Alle innlegg i kategorien Kortkvitter

Og der heile tar form av eit dikt

På Blindern får vi ofte utdelt såkalla "støtteark" til forelesninga. I morfologi og syntaks er det ofte ei rekke eksempelsetningar å lesa, av og til liknar dei små dikt av Jan Erik Vold.

Tru meg, det er faktisk ein heil del å lære her. Berre set i gang.

På med nisselua, no...

Då eg vakna i dag, gjekk eg ut i stova og fann Storesvarten i kontorstolen til kjærasten min. Nokon hadde sett på han ei nisselue. Han såg ikkje så nøgd ut.



Kva slags statement er dette, trur du? Eit ungdomsopprør? "Eg vil òg vere med i julekalenderen!"?

No har eg for øvrig juleferie på ordentleg. Juleavslutninga med korpset var i går, så no har eg tom timeplan fram til eg skal jobbe litt meir i romjula. Tjohei. Eg får vel ordne julegåvene, då.

To små spørsmål

1. Bruker du bokmålsordlista mi?
Ho er nemleg ganske artig. Ho er der for å vise veg i bokmålsjungelen, ho er ein los til det artige og altfemnande ordtilfanget. Sjølv om få/ingen sjeldan/aldri bruker nokon av orda i ordlista, tykkjer eg det er artig berre å vite at dei er der.

Neste gong nokon kritiserer nynorsken for å vere stappfull av valfridom, så kan du svare at det same gjeld bokmålet, og at det er samnorskpolitikarane som har skulda, ikkje nynorskbrukarane.

I framtida vil alt bli mykje betre.

2. Manglar vi eit ord som "bleikfeit" om tynne folk?
Eg er absolutt det ein vil kalle kvit og tynn. Kvite og tynne menn er ikkje uvanlege å sjå, vi er ikkje få, men det er jo reint stovereint å mobbe oss. (Merkeleg at den krittkvite hudfarga ikkje får vere med i den fargerike fellesskapen, men vert mobba inn i solarium). 

For tjukke, bleike folk har vi eit samleomgrep: Bleikfeit. Har du eit forslag til eit tilsvarande ord for bleike, tynne folk? "Bleiktynn" har ikkje heilt same negative tone. Der "feit" er utelukkande negativt, kan jo "tynn" vere positivt. Kva for ord med utelukkande negativ tone har vi om tynne folk? Rangel?

Bleikrangel? Er eg eit bleikrangel?


Volleyballbanen, kor eg gjerne vil vere "bleikrangel" utan å få blikk.

I alle høve.. No har eg lasta ned massevis av Podcast-ar på iPhone-en. Morgonkåseri, 20 spørsmål og Språkteigen (etter tips frå ein hyggeleg lesar frå Østfold/Austfold), så eg skal finne sol på taket og prøve å gjere noko med bleikrangelkroppen før sommaren kjem. Eg orkar ikkje endå ein sommar kor eg må dekkje meg til.

Nokre medieklipp

DinSide skreiv ein artikkel om at innbyggjarar i Barcelona ber turistane kle på seg. Ikkje berre måtte dei sjå bar hud på stranda, turistane gjekk omkring i badeklede i heile byen! Så dei sette opp nokre fine skilt.

Illustrasjonsbiletet står så utruleg godt til den store reklamen.


Jobb i USA?
Du har sikkert sett ein sprettoppannonse eller tusen for sider som tilbyr seg å hjelpe deg med å bu og arbeide i USA. Denne her tok kaka.

Skal ein arbeide i USA, bør ein vel gå ferdig skulen i Noreg først. Det kan jo hende dei bruker skrivefeil som blikkfang, men det ser mest ut som om nokon i utlandet har kjend nokon som kjende nokon som kunne litt norsk.

Bokstøtte, kaffekrus, hipp som happ
Eg fann dette reklamebanneret på Pondus.no. Sjekk dei utruleg fine kaffekrusa, og dei råstilige bokstøttene!

Trykk på biletet, så sprett det opp!

No er det vel på tide å dra på skulen.

Milan Stankovic (Thommasen-Bratland?)

Oppdatering: Attrå, attåt, særskilt, oppgiving, juge og nokre fleire ord er lagt til i bokmålsordlista mi.

Som kjend har eg ikkje for vane å kvitre om kjendisar og nyhende, men i dag gjer eg eit unntak for å stadfeste regelen.

Eg har no sett kva svenske musikarar og ESC-entusiastar har å seie om årets bidrag i Eurovision Song Contest, eller Melodi Grand Prix - som er det mindre pene, halv-norske alterantivet. Det er heilt obligatorisk for meg å vere interessert i dette, og eg har sjølvsagt høyrt alle låtene allereie. Det var verkeleg ingen som stakk seg ut, og må eg plukke ein favoritt, må det vere Sverige.

Men nok om det! Vi må ta ein titt på bidraget frå Serbia, framført av Milan Stankovic. Eg greidde ikkje tenkje anna enn at om Mariann Thommasen og Erlend Bratland fekk ein son, hadde han sett slik ut:






Seriøst. Mariann Thommesen og Erlend Bratland. Lang veg.

Og her er songen, for dei nyfikne.

Trådlaus vev og "nymåla" veggar

Eg var litt utafor sentrum og venta på bussen og tenkte eg skulle sjekke om det var nokre opne, trådlause nettverk i nærleiken. Det var det ikkje, men det var ein trådlaus vev. Hihihi, eg smilte...



Eg var igjen innom grava til Ivar Aasen på torsdag. Det er ei så vakker grav! Og kjempeflott vers frå Håvamål. Kva eg gjorde på Vår Frelsers Gravlund er ei anna historie. Ein ven av meg skulle gjennomføre eit "stunt"-prosjekt saman med andre frå skulen. Så eg sat der i nær to timar, ikledd ein kvit kjortel og delte ut lappar med små vers om liv og daud. Det var ganske artig, men litt kjølig.

Grava var så fin i sollyset. Ivar Aasen skal visstnok ha vore ein liten, sær fyr. Det er rart å tenkje på at han er opphavet til målforma eg skriv på. Utan han, hadde kanskje alle skrive dansk (som han sjølv gjorde)? Ivar Aasen var ein enkel kar, difor håpar eg at nynorsken igjen vert eit enkelt språk når den nye rettskrivingsnorma er ferdig neste vår.



Eg tykkjer ikkje denne stolpa ser særskilt nymåla ut? Nedst på lappen står det rett nok "VEGGEN", svakt med penn, men dette var på ei stolpe på eit parkeringsbygg, og det var ikkje nokon vegg i nærleiken. Rart.



I dag har eg delt ut masse russekort, og eg må seie at det generelt er langt hyggelegare å gje russekort til jenter enn til gutar. Seriøst. Gutane seier sjeldan takk, jentene plar til og med å neie!

Kortkvitter frå skulen

Eg sit no på ein skule-PC, utruleg nok, sidan eg ikkje har med meg MacBook-en i dag, då eg ikkje trong han i noko fag. Skule-PC-ane køyrer Windows 2000 eller noko slikt, og dette innlegget er skrive i Internet Explorer 7. Eg kjenner meg gamal.

Okæj. Sidan eg ikkje heilt hadde noko på hjartet eller har moglegskap til å fylle dette kvitteret med bilete, teikningar og andre ting, kan eg fortelje om ei hending i går.

Eg gjekk heim frå skulen, og då eg var nesten heime, ropte tre små gutar frå andre sida av bilvegen. "HAR DU RUSS??! KAN VI FÅ RUSS!!?". Eg freista å signalisere at det var mange bilar som køyrde i høg fart mellom oss og at det var litt vanskeleg å få til, men dei maste og maste. Så slutta plutseleg straumen av bilar, og gata var tom. Eg tenkte "Jaja, eg kan vel vere litt grei", og sprang over gata.

Dei tre gutane, som må ha vore 9 eller 10 år, sto med kvar sin sykkel og flokka seg kring meg. Eg opna lomma med russekort, som er frampå, og freista å få tak i tre kort. Eg fekk visst berre tak i to, så eg heldt dei fram med den eine handa og grov i lomma med den andre. Den eine guten strekk frem henda og tek båe korta, snur seg og syklar vekk. "Hei, du kan ikkje ta båe korta! Gje det eine til han der!" seier eg, men han sykla vekk og lo høgt. Dei to andre ser vonbrotne på meg, eg seier dei får ta korte frå han, men dei seier han ikkje deler. "Javel, nokre barn er slemme"; tenkjer eg og tek opp to kort til, igjen held eg dei med ei hand, slik at dei stikk i kvar si retning. Handa heldt eg midt mellom dei.

Og kva gjer den andre drittungen? Jo, han gjer akkurat det same som den førre! Grip tak i båe russekorta, snur seg og syklar vekk. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere, han hadde jo nettopp kalla den andre guten frekk og slem! Eg seier høgt at han ikkje kan gjere sånt og ber han gje det eine kortet til den siste guten, men han berre snur seg og syklar ned til den første guten. No sto eg att med éin gut, med dei største bambiauga verda har sett. Så eg ga han eit russekort og forlot åstaden.

Sånn greidde tre gutar å ta fem russekort av meg.

Utakknemlege drittungar, altså. Eg forbannar alle som set slike barn til verda.

Attende-frå-Køben-kvitter!

Eg gjekk rett frå båten til skulen, og no sit eg i storefri og kvitrar litt før eg skal ut i det fine vêret og nyte ein is! (Eller i alle høve ein kaffi). De trudde kanskje at eg som nynorsking kom til å mislike København (Københamn?), men neidå! Det var ein flott by! Eg har jo vore der før, men ikkje på mange år. Eg har teke mange fine bilete av artige hus, gatenamn, skilt, statuar og liknande, men dei får eg ikkje overfør før eg kjem meg heim i ettermiddag.

Eg fekk til å laste opp dei få bileta eg har teke med iPhone-en. Mykje artig, heng med:


København må vere den flataste byen eg nokon sinne har sett. Det var så utruleg flatt! Det gjorde jo at kjempemange valde å sykle. Difor er det mange stader slike skilt. I Oslo markerer vi kvar ein ikkje kan parkere bilen, i København markerer ein kvar ein ikkje kan parkere sykkelen. 



Skub døren!



Stikkontaktane på hotellrommet såg ut som smilefjes. Kor søtt er ikkje det? Vi trur den nedste greia er til ei form for jording, men ein kan aldri vite med danskane.



På båten heim, sat det to stykk på bordet ved sidan av oss og åt. Vi trur dei var italienske, men dei snakka så lite. Mannen hadde ein krokodilleting i lomma på jakka. Eg tok bilete då dei reiste seg for å hente meir mat frå buffeen. Huhuhuhuu...



Skal du ha brus på boks? Då må du bestille ein dås!


Sånn... Eg skal få lagt over bileta frå det ordentlege kameraet mitt seinere og blogge litt meir om artige språkting i Danmark, og eventuelt litt meir.

Har de hatt ei god helg? Det har i alle høve eg. ^^

Sidemålscookies

Restane frå dagens heildagsprøve i sidemål.


Dette er ein tradisjon eg byrja med i fjor. Cookies på sidemålstentamen, òg kjent som sidemålscookies. Nom nom nom. To igjen. Gjett kven som skal få.

Eg skal love deg at dette lagar litt stemning med sjokoladecookies på sidemålstentamen! Store bitar av sjokolade, herleg kjeks... Om dette ikkje vert ein schlager på skulen din, må du gå på ein særs merkeleg skule.

Eg trur forresten at


... eg må ta ein tur til frisøren. Eller kva trur du?

Alt du treng er ein Yoshi



Grans brus med fruktsmak smaka forresten sitron, eple og appelsin.

Nokon som veit kven som har laga denne?

Eg finn ikkje ord for kor episk denne er. Kvar får ein evna til å lage slikt? Eg vil finne opphavsmannen og gifte meg med han.


Kortkvitter om strikketøyet

Merkeleg etterspurnad
Då eg skreiv at eg skulle vekk og strikke i slutten av eit innlegg, var det fleire som spurde om kva eg strikka på, og ein sa eg kunne lage eit eige innlegg om det. Så då gjer eg det no.

Eg strikkar skjerf. Grått, patentstrikk.

Tenkte eg kunne ha med eit bilete av meg som strikkar. Eg har ikkje Mac-en min her akkurat no, eg sit på ein lånt mini-PC, og det innebygde kameraet er heller dårleg, men ja: 



Slik ser det ut. Det er ikkje så langt, men langt nok til å gå utanfor biletet. ^^ Det går kanskje eit par centimeter utanfor kva kameraet fanga opp, altså. Skal ha det ferdig til tysdag kveld, satsar på at det er ferdig ein stund før, altså.

Eg må for øvrig lage eit eige innlegg om strikkepinnane. Som de så vidt kan skimte i biletkanten, er det blå tuppar på pinnane. Desse pinnane var ei julegåve frå systera mi, og det er dei søtaste strikkepinnane eg nokon sinne har sett. Dei er utruleg artige. Det kjem altså eit eige innlegg om dei. Hurra for det!

No, fekk de svar? ^^ Det kjem sjølvsagt klednadinnlegg ("outfitinnlegg") når eg er ferdig med skjerfet.

Oppdatert toppbilete, gitt. Hoho

Attende til kvardagen
Vi gjer som Rimi og går attende til kvardagen. Sjølv om romjula ikkje er over før på onsdag, er kvardagen i gong igjen i dag. Folk har skule og arbeid å gå til, og eg har ikkje tenkt til å tvihalde på julestemninga (som aldri kom), så eg har teikna eit nytt toppbilete. Hurra for meg!

Som om ikkje det var nok, fekk eg plutseleg djup innsikt i kvifor eg nokre gongar tenkjer så dumt som eg gjer, då eg var på veg heim frå skulen i dag. Det var ganske spesielt, men eg seier då ikkje nei. ^^

Og no arbeider eg med dagens luke i romjulskalenderen. Så det, så. Som om ikkje det var nok at eg i det heile gjer det, skal eg i dag lage noko meiningslaust og snålt de sjølv kan ha på bloggane dykkar! :3

Og eit bilete, berre for å ikkje gjere dette kvitteret meir keisamt enn det er:


Eg har sjølvsagt teke og redigert biletet sjølv. Så det, så.

Dialektsproblematikk

(Nokon som kan svare på om det er rett bruk av fuge-s i overskrifta? Eg er usikker...)

Kortkvitter:
Det har gått opp for meg at dialektordet "liggebesøk" ikkje har nokon seksuell tyding, men er det same som eg kallar "overnatting". Eg trudde lenge at desse innlegga om "liggebesøk i går" og "nå drar jeg på liggebesøk!" var i same gate som desse "jeg er unge og blogger om sex<3"-bloggane og berre var overdriven utbrodering av eige sexliv. Men så såg eg plutselig overskrifter som "Charlotte Isabel og Maja-Irene kåmmer på ligge besøk <3 <3", og då måtte eg berre inn og sjå kva faen det var for noko.

Eg skuldar på dialektsproblematikk. (Og eg har lenge trudd at slike venskap som i hovudsak er for seksuelle eksperiment var litt vanlegare enn det er. Eller noko slikt.)

Jaja, slik kan det gå. For at dette kvitteret ikkje skal bli så altfor kort, kan eg jo fortelje om noko liknande. Men fyrst eit bilete.

Eg testa zoom på kameraet mitt. Huhu. Dette var altså før snøen kom til Oslo.

Dansk er rart
Eg var typ 11 år og på fjelltur med foreldra mine og bror min. Det var ein slik organisert tur med los ("guide") og slikt, og vi gjekk i gruppe med framande. Blant dei framande var det nokre danskar, som naturleg nok drog til nabolandet for å gå på fjelltur.

Mot slutten av turen kom vi til ei større hytte som hadde både postkasse og kiosk og fin utsikt, så vi kjøpte postkort og sat og skreiv på dei. Så snur ein av danskane seg til meg og spør "Må ig låne din penn?" og smiler og ser på pennen min. "Kva i helvete," tenkjer eg. Ho må jo ikkje det, ho kan fint ta sin eigen? Eg ser skremt ut og svarar "Eh.. neei? Du måå ikke?".

Resten var berre kleint. Greia her er at danskar tydelegvis seier "må" der nordmenn seier "kan". Så "må ig låne din penn?" tyder "Kan eg låne pennen din?". Ikkje så lett å skjøne.

No skal du få dele liknande historier med meg! :D (Om du har nokon.)

Likskapar

Deja vu?
Det er mange offentlege profilar ein tenkjer at ein har sett før. Eg fekk tips om denne likskapen:


Om vi berre tek på han litt grøne klede, sverd og skjold, så får vi:



Utruleg.

God helg.

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits