Alle innlegg i kategorien Romjulskalender

Romjulskalender - Slå klammeformene!

Eit spel for deg og meg
Det er nokon der ute som skriv verkeleg bokmålsnær nynorsk. Kvifor? Fordi det går an. Med klammeformer i nynorsk kan ein få nynorsken til å likne litt på bokmål. Det tykkjer eg er kjipt. Språkrådet har no oppretta ei nemnd som skal arbeide med ei ny nynorsknorm, og dei har varsla at klammeformene skal bort og at norma skal bli strammare. For å varme litt opp, kan du no få øve deg på å slå klammeformene vekk frå nynorsken.

Førebels sprett dei opp att av to grunner. 1: Dei forsvinn ikkje før i 2011 og 2: Eg fekk ikkje til å la dei vere nede... Eg er ikkje så flink i Flash. Jaja. Kos deg!

TRYKK HER FOR Å KOME TIL SPELET!

I dag er ein av dei dagane som gjer meg til ein lykkeleg nynorskbrukar. Kvifor får du lese (og sjå) i morgon.

Romjulskalender - Ei annleis utfordring!

Woah, kjempekreativt
MC lurte på om eg ikkje kunne ha endå ei "annleis utfordring" som ei luke i romjulskalenderen. Det kan eg sjølvsagt! Dei som ikkje har vore med på dette før, kan jo ta ein titt på den førre utfordringa. Det var fantastisk morosamt, tykte eg. :P

Ja-ah. Fyrst litt om kvifor eg i det heile lagar ei annleis utfordring: Det var nokon som utfordra meg i ei sånn "gå inn på bildemappe nummer 6, bla til det sjette bildet, post det og skriv 10 gode og 10 dårlige sider ved deg selv"-utfordring og eg tykte det var så ekstremt teit og utruleg lite utfordrande at eg berre måtte lage eit betre alternativt sjølv. Eg er nemleg ikkje typen til å berre seie "eg kunne ha laga det betre sjølv", eg gjer eit forsøk på å gjere det betre sjølv. Og slik gjekk no det.

Eg skal heller ikkje påstå at dette er særs utfordrande, men det krev litt høgare hjernekapasitet enn dei andre kvasi-utfordringane. Utfordringa har tre punkt, lykke til.

1. Reality-TV-punktet (dette punktet er todelt!)
a) Finn eit godt, norsk ord for "reality-TV". (Denne oppgåva er ikkje obligatorisk.)
b) Lag eit reality-TV-konsept som inneheld følgjande:
- utrøysting
- minst éin referanse til eit Nintendo-spel
- eit eller anna frå dette biletet som inspirerer deg:



2. Gjett kvifor ting gjekk som det gjekk på dette biletet:


3. Biletpunktet
Snu deg 45 grader til høgre. Ta eit bilete av det fyrste du festar blikket på. Skriv eit lite dikt om det, på minst fire linjer. Fri form, men rim og rytme er pluss.

Slik deltek du:
- Har du blogg, kan du lage eit innlegg og gje meg lenkja
- Har du ikkje blogg, kan du sende bidrag på e-post til kvitrar@gmail.com
- Har du ikkje lyst til å delta sjølv, kan du jo til dømes heie på dei andre. ^^

Romjulskalender - Dult fuglen!!

Dult fuglen i sidemenyen!
Ja, no har eg laga ein liten fugl du kan dulte på i sidemenyen. Ganske stilig, hæ?

Okei, eg skulle eigentleg lage noko meir stilig med ein Pikachu som laga ulike lydar og slikt, men... eg sovna. Orsak.

Iallfall. Du kan òg putte denne fuglen i sidemenyen din! Du må lage ein modul, lime inn dette:

<object>
<embed>
<param name="movie" value="1262637032.swf">
<param name="allowScriptAccess" value="always">
<embed src="http://www.swfcabin.com/swf-files/1262637032.swf" width="180" height="180" allowscriptaccess="always">
</embed>
</object>
<div align="center"><h3>Dult fuglen!</h3></div>

... og så putte modulen inn i malane der du vil ha fuglen! :3 Skriv inn ny breidde og høgde om det passar betre. Du kan òg skrive noko anna enn "Dult fuglen", flytte skrifta osv. osv. Flott. ^^

Eg kan òg lage liknande. På oppdrag. Berre kom med ynskje. :3

Romjulskalender - Teke på kornet

Teikne
Sjølv om eg berre har ei passe stor MacBook-museplate ("touchpad") å teikne på, tykkjer eg det er artig å drodle litt. I dag vart resultatet denne.


- Slutt å ta meg på kornet, din fordømte grisefaen!!

Konstruktivitet?
No skal eg snart gjere noko meir konstruktivt. Som til dømes å teikne eit nytt toppbilete. Eg kan jo ikkje ha juletoppbilete når skulen byrjar. Og eg manglar framleis nokre luker på kalenderen. Trettande dag jul er jo ikkje før 6. januar. :3 Og det er tre dagar igjen, i tillegg manglar eg to luker, trur eg. Så. Fem ting igjen. Går så fint, så.

Eg vonar alt står bra til med nynorsken i det ganske land! Ved skulestart kan de jo hugse på at de har krav på å få ein "rimeleg del" av undervisninga på hovudmålet dykkar. ^^

Kyss og klem.

Romjulskalender - Endå eit illustrert utklipp

Utklippet:
Sorry for lite blogging, Jeg har jo sovet hos frida og det var ikke nåkka nett på datan. Og vist jeg ville blogge hadde det gådd 100 år, den er så treig!
- Jente, 11 år.

Eg har no teikna ein ganske fri tolkning av kva ho hadde tenkt å gjere for å blogge.



Det hender eg gjer slik. :3

Resultat av omvendt spørjekrans

Huhei, eg trur eg må slutte å gje lovnader om kva tid innlegga kjem, for dei kjem no akkurat når det passar seg, same kva eg freistar å få til. ^^ Her kjem iallfall resultatet frå spørjekransen. Det var fire stykk som deltok, wuhu, ikkje heilt å hoppe i taket for, men flott at det var nokon som gadd i det heile. Og denne gongen var det ingen som fekk lik poengsum! Det er jo òg noko. :3

Fyrst ein fasit:
1. Ja, eg kalla ein gong ei lærerinne for mamma. I andre. Iallfall påsto ho det og lo godt, men eg kan ikkje hugse å ha sagt det.
2. Eg har aldri sove i ein skuletime, men siste dag før juleferien i niande var eg skikkeleg sjuk, men gjekk på skulen likevel. Eg låg halvt visslaus på pulten medan læraren las "Itte no klussel!", fekk karakterkortet og gjekk heim.
3. Eg er så klart kjend som Yoshi-Vegard, eg veit ikkje kor dei tek det frå...
4. Ja, eg gjekk inn i ei dør eg ikkje ante var i ustand (går an å henge opp lapp, liksom), og då eg dytta litt på døra, fauk ho attende på meg og knuste mobilen i tusen knas.
5. Nei, eg har aldri hatt fantasivener (eg har hatt nok med kosedyra mine).
6. Eg har aldri strikke ullgenser. ^^
7. Eg var ikkje på premieren, nei, eg har aldri vore fan av Harry Potter.
8. Eg tenkte ikkje tanken på at eg kunne gifte meg med Yoshi før fleire veker etterpå. Rart.
9. Eg har aldri teke sol!
10. Jepp, eg ynskte meg rettetang til jul og fekk det. ^^

Og så poengtavla:
  1. Marta: 30 poeng
  2. Chalten: 22 poeng.
  3. Natalie: 21 poeng
  4. Gard: 14 poeng
Gratulerer, alle saman! ^^ Til opplysning var svaret til Marta for langt til å bli posta som kommentar, så ho sende meg eit langt tektsdokument på e-post, som har vore artig lesning. xD

Det folk har snubla litt i, denne gongen òg, er at dei tenkjer meir på å svare morosamt enn å svare rett (sjølv om eg trur de godt veit kva som er rett), og difor har eg igjen gjort det slik at ein kan få 30 poeng av 40 moglege sjølv om alle svara er gale. ^^

Ja. Så var det nyttårsaftan, i år igjen. Det minner meg om ei overskrift eg såg, men som eg ikkje greidde å finne igjen. Det var noko slikt som "Året i år er over for i år". Poenget var iallfall at 2009 snart var "over for i år". ... så det tek til igjen neste år, då? o.O Isj.. Dumt eg ikkje finn at den overskrifta. Ho var verkeleg dum. ^^

Romjulskalender - illustrerte utklipp!

Fyrst vil eg berre oppmode alle faste lesarar til å delta i min omvendte spørjekrans, som var romjulskalenderluka i går. I skrivande stund er det berre éin som har svara, så det er gode sjanser til pallplass. ^^

Sjette dag jul - på tide med teikning
Eg er jo glad i desse utklippspostene, sjølv om det har vore vanskelegare å finne "gode" utklipp den siste tida. Eg veit ikkje om det er eit godt eller dårleg teikn. Men eg kjem no over både det eine og det andre når eg les på blogg.no. Eg vil gjere eit anslag på at eg er innom... nei, eg veit ikkje. Alt frå 30 til 100 ukjende bloggar dagleg, fordi eg tykkjer det er så fascinerande å berre lese alt kva folk skriv.

Men av og til har eg òg tenkt at det hadde vore artig å få dykk lesarar til å illustrere nokre av utklippa. Det prosjektet ligg førebels på is, no har eg derimot vore kjempekreativ og illustrert eit hittil upublisert utklipp. I teikneserieform! Utklippet fyrst, illustrasjonen etterpå:

Dagens overskrift:

nå kan man vel så og si at julen er over?

-Jente, 17 år, med eit noko utradisjonelt framlegg. Dette må eg berre illustrere:




Det er fleire ting som er merkelege med denne overskrifta. For det fyrste er det heilt gal bruk av uttrykket "så å si", og dessuten har ho bytt ut "å" med "og" (kjelde på at "å" er grammatisk korrekt), og når ho i tillegg skriv "at" vert det heile berre ei røre! Ho kunne ha skrive "Nå er jula så å si over" eller "Nå kan man vel si at jula er over", men neidå. Ho landa på "Nå kan man vel så og si at jula er over?". Rett og slett fantastisk, og eit flott utklipp. ^^

Meir?
Eg har lyst til å illustrere fleire utklipp. Det er berre litt tidkrevande når ein berre har ein slik "touchpad" å teikne med. Men det går seg jo til. Eg bruka kanskje 10 min på teikninga over her, men ho er jo relativt enkel.

Hugs: Spørjekrans.

Romjulskalender - Omvendt spørjekrans!

Omvendt spørjekrans er moro
Sist gong eg hadde omvendt spørjekrans, vart eg profilert på framsida av blogg.no, så det er jo tydelegvis eit snev av originalitet i dette opplegget. Det må i så fall vere i bloggsamanheng, for ideen er direkte stole frå programmet Den store klassefesten, som igjen er ein norsk versjon av eit britisk opplegg. Menmen. Artig er det, de er flinke til å svare. Eg har no bruka tid på å kome opp med ti nye spørsmål det er mogleg å svare moro på, som samstundes ikkje seier for mykje om meg.

For å mimre litt, sjå logoen til den fyrste omvendte spørjekransen:

Eg saknar Yoshi.blogg.no litt, eigentleg. Kanskje eg skal byrje å blogge der igjen. Fikse litt på designet og lage noko artig. Starte opp att "Noregs einaste nynorske homoblogg"?

Usikker på kva du skal gjere? Eg stiller ti ja-eller-nei-spørsmål om meg sjølv og du svarar. Det er eit poeng for rett svar og 0 poeng for galt. I tillegg kan du gje ei grunngjeving for kvifor du svara slik du gjorde, og ei god grunngjeving vert premiert med opptil 3 poeng. Dette er for at framande med god humor skal ha ein sjanse til å slå dei som kan svara på spørsmåla frå før. Det er faktisk eit par kjente som les bloggen. ó.ò

Døme:
Spørsmål: Har eg angst for ballongar?
Svar: Ja. På fødestova fekk du vitjing av ein klovn, men ballongane han hadde med seg sprakk, og du har sidan forbunde ballongar med høge smell. Difor angst.
Poeng: Galt svar = 0 poeng. Kjempeartig grunngjeving = 3 poeng.

Spørsmål:
  1. Har eg nokon gong kalla ei lærarinne "mamma" då eg snakka for fort?
  2. Har eg nokon gong sovna i ein skuletime?
  3. Er eg kjend som "Yoshi-Vegard" hjå nokre fyrsteklassingar på skulen?
  4. Har eg nokon gong knust og totalskadd ein mobiltelefon til over 3000 kr ved å gå rett inn i ei øydelagt dør?
  5. Hadde eg ein fantasivenn fram til eg byrja i åttande?
  6. Har eg strikka min eigen ullgenser?
  7. Var eg på premieren til den fyrste Harry Potter-filmen i Noreg?
  8. Då eg las om japanaren som gifta seg med ein spelfigur, var den fyrste tanken min "Hmm.. kanskje eg kan gifte meg med Yoshi?"?
  9. Har eg nokon gong teke sol?
  10. Ynskte eg meg rettetang til jul i år og fekk det?
Sånn. Svar! Sist gong gjekk det typ. ei veke før eg posta fasit og kåra vinnaren, men denne gongen skal det gå fortare. Fasit og vinnar kjem i morgon kveld. Og det er sjølvsagt lov til å svare på bokmål, det gjev ikkje minuspoeng.

MEN, eg må berre seie at folk er litt for flinke til å klumpe seg saman på dei same poengsummane. Dette er den tredje omvendte spørjekransen i historia, og dei siste gongane har det vore kring ti deltakarar på kvar runde, og dei har fordelt seg på tre eller fire ulike poengsummar. Det gjør det vanskeleg å kåre ein vinnar! Så anten får de få fleire til å delta for å skape meir spenning, elles får de vere flinkare til å spreie dykk på poengstigne. Nemleg.

Så där, vad en underbar liten gaypojk.

Romjulskalender - Yoshi-barna og egget

Fjerde dag jul - ein liten animasjon
Vi opnar dagens luke og finn ikkje mindre enn ein liten animasjonsfilm! Yoshi-barna (mørkeblå manglar diverre :C) finn seg eit egg. Kva gjer dei med det, mon tru?

Animasjonen går kanskje litt sakte den fyrste gongen, men han går om att og om att, så det er berre å vente litt og sjå. Dersom animasjonen forsvinn i laupet av dagen, så meld for all del frå, så skal eg fikse det så kjapt som råd.



Okei, kanskje litt lita og keisam luke i dag, men kanskje desto betre i morgon? :3 Hald fram med å skrive tips. og ynskje Eg er ikkje så kreativ som folk trur.

Riiight..

Folk skriv mindre tullball på blogg.no, så utklippspostane brukar lengre og lengre tid på å fylle seg opp. Men eg trur det kjem ein i dag ein gong.

Romjulskalender - Adjektivhistorie!

Luke 3 - adjektivhistorie!
Etter framlegg frå Maria-Clara, har eg i dag hatt adjektivhistorie på bloggen. Det er faktisk fem stykk som har sende inn adjektiv, og som alltid når ein skriv adjektivhistorie, må ein risikere å la adjektiva skildre ein sjølv, så eg har gjort innsendarane til hovudpersoner i historia. Diverre var to av innsendarane anonyme, så det er berre tre av dei som er med. Men det var eigentleg akkurat passe.

Eg har med dei fleste innsendne adjektiva. Her er historia:

Oppgjeret i Blogg.no-by

Ein grøn morgon i desember er tyggegummityggande Lisa ute og går med si klissete venninne, den fargelause Kristine. Dei er båe to raude bloggarar på blogg.no, men no er dei både kjære og heterofile etter å ha fått ekle reklamekommentarar på alle sine triste innlegg. Dei er stripete og store etter fleire veker med slike musikkdiggande reklamekommentarar.

På vegen møter dei ondskapsfulle Silje.

- Kva skjer?, seier Lisa leikande.
- Åh, eg står her og er sur, svarar bulkete Silje. - Eg får så mange radioaktive reklamekommentarar på bloggen min, held ho fram.
- Så bli med oss!, seier snuskete Kristine. Saman er dei no på veg til Blogg.no-byen for å setje seg i respekt hjå dei sexy fjortisjentene som søplar ned bloggande deira med reklamekommentarar.

Vel framme i den vekkreiste byen, plukkar jentene med seg det dei finn av brustein og liknande.
- Sjå der!, seier Silje med eit blått blikk i augo. Bort mot dei kjem ei glad jente i stor, giraffaktig boblejakke, emo sko med julete hæler og hårete, blondt hår.

- Hald brusteinene klare, jenter, seier ureine Silje og snur seg mot den snusande jenta.
- Hei, dere var fettaktige, seier jenta kvitrande, - hva synes dere om Umbrella av Rihanna?

- Fyfaen, seier Kristine gussjende og strammar neven om ein røykfylt kjepp.
- O-M-G, seier Lisa og måper uinteressant.
- No!, seier Silje sexy, og jentene reiser nevane mot den tubaspelande jenta.
- IIIH, stopp!, seier den smertefulle jenta, som ikkje kan vere eldre enn 13 år. - Ikkje kast!

Honningslikkande Lisa senker armen. - Kvifor ikkje?, seier ho smertefullt.
- Eg er jo gravid!, seier den hungersnaudne jenta.
- Hæ? Er du?, seier gamle Kristine.

Den ekle jenta ser på dei med eit fælt blikk. Ho gjer eit velstelt kast med hovudet og ser ned. - Nei, seier ho astronomisk. - Det er berre ein kåt løgn for å få fleire lesarar.

- Då, så, seier furry Lisa, og gjer signal til jentene om å kaste.


På veg heim frå den talande byen, går blå Kristine, unge Lisa og fæle Silje heimatt i horete humør.


Kva var moralen her, tru? ^^

Kom gjerne med framlegg og ynskjer til dei komande lukene i romjulskalenderen!

Romjulskalender - Adjektivhistorie!

Flinke lesarar!
Heile sju stykk har melde frå at dei greidde Super Mario-sudokuen i gårsdagens luke. Flott! Eg er imponert. Eg tok utgangspunkt i eit sudokubrett som var "superenkelt" om nokon lurte. No opnar vi dagens luke..

Adjektivhistorie
Eg har spurt litt etter framlegg og ynskje til dei gjenverande lukene i kalenderen, og i går kom Maria-Clara på at eg kunne ha adjektivhistorie, og det var jo ein fantastisk god idé! Eg skriv historia no og så får de som les dette innlegget skrive ned adjektiv de vil ha med. På nynorsk, sjølvsagt.

Sidan ein ikkje skal vite kva adjektiv som kjem inn, set eg alle kommentarar til godkjenning og godkjenner berre dei som ikkje har adjektivliste i seg, så får eg heller sleppe dei gjennom når eg har publisert historia, om de vil sjå kven som kom med kva ord.

Gå gå gå!
Send inn adjektiv i attkvitter. Flott om du har sånn 10-12 adjektiv.

Og historia vert publisert klokka ni. Eller noko slikt. Ti, kanskje. Ho kjem når ho kjem.

Romjulskalender - Super Mario-sudoku!

Andre juledag, på tide med hjernetrim!
Vi opnar luke to og finn Super Mario-sudoku! :D Eg har kosa meg i Flash og laga eit lite sudokuspel til dykk. Greia er at eg ikkje er så flink i Flash, så eg får ikkje til at ein berre kan setje figurane dit dei skal, eller at den merkar at alt er rett osv. Eg anar verkeleg ikkje korleis eg skal lage noko slikt.

Så her er opplegget: Det er ni eksemplar av kvar figur, dra dei ut på brettet dit dei skal etter vanlege sudokureglar. (Berre éin av kvar i kvart 3x3-felt, éin av kvar i kvar vassrette og i kvar loddrette rad og kolonne). Flash-fila merkar ikkje kva som er rett og kva som er gale, så du kan eigentleg gjere som du vil. Men det er jo artig å få det rett? Når du trur du er ferdig kan du berre sjå over og sjå om alt er som det skal.

Eg har berre laga eitt brett, så de får kose dykk med det.

Sidan blogg.no er teit og ikkje lar folk "embedde" .swf-filar i vanlege innlegg, må de trykke på biletet under for å kome til spelet på ei ekstern side:


Som skrive er det altså ingen måte for deg å sjekke at du har fått rett svar anna enn å berre sjå over sjølv. Såh.. I går var poenget at du skulle lære litt nynorsk, i dag var poenget at eg skulle lære litt Flash-koding! :D

Kom gjerne med framlegg og ynskje til dei neste lukene!

Romjulskalender luke 1 - Ordleik!

Fyrste juledag - på tide med leik!
I natt har eg vore kjempekreativ og laga ein ordleik til dykk! For dei av dykk som ikkje har gjort slike leikar før, skal ein altså finne og fylle inn dei horisontale orda og lese av det vertikale ordet som dukkar opp i den markerte kolonna (her markert med blått). Poenget i dag er å more seg medan ein lærer nokre nynorske ord. Dei fleste orda burde du eigentleg kunne på rams, men her har du høve til å lære litt.

Det kan vere lurt å hente seg ark, blyant og viskelær og teikne av ordleiken før ein byrjar. Penn på PC-skjermen er kjipt...

Det vertikale ordet er eit fantastisk flott ord eg kom over i ordlista her om dagen! Det er eit ganske ukjent og lite bruka ord for det å vere gjerrig. Ha det gøy!



Horisontale ord (skriv inn det nynorske ordet):
1: "Workshop"
2: "Virkelighet"
3: Namn på eit band som er kjend for å spele Rammstein-songar med nynorsktekstar
4: "Bevegelse"
5: "Hvordan"
6: "Eksempel"
7: "Enstemmig"
8: "Følelse"
9: "Dristighet"
10: "Forespørsel"

Klarte du det? Flinkis! :D

(Kom gjerne med ynskje til dei neste lukene, hoho)...

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits