Alle innlegg i kategorien Matkvitter

Heimelaga konfekt

Konditor-Vegard

Skulle gjerne ha blogga om det her i går, men eg tar det i dag sidan gåva no er overrekt. Eg hadde altså stått og rulla nougatkuler, dyppa dei i sjokolade og hatt ting både utapå og inni. Og rulla marsipanblomstrar. Og så la eg heile produksjonen i to artige esker frå Panduro. Eg blei nøgd!





Så dette er altså grunnen til at det ikkje blei nokon episode i påskekrimmen i går. Å vera konditor tok meir tid enn eg trudde.

Eg ser at bakgrunnen min er vekke. Eg jobbar med saka.

Oppskrift på laksepasta

Denne oppskrifta er ein variant av ei oppskrift eg fann i iPhone-kokeboka til Tine. Originalen har sitronpepper, soltørka tomatar og persille, men det høyrdest ikkje så godt ut, tenkte eg.

Du treng

- Laks (minst to filetar til kvar person)
- Créme Fraîche
- Safta av ein halv sitron
- Krydder (eg brukte oregano, dill og havsalt)
- Litt smør
- Pasta (spaghetti eller tagliatelle, eigentleg passar vel alt)
- Riven ost

Slik gjer du

Kok opp vatn og ha i pastaen. La pastaen koke mens du gjer det andre.

Skjer laksen opp i små bitar og legg dei på ei fjøl, skvis safta frå sitronen over og dryss på litt krydder. Varm litt smør i panna, ha laksebitane oppi og steik til dei ser fine ut. Så hiv du oppi nokre store skeier med Creme Fraîche (oppskrifta sa 2 dl, eg trur eg tok litt mindre), rør rundt (ifølgje oppskrifta skulle det "surre", kva enn det er). Riv over litt ost og krydre.

Et!



Ikkje frykt at dette skal bli ein matblogg. Eg treng berre litt motivasjon til å stå for middagen sjølv kvar einaste dag, men det kjem så klart i tillegg til den vanlege kvitringa.

Oppskrift på dinosauruskjærleik

Gratuler meg, dette er det første innlegget i kategorien "matkvitter". Eg kjem til å eksperimentere mykje med mat no som eg bur aleine, så det er berre å vente at eg kvitrar om noko av det. I dag er det oppskrift på dinosauruskjærleik.

Du treng

- Is i så store mengder du vil
- Dinosaurus-kjeks i så store mengder du vil
- Brownies i så store mengder du vil

Slik gjer du

Hiv det saman i ei skål, finn fram ei skei og et!

Serveringstips: Smakar best om du maular* det.


- Bwaaah!

*Å maule = ete berre eitt slag mat utan det som høyrer til (frå nynorskordboka)

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits