Alle innlegg i kategorien Politikkvitter

Jubileumsårsmøte med målungdommen

Eldhuga Vegard

Som engasjert målmann har eg denne helga vore på landsmøtet til Norsk Målungdom, som er så mykje som femti år i år. Møtet var i Oslo, så reisevegen var behageleg kort, og forsamlinga var hyggeleg. Eg var der altså som ei av utsendingane til Studentmållaget i Oslo, om nokon lurte.

Målungdommen er ein koseleg gjeng. Er du ikkje medlem, så bør du vurdere å melde deg inn!

Underhalding

Emil, kjend som Steinraus på nettet, var så kjekk ein kar at han melde på seg sjølv og meg som musikkinnslag under jubileumsfesten. Eg klipte saman nokre elektronikagreier eg hadde liggande og la på nokre lydklipp eg fann på YouTube, og han spelte chiptune-greiene sine, og det funka greitt. Trur eg. Om nokon vil høyre, så har eg prøvd å bygge inn frå SoundCloud under her, men eg veit ikkje kor godt det funkar på blogg.no.

NMU-songar av Vegardbeid

Som de sikkert høyrer, er lydklippet i Etanolsoppen frå den legendariske 1. mai-talen til Jens Stoltenberg, Fleinsoppen er Hans Bauge som snakkar om kvalfangst, Fleinsoppen II er først Dag Solstad som prøver å forklare korfor boka hans er politisk og så Knut Nærum med den berømte limericken om rim og rytme, og heilt til slutt Rosasoppen med Eli Kari Gjengedal som er misfornøgd med dei innsendte bilda til fotokonkurransen.

Det var berre Etanolsoppen og Fleinsoppen vi fann plass til i spelelista vår, men eg la no ut alt.

Som takk for spelejobben fekk eg denne t-skjorta:


Som sagt blir eit bilde alltid betre med ein Yoshi.

Alt i alt nøgd med helga.

Og så til slutt eit par sitat frå flinke folk som talte til landsmøtet:

Ottar Grepstad: "No snakkar eg med store bokstavar, men det er jo laurdag." (Etter at han hadde snakka ambisiøst om 2013, som skal vere nasjonalt språkår.)

Hege Myklebust: "Me treng jo ikkje to språk, men me treng nynorsk." (Etter å ha snakka om dei som spør seg om vi treng to språk i eit lite land som Norge.)

På tide med nye argument for nynorsk?

Ogndal Mållag trår til
Vålen skule i Nord-Trøndelag er den einaste i fylket med nynorsk som opplæringsmål. No vil nokre lågmælte bokmålsbrukarar ha avrøysting om opplæringsmål, men Ogndal Mållag har stor tru på at det vil gå bra. Det hadde nemleg vore - og eg sitererer leiaren av Ogndal Mållag - råtøft om Vålen held fram med å vere nynorsk. Råtøft? Du verda.

På tide med ny argumentasjon?
Eg oppmodar sjølvsagt alle norske elevar til å velje nynorsk som hovudmål. Eg har gode erfaringar med målbyte, men hadde aldri argumentert slik Noregs Mållag, eller Ogndal Mållag, gjer.

På nettsida nynorskklasse.no har Noregs Mållag fem dårlege argument for nynorsk:

  1. Gjeldande norsk språkpolitikk er at alle skal lære nynorsk og bokmål
  2. Det er lettare å ha bokmål som sidemål
  3. Alle må ha eksamen i begge målformer, då er det fint å vere flink i nynorsk
  4. Barn som har nynorsk på grunnskulen blir sjeldan nynorskhatarar
  5. Det er fint å vere flink i mange språk

Punkt 1 handlar om ein utopisk målpolitikk vedteke av ei dusteborgarleg regjering. Kvifor Mållaget, i motsetning til Riksmålsforbundet, tykkjer det læt bra om alle nordmenn er like flinke i nynorsk og bokmål og vekslar mellom målformene kvar dag, veit eg ikkje, men eg har inga tru på den utopien.

Punkt 2 og 5 er i beste fall påstandar. Punkt 3 er delvis feil, sidemål er no trekkfag på vidaregåande, men obligatorisk på grunnskolen. (Eg har tidlegare skrive at sidemål òg er trekkfag på grunnskolen, men det er altså feil.)


Ei mogleg forklaring på kvifor mållaget argumenterer litt rart.

Eg spør meg sjølv: 
Var det noko av dette som fekk meg til å leggje om til nynorsk?

Svaret er: Nei, det var det ikkje.

Eg la om til nynorsk av tre enkle grunnar:

  1. Eg kjenner att både min eigen og andre, norske dialektar i nynorsken
  2. Nynorsk er enkelt, vakkert og passar til alle sjangrar
  3. Å kunne nynorsk er eit godt grunnlag for å fortså norske dialektar, nabospråka våre og norsk språkhistorie

Difor var nynorsk det naturlege valet for meg. Eg har aldri, aldri, aldri lagt om til nynorsk for å gjere det godt på sidemålseksamen. Å leggje om til nynorsk har aldri vore og burde aldri vere eit strategisk trekk for å få gode karakterar.

Noregs Mållag gjer nynorsken ei bjørneteneste ved å argumentere slik for han. Nei, Håvard Øvregård, har du på deg shutter shades?

Kva skal vi vere mot i morgon?

Kva skjer 17. mai?
I tillegg til å vere grunnlovsdagen til to land, samt den internasjonale telekommunikasjons- og informasjonsdagen, er 17. mai den internasjonale dagen mot homofobi og transfobi! Fantastisk, kva?

17. mai 1990 (eller var det 1992? Eg hugsar ikkje heilt), fjerna WTO homoseksualitet frå den internasjonale lista over sjukdomar. I ettertid har nokon etablert 17. mai som IDAHO (International Day Against Homophobia and Transphobia) med utgangspunkt i nemnde WTO-vedtak.

Men kva er eigentleg homofobi? (Tilsvarande gjeld transfobi, men det vert rotate å heile tida nemne båe omgrep.)

Homofobi er i motsetnad til andre fobiar, ikkje ein diagnose. Opphavet til omgrepet er uklart, men det er definitivt mest brukt av homoaktivistar som ei samanslåing av homoseksualitet og xenofobi, altså framandfrykt. Omgrepet er nytta til å skildre alle former for lovgjeving, politikk, ytringar, fråsegner og haldningar som er negative til eller diskriminerer ikkje-heteroseksualitet.

Så 17. mai er ingen stoltheitsdag for homoparadar og liknande, det er ein anti-homofobidag. Så her er det forventa at majoriteten, dei heterofile, markerer motstand mot homofobi og transfobi.

Transfobi er eit relativt nytt omgrep. Du kjenner igjen nemninga "trans" frå ord som transperson, transvestitt og transseksuell. Kople det saman med xenofobi, og du får transfobi. Transfobi er ein uting.

I motsetnad til homofili, er det mogleg å kurere homofobi. Så set i gang!
Og eg vil rette ein takk til Christoffer, som donerte denne fine skjorta til meg etter at han hadde rydda i skapet sitt. Takk!

(Stoltheitsdagen for ikkje-heterofile er for øvrig siste sundag i juni. Paraden i Oslo er siste laurdag i juni. Heile juni er internasjonal  "gay and lesbian pride month", men det kjem vi attende til i juni, så klart.)

Karikaturkvitter: Inger Lise Hansen

KrF sin nestleiar
Inger Lise Hansen, andrenestleiar i KrF, braut sundagsfreden med nokså liberale fråsegn og idear til nye retningar for KrF. Mellom anna vil ho seie ja til borgarleg vigsel av homofile, samt ha Vinmonopol i kvar kommune (det er det nemleg ikkje i dag!). Difor har eg i dag teikna litt:



Her står altså Inger Lise Hansen ute på glattisen, med høge hælar og bambiknær, og viar to homofile som får skåle i vin, medan KrF-mørkemennene står på kyrkjetrappa og peiker stygt. Hansen har for høvet fått små horn og ein liten hale. Korkje KrF-arar, homofile, Hansen eller Bambi treng å føle seg støtt av denne teikninga.

Kva meiner eg?
Anten vil Hansen no få med seg fleire liberale KrF-arar og vri partiet litt i riktig retning i enkelte saker, elles vil det svekke partiet og skape indre splid.

Dersom dette er slutten for KrF, la oss sjå på kva godt dei har gjort for landet:
- Røykelova

... Det var vel eigentleg det.

Nynorsk + homofili = ja takk!

Eg er litt frustrert no. For sjølv om minst éin tidlegare leiar av målungdomen har vore opent homofil, og både nynorskbruk og homofili rammar blindt i alle samfunnslag så det er mange homofile nynorskbrukarar, så har målrørsla og homorørsla ein tendens til å leggje arrangementa sine til same tid.

I sumar var sumarleiren til Norsk Målungdom samstundes med Skeive Dagar-arrangementet i Oslo. Ungdom frå heile landet skulle samlast og mingle med likesinna, men homofile nynorskbrukarar måtte velje. Og no i haust skal målungdomen arrangere Vend Vinden-konferansen sin i Valdres samstundes med at Stolt:09-seminaret vert arrangert i Trondheim. 23.-25. oktober. Det er altfor dårleg at homofile nynorskbrukarar må velje mellom himmel og nirvana to gongar på eit halvt år!

Sjølvsagt og eg ei løysing!
At desse arrangementa stadig krasjar, tyder berre ein ting: målrørsla må inn i homorørsla. Vi må infiltrere og syte for at båes interesser vert tekne godt vare på! For å minne alle om dette, har eg laga dette utkastet til 11. utgåve av nynorsk ordliste.

Observante lesarar vil sjå at det er både blomar og biar med, men blomane står for seg og biane står for seg. Biane er dessutan arrangert i par, men blomane har jo grodd fast og må ta konsekvensen av det, høhøhø...

Eg skal forresten på Vend Vinden-konferansen til målungdomen, sidan eg faktisk er leiar for eit lokallag. Dessutan var påmeldingsfristen til Stolt:09 i september...

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits