Alle innlegg i kategorien Kvardagskvitter

Klassikar: Nynorsk på Libris

Huhei! For nokre dagar sidan fekk eg eit akutt og desperat behov for ein almanakk. Sidan Dag og Tid ikkje lenger gir ut Ivar Aasen-almanakken, sprang eg innom yndlingsbokhandelen min, Libris i Grensen, og der fann eg eit heilt bord med ? hald dokker fast ? kalendrar!



Ikkje nok med at skiltet er på nynorsk, det er endatil på korrekt nynorsk! Mange skriv "kalendarar" og slikt noko, men mange framandord på -er har obligatorisk samandraging i fleirtal. Storveges!

Fleire bilde

Når eg først er i gang, kan eg jo poste nokre fleire bilde frå den siste tida. Aller først kjem eit bilde av det nyaste tilskotet til søskenflokken. Eg presenterer: Lillayoshi! (Sidan eg berre har éin lilla Yoshi, treng den ikkje namn med størrelse, så den heiter berre Lillayoshi. Sei hei!)




Under årsmøtet i Studentmållaget i Oslo (kor eg blei valt til nestleiar) var det høve til drodling.



På Røros har dei framleis fotgjengarfeltskilt med mann med hatt!


Til bursdag fekk eg denne frå mamma. Den er frå andreopplaget ? trykt i 1899!

Vilt kult, da.

Eg har forresten funne ut at om du googlar "Grensen Libris" på norsk Google, så er bloggen min ganske høgt oppe. Eg veit ikkje kor mykje trafikk eg genererer til dei, men det må jo vera litt.




Ein dårleg dag på jobben?

I dag var kjærasten min og eg på IKEA saman med to vener. Det heile var ein koseleg tur og vi fekk kjøpt mykje fint, men på veg tilbake til Oslo sentrum oppdaga vi at sjåføren av IKEA-bussen hadde ein noko dårleg dag på jobben.

Det heile begynte dårleg då han bomma på avkøyringa i Oslo sentrum, framfor han var det kvartal på kvartal utan lov til å svinge til høgre. Men han prøvde seg og kom til ein sving framfor Oslo S. Der blei det nok litt for trangt for bussen, men han prøvde igjen. Han trefte eit skilt, som blei noko skakt:

Han rygga litt unna og prøvde igjen, og han kom seg inn på trikkespora som dokker kan sjå på bildet. Men av ein eller annan grunn skulle han køyre mot køyreretninga, det hadde blitt rett skummelt om det kom ein trikk! Det var sjølvsagt ikkje sett av plass til ein stor buss der kor den smale trikken køyrer, så lyktestolpane bortover fekk kvar sin porsjon IKEA-buss:

Eitt kvartal unna haldeplassen sa bussen takk for seg og stansa. Det gjorde òg alle bussane og trikkane bak, så det blei lange køer veldig fort.



Dette var rett framfor Oslo S, på Jernbanetorget, som er knutepunktet for all kollektivtrafikken i Oslo. Å ha ein IKEA-buss med motorstopp akkurat der - det blir det kø av! Det synest ikkje så godt på bildet, men det er altså masse bussar og trikkar som står stille:



Men tankane mine går til den stakkars bussjåføren som berre gjorde prøvde å få IKEA-gjengarane (og dei andre som berre pendlar med IKEA-bussen fordi det er gratis) trygt og raskt tilbake. Då eg stod og tok bilde av bussen, fekk eg faktisk kjeft av ei trøndersk kjerring som glefsa noko om at "bussjåføra kajnn å ha ejn då'le da på jåbben!!". Eg smilte høfleg og sa "ja, sjølvsagt kan dei det!" og så snudde eg meg. Folk, altså.

Ding dong

For å få tankane over på noko heilt anna legg eg inn årets israelske bidrag i Eurovision Song Contest. Songen heiter "Ding Dong" og blir framført av Dana International, ein kjend songarinne (som tidlegare har vore mann) frå Israel. (Vent no litt... Israel i ESC? Ja, for Israel ligg jo i Europa? Eller?)

Iallfall. Songen gjekk ikkje vidare frå den andre semifinalen, noko som er kjemperart, for songen er kjempeartig og laga god stemning, iallfall på ESC-festen eg var på. Kvaliteten skal eg ikkje seie noko på. Ein ser ikkje på ESC fordi det er god musikk, men fordi heile kulturen, atmosfæren og konkurransen er kjempeartig. Og ein skal som kjend høyre mykje før øyra fell av. Denne låten* gjer sitt.

*"låt" er merkeleg nok eit hankjønnsord i offisiell rettskriving, sjølv om veldig mange seier "låta". Merkeleg.

Dette innlegget passar godt i kategorien "kvardagskvitter", kjenner eg...

Darth Vader i Oslo sentrum

Aller først: Nynorskkurset gjekk bra, synest eg. Det var ikkje så mange der, men det var like greitt. Eg håpar og trur dei som var der fekk noko ut av det. Eg fekk gått gjennom det meste av det eg trudde, og i tillegg svart på nokre spørsmål undervegs. Som takk for kurset fekk eg ei flaske Liereple. Det var hyggeleg.

I dag har eg vore ein tur i sommarlege Oslo, og sjølvsagt kom eg over ting å ta bilde av og blogge om.

Først ute er nokre Star Wars-folk som hadde handla mat på McDonalds. Er det noko Star Wars-nytt eg ikkje har fått med meg? Eg liker å tru at eg hadde fått det med meg om det kom ein ny Star Wars-film.

Så var det dette artige skiltet på UFF. Det er jo ikkje noko som er direkte feil med deg, men det er unekteleg litt artig.



Ein oransje trikk som køyrde rundt. Eg lurer på kva den gjer.



Påskelektyre (og påskeferie)

Noko anna enn krim

Eg har aldri forbunde påska med krim, så då eg gjekk på biblioteket for å låne bøker til ferien, enda eg opp med med to bøker av Arto Paasilinna og to bøker av Kristofer Uppdal. Foreløpig har ikkje påskefreden senka seg over meg, men eg skal koma meg gjennom minst to av dei i helga, tenkte eg.

Kameraet på Mac-en min tar utruleg dårlege bilde. Eg lurer på om eg har skada det, eller om det blir dårlegare jo fleire programvareoppdateringar eg gjer utan å kjøpe ny Mac...


De hengte revenes skog og Prosten og hans forunderlige tjener av Arto Paasilinna.


Stigeren og Trolldom i lufta av Kristofer Uppdal.

I tillegg må eg snart lesa dei to siste bøkene i trilogien til Trygve Gulbranssen.

Elles er det ein veldig spesiell gut som har bursdag i dag, så eg brukte delar av i går og i dag på å ordne gåve, og no skal eg til han for å feire. Det betyr at påskekrimmen tar seg ein dag ferie i dag, men kjem sterkare tilbake i morgon.

Ha ein strålande skjærtorsdag.

Dei som vil bruke påska til å lære seg nye verb, kan sjå på desse to:
å grønast - grønast - grønast - har grønast
å vårast - vårast - vårast - har vårast

Fine verb som er like i alle tider!

 

Slik går no dagan'









No har eg vori stille ei lita stund, det er berre sånn det blir frå tid til anna. Eg er ikkje daud, eg har stort sett vori frisk, eg har berre ikkje hatt så mykje å skrive om. Som de ser av bilda, har det blitt mykje lesing, (oppgåve)skriving og speling. Og leiking med Yoshi-barn, så klart.

Av meir aktuelle ting, kan eg skryte av å ha vori hos Språkrådet i dag! Det var ekskursjon med normerings-faget ("-klassa"?) og vi lærte om ditt og datt. Vi fekk òg med oss noko tilbake, som eg tenkte eg skulle skryte av i eit eige bildekvitter seinare..

Så, kva har du gjort sidan sist? Lesi nokre gode bøker, skrivi nokre fine ord?

Yoshi-ane møter ein sint fugl

Ny plysjfigur i samlinga

Blant tinga eg fekk til bursdagen min, vil eg først poste bilete av ei av gåvene frå broren min: Ein raud Angry Bird. Den er ganske fabulous.

Eg trur dei lurer litt på korfor han er så sint, men mest av alt er det ein del av sjarmen.

Ein stadig aldrande Vegard / Så like at ein tek feil

Den tida av året

Kring denne tida av året blir eg 20 år, og hadde eg ikkje fjerna den vesle "profilen" av meg som pleidde å vere uti sida her, så kunne de ha følgt med på at talet "19" blei "20" over natta, sånn heilt av seg sjølv, liksom, men no får de heller stole på meg at det skjer i løpet av veka.

Og som de kanskje hugsar frå desse små gløtta inn i kvardagen min (denne bloggen handlar jo om alt anna enn meg, så om de får med dykk noko som helst av desse smådryppa, blir eg imponert), så er det alltids ein til i familien som har bursdag på same dag som meg og blir akkurat like gammal. Eg veit ikkje korfor eg nemner det, men han kan jo òg få litt merksemd.

Så like at ein tek feil

Dette avsnittet kunne ha handla om at broren min og eg er så like at folk tek feil, og så kunne eg ha fortalt om alle dei gongene eg har blitt teke for å vere broren min i det siste (skjedde seinast i går), men det dette handlar om er at eskene til Mokkabønner og Kremtopper no er endå likare enn dei har vore før.



Dæm lage jo æskan så lik at man tar feil.

Og forresten: Døgnrytmen min er tilbake, og eg blir kjempetrøtt i ellevetida og vaknar i sjutida. Dette kan eg faktisk leve med!

Grytidleg sundagsbesøk

Dustedøgnrytme

Denne veka har eg hatt den verste døgnrytmen du kan tenkje deg. Eg har stort sett vore flink gut og lagt meg og prøvd å sove i rimeleg tid, men så har eg anten ikkje fått sove før langt utpå morgonkvisten,eller sovna kring midnatt og så vakna i fire-fem-tida og ikkje fått sove igjen. Eg forstår verkeleg ikkje poenget! I natt la eg meg kring kvart over tolv og sovna på eit blunk, likevel vakna eg og var lys vaken kvart på fem.

Så kva gjer ein?

Eg sov hos kjærasten min i natt, og her bur jo framleis Goomba. Eg spelte konsert i går, og sidan vi blant anna spelte ein Yoshi-låt, hadde eg med meg nokre av Yoshi-barna som sceneeffektar, så dei fekk krype ut av baggen og helse på Goomba.



Goomba ser generelt lite hyggeleg ut, men er ein triveleg kar, de må ikkje tru noko anna. Etter eit stakkarsleg forsøk på å innynde seg hos Yoshi-barna, har dei no bestemt seg for å ta han inn i varmen, trur eg. (Eg fekk streng beskjed frå kjærasten min om at Yoshi-ane måtte vere hyggelegare med han.) Og som de legg merke til, så har eg på meg Yoshi-t-skjorta mi. Eit lite bilete av den òg.



(Hadde vel ikkje skada å smile litt meir på bileta, men no orkar eg ikkje ta nye.)

Så kva gjer ein?

I dag skal eg kjøpe nokre stolar frå ein hyggeleg fyr på Finn.no, elles er eg litt daff og rar pga. mangelen på søvn, men eg har faktisk vore fornuftig og lese pensum. Eg skjønner at eg har valt rett fag når ein artikkel om rettskrivingsendringar i bokmål på 1900-talet er på pensum! Og så får eg vel dra heim og lese meir i Amtmandens døtre.

Og heeeeilt til slutt, så må eg seie frå om at eg, som elskar å leike med CSS og design, arbeider med noko nytt og spennande, som tek utgangspunkt i det eg har no, men som vil gjere det langt lettare å f.eks. finne fram til gamle innlegg.

Tilbake til kvardagen

I dag er den første kvardagen min i 2011. Eg har vore på den første forelesinga i litteraturhistorie, og eg skjønner at eg verkeleg må bli flinkare til å lese om eg skal kome meg gjennom alt. Pensumlista er kjempelang, og den svenske forelesaren oppmoda oss i dag til å droppe alle andre prosjekt som kjærestar och så där for å fordjupe oss i skjønnlitteraturen. Eg trur ikkje eg skal gjere det slutt med kjærasten min, men eg må nok rekne med å ofre litt daudtid til å lese.

Første dag på Blindern var skuffande lik alle andre dagar på Blindern. Menmen. I morgon skal eg ha første time i språknormering og -planlegging, med den minste forsamlinga i verda. Merkeleg koss nesten ingen vil ha slike fag...

No døyr eg av svolt og impro-kokkelerer. Det blir neppe spesielt vellykka, men eg skal seie frå om eg kjem over noko bra.

Lesing er crazy

Fekk ei t-skjorte til jol. Ho er bra kul og eg vel å ikkje tolke ho ironisk. Å lese er faktisk innmari kjekt og eg blir litt skremt kvar gong nokon skryt av å aldri ha bladd gjennom ei heil bok i livet.



Og iPhone-en min tek dårlegare og dårlegare bilete. Det blir skurr sjølv i gode lysforhold. Håplaust. Eg får bli flinkare til å dra fram kameraet.

Ein bagg med Yoshi-ar (+ "kossen")



Dette er den festlegaste delen av flyttelasset så langt. Yoshi-ar tek stor plass når ein skal frakte dei, men er elles særs plasseringsvennlege og tek seg fint ut oppå hyller og skap, mellom puter og som bokstøtter. Fleirbrukskosedyr.

Då eg henta nøklane til studentboligen, spurte resepsjonisten om eg skulle flytte med bil. "Nei, eg skal flytte med buss", svara eg, og eg har no blitt skikkeleg god ven med den nye bussruta mi, og eg har sjølvsagt gjort nokre djupe tankar om kor mykje ei bussrute betyr for deg etter kvart. Alle svingar og haldeplassar har noko eige ved seg, ein får eit favorittsete som gir den beste utsikta.. Iallfall tenkjer eg alltid slik etter ei stund. Eg gler meg til å bli betre kjend med bussruta opp hit.

Botanisk hage



På det nye badet mitt (som er mitt og berre mitt!), har eg ei smal hylle som eg no har døypt om til Botanisk Hage. Eg er som kjend multi-allergikar og må bruke organiske og økologiske produkt utan syntetiske stoff. Så her ser de både kokosnøtt, aloe vera, appelsin og bivoks... I tillegg kjem f.eks. sjampo og balsam med tranebær, appelsin og mynte.. Fruktig!

Kossen

Det morosame med å blogge med språkinteresserte og språkbevisste lesarar er at det blir lagt merke til når eg gjer noko nytt. I det førre innlegget brukte eg ordet "kossen" i staden for "korleis". Koss/kossen har i dag status som klammeform og kan risikere å gå ut av norma til neste år. Eg har derfor (og ikkje "difor"? Her er eg i tvil...) bestemt meg for å bruke desse orda og kanskje spreie bruken av dei.

Det merkelege med kossen, er valet av forma. Opphavet er med -rs-, men uttale med -ss- er vanlegast. Ordet har same opphav som "åssen", som er det eg bruker når eg skriv bokmål, så for min del passar det bra.

Det kjipe er at "kossen" er lite vanleg i skrift, sjølv om det er langt vanlegare enn "korleis" i tale, så ordet risikerer å gå ut av rettskrivinga. Vil du slå eit slag for kossen og bruke det?

Tre Yoshi-ar som søv i sprekken



Og ei høne, då... Var på besøk hos mor mi og såg at nokon hadde drege sofaen fram frå veggen slik at dei tre Yoshi-barna som bur der nesten hadde ramla ned. Såg ut som dei sov, så eg ville ikkje vekkje dei. Dei er så søte, så...

Det nye reiret

No har det vore stille på Kvitter, og det har vore fleire grunnar til det, men mest av alt er det fordi eg har flytta. Eg er ikkje heilt på plass i det nye reiret enno, men eg har no det meste av det eg treng. Og sjølvsagt har eg teke med meg Yoshi-barna, som no skal kikke litt omkring.

Golvet ser ut som i eit klasserom. Eller eit tog, eller noko slikt. Her må vi få på plass eit teppe.



Denne hylla er ny og har plass til alle bøker og spel og syskrin og Yoshi-barn og meir til.



Reiret mitt er i sjette etasje, ganske høgt oppe, og eg har utsikt vekk frå sentrum. Det er ganske kjekt! Null bråk og utsikta er framifrå.



Over senga er det ei fin hylle, og endeleg har eg sengelampe slik at eg kan lese før eg søv! Kanskje kan eg byrje på ei av bøkene eg fekk til jol...



Den einaste boka eg eigentleg ønskte meg var Innsirkling 2 av Carl Frode Tiller. Eg gler meg masse til å lese ho! Elles fekk eg Siss og Unn av Inger Bråtveit, som har teke to av dei mest kjende romanfigurane til Tarjei Vesaas og skrive ei bok om dei. Gler meg massemassemasse! Av heilt ukjende ting, fekk eg Mesteren fra Petersburg av J. M. Coetzee, frå far min. Eg lurer på korfor han valde akkruat den, men den første linja verka veldig god.

Det har vore nokre få som har spurt litt etter meir kvitter. Det tek seg nok opp att til eit vanleg nivå om nokre dagar!

I mellomtida kan tida de jo lese litt om dei to emna eg skal ha på Blindern i vår: litteraturhistorie og språknormering. Eller fortelje meg om f.eks. bøker de har fått til jol, tips til kossen eg skal greie meg med å bu heilt aleine på 17 kvadratmeter...

Eksamensresultat 2

Eg har no fått karakter på alle eksamenane mine, og det gjekk slik:

Norsk grammatikk: A
Norrøn grammatikk og eldre språkhistorie: B
Tekst og kommunikasjon: C

Foreløpig har eg altså eit karaktersnitt på B, og det må eg seie eg er strålande nøgd med! Tekst-eksamen følte eg at gjekk strålande, så eg blei litt skuffa då eg såg C-en, men norrønteksamen følte eg gjekk til bokmålsland, så eg blei gledeleg overraska over B-en! Dette må feirast, så eg drar bort på nynorsk-Libris og kjøper kaffi og kjeks, sidan dei held ope

Heim til jol
Eg har bestemt meg for å bruke ordet "jol" så lenge det går, for rettskrivingsnemnda ønskjer nemleg ikkje å la dette fine ordet bli med vidare i offisiell rettskriving. Men vi veit jo at dette ordet er i bruk i både tale og skrift, heilt inn i hjartet av Oslo! Men no er kjærasten reist heim til jol, så eg får vel fare heim til jol sjølv. Ikkje at eg skal så langt, men eg skal ut av huset her. Og etter jol skal eg faktisk flytte inn i mitt eige vesle krypinn. Det blir kjekt.

Snart kjem den nest siste luka i kalenderen!

Eksamensresultat!

I dag fekk eg ei lita førjulsgåve. Eg fekk nemleg karakteren A (som er det beste!) på eksamen i norsk grammatikk! Det var langt betre enn eg hadde turt å håpe på! Då kan eg gå gjennom julestrida med litt senka skuldrer. Korleis det gjekk på dei andre eksamenane får vi sjå litt seinare eller i begynninga av 2011. Eg held dykk oppdaterte, så klart.



Då er det berre ein ting å seie:



No kjem neste luke i julekalenderen òg.

Sløyfa opp til eksamen

Eksamen er sløyfedag, er det ikkje? Jau. Ein gong eg hadde denne sløyfa på fest, blei eg spurt om eg hadde kjøpt ho på Volt (sossebutikk). Den er kanskje kjøpt på Volt ein gong i tida, men eg betalte nokre kroner for ho på Fretex, hoho.

Det er litt høgtid over eksamen. Spesielt denne eksamenen, som er halv tre om ettermiddagen til halv sju om kvelden. Då rekk ein jo fint å ete, dusje, lese, drikke kaffi og ha ein vanleg dag før det heile toppar seg med eksamen. Betre enn å starte klokka ni. Definitivt sløyfedag.

Eg har òg prøvd å gjere noko nytt med håret i dag. Kan du sjå kva det er?



(Nei, det kan du ikkje, for eg har posta både spegelvende og ikkje-spegelvende bilete her på bloggen. Men eg har skillen til venstre i dag. Til vanleg har eg han til høgre. Så det, så. eg må uansett klippe meg, for det har grodd heilt ut av fasong. Men meir om det seinare.)

Til slutt ei lita oppgåve til dykk som berre les det kursiverte nedst i innlegget! Svar på dette utan å slå opp i ordlista: Kva kjønn har desse orda på nynorsk og bokmål: kjevle (som du kjevlar med), stolpe, gardin, farskap. Kva kjønn har desse orda i dialekta di?

Det er ikkje om å gjere å gjette mest riktig, men å tenkje over kva du hadde skrive og kva du hadde sagt og så sjå kva ordlista faktisk seier. Eg har blitt overraska mange gonger, og genustilhøyre i norsk språk er veldig underhaldande (eller er eg den einaste som tykkjer det?).

Eksamensperiode

Eksamen er ganske stress.

På vidaregåande har ein eit fag fleire timar i veka i mellom eitt og tre år før ein har eksamen i det. På universitetet kjem eksamen med ein gong du føler du er i gang med å lære noko i faget.

Den første karakteren du får i emnet er òg den siste, det einaste vurderingsgrunnlaget i emnet er eksamen.

I morgon har eg eksamen frå 14:30 til 18:30, så luka i julekalenderen kjem ikkje før litt utpå kvelden. Menmen.

angst.

Trikkane er ikkje blå på toppen

Her om dagen venta eg lenge på t-banen på Forskningsparken (ved Blindern), og då kom ein trikk køyrande under t-banestasjonen. Eg har aldri sett ein trikk ovanfrå før, så eg tok sjølvsagt nokre bilete.





Og så såg eg at det var noko rart med Grandiosa-pakninga. Ser du kva det er som er rart?

¨

Og elles
I dag er det første sundagen i advent, og eg skal - tradisjonen tru - sjølvsagt kle meg ut i nisseklede og spele med korpset. Heldigvis er det så kaldt og mykje snø i dag at det er uforsvarleg å dra med seg barna og instrumenta utandørs, så vi skal berre spele inne. Kjekt.

Og etter det skal eg lese til eksamen! Første eksamen er på tysdag, i norsk grammatikk. Eg må lese ein del syntaktisk analyse, og så får eg berre be til gode krefter om at vi får spørsmål om substantiv. Det er det eg kan aller, aller best.

På besøk hos Aftenposten

På tysdag overraska eg meg sjølv litt. Måndag ettermiddag skreiv Si ;D på Facebook at dei inviterte folk til å kome på besøk på Aftenposten-kontoret og helse på Si ;D-redaksjonen. Det var berre å sende ein e-post om ein ville kome.



Eg tok dei på ordet og sendte ein e-post om at eg gjerne kunne tenkje meg å vere med, sjølv om eg er i det øvre alderssjiktet og går på universitetet. Like etterpå kom eit hyggeleg svar som avslutta med "da sees vi i morgen!".

Så møtte eg opp, saman med kring ti andre, alle saman minst tre år yngre enn meg. Men eg og mitt ungdomelege utsjåande glei sjølvsagt godt inn, seier vi. Det verka som om alle dei andre var spesielt inviterte, for dei fleste kom to og to frå same skole. Jaja. Det var iallfall kjekt, og eg fekk gitt ein del tilbakemelding og slikt. Følte meg flink og engasjert, blablabla. Her er eit bilete av meg eg stal frå Facebook-sida deira. Litt redigert, for anonymiteten.


Hurr durrr....

Dette innlegget er òg på i-mål, men eg kan ikkje sjå at eg har fått bruk for i-former. Isj-isj. Kvoteringi mi av hokjønnsord går ut på å gjere ord som dialekt og låt til hokjønnsord, fordi eg meiner ordlista tek feil. Kanskje eg burde kvotere inn fleire hokjønnsord i det store og heile, elles er det jo litt fåfengt å skrive i-mål?

Her er Vesla, ho er nynorsk!

Eg har no kjøpt ei lita datamaskin til bruk i studia og slikt. Mac-en er jo liten og nett, stor og tung samanlikna med denne vesle maskina:

Eg har døypt ho Vesla. Ho har eit fantastisk tastatur! Det skal eg skrive mykje på, skal eg love dykk.

No, kvifor seier eg at Vesla er nynorsk? Jo, sjekk her:

Når du bruker Windows for første gong, må du velje installeringsspråk. Der er det einaste norske språket bokmål, diverre.


Men Microsoft tykkjer det er viktig å stø minoritetsspråk, så det går an å laste ned ei nynorsk språkpakke! Det heiter LIP (Language Interface Pack), eller på norsk: Språkgrensesnittpakke.

Har du kjøpte PC-en din i Noreg eller Norden og installert bokmåls-Windows på den, kan du kjempeenkelt laste ned språkpakka frå Microsoft.com, installere, starte maskina på nytt og så nyte nynorsken. Eg elskar jo å ha dataprogram og facebook på nynorsk, men det er verkeleg heilt fantastisk å ha heile PC-en på nynorsk!

Skjermdump:
 

Litt smått, men du ser jo.

Dette er kanskje noko for deg òg? Har du enno ikkje Windows-maskina di på nynorsk, så kan du vitje desse lenkjene:

Forresten, er det berre meg som hatar klistremerka PC-ar kjem med? Dei er så unødvendige!

Klistremerkehelvete...

Å kjøpe seg ein kosmonaut

I dag tenkte eg å vise fram ei flott t-skjorte eg fekk av søstera mi.

Litt mindre anonym enn vanleg, men det går fint.

No når eg er ferdig med å vise fram t-skjorta mi, kan eg jo fortelje litt om ein song eg oppdaga på Spotify. Eg sat og surfa og bladde gjennom musikk på Spotify for å finne noko nytt å høyre på. Eg ramla innom Bergens-prosjektet Ugress, som eg hugsar var ganske svære for ein del år sidan.

Eg er slik at eg dømmer musikk etter album, songnamn og slikt. Så då eg valde ein song av Ugress å høyre på, var det sjølvsagt frå eit fargesprakande album med eit originalt namn. Songen heiter Kosmonaut og er frå albumet Collectronics.

Han inneheld alt eg tykkjer skal til for å gjere ein song fantastisk:
- elektronisk rock
- russisk/tysk vokal med megafoneffekt
- disco-trommar
- symfoniorkester
- framandkulturelt tema (kosmonautar er då eksotiske?)
- disco-bass
- 8bit-synthlyd på syre

Eg måtte stjernemerke denne songen på Spotify.

Du vil kanskje høyre songen? Sjølvsagt vil du det. Her kjem han


Eg er ikkje overtydd av videoen, men.. Det går bra.

Og sjå kva eg fann i hylla!


Så no skal eg ut og kjøpe Kosmonaut, i form av heile Collectronics-albumet. Resten av albumet er òg ganske fabulous (for å kvotere inn litt bokmål), og eg har vore på jakt etter ny musikk altfor lenge no.

Fa-fa-faaaabulous!

Kvitre tips til god musikk du trur eg kan like, om du har!

Bøker gjer blind

Å lese bøker er gøy, men dei gjer deg blind.

Eg tek 17-trikken til Blindern, men rakk han ikkje i dag. Då hoppa eg på neste trikk til Jernbanetorget, for å ta 18-trikken. Eg sto på plattformen kor 18-trikken skulle gå, som første passerande trikk, om tre minutt. Sanntidssystemet til Ruter plar vere ganske presist med trikk og bane, verre med buss og tog, så eg dro fram ei bok for å lese litt medan eg venta. Eg trong jo ikkje vere så merksam.

Etter nokre minutt løfta eg på hovudet og såg etter trikken, og der var han berre 50 meter unna, køyrde opp gata forbi Oslo City. Eg dykka ned i boka igjen, og like etterpå køyrde ein trikk inn på perrongen framfor meg. Eg gjekk på heilt bakarst og sette meg til å lese meir.


Vent.. kva?

Trikken kom så opp til Høgskolesenteret, som er like utafor Høgskolen i Oslo. Då kom det ei melding over høgtalarane om kva linje og rute trikken køyrer. Eg lytta ikkje, men fekk med meg "Majorstuen". Majorstuen? 18-trikken går då til Rikshospitalet, ikkje Majorstuen? Eg løfta hovudet frå boka igjen og såg at eg vat på 11-trikken. Men kor faen var så 18-trikken? Eg snudde hovudet og såg ut bakruta, der kunne eg sjå 18-trikken kome oppover bakken.

Heldigvis køyrer 11- og 18-trikken (og 17-trikken) same rute eit godt stykke, så eg tenkte eg berre fekk gå av på neste stoppestad og gå på den andre trikken. Men Høgskolesenteret er siste felles stasjon for desse trikkane, og 11-trikken svingte inn til venstre, vekk frå ruta til 18-trikken. Eg gjekk av på første og sprang tilbake, akkurat tidsnok til å sjå 18-trikken gå frå meg.

I dag blei eg fem minutt sein til seminarundervisninga.

Moralen er: Bok gjer blind i trafikken.

For dei som ikkje skjønte heilt (eller "for moro skuld", som det heiter), har eg her teikna opp situasjonen:

Eg står på plattformen med auga på boka, og trur det er 18-trikken som skal kome, men medan eg ser ned, svinger 11-trikken inn frå sida.

Som de ser, er eg litt flinkare til å teikne Yoshi-barn enn trikkar, men hallo - noko avlangt og blått på skjener - det må jo vere trikk...

Har du opplevd noko liknande? Ikkje brenn inne med det, eg vil gjerne høyre det!

Gratis bøker er fine greier

Først: No skal eg freiste å stable Kvitter på dei små, spinkle føtene igjen. Eg kan love dykk at eg skriv minst ti gonger så masse Kvitter som eg endar opp med å publisere. Eg veit ikkje kvifor. Eg har til dømes skrive ein masse ting om bokmål og nynorsk og dialektar, utan å publisere det fordi eg føler at eg keier folk i hel med det. Men.. meg om det.

Gratis bøker?
Det fine med å ha ei søster som jobbar på ein minigjenbruksstasjon, er at eg får ein telefon om det kjem inn fine bøker eg kanskje vil ha. Faktisk har eg òg funne ei bok som står på pensumlista mi i år. Då sparte eg dei pengane, og det er kjekt.

Vi tek ein gjennomgang: "Hva er sakprosa" - denne boka er pensum i emnet "Tekst og kommunikasjon", så det var greitt å finne ho gratis. Ser fin ut.



"Språk og argumentasjon" -ex.phil-bok. Eg skal ikkje ta ex.phil. i år, men det blir vel ei råd med det òg.



"Innføring i lingvistikk", frå 1996, men det går sikkert fint. Eg har valt emnet "Norrøn grammatikk og eldre språkhistorie", sidan det ikkje kravde forkunnskapar utover generell studiekompetanse. Læraren vil likevel ta utgangspunkt i at alle studentane kjenner til grunnleggjande språkvitskap (=lingvistikk). Eg er den einaste i studentflokken som kjem rett frå vidaregåande. Då er det kjekt med ei slik bok.




Ragnar Hovland - Sveve over vatna. Eg har jo framleis masse bøker eg skal lese før eg finn meg noko nytt, men denne trur eg at eg skal ta med ein gong. Ho ser så artig ut. ^^ Eg held for øvrig framleis på med Ulysses, av James Joyce. Den boka er eit fjell eg må klatre varsamt over. Serr.



Og så perla: Bokmålsordlista frå 1941, med ny rettskriving frå 1938 - altså samnorskreforma over alle samnorskreformene!

Ordlista er rotete og litt vanskeleg å forstå, men eg skal setje meg inn i ho. Ho inneheld klammeformer og ein masse, masse artige ord og former!


Her ser du eit døme på korleis ordlista ser ut. Ikkje alle hokjønnsord kan få hankjønnsbøying, t.d. "ei keive" (altså ei venstrehand), kan ikkje vere "en keive, keiven". Det er jo kjekt! Og sjekk klammeforma [kem] for "hvem"!

Eg er den einaste eg kjenner som ler og godtar meg når eg les ei slik bok. Eg sit slik: "oioioi, diftong der?! Wow, jøss, voffor ikke.. HAHAHA, var DET lov?!"

Og slik går no dagan....

Første dag på Blindern

Funkar ikkje å laste opp bilete til blogg.no akkurat no, så bileta kjem seinare.

Du les ikkje lenger bloggen til ein elev, no les du bloggen til ein student. Overgangen frå elev til student, er ganske enkel: Elev kjem frå "å heve" (élever), å heve (jamfør ord som elevator (heis) og elevation (stiging)), medan student kjem frå "streve etter". Då eg var elev, var poenget at nokon skulle heve kunnskapsnivået mitt. No som eg er student, skal eg sjølv stå for strevinga etter ny kunnskap.

Noko anna, kan jo vere skilnaden mellom "vidarekomen" og "vidarekomande", kor den vidarekomne er komen vidare og den vidarekomande er på veg. Ikkje at "vidarekomande" er noko ordentleg ord, det er ein vanleg skrivefeil av "vidarekomne".

Kva skil universitetet frå vidaregåande?
For det første, er det folk i alle aldrar der. På vidaregåande går ein i klasse med folk av same årskull, med nokre avvik, men på universitetet går du i lag med folk som kan vere 20 år eldre enn deg. Eg har ikkje fått tak i at nokon i faddergruppa mi er meir enn ti år eldre enn meg, men det er jo ein del, berre det.

Eg gjekk jo på ein skikkeleg eliteskule av ein vidaregåande, så eg er vand med folk som har planane klare for dei neste ti åra. Det var ein aldri så liten overgang til nordisk-studiet, men vi treng ikkje gå inn på det.

Frå vidaregåande er eg vand med at folk tek tusjen fatt og rettar skrivefeil på plakatar og liknande. På Blindern var det òg slik, men på eit langt høgare nivå. Der ein på vidaregåande rettar særskriving, stavefeil og liknande, rettar ein gal bruk av uttrykk og liknande på universitetet. Til dømes skilnaden mellom "med hensyn til" og "av hensyn til", som ikkje kan brukast om kvarandre.

Eg såg òg ein plakat kor setninga "Ikke ta med drikke ut" var blitt til "Don't bring your drink outside" på engelsk (for dei ikkje-norske studentane). Då hadde nokon retta "bring" til "take" og "drink" til "beverages". Flisespikking, men ingen dum retting.

Går du på UiO?
Ikkje stalk meg.

Lånekassa får du billeg av meg

Studiestart er like om hjørnet, og i det høvet har eg sjølvsagt søkt om studielån hos Lånekassa, som seg hør og bør for dei utan millioninntekt. Ein får då eit gjeldsbrev med riv-av-flik og ein konvolutt til å sende svaret i. Dei ser slik ut:


Nytt av året er den raude teksten oppe i hjørnet kor det tidlegare sto noko om at adressaten betaler. No ser det slik ut:


Ikkje nok med at dei skal låne meg pengar (noko av det blir omgjord til stipend om eg står på eksamen), dei krev at eg bruker pengar på eit frimerke først. Vei du kva eit frimerke kostar i dag, eller? 8 kroner og 50 øre!!

Eg er jo ikkje lagt av pengar heller.

Framtida snart
På bokmål kan det heite både fremtiden, framtiden, fremtida og framtida, men på nynorsk berre framtida. Det er ganske avslappande, eigentleg. Bokmålet sit ganske laust for tida, merker eg, men sidan eg skal studere nordisk, må eg jo skrive nokre oppgåver på bokmål, så eg held meg vel i "gamet", som det sikkert heiter på bokmål.

Om du forresten lura på korleis eg ser ut når eg stappar skumplast inn i putetrekk som passar på millimeteren, så ser det sånn ut:



Diffust biletet, eg veit. Det var ikkje eg som tok det. Dette gjorde eg seks gonger, og eg vart nesten sveitt. Nesten, altså.

Eg veit du lurar...

... på kvifor det er så stille. Det gjer eg òg, men det betrar seg nok. Vi tek eit innlegg inspirert av Jonathan Jæger, altså med nummerert innhald:

1. Eg har spela masse volleyball! Det er faktisk kjempegøy, og eg er ikkje så utruleg dårleg at det gjer noko.

2. Eg har verva meg som frivillig omsetjar for Google, så akkurat no sit eg og omset Google-tenestar til nynorsk. Då blir det litt meir nynorsk i verda, og det er jo flott! Eg håpar eg snart skal få omsetje Google Chrome, for eg saknar verkeleg ein nynorskversjon. Men snart kjem Google Video, Google MapMaker og fleire liknande ting på nynorsk.

3. Lillegul og Lilleljoseblå har teke ei pause i leitinga fordi det regnar. Dessutan har dei jo konkludert med at Lilleblå ikkje lenger er i elva, men i bygningane elva renn under. Så dei skal ut og leite der ein gong det er fint vêr, eller ein gong eg syr små regnjakker og støvler til dei (skjer ikkje, eg er då ikkje Inhae Lee, heller).

Om nokon vil bli med på Yoshi-barn-photoshoot på operataket ein dag no snart, så sei ifrå. Der er det så masse folk at eg får fullstendig panikk når eg tenkjer på å dra dit og ta bilete av Yoshi-barna heilt aleine, så om nokon vil bli med, så kan vi avtale noko.

4. Korleis veit du at sambuaren din har ein heterofil kompis på besøk? Jo, du går på do og set deg rett på det kalde porselenet. Heterofile gutar har visst ikkje berre fobi mot å bruke dobørste, dei greier ikkje setje ned dosetet etter seg heller. Isj.

5. Veit du kven som skal rydje huset i dag? Ikkje eg heller, men eg har ein mistanke....

Min mannlege frisør

I dag har eg klipt håret, men for første gong i livet har eg blitt klipt av ein mann. Attpåtil ein nordlending. Det var ei ny erfaring, kan ein seie. Og resultatet er at eg har fått den mest guteaktige sveisen eg har hatt på årevis.



No har eg berre blitt klipt av éin mannleg frisør, og mange kvinnelege, men det var noko litt røffare med han enn damene. Ikkje var han nokon stereotypisk, mannleg frisør med hofteknekk, femidott-sjargong og ein trang til å snike inn minst eit engelsk ord i kvar einaste leddsetning. Eg skal ikkje påstå at han var heterofil, men det kan godt vere.

Eg var ved fleire høve bombesikker på at han hadde klipt seg sjølv i fingeren, for kvar gong han, som frisører gjer med kort hår, trekte ein lokk opp mellom fingrane, klipte han den med raske, tunge rørsler. Ikkje sånn svak fisleklipping. Ja, ein kan seie han klipte som ein mann, om nokon av lesarane er tilhengjarar av slik kjønnsdiskriminerande sjargong. (Eg er då mann, men eg kan korkje sage som ein mann, rope som ein mann, slå som ein mann. Eg føler meg diskriminert.)

Ny bloggbunad
Eg har leika litt med designet på bloggen og prøvd å lage eit meir nettlesarvennleg design. Det førre designet så fint ut i Chrome og Firefox, men rart ut i andre nettlesarar, eller eldre versjonar av Chrome og Firefox. Det er jo ikkje så kjekt.  I det nye designet har eg òg prøvd å gå tilbake til meir blått enn grått. Men eg trur skal prøve grått igjen. Dette blei litt for barnleg.



Eg er kanskje naiv om eg ønskjer meg eit vaksent og modent design når eg skal ha teikningar av Nintendo-figurar i toppbiletet, men det får så vere. Eg trur eg skal prøve med litt grått. For å sjå.

Oppdaterte dulteting og mimring

Ok. No fann eg endå ei feilkjelde. Bileta var for store, og ImageShack.us gjev meg ikkje stor nok bandbreidd. Det gjorde at det anten ikkje gjekk eller gjekk ekstreeeemt sakte. No prøver eg igjen med komprimerte bilete lasta opp på blogg.no, og så får eg heller sende ein e-post til blogg.no og spørje om eg kan fjerne den forferdelege javascript-tingen dei har lagt oppå bileta som får dei til å poppe opp når ein blar over dei. Utruleg irriterande.

Her er oppdaterte tag-ar for Mario og Martotopia:
<img src="http://bloggfiler.no/kvitter.blogg.no/images/527292-8-1280140137507.jpg" width="205" name="dultmario"
onMouseOver="dultmario.src='http://bloggfiler.no/kvitter.blogg.no/images/527292-8-1280140216461.jpg';"
onMouseOut="dultmario.src='http://bloggfiler.no/kvitter.blogg.no/images/527292-8-1280140137507.jpg';"
onMouseDown="dultmario.src='http://bloggfiler.no/kvitter.blogg.no/images/527292-8-1280140225453.jpg';"
onMouseUp="dultmario.src='http://bloggfiler.no/kvitter.blogg.no/images/527292-8-1280140216461.jpg';">

<img src="http://bloggfiler.no/kvitter.blogg.no/images/527292-8-1280140886680.jpg" width="205" heigth="165" name="dultmarte"
onMouseOver="dultmarte.src='http://bloggfiler.no/kvitter.blogg.no/images/527292-8-1280140878774.jpg';"
onMouseOut="dultmarte.src='http://bloggfiler.no/kvitter.blogg.no/images/527292-8-1280140886680.jpg';"
onMouseDown="dultmarte.src='http://bloggfiler.no/kvitter.blogg.no/images/527292-8-1280140895956.jpg';"
onMouseUp="dultmarte.src='http://bloggfiler.no/kvitter.blogg.no/images/527292-8-1280140878774.jpg';">

Eg trur kanskje ei løysing kan vere å dele det opp i to tag-ar, men då må ein til med javascript og lange, vonde kodar... Blæææ...

Og så bilete frå den dagen det var så fint i Oslo. Varte ikkje så lenge...





Sommar, sol og skyfri himmel i Oslo?

Eg har visst ein date med Trygve Gulbranssen på takterrassen!
Mobb meg, Gard.

Gjenbruk og ombruk (+ dult Martotopia!)

I går hadde eg den første vikarvakta mi på ein minigjenbruksstasjon i Oslo sentrum. Eg har tidlegare vore på opplæring, men no var eg for første gong heilt aleine.

Eg bruker sjølvsagt jobben som eit høve til å studere folks natur, og det er jo så klart nokre grupper desse gjenbruksstasjonane trekk til seg. Dei som ikkje bryr seg om resirkulering, søppelsortering og som aldri kan tenkje seg å eige noko som ikkje er nytt, finn aldri vegen dit. Og det er jo flott.

På ein minigjenbruksstasjon kan ein sortere søpla si, og ein kan setje fine, fungerande ting til ombruk, slik at andre kan kome innom og ta med seg det dei måtte ønskje. Heilt gratis, så klart. Det seier seg sjølv at det kjem ein del spesielle menneske til desse stasjonane, men eg vil dele brukargruppa inn i tre. Vanlege folk, alternative folk og spesielle folk.

Denne boka fann eg der i går. Las ho ferdig i natt.

Dei vanlege folka er heilt vanlege og kjem stort sett for å resirkulere og kjeldesortere. Dei alternative folka leitar etter vintage-skattar i ombrukshylla og tenkjer at ei øydelagd jakke kan bli ei fin pute. Dei spesielle folka har sjeldan med seg søppel og ser gjennom absolutt alt i heile stasjonen, sjølv der dei ikkje får lov. Det nyttar ikkje å seie at dei ikkje får lov, for då seier dei "ånei, ok, da så" og held fram. Eg har ikkje lov til å bruke makt på dei, men eg står og passar på så dei ikkje skadar seg.

Elles er det artig å sjå korleis småbarnsfedrane som kjem innom er glade i å knuse ting. "Glas? Det skal oppi der", seier eg. "Ah, ok", seier dei og så går dei og pælmar det nedi. Alt som kan knusast, skal knusast når dei kastar det frå seg.

Denne boka blei lånt ut på St. Louis County Library i 2007.
Seinare levert på ein gjenbruksstajson i Oslo. Jaja...

Så det, så.

Eg håpar eg skal vere vikar litt oftare i tida som kjem. Det er ganske gøy og ein treff mykje folk. For meg som har hatt ein del problem med folk før, så er dette berre kjempefint. Og alle som kjem er jo hyggelege, stort sett.

Dette er den oppdaterte versjonen, med langt mindre bilete. Grunnen til at det gjekk så seint med dei førre, var at eg hadde lagra bileta i feil format, slik at dei blei enormt store.. o.O No har eg komprimert dei litt.
<div style="text-align:center"><h3>Dult <a href="http://martotopia.blogg.no" target="_blank">Martotopia!</a></h3>
</div>
<img src="http://bloggfiler.no/kvitter.blogg.no/images/527292-8-1280140886680.jpg" width="205" heigth="165" name="dultmarte"
onMouseOver="dultmarte.src='http://bloggfiler.no/kvitter.blogg.no/images/527292-8-1280140878774.jpg';"
onMouseOut="dultmarte.src='http://bloggfiler.no/kvitter.blogg.no/images/527292-8-1280140886680.jpg';"
onMouseDown="dultmarte.src='http://bloggfiler.no/kvitter.blogg.no/images/527292-8-1280140895956.jpg';"
onMouseUp="dultmarte.src='http://bloggfiler.no/kvitter.blogg.no/images/527292-8-1280140878774.jpg';">

Ho skal vere synleg i venstreblokka her no.

Sånt no' ha'kke vi i by'n!

Langt utpå landet
Reisa besto av mange timar tog, buss og bil, og eg enda opp i ein kystkommune i Nord-Trøndelag med det ein fint kan kalle "spreidd busetjing". Eg har blant anna vore på ein gard som er kjend for å ikkje ha mobildekning. Ein måtte ikkje særskilt langt for å finne signal, men det er jo likevel litt artig.

Der var det mykje rart eg ser så altfor sjeldan når eg bur i Oslo! For det første var det jo ordentleg natur utan hus og asfalt, og om natta vart det heilt, heilt stille slik at det faktisk gjekk an å sove utan at noko konstant dura eller summa. Og så var det lufta. Det merka eg eigentleg ikkje før eg gjekk av toget i Oslo, men eg trur verkeleg kroppen min har sett pris på ei helg med frisk luft. At det lukta litt fjøs nokre stader, gjorde jo ingenting.

Skal du ta toget? Ta togbussen...
Eg er jo vand med å ta flytoget om eg skal fly frå Oslo (dvs. dei tre gongene eg har gjort det), men om ein skulle ta toget frå der eg var i helga, måtte ein først ta togbussen.


Togbussen var køyrt av selskapet alle heile tida kalla "TrønderBilan". Eg blei sjølvsagt skuffa då eg fann ut at det het "TrønderBilene". Blæ. Men utover det, var det langt meir nynorsk i Nord-Trøndelag enn i Oslo. På gravlunden eg var innom, fann eg fleire slektningar med nynorske minnesetningar. Den finaste var:

Du lever og andar i minnet og synet, for sterkare enn døden som slår ned lik lynet, er kjærleikens usynlege band.

Og her frå gravstøtta til oldefar min (trur eg det var, eg fekk visst ikkje med namnet):


Fjell
Vi har ikkje så mange fjell i Oslo. Og dei dalane vi har, er fulle av bustadblokkar.





Eg trur kanskje ein kan sjå litt rein luft på desse bileta. Flott, kva?

Bøkene
Eg las to bøker på veg opp og to bøker på veg ned, så eg har jo fått ein god start på leseprosjektet. Så no er eg ferdig med A, D, E og F.

Så kjem spørsmålet om kor mykje eg skal skrive om kvar bok. Det har vore både godt og dårleg i dei bøkene eg har lese til no, men eg kjem ikkje til å skrive fulle bokmeldingar om alle. Eg veit ikkje ein gong om eg skal lage eit eige innlegg til kvar bok, men heller ha ei oppsamling når eg har lese tre-fire.

Straks tilbake!

Skreiv eg at eg skulle vekk ei stund?

Om ikkje, så gjer eg det no.


Er utan tilgang på nett frå no og til tysdag. De får kose dykk utan Kvitter nokre dagar. Det trur eg skal gå bra, for det går nok bra for meg.

Her er forresten lista over innkomne boktips så langt (tilgje meg om eg ikkje har fått med alle). Du kan jo sjå om det er noko du tykkjer manglar:

Asher, Jay - 13 reasons why
Bjerke, André - De dødes tjern
Brantenberg, Gerd - Egalias døtre
Christie, Agatha - noko om Poirot
Coelo, Paulo - kva som helst
Dickens, Charles - 
E
F
Gulbranssen, Trygve - den berømte trilogien hans
Grisham, John - A time to kill og The Innocent Man
Greene, John - Looking for Alaska
Hamsun, Knut - Sult
Haddon, Mark - The curious Incident of the Dog in the Night Time
I
J
King, Stephen - Hearts in Atlantis og Needful things
Larsson, Stieg - The Girl With the Dragon Tatoo
Lewycka, Marina - En kort historie om traktoren i Ukraina
Lindquist, John Ajvide - Handeling the undead
Mankell, Henning - Ett skritt etter
Masters, Brian - Killing for company
Nygaardshaug, Gert - Mengele Zoo (el. oppfølgjar), 
O
P
Q
R
Shriver, Lionel - We need to talk about Kevin
Stroud, Jonathan - The Amulet of Samarkand
Teige, Trude - Noen vet
U
V
Walker, Alice - The color purple
X
Y
Zusak, Markus - The bookthief (Særs takksam for tips på Z!)
Æ
Ø
Å

Får eg ikkje tips på alle bokstavane, er det ikkje verre enn at eg finn noko som ser interessant ut i hylla på biblioteket.

Skal freiste å lese ferdig A-D fram til tysdag!

Ha ei fin helg!

Eg greidde det!

6 på alle eksamenane!
I dag fekk eg svar på klaga mi, og eg fekk medhald! Det betyr at eg fekk 6 på skriftleg eksamen i politikk og menneskerettar, og med det 6 i alle eksamenane mine i år! Skriftleg nynorsk, rettslære 2 og politikk, og munnleg S2-matte. Dette må eg feire (når eg kjem heim frå Trøndelag).

Hyggeleg svar frå Fylkesmannen i Rogaland
Eg fekk eit fint ark kor det står "resultat av klagebehandling", med namn på skule og fag og slikt, og til slutt ei fråsegn frå klagenemnda:


"Kandidaten viser stor faglig innsikt. Morsomt å lese besvarelsen! Skriver veldig godt. Karakteren 5 er urimelig og vil bli hevet til 6! Gratulerer! God sommer!"

Ansvarleg klageinstans var Fylkesmannen i Rogaland. Så ein ekstra takk til Rogaland fylke for god tru på nynorskelevar frå Oslo. (Eg smiskar litt med siddisane som les bloggen. Siddisår er søte.)

Bokskred inn i heimen
I dag var eg på biblioteket og lånte dei første bøkene til A-Å-opplegget. Eg har no lånt frå A til E, og tre av bøkene var etter tips frå dykk lesarar. Dei fem første bøkene er på til saman 1309 sider. Sidan eg les kring 50 sider i timen, vil det ta litt over 26 timar. Kvar bok får sitt eige innlegg etter at eg har lese dei.

Ei av bøkene er på nynorsk, ei på riksmål, ei på bokmål og to på bokmål omsetne frå engelsk. Her er det variasjon i språk, kjønn, tid og sjanger. Skal bli så artig, så!

Har du tips til andre bøker eg kan lese i sommar? Eg skal lese ei bok av ein forfattar med etternamn på A, ei bok av ein forfattar med etternamn på B osv.. Så langt har eg fått inn 13 tips som dekkjer ti bokstavar, så eg treng litt fleire. Kvitre om boktips i kvitrefeltet under!

Sei hei til pressefotograf-Vegard


Heilt rett, eg har faktisk vore på Ringen kino og sett Uruguay - Ghana i 3D, som pressefotograf. Det er ikkje så rart som det høyrest ut, altså. Eg tok faktisk bilete som kanskje skal brukast av eit norsk teknologiblad, og eg skal stå som fotograf. Litt stilig.

Og så eit ikkje-gjenkjenneleg bilete av meg i mørkret med store 3D-brillar på meg.

Og så korleis det var
Fotball er neppe den sporten som er best eigna til 3D. Dei store oversynsbileta vart diffuse, men når dei filma langsmed bakken, vart biletet verkeleg djupare og det vart litt meir spennande å sjå på. Men det var likevel ein fotballkamp med eitt mål i timen, så det er grenser for kor spennande det kan bli. Sjølv i 3D.

Og takk og pris hadde eg eit par øyreproppar frå ei bandøving i lomma, elles hadde vuvuzelastøyen teke livet av meg. Det var heldigvis ikkje lov til å ta med vuvuzelaar inn i salen...


Og no er det vel natta. Er det helg no? Kva dag er det? Eg har gått heilt ut av teljinga...

Fotballkamp i 3D?

I kveld skal eg sjå

fotball3D
Biletet er lånt frå Oslokino.no.

Fotball-VM i 3D! Greitt-greitt, eg er ingen fotballentusiast, men kjærasten min er teknologijournalist, så i dag får eg vere med på fotball-VM i 3D. Det er altså Sony, eller noko slikt, som har invitert pressefolk (og følgje, verkar det som) på visning. Kven er eg til å takke nei..


Eg får kvitre litt om korleis det var! Eg greier ikkje sjå for meg nytteverdien av å sjå fotballkampar i 3D, men det kan jo fort hende eg tek feil.

Du får ha ein god fredagskveld.

Frekke folk med loff (inntrykk frå Paris)

No er eg endeleg attende frå Paris! Det har vore ein fantastisk korpstur, men eg har ikkje eit udelt positivt inntrykk av Paris og parisarane. Her kjem nokre av inntrykka kort oppsummert, så kjem det lengre utgreiingar med bilete og det heile seinare.

Berre bli vand med å sjå alpelue og loff. Parisarar er akkurat som på bileta. Kvinnene har kort hår, same nase og rare klede.

Sjølv om dei fleste franskmenn heilt sikkert kan snakke engelsk, er det ikkje sjølvsagt at ein snakkar engelsk med turistar. Det verkar som om franskmenn blir fornærma om turistane ikkje forstår fransk, og dei nektar å snakke engelsk. Dei snakkar heller fransk litt sakte og gestikulerer overdrive.



Spør du etter namnet på plassar eller metrostasjonar, bør du be om å få det skriftleg. Halvparten av bokstavane er jo stumme! Metrostasjonen "Chatelet Les-Halles" les dei "zjatlé lesaj".



Noko av det einaste eg har med meg heim frå Paris, er to posar Dinosaurus-kjeks. Nom.

"Inga garantisak"

Då har eg vore innom Eplehuset med Mac-en, testa batteriet, sendt e-postar, diskutert og kome fram til at:

Batteriet mitt er lada opp og ned så mange gonger (eg har brukt Mac-en flittig, høhø) at kapasiteten er kjempelåg. Difor kan ikkje Mac-en min greie å lese batteristatusen riktig, og trur at batteriet har meir straum enn det eigentleg har, slik at maskina ikkje går i dvale når batteriet nærmar seg null.

Det er det einaste ein kna konkludere med utan å sende Mac-en inn til sjekk, men det har eg ikkje pengar til. Så eg skal freiste å få lånt meg eit ordentleg batteri for å sjekke om Mac-en funkar med eit velfungerande batteri. Om han ikkje gjer det, kan eg gå tilbake til Eplehuset og få han reparert, for då er det noko gale med han. Om ikkje, så må eg vel berre ha det så godt.

Heldigvis har Yoshi lova å alltid vere venen min likevel.


No skal eg vere husmor, så skal eg bake, og så skal eg freiste å gjere noko med designet, no som eg endeleg kan setje meg ned og pusle litt utan å få dårleg samvit.

Herregud, eg er ferdig med vidaregåande skule. Det er kjempemerkeleg!

Sinna @ Eplehuset &#63743;

Frustrert!
Her er saka: For inntil nokre veker sidan kunne eg bruke MaBook-en min utan straumtilkopling i kring ein og ein halv time, før han døydde. Då maskina var ny, var batteritida over 3 timar, men kapasiteten har (som forventa) gått sakte nedover.

Men plutseleg ein dag, nektar maskina å halde på i meir enn 5 minutt før ho skrur seg av. Merk at maskina skrur seg av og ikkje går i dvale, slik ho skal gjere når batteriet er kritisk lågt. Likevel står det oppe til høgre at batteriet skal leve i minst 1 og ein halv time til, og batteriindikatoren på sida av maskina fortel meg at batteriet er nesten fullada.

Hmmm... Eg ser eigentleg ingen grunn til å tru at det er batteriet det er noko gale med, men at det er noko inni maskina (t.d. ein kabel) som gjer at maskina skrur seg av når ho går på batteri.

Eplehuset sin "service"
I dag har eg vore på Eplehuset, og eg hadde tatt ein fullstendig sikkerheitskopi av heile maskina i den tru at dei skulle seie "ja, det er noko gale med maskina di, vi tek ho og fiksar ho, så får du ho att om ei vekes tid" eller liknande. Men neidå. Fyren i kassa plugga i straum og ein minnepinne med programvare på, køyrde nokre testar og fann til slutt ut at sidan eg hadde lada batteriet opp over 350 gonger, gjekk det ikkje på nokon garanti.

Kva faen?

Hadde eg lada batteriet opp under 250 gonger, hadde det vore ein garantisak, men han påsto altså at eg sjølv har "brukt opp" batteriet i Mac-en. Det påstår eg er bullshit.

Eg konfronterte han med at det måtte då vere forventa at batteriet hadde brukbar kapasitet i over to år, og dessutan påsto både Mac-en sjølv og batteriindikatoren på sida av maskina at batteriet hadde meir enn god nok kapasitet. Dessutan har dette problemet oppstått plutseleg, og ikkje gradvis. Batterikapasitet går gradvis nedover, ikkje frå normal til ubrukeleg over natta!

Han svarte at sidan eg hadde lada batteriet opp så mange gonger, kunne han ikkje gjere noko med det.

Eg hadde ikkje meir tid, men eg skal ikkje gje meg. Eg har ikkje gjort anna enn å bruke maskina heilt normalt i 16 månader. Om batteriet då er daudt, er det noko gale med batteriet, som skal ha ei normal levetid på mellom to og tre år (jamfør vedtak i Forbrukertvistutvalget). Om det er ein produksjonsfeil i maskina som har gjort seg gjeldande først etter 16 månader, skal Eplehuset anten fikse maskina, gje meg ei ny eller gje meg pengane tilbake.

Vegard er sinna og har nettopp skrive ein lang og sinna e-post til Eplehuset og forklart problemet og kvifor eg ikkje trur det er noko gale med batteriet. Så får vi sjå kva dei gjer, dei plar vere utruleg raske med å svare.

Det er deira påstand at batteriet er daudt. Eg har ingen føresetnader for å tru noko anna enn det MacBook-en min sjølv fortel meg, så om dei i så fall må teste batteriet for å finne ut om det er flatt, skal det ikkje koste meg ei krone, sidan det er dei som påstår det. Eg påstår det er noko gale inni maskina, dei påstår det er noko gale med batteriet.

Sinnaaaaa...

Og stressa. I dag har eg vore over alt og leita etter kvitteringa for Mac-en. Eg fann ho til slutt, men trur du eg fekk bruk for ho? Neeeh... 

Og slik gjekk munnleg eksamen...



Eg held oppe seks fingrar, om du lurde.

Eg er så utruleg letta akkurat no! I natt fekk eg ikkje sove før klokka to, fordi eg låg og såg derivasjonsreglar passere framfor auga mine. Men eg stod til seksar! Sensor stilte ei rekkje ubehagelege spørsmål, men heldigvis berre om ting eg hadde pugga godt, så eg greidde å svare på alt. Seksar på matteeksamen var meir enn eg torde å håpe på!

Dette betyr jo at eg no er ferdig med vidaregåande skule. Stresset som har vore dei siste fire dagane er over, og eg skal berre plukke opp vitnemålet mitt på torsdag, så er eg heilt ferdig.

Eg har forsømt dykk, lesarane, dei siste dagane, og det har kome ein del kommentarar eg ikkje har fått svara på. Men.. Om det er noko kjempeviktig de berre MÅ ha svar på, så kan de spørje no, så skal eg svare.


Til slutt eit bilete av ein fin lapp eg såg på ei stolpe:

Livet lever, ja. Du verda.

Mac-lause Vegard?
Eg har eit problem med batteriet på Mac-en min og har kontakta Eplehuset. Dei ba meg kome innom med Mac-en, så dei fekk sjå på han. Eg må vel først rote fram kvitteringa.. Men det kan altså hende at eg eg må vere vekke frå Mac-en min ei lita stund. Det kan jo høve godt, sidan eg er på korpstur heile neste veke.

Men det får de sikkert høyre meir om. No skal eg rydje huset.

Og forresten: Ein kan skrive "ferje" på bokmål, i staden for "ferge". Det er sjølvsagt lagt til i Kvitters bokmålsordliste.

Eg har eit talent!

Men først av alt..
I høve ein avslutningslunsj for tredjeklassingane på skulen, kor alle klassene skulle bidra med noko underhaldning, har eg i dag hatt på meg kvit skjorte og slips. Det er ikkje heilt uvanleg at eg går i slips, men aldri med kvit skjorte. Då vert det med ein gong så utruleg formelt. Men det er jo litt gøy òg.



Star Trek-talent
De har alle sett Star Trek? Om ikkje (nokre av dei rare fjortissiddisane som les bloggen seier dei ikkje har det), kan de kaste eit blikk på denne Star Trek-helsinga:


Og kva er så talentet mitt? Vel.. Eg seier berre: Star Trek go home!

Ei nesten rettvinkla helsing!

I morgon kjem torsdag, det er tid for munnleg eksamen. Eg er så "heldig" at eg får trekket i morgon og så "48 timar" å førebu meg, fram til måndag. Laurdag og sundag er jo ikkje rekna med i desse førtiåtte timane, så eg får i røynda 96 timar. Hadde eg fått velje sjølv, hadde eg vald å få trekket på tysdag og kome opp på torsdag, men det var jo ikkje eg som valde.

Førre fredag mangla det fredagskos-innlegg. Det er ikkje så lett å lage ei slik fast greie, altså! Det må de ikkje tru. Men eg prøver. Eg har kjempelyst til å erstatte greia med "fredagskoseri". Eit ordspel på kåseri som tyder kose-ri, altså ei lita stund eller plutseleg anfall (ri) med kos. Men det vil jo vere eit slags kåseri. Jaja. Eg får prøve meg fram.

Stressa, trompet, Murakami

Stresshelg
Eg er stressa i hel. Argh. Laurdag var det tidleg opp, inn i uniform og ut og spele trompet i varmen. Etterpå var eg i Frognerparken og rydda etter ein miljøfestival. Ein skulle jo ikkje tru ein trong søppelrydding etter ein miljøfestival, men jodå. Det trong ein. Kjipt.

Eg fekk ei fin t-skjorte, men måtte dra litt tidleg for å ta vare på ein som er sjuk (men frisk no, heldigvis).

Sundag var det korpsstevne på Abildsø. Det var artig, og programmet var ein time forseinka frå start. Hurra! Heldigvis var det fint vêr, så sjølv om det vart mykje venting, overlevde eg. Og vi fekk heldigvis gå utan uniformsjakker.

Flott vêr på austkanten på sundag!


Eg går sjeldan i posete bukser. Korpshøve er un

Meir Murakami
Eg har no lese ut heile Sauejakten og byrja like gjerne på Kafka på stranden med ein gong. Det høver godt, for eg er ganske sliten no om dagen. Eg treng ei roleg veke no, særskilt med tanke på munnleg eksamen på måndag. Også skal eg og den andre halvparten av elektronikaduoen eg er med i, spele på ein liten rockefestival laurdag kveld. Vi er kalla inn med ei vekes varsel, så eg sit og lagar Nintendo-rave-musikk for harde livet.

Ikkje alle liker Yoshi-barn som ligg og sleng
Det fekk eg erfare i går.


Stakkar, søte små.. Eg forstår det ikkje. Ein draumeheim må då vere full av Yoshi-kosedyr som ligg her og der? :S Hadde ikkje du elska å bu med masse Yoshi-barn?

Rolege dagar, Murakami-helg

På fredag (i går) hadde eg skriftleg eksamen i rettslære 2. Vi fekk fire, store "case"-oppgåver å løyse, og det gjekk kjempebra. Eg skreiv masse, drøfta godt og konkluderte eintydig. Så det skal nok gå riktig bra. Sjølvsagt kan eg få ein idiotsensor som gjev eksamenen ein dårleg karakter, men eg er nøgd.

I går vart eg med ein tur til Vestby for å sjå det nye "Norwegian Outlet". Tur retur kostar nesten 200 kr, og er på ingen måte verd det. Det er utruleg lite spennande, både på Outlet One og Norwegian Outlet. Outlet One ligg like i nærleiken og er ein annan slik "outlet"-greie. Dei sel merkeklede billeg, men det er ikkje så billeg som dei skal ha det til, og dei har stort sett berre kjempestore klede. Jaja.

Nokre bilete frå verdsmetropolen Vestby:







Vel framme ved Norwegian Outlet, som hadde ein svær, svart dott som logo, fann vi lite av interesse. Artig nok har dei ein bokbutikk som heiter Read, kor eg vart møtt av ein vegg med billege Murakami-bøker. Eg kjøpte Norwegian Wood. ^^



Andre fine ting, var desse lilla skoa frå Moods of Norway. Tydelegvis kvinnemodell, og var ikkje å finne i 42, berre opp til 41. Godt for økonomien min, elles hadde eg kanskje kjøpt dei. Sjekk den folkedraktsinspirerte tuppen.


Kanskje ikkje heilt min stil, men dei var fine i seg sjølv, tykkjer eg. Lilla er flott. Eg må kjøpe meg lilla Converse-sko når eg får att på skatten.

Luftballongar over Oslo
Då vi kom heim att til Oslo vart kjærasten endå sjukare enn han hadde vore tidlegare. Dusten drog til Vestby i kortbukse, sjølv om han hadde feber. Jaja. Eg har vore husmor med "sjukt barn" i ei veke allereie, og no vert det visst nokre dagar til. Det er greitt, eigentleg.

Men jo, då vi kom heim, såg eg luftballongar. Eg tok eit bilete og redigerte livet av det, men det vart jo litt artig.


Og originalen:



Eg har lese langt i Sauejakten no, og sjølv om boka kan verke merkeleg og klisjéfylt, så er det jo ein original! Handlinga er lagt til 1978, og ja - dei jaktar på ein sau. Historia er utruleg artig, eg elskar boka og vil at ho skal vare og vare og vare.

Men no skal eg til Frognerparken og rydde søppel etter miljøvennlege barn. Seinare fristar takterrassen...

Murakami, forseintkoming, iFrustrasjon

Meir Murakami på meg
Eg har lånt fleire Murakami-bøker i dag, eg. Eg må ha meir, dette er verkeleg bra.
Tradisjonen tru poserer eg med bøker framfor andletet.

Eg gjekk ned på skulebiblioteket nokre minutt før vi skulle ha norsk (eg var usikker på om vi skulle ha norsk, sidan så å seie heile klassa hadde eksamen i eit eller anna fag i dag), og tenkte eg berre skulle plukke med meg bøkene, levere lånekort og gå opp att.  Men nei, eg vart som vanleg ståande i ti minutt og prata med bibliotekaren.

Då eg gjekk opp til timen, og fann dei fire medelevane og læraren i full gang med å snakke om noko ikkje-fagleg, forklara eg kjapt korfor eg kom for seint. Og det gjekk heilt greitt. Så i dag slapp eg unna ei anmerkning for forseintkoming fordi eg hadde prata litteratur med bibliotekaren. Jej, eg eig.

iFrustrasjon
MacBook-en min skrur seg av nokre gonger når eg tek ut straumforsyninga. Den kan stå i t.d. ein halvtime eller berre eit kvarter, og så skrur den seg av. Eg googla det og fann ut at "randomly shutting down" er eit ikkje uvanleg problem på MacBook-ar som er frå den tida eg kjøpte min.

Eg finn inga løysing, og Apple påstår maskina mi ikkje treng oppdateringar. Så eg fann ut av et det sjølv. I Systemprofil ser eg at maskina skrur av harddiskane når det er om lag 180 minutt batterilevetid igjen. Ei latterleg innstilling!! Men kvar i alle dagar går eg for å endre dette?! >:O

Eg finn ikkje ut av det.

Og no skal eg spele trompet. Adjø.

Kor mange Vegard-ar får du i ein heis?

Ein heis for gjennomsnittsmennesket
Heisen i blokka kan ta 630 kg. Eller åtte personar. Det er vel fleire grunnar til at ein ikkje skal vere fleire enn åtte, sjølv om ein veg lite. Men for gøy, tek vi ei lita utfordring!

Om 630 kg er maksimalvekta for åtte personar, vil kvar av dei kunne vege opptil 78,75 kg. Om eg skal klone meg sjølv og presse så mange klonar som mogleg inn i heisen: Kor mange får eg plass til?

Eg er for øvrig djupt såra og vonbroten etter at Didrik Solli-Tangen leverte den så langt verste versonen av My Heart Is Yours i går. Den spontane tanken var "herregud, ingen i Europa kjøper dette! No kjem vi sist igjen...", og det var ikkje langt unna!

Mjeeenmjeeen. No er eg snart ferdig med dei skriftlege eksamenane. Åh, det skal bli godt.

Kvefsebol, kjønnsnøytralitet, 41

Tradisjonen tru
I stova heime har ein veps byrja på eit vepsebol under gardinbrettet. Det er ikkje første gong det skjer, så no er det vel tradisjon. Systera mi har kverka vepsen, men vi trur det var like greitt. Utan å vere biologar, tenkte vi at sidan det berre er éin veps der, er det sikkert ein ungkarsbustad, og så vil vepsen ta med seg hovepser heim for å stifte familie. Vepsefamilie vil vi jo ikkje ha, men vepsebol er fint.

Bilete:

Bolet er kring 3 cm i diameter.

Kjønnsnøytrale skilt
Det står ikkje lenger "vegarbeid", men "veiarbeid" på dei fleste vegarbeidsskilt i Oslo, men til gjengjeld har skilta vorte kjønnsnøytrale med fine strekmenneske! Og sjølv om vegarbeidaryrkjet framleis er noko mannsdominert, har eg sett minst éin kvinneleg vegarbeidar i Oslo. Ho arbeidde på ein plass oppe ved Hammersborg. Dams plass? Nei, hugsar ikkje kva plassen heitte.

Det hender eg går over Vår Frelsers Gravlund, og det var ein heit dag, og eg såg vegarbeidarar i bar overkropp. Men den eine hadde framleis skjorte på, så eg tok ein nærmare kikk, og det viste seg at det var ei dame.



41
I dag panta eg flasker, og det viste seg å vere ei grei erfaring. Etter at eg såg filmen Haikerens guide til galaksen, har eg vore plaga av å sjå talet 42 over alt. Det er vel neppe meir vanleg enn noko anna tal i livet mitt, men om ein først er merksam på det, ser ein det over alt.

Då talet på flasker og boksar i posen gjekk ned, nærma pantesummen seg 42, men stansa heldigvis på 41, så eg kunne puste letta ut. 


Designendringar?
Eg kladda til nytt design på bloggen. Eg vil ha sånne ting ut på sida, om de skjøner. Det kan bli litt vanskeleg å få til, og kva i alle dagar skal det vere? Den første ideen min var PacMan-ting, berre for å halde på linja med retrospeltema, slik eg har Tetris no.

Kva trur du? Det kan fort bli glorete..


No skal eg ut i verda. Hej då.

Hipstarsveis, "nasjonalt skurkemål", ESC

Orda førebu, aksel, somme, spell og nokre til er lagt til i bokmålsordlista mi!

Innleggstittelen er eit forsøk på å etterlikne overskriftene i Murakami-bøker, om du lurte.

Den revolusjonerande klippen
Eg har ikkje klipt håret sidan... vinterferien? Det er kjempelenge sidan, i alle høve, og sveisen var (som eg har vist dykk nokre gonger) eit kråkereir. Diverre har stussing av skallepelsen kome langt nede på lista over dei økonomiske prioriteringane mine, men i dag var tida endeleg inne for å gjere noko med udyret.

Eg får snart att på skatten, og ikkje mindre enn 7500 kr, men tok meg ikkje råd til noko superfancy. Det fekk halde med ein økologisk frisørsalong på Bislett (den einaste i Oslo?), som ikkje ligg så langt unna. Der er det så utruleg koseleg, og så får eg ikkje utslett av hårprodukta der!


Dette var så mykje eg greidde å vise av sveisen utan å vere for lite anonym. Det ser ut som det er litt kortare på sidene enn det eigentleg er. Eg er ikkje så trendy. Men litt hipstar, så klart. (Hipstar = nynorskhipster)

Nasjonalt skurkemål
Eg snakkar Oslo-aust-dialekt, og eg tykkjer sjølvsagt at dialekta mi er vakker. På austkanten i Oslo kan ein finne mange fine dialektar som liknar særs lite på bokmål (som mange feilaktig trur at vi snakkar her i Oslo)! Det kjipe er at austkantdialekta er etablert som nasjonalt skurkemål. Der dei fleste heltar i bøker og teikneseriar snakkar reint, nokså konservativt bokmål, snakkar mange skurkar austkantdialekt, i form av radikalt bokmål.

I boka eg les no, Hardkokt eventyrland og verdens ende av Haruki Murakami, har det nettopp kome inn to skurkar. I motsetning til hovudpersonen, som seier "jeg tror jeg vet hvordan det skjedde", seier skurkane "jeg trur jeg veit åssen det skjedde". Når hovudpersonen spør korfor dei har smadra "døren" hans, svarar dei at det ikkje er så farleg med "døra".

Kari og Kjell Risvik har omsett boka. Dei er kjende for å vere gode omsetjarar og burde halde seg for gode til slik mobbing av Oslo-aust-dialekta! Eg ser dei set namnet til Kari først for å vere litt "politisk korrekte", så då treng dei ikkje nedverdige seg til å mobbe austkantdialekta.

Er det nokon god grunn til å tru at kriminelle snakkar breiare enn vanlege folk? Så klart er det ikkje det! Korleis ein snakkar har ikkje å gjere med kriminalitet, det handlar om kvar ein er frå og kva identitet ein har. Eg godtek ikkje denne stigmatiseringa av Oslo-aust-dialekta. Serr.

ESC
Men eg skal ikkje bli ei sur fitte, som det så fint heiter her i Oslo! Smil og ver glad og gled deg til finalen i ESC i morgon! Audun ville at eg skulle kvitre om ESC, men det har eg jo gjort masse av i det siste.

Om nokon lurer på om eg har ein favoritt i morgon, så er svaret ja. Eg håpar denne islandske dama vinn:


Frp-eksamen og nystek vafler

Eksamen i politikk og menneskerettar
Førebuingsdelen av "du skal førebu deg på å skrive ein fagartikkel om Framstegspartiets rolle i norsk politikk", og i dag fekk vi oppgåva, som var å skrive ein artikkel om tre punkt som hadde med Frp å gjere. Det gjekk strålande! Eg vart kjempeletta då vi fekk førebuingsdelen i går, eg hadde jo frykta vi fekk noko i retning "gjer greie for valordningane i Storbritannia, USA og Frankrike og drøft fordelar og ulemper med dei" eller noko slikt. Men nei, vi fekk Frp! Herleg. ^^

Ikkje fordi eg røyster på Frp sjølv eller tykkjer noko om dei som parti, men Frp er jo like mykje eit fenomen som eit parti, og det har eg sjølvsagt lese masse om! Eg reknar med at ein del av mine medeksaminandar har hatt problem med å skrive sakleg om Frp, men det trur eg at eg greidde.

Utan at eg vil lage nokon politisk debatt, så kan eg vel seie at eg håpar Frp aldri kjem til regjeringsmakta i Noreg, og at Høgre i god tid innan neste stortingsval får att rolla som viktigaste opposisjonsparti. Men eg kjem neppe til å røyste på Høgre.

VarmePølser og Nystek Vafler
Utan tvil dagens orddelingsperle. Skiltet står utafor ein liten kiosk i Kongens gate i Oslo og har same skrivefeil på båe sider. Ein liknande plakat heng i vindauget, og der har dei greidd å skrive det riktig, så den gadd eg ikkje fotografere. ^^



På denne sida står det jo faktisk "VarmePølse". Haha.

Herrrrleg. Legg spesielt merke til at skiltet er på bokmål. Tsk-tsk.

Revolusjonerande nytt!
Eg skal til frisøren i morgon. Tjoho. Og hej - nokon som vil invitere meg på ESC-finalefest? Hah.

Eg vil forresten vinne den nye Nokia-telefonen, så eg legg inn denne videoen nedst i innlegget så eg er med i konkurransen. Eg treng heldigvis ikkje skrive noko tull for å vere med, berre ha med videoen. At videoen er for brei for å vere med i innlegget, får vere Blogg.no sin eigen feil.

Romania: Douze points!

Sliten Vegard
Eg har pussa, vaska og måla hus i to dagar no, så det har ikkje vorte tida til kvitter. Men det har vore nokre fantastisk fine dagar, så om de har sete inne og leita etter kvitter, så burde de skamme dykk og kome dykk ut! Litt sol på kroppen. Eg køyrer for øvrig bleik og blid i år som i fjor. Er ein ein liten pingle, så er ein ein liten pingle.

Knallblå himmel på fredag!

Sigøynarane syng
Eg var nett ute og spela volleyball (eg fattar ikkje korleis eg mobiliserte energi til det i kveld), og på grillplassen like ved, stod det ein flokk med sigøynarar og grilla. Ho eine song og song, gjekk att og fram til forskjellige ting, og dei andre lo. Vi forstod jo ganske lite, men songen byrja med eit ord som likna på "mamo", og det kan jo fort vere "mamma".

Men ho gjekk til ein grill og song, og dei andre lo. Så gjekk ho til ein benk, tok på den og song. Dei andre lo. Ho gjekk til eit tre, strauk opp og ned på det medan ho song, og dei andre lo. Så gjekk ho til ein elgstatue og strauk den på rumpa medan ho song, og dei andre lo og lo og lo.

Romania: Douze points!

Interessant sykkelparkering


Det kan sjå ut som om nokon har parkert sykkelen på innsida, og så har nokon lempa han over gjerde. I alle høve eit artig syn!

Kva er salix?

Eg sjekka pollenvarselet (eg er ikkje allergisk sjølv, men greit å vite kva tid alle venene mine er høge på nesespray. Men kva i alle dagar er "salix"? Eg måtte google det, og det var jo - som eg hadde gjetta på - ein type tre.

Kan du gjette kva type tre? Det er altså ikkje or, hassel eller bjørk.

Bok? Bok.
Eg les Hardkokt eventyrland og verdens ende av Haruki Murakami, og det er førebels den nest sjukaste boka eg har lese i heile mitt liv. På toppen av den lista tronar Tigerpuddelen Tilla Tidtrøyte og hennes bestialske bibeltolkninger av Gudmund Vindland, som må vere skriven i særskilt ruspåverka tilstand. Har du ikkje lese nokon av dei? Vel, kva ventar du på.

Eg forventar låge lesartal i veka som kjem. For fint vêr til å sitje inne og lese bloggar! Kom dykk ut og nyt sola medan vi andre sit inne og puggar til eksamen! (Neidå, eg skal ikkje pugge så mykje. Skal jo korkje studere medisin, nanoteknologi eller juss, så eg er nøgd berre eg står på eksamenane).

Unntaket er den omvendte spørjekrinsen som kjem. Eg skal berre kome på nokre sjuke spørsmål de skal få bryne dykk skikkeleg på!

Ein grå og regnfull morgon

I natt sovna eg på sofaen i eit forsøk på å lese ferdig Min Kamp 2. Eg har framleis 50 sider igjen. Det skal eg bli ferdig med i dag, og så må eg nesten lese noko anna før eg går laus på trearen. Tips? Eller vent. Eg skal lese Murakami, så eg treng ikkje tips no.

Eg såg så morosam ut då eg vakna i dag, så eg tok eit bilete.


Eg har så utruleg smale auge når eg vaknar, folk må jo tru eg er asiat. Ikkje at det hadde gjort noko, det hadde kledd høgda mi. Og håret, som var litt fuktig då eg la meg, ser ut som eit kråkereir.

Innsending av skjema og slikt
I dag skal eg gjere noko som kjennest ganske meiningslaust. Samordna opptak har sendt meg eit "omslagsark" om studieønska mine. Det hamna sjølvsagt i postkassa heime, kor eg ikkje bur for tida, så det gjekk nokre dagar før eg fekk det. Eg fekk det på torsdag, det må sendast inn i dag. Eg har eigentleg berre sette eitt kryss og skrive namnet mitt ein plass. Og no må eg bruke pengar på å kjøpe konvolutt og frimerke og sende i retur. Eg kan jo kjøpe smartpostkonvolutt, så går det greiare.

Meiningslaust.

Også må eg vel kjøpe litt mat og kakeingrediensar til grunnlovsdagen og slikt.. Jessdå.

17. mai-spørsmål!
Eit lite spørsmål til dykk i dag! I tillegg til å vere grunnlovsdagen til to land (Noreg og Nauru), er 17. mai ein internasjonal markeringsdag for to ting. Kva?

Ingen sidemålseksamen (:C) og sinte bokmålsdamer

Eg var ein av dei få på trinnet som faktisk hadde lyst til å kome opp i sidemål, og eg hadde vore den einaste som i så fall hadde skrive på bokmål. Då vart det jo ikkje slik, kan du tru. Eg kom opp i politikk og menneskerettar, som er heilt greitt, og til sist rettslære, slik eg hadde håpa på. Eg skal vel ikkje klage. No får eg vere nynorskhjelp for folk på trinnet, det er jo artig. :3

Så over til noko anna. Eg fekk eksamensprovet mitt på bokmål, så eg gjekk ned på kontoret for å forsikre meg om at eg var registrert med nynorsk som hovudmål i kva enn register dei brukar til eksamen.

Etter å ha snakka med den eine kontordama, såg eg slik ut:


For gjett kva ho sa! Eg spurte om eg kunne sjekek at eg fekk eksamen på rett målform. Ho svara at norskeksamen var på båe målformer, så det var ikkje noko problem. Eg sa eg skulle ha dei to andre på nynorsk også. Ho såg rart på meg og gjentok det ho hadde sagt. Eg sa at eg hadde nynorsk som hovudmål og gjerne ville ha eksamensoppgåvene til dei to andre eksamenane mine på nynorsk. Ho sa omtrent:

"Hæ? Men det kan du jo ikke, altså, hør her: Norskeksamen får du på begge målformer, men de andre er jo bare på én! Du kan jo ikke få dem på nynorsk bare fordi du vil? De er på én."

Eg insisterte sjølvsagt på at eg var i min fulle rett til å få eksamensoppgåvene på den målforma eg ville. Ho meinte eg fekk gå til avdelingsleiar og klage. Eg gjekk dit, banka på, og ho brukte eit minutt på å søke opp meg i alle eksamensfaga, og eg var sjølvsagt registrert med nynorsk i alle fag. 

Så jaddå... :3

Eg har ein haug med russekort igjen, men dei forsvinn vel over helga og på måndag. Nokon som vil ha? Eg kan leggje av til alle som vil..

Eksamensnervar og metakvitter

Åtak og sleppe er lagt til i bokmålsordlista. Har du tips til nynorsknære bokmålsord? Send inn!

Dommedag nærmar seg
Snart er dagen her då 13 års skulegang skal avsluttast, men først må eg gjennom fire eksamenar: Norsk hovudmål, to skriftlege trekkfag og eitt munnleg trekkfag. Eg jublar om det vert rettslære og sidemål.

Skriftleg trekkfag får vi vite om allereie i morgon, sjølv om eksamen ikkje er før om to veker, og difor er eg generelt uroleg i dag, men det skal nok gå bra. Førebels uroar eg meg meir for at eg ikkje har klipt håret på lenge, men ikkje har råd til å gå til frisøren.

Metakvitring
Eg føler igjen at bloggen har spora litt av. Det er sånn eg kjenner frå tid til anna. Kva har de eigentleg å følgje med på her inne? Anna enn kva artige nynorskord eg finn i bokmålsordboka, så klart, men det kan de jo gjere sjølv. I periodar som dette, kvitrar eg mindre enn éin gong kvar dag, og då føler eg meg litt tom, for tru meg - det er alltid ting i meg eg har lyst til å skrive. Det meste eg opplever flyg forbi auga mine som tekst (på nynorsk, sjølvsagt), og eg tenkjer ofte at "dette må eg skrive ned og fortelje!", men eg gjer det sjeldan.

Nokre av bloggane eg pla følgje, har sakte døydd ut. Og eg kjenner det er litt kjipt at eg ikkje lenger fekk vite meir om desse halvt framande personane eg hadde følgt så lenge. Er det slik at de sit og vil vite meir om meg? I så fall får de berre spørje. Det verste som kan skje er at eg ikkje svarar.

"Nokre vener slåst"
Berre éin gjetta på kor mange ulike måtar denne setninga kan skrivast på, og han førte opp alle alternativa unnteke slåss og slæss. Det er så lite brukte former, at det får vere lov. Men då eg såg over dette sjølv, vart eg usikker på kor mange av alternativa som er grammatisk riktige. I alle høve, her er oversynet over ulike skrivemåter av kvart ord. Klammeformer er teke med.

Nokre / nokon / [noen] / somme / [sume]
Vener / [venar] / venner / [vennar]
Slåst / [slåss] / [slæst] / [slæss]

Desse orda kan lage 80 forskjellige setningar. Stryk vi "nokon" (som skal brukast om setninga er nektande eller spørjande), sit vi att med 64 alternativ. "Somme/sume" skal brukast om einskild mengd, så om setninga er generell og ikkje spesifikk, står vi att med 32 alternativ.

Eg skal ikkje påstå at reglane om bruk av nokon og somme [sume] er absolutte, eller berre generelle. Kva som er den faktiske fasiten, må nesten ein nynorskfilolog svare på. Inntil vidare får vi håpe denne problemstillinga forsvinn i 2011. Då bør det vere nærmare éin måte å skrive denne setninga på, for å sitere Vebjørn.

Neste spørsmål er då: På kor mange måtar kan ein skrive den same setninga på bokmål?

Ting som gjer meg glad

I går var eg ute og spela sandvolleyball i sola, det var kjempekjekt og herleg. Det er framleis litt kald vind, og heldigvis er det no eit gjerde mellom banen og Akerselva. Tjohei. Det vart gjerne litt kaldt og vått på føtene og oppover beina i fjor, altså.

Eg har no spara opp tre bilete av ting som gjer meg glad, på ein eller annan måte. Eg trur ikkje eg har kvitra om dei før, men det er ikkje så farleg om eg har gjort det eller ikkje.


Billeg sjokolade. Oh nom nom nom nom... Dette er jo under halv pris! Eg kjøpte to.




Hugsar du då eg var i Berlin? Ein av dei mest kjente gatekunstnarane der hadde kunstnarnamnet 1UP. Denne fann eg ved Hammersborg fritidsklubb. Fantastisk. Denne er enormt stor, altså. Verkeleg stor.




Særskriving og orddelingsfeil er i utgangspunktet ei kjip greie, men det er litt artig når det delte ordet får ny tyding. At kjempebra vert "kjempe bra" er ikkje så gøy, men her sel JC på Oslo City vårrengjeringa si med 30 og 50 prosent avslag i pris. Fantastisk.

Husmor-Vegard
I går og i dag har eg vore husmor, sidan eg var den einaste her som ikkje låg til sengs med migrene. Migrene er verkeleg ille, alle som slit med det har min fulle sympati! Det var særs overraskande kor mange husmorinstinkt som vart vekte i meg då, altså. Du verda.

Menmen. To vener på vitjing, iskrem og eit skuffande Gullruten-program. Is med non-stop og vingummi. Det vart ein kjekk kveld.

Dagens nynorsk-kviss:
På kor mange måtar kan ein skrive setninga "nokre vener slåst" på nynorsk? Her må du inkludere klammeformer og rekne ut!

Vebjørn får ikkje lov til å svare (men han har heilt rett i at det i 2011 bør reduserast til éin måte).

Tankar om å vere fattig (+russekort)

Det måtte jo kome
Eg har ikkje budd heime sidan i haust, fått stipend sidan november, hadde min siste arbeidsdag i slutten av januar og eg er generelt elendig med økonomi. Så no har det seg slik at eg hadde tenkt å bestille frisørtime, men fann ut at eg ikkje har pengar til det. Det er jo ein smule kjipt. For første gong sidan januar, angrar eg på at eg sa opp jobben. Eg angrar ikkje på at eg flytta ut, men det er ting eg har kjøpt som eg kanskje burde revurdert og liknande.

Akkurat no vil eg berre til frisøren.. Tør ikkje eingong poste bilete av korleis eg ser ut på håret etter snøstormen som var i Oslo i dag.

Russekortutdeling
Eg gidd ikkje vere sånn kjempeanonym no, eigentleg, så her er eit bilete av russekortet mitt. Det er visst òg litt i vinden å poste slikt på bloggen.


Eg har delt ut ein del av desse allereie. Sjølv om nokre barna spør om å få ein heil russ, så får det halde med eit russekort.

Snart kjem det bilete frå Københamn.

Oppskrift på sidemålscookies (-mjukkjeks)

Bak cookies til klassa di på sidemålstentamen! Det skal eg love deg slår an. Her er oppskrifta, som så mange (tre?) har spurt etter! Innlegget er krydra med bilete frå iPhoto-arkivet mitt. Alt frå i fjor sumar til haustferien 2008.

6 dl mjøl
1 ts natron
1/2 ts salt
2 ss vaniljesukker
2 egg
200 g smør
2,25 dl brunt sukker
1,25 dl kvitt sukker
200 g sjokolade


Kjøkkenbenken/-bordet ditt bør sjå litt slik ut.
Det er lov til å blande med sleiv og fingrar.


Slik gjer du!
Ha klumpen med smøret i ei bolle og hell alt sukkeret over. Rør sukker og smør saman til ein luftig masse. Du må aldri, aldri, aldri finne på å smelte smøret og/eller sukkeret med denne oppskrifta. Gjer du det, får du ein slags karamellisert hardkjeks, og ikkje store, fine mjukkjeks.

Ha i egga. Du er vonleg flinkare enn meg til å knuse egg. Rør dei inn, så alt vert jamt og fint.

Bland mjøl, natron og salt saman før du rører det litt og litt inn i deigen. Så har du i vaniljesukkeret. Mmmm...

No kjem vi til sjokoladen. Her er det fleire ting å velje mellom. Du kan anten
  • Knuse/hakke sjokoladen og røre han inn i deigen
    Då "gøymer" du sjokoladen inn i kjeksen
  • Fordele deigklumpar på bakebrett og så presse sjokoladen inn i bitane
    Sjokoladen vert synleg oppå, og det ser meir ut som typiske mjukkjeks

Ferdighakka sjokolade! O nom nom nom nom...

Eventuelt kan du finne på noko heilt anna og gjere akkurat kva du vil! Døme:
  • Du kan byte ut 50 gram av sjokoladen med kokosmasse
  • Du kan byte ut 100 gram av sjokoladen med hakka nøtter
  • Du kan byte ut sjokoladen med non-stop eller liknande
  • Du kan smelte sjokoladen før du rører han i deigen (særs godt med kvit sjokolade)
  • Du kan kjøpe Daim-strø eller kjekskular og ha i
  • ... eller noko heilt anna!


Kjeks med kvit sjokolade og kokos.
Ser ikkje heilt ut som vanlege kjeks,
men eg skal love deg at dei smakar.

Eit utal moglegskapar
Eg har prøvd mykje forskjellig med denne oppskrifta. Eg er særs glad i blandinga kvit sjokolade og kokos, men eg forstår jo at ikkje alle er glade i det. Eit anna, godt alternativ er mørk sjokolade og salta cashew-nøtter.

Steik på 180 gradar midt i omnen til kjeksa ser ut som kjeks. Dei skal bli litt brune, men ikkje for brune, og dei skal vere litt mjuke når du tek dei ut. Dette tek om lag 10-12 minutt, men er avhengig av omn osv.. Ha kjeksa over på rist etter eit minutt og la dei kjøle seg ned. Tek du dei på rist for fort, synk dei litt ned i rista og sjokoladen kan renne ut på benken (ikkje bra), men har du dei for lenge på brettet, vert dei gjerne harde i botnen.

Ikkje så lett å lage cookies.

To kjeks igjen frå sidemålstentamen.
Den eine er til ein som heiter Christoffer, den andre

Kva kunne du tenkje deg å lage? Sjølv trur eg at eg skal prøve å lage mjuke kjeks med nugatti og peanøttsmør... Mmm...

Korleis funka bruken av ordet "mjukkjeks" i dette kvitteret?

Russebukse og ti ting om meg

Som ein rein kopi av Anders (etoile.blogg.no, alles vesle stjerne), kjem no eit innlegg med ti fakta om meg. Eg er jo eigentleg ikkje oppteken av å utlevere meg sjølv, men denne bloggen må jo vere personleg på ein eller annan måte? Her kjem i alle høve lista. Dei som ikkje er interesserte, kan rulle nedover og sjå bilete av russebuksa mi med ein gong.

1. Eg er fullblods nordtrønder. (Og eg vil bu i denne gata på Torshov) 


2. Eg har knapt sove ei natt utan kosedyr i heile mitt liv. (I prosent, vil netter med kosedyr utgjere over 99 % av alle nettene i livet mitt).


3. Eg har ikkje gått opp i vekt sidan eg gjekk ut av barneskulen. Eg har heller ikkje vorte særskilt høgare. Eg er ein spinkel kar, og har plankeflate menn på båe sider av slekta.

4. Eg har gjennom heile livet hatt berre to kjærastar. Det eine forholdet varte i under to veker, det andre har så langt vara i to år.


5. Eg har heile livet visst at eg likte gutar og har stort sett vore open om det sidan ungdomsskulen.

6. I fjor las eg fleire bøker enn eg hadde gjort til saman heile livet. Det vart til slutt over 50 stykk.


7. Det beste eg veit er å vakne før vekkjarklokka har ringt, slik at eg kan snu meg og sove meir med godt samvit.

8. I dagboka mi frå førsteklasse (Vg1), skriv eg nesten berre om kor teit norsklæraren er, som ikkje vil gje oss nynorskundervisning. Det er nesten litt søtt. Eg kan godt poste nokre utklipp seinare.

9. Eg er eitthundreogsyttifire centimeter høg og tykkjer det er fantastisk.

10. Eg har over 20 Yoshi-plysjfigurar og er helvetes stolt av det.



Russebukse!






Men brb - stikk til København! (Eller var det Københamn?)

Interessante nyheiter frå Grans

Jaddå, dei får dosa si med gratisreklame
Eg elskar Grans-brus. Du ser det på midja mi (høhø). Grans-brus er berre det beste som finst, og då særskilt Tropo. Ein må jo berre elske brus som er funne opp og brygga i Noreg, seld i norske butikkar (berre på Rema 1000), særs billeg og at pengane ikkje går til ein internasjonal marknadsimperialist? Grans er absolutt ein god idé.

Førre veke fann eg ein nyheit frå Grans; Siesta Smart med appelsinsmak. Nom. Den var ikkje heilt syrleg og søt nok for meg, men i dag oppdaga eg dei andre nyheitene. Nemleg:
Siesta Smart med sitron- og limesmak


Siesta Smart med blåbær- og tranebærsmak


Og til sist, den særs interessante Siesta Smart med frukt smak.


Så er då spørsmålet.. Kva smakar brus med "frukt smak"? (Eg reknar med at det skal vere "fruktsmak", og ikkje "frukt smak", då eg ikkje kjenner nokre adjektiv som heiter "frukt".)

Svaret står antakeleg bakpå flaska, så eg skal sjekke det etter at eg har drukke brusen sjølv, men du kan jo gjette. Om nokon gjetter heilt riktig på ein særs imponerande måte, kan eg vurdere å premiere vedkomande med eit gåvekort på Platekompaniet, som eg fekk for hovudinnlegg i Si;D. Eg set ikkje den premien så høgt, sidan folk som Sindre Trengereid (som skreiv "La nynorsken dø!") òg får det...

Menmen. No er det laurdag, og det vil seie at eg gløymde av fredagskosillustrasjonen i går. La oss seie at eg er eit rotehovud i tentamenstida, og at korpset mitt arrangerer loppis denne helga (som alle andre skulekorps i Oslo), så det forsvann i går. Eg kan slenge saman noko etterpå, men no er det jo laurdag, då. Jajaja...

Illustrasjon av rotehovud:


Vegar for Vegard?

Ei spennande framtid
- Eg er snart ferdig med vidaregåande skule
- Eg har ikkje jobb
- Til hausten skal eg studere, kanskje i Oslo, kanskje ein annan stad

Hjelp?

Eg kjenner meg utrygg på kvar vegen går vidare for meg, etter vidaregåande. Antakeleg endar eg opp i Oslo, men eg har fram til 1. juni å omrokkere ønskene hjå Samordna opptak, så eg kan fort hamne i Stavanger eller Bergen. Eller i Volda. Same kva veg eg hamnar på, så skal eg i alle høve skrive nynorsk.

Dei to neste månadene er eg oppteken som få. Tentamen, russetid, eksamen, og så punktum finale, vitnemål. Apropos avganselevar, og Yoshi-ar (Yoshi-ar er alltid relevante), sjå kva eg fann på eBay i dag:

 
Klikk for større versjon!
Dagens søtaste. Utan tvil.

For øvrig har eg fått høyre at ei norskklasse på vidaregåande har analysert Si;D-innlegget mitt, funne dei retoriske verkemidla osv.. Det er jo artig å høyre, sjølv om innlegget kanskje ikkje var ei retorisk perle. Men eg har fleire tips til dei som vil vinne fram i diskusjonar om nynorsk. Vil nokon ha? Eg vil gjerne lære vekk identitetsargumentasjon. Det er så fantastisk nyttig og ein trygg vinnar i alle nynorskdiskusjonar.

Men no: Min Kamp 2.

Problematikk, takk (ev. problematikk-mac)

For nokre veker (månader?) sidan, opplevde eg for første at vifta i MacBook-en min tok til å bråke utan grunn. Sjølv om eg berre køyrte enkle, lette program og ikkje dekte for vifta, bråka det som eit uvêr.

Kva kunne det skuldast? Eg har jo Mac fordi eg ikkje anar korleis ei datamaskin funkar, men eg frigjorde litt minne og prosessorkraft som eg kunne, men ingenting hjalp.

Var det kanskje mykje støv i vifta? Det er utruleg vanskeleg å sjå inn i vifta på ein MacBook, så det har eg eigentleg aldri fått svar på. Dette byrja å irritere meg grenselaust, og eg ville absolutt ikkje ta med Mac-en på reperasjon og betale dyrt for å få høyre at eg har gjort ein dustefeil.

Kva hadde Chuck Norris gjort?
Han hadde googla det. Så det gjorde eg òg, og eg var openbart ikkje den første:

Fantabulous dazzleglass? Serr?

Jaddå. Eg fann diverse forumbrukarar og bloggarar med akkurat det same problemet som meg. Utan at maskina køyrte nokre tunge program, tok vifta til å suse og bråke kraftig. Sjølvsagt irriterande og kjempesjenerande om ein sit i til dømes eit klasserom.

Etter å ha lese innlegg frå frustrerte brukarar og latterleggjeringar av Mac-hatarar, kom eg over denne vidunderoppskrifta på ein blogg:
1. Go into your print jobs (system preferences > printers) and there will be a pending print job.
2. Cancel the print job and
3. Let it ease your pains!
Hadde eg sett i skrivarkøen? Nei, sjølvsagt hadde eg ikkje det. Så eg sjekka, og der var det faktisk eit uteståande skrivaroppdrag. Wow. Eg sletta oppdraget, lukke kontrollpanelet og høyrte korleis viftebråket sakte forsvann.

Eg vedgår at eg kjende meg litt dum.

Men Mac-en bråkar ikkje meir, så endinga er god.

Elektrofil-testen alle har venta på

Nordmenn og elektriske ting er ein god kombinasjon, det har handelsstanden skjønt. Eg drog på Elektrofil-messa for å kjøpe ein støvsugar for far min, men eg skal ikkje kvitre noko om elektronikken på messa, for her kjem artikkelen om det vi alle eigentleg var der for:

Gratis småting!

Så kva ventar eg på? Her kjem ein test av snopet ein får på Elektrofil-messa. Sidan dei fleste av dei som les ikkje bur i Oslo, er det vel ikkje så nøye at det ikkje går an å dra dit for å få tak i snop sjølv lenger.

Nikon-drops
Trykk på bileta, så vert dei større!

På Nikon sin bod fekk ein tak i drops. Bra-bra. Nøytral og litt keisam innpakning, men det er ikkje så viktig. Sjølve dropset er fargelaust og har eit klassisk dropsmønster på seg.

Smak: Keisam. Rett og slett. Litt honning, ikkje særskilt søtt, ikkje særskilt surt. Platt og rar smak. Ikkje på nokon måte vond, men ikkje noko eg vil ete meir av. Midt på treet. Vi går på neste.

Olympus-drops

Olympus hadde faktisk to ulike drops, eit raudt og eit grønt. Det er alltid bra! Fargar liker vi! Obligatorisk dropsmønster er på plass og dropspapiret har eigen farge på kantane. Heile opplevinga er altså langt meir godteriaktig, sjølv om sjølve papiret er litt keisamt. La oss smake på godsakane..

Raudt drops: Mmm, dette var søte, gode sakar! Godt og fint drops som smakar akkurat slik det skal! Ikkje for søtt, ikkje for syrleg, men akkurat slik det skal. Vonleg gjev det òg frå seg eit raudskjer på tunga, og då er alt som det skal. Dette var verkeleg eit godt, gamaldags drops. Utan tvil toppkarakter. 

Grønt drops: Det grøne dropset utmerkar seg umiddelbart som eit pæredrops. Mmm, eg elskar pæresmak... Toppkarakter, punktum finale. Perfekt. Dette dropset var fantastisk. Einaste minus er keisamt papir, men det er ein bagatell. Fantastisk! Burde teke fleire slike.

Nokia-drops

Nokia-dropsa plar vere mine favorittar. Papiret er enkelt og lite forseggjort, men absolutt meir i retning "stilreint" enn "keisamt", i motsetnad til Nikon-snopet. Sjølve dropset er derimot sølvfarga, og min spontane reaksjon var noko i retning sjokk. Dette ser absolutt ikkje godt ut.

Dette er eit mint-drops. Litt kjipt, for eg er eigentleg ikkje så glad i mintsmak. Men dette funkar likevel, for OI HERREGUD, kva er inni desse dropsa? Inni eit mjukt, tynt lag med mintdrops, er det sjokolade! Hmm... Sjokolade plar jo vere ein sikker vinnar, men mintsjokolade er på ingen måte min favoritt.. Dette dropset er heller ikkje vondt, men alt anna enn min smak. Nokon andre får ta dei andre dropsa eg tok, for dette vil eg ikkje ha meir av. Midt på treet, dette òg.

Nokia-tyggis

Dette var nytt! Nokia delte ut tyggis i små, firkanta pakningar. Diverre smakte dei høgg, og då det i tillegg sto på pakka at "excessive consumption may produce laxative effects!", la eg dei frå meg. Strykkarakter, utan tvil. Ikkje noko å spare på.

Riks-TV-klubbe
(her i Oslo kallar vi det "kjærlighet på pinne", men "klubbe" er jo eit betre ord!)

At Riks-TV vel å stille med store klubbar i staden for små drops, er jo fint. Originalitet er alltid eit pluss, og det er absolutt lov til å skilje seg ut frå mengda. Klubba sjølv er raud og ser litt tørr ut. Ikkje så bra, men det treng ikkje ha noko å seie på smaken.

Og smaken er absolutt god! Riks-TV-klubba smakar slik klubbar skal - søtare enn drops, men ikkje kvalmande. God og søt, men litt vel kunstig smak. Papiret på pinnen løsnar litt, og det smakar alt anna enn godt. Ikkje bra. Elles er klubba absolutt godkjent, men med litt for kunstig smak. Over middels god.

Konklusjon: Olympus-dropsa var definitivt det beste snopet på Elektrofil-messa.



Kvirrevitt-kvitt-kvitt!

Stalkers
Altså.. Nokre av dykk stalker meg på Facebook.

Eg har altfor få lesarar til å ha stalkarar.

Men no høver det godt å finne eit godt, norsk alternativ til "stalker". Eg kan kanskje strekkje meg til å godta at "å stalke" passar inn i norsk grammatikk "stalke, stalkar, stalka, har stalka", men ikkje i norsk fonetikk, så vi treng eit norsk ord.

Så kva kan vi seie? Kva er det ein eigentleg gjer når ein "stalkar"? Ei vanleg omsetjing av "to stalk" er jo "å forfølgje" eller berre "å følgje", men den nye, moderne tydninga av "stalker" føler eg ikkje vert heilt dekkja av "forfølgjar". Moderne "stalking" inneber spionasje og slikt, og i mange høve krenking av intimsone og privatliv, men aller mest å samle opp små bitar av personleg informasjon frå ulike stadar, slik at det kjennest ubehageleg for den som vert "stalka".

"Spion" kan vere med i ordet, kanskje? Kanskje ikkje? Eg har minst to lesarar som er over middels interessert i språk, så eg forventar gode framlegg til ord.

Animasjon som illustrasjon
Dette har eg sett ein masse andre bloggarar gjer. Om dei bloggar om seg sjølv med noko nytt, til dømes eit nytt kamera eller kva som helst, så er det ikkje nok med eit bilete av at dei held denne nye tingen. Dei skal ha fleire bilete og dei skal giffe dei til ein gif-animasjon som berre går og går og går..

No har eg laga ein slik animasjon om boka eg les no.

På gickr.com kan ein lage animasjonar på nett. Kjempekjekt.

Eg føler ikkje at dette er meir gjevande, informativt eller underhaldande for korkje meg eller dykk. Eller kva? Eg les Min Kamp 1, det vert ikkje meir eller mindre spennande om eg lagar animasjon av det. Eller? Jaja.

Spørsmål! Kva heiter denne karen på originalspråket?

Ja, eg spør berre for å vise fram skjorta mi, som bror min kjøpte til meg då han var i Praha for lenge sia. Eg er evig takksam. Det er lov å seie at skjorta er fin.

"Den forespurte ressursen er i bruk"

Her kjem nok eit innlegg med diverse kvitter av alle sortar. Berre fordi eg liker å ha ei side å skrive det ned. ^^

Gladnyhende!! 
Eg har funne igjen batteriladaren til kameraet mitt! Tjohei. Den har vore borte i ein månads tid. No kan eg kanskje ta nokre ordentlege bilete igjen. Ikkje berre iPhone-bilete, som her:


Om å gjere å finne noko rart på dette biletet:
(Fasit: Glidelåsen ser raudaktig ut, men er eigentleg ikkje det, og eg stikk fingeren langt inn i kinnet.)

Ord deling er van skelig


"Å showe" er eit ordentleg verb.
TILSLAGSORDARTIKKEL FRÅ NYNORSKORDBOKA (offisiell rettskriving)
showeshowe v1 (utt sjåv<e) lage show, moro

Eg sovna rart i natt, så eg har ei rar, stikkande kjensle frå omtrent litt under det venstre øyret, nedover nakken, ned forbi venstre skulder og inn mot venstre side av magen. Om eg vrir hovudet mot høgre og løftar på venstrearma som på biletet under, stikk det skikkeleg nedover heile ryggen. Det er heilt merkeleg.

Heldigvis er det ikkje så ofte eg må sitje slik, men til dømes når ein løftar glaset med venstrehanda og vert snakka til frå høgre. 

Og ja, eg liker å ha håret ned i andletet. Spør kven som helst.

Og til overskrifta? Vel, Aftenposten har alt under kontroll. Særs skjermane dei har utstilt på Oslo S. Vakkert, vakkert.



God natt!

Eg har ein draum... (og ei bok)

Eller, eg hadde. Eg må berre fortelje.

I natt drøymde eg at familien drog, nokså spontant, på ferie. Til Molde. Med T-bane, frå Mortensrud til Molde, i retning Ålesund. Det tok ekstremt lang tid, og på T-banen fekk vi utdelt smaksprøver på nye barnedrops.

Vel framme i Molde, blåste det litt mykje, så eg ville ha på meg ein genser. Eg hadde med meg ein sekk, ein liten bag og ein pose. Diverre hadde eg ikkje med meg genser, då eg berre hadde pakka Yoshi-kosedyr nok til heile Molde. Eg foreslo å gå og kjøpe meg ein ny genser, men neidå - vi tok fyrste bane heimatt. Mamma hadde nokre dokument ho måtte støpe (!) før måndag likevel, så vi kunne like gjerne avslutte ferien der.

På T-bane-stasjonen i Molde var det noko slags arrangement kor ein skulle gjere diverse ting. Eg hugsar ikkje heilt alt ein kunne gjere, men eg hugsar at eg målte ein TV-reol med smelta sukker. Karamell, altså.

Og elles?
Endeleg ferdig med Buzz Aldrin-boka! I motsetnad til Saman er ein mindre aleine, var det ikkje ei bok eg gjerne kunne ha lese ut i evigheita, så det er greitt å vere ferdig. Mot slutten vart det meste ganske langdrygt, og ein kunne fint ha kutta minst 100 sider av boka utan å kutte vekk noko nokon hadde sakna. Men for all del, det var ei god bok, og TV-serien kjem sikkert til å bli fantastisk. ^^



Når eg fyrst er i gong med å lese tjukke bøker, kvifor gje seg? Eg har no lånt Trekkoppfuglen av Haruki Murakami på biblioteket. Den er på 630 sider, huhei.



Og i dag skal episoden i påskekrimmen kome litt før klokka vert ti om kvelden, tenkjer eg.

Til slutt må eg berre vise fram håret mitt. Det var litt større enn vanleg i dag. Og til alle dei som ikkje har høyrt på Infected Mushroom før: gjer det. Det er utruleg kor artig psykedelisk trance eigentleg kan vere.



Mange bilete i dag. Det må det bli ein slutt på.

Boller for buss

Det er litt tyst på bloggen no, men det er det gode grunnar til.

Overskrifter er artige ting
Miljøorganisasjonar gjer mykje rart for merksemd og har eit breiare spekter av aksjonsformer enn nokon annan interessegruppe. Du hugsar kanskje Fuck for Forest? No har visst Natur og Ungdom hengt seg på, skal vi tru Bladet Vesterålen. Særskilt danske lesarar bør heve augebryna.

Klikk på biletet for å kome til saka.
("Å bolle" er slang for "å pule" og kjem opphavleg frå vårt systerfolk i sør.)

Er kvinnefotball undervurdert?
I dag har eg sett det norske kvinnelandslaget i fotball slå Makedonia ikkje mindre enn 14-0 i ein kvalifikasjonskamp til VM. Det var fantastisk underhaldande, det fyrste målet kom etter 25 sekund og deretter var det meir eller mindre kort mellom måla. Eg likar jo eigentleg ikkje å sjå på fotball, det er jo ikkje så utruleg artig å sitje i nesten to timer og sjå svette folk lage eit mål eller to, om det vert mål i det heile, men i dag var det mål på overtid og spenning til siste slutt. Du verden!

I tillegg var det makedonske laget eit kapittel for seg sjølv. Tempoet i kvinnefotball er til vanleg ein smule lågare enn i herrefotball, men dei makedonske jentene ramla og rulla berre det blåste litt, så det var vanskeleg å halde tempo oppe. Ein av innbyttarane deira fekk ein au-au i kneet etter eit samanstøt og blei liggande. Ho greidde så vidt å hinke, men nekta å gå av banen før dommaren ga ho gult kort for å vere til bry. Då fekk ho fart på seg og forlot graset, og vi lo høgt i stova.

Det var 715 tilskodarar på AKA stadion i Hønefoss. Sjølv såg eg kampen på Internett, og det var eg neppe åleine om. Dei makedonske jentene reiste neppe til gokk i Noreg for å tape 14-0 framfor 715 folk, men det var vel ei oppleving for livet, både for dei og for sjåarane. Er kvinnefotball undervurdert?

Påskekrim

Krimsjuke
Eg må (førebels) skuffe dei som trudde det var snakk om påskekrim på bloggen. Greia er at eg er heime for tredje dag på rad med krimsjuke no, og det er ikkje så artig. I dag skal vi difor ha ein liten gjennomgang av kva ordet krim eigentleg betyr.

Krim er ikkje berre kortnamnet på ein litterær sjanger som er særs populær i påsketider. Krim er òg eit gamalt og levande ord for forkjøling eller snue. Slik eg forstår oppslaget i ordlista, kan "krim" vise til både slimet i halsen og sjukdomen i seg sjølv, og når ein har krimsjuke er ein krimsjuk. Sidan eg no er krimsjuk like før påske, må då dette kunne kallast ein ekte påskekrim.

Ai, den var tørr.

Nei, serr, eg er forkjøla. Dagane går med til å vere åleine heime, drikke sjokoladekaffe, spele Infected Mushroom høgt og lese. Eg er snart ferdig med Buzz Aldrin-boka no, og eg har fleire godsaker å gå laus på etter det. Så langt i dag har eg nose (det måtte eg slå opp) så mykje at eg har vondt i magen og oppover brystet, så dette skal nok gå så bra, så. Freister å gjere ein del skulearbeid òg, så klart, men eg må innrømme eg har litt vondt for å konsentrere meg mellom nysing og hosting.

Jaddå.

Berlin og Oslo

Berlin
  • Ein kan kjøpe alkohol til ekstremt låge prisar kor som helst, når som helst og ein kan drikke det på gata. Moderat fyllekultur.
  • Prostitusjon er lovleg. Ein vert ikkje plaga av prostituerte på gata, og det er ingen synleg prostitusjon i sentrum.
  • Når det står at T-banen kjem om eit minutt, så kjem han.
  • Byen er full av middelaldrande, stille folk.
  • Det aller meste av skilt, informasjon, reklame og marknadsføring er på tysk.
  • Høg grad av fattigdom, lite synleg tigging og særs, særs få uteliggjarar.
  • Uvisst korleis det står til med narkotikapolitikken, men eg vart ikkje tilbydd å kjøpe stoff ein einaste gong

Oslo
  • Ein får kjøpt øl og sider i butikkar til regulert tid og pris, vin og sprit på polet til høge prisar og strenge tider. Ingen drikking på offentleg plass. Fyllebråk heile helga.
  • (Prostitusjon er ulovleg i alle former) Sexkjøp og organisering av dette er ulovleg, likevel vert du tilbydd sex på Karl Johan.
  • Når det står at T-banen kjem "no", kjem han om to minutt.
  • Byen er full av unge, bråkete folk.
  • Ein stor del av skilt, informasjon, reklame og marknadsføring er på engelsk.
  • Ikkje like høg grad av fattigdom som Berlin, men eit stort tiggjarproblem og mange uteliggjarar over alt
  • Stort narkotikaproblem. Eg vert tilbydd å kjøpe stoff kvar einaste dag.

Eg skal ikkje påstå korkje det eine eller det andre med denne lista, det er berre påfallande skilnader. Dei har jo problem i Berlin òg, dei er berre ikkje synlege for turistar, slik dei er i Oslo.

Jaddå.

Biletoppdatering frå Berlin

Eg har lagt inn nokre bilete no, men har ikkje så mykje nytt å skrive. Eg har fått vite at annleis på tysk er "anders". Knis. <3

Når fisk vert for livleg...

Vasstortur.



Fengsel.


Kvitt, kvitt


Eg veit om nokon som hadde likt dette. ^^

Kaffen er ute av drift

Anonymiteten gjekk i vasken?
Når framande folk finn meg på Facebook fordi eg posta eit bilete av meg sjølv med ein Yoshi og skriv at eg heiter Vegard, er det noko som seier meg at anonymiteten min ikkje er såååå stor. Så då kan eg vel skrive at eg denne veka ikkje berre er vekke frå Noreg, men at eg er i Tyskland. På klassetur. Mange vidaregåande skular i Oslo og resten av landet har for vane å tillate utanlandsturar ei veke i året, og difor er klassa mi i Berlin ei veke, for å lære om religion og historie. Så det, så.

Eg kan jo ikkje eit kløyva ord tysk, men tenkte at eg sikkert kom meg langt med engelsk. Men folk i resepsjonen snakkar jo knapt engelsk, og eg var heldig eg kunne telje litt på tysk for å få fram kva nykel eg skulle ha, og i tillegg er det nær umogleg å kome seg omkring med engelsk, for alt - alt - står på tysk. Seriøst. Heldigvis er jo tysk eit språk i nær slekt med norsk, så det er av og til ein kan gjette seg til kva ting betyr.

Trass i dette, trur eg det må vere flott for det tyske folk at mykje er på tysk. Eg vert galen av at heile Oslo er fyllt til randen av engelsk og andre språk og at det meste ein finn på bokmål er fullt av særskriving og dårleg språk, og ein må leite lenge for å finne noko på nynorsk. Det ein finn på nynorsk er stort sett fantastisk. :3



Sånn, det var så mykje eg skreiv denne gongen. Du verden. Til slutt eit bilete frå Stortingsrestauranten. På Stortinget. Eg tok det sjølv. ^^


Og jo. Verste morgonsveis til no:
Forferdeleg.

Ein parodi på seg sjølv?

Mannen på bussen
Vi møter dei over alt, dei er der og gjer seg til kjenne slik at vi tenkjer at vi veit akkurat kva for type dei er og akkurat korleis dei er. Dei er stereotypiar. Nokre av dei er levande parodiar på seg sjølve.

Eg sat som vanleg heilt fremst i bussen, ikkje veit eg kvifor, det var berre noko eg byrja å gjere ein gong, og høyrte alt som vart sagt då denne rare mannen kom på bussen. Han snakka høgt og brautande, men vennleg og harmlaust, om at dagen før hadde teke bussen feil veg og hamna ein annan plass. Sjåføren forsikra seg om at denne mannen, openbart litt ustabil, hadde kome seg på rett buss, og så gjekk han og satte seg.

På plassen kom han i prat med sine medpassasjerar, så klart, vi veit jo alle at denne typen menneske er dei som legg lista aller lågst for å prate med framande. Han prata om "den turen i går, du!!!", då han enda opp ein framand stad og måtte vente på bussen som gjekk andre vegen. Eg høyrde ikkje at nokon kommenterte eller svara på noko som helst.

Han la ut om høgt og lågt, stort og smått, og kom med små spørsmål til folk ved sia av seg. "Ja-a, færi på jobben? Eller skule, å veit jeg å alle drime", "næmmenjøss, haru kliptæ, å haru gjort det hen, 'a?" og så bortetter. Stundom fekk han svar, stundom ikkje, men han ga aldri uttrykk for korkje vonbrot over manglande svar eller glede over kontakt med dei framande.

Det toppa seg då han kom inn på diskusjonen om "Internett og alt det dærre-dær". Det gjekk omlag slik:
- åså et spørrsmål te du som sitter hær, asså, åffer heiterekke ansiktsbok?
-... hæ?
- ja, facebook. åffer heiterekke ansiktsbok, en'klig?
- nei, det æjo amerikansk, da.
- jammen, vi er jo norske vi, da, eller, hæ? Å vettu hva'rem sa for tre år sia?! I totusenåtre? Dem sa'rem sku fikse sånn at vi ku' skriva ØØØØØØ på internett å sånn! Men vettuhva? Trurufaenikke jæ heiter BJOOOERN ennå, eller?? Ja altså, ja ass! Bjooern! Vemfanskarrustolepå, liksom. Bar' spørr, jæ'ass.

 Eg måtte illustrere.




Så tenkjer eg jo sjølvsagt at det er openlyst at denne fyren ikkje har full kontroll på alt som skjer. Har ingen ansvar for at han ikkje plagar framande på bussen? Han var jo ikkje så mykje til bry, langt mindre enn eit gråtande stebarn. Har eg og alle andre eit kollektivt ansvar for at litt forvirra menn og kvinner har det hyggeleg på bussen? Hmm..

Dette minner meg om den mest spesielle fyren i nærleiken. Han er i 50-åra, skilt, har to barn og eit barnebarn, bur aleine og har budd der sidan 70- eller 80-talet (han seier aldri det same). Når han er heime, ligg han i sofaen og høyrer på Elvis, og når han er ute, kjøper han øl. Han er liten, rund, bruker briller og har grått hår. Dongerijakke og -bukse høyrer med.

Fyrste gongen han satte seg ved sia av meg på bussen, tykte eg det var hyggeleg å prate med han, han fortalde om kor lenge han hadde budd på plassen, om barna sine, kvifor han bruker briller, barnebarnet som bur i Drammen og heile pakka. Det var ganske hyggeleg heilt til han omlag midtvegs byrja forteljinga på nytt. Han spurde meg om akkurat dei same tinga og fortalde ting i same rekkjefølgje, men litt annleis. T.d. var dottera hans eit par yngre, barnebarnet var plutseleg i Moss og ikkje Drammen, osv.. Og så spurde han igjen om eg hadde høyrd om Elvis. Til slutt prata han berre om Elvis, og då han skulle av, sa han "ja, nå skajæ heim å hørre på Elvis. Haru hørt om Elvis? Ska sette på ei plate med Elvis, ja, ikno bedre enn det. hørt om Elvis, du, eller?" og så snudde han seg og gjekk ut. Imponerande stødig, ein kunne ikkje sjå på han at han var sørpe full.

Men nok om det! No skal eg ut ein tur og så skal eg pakke ferdig og reise frå dykk alle saman i ei veke! Huhei.

Denne ungdomen...

Saumskade
Kan eg fiksa med nål og tråd, eg! Jaddå. Her i heimen syr vi kosedyra våre sjølv, altså. Dvs. eg syr dei. Dei er jo stort sett mine, og no har eg jo nål og tråd òg. 


Skrivefeil i eit klasserom?
Ikkje på klokka mi.



Eg må snart sende ein e-post til administrasjonen ved denne skulen og be dei kontrollere norskkunnskapane til lærarane i klasse 3C som låner bort klasserommet sitt til trompetundervisning ein kveld i veka.. Dette her var jo ein bagatell, men andre feil eg har funne på oppslag, både av elevar og lærarar er kjempesære og heilt gale. Rett og slett dårleg språk. Menmen.



Jau, he no vore stillt på bloggen sist dagan, ja. (Trøndsk, ikkje nynorsk.)

Ein pizza for ein

Eg bryt igjen tradisjonen med å ikkje kvitre om kva eg et. Alle som så langt har høyrd om middagen min frå i går har vore nær å brekke seg. Eg forstår det eigentleg ikkje. Det var jo godt!

"Kva skal vi ha til middag i dag?"
"Pizza?"
"Nei, det er jo så usunt.."
"Kva med heimelaga?"
"Okej, kva vil du ha på?"
"Nudlar og bacon."
"... Vi kan lage kvar vår."

Pizzabotn + pizzafyllsaus + kokte nudlar + bacon + ost.



Godt, var det!

Ein skulle jo kanskje tru at eg, som den nynorskfanatikaren eg er, hadde hatt smalahove og raspeballar på pizzaen om eg fekk velje sjølv, men det vart altså nudlar og bacon.

Eg er for øvrig vonbroten, Neo rauk ut. Faen, songen er faktisk ganske god. Eg vil synge sånn.. 

I dag er det vaskedagen!

I dag skal alle lauge seg!

Laurdag er den einaste dagen i den norske veka som ikkje er kalla opp etter ein norrøn gud eller ein himmellekam. Laurdag er nemleg kalla opp etter dagen si rolle i veka. Laurdag var vaskedagen, og å lauge betyr å vaske. Så. Rydd og vask! Eg har no vaska leilegheita klar til Andra chansen*-kalas! ^^
I dag fann eg ein liten Yoshi i kjøleskapet, og ein annan Yoshi hadde krope opp i sofaen med ein stygg saumskade. Eg må sy han etterpå. Nokon av dykk som veit kva som har skjedd?
Ferdig med Jarle Klepp for denne gong
No har eg lese ut endå ei bok om Jarle Klepp, og alt er slik det skal vere: Eg var heilt oppslukt i boka, eg krev ein oppfølgjar og eg hatar Jarle Klepp meir enn før. Sånn går det.
No har eg byrja på ei anna bok! Ei tjukk bok på over 600 sider som eg gler meg masse til å lese. Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? heiter boka, ho er skriven av Johan Harstad. Eg har jo vore litt sjuk og slikt, så eg har fått tid til å lese 200 sider allereie. God bok som handlar om å vere eit tannhjul i verda fordi ein vil og ikkje fordi ein aldri greidde noko anna. Sikkert noko mange kan kjenne seg igjen i. :3
*Andra chansen er den siste delfinalen i svenske Eurovision Song Contest - Melodifestivalen!

Klednadinnlegg - heimstrikka skjerf

Det fyrste klednadinnlegget
Ånei, ånei, kva har skjedd med kvitrebloggen? No kjem det klednadinnlegg? Huffoghuff... Kva er det neste? VS-innlegg? Inkjeseiande spørjerunder? Innlegg om "kva skal eg blogge om?"? Følg med...

Det mjukaste skjerfet
Oppskrifta var ganske grei. Pinne 5,5, alpakkagarn, 43 masker, strikk patentstrikk med dobbel tråd så langt du vil. ^^ Skjerfet vart flott, det.





Nynorskgerilja, nokon?

Nei, det får ein kalle ein ordentleg ferie. Eg har strikka eit skjerf og lese ei bok, og bruka 15-16 timar på å reise. Ikkje verst. ^^

Historia om den mystiske lukta i sluket

Eit problem kjem sjeldan åleine
For to veker sidan kjente vi ei rar lukt på badet. Vi kunne ikkje heilt skjøne kva det var, men etter kvart kom eg på at det kunne vere frå sluket. "Har du vaska i sluket før?", spurde eg kjærasten. "Hæ, må ein det?". Så då vart det til at eg vaska i sluket.

Nedi der var det ein slik koppinnstallasjon som fangar opp kva enn ein mistar av ting nedi sluket. Eg fann ut at ein kunne ta frå kvarandre den, og inni der var det ikkje så kjekt å sjå. Men eg fekk vaska og lukta var vekke. I nokre timar...

Og denne gongen var lukta annleis. Det lukta ikkje litt fjøs slik som fjør, det lukta rett og slett kloakk. Og lukta kom frå sluket, utan nokon openlys forklaring. Vi var frustrerte, og kjøpte klorin for å få has på jævelskapen.




I går fann vi endeleg løysinga på problemet. Det viste seg at denne koppetingen eg hadde teke opp og vaska ikkje berre var der for å hindre anna enn vann i å falle ned i sluket, den skulle òg hindre lukt i å kome opp frå rørsystemet. Den fyrste lukta var frå nettopp denne koppen, men den andre lukta kom av at eg ikkje hadde sett koppen rett på plass, slik at det vart ei opning for all mogleg lukt og faenskap. Å setje koppen på plass var ikkje så lett, men heller ikkje så vanskeleg. Eg burde ha greidd det då eg var nedi der og rota fyrste gongen.

Det som altså hadde skjedd var at eg hadde skapt eit nytt og større problem då eg løyste opp i det førre. Det er vel slikt ein skal ta lærdom av her i livet.

Strikkelaurdag

Innevêr!
I dag er det innevêr i Oslo. Det var litt sol tidlegare, men elles har det vore snø, vind og litt for mange minusgradar. Med unntak av ein liten tur på butikken, har eg stort sett sete med strikketøyet. Tidlegare i dag tok eg nokre bilete (ikkje i hovudsak for å leggje ut her, men kvifor ikkje), og eg har tru på at eg er ferdig til bussen går på tysdag, altså. ^^



Så langt har eg altså kome no. Legg merke til korleis kameraet rotar når det er litt lite lys og alt er grått. IPhone-en har ikkje det beste kameraet i verda, men greitt nok til å blogge og slikt. Det har vorte enno lenger no. På biletet der er det kring ein tredel av tenkt lengd. No er eg halvvegs.

Ikkje langt nok til meg, og ikkje langt nok til store-Yoshi, men litt i overkant for Lillegrøn og Lilleraud.




Jaudå. Søte, dei.

Dagens nynorsk ord: Å strikke | strikkar | strikka | har strikka.
Dagens lydspor: OL. Eg har ikkje høyrd noko musikk i dag, det har egentlig vore avslappande. ^^

Strikketøyet og dei søtaste pinnane

Her er det
Det særs omtala strikketøyet står no fram i sin ufullførte heilskap her på bloggen. Det har ikkje vorte så langt enno, men eg tenkjer det vert kring 180 cm før eg fell av. Eventuelt litt kortare, sidan det er ganske tjukt og breidt.


Og så var det pinnane
Desse pinnane var ei julegåve frå systera mi, som er hakket meir røynd i strikkesporten enn meg. Eg fekk garn, pinnar og oppskrift på "Det mykeste skjerfet", og det er eg no, etter prøving og feiling på patentstrikk, endeleg i gong med å strikke. Men det er strikkepinnane som tek kaka. I motsetnad til andre strikkepinnar som eigentleg er strikkestenger, er dette ekte strikkepinnar. Ein pinne er av tre, ei stong er av metall/plast.



Eg hugsar ikkje kva for type tre det er, men dei er utruleg lette, men verkar robuste og gode. Tuppane er kulerunde, blå og med kvite prikkar på. Som ein slags... Nintendo-sopp?

Dette skjerfet skal altså vere ferdig til tysdag kveld, då dreg eg til Trondheim. ^^

Når elsken er heitaste, er halve vitet burte

Ein almanakk utanom det vanlege
Ivar Aasen-almanakken er ein flott ting! I tillegg til å vere ein almanakk i den mest hendige storleiken eg veit om, får du eit lite ord av Ivar Aasen kvar einaste dag. Sjølvsagt er ordtaka vald med omhu, og på merkedagar (dei raude dagane) finn du relevante ordtak.

I dag er det både valentinsdag, morsdag og fastelavn, men det er valentinsdagen som har fått eit Ivar Aasen-ordtak til seg: Når elsken er heitaste, er halve vitet burte. Og meir rett kunne vel ikkje mannen hatt?

Slik går no dagan
Eg veit det sjeldan går ein dag utan at eg kvitrar noko, men no har det plutseleg gått fire. Utan at eg eigentleg veit kvifor. Eg har jo ikkje som mål å kvitre minst ein gong om dagen, men så lenge korkje de eller eg gret oss sjølve i søvn, så skal eg spare dykk for blogginnlegg om at eg ikkje har noko å blogge om.

Og om de ikkje har kjøpt valentinsgåve, morsdagsgåve eller fastelavnsgåve (kva gjer ein eigentleg på fastelavn?), så trur eg få ville kimsa av å få verdas dyraste spelkonsoll: Ein gullbelagt Nintendo Wii!



Konsollen er lagt i gull av Stuart Hughes, som òg legg andre spelkonsollar og mobiltelefonar osv. i gull og diamantar og gudveitkva. Denne konsollen er den absolutt dyraste han har laga, til ein nett pris av £ 299 995, eller kring 2,75 millionar kroner. Men ver rask - konsollen vert laga i eit opplag på tre!

Det er no eg har lyst på å starte Noregs fyrste spelblogg på nynorsk. Trur ikkje det finst.

Flyttregjøring og lunsj med Ivar Aasen

Kva er dette?
Hei, eg vil gjerne bestille flyttregjering!
Antakeleg skal det stå "flytterengjøring", men kvifor sjekke to gongar at reklameoppslaget ditt er korrekt? Dette er jo relativt vanskeleg å ikkje leggje merke til, særs når det står øvst. Litt dårleg inntrykk, liksom. Telefonnummeret gjev ingen treff om du søkjer etter det, så la ver med det.


Foto // meg.

Lunsj med Ivar Aasen
I dag hadde eg nokre timar fri kring storefri, så eg tok den lange, kalde turen bort til Vår Frelsers Gravlund på St. Hanshaugen i Oslo for å vitje grava til Ivar Aasen. Der har eg ikkje vore på halvanna år, og eg hadde glømt kor stor og flott gravsteinen til gamle Ivar er. Verkeleg. Eg måtte gå eit stykke unna for å få med heile.


Eg vil gjette av denne gravsteinen er to og ein halv meter høg. Minst. Den er enorm, og dominerande. Diverre ikkje på æresgravlunden saman med Ibsen og Bjørnson, men likevel flott og fint. ^^ Bakpå grava står det noko om det norske folk, men det var dekt til med snø, og eg tenkte eg ikkje skulle gå rundt og lage spor i snøen osv.. Dessutan kunne det jo sjå ut som om eg planla å velte gravstøtta. På framsida står det eit flott dikt.



Dikta på steinen er to håvamål på norrønt, og ikkje på landsmål eller nynorsk, for dei som lurte. Det fyrste kjente eg att frå norrønttimane i fyrsteklasse, og det betyr noko slikt som "Fe døyr, vener døyr, til slutt døyr du sjølv".

No søkte eg og fann ut at dette er Håvamål, kvede nummer 76. Her originalversjonen:
Deyr fé,
deyja frændr,
deyr sjalfr it sama,
en orðstírr
deyr aldregi,
hveim er sér góðan getr.


Les meir i Håvamål på Heimskringla.no.

Og så den nynorske omsetjinga:
Fe døyr, frendar døyr, ein sjølv også.
Men godt, fortent ettermæle varer ved.


Les heile nynorskversjonen Håvamål på oaks.nvg.org.

Dette passar jo perfekt! Ivar Aasen kunne jo ikkje leve i all æve, men han har eit godt fortent ettermæle som varar ved. Diverre er det mange som hatar vår kjære Aasen òg, men det er eit ufortent, dårleg ettermæle som etter Håvamålet ikkje vil vare ved, så vi får berre håpe det forsvinn snart, slik at alle kan skjøne kva for fantastisk og historisk nasjonsbyggar Ivar Aasen var.

Eg må likevel seie eg ikkje kjente nokon større nærleik til nynorsken eller Ivar Aasen då eg var ved grava hans, men det er no alltid ein ganske spesiell stemning på gravlundar.

Godmorgonkvitter!

Lydspor: The Dandy Warhols - You were the last high


1000
Tusen - det er talet på kor mange gongar eg vakna i natt. Kvar einaste gong eg vakna, såg eg på dei to siste sifra på klokka og tenkte at det sto "07" foran, og i så fall kor god eller dårleg tid eg hadde. Det var ikkje så gøy, altså... Men då eg faktisk skulle opp, mange timar seinare, var det ikkje noko problem. Så.. Her sit eg.

Eg er ganske oppslukt i Kjærleikens ferjereiser. Sjølv om eg slit litt med å halde styr på namn og slikt, så er det gode og gripande historier som vert fletta saman i den boka, som eg fyrst var litt misnøgd med. Hoem skriv nemleg fleire bokmålsnære ord, som "nå" og "sette", og aller verst "Norge", men han er jo frå bokmålsdelen av Møre og Romsdal, så ein kan vel ikkje seie han er anna enn eit produkt av samfunnet kring seg.

Moralen er: Ein Yoshi er aldri dumt.


Frå spelet Chop Chop NInja, når prinsessa vert forvandla til stein. Hihi.

Ljosande sol. Rist under bruk.




Strålande sol
Sola har snudd, vi går mot ljosare tider, kva er vel meir naturleg enn å spele Sigur Ros-songen Glósóli, som tyder nettopp ljosande sol? Vel. Humøret mitt vert utruleg påverka av vêret, så eg har sjølvsagt vore ein riktig gladgut den siste tida, med idylliske snølandskap i heile Oslo, og flott og fint. Men når snøen smeltar, går det litt innpå meg. Eg er jo januarbarn.

I morgon vert eg 19 år. Eg er altså ikkje fødd i februar, slik nokon trudde etter ein upresis uformulering frå mi side, men heilt i slutten av januar. Men då eg omtalte korleis livet mitt ville vere ein månad fram i tid, var det altså ikkje eit hint om at eg fylte år akkurat ein månad seinare, men at eg kom til å fylle år i den perioden. Men det var altså berre nokre dagar det var snakk om.


Muffins. Nokon som har eit godt norsk ord?
Foto: Meg.

Novel... Slik eg i desember venta på julestemninga som eigentleg aldri kom, sit eg no og ventar på bursdagsstemning. Det går opp for meg at eg aldri har vore mindre spent på ein bursdag enn denne. Kva det kjem av, veit eg ikkje. Men eg sit og høyrar på Sigur Ros og tenkjer over korleis ting burde vere. Kall det gjerne sjølvdestruktivt, for det er det.

Akkurat no er eg berre litt sinna, sidan eg har vore utruleg flink med å ete brødskive med leverpostei og drukke appelsinjus til frukost lenge. Kvar dag i fleire veker. Likevel vert alt svart om eg reiser meg for fort. Eg må gå til legen og sjekke dette snart. Skumle legen. Huff.

Nokon som forstår dette?


Desse illustrasjonane fann eg på ein tusj. Eg forstår illustrasjon 1 og 2 - rist og bruk, men illustrasjon 3? Rist under bruk? Javel...?

Merkeleg verd vi bur i, kva?

Min lille ponni seier: Roleg sundag

Kvilepuls
I dag har eg kvilepuls. Det har eg ikkje hatt sidan... eg hugsar ikkje når. Men det er iallfall utruleg digg akkurat no.

So kva er nytt.. Ikkje så mykje. Eg har fått meg ei gratis bok, ho heiter Kjærleikens ferjereiser, er skriven av Edvard Hoem og ser ut som ei artig bok. ^^ Var det ikkje ein lesar som tilrådde meg Hoem-bøker for ei tid attende? Eg meiner å hugse det. Vel, så snart eg er ferdig med dei tre bøkene eg held på med no, skal eg byrje! (Sjølv om eg meiner det aldri er dumt å "snu" når ein les bøker. Bøker kan òg vere dårlege. Det er litt som å skru av ein film og heller setje på ein annan.)

My Little Pony


Foto // meg.

Det var bra artig. ^^

Potetgull
Eg er så utruleg glad i potetgull at det er eit under at eg framleis er undervektig. Og det har no Yoshi-barna arva frå meg.


- Ånei, det er tomt. :C



- Oh nom nom nom
- Lolfail

Yoshi-barna er glade i leetspeek. ^^

Apropos det, så er det fleire som reagerer på at eg skriv ein del leetspeek på msn og til ein viss grad i daglegtale (særs når eg snakkar med andre leetspeek-arar) og meiner det ikkje går an å kombinere med ein iver etter å ta vare på det norske språk. Er det nokon av dykk som tenkjer slik? Eg har faktisk aldri tenkt på leetspeek som ein trussel mot norsk språk, heller tvert om.

Vi menneske er jo meistrar i å tilpasse språket vårt til ulike samanhengar, men for meg gjer det meg berre meir og meir trygg på språket mitt. At eg brukar ulikt språk i ulike samanhengar gjer meg merksam på skilnadene, det gjer meg meir bevisst på eige språk, både målform og målføre.

Men her på bloggen kjem eg nok ikkje til å skrive leetspeek, anna enn i muntleg språk, som til dømes replikkane til Yoshi-barna.

No er det KRIG!

Lite lesing i det siste
I juleferien for eit år sidan las eg tre bøker. I år har eg lese éi, og det var i skulesamanheng. Eg har sakna å lese, så difor stakk eg innom ein bokhandel for å sjå om dei hadde noko artig til meg. Til ein overkommeleg pris, så klart. Eg er litt med bøker som eg er med musikk. Eg vil ikkje stele, og å låne er ikkje heilt det same som å eige. Så billege småbøker passar meg godt.

KRIG!
... er ei bok av Knut Nærum, som er ein av mine favorittforfattarar. Boka er om lag 350 sider lang, eg byrja å lese tidlegare i dag og har kome til side 114. Det er med denne boka som med andre bøker av Knut Nærum - du vil at dei aldri skal ta slutt. Det er som Monster og En himmel full av stjerner, sjølv om han skriv om drap og krig og alvorlege ting, er det pakka inn i ein så utruleg syrleg satire at du berre må le likevel.

Meg og boka:


Dette er ei bok som både svinger og varmer i vinterkulda, for å bruke eit Slå på ring-omgrep.

"Kvitter.blogg.no - nynorskbloggen"?
Eg registrerer med gru at fleire bloggarar der ute omtalar sine eigne bloggar i bestemt form. Eg har sett både "tenåringsbloggen", "gaybloggen", "guttebloggen!" og "mammabloggen". I tillegg er det bloggarar som tør å omtale seg sjølve som "videobloggeren", "mammabloggeren", "guttebloggeren" osv..

Altså. Med over 1500 nye bloggar kvar einaste dag på blogg.no er det vel i overkant naivt å påstå at ein skriv "gaybloggen" eller "mammabloggen" osv.. Eller er det eg som overser ein annan uttrykksmåte? Hmm.. Det snør iallfall litt her og der før eg kallar bloggen min "nynorskbloggen" eller meg sjølv "guten som skriv på nynorsk". Eg kan gå med på at eg har ein nynorskblogg og at eg er ein gut som skriv på nynorsk, men ikkje i bestemt form. Neinei.

Ein Geni-strek

I går kveld
Ikkje at eg plar blogge så mykje om kva eg driv med om dagen, men det må eg gje meg lov til no. ^^ I går var det ein liten sosial samankomst her i leilegheita, for i går var det fyrste delfinale i Grand Prix, samt årets fyrste Nytt på nytt-sending. Huhei! Det bur ein liten MGP-skrulle i meg ein plass, sjølv om eg ikkje liker musikken eller er særskilt glad i glitter og glam, men i går var jo Keep of Kalessin med. Eg røysta på dei, og då dei gjekk av med sigaren og korkje Carew eller Lene Alexandra kom vidare, fekk eg litt av skulda her. Hoho. ^^

Og så til overskrifta... Eg må berre skryte litt, for eg vann i Geni i går kveld! :D Og eg er ganske stolt, sidan eg var yngstemann som var med. ^^ (Eg var òg den einaste som ikkje hadde drukke alkohol, men hysj-hysj...) Dette var folk som vanlegvis plar å spøke med vekta mi (eg er relativt flat), så eg tykte det var passande å kalle meg ein "Geni-strek", høhø. Eg sa det ikkje høgt, men eg skriv det her. Kjenn dykk privilegerte, kvitrelesarar.

Soosiz
Til lesarar med iPhone / iPod Touch, vil eg berre tilrå spelet Soosiz. Det kostar 6 kr og er både det søtaste og det beste eventyrspelet i App Store for tida. Rett og slett fantastisk søtt! Minner på mange måtar om ulike Super Mario-spel. :3

Bilete:








Her er det fleire verder med mange ulike brett, varierte motstandarar og superkoseleg musikk! ^^ Best av alt er at det er ganske vanskeleg, eg har berre kome til tredje verd og har spele i ei veke. :c Romzombiar er vanskelege å gjere noko med..,

Stoda for meg
Om ein månad er eg 19 år, men for fyrste gong på tre år utan arbeid. Eg har sagt opp sjølv, så det er ikkje så synd på meg. Men om det er nokon som har arbeid til meg i Oslo, så sei ifrå. Draumen er å arbeide i ein bokhandel eller på eit bibliotek. Huhu. :3

Elles har eg lese for lite i det siste. Eg held framleis på med En tid for alt av Karl Ove Knausgård og skal lese Min kamp 1-6 så snart eg får fingra i dei, men Knausgård er ganske tungt, og eg har litt mykje å gjere for tida. Så om nokon har tips til gode bøker (gjerne på nynorsk) som ein ikkje må lese i lange drag, men kan ta 10-15 minutt av her og der (som i eit friminutt på skulen, ein dotur, før ein sovnar, på bussen osv.), så kjem gjerne med det. :3

Ingenting?
Dette var eit innlegg som eigentleg ikkje handla om nokon ting. Det var ikkje meininga. Men så er det heller ingen som les bloggen min på laurdagar, så det gjer vel ikkje noko. ^^

Naken med klede på

Gårsdagen
... var ein fin dag. Dei siste dagane har eigentleg vore ganske flotte! Det har skjedd mykje artig, og eg skal ta ei lita oppsummering.

Simen har byrja å blogge igjen!
Plutseleg såg eg eit Talkiewalkie-innlegg mellom dei andre nye innlegga på Bloglovin. Akkurat då vi nesten hadde gløymd fyren, kom han på igjen! Diverre med dei triste nyhenda om at fisken Gumle er daud, men no er Simen attende, la oss feste. ^^

At nyhendet kjem like etter at Anders òg byrja å blogge igjen, gjer det berre betre. :3

Vi får ei ny nynorsknorm!
I 2011 kjem det ei ny nynorsknorm, 52 år etter den førre! Medan bokmålet har vorte oppe til diskusjon, forandra og forbetra fleire gongar sidan 1959, er nynorsken no overmoden for forbetring. Vi gler oss!

Meir nynorsk i Oslo
Her i Oslo er det for lite nynorsk, trass dei mange tilflyttarane frå nynorskstrøk, men no tek det seg opp! Desse sitata fann eg på Christiania Glasmagasin, midt i Oslo sentrum:



Når ein skal sitere Muhammed, kvifor ikkje gjere det på nynorsk? Rett og slett fantastisk utført! Like ved sidan av kunne ein lese dette:


Interessant.

Bokmål
Når eg tar bilete av nynorskskilt, er det berre fordi det er på nynorsk. Når eg tek bilete av bokmålsskilt, er det fordi det er latterleg teit. De som les bloggen må ikkje tru at Noreg er slik at alle nynorskfolk er perfekte og alle bokmålsfolk er dumme. Slik er det ikkje. Eg kjenner nokre hyggelege bokmålsfolk òg, og det finst jo dei som faktisk greier å skrive bokmål. Men dei arbeider sjeldan i butikk.


God kveld og hu og hei! Eg sleng med eit bilete av soppkosedyra i vindauget på Outland i Oslo.



Ting som gjer Vegard frustrert

I serien ting som gjer Vegard frustrert har vi no kome til folk som legg lista lågt for å skrive nedsetjande om nokon.

Folkekjære Jan Thomas
Å vere ein offentleg person i Noreg er ikkje lett, for det er mange som ikkje tenkjer seg så godt om før dei sleng seg på ei bølgje av drit som flommar mot ein eller annan kjendis, eller toppbloggar eller eit eller anna. (No er det slutt på slike rare metaforar).

Jan Thomas er ein av dei nordmennene som har måtta tole den verste kritikken det siste året, mykje på grunn av hans lille popstjernekarriere med singelen Get up and dance. Eg kom her om dagen over eit blogginnlegg kor Jan Thomas vart kritisert for å gjere ting han ikkje kan og at han for faen var stylist og ikkje popstjerne. Singelen fekk slakt i alle aviser og vart parodiert opp og ned og att og fram. Jan Thomas fekk kritikk frå aust og vest for å vere teit, synge dårleg, nytte for mykje autotune, blablabla. Kritikk var det og kritikk vart det.

p1010798
Jan Thomas med singelen i handa. Foto // meg.

Geniale Jan Thomas
Dei som kritiserer Jan Thomas for å prøve seg som popstjerne kan umogleg ha tenkt to gongar. Eg tykkjer Jan Thomas er ein genial mann som har utnytta kjendisstatusen sin til fulle. Han har nemleg ikkje tent ei krone på salet av singelen, alt har gått til Kreftforeninga. Kven kunne ha gjort noko liknande om ikkje Jan Thomas? Ein ufrivilleg kjendisstylist som kom attende til Noreg etter å gjort karriere i USA møter berre kritikk og kritikk kor enn han snur seg. Men kva gjer han? Han nyttar denne kritikken og kjendis til å nå måla sine. Genialt.

Har du tenkt over at Jan Thomas eigentleg har utnytta alt som heiter kjendisjakt i aviser og media for å samle inn masse pengar til Kreftforeninga? All negativ omtale av singelen hans har berre gjort inntektane større, han har fått gratisreklame i alle medium og vore på alles leppar. Det dei eigentleg har gjort, er å gje pengar til Kreftforeninga.

Eg er ikkje samd med Jan Thomas i alt han meiner, men han er eir førebilete for meg på mange måtar. Mange utnyttar kjendisstatusen sin til å kome på premierar, kome på TV, få slengt andletet sitt opp over alt, få platekontrakt, gje ut bok, tene pengar osv.. Dei tenkjer berre på seg sjølv. Men Jan Thomas, han er ein av dei som har nytta kjendisstatusen sin til å gjere noko flott. Og det er ikkje noko å kimse av.

Ikkje sleng drit om Jan Thomas. Då får du sikkert kreft.
p1010820
Jan Thomas var ikkje så heldig med dette biletet. Men eg diggar det. Kanskje det er den ustelte hårtusten framfor kameraet som gjev han fnatt. Foto // meg.

Nynorskteater. Herleg.

Det (ny)Norske Teater
Visste du at det ligg eit nynorskteater midt i Oslo? Som kvart år har ei rekkje fantastiske oppsetjingar som Oslo-folk og andre valfartar for å sjå? Kor alle skodespelarane snakkar nynorsk eller nynorsknære dialekter? Vel, det gjer det! Det heiter Det Norske Teater, og folk som er medlem av NMU får rabatt. :3

Dei siste dagane (vekene?) har eg og dei fleste andre tredjeklassingar i Oslo vore og sett oppsetjinga av Jesus Christ Superstar, gratis med DKS (Den Kulturelle Skulesekken). Og domen er: Fantastisk.

Alle replikkar, songtekstar og all anna tekst i stykket, var på nynorsk. Det var faktisk ein del skilt og slikt, kor det sto ting som "Riv murane!", "Dra til helvete!" og "Fuck Pilatus! Fuck Pilatus! Fuck Pilatus!" (her reagerte eg på at dei ikkje nytta den norske varianten "føkk"), og alt var nynorsk. Likevel sit tusenvis av Oslo-ungdom i salen og elskar det. ^^ Herleg, herleg.

Det står òg ei byste av Ivar Aasen i vestibylen, noko eg ikkje hadde lagt merke til dei andre gongane eg har vore der. Eg må ordne eit bilete av meg framfor den bysta ein gong.

Eg finn nokre bilete på Google:



Er det éin ting eg skal setje fingaren på, så er det magen til von Helvete. Eller, eg vil eigentleg ikkje setje fingaren på det der. Altså. Nei. Udigg.

Nynorskteater? Ja. Ja? Ja?! :D

Sigur Rós må lage ein song om dette

img1167
img1166
Eg høyrte på Sigur Rós då eg skreiv dette innlegget.

Sjuk i dag
I dag er eg heime og har lite å gjere, så eg sit og les slutten av Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda. Ei utruleg fin bok som eg må levere på biblioteket i dag. Ein fordel å ha lese ut boka før ein leverer ho frå seg. Mhm. Men det er ikkje dét Sigur Rós burde skrive song om.

Det var under frukosten eg kom til å tenkje på noko kjempeviktig eg ville dele med dykk i dag. Eg er så stolt av meg sjølv når eg har litt feber, for då kjem slike tankar ofte. Fantastisk å ha nokon å dele det med. Dette er eit innlegg eg kjem til å vere stolt av.

Eg åt brødskiver med egg og kaviar. Mmm.. Godt. Men det slo meg ein gong at eg alltid har kaviaren under egget. Dette har andre kommentert som både rart og merkeleg, og eg har tenkt over dette når eg har vore i kantiner og liknande og sett ferdigsmurte skiver med egg og kaviar eller sett andre lage seg skiver med egg og kaviar, eller ha det i matpakka. Då er alltid kaviaren oppå egget! Kvifor?
img1175
Eg ser ikkje det store poenget.

Eg har kaviaren under egget slik at kaviaren skal fungere som eit slags "lim" og hindre egget i å skli av skiva, noko som fort kan skje om ein sit på skrå og les i ei bok. Sjølv om smøret (ein må jo ha smør) òg fungerer som eit slags "lim", er det ganske dårleg på egg, særs på dei eggskivene som ikkje har noko plomme, men berre er glatt eggekvite. Smøret hindrar på ingen måte eggeskivene i å skli av brødskiva. I alle høve ikkje like godt som kaviaren gjer. ...om du legg kaviaren under, så klart!

Det er sjokkerande vanleg å ha kaviaren oppå egget. Det ser jo utan tvil best ut, men det er mest upraktisk. Eg googla litt og fann ut at på alle bileta i Facebook-gruppa "Egg og kaviar på brødskiva!" er kaviaren oppå egget. Er det verkeleg berre meg i heile Noreg/verda som har kaviaren under egget?
img1178

Sånn, det vart to skiver på meg. Ein med kaviaren oppå og ein med kaviaren under. Eg merka ingen skilnad i smak, eigentleg, men eg må verkeleg seie at skiva med kaviaren oppå ser meir innbydande ut! I forhold ser jo skiva med kaviaren under berre keisam og rar ut. Stusseleg. Likevel er det jo mest praktisk å ha kaviaren under.

Løysinga må då bli å unngå å ha eggeskiver utan plomme i kantane av skiva og omringe dei med eggeskiver med plomme, slik at ein tryggar seg delvis mot at egga sklir av. I tillegg kan ein jo unngå å halde brødskiva på skrå.

Eg er litt glad eg er sjuk berre nokre få dagar i året, slik at det ikkje er kvar dag eg går glipp av sidemålstentamen og kan vere heime og kose meg med slik nyttig og viktig kvardagsproblematikk. Sigur Rós burde lage ein song om denne problematikken. Eg er ikkje så god i Islandsk, så for alt eg veit kan dei ha laga det allereie, eigentleg. Menmen.

Handelstand, is, dialektpris 2009 ++

Lydspor: Nordpolen - Skimret


Handelstanden er imponerande effektiv

Eg har no kjøpt is i november, berre fordi det kosta 3,50 kr. Mhmm.. Og eg er eigentleg ikkje så glad i kapitalismen. Men sjå kva han fekk meg til å gjere. Om du ser godt etter, ser du at fingrane er blå.
img0953
img0954
Smaka godt, då. Sjølv om det ikkje er heilt det same som sandwich-isen..

Nokon forventar ei auke i Twist-salet..
img0947
img0949
img0948
Dette er seriøst ein pall med Twist-poser. Eg fekk ikkje vidare lyst på Twist, men..

Dialektprisen 2009 går til...
Eli Kari Gjengedal!! Eg trur eg skal skryte på meg å vere nesten fyrst til å skrive om dette! Eg finn berre at Norsk Målungdom (som gjev ut prisen) har skrive om dette før meg! Huhu! Her er nokre bilete:
img0964
Eli Kari Gjengedal (t.v.) mottek prisen frå Maria Svendsen, leiar av Norsk Målungdom.
img0968
img0966

Eli Kari Gjengedal er kjent for til dømes denne vêrmeldinga:



Dialekt - må ha det, berre må ha det. ^^

Vinter - fordi det berre er digg

Vinterbarn
Eg er fødd midtvinters og elskar vinteren. :3 Og for meg er vinter snø. Snø, snø, snø! Eg vonar eg kan stå opp til ordentleg snøvêr i morgon. Mihihi. ^^ Her er bilete!

img0943
img0944

På Nordpolen
Eg har leita og leita etter ny musikk, og så kom eg over denne CD-en på Platekompaniet. Dette er fantastisk, svensk elektropop. Ein svenske, hans fyrste album. Pelle Hellström. Min nye vintergud. ^^

Grådig stilig framside!

Høyr på albumet på Spotify, kjøp det på iTunes, Platekompaniet - kva som helst. Det er rett og slett kjempebra. Særs låtene Skimret og På Nordpolen.

Sånn, no kan eg nyte vinteren. ^^

Og i morgon er eg ferdig med heftig svært arrangement på skulen, så då kan eg kanskje endeleg få byrja på innlegga om å byte til nynorsk - kvifor og korleis, og ikkje minst korleis det har påverka dialekten og bokmålet mitt. Men er det eigentleg nokon som er interesserte i å lese om det? :p

Eg køyrte forresten heis i dag. Ikkje kvar dag! I heis er det nesten alltid spegel. Spegel er alltid bilete for ein blogghore, har eg skjønt.
img0950
Er eg blogghore no? :C

OnePiece? Eg berre nemner det...

OnePiece/Kosedress
Eg skal ikkje ha noko "Hot or not"-innlegg, seie kor stygt eller pent eller rart eller fælt eg tykkjer det er, her skal du få eit originalt innlegg om OnePiece-plagget alle snakkar om. Jess.

Eg skal ikkje skrive noko sarkastisk.
Eg skal ikkje skrive noko sarkastisk.
Eg skal ikkje skrive noko sarkastisk.

Eg berre nemner det:
bilde 5
bilde 7

God jul.

No kjem nattefrosten

No kjem hausten og snart vinteren med nattefrost, kald vind, nedbør og heile pakka som litt for mange månader i året gjer Oslo til ein by ein ikkje klarar seg i utan stilongs og innlagt varmt vann.

Er det då fælt av meg å tenkje at no forsvinn dei endeleg, desse aust-europeiske tiggarane som har plaga oslos uteliv dei siste åra? Bør eg ha dårleg samvit for å tenkje slik?

Ja, det trur eg kanskje. No står eg innafor døra og skriv dette på mobilen min. Eg har pakka meg inn i dei varme kleda eg fann - ein fora hettegenser og et skjerf, eg dreg ermene nedover fongrane og skjerfet skulle oppover andletet.

Ute er det nemleg billeg snop på Narvesen, og det skal vi visst ha i kveld.

Eg dreg ut i kulda etter snop, hiv på meg noko varmt, bit tenna ihop og går. Kjenner eg ikkje litt meir medkjensle for rumenarane som dreg frå barn og familie for å karre til seg nokre kroner i Noreg i dei tre månadene dei får vere her? Jo. Dei få kronene nokre få av oss kastar i Deli de Luca-koppane deira er nok til å leve på ein stund, det hjelp når kulda kjem.

Eg har fleire gongar gjeve litt pengar til rumenarane. Ikkje direkte, men ved å setje tomflaskar ved sidan av søppelkassa istadenfor å finne ein panteautomat. Kan eg ha samvit til å glede meg over at dei forsvinn samstundes som eg let panten min stå att av pur latskap utan å tenkje på miljøet, fordi eg veit at nokon kjem og tek flaska?

Kven skal pante flasker i desember? Den krona er kanskje ikkje verdt så mykje for deg, men tenk på dei som elles går og grev i søppelkassene. No skal eg ha snop, eg skal ut i kulda ein tur for å kome attende med ei lita skattekiste.

Det er litt v det same, er det ikkje? Om eg ser ein rumener medan eg er ute, skal eg ta bilete og poste etterpå

Det er så lite som skal til

Surrrrpriiize happhynez
Denne veka har vore ein konstant nedtur, men altfor mykje å gjere og plutseleg så utruleg mykje å tenkje på. Eg opplevde det som sjukt korleis enkelthendingar kunne få meg til å grave opp så mykje aggresjon, vonde minne og sinne, og eg har brukt mykje tid på å tenkje over korleis ting kunne ha vore. Det var ei stor hending som utløste denne nedturen, og eg har problem med å sove om natta fordi eg vert så sint av alle tankane som melder seg kvar gong eg har fred til å tenkje.

Men nokre ting må jo gjere at eg kjenner meg litt betre. No har eg freista å få tankane over på noko anna, men dei kan ikkje dyttest vekk, dei må verte rivne vekk. Og her er ein ting som gjer det litt betre i eit par sekund.
img0601
Ikkje nok med at det er ein Zoo-butikk og ikkje ein dyrebutikk, det er òg opphørsalg og ikkje opphørssalg, og kvifor ta seg bryet med å skrive firbente når ein kan skrive 4bente? Credz for bindestrek, iallfall!


Men i dag vart ting òg litt betre då eg sto og venta på bussen. Og samanlikna med den store hendinga som har gjort med nedtrykt denne veka, så var dette ekstremt lite. Eg hadde nokre minutt å vente på bussen, det regna og eg hadde ein stor paraply. Det står fleire på haldeplassen, men eg er den einaste med paraply. Etter eit minutt kjem det ein mann bort til haldeplassen. Han er kanskje 1,70 m høg, litt tettbygd, har stor jakke på seg og er afrikansk. Han kjem bort til meg og spør om han kan få litt ly for regnet. Så klart, paraplyen er meir enn stor nok for oss båe, så eg lagar plass til han. Han spør om eg skal inn mot sentrum eller andre vegen, og eg seier eg skal andre vegen. Han seier han er frå Afrika og ikkje snakkar så mykje norsk, eg seier det er ok og så står vi der utan å seie noko i eit par minutt.

Og eg kjenner at denne hendinga gjer meg glad. Her er det ein vilt framand kar som kjem bort og spør om noko heilt naturleg, heilt vanleg, heilt daglegdags - sjølvsagt kan vi dele på paraplyen min når det regnar, og paraplyen er stor nok for oss båe to. Kor mange nordmenn som har vekse opp i jantelandet Noreg hadde spurt om det? Han såg utruleg snill ut, men kan det ha vore noko ved meg som fekk han til å spørje om han fekk stå under paraplyen? Såg eg ut som om eg ville dele?

Det varma, på ein merkeleg måte, og no kjenner eg meg betre enn eg har gjort på fleire dagar. Tenk - berre ei sånn lita hending skulle til! Litt medmenneskelegdom - det er vel ikkje for mykje å be om?

Eg vil òg rette ein takk til dei som meir eller mindre frivillig har vore hobbypsykologar denne veka. Set pris på dykk!
hits