Klassikar: Nynorsk på Libris

20.feb.2012, 17:56, 1 har kvitra att

Huhei! For nokre dagar sidan fekk eg eit akutt og desperat behov for ein almanakk. Sidan Dag og Tid ikkje lenger gir ut Ivar Aasen-almanakken, sprang eg innom yndlingsbokhandelen min, Libris i Grensen, og der fann eg eit heilt bord med ? hald dokker fast ? kalendrar!



Ikkje nok med at skiltet er på nynorsk, det er endatil på korrekt nynorsk! Mange skriv "kalendarar" og slikt noko, men mange framandord på -er har obligatorisk samandraging i fleirtal. Storveges!

Fleire bilde

Når eg først er i gang, kan eg jo poste nokre fleire bilde frå den siste tida. Aller først kjem eit bilde av det nyaste tilskotet til søskenflokken. Eg presenterer: Lillayoshi! (Sidan eg berre har éin lilla Yoshi, treng den ikkje namn med størrelse, så den heiter berre Lillayoshi. Sei hei!)




Under årsmøtet i Studentmållaget i Oslo (kor eg blei valt til nestleiar) var det høve til drodling.



På Røros har dei framleis fotgjengarfeltskilt med mann med hatt!


Til bursdag fekk eg denne frå mamma. Den er frå andreopplaget ? trykt i 1899!

Vilt kult, da.

Eg har forresten funne ut at om du googlar "Grensen Libris" på norsk Google, så er bloggen min ganske høgt oppe. Eg veit ikkje kor mykje trafikk eg genererer til dei, men det må jo vera litt.




Eitt attkvitter

Maria

20.feb.2012 kl.21:57

Dei kan godt skifte til "grensa" sidan dei er så godt i gang! :)

Ein av mine amerikanske vener sa eingong han var her i Noreg på besøk; "Look it`s Frank Sinatra crossing the road!" Etter det har eg vorte så lei meg når det blir mindre og mindre av dei skilta..

Skriv eit nytt attkvitter!

hits