Alle innlegg i kategorien Reklamekvitter

Kva skjedde med verda?

Har no klippa ut reklamekommentarar frå ulike bloggar. Dette fenomenet er for meg meir uforståeleg enn strikk på buksebeinet, for store boblejakker, flatfyll og snus. Til saman. Eg finn ikkje ord. Og i desse utklippa gidd eg ikkje anonymisere folka.

bilde 12
bilde 13
bilde 17
bilde 18
bilde 15
bilde 16

Desse utklippa er langt frå dei verste eg har sett, men det var dei eg fann på kort tid no. Kva får unge menneske til å tenkje at dette er ein grei framgangsmåte? Seier dette berre noko om at folk i Noreg er for glade i seg sjølve, eller seier det noko om kor kåte ungjenter er på høge lesartal og mange kommentarar, til einkvar pris?

Kva skjedde? Kvifor skjedde det? Kva har vi gjort galt?

Alle burde gjere slik Eirik Avvik gjer her neste gong dei får slike reklamekommentarar:
bilde 14

Målgruppa "språkfanatikarar"

Merkeleg.

I eit innlegg eg skrev for nokre dagar sidan, skreiv eg om korleis skrivefeil på ein plakat trekte til seg merksemda mi på meters avstand.

I dag fann eg ut at det kan vere eit reklametriks.
img0745
img0746
Den litle teksten må ein stå ganske nærme for å lese! Og hadde eg ikkje tenkt "I alle dagar, korleis kan ein plakat med ein så stor skrivefeil gå i trykken?? Kven står bak dette??", hadde eg ikkje gått bort og sett. Eg vurderte nesten å spele Keno berre fordi eg kjente meg som den indre kjerna av målgruppa...

Mini-konkurranse!
Spørsmål: Kva for språk er dette, og kva står det?
img0744
Eg har nemleg ikkje peiling.

Færre innlegg dei siste dagane
Du har kanskje merka at eg i motsetnad til tidlegare denne veka har blogge utruleg lite dei siste dagane? Vel, det er heilt rett, og eg skal ikkje unnskylde det. Dette er mi kvitreside, og her kvitrar eg når eg kan og vil. Om eg ein dag kjenner at eg må kvitre berre for å kvitre, kjem det jo ikkje til å vere av interesse.

God natt! :3

Isbjørn er best på nynorsk

Og det har òg NSB skjønt. Mihihihi. ^^
img0589

Eg kunne ha teke eit betre bilete, men då måtte eg ha vore høgare. Diverre. Men det står altså: Det einaste du smelter er mitt hjarte. Takk! Kjempesøtt! Teit nok er ikkje resten av plakaten på nynorsk, men kva gjer vel det..

Vil du sjå eit betre bilete, kan du vitje bloggen til Ida, som òg har skrive om dette, på nynorsk, sjølvsagt. ^^

Vil du lese meir om reklame på nynorsk? Eg skriv no på eit lite innlegg om dette.. Har du tips? Ikkje nøl!

Kor mange meter går det på ein maxi-meter?

img0591
... Er det ikkje vanlege meter? o.O Villeiande marknadsføring, nokon?

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits