Yoshi-barn på elektromesse

04.sep.2011, 19:22, 19 har kvitra att

Sitat frå før eg lånte Mac-en til kjærasten min for å skrive innlegget: "Kan eg låne Mac-en og blogge?" - "Korfor skal du det, det er jo ingen som les det." :'-C

Hepp! Denne gongen har Yoshi-barna vore på IFA-messa i Berlin! Der var det mykje kult, og mange fine fargar!

Lillegrønn på ei kokeplate.

Lillegrønn på ei vaskemaskin.

Lillegrønn på eit kjøleskap.

Lillegrønn på ei oppvaskmaskin.

Eg spelte eit "vask tøyet"-spel, kor ein skulle trykke på skitflekkene så fort som mogleg. Eg tangerte rekorden, men andre gongen eg prøvde, fekk eg berre 190. :C


Angry Birds var verkeleg i vinden! Her er det Nokia som har laga ei Angry Birds-utstilling kor ein blant anna kunne spele *trommekvervel* Angry Birds...



Web-kamera med autofokus. Snedig. 

Gear4 hadde den aller stiligaste Angry Birds-utstillinga. Desse store figurane er høgtalarar!



Kinesiske Haier hadde denne mannen til promotør. Det var ein levande mann som oppførte seg som ein robot og plaga dei som gjekk forbi.

Lillegrønn fekk ein penn.

Lillerosa fann Tivoli-radioar i fine fargar.

Og så fann alle tre ein radio i kvar sin nyanse.

Dette er eit høgtalarsett.

"Tak oss åt leidaren din!"

Slapp av, han berre kiler...

Lillesvarten fann seg ein ny ven.

Hugsar du testen eg skreiv av promo-snopet på Elektrofil-messa? Vel, du kan gjette kva som kjem frå IFA...

19 attkvitter

Frå Austfold/Østfold..?

04.sep.2011 kl.20:58

Eg les det!

Marita

04.sep.2011 kl.22:08

Eg les og!

kallenamnslaus

05.sep.2011 kl.02:38

Klart vi les :)

anders

05.sep.2011 kl.18:20

jeg leser også, altså

Eirin

05.sep.2011 kl.18:32

æ læs!

skamlaus

06.sep.2011 kl.00:48

Læs òg.

07.sep.2011 kl.08:59

altså. jeg leser jo. fortell det til kjæresten din, du.

Marta

10.sep.2011 kl.11:22

Eg les òg, men etter at eg byrja på folkehøgskule (med dårleg nett, fekk du den e-posten min?) har det vorte mindre tid til å følgje med her. For å seie det slik: Fram til i dag hadde eg ikkje lese nokon innlegg sidan det "Smådrypp frå Nord-Trøndelag". Men no er det frihelg, so flesteparten har drege heim, ergo er det nesten ingen som nyttar nettet ^^ Og gode moglegheiter til å vere litt for seg sjølv.

Men skal det ikkje stå "tak oss åt leiaren din"? Må halde nynorsken min ved like, sidan eg har hamna i bokmålsland, hu! Då er bloggen din fin lesnad ^^ Ein av dei eg har vorte mest kjent med, høyrest nesten ut som bokmålsordlista når han snakkar, so eg gjer vel mitt beste for ikkje å verte påverka av han, når det gjeld språket.

Eg òg lyt pugge litt på kommareglane (apropos eit tidlegare innlegg)...

Den messa såg artig ut, skulle likt å vere der sjølv. Menmen, eg skal vel ikkje klage når eg går ei reiselinje. No lyt eg fare att, men me talast no! Og so får du orsake at det ikkje vert so mange/lange kommentarar frå meg som før, men det er ikkje tid/nett til det lenger.

Ha det fint! =)

Chalten

11.sep.2011 kl.22:28

Det er lenge siden jeg her lest dagens utklipp nå. Heldigvis finnes det mange innlegg, som for eksempel dette - http://tankeren.blogg.no/1315756956_11sep2011.html - som får meg til å smile og tenke tilbake på alle de artige utklippa du har delt.

anders

13.sep.2011 kl.21:24

/ begynn på skolen min. ta videregående på ny!!!!!! woop woop

og så kan du bake til meg

19.sep.2011 kl.08:54

Hvordan reagerer folk når du flyr rundt med bamser, setter dem på rare steder og tar bilde? (Jeg synes det er kjempesøtt)

Frå Austfold/Østfold..?

20.sep.2011 kl.19:49

Hadde vori flott om du kunna skrivi litt om korleis det er å studere, tips og liknande for oss som skal ut i det same om ikkje så lenge. Råd til å finne fram til KVA en skal studere hadde au vori fint.

Vennleg helsing meg :)

13.okt.2011 kl.11:21

Det har gått over en måned siden sist du blogget. Er alt ok med deg?

Kong Slafen

14.okt.2011 kl.09:40

Kult... Gi meg en sånn Yoshi.. Og jo jeg leser bloggen nå.. så F your b friend :P

catta

18.okt.2011 kl.00:25

Eg lesar! Mer tørr jeg ikke prøve å skrive på nynorsk, da jeg er mer eller mindre rusten på den fronten, men tilbake til poenget; jeg liker bloggen din veldig godt, så ikke hør på det kjæresten din sier :D

Kine

21.okt.2011 kl.23:07

Eg les! Og eg syntest det var moro òg! Dette er ein kjempefin blogg! :)

Malene

05.nov.2011 kl.22:40

Er da flere som leser bloggen din! Du legger jo ut så mange fine Yoshibilder (:

Vegard

21.nov.2011 kl.00:13

Hei alle barn! Det er hyggeleg å høyre at dokker les, takk for fine tilbakemeldingar! No trur eg det blir ein periode med blogging igjen. Me faor sjao! Eg har iallfall både eitt og anna på lager.

Frå Austfold/Østfold..?

22.nov.2011 kl.16:57

Vegard: Flott! Det har vori eit sakn i kvardagen :)

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits