Senkar draumar på vår jord

28.nov.2011, 11:16, 3 har kvitra att

Frode Grytten er ein pervers odding som skriv gode bøker. Det nyaste tilskotet i denne spennande bibliografien heiter Saganatt og er ein trilogi om tre menn i Lund-slekta, men det er berre i den midtarste boka herr Lund er hovudperson, og sjølv da er boka mest satire av samfunnet og folka han møter.

Som vanleg inneheld boka satire av både Odda og Oslo, men nytt av året er litt svenskehumor også. Det er berre godt! Boka er mindre pervers enn vanleg, så mora mi sat heldigvis ikkje kaffien i halsen da eg gav ho boka til bursdagen hennar. Menmen.

Sjølvsagt må eg kommentere måten Frode Grytten skriv nynorsk på, men aller først det obligatoriske bildet av meg med boka framfor fjeset:



Skal ein plassere nynorsken til Grytten ein plass, må det bli mellom Ragnar Hovland og Are Kalvø, der Hovland skriv følgjerett, umarkert nynorsk heilt etter boka, mens Kalvø skriv dialektal og sterkt bokmålsprega nynorsk. Grytten hamnar ein plass i midten.

Men med unntak av litt absurdt ast-passiv-bruk på dei første sidene, står ikkje språket i vegen for lesinga, så dette er absolutt godkjent! Mange av formene han bruker, skal ut av rettskrivinga neste år (f.eks. glømme, fikk og herlig), så kanskje han berre bruker formene mens han kan (men eg tviler jo på at Grytten kjem til å rette seg etter den nye rettskrivinga).

Men er du ute etter ei god bok å gi nokon i julegåve, kanskje for å sniknynorskifisere bokhylla til ein venn eller slektning, så er Saganatt eit godt val. Sjølv ønskjer eg meg Stille natt av Ragnar Hovland til jul i år, så den kjem det ikkje noko kvitter om før i romjula. Men eg fekk med meg at bokmeldaren i Dag og Tid meinte det var den beste Hovland-boka. Så eg gler meg til den også.

3 attkvitter

Marita

28.nov.2011 kl.16:16

Takk for kjekk bokmelding! Eg ynskjer meg og "Stille natt" til jol, om eg ikkje får den kjem eg nok til å kjøpe den sjølv :) Blir det adventskalendar i år og, Vegard?

JULIA

28.nov.2011 kl.22:49

Ønsker meg Grytten til jul jeg, etter vi har hatt nynorsk på skolen igjen har jeg blitt litt sånn 'åh, nynorsk er jo ikke så ille'. Ikke lenge til jul! Woopwoop!

Silje

29.nov.2011 kl.23:08

Eg kjenner eg dør litt inni meg av at dei eg ikkje lenger kan skrive slik som ligg nærmast dialeka mi..

Men eg er FOR julekalendar, slik som Marita! (:

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits