Korrekturlesaren Vegard

30.aug.2011, 14:42, 4 har kvitra att

"Kva er mest konservativt?"

No har eg jobba ei lita stund med å redigere tekst og lesa korrektur på deltid i ei ikkje ukjent nynorskavis. Det er ein jobb eg trivst godt med, og når eg no skal posere med ei bok framfor ansiktet, er valet lett:


Finn-Erik Vinje er ein konservativ riksmålselitist, men han er flink med skrivereglar!

Vil du merke noko nytt på Kvitter no som eg er korrekturlesar? Jau, for første gong i livet har eg endeleg lært meg kommareglane. Ser du kommafeil i eit innlegg, er du velkommen til å seia frå! Det gjeld sjølvsagt òg for grammatiske feil, men hugs at eg - som alle andre - kan trykke feil iblant. Eg les aldri korrektur på blogginnlegga mine heller.

I avisa har vi inga husnorm, det betyr at alle journalistar og skribentar vel språkstil sjølv. For journalistane som skriv nynorsk, skal eg ikkje velja former for dei, men sjå til at dei er konsekvente i vala sine og at språket er fint og flyt godt. "Vil du skrive tåla med o eller å?" - "Kva er mest konservativt?" - "Med o." - "Då tek vi det med o."

Problem?

Ein støter på nokre problem når ein les korrektur på nynorsk, eit av dei er valet mellom ø- og y-former. For om nokon skriv fyrst, bør dei òg skrive fylgje - det vil eg tru dei fleste er einige i. Men følgjer former som syrgje, sylv og nykel med i same rekka? Det trur eg ikkje.

Etter læreboknormalen er ikkje dette valet noko anten - eller. Tilsette i offentleg administrasjon må skrive syster og bytte, tørst og sørgje, men kan velja mellom fyrst og først. Journalistar treng ikkje halde seg til hovudformene, men det kan vera vanskeleg å bestemme kva av desse formene som går hand i hand.

Heldigvis er "problemorda" veldig lite frekvente. Ofte får eg inntrykk av at skribenten ikkje veit at det finst ei alternativ y-form han/ho kan bruke. Nesten ingen vel å skrive nyste (garnnøste), hyrne (hjørne), stytte (gravstøtte), glytt (døra på gløtt), eller grysja (å grøsse). Eg vel å tenke at det går heilt fint an å velja vokal i desse orda uavhengig av om ein skriv med y- eller ø-former elles.

Har du spørsmål til korrekturlesar-Vegard, er det berre å fyre laus.

Forresten så har eg vore på landsstyremøte i Norsk Målungdom. Vi prata litt om bloggar på nynorsk.no-domenet, og eg har tenkt at eg skal laga ein kløyvd-blogg. Meir om det kjem seinare!

4 attkvitter

Eirin

30.aug.2011 kl.18:49

EEy! Vegard er tilbake :)

Jeg liker at du endelig har lært deg kommereglene <3

Silje

31.aug.2011 kl.12:10

Hurra! Ein bloggpost igjen! (:

Frå Austfold/Østfold..?

31.aug.2011 kl.16:15

Åh, så bra du er attende! Har vori eit sakn i kvardagen...

ida

11.okt.2011 kl.15:21

"hyrna" har eg alltid tykt var veldig framand, dvs. alltid i dei to åra eg har visst om ho. no tok eg ein rask dialektsjekk, og kom til at eg seier jo vitterleg "jydna". i alle fall når eg er heime på Voss. so no er det hyrna for alle penga!

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits