Alle innlegg i kategorien Påskekrim 2012

Påskekrim 2012: Siste episode!!!!11ein

God første påskedag, alle saman! I dag kjem avslutninga på den tradisjonsrike påskekrimmen på Kvitter! Da er det berre å lesa og la seg sjokkere...



























Jahaha, alle blei venner til slutt! Kven hadde trudd det? Da var eg iallfall ferdig med krimmen for i år! Hadde du tippa riktig?

I alle høve ønskjer eg alle gamle og nye lesarar ei riktig god påske!

Påskekrim 2012: Tredje episode!

God påskeaftan, kjære alle saman! I dagens episode prøver Yoshi-ane å forklare kven som kan stå bak! Kva trur du? Er du overbevist? Løysinga kjem i morgon!















Her er det nok å ta av! 

Påskekrim 2012: Andre episode - dei mistenkte

God langfredag! I dagens episode av påskekrimmen (som blir lagt ut ein time seinare enn planlagt fordi eg framleis ikkje har stilt klokka på kjøkkenet til sommartid (den heng så høgt oppe på veggen!)) presenterer yoshibarna dei mistenkte. Kven trur du har gjort det?



















Kven er den skyldige? Det er berre tre stykk som kan ha gjort det: Var det Rossanisse, som sat aleine og las og ikkje har noko vitne? Var det Lillayoshi, den glade banansvensken som stod på kjøkkenet?Eller var det Pippen, den sinte, men åh så puslete og uskyldige fuglen? (Og koss kan Lillegrønn bruke ein iPhone når den store nasen er i vegen?)

Spekuler i veg! I morgon haglar det med skuldingar...

Påskekrim 2012: Første episode!

Gode lesarar, gamle som nye! Kva er vel ei påske utan påskekrim på Kvitter? Sikkert mykje det same som ei vanleg påske, men ikkje for meg. Derfor har eg i år som i fjor og året før (kan eg no kalle det tradisjon?) laga påskekrim for dokker!

Hovudpersonane er som vanleg Yoshi-barna, og i motsetning til meg seier dei "me" (korrekturlesinga av krimmen har derfor stort sett gått ut på å luke ut "vi"-ane). Dei snakkar som vanleg med kløyvd infinitiv og har tatt i bruk dei nye pronomenformene dokker?dokker?dokkar.

























Åneiånei! Kven kan ha stole påskeegga deira? Følg med, dei mistenkte blir presentert i neste episode som kjem om ca. eit døgn.

Glad påsk til alla!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits