Alle innlegg i kategorien Påskekrim 2011

Paasche-Crim: Sidste Episohde!

Her kjem endeleg den spennande avslutninga på årets påskekrim! Episoden blei igjen for lang for Flash, så han er delt opp i to delar. Klikk på kvar av dei for å sjå dei større!





Eg håpar alle gamle og nye lesarar har hatt ei fin påske! Neste år skal eg for alvor prøve å ha krimmen ferdig før påske, så episodane kan koma jamt.

Og så spørsmålet nedst i innlegget som alltid får meir tilbakemelding enn sjølve innlegget: Ein anonym lesar har òg nettopp spurt om eg kan lage ein videoblogg ein gong. Det blir vanskeleg å vera så anonym som eg er på ein videoblogg, men kva skulle den i så fall handle om?

Episode 6: Har vi ein skuldig?

Yoshi-barna er på veg ut for å ta den nye informasjonen til Je-en. No har vi to mistenkte i saka, men kva skjer når sanninga kjem for ein dag i morgon?

Trykk på bildet for å sjå det større!

Til dei som måtte lure, så er påskekrimmen i år veldig kontrafaktisk. Eg håpar folk skjønner at namn og personar ikkje er historisk korrekte.

Episode 5 - Kven var Rætskrivnings-Nævnden?

I dag får vi sjå meir om kva Lillegul og Lilleblå finn i huset til Ivar Aasen. Nærmar mysteriet seg slutten?

Spørsmåla hopar seg opp! Koss kunne Ivar Aasen blande seg inn i noko slikt mistenkeleg syssel? Er J-en den han gir seg ut for å vera, og ikkje minst: Koss kan Yoshi-ane lesa noko som helst når dei har så store nase? I morgon kjem den tredje siste episoden...

Episode 4: Arven etter Aasen

Lilleblå og Lillegul er komne til Ivar Aasen sin bustad. Kva vil dei finne der? Og ikkje minst: Kor mange komma er det eigentleg lov til å bruke når ein skriv dansk?

Fordi dagens episode er så lang, greidde ikkje Flash å eksportere alt i éin bit. Derfor kjem han i to. Klikk for å få dei større!





Kva skal dette bety? Laga Ivar Aasen lysbildefilm? Kva betyr denne fiktive forteljinga som liknar så forferdeleg mykje på noko vi har høyrt før... Følg med i morgon!

Tredje episode: Kven er Je-en?

Hei! Dagens episode kjem litt seint. Eg hadde med meg Mac-en på jobb, men då episoden var klar, kom eg på at eg ikkje hadde tilgang til Internett anna enn med den stasjonære PC-en som står her. Fail, eg veit. Men no har eg funne eit ope, trådlaust nettverk i nærleiken og publiserer. Det er sjølvsagt lov til å tenke høgt om kva som skjer (eller tipse om artige måtar å stave "påskekrim" på!)

Klikk på episoden for å sjå han større!


Episode 2: Der møtte dei j-en...

I gårsdagens episode fekk vi sjå at Lillegul og Lilleblå fekk lappar i påskeegga sine. I dag er dei ute på jakt etter nye leietrådar, men kva snublar dei over i Trefaldigheitskyrkja? Trykk på bildet, så får du sjå episoden større!



Kven er dette? Følg med i morgon...

Paasche-crim 2011

Det er gått grådig lang tid sidan eg begynte å blogge, men eg har allereie éin tradisjon: Påskekrim. Eg har prøvd å laga meg andre tradisjonar, men det har liksom ikkje gått. Men no prøver vi altså ein gong til med påskekrim og ser koss det går!

Eg var ikkje heilt nøgd med løysinga i fjor, det blei mykje styr og ekstremt mange filer å halde auge med. I år prøver eg derfor å ha heile episoden i éi stor teikning, men det blei smått med berre 600 pikslar i breidda, derfor har eg laga dei 1000 pikslar breie. Klikk på episoden så får du sjå han større (aleine i ei ny fane)!



Du kan òg lesa påskekrimmen på sida mi på nettserier.no, men eg har ikkje heilt fått grep på den sida enno.

Det er sjølvsagt lov til å spekulere i kva som vil skje vidare.

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits