Dei keisame 21

05.feb.2012, 20:36, 5 har kvitra att

Livsteikn igjen, gitt

Ja, om du ikkje har fått det med deg, så har det vore litt stille på Kvitter i det siste. Eg har likevel skjønt at folk framleis er innom og les og sånt, og det er jo kjekt. Og eg har også fått fleire førespurnader om å sende Yoshi-barna ut på nye eventyr igjen. Kanskje det, kanskje. 

Iallfall, her er noko av det som har skjedd sia sist!

- Eg fekk ikkje plass på klarspråkemnet eg hadde tenkt å ta på Blindern dette semesteret. Kjipern.
- Eg er blitt frilanskorrekturlesar for Samlaget og sit no og les korrektur på ei bok for dei. Det er kjempespennande!
- Eg har fylt 21 år.
- Broren min har også fylt 21 år.
- Eg har vore på vinterleir med Norsk Målungdom på Røros. Stas!

Sidemål meg her og sidemål meg der

Eg må innrømme å ha stukke hovudet litt i jorda eller sett ein annan veg ved kvar einaste sidemålsdiskusjon den siste tida. Det har vore vanskeleg, men eg har greidd det heilt greitt. Men for dei av dokker som lurer på kor eg står i "sidemålsKRIGEN", kan eg jo setta opp nokre punkt om kva eg meiner og kor eg står:

  • Eg trur at nynorsk verken er, har vore eller nokon gong kjem til å bli avhengig av den obligatoriske sidemålsopplæringa for å overleva.
  • Eg trur ikkje nynorsken eksisterer på grunn av sidemålsordninga, men på trass av ? lite skadar nynorsken meir enn at mange elevar føler at skriftspråket er trædd nedover hovudet på dei.
  • Eg meiner ikkje det er allmennkunnskap å kunna uttrykke seg på både nynorsk og bokmål.
  • Eg synest målsettinga om at alle norske elevar skal vera like flinke i nynorsk og bokmål, er fullstendig urealistisk.
  • Det nye forslaget om å ikkje lenger ha like høge krav til skriveferdigheiter i sidemål som i hovumål, er eit veldig godt forslag. Slik var ordninga da ho blei innført, slik var ordninga lenge, og eg trur det er best å ha ordninga slik.
  • Ingen forsøk med valfritt sidemål har vist at elevar blir flinkare i hovudmål av å droppe sidemål. Derimot har alle forsøka vist at mange er interesserte i å få opplæring i sidemål. Det nye forslaget manglar derfor noko heilt grunnleggande: eit tilbod til dei som vil lære begge delar!
  • Det er skadeleg for nynorsken at så mange berre forbind skriftspråket med eit skolefag.

Så ja. Der har du meg. Eg synest det nye forslaget var veldig bra, med unntak av at det går frå ei målsetting om at alle skal skrive bokmål og nynorsk like godt (ein håplaus og urealistisk idé), til at ingen skal gjera det. Om Norge har tenkt til å fortsetta å vera tospråkleg, er vi avhengige av at nokon, men ikkje alle, kan meister begge språka.

Framover?

Eg veit ikkje, eigentleg. Eg har veldig lyst til å laga nye eventyr med Yoshi-barna, men den siste tida har eg jobba ein del, vore sjuk, vore på leir, spelt konsert osv. Denne veka er det både årsmøte i SmiO og landsstyremøte i NMU, men etter det ser kalenderen behageleg tom ut, og slik har eg lyst til å ha det ei stund.

Eg lærer forresten stadig meir om nynorsk rettskriving. Er det nokon som vil eg skal skrive eit innlegg eller to om noko spesielt dei synest er vanskeleg? Berre sei frå, det får eg lett til.

5 attkvitter

kallenamnslaus

07.feb.2012 kl.20:44

21?! Hjelp, året har gått fort, synest ikkje det var lenge sidan du vart 20 og skreiv om det :O

Har fylgt sidemålskrangelen og må seia meg einig i det du skriv. Så var det ein av dagane da VG/InFact spurte om vi framleis skulle ha både bokmål og nynorsk som offisielle mål eller berre eitt. Svarte berre nynorsk :P

Når det gjeld å velja emne kan det vel vera lurt å vera fyrst? Sat 03.00 (hihi) fyrste natta eg kunne velja og tok det eg ville. Hos meg var det i alle fall «fyrstemann til mølla».

Julia

08.feb.2012 kl.13:51

21! Damn bro, det er... Tjueen, det. Masse. Gratulerer masse med dagen på etterskudd!

Jeg er faktisk helt, helt enig med deg når det gjelder War of The Languages (!!!! KRIG). Det ser ut til at det skal være alt eller ingenting hele tida her, men det finnes folk som faktisk kan ta på seg begge deler her i Norge. Det er fint å tenke på.

Håper du har hatt det fint, Vegard, det høres sånn ut i alle fall!

Vegard

08.feb.2012 kl.21:37

kallenamnslaus: Ja, året går ganske fort, spesielt når eg aldri bloggar. Men no har eg altså fylt 21! Og godt er det.

Jauda, eg var bra tidleg ute med å søke om plass og sånt, men det var mange søkarar til eit veldig lite fag, og eg hadde ikkje nok rangeringspoeng (eg aner ikkje kva det vil seia). Menmen. Eg har jo nok å gjera på, så det er jo ikkje så farleg! Dessutan får eg nok tatt det eit anna semester.

Vegard

08.feb.2012 kl.21:40

Julia: IKR!! Det er sjukt. Menmen. Eg har no framleis puls, så eg skal vel ikkje klaga! Og takk så mykje.

Ja, eg håper vi får ei løysing der dei som vil, skal få lære seg begge språka, og dei som ikkje vil, skal få sleppe unna med å kunna skrive det eine og lesa det andre.

Eg har det fint, veit du.

Johanne

13.feb.2012 kl.10:36

jeg håper du vil blogge mer;)

Skriv eit nytt attkvitter!

hits