Alle innlegg i kategorien Påskekrim 2010

Påskekrim 2012: Tredje episode!

God påskeaftan, kjære alle saman! I dagens episode prøver Yoshi-ane å forklare kven som kan stå bak! Kva trur du? Er du overbevist? Løysinga kjem i morgon!















Her er det nok å ta av! 

Lurer på kva dette smakar

Påskekrim: Epilog

Mellomgrøn: Ja, no er påska over, då!
Lillegul: Så sant, så sant! Er vel på tide å få vekk rælet.



Rosa nisse: Korfor snakkar de slik? Påska er jo kjekk.
Svart nisse: Ja, absolutt! Ei god tid!


Lillegul: Åh, hehehe, vi har berre våre eigne planar for korleis vi skal få eit betre år.
Mellomgrøn: Akkurat! Første steg på vegen er å få vekk noko som har plaga oss alle ei lite stund..

*rasle*

Frå egget: ... hæ? Gutar? Kva seier de?



Lillegul: Ikkje noko, vi berre snakka litt om luftkvaliteten her ute!
Lilleblå i egget: Apropos det.. Luftkvaliteten her inne er ikkje så god. Og eg er ganske trygg på at det alltid er mørkt her inne no, så eg kan godt kome ut!


Mellomgrøn: Er du sikker? Eg er ikkje heilt overtydd. Fem minutt til, då? Du døyr jo ikkje av litt mørke, akkurat.
Lilleblå i egget: Men hugs no korleis det gjekk siste gong..
Lillegul: Trur du ikkje vi har lært? Og hugs no at vi har eit stykke å gå før vi er skuls med deg
Lilleblå i egget: Ja, ikkje drøy så lenge, då..



Meg: Heihei, barn! Sit de her med egget, de.. Er ikkje det tomt?
Lillegul: Jo, det er det, vi berre.. mimra.



Meg: Eg får vel pakke vekk påskegreiene no...
Lillegul: Åh, vel... Ok.
Meg: Slapp av, vi skal nok pynte litt igjen snart og slikt. Det er jo ikkje lenge til jul.
Nissene: YAY!



Svart nisse: Serr? Var dette hemnplanen?
Mellomgrøn: Jepp! Var ikkje dette ein perfekt måte å hemne seg på etter påskemysteriet?
Rosa nisse: Jo, men vil ikkje Vegard oppdage at Lilleblå er vekk?


Lillegul: Nei! Vi har nemleg ordna med ein genial plan.. Eg skal hente han..
Rosa nisse: ... "han"?!



Lillegul: La meg presentere Lilleljoseblå!
Rosa nisse: Wow, du er verkeleg forvekslande lik Lillemørkreblå!



Lilleljoseblå: Heihei, Yoshi-vener! Eg tenkte å bu her ei lita stund.
Svart nisse: Kor artig! Velkomen skal du vere. Berre du ikkje stel noko og klandrar oss andre for det.



Lilleljoseblå: Det kan de no ta heilt med ro!
Alle saman: Moahahahahadet!



Lilleblå: Kva i svarte f



For dei spesielt interesserte
Eg har to små Yoshi-ar, Lilleljoseblå og Lillemørkreblå. Eg har her spora opp eit bilete med båe to på:

Her ser du Lillemørkreblå i midten og Lilleljoseblå til høgre. Like, men ikkje identiske.

Så det, så. No skal eg lese ferdig Min Kamp 1. Artig bok.

Påskekrim: Sanningas time

Frå førre episode:
Yoshi-barna finn Mellomgrøn halvt i svime ved sida av sofaen, med godtepapir kring seg. Lilleblå påstår at Mellomgrøn har stole godteri frå egget, men sklidd på godteripapiret då han skulle reise seg. Storegrøn samlar alle for å fortelje kva han har kome fram til.



Det er no på tide med løysinga. Hald deg fast...

Påskekrim, siste episode: Sanningas time
Lillegul: Eg trur det må vere nissane! Dei held seg alltid for seg sjølv og et noko godt og ser på Disney-filmar. Dei var oppe den kvelden og laga vaflar, så dei kan enkelt ha stole egget. Og medan den eine bar vekk egget, må den andre ha laga sporet i mjølet slik at det såg ut som om eg hadde gått der.




Lillegul: Dei planta prov hjå Goomba, for å leggje skulda på den schtøgge soppen, og Mellomgrøn må ha oppdaga dei, så dei slo han ned og planta prov på han òg. Onde, onde nisse-barn!


Rosa nisse: Vi trur det var Goomba som gjorde det! Han ser passe slem ut og har aldri vore noko glad i oss Yoshi-ar!

Svart nisse: Ja, og han kan jo lett ha driti seg ut med å snuble i papiret frå godteriet han stal! Og han kan lett ha slege ned Mellomgrøn og planta prov på han. Eg meiner... Berre sjå på han, han lysar ondskap!



Goomba: Eg... eg... eg har jo ikkje gjort nokon ting...





Lilleblå: Eg trur det var Lillegul som tok egget. Han har kanskje knekt beinet, men han kan framleis gå og få med seg eit egg på ryggen. Han gjorde det om natta, då han visste at ingen såg han og han kunne bruke all den tida han trong med beinet. Men sidan det var mørkt, la han ikkje merke til mjølsølet på benken og sette spor etter seg.



Lilleblå: Og etterpå planta han godteripapir hjå Goomba, for å leggje skulda på han. Mellomgrøn er òg medskuldig då han, for å skjule spora etter bestekompisen sin, skulle vaske benken fri for nisse-Yoshi-ane sitt søl. Kvifor skulle han elles gjere det?



Lilleblå: Men då Storegrøn stilte spørjeteikn ved kvifor Mellomgrøn skulle vaske nokon andre sitt søl, skjønte Lillegul at dei måtte finne på noko anna. Dei fekk det til å sjå ut som om nokon hadde slege ned Mellomgrøn og planta prov ved han, men kvifor skulle eggtjuven slå ned Mellomgrøn utan grunn? Og kven kunne tru at Mellomgrøn skulle ha ete snop frå egget så openlyst? Heldigvis var eg der og avslørte dei med ein gong. Mellomgrøn og Lillegul har utan tvil stole og gøymt egget!




Storegrøn: Vel, barn.. Eg trur at den som har gjort det har stole egget og planta falske spor. Godteripapiret hjå Goomba, papiret hjå Mellomgrøn og sporet i mjølet trur eg er falske spor!



Storegrøn: Eg trur det gjekk føre seg slik: Den skuldige stal egget i natt, etter at nissane hadde laga vaflar og før Goomba kom heim. Den skuldige laga spor i mjølet slik at det skulle sjå ut som om Lillegul hadde gått over benken i natt, på veg bort frå puta til egget.

Etter dét, planta den skuldige godteripapir hjå Goomba, for å kunne skulde på han dersom Lillegul hadde alibi. Men Goomba var ikkje heime, slik den skuldige trudde, difor vart vi vekt med eit brak i dag tidleg, då Goomba kom heim og snubla i papiret.

Det med Mellomgrøn, kan ikkje ha vore planlagt. Den skuldige har vore på gøymestaden til egget då Mellomgrøn tilfeldigvis kom forbi. Den skuldige har slege ned Mellomgrøn og så i hui og hast fingert ein situasjon så det kunne sjå ut som om Mellomgrøn hadde ete godteri og så snubla i papiret då han reiste seg.

Men det er i mjølsporet den skuldige verkeleg avslører seg...




Storegrøn: Då eggtjuven laga sporet i mjølet, gjorde han ein heftig feil. Lillegul er den einaste som går med krykker, men han har krykka i venstre arm. Lillegul har neppe gått baklengs på krykker over benken, krykkesporet er altså falskt! 


Storegrøn: Og den einaste som kunne ha laga sporet, er den einaste med like store føter som Lillegul, nemleg...

Alle saman: LILLEBLÅ!!?



Lilleblå: Det er sant... Eg gjorde det. Eg stal egget og skulle få det til å sjå ut som om Lillegul og Mellomgrøn hadde gjort det, for å ta hemn for den gongen dei la meg i kjøleskapet og stakk av!!

Eg hadde eigentleg tenkt å leggje godteripapir i lesekroken til Mellomgrøn og Lillegul, men så kom plutseleg Mellomgrøn inn i skapet under vasken for å hente vaskemiddel, medan eg var der. Han fann egget, og då var det einaste eg kunne gjere å slå ham ned og gjere det beste ut av det. Og det funka! ... nesten...

Mellomgrøn: Det er sant! Eg hugsar det no! I skapet under vasken, det er der egget er!



Mellomgrøn: Men kvifor planta du då prov hjå Goomba? Kva har han gjort deg?

Lilleblå: Ingenting, eg tenkte berre at dersom det ikkje gjekk å få dykk to dømte, så kunne eg i alle høve "finne" spora hjå Goomba og få alle til å tru at han hadde gjort alt saman..


Storegrøn: Men då seier vi at Lillegul, Mellomgrøn og Lilleblå er skuls! Eg foreslår at nokon hentar egget, og så et vi påskesnopet vårt saman med Goomba og ser på Disney-filmar! 

Men fyrst kan vi ynskje alle gamle og nye lesarar...





Jupp, og så var påskefreden redda i heimen. Yoshi-ane fann ut at Lilleblå sto bak alt saman, men dei liker ikkje å bere nag til kvarandre for slike bagatellar. Alle har vel kome i skade for å slå ned venene sine i ny og ne?

Då eg leita etter ein gjernings-Yoshi med motiv, kom eg på episoden med lyset i kjøleskapet, som aldri fekk nokon oppfølgjar. Før no.

Å lage påskekrim var absolutt artig, men meir tidkrevjande enn eg hadde trudd. Ein stor takk til søstera mi, som har hjulpe meg med manus og finpussing av plot og handling. Hadde neppe greidd det utan deg. ^^

Påskekrim: Nest siste episode

Eg ber om orsaking for at dagens episode ikkje kom før midnatt.
Tips til alle som skal lage påskekrim: Lag manus og teikningar i god tid.
Helst før påske.


Frå førre episode
Mellomgrøn snik seg inn på ein ukjent plass og finn egget, men ein ukjent framand slår han ned i mørkret. Kvar er denne staden, og kven er den mystiske plysjfiguren i mørkret?


Det er på tide med nest siste episode i årets påskekrim...

Nest siste episode i årets påskekrim
Lillegul: Har nokon sett Mellomgrøn?





Storegrøn: Kva? Er Mellomgrøn vekke?
Lillegul: Ja, han gjekk for å hente noko vaskemiddel så vi kunne få vaska benken, som er full av mjølsøl.
Storegrøn: Men det er jo nisse-Yoshi-ane sitt søl...?
Lillegul: Eh.. ja, eigentleg, men Mellomgrøn foreslo vi skulle ta ansvar og vaske benken før mjølet satte seg.
Storegrøn: Eg skjøner...
Lillegul: Men eg går og leitar ved sofaen. Kanskje han har gått attende til kroken vår.



Lillegul: Mellomgrøn? Ligg du her? Hallo?! Mellomgrøn??

Mellomgrøn: Åh, kva er de som skjer? Auau, eg har så vondt i bakhovudet... Eg må ha slått det, huff, eg har vore i svime, au, kva skjer?
Lillegul: Eg har ikkje sett deg sidan du gjekk for å hente vaskemiddel, har du vore her heile tida?
Lilleblå: Og han har teke frå egget!! Sjå, det ligg godteripapir ved føtene hans, både Dumle og Fox! Han har sklidd på det og slege hovudet mot sofaen og falt i svime! Mellomgrøn veit kvar egget er!
Storegrøn: Du verda! Vi må ha ei ny samling av alle!



Storegrøn: Mine vener! Denne påska har ein tragedie ramma oss! Påskeegget vårt vart stole utan spor, og dette har skapa splid og ukoseleg stemning blant oss. Men no har eg funne løysinga! Og den eller dei som står bak alt saman sit blant oss no...
Dei andre: *GISP*!!



Påskekrim: Drama

Frå førre episode: Egget er ikkje hjå Goomba, og klandringane og spora leier over alt. Alt som manglar, er ... eit mord? Storegrøn samlar alle saman igjen, og no vert han sjølv klandra for forsvinninga. Er det noko hald i nokon av mistankane?



Påskekrim, episode 4: Drama
Etter krangelen går Yoshi-barna kvart til sitt. Det nyttar ikkje å stå og klandre kvarandre og spekulere i fakta. På eit tidspunkt må vel eggtjuven avsløre seg sjølv? Stemninga i heimen er amper.


Seinare på kvelden, på ein ukjent stad. Nokon står i mørkret, og nokon opnar døra.
Kniiiiiirk....
Ukjent i mørkret: Grrr, kven faen?!



Ukjent Yoshi: Hallo? Er det nokon her? Halloo?




Det ser ut til at det er Mellomgrøn som luskar i mørkret..

Mellomgrøn: Halloo-ooo? Korfor er det så mørkt her? Er det nokon her?

I mørkret bak han står nokon og skular..



Mellomgrøn: Åherregud, her er jo egget!!! Eg må fortelje det til dei andre no!
åherregudåherregudåherregudåherregud



SMÆKK!!!
Oioioi! Nokon slår Mellomgrøn i svime!



Mellomgrøn vert slepen vekk frå egget. Er han i live?



Kven har slege ned Mellomgrøn? Har han noko å gjere med egget? Kva har han tenkt å gjere med Mellomgrøn? Vil Yoshi-barna nokon sinne sjå Mellomgrøn og/eller egget igjen?!

Åh, dette er spennande..! Kva trur du har skjedd? Kven står bak?

Nest siste episode kjem i morgon, løysinga kjem på Påskeaftan!

Kven er med i påskekrimmen?

Det er kanskje ikkje alle som har heilt styring på karakterane i påskekrimmen. Eg ser på statistikken og kommentarane at mange av dei faste lesarane er på ferie, men at det òg er nokon som har kome til nyleg, og som kanskje ikkje kjenner til Yoshi-barna mine. Det er små plysjdyr eg har samla over nokre år, og dei som bur i sofaen og i stova her hjå meg, er godt under halvparten av alle eg har. Her er eit oversyn over alle dei som er med i krimmen.

Lilleblå

Lilleblå er ein av dei åtte små. Eigentleg er han Lillemørkreblå, sidan det òg finst ein Lilleljoseblå, men han bur ein annan plass, så då gjer vi det enkelt. Lilleblå er vilter av seg og liker å vere med på alt mogleg rart. Plar ofte ha Lilleblå med meg i veska rundt omkring, i tilfelle vi skulle støte på nokre Kodak-augeblinkar.

Lillegul

Lillegul er ein annan av dei åtte små. Han er glad i snop, fart og spenning. Elles er han ein roleg type.

Mellomgrøn

Mellomgrøn vert òg kalla for "Original-Yoshi", sidan han er den eldste av alle. Han kjøpte eg på ein hawaiisk nettbutikk ein sommar for fleire år sidan, så han har vorte litt laus i ledda og ein smule skitten. Men ein likanes kar læll, det er sikkert.

Nisse-Yoshi-ane

I 2008 fekk eg ein rosa nisse-Yoshi til jul, frå kjærasten min. Av storleik var han ein plass mellom dei små og dei mellomstore, men eg vil nøle med å kalle kan noko som "mellommellomstor" eller "submellomstor" eller noko. Han er berre nisse. Til jul i fjor fekk kjærasten min ein svart nisse-Yoshi. Saman er dei nisse-Yoshi-ane, dei er glade i vaflar og Disney.

Storegrøn

Ein av dei tre store. I tillegg til Storegrøn har eg Storeraud og Storesvarten. Storegrøn er ein gromgut som gjerne tek kontroll og er ein slags farsfigur for dei mindre Yoshi-barna.

Goomba
Goomba var ei gåve til kjærasten min frå ein gong eg hadde vore i Trondheim. Det var siste dag i Midt-Noregs hovudstad og eg måtte jo kjøpe med meg noko heim. Det vart Goomba. Han ser litt sur ut, men det er berre slik han ser ut. Har ikkje noko imot Yoshi-ar.

Påskekrim: Forviklingar

Førre episode:
Lilleblå finn spor i mjølet som peiker mot Lillegul, men klandringa av Lillegul vert avbrote av at Goomba bråkar i kasserolleskapet. Når dei opnar døra, fell han ut med papiret frå ein Fox-karamell under foten.



Påskekrim, episode 4: Forviklingar
Yoshi-barna har funne Goomba i kasserolleskapet, saman med masse Fox-papir.

Goomba: Kven er det som har lagt dette her? Argh, det er seigt og glatt og umogleg å sjå i mørkret! Eg snubla fælt då eg kom heim i dag tidleg og slo meg i svime. Då eg vakna igjen no og freista å reise meg opp, fall eg igjen!



Storegrøn: Det Fox-papiret kan ikkje kome frå nokon annan stad enn påskeegget vårt! Ingen av oss har tilgang på noko anna snop, og ingen av oss kan kome oss ut og kjøpe noko anna!
Goomba: Ja, og så? Det er ikkje noko prov på at eg har teke det?
Lilleblå: Men det var jo ikkje eingong ditt, det snopet som låg i påskeegget! Du får aldri vere med oss på noko som helst, det er jo motiv i seg sjølve?
Goomba: Er det vel ikkje. Eg liker ikkje Fox-karamell, eingong.
Storegrøn: Vi må ha ei ny samling av alle!




Storegrøn: Ei stor katastrofe har inntruffe i heimen vår! Påskeegget er framleis sporlaust forsvunne, og vi har fleire mistenkte. Kor lenge skal vi gå omkring og mistenke kvarandre? Ingen har godt av slik mistenkjeleggjering. Vi må ta ei ny runde med klandring og forsvar!
Lillegul: Må vi?
Storegrøn: Ja! 
(Herregud, det ser ut som om Storegrøn skal lære barna å fly)

Storegrøn: Nisse-Yoshi-ane har ikkje noko alibi anna enn kvarandre, dei kan fort vise seg å vere skuldige. Ved åstaden vart det funne spor etter ein som har gått med ei krykke og gipsa bein. Lillegul er den einaste som har krykker, og er difor hovudmistenkt.
Lillegul: Men eg hadde jo ikkje greidd å bere egget med ein arm!
Storegrøn: Så hadde du vel Mellomgrøn til å hjelpe deg? Er det ikkje slik at de to heng saman støtt og stadig?
Lillegul: Jau, men
Storegrøn: Prov nok! I tillegg har vi Goomba, som sjølv seier at han kom heim i dag tidleg, han har altså vore ute då egget vart stole. I tillegg fann vi Fox-papir heime hjå han, men ikkje noko egg. Det er likevel godt mogleg at han er skuldig. Og Lilleblå er den vi veit var ved egget sist. Sidan han ikkje har noko alibi, har han framleis status som mistenkt.
Lilleblå: Men eg...?



Lilleblå: Og kva med deg sjølv, kva?! Det er lett og stå og klandre andre! Kvifor skal vi ikkje tru at det er du som har teke egget og freistar å få oss til å leggje skulda på kvarandre?!
Storegrøn: Åh, gid, spar meg! Eg er jo altfor vaksen og ansvarleg til å stele påskeegg frå småbarn...



Kven trur du har teke egget? Spora og klandringane peiker i alle retningar, er det einaste som manglar no eit mord? Å nei, å nei!

Følg med vidare! Svaret kjem på påskeaftan.

Påskekrim: Sporet

Og påskekrimmen kom ikkje før ti i dag, nei. Var det nokon som eigentleg hadde trudd det?

Frå førre episode:
Lilleblå avbryt avhøyret og seier han har funne eit spor. Alle ventar i spenning.


Påskekrim, episode 3: Sporet
Lilleblå: Sporet er her ved puta til egget, på kjøkkenbenken. Nisse-Yoshi-ane hadde baka vaflar her i går, men ikkje tørka opp etter seg. Det såg eg då eg sjekka egget før eg gjekk og la meg. Men i dag er det spor i mjølet! Og det er ikkje til å misforstå - her har nokon gått med krykker og gipsa bein! Den skuldige må altså vere...




Lilleblå: ... Lillegul?!?!



Yoshi-barna samlar seg kring Lillegul. Er det verkeleg Lillegul som har gjort det?

Mellomgrøn: Lillegul?! Dette hadde eg aldri trudd om deg! Korleis kunne du?
Svart nisse: Eg hadde aldri i verda gjetta på at det var deg, men vi veit jo kor svak du er for godteri.
Rosa nisse:  Lillegul... eg.. kan ikkje tru det?


Igjen høyrest eit brak. Det same som tidlegare på dagen.

Lilleblå: Kva var det?? 
Mellomgrøn: Det kom frå kasserolleskapet!
Lillegul: Er det ikkje der Goomba bur?




Yoshi-barna opnar kasserolleskapet og ut ramlar Goomba.

Mellomgrøn: Goomba?! Kvifor ramlar du omkring som dette? Du plar då ikkje snuble i din eigen heim?
Lilleblå: Og kva har du under foten? Er det... papiret frå ein Fox-karamell??!


Er det Lillegul som har teke egget? Kvifor ramlar Goomba ut av skapet sitt på denne måten? Har han sklidd på godteripapiret? Og er Fox-papiret under foten hans frå det stolne påskeegget? Er egget i så fall i kasserolleskapet?

Følg med i morgon! Løysinga kjem på påskeaftan!


(I god påskeånd er det sjølvsagt ikkje så greitt om folk seier høgt kva spor dei ser og kva dei har funne ut. Det held å kommentere "eg ser sporet, eg trur eg veit kven som har teke egget" om ein ser noko og ikkje avsløre alt for alle. Ikkje sant? =D Eg set kommentarane til godkjenning for å vere trygg på at ingen øydelegg heile moroa. Og i morgon skal eg freiste å få ut neste episode litt før klokka tolv... Men eg er litt dårleg på å halde mine eigne fristar. Huff.)

Påskekrim: Klandring

I førre episode: Lilleblå har teke på seg ansvaret for å passe på påskeegget til Yoshi-barna, men når han vaknar, er det vekk. Kven har teke det?


Påskekrim del 2:
Lillegul: Kva skrik du for, Lilleblå?
Lilleblå: Egget er vekk! Egget er vekk!!
Lillegul: Haha, du er bra håplaus, greier ikkje passe på eit egg!



Lilleblå: Åjasså, ein spøkefugl?! Er det du sjølv som har teke egget, kanskje?!
Lillegul: Du har ikkje noko med å klandre meg for slikt! Som om eg kunne kome meg omkring og stele egg etter å ha knekt beinet i slalåmbakken.


Storegrøn: Kva kranglar de om, barn?
Lillegul: Lilleblå påstår at eg har stole påskeegget vårt!
Lilleblå: Eh, eg gjorde jo ikkje det, eg berre spekulerte! Men det er godt mogleg! Du veit jo korleis Lillegul er svak for godteri.


Storegrøn kallar inn til Yoshi-allmøte i stova for å finne ut kva som har skjedd. Dei frammøtte er: Det uskilbare veneparet Storegrøn og Lilleblå, bestekompisane Mellomgrøn og Lillegul og dei to nisse-Yoshi-ane.

Storegrøn: Påskeegget vårt er forsvunne, men la oss ikkje miste hovudet heilt! Det er ikkje sikkert nokon har teke det, men i rett påskeånd foreslår eg at alle er mistenkte og at vi har eit avhøyr av alle og ein kvar.

Vi byrjar med Mellomgrøn og Lillegul: Kvar var de i natt?


Mellomgrøn: I går var vi i lesekroken vår og las i Min Kamp 2, det var kjempespennande, fyren drog frivilleg på babyrytmikk og det tok heilt av! Men vi har ikkje teke egget! Vi las til klokka var to eller tre og så la vi oss og sov. Eg sto ikkje opp før no, eg.

Lillegul: Og eg sto opp for eit kvarter sia, for å øve meg i å gå med krykker. Eg har berre gått med gips i ei veke og skal gå med det i minst fire veker til. Eg hadde berre gått nokre rundar på golvet då eg høyrde eit brak på kjøkkenet. Der fann eg Lilleblå som sto og skreik.


Lillegul: Spør heller nisse-Yoshi-ane om kva dei gjorde. Dei heng aldri med oss andre, same kva.

Rosa nisse: Oss? Nei, i natt har vi ikkje gjort stort. Vi baka vaflar i går kveld, og så satt vi litt utover natta og såg på dei nye julefilmane frå Disney.
Svart nisse: Ja, heilt sant! Vaflar og Disney. Ikkje noko meir. Så vakna vi no då vi høyrte alt bråket. Spør heller Lilleblå, han var fyrst på åstaden!


Lilleblå: Stans avhøyret, eg har funne eit spor!



Kva for spor har Lilleblå funne? Kan det hjelpe Yoshi-barna til å finne egget og endå viktigare, kven som har teke det? Endar det heile her og no?

Følg med vidare! Fleire episodar kjem, og svaret kjem på Påskeaftan..

Påskekrim: Intro

Palmesundag
Det er tidleg formiddag på palmesundag. Lilleblå ligg og søv medan dei fyrste tidsforvirra fuglane har byrja kvitringa utanfor vindauget. Alt ligg til rette for ein god dag.

*BRAK*
Ein lyd får Lilleblå til å vakne...

Lilleblå: Whut? *Gjeeeeesp* Det var ei god natts søvn! Eg får vel gå og sjekke egget...

Lilleblå har teke på seg ansvaret for å passe på Yoshi-barna sitt påskeegg. Det inneheld alt snopet dei har fått frå matfar og skal vare heile påska. Det er difor det siste han sjekkar før han legg seg og det fyrste han sjekkar når han står opp.



Lilleblå: ÆÆH! Egget er vekk!!



Kvar er egget, og kven har teke det? Kan Lilleblå finne ut av kven som har teke egget, og - viktigast av alt - er Yoshi-barna sitt påskegodteri framleis i det?

Følg med vidare.....

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits