Åh, Vestland, Vestland

22.mar.2012, 10:05, 3 har kvitra att

No er eg faktisk ved Voss! Vi køyrde eit stykke ut frå sentrum, og det er ikkje spesielt tett mellom husa her, så eg er ikkje sikker på om eg lenger kan seia at eg er  Voss. Men ved.

Og du gjetta heilt rett, eg er her på grunn av nynorsken. Målungdommen har landsmøte til helga, så i dag er det landsstyremøte. Eg er ikkje delegat eller observatør for noko lag til landsmøtet i år, men eg sit stadig i landsstyret, så eg er no her i dag. Nattog hit i natt og nattog heim i natt. Inga overnatting. Jaja.

Ein venn i veska

Lillerød blei med ein tur til Voss, gitt.

... på eventyr, kanskje?

Vi bur i hytta til ein slags hoppklubb eller noko. Hytta har eigen Taxi.

Ord strekk ikkje til.

Og her sit Lillerød og bloggar. Til din store glede, kanskje!

No skal vi i gang med landsstyremøtet. Eg har sove ein time i natt, så eg skal gå og hente meg ein kopp kaffi før møtestart.

3 attkvitter

Marita

22.mar.2012 kl.16:48

Sjukt useriøst av deg å vere heime hjå meg når eg faktisk ikkje er det! Kos deg masse, håpar Voss passar på deg ;) Du kan sei du er på Voss endå, men om du vil vere veldig spesifikk kan du sei du er på Bømoen :)

Kos deg!

Þormóðr

22.mar.2012 kl.19:38

Natt-tog hit i natt, og natt-tog heim i morgon att.

Vegard

26.mar.2012 kl.23:59

Marita: På Bømoen? Høyrest bra ut. Det var kjempekjekt, men eg fekk ikkje sett så mykje av staden. Får ta ein ferietur dit ein gong.

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits