldri lei av å vise fram fingerkløyvinga mi. Det må jo vere noko eg kan skrive på CV-en?

Biblioteket frå A til Å
Sommaren er ei fin tid å lese bøker! Difor tenkjer eg å bruke sommarens lange bussturar, slappe stundar og fine kveldar på å lese meg gjennom biblioteket frå A til Å. For å kunne bite over eplet, avgrensar eg det til ei bok per bokstav. Altså skal eg lese ei bok av ein forfattar med etternamn på A, ei bok med forfattar med etternamn på B osv.. Kom gjerne med tips!


Eg held dykk sjølvsagt oppdaterte om eg finn nokre perler.

No ber det ut for is i sommarvarmen!
Så det, så!

Har du tips til bøker eg kan lese? Kvitre dei i kvitrefeltet under innlegget! Pass på å få med namn på forfattar.

Vekas utklipp frå blogg.no

Vekas kommentar-maniske:
I dag har Frøy-herlige bursdaaag! Hun fyller 15 år og jeg er veldig glad i henne. Gratuler henne med dagen i en kommentar, da blir hun glad! Det vet jeg.
- Jente, 14 år, som sikkert fekk kommentarar i påskeegget òg.


Vekas overskrift:

Kvelds nytt! ; P

- Jente, 13 år.


Vekas interessante vri:
Hei!
Nå har bloggen endelig fått Mail-adresse. Har ikke giddet å lagd tideligere
Den er [******************], send hjerne mail! 
- Jente, 14 år, som vil at vi skal sende hjerne-e-post til bloggen hennar. 


Vekas "Jenter kan også...":
I natt sov jeg, Karoline og Silje hos Marietha. Det var kjempekoselig, selvom vi egentlig bare satt på dataen. Man kunne vel egentlig kalle det et jentelan, hvor vi altså gamet msn, facebook, nettby og spotify.
- Jente, 15 år, med ein interessant definisjon av "gaming".


Vekas kombinerte:
Jeg fikset jo Outfits bilder til dere i går
- Jente, 19 år. Fuge-s og særskriving ser bra ut hand i hand.


Vekas fristil:
Jeg satt og leste litt rundt og kom over de syv dødssyndene. 
Og da måtte jeg jo lese litt om de og hvor mange av de jeg har brytet. 
- Jente, 20 år, som òg har begått den åttande daudssynd "grammatisk fristil".


Vekas heilomvending:
BEGYNNER Å BLOGGE FULT IGJEN
- Jente, 14 år. Ånei, eg som likte det så godt då ho blogga pent!


Vekas deppebloggar:
Hei igjen! Jeg vet jeg ikke har blogget på LENGE, pga. jeg faktisk har hatt det gangske gøy i det siste ..
- Jente, 13 år, som berre bloggar om kjipe ting?


Vekas særskrivar:

taco spising, film snakking og relaxing !

- Gut, 14 år, som ikkje har for få komma, men for mange mellomrom.


Vekas "blåste raudt":

halla! sture er fes gos meh nå

masseef fesst n¨¨¨!"!! snadder er sture !!
- Gut, 19 år, som burde vurdere alkolås på PC-en. Artig for oss, då.

A sad funeral, hard to say goodbye

I dag er du invitert i gravferd. Eller funeral, som det kanskje heiter. I år skal vi ein gang for alle la Kortbukse møte skaparen sin. Farvel, Kortbukse! Du har vore ein god ven gjennom barndomen min og fram til no, men no må eg la deg gå. Eg kan ikkje lenger tvihalde på deg om eg vil at nokon skal ta meg seriøst. Farvel.
Engelske former tek over
I Oslo får ein ikkje lenger tak i kortbukser, t-skjorter eller skuggeluer. Ingen står lenger på rullebrett og å slappe av er eit døyande fenomen.

For Oslo-folk går no alle saman i shorts og t-shirts, dei har på seg caps, jeans og på beina har dei gjerne boots, sneakers eller pumps, eller kanskje sommarlege slip-ons, slik at dei kan chille medan dei tan-er. Og skatarane? Dei står på skateboard, så klart.

Kvifor, spør eg. Fordi alt er så mykje kulare på engelsk.

Møt t-shirt


Eg trudde vi hadde gode ord for klede i Noreg, men no er til og med t-skjorte snart gått i grava. Den nye, hippe og kule varianten er t-shirt.

Eg har eigentleg ikkje anna å seie enn at ordtaket "same old shit, new wrapping". Engelsk har skremmande høg status no. Alt er kulare på engelsk, sånn er det berre.

Det same gjeld ordet outfit, som har teke over for antrekk. Det er jo framleis eit antrekk, men berre ein kallar det eit outfit, så blir det jo så mykje betre. Sjølv eit billeg, enkelt og slaskete "antrekk" er kult nok til å blogge om så lenge ein kallar det "outfit".

Og om ein skal ut og handle festantrekk, kan ein dra rett tilbake til gamledagar. I dag skal ein shoppe partyoutfits. Så det, så.


Faksimile av nye innlegg i kategorien "mote" på blogg.no.

Eg fann alle desse overskriftene blant dei tretti siste innlegga i kategorien. Medan eg leita, såg eg ingen "antrekk".

Og kvifor har eg engelsk overskrift i dag? Nei, det er no slik som ungdomen likar, då...

Kva skal eg gjere?
Det er ikkje noko vanskeleg å stadfeste at det er slik. Eg er langt ifrå den første som skriv om dette (og dette er ikkje første gong eg skriv), og neppe den siste.

Naturleg utvikling av språket? Vi får se.. Eg tykkjer det ser rart ut å skrive shorts, t-shirt og outfit i norsk, ikkje minst i nynorsk, men folk får no berre gjere som dei vil. Men å gravleggje eit godt norsk ord fordi det er "for teit", vil eg ikkje vere med på frivillig.

Tykkjer du at ord som shorts, skateboard, caps og t-shirt høyrer heime i norsk? Kva må til for at eit norsk ord skal vinne fram hos ungdom? Køyr debatt!

Vekas utklipp frå blogg.no

Vekas utklipp
Eg gjer dette om til vekas utklipp, så skal eg prøve å få det til ein gong i veka. T.d. på sundagar. Me faor sjao.

Vekas overskrift:
"Sex in the city"
- Jente, 19 år. Dette må jo vere lågbudsjettspornoparodien på Sex and the City?

Vekas groovy:
"imorgen har jeg matte eksamen.. herregud som jeg gruver meg!"
- Jente, 17 år, som heldigvis ikkje kom opp i norsk. (Huff, den var slem. Inneheld faktafeil òg, for ein kan ikkje kome opp i norsk når ein er 17. Sikkert like greitt.)

Vekas geografiske:
"En dame / jente for meg beskrives sån .
Hun må være fra vestkanten i Norge."
- Gut, 16 år. "Hæ? Finnes det mer Norge utenfor Bærum?!"

Vekas a-ha-oppleving:
"Hey.
Jeg fant ut at hvis jeg skal være våken i hele natt så blir jeg jo trøtt på skolen."
- Jente, 14 år

Vekas "all PR er god PR":
"Det er hovedspørsmålet i alt dette rotet. Hvis dere hater meg så jäävligt, hvorfor prater dere alltid om meg?"
- Jente, 14 år. Haters make you famous, and famous is good. Eller ikkje.

Vekas hjernevask 1 - arv:
"Han er ikke homo, han er flink til å synge, bare"
- Dame, 49 år, om Justin Bieber. Som kjend er jo alle homofile flinke til å syngje.

Vekas hjernevask 2 - miljø:
"Jeg har ikke noe imot HomoFile, dem velger bare sine egne tanker egne følelser liker samme skjønn."
- Gut, ukjend alder (eg gjettar på 11-12), som openbart er tilhengjar av miljøteorien.

Vekas lesaroppfordring...:
"kan du kommentere bloggen
vår plis <3"
- To jenter på 11.

... og svar:
"no komentera ei, men då SKAL du inn og komentere på min!"
- Jente, 15 år.

Dagens spørsmålsrunde:
"Spm. Runde, spørr meg om anything!"
- Jente, 11 år. 

Dagens "frå ei anna verd":
"Jeg begynner primært med innlegg rettet til jenter/kvinner pga. de er i flertall (sorry gutta blir noe på dere etterhvert)."
- Gut, 20 år. Det er tydeligvis fleire jenter enn gutar i moteverda. Heldigvis bur ikkje eg der.

Korleis diskutere på nynorsk2011.org

Nynorsk2011.org er diskusjonsforumet for alle som vil seie sitt om den nye rettskrivinga som kjem neste år! Eg sleit lenge med korleis ein publiserer innlegg osv., og sidan nokon spurte (har de set at eg har skrive der?), så skal eg vise korleis. Eg vil gjerne at folk er med om dei har noko vettugt å seie.

Diverre er det unødvendig kronglete og rart å registrere seg og skrive innlegg. Slik burde det ikkje vere. Her får du ei punkt-for-punkt-liste som ikkje burde utelate nokon tvil om korleis du gjer det.

1. Gå til nynorsk2011.org. For å skrive kommentarar og innlegg må du registrere deg.


2. Trykk på "REGISTRERING" og trykk på lenkja som heiter "Klikk her for å registrere deg som brukar!"
Lenkja står heilt nedst på sida her.

3. Du får no opp ei Wordpress-registreringsside. Fyll inn felta med brukarnamnet du vil ha og e-post-adressa di.
No får du eit merkeleg konstruert og vanskeleg passord på e-post.

4. No er du registrert og kan logge inn! Følg innloggingslenkja frå e-posten for å kome til innlogginssida. Eventuelt kan du finne den godt gøymde lenkja "logg inn" (http://www.nynorsk2011.org/wp-login.php) på framsida. Då får du opp dette kontrollpanelet: (Ignorer at eg ikkje sensurerte namnet mitt.)

Skal du berre kommentere innlegg som er publiserte, treng du berre gå til framsida av nynorsk2011, klikke på eit innlegg og fylle ut i kommentarfeltet under innlegget. Akkurat som på ein blogg.

5. Vil du skrive eit innlegg, er det like greit å berre bruke boksen "Hurtiginnlegg" i kontrollpanelet. Fyll ut alt, og trykk "Send til gjennomgang". Når det er godkjend, vil det kome opp på framsida av nynorsk2011.org, og alle kan kommentere det.


Slik gjer ein det! No er det berre å diskutere!

Dagens utklipp frå blogg.no 27

Okæj, eg får freiste å gjere dette til ei vekentleg greie igjen! Kva med ein fredagsting?

Dagens overskrift:

hvert i paris

- Gut, 19 år, som har vore i Paris.


Dagens "korleis var no det ordet, igjen":
Heihei.. sorri for ingen overskrift! Men i dag så skal jeg hvere med Benedicte!
- Jente, 13 år, som ikkje hvar heilt stø.


Dagens beat:
Sist Termin hadde jeg litt problemer med karakterene og anmerkningene. Så klart hadde jeg gode karakterer det er ikke det men jeg hadde mange dårlige også. Og den verste Beat'en var så klart anmerkningene.
- Gut, 13 år, med dårleg rytmesans. (Eg reknar med at dette er eit artig ordspel og ikkje at han faktisk trur uttrykket handlar om rytme)


Dagens ortofoniske:
Jeg har da appel iPhone, og jeg syns at applikasjonene ved appel er bedre enn "windows", og det er grunnet til at, det blir veldig tregt når det blir overbelastet med flere "faner". 
- Jente, 15 år. Merk at Windows av ein eller annan grunn står i hermeteikn.


Dagens overskrift 2:

her er en venn av meg det er ikke Markus men han heter Sander

- Gut, 10 gut, som har ein ven som heiter Sander, og som ikkje er Markus.


Dagens overskrift 3:

En reinfulldag!

- Jente, 15 år, som har møtt på ein masse rein. 


Dagens ";pPPpPpPp":
I'm sorry, did you just call me a Bitch?

Well, a bitch is a dog,

dogs bark, bark is on

trees, trees are a part

of nature, and nature

is beautyful. So yeah,

thanks for the compliment.
- Jente, 14 år. Har ikkje meir å seie enn at eg håpar ingen verkeleg tenkjer slik.

Dagens overskrift 4:

endelig fådt meg en kattunge:-))

- Ukjend. Så flådt, 'a, gitt!


Og så vil eg gratulerer Thea, kjend for å ha delteke i Paradise Hotel, med bloggnamnet theass.blogg.no, som eg ikkje greier å lese som noko anna enn "the ass". Kanskje er det meint slik, kanskje ikkje.

Handheving og folk som velgar mjølk

Eg fann dette skiltet ved Vaterland (like ved Grønnland) i Oslo sentrum. Skiltet står like ved ein av dei mange inngangane til Grønland t-banestasjon, og det fekk meg til å stusse litt. "Området håndheves"?


Er det dei privatrettslege reglane som vert handheva, eller området? Her står det området, men eg såg ikkje noko til slik handheving. Men det må jo i så fall sjå slik ut:



Skrivefeil i overskrifta, ja
Om du reagerte på ordet "velgar", som presens av "å velje" i overskrifta, så var det bra. Etter ordlista skal "velje" bli "vel" i presens, men sjå kva som står bakpå mjølkekartongen:



"...du velgar TineMjølk". 

Verbet "å velje" bøyer vi slik:
Å velje  -  vel  -  valde [valte] -  har vald [valt]

Eg vil ikkje arrestere nokon dersom dei heller vil bøye det som e-verb, eventuelt med g:
Å velge  -  velger  -  valgte  -  har valgt

Men om vi, som Tine, skal bøye "å velge" skal vere a-verb, må bøyinga bli slik:

Å velge -  velgar -  velga -  har velga

... og det ser jo unekteleg litt rart ut, Tine.

Soli skin!
No skin soli, så eg skal liggje på takterrassen åtte etasjar over bakken og lese juss til i morgon! (Eigentleg skal eg vel lese mest Murakami, men hysj-hysj!)

I morgon har eg den siste skriftlege eksamenen min, i rettslære 2. Det går så bra, så!

Dagens utklipp frå blogg.no 26

JAAA, endelig kjem det eit til! Herregud, det er lenge sidan sist! 

Dagens engelske overskrift

Keep your friends close, but keep your animes closer

- Jente, 14 år. Det hadde jo vore bra om ho skulle lage eit innlegg om japanske teiknefilmar, men ho har berre skrive "enemies" feil.

Dagens sirkusbelte:
Sindre og jeg har ombelert(aner ikke hvordan det skrives, men du skjønner) på rommet mitt, og det ble kjempekoselig og ryddig.
- Jente, 15 år, som har ommøblert ordet "ommøblert".

Dagens engelske 2:

An another life

- Jente, 17 år. An an... An. Hmm.. Det held med éin an.

Dagens særskrivne:
Alexander Wang inspirerte sko fra Din Sko!
- Kvinne, 30 år, som har fått seg inspirerte sko. Eg lurer på kva Wang inspirerte dei til å gjere.

Dagens overskrift:

JEG KAN MOTSTÅ ALLT, UNTATT FRISTELSER

-  Gut, 14 år. Rettskrivinga var òg litt overmannande.

Og så nokre om nynorsk:
Norsken blir ok, engelsk håper jeg går bra også er det nynorsk som går til *******! Men men, thats life when you live in Norway! 
Vi er rasistiske mot oss selv. Vi slipper jo fane meg ikke unna nynorsk? Helvette heller. La oss velge selv for faen!
- Jente, 18 år. Sidemål er rasistisk - så klart, korleis kan eg ha unngått å sjå det alle desse åra?

Jeg er nynorsk, men prøver på å skrive bokmål.
- Jente, 12 år, som er nynorsk, akkurat slik barn i Oslo er bokmål.

Off, nå har jeg spist altformye pinnebrød! Skjønner ikke helt hvorfor, siden jeg ikke egentlig liker pinnebrød. Var forresten det jeg trengte mel til. Siren hadde ikke nok, så måtte løpe hjem å hente.

Kjære Gud
Tusen hjarteleg takk for at eg ikkje møtte nokon på vegen
Amen

Følte det blir mye mer ''kristelig'' med nynorsk btw.
- Jente, ukjend alder, som forbind nynorsk med kristendom. 

Gakk snøggare, ungar!

Andemor seier: Gakk snøggare, ungar!

Nynorsknøtta i dag er: Kva ønskjer andemor at ungane skal gjere?

- Livet er ein gamp

Ferdig med einaren!
I går kveld las eg dei siste sidene i Min Kamp 1, av Karl Ove Knausgård, og eg kan ikkje gjere ann enn å tilrå denne boka til alle saman. Dette er verkeleg eit stykke stor litteratur, kanskje det største eg har lese sidan eg las Beatles av Lars Saabye Christensen. Eg er mektig imponert over forteljaremna til Knausgård og korleis han maktar å gjere skildringar av daglegdagse situasjonar til litteratur. Trass i at nokre av dei kvardagslege situasjonane er skildra langt ut i keisemda, vart eg positivt overraska over resten av boka. Ho var verkeleg god.

Ikkje minst er det fascinerande og fantastisk korleis heile lesaropplevinga endrar seg fundamentalt når du veit at forteljaren har oppleve alt sjølv, og berre fyller ut med diktarisk fridom der det trengst. Her får du lese haldningar og tilståingar som ikkje hadde vore særskilt spesielle om dei var tillagt ein fiktiv romanfigur, men det heile er fullstendig annleis når du veit at den som skriv, som skriv om seg sjølv. Eg er imponert over at Knausgård tør å gjere dette. Sjølv om eg tykkjer fleire av dei tinga han skriv at han gjer er forkastelege, skal det mot til for å skrive det i ei bok under fullt namn og ikkje leggje skjul på at det er han sjølv det handlar om.

Eg plar ikkje gje karakter til bøkene eg skriv om, men denne boka må eg gje tommel opp.

Ikkje meir mobbing av henda mine, takk. Dei er vakre, punktum.

Når eg har lese ferdig Trekkoppfuglen av Haruki Murakami, som eg snart må levere på biblioteket, skal eg få tak i toaren, trearen og firaren og lese dei òg.

Overskrifta er for øvrig eit sitat frå boka. Farmora til Karl Ove kan ikkje seie k, så ho seier fleire gongar at "livet er ein gamp", og så ler dei.

Og elles?
Alle iPhone-brukarar blant lesarane må laste ned Opera Mini i dag. Som fyrste nettlesar, har programmet Opera Mini kome gjennom dei strenge krava til Apple og er no tilgjengeleg i App Store, heilt gratis! Dette er ganske viktig, for Apple har til no vore kjempestrenge med å sleppe gjennom program med tilsvarande funskjonalitet som deire eigne program. At eit så stort selskap som Opera no har fått gjennom ein eigen nettlesar, opnar kanskje opp for at fleire, etablerte utviklarar kan lage gode program til iPhone!

Eg er førebels ikkje heilt nøgd med Opera Mini i seg sjølv, men det kan eg skrive meir om når eg har testa litt meir.

Og heilt til slutt.
Anders har bursdag i dag. Gratulerer med dagen, siddispus! ^^

Å hate ein romanfigur

Lydspor: Ratatat - Shempi

Daud over Jarle Klepp
I dag er eg sjuk og heimeverande, så eg har sete og lese masse i Pixley Mapogo, av Tore Renberg. Dette er den nyaste, men antakeleg og vonleg ikkje den siste, boka i romanserien om Jarle Klepp. Eg har lese dei tre andre (Kompani Orheim, Mannen som elsket Yngve og Charlotte Isabel Hansen), og Tore Renberg er ein av mine favorittforfattarar, så då las eg òg det nyaste tilskotet i forteljinga om livet til Jarle Klepp.



Men eg hatar Jarle Klepp. Verkeleg. Og etter å ha lese 155 sider i Pixley Mapogo, hatar eg han berre meir og meir. Seriøst. Jarle Klepp er ein barnselg idiot med for store ambisjonar, for store tankar om seg sjølv og sin eigen analytiske evne. Han greier alltid å gjere det verste ut av einkvar situasjon og gjer aldri noko riktig. Difor vil kvar einaste fæle ting han gjer i notida føre til ein fæl og grusom anekdote frå barne- eller ungdomstida kor han er ein jævelunge med edle intensjonar som sel seg ut for å redde sitt eiget "image" og gjer det han trur han må gjere for å overtyde folk kring seg og seg sjølv på at han er slik han skal vere, sjølv om han hatar det konformative og fæle samfunnet. Eller gjer han det?

Jaja, Tore Renberg skriv gode bøker, sjølv om han skriv om kuklæsten Jarle Klepp.

Romanfigurar er aldri perfekte?
Eg har lese få bøker om hovudpersonar som er perfekte. Perfekte menneske får ein vel berre lese om i sladderpresse og i vekeblad. Romanar er for personar med ulike problem. Problemet til Jarle Klepp er at han er ein idiot. Tenk deg kor utruleg keisamt det må vere å lese ei bok om livet til verdas beste person. Så klart finst det bipersonar i bøker som kan vere perfekte eller fantastiske, men dei er aldri hovudpersonar. Trur eg?

Tenk deg om.. Sjølv i bøker om såkalla heltar, er det problem. Anten er dei råka av grådigheit og greier på eit punkt å kludre det til, og så handlar boka om korleis dei gjer det godt att. Dei tek gale val. Kvar einaste gong eg har lese ei bok, har eg på eit punkt tenkt "neineinei, KVA GJER DU, føkkings idiot..." om hovudkarakteren. Lenge før ting har eg tenkt "neineinei, gå vekk derifrå, elles kjem du til å gjere noko dumt". Er eg åleine om dette? Det nektar eg å tru at eg er.

Og så bilete av eit av årets nye produktar. Dinosaurstrøssel. Eg veit kva eg skal ha neste gong eg lagar muffins.


No skal eg lese ferdig boka, rydde i stova og lage meg mat. I morgon skal eg på open dag på Universitet i Oslo, eg trur det vert bra artig. ^^

Kvifor har ikkje blogg.no ein kategori "litteratur" kan passe inn under? Eg legg bokkvitter i "samfunn", men eg føler ikkje heilt at "samfunn" femner språk og litteratur. Språk og litteratur burde vere ein eigen kategori. Kva er alternativa mine? Hobby? Kunst? Fritid? Neh..

"Av yrke tek eg folk i ræva", om ei god bok

Heime igjen!
Ein dag tidlegare enn tenkt er eg no heime i Oslo igjen. Den lille Trondheims-turen er no eit kapittel for seg sjølv, men om eg skal nemne noko nemneverdig, må det vere frukosten med Espen. Eg såg han skreiv han skulle til Trondheim, så vi var litt spontane og åt frukost med kvarandre, sjølv om vi ikkje kjenner kvarandre. Artig!

Og så til overskrifta. På Mammut-salet (gjett kven som sat med brosjyreavisa  og ringa ut kva han skulle kjøpe) i Oslo hadde eg leita etter ei av dei annonserte bøkene, men eg fann ho fyrst i Trondheim. Om det er fordi dei ikkje sel ho i Oslo eller fordi ho var utseld, veit eg ikkje. Eg fann berre éi utgåve i hylla på Libris i Trondheim, men herregud, det var jo nok for meg.



Boka heiter Pericle den svarte og er skriven av Guiseppe Ferrandino, opphavleg på italiensk. Boka er omsett til norsk (nynorsk^^) av Kristin Sørsdal og er ikkje tjukkare enn at eg las ho ut på bussen ned til Oslo. Ho tok kring tre timar å lese, men det var tre artige timar.

La oss sjå... Eg fatta interesse for denne boka då eg såg at ho var omtala på nynorsk i Mammut-brosjyren, som ei svart mafiabok, som korkje sto under krim eller spenning, men under "romaner". Eg tenkte at dette måtte vere noko for meg!

Ho handlar om eit gjengmedlem i slutten av trettiåra. Han er litt lei av arbeidet sitt, men får høve til å flykte og ta kommandoen sjølv etter eit litt mislukka oppdrag og nokre drap og slikt. Ei underhaldande bok med masse svart humor, ein del fæle scenar og ikkje minst ein god slump originalitet.



Prislappen er knappe 69 kr på Mammut-sal. Eg oppmodar alle som har lyst til å lese noko litt annleis på nynorsk, ei svart perle i ein sjanger som elles er proppfull av klisjear og sjølvsagtheiter, og som har 69 kroner å bruke på ei god bok til å kjøpe denne. Eventuelt er ho sikkert til utlån på nokre bibliotek. Boka er på 137 sider, men det er jo akkurat passe. Det er ikkje storleiken som tel (jamfør omslaget på boka).

Klednadinnlegg med det ferdige skjerfet (ja, det var ferdig på tysdag) kjem ein gong.

Ordleiksfasit og andre ting

OBS: Lesaren Marta hadde visst sendt meg ein e-post tidlegare med svaret på gårsdagens ordleik. Ho har vore isolert utan stabilt nett og det er mogleg ho var fyrst til å løyse ordleiken. Iallfall skal ho få litt skryt for å ha vore med og for alt det fantastiske attkvitteret ho skriv. ^^ Ho skriv jo attkvitter som er lengre enn kvitteret mitt, og det er fantastisk. :P

Fiasko?

Eg veit ikkje kor magne som faktisk freista å få til ordleiken frå romjulskalenderen i går, men det var berre to som klarte det, og det var Anders og Lisa. Lisa får skryt for å ha skrive ned alle løysingsorda. Her er iallfall fasiten:

1: "Workshop" = miniverkstad
2: "Virkelighet" = røyndom
3: Namn på eit band som er kjend for å spele Rammstein-songar med nynorsktekstar = Rammsund
4: "Bevegelse" = rørsle
5: "Hvordan" = korleis
6: "Eksempel" = døme
7: "Enstemmig" = samrøystes
8: "Følelse" = kjensle
9: "Dristighet" = djervskap
10: "Forespørsel"  = førespurnad

Det vertikale ordet vart då "knusleskap"! Eit fantastisk søtt ord. Eg ser jo no at "miniverkstad" ikkje akkurat er eit velkjend og godt innarbeidd avløysarord for "workshop", i tillegg har Anders gjort meg merksam på at "samrøystes" har like mange bokstavar som "einstemmig", men han skjønte jo sjølvsagt at eg var ute etter ordet som var mest nynorsk. Flinke Anders. ^^

Andre ting
Okei, eg kjem ikkje på så mykje meir å kvitre om no. Eg er ikkje heilt i form og har tenkt å bruke dagen på å sitje inne og spele Guitar Hero. Så det, så. Det har ikkje vore nokre fuglar på juleneket i år, men her kjem eit bilete frå i fjor då vi hadde meisekuler. Dette er teke med digitalkameraet mitt gjennom eit vindauge, men er ikkje redigert. Eg vart særs nøgd med biletet. ^^

Foto // meg. Takk til meis for framifrå modellarbeid.

Eg registrerer med angst og avsky at det har kome to 14 år gamle mødrer opp på topplista. Kva faen, seier no eg. Eg har høyrt om folk som har liggi seg oppover topplista for å få høgare lesartal på bloggen sin, men snart høyrer vi kanskje om folk som får barn for å trekkje lesarar? Isj-isj-isj... Ein mistar trua på menneskjet.

Dagens utklipp frå Blogg.no 17

Dagens fail:
fin blogg :) kommenter gjerne på dette innlegget og skriv hva du syntes om mobbing: http://blogsoft.no/index.bd?fa=article.edit&ar_id=13926703
- Jente, 16 år. Ikkje berre er det imponerande i seg sjølv å skrive slike reklamekommentarar, men det er bra gjort å kopiere lenka til kontrollpanelsida for redigering av innlegget og ikkje til det publiserte innlegget på bloggen. Gratulerer.

Todays english overscrift:

Lussecats and circels, and turtels.. Aaaand dinos!

- Jente, 15 år. Lussekattar kaller ein gjerne saffron buns på engelsk.

Dagens overskrift:

ARIZONA JUL MED OPPLOSTBARE SNØMENN

- Jente, 17 år. Eg trur det skal stå "oppblåsbare", men det er aldri godt å vite. Aldri.

Dagens kyting:
idag var det rett og slett - 30°C og det er fader i meg kaldt!
tenk at det er lov at det skal være så sykt kaldt!?
- Jente, 15 år. Nei, la oss forby minusgradar, kva? Det funkar vel.

Dagens røyndomsoppfatning:
Hvordan vet man at man bor i landlige omgivelser?
Jo det skjønner man når det kommer besøk kjørende på snøscooter til naboen, seriøst snøscooter, finnes ikke de bare i skogen?
- Jente, 23 år. Snøscootarar er eit skogsdyr, ja. Mhm.

Dagens sjølvinnsikt:
Vil du bli vurdert av meg ?

Bare si i fra i komentar boxen og si
at du vil hvist du vil å så trekker jeg en
blogg som jeg ''vurderer'' .
- Jente, 12 år. Ho får skryt for høveleg bruk av gåseauge.
 
Dagens noko:
Hei og hå! Hvis du vil bli vurdert, så skriv bloggadr. under og jeg velger ut en. Du får + hvis du komenterer gamle innlegger. Alltid kost vettu :) Så det er størst sjans på de som komenterer gamle innlegger. Så hva venter du på?
- Jente, 14 år. Eg ventar på Godot. (Ærleg tala - er det ein premie i seg sjølv å verte vurdert? :S Det kan jo faktisk ende i slakt?)

Dagens kvardagsproblemstiling:
Haha, anyone?

Mobilen min ligger oppe og jeg føler meg helt lost uten den, men jeg tørr ikke gå opp, for det høres ut som om det er noen der, haha :s
- Jente, 14 år. Det verste er at eg kjenner meg igjen i å ikkje tøre å gå opp. Men eg kjenner meg ikkje akkurat lost utan telefonen. :P

Dagens "hot eller not"?
SNØ; Hot eller Not?
- Jente, 15 år. Eg trur eg går for not. Må for øvrig ikkje gløyme at Hot og Not er eigennamn og skal ha stor førebokstav.

Ei bok til ettertanke/INSPO<3<3<3

Til dei som måtte undre, så har eg kvotert inn litt bokmål i overskrifta..

Religiøs fundamentalisme
Ein får høyre mykje om kva trussel religiøs fundamentalisme er for norske verdiar og haldningar, men det er sjokkerande og trist å lese om kva for religiøs fundamentalisme som allereie eksisterer i landet vårt. Eg har sjølv møtt religiøs fundamentalisme frå våre nye landsmenn, men boka eg for berre nokre minutt sidan las ferdig, handlar om religiøs fundamentalisme som har stått sterkt i enkelte miljø i Noreg i lang, lang tid.

For å seie det enkelt: Eg visste at det fantest i Noreg, eg visste at det var ille, men at det faktisk kunne vere så ille som dette - det hadde eg aldri trudd. Dette er amerikanske tilstandar.
bilde 48
bilde 49
Ooh, berre litt meir anonymitet, då!!

Betre død enn homofil? av Arnfinn Nordbø.
Les denne boka. Slik eg kjente eit ansvar for at alle eg kjenner må gå og sjå filmen Yodok, vil eg no oppmode alle lesarane mine til å lese denne boka, om dei ikkje har gjort det allereie. Denne boka er rett og slett så viktig at eg ikkje kan skrive om ho utan å oppmode absolutt alle til å gå på nærmaste bokhandel eller bibliotek og kjøpe/låne eit eksemplar.

Arnfinn Nordbø = HELT
Han burde få kongens fortenestemedalje i gull for denne boka. ^^

Neste bok: Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda.

Tusen takk for tips!

Wow, det rann inn med tips til bøker i dag! Det er kjempeflott, eg set verkeleg pris på det! Eg tek meg ein tur på Deichmanske i Oslo og låner nokre av bøkene de har tipsa om, så kan eg byrje å lese! :)

Her er tipsa som kom inn. Bøkene eg har lese frå før er utheva:
- Andvake, av Jon Fosse.
- Millenium-trilogien til Stieg Larson
- Saman er ein mindre aleine, av Anna Gavalda (denne har eg sett på i bokhandelen og tenkt "stilig, må eg lese ein gong!")
- Doppler, av Erlend Loe
- Betre død enn homofil, av Arnfinn Nordbø
- Skapsprengere
- Bøker av Tom Egeland
- Farmor har kabel-TV, av Tore Renberg
- Kompani Orheim, av Tore Renberg
- Charlotte Isabel Hansen, av Tore Renberg
- Mannen som elsket Yngve, av Tore Renberg
- Pixley Mapogo, av Tore Renberg
- Boktyven
- Fluenes Herre

Eg fekk mest lyst til å byrje med dei som er på nynorsk, altså Andvake, Saman er ein mindre aleine, Betre død enn homofil, samt dei to bøkene av Tore Renberg eg ikkje har lese frå før. Då tek eg det på biblioteket i morgon! :3

Artig at eg får tips om både Loe og Renberg, dei er av mine favorittforfattarar. ^^ Lesarane mine har god smak!

No veit eg kva eg skal gjere neste gong eg manglar noko å lese på. :D

No dreg eg på OD-jobb. ... i Oslo rådhus.. o.O

Leselista er tom! Kom med ditt tips

Eg er avhengig av å lese. Eg har nett lest ferdig Bikubesong og Flytande bjørn av Frode Grytten og eg er snart ferdig med 25. september-plassen av Dag Solstad, men etter det har eg ikkje meir på leselista mi! åneiånei..

Sletta visst dei tipsa...
For eit halvt år sidan spurte eg lesarane av den gamle bloggen min om dei hadde tips til bøker eg kunne lese, som gjerne handla om homofili og var på nynorsk. Eg fekk tips til to romaner om homofili på nynorsk og ein del andre bøker. Problemet er at eg sletta bloggen min. Eg tok rett nok ein kopi av bloggen før eg sletta han, men det var visst berre innlegga som kom med, ikkje kommentarane. Så no er dei tipsa sletta! :C

Difor spør eg deg no, har du tips til bøker? Eg er ute etter norske romanar å lese. Altså på anten bokmål eller nynorsk! Eg kan jo fint lese båe målformer. :3 Her er det ikkje nokon premie for beste tips eller noko, men ved å tipse meg om gode bøker, gjer du jo nokon ei teneste - ergo er du eit godt menneske! Og at du gjev meg tips, er eit prov på det, så du kan prove at du er eit godt menneske ved å tipse meg. Jeh.

Ei lita teikning? Jadå.

KVITTER.BLOGG.NO ANBEFALER B...

Ja, no ramma desse anbefalingane meg!
Men det er ikkje b...loggar eg skal anbefale, men b...øker! =D

Hæhæhæ... Fyrste bokanbefaling kjem i morgon! :3 Eg har lese nær 40 bøker så langt i år, dei fleste på nynorsk, og mange av dei har vore utruleg gode! Det er fleire lesarar som har spurt om anbefalingar av nynorske bøker dei kan lese, så dei kjem.

Frode Grytten - Bikubesong
bilde 47
Ganske utydeleg bilete, men eg les altså Bikubesong av Frode Grytten her. Jadda.

Boka består av mange forteljingar frå Odda - den lille industribyen i Hardanger. Sams for alle forteljingane er at dei alle handlar om nokon som bur i Murboligen - ein stor boligblokk i byen. Det er utruleg fascinerande godt skrive, på god nynorsk (dog med kreative former som å gjøre..) og med eit mangfald av ulike karaktertypar.

Skal eg setje fingeren på noko, er det ikkje alle historiene som har noko med dei andre å gjere, men eg trur dette kan vere for å syne lesaren at Odda ikkje er ei lita bygd der alle bur oppå kvarandre heile tida.

Kjempefin bok! Absolutt eit julegåvetips.

Dette innlegget er posta under "samfunn" fordi blogg.no ikkje har nokon kategori for bøker/litteratur eller språk. Så det, så.

Fridom! + utklipp frå blogg.no

Særemnet er levert!
Det vart ei litt for lang oppgåve på 30 sider, og eg veit ikkje heilt om eg er noko nøgd i det heile. Men eg vart ferdig, tross i komplikasjonane som oppsto medan eg skreiv. Det gjekk bra, trur eg. Kunne vore betre og meir omfattande, men det kan det vel alltids vere.

Så. No kan eg tenkje på alt anna, til dømes lese meir i Bikubesesong, som eg har gledd meg til å byrje på straks særemnet var levert. ^^ Har lese ikring 80 sider no og eg liker det eg les!
bilde 47
Haha, det ser litt ut som om henda er redigert inn? Huff. Fælt.
Og eg liker desse halv-anonyme bileta. ^^

Lesing. Gjer det.
I kveld skal eg slappe av, puste ut og lese bok! Om du ikkje har nokon god bok i nærleiken, kan du til dømes lese desse fine sitata eg har henta frå blogg.no:

Dagens "beste prioritering":
"Masse lekser... Lage videoblogg ?"
- To jenter, 15 år, med prioriteringsevner.. Innlegget er shouta.

Dagens "ein gong til?":
"Ja, jeg kunne tenkt meg en drømmejobb! Det hadde vært drømmen."
- Dame, 24 år. Innlegget har overskrifta "Jeg kunne tenkt meg en drømmejobb!"

Dagens "vi tek det neste år":
"...det er greit om du kommer med gode arguemnt FØR du kommer med grove påstander. Jeg skall foresten stemme Frp neste år, bare så det er sakt :)"
- Jente, ukjent alder, som er lei av dårleg argumentasjon og dessutan skal røyste Frp neste år. Vent litt.. neste år? o.O

Dagens "Meget i språkhistorie":
"For en stund siden, var vi på Ivar Aasentuner. Jeg tror jeg kaller det for ett museum for Ivar Aasen, som var den som skrev nynorskdialekten. Dette er jeg ikke sikker på, så jeg sier ikke at dette er rett."
- Jente, 15 år. Ho har heilt rett i det siste der.

Dagens "CV-materiale":
"Legg meg gjerne til som venn, jeg godtar alle forespørsler og er som en helt i å kommentere så lenge jeg får kommentarer tilbake! :)"
- Jente, 17 år. Brevkurs i kommentering?

Og for dei med mindre språkleg og meir valdeleg humor..
Hald auge med bussen!!

Au. Failblog. ^^

Dagens innkjøp (omg, Kvitter goes mainstream?)

Dagens innkjøp
Ja, no skal eg blogge om noko eg har kjøpt i dag!!! Men fortvil ikkje, eg har ikkje gone mainstream, for eg har nemleg kjøpt bøker.

Eg kjøpte Bikubesong av Frode Grytten, for eg har høyrt at boka er bra. Eg veit lite førebels lite om boka, så er her kjem nokre bilete.
bilde 54

bilde 51

Merksame lesarar legg kanskje merke til at det er to bøker på biletet, til tross for at det er uklart og har blasse fargar. Det er heilt rett. Den andre er Flytande bjørn, ho òg av Frode Grytten. Eg kjøpte ho pga. tittelen, og fordi det sto fine ting på baksida. Unnskyld. :C Ho kosta 99 kr, eg billar meg inn at det var 99 godt brukte kroner. Eg håpar det.

bilde 53
Her freistar eg å vere litt anonym. Funkar fint!

No må eg springe og spele trompet. Og så skal eg springe heimatt og skrive særemne. Så det, så.. Eg tenkte eg skulle vente til eg var ferdig med å skrive særemnet før eg las nokre fleire bøker. Men. Eg byrja på Bikubesong på bussen heim.
Orsak. :C

Klem meg.

Eg postar innlegg om litteratur og språk og slikt under samfunn fordi blogg.no ikkje har kategoriar for litteratur og språk. (Teit nok, sidan dei har både kunst, båt, bil, motorsykkel, pengar (!), graviditet (det er fleire som les bøker enn som vert gravide..?), men meir om det ein annan gong...)

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits