Påskekrim 2012: Første episode!

05.04.2012, 15:35, 8 har kvitra att

Gode lesarar, gamle som nye! Kva er vel ei påske utan påskekrim på Kvitter? Sikkert mykje det same som ei vanleg påske, men ikkje for meg. Derfor har eg i år som i fjor og året før (kan eg no kalle det tradisjon?) laga påskekrim for dokker!

Hovudpersonane er som vanleg Yoshi-barna, og i motsetning til meg seier dei "me" (korrekturlesinga av krimmen har derfor stort sett gått ut på å luke ut "vi"-ane). Dei snakkar som vanleg med kløyvd infinitiv og har tatt i bruk dei nye pronomenformene dokker?dokker?dokkar.

























Åneiånei! Kven kan ha stole påskeegga deira? Følg med, dei mistenkte blir presentert i neste episode som kjem om ca. eit døgn.

Glad påsk til alla!

8 attkvitter

Marta

06.04.2012 kl.00:13

Plutseleg fekk eg ein grunn til å gjera noko anna enn å berre sova vekk heile påskeferien. Hurra!

Søs

06.04.2012 kl.01:43

Yay! :D

Jørgen

06.04.2012 kl.09:25

Ler og ler. Du er genial, kjære.

Þormóðr

06.04.2012 kl.10:35

Haha, mange lure detaljar.

Vegard

06.04.2012 kl.16:06

Marta: Hurra! Håper det er verdt å lesa på. ;)

Atir

06.04.2012 kl.16:06

Kosli!

Vegard

06.04.2012 kl.16:07

Þormóðr: Prøver vel å vega opp for ei litt tynn handling. ;)

Marta

09.04.2012 kl.20:26

Næmmen, endå ei Marta? Kor kjekt! ^^

Nei, apropos det Storesvarten seier, eg må ærleg innrømme at det har vorte lenger og lenger mellom kvar gong eg hugsar å sjekke bloggen din. Diverre. Eg hugsar alltid på det, på eitt eller anna tidspunkt, men ikkje like ofte som før (dagleg). Men no har eg jo ein grunn eller to til at det er over ein månad sidan sist (gisp!), klassetur til Kina på 2 1/2 veke + påskeferie der eg knappast hadde tid til internett, inklusive vore på hytte utan nettdekning. Godt, i grunn (fordelen med ikkje å ha Facebook: eg fekk ikkje abstinensar på dét medan me var i Kina, slik som nokre andre x) ).

So no har det gått usedvanleg lenge utan at eg har sjekka bloggen din, men vart jo overraska med ein heil påskekrim då eg titta innom! Slikt vert ein glad av =)

Må seie det vert spanande (altfor lenge mellom kvar gong eg finn nokon som skriv dét i staden for "spennende/spennande) å lese dei andre episodane!

P.S.: Kven skulle forresten trudd det var so vanskeleg å finne kinoen i Drammen? Spesielt sidan me hadde vore der tidlegare på dagen! Me må ha gått forbi kinoen fleire gonger utan å sjå han...

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits