Smådrypp frå Nord-Trøndelag

01.aug.2011, 22:05, 15 har kvitra att

Språket er ikkje laga til å skildre terroråtaka i Oslo og på Utøya 22. juli. Eg skal likevel skrive eit innlegg til minne om ein av dei omkomne, Håvard Vederhus, som har betydd og betyr mykje for meg som politisk engasjert menneske, sjølv om han ikkje var ein personleg ven. Det har tatt tid for meg å koma gjennom det som skjedde, først hadde eg ein fysisk reaksjon med sjokk og kvalme, eg greidde ikkje eta eller sova, og så hadde eg ein veldig emosjonell reaksjon. No når alt er "over" og gjerningsmannen er tatt, dei omkomne identifiserte og livet så smått har begynt å gå vidare igjen, skal eg prøve å ta opp tråden her på bloggen. No først kjem nokre smådryp frå turen til Nord-Trøndelag.

Kva betyr teiknet til venstre? Søstera mi og eg prøvde å forstå kva det var, og vi gjetta rett. Ser du kvamannenden kjønnsnøytrale strekmannen gjer?

Utafor garden til onkelen min, som fylte 70 år, såg eg denne lappen på ein postkasse. Ved sida av postkassene sine har dei ei raud postkasse til utgåande post, for at dei skal slippe å dra til nærmaste postkontor (som er veldig, veldig langt unna - jamfør dei neste bilda). Der fann eg denne språkperla:



For å koma seg til garden der onkelen min no bur, og der mor mi vaks opp, må ein køyre langt ut mot kysten. Langs den snirklate vegen ligg det andre gardar, og det blir lengre mellom gardane jo lengre ein kjem frå dei meir urbane strøka. Det ser om lag slik ut.



Verken asfalten eller mobildekninga går heilt ut til der onkelen min held hus. Her ute blir det meir stille enn eg har opplevd nokon annan stad, og det er utruleg deilig.



Så ei anna språkperle frå ei gammal utgåve av ei lokalavis (eg gløymde å skrive ned namnet!) eg fann i dei gamle sakene til besteforeldra mine. Det var mykje nynorsk i Nord-Trøndelag før, men no er han nesten forsvunnen derifrå. Men då mor mi vaks opp, las alle søskena Norsk Barneblad. Eg fann òg gamle utgåver av Dag og Tid i eskene. Kjekt.



For dei som vil lese heile artikkelen, har eg lasta opp eit større bilde på Twitter, kor eg forresten har bytt namn til Vegardbeid. Det finst framleis folk som ikkje forstår ordspelet.

15 attkvitter

Heidi

01.aug.2011 kl.23:03

Han ber, gjør han ikke?

Þormóðr

01.aug.2011 kl.23:26

Der har eg bada ein del, men ikkje så ofte som ved sandstranda titt utanfor! Kva lokalavis er dette?

Vegard

02.aug.2011 kl.14:49

Heidi: Det er heilt rett! Skiltet viser til eit bønerom/kapell. Moderne innretning.

Vegard

02.aug.2011 kl.14:50

Þormóðr: Ja, du er vel frå borti høgget der! Er det fint der? Kanskje eg får ta inn på Selje Hotell på vestlandsferie ein gong...

Eg kan dessverre ikkje hugse namnet på avisa, det gløymde eg å skrive ned. Og like etter at bildet blei tatt, fekk eg høyre om bomba i Oslo, så eg fekk andre ting å tenke på.

Þormóðr

02.aug.2011 kl.16:34

Ja, der er det vakker natur. I Selje kan du gå turar i fjellet, bade og surfe ved sandete strender, grille langs steinute strender, kjøpe skjorter frå skjortefabrikken og luksusbåtar frå båtfabrikken, fange fisk frå hav og vatn, spele golf og ta spabehandling. Vi har også internett-tilgang. :) Vel, ei lita bygd er ei lita bygd, men ein fin stad å vakse opp var det jo.

Kan du forklare språkperlene for oss dummies?

Synne

04.aug.2011 kl.23:48

Jeg synes de skiltene er så gøyale, for det ser litt ut som at Intetkjønn har snublet, men det er bra det finnes bønnerom påflyplasser og andre travle steder! Det er sikkert mange som finner ro og trøst der inne, særlig i tider som disse.

Så morsomt at postmannen både henter og leverer post der oppe - jeg er postbud på deltid, og synes at sånt er over gjennomsnittlig interessant, hoho.

Vegard

05.aug.2011 kl.09:11

Þormóðr: Wow, internett-tilgang og greier! Fancy. Det er det på garden til onkelen min òg. Internett, men ikkje mobil.

Eg bruker "språkperle" på to måtar her, ser eg. Eg kan forklare litt:

Lappen på postkassa er ei perle fordi det er ein enkel beskjed som er knota med byråkratspråk. Det går jo heilt klart fram kva som står, men eg måtte le litt av måten det var skrive på.

Artikkelen om Selje Hotell er ei perle på to måtar. Først ei perle i seg sjølv, spesielt fordi det er eit bevis på at det finst folk som oppfattar at dei "snakkar nynorsk". Og så er det slik ein artikkel ofte ser ut før han går gjennom korrekturen i Dag og Tid. Litt veksling mellom infinitiv på -a og -e, nokre bokmålsord som "marked".

Så. Jeh.

Vegard

05.aug.2011 kl.09:17

Synne: Eg hadde aldri sett skilta før, så eg måtte stoppe opp og tenke litt før eg skjønte kva det kunne vera.

Det er sikkert eit viktig tiltak for nokon, både for stressa forretningsreisande og dei som treng litt personleg tid med kva enn slags guddom dei trur på.

Ja, det verkar jo veldig praktisk! Og mykje credz for å ikkje ha skifta til den nye Posten-logoen. Eg synest den gamle er så vakker og ven.

Þormóðr

05.aug.2011 kl.23:02

Ah! No ser eg humoren. Kunne fint bytta ut "distribusjon" med "utlevering". Eg la merke til "talar nynorsk", men eg trudde av ein eller anna grunn at du sikta til noko anna. Det er mange som blir beskulda for å snakke nynorsk. Det var litt meir spesielt den gongen eg fikk vite at eg snakkar dialekt; altså at somme nordmenn snakkar norsk, medan eg snakkar norsk med dialekt. -_-

..Eg beklagar at du har hatt det tungt. Men det viser at du har ekte kontakt med røynda, at du verkeleg bryr deg. Eg kjenner meg igjen i kvalmen. Eg var oppgitt over folk som var lettsindige allereie laurdag, og provosert over folk som skal synse og komme med offentlege utspel rett etter hendinga. Folk kan kutte ut å føle seg så interessante ei lita stund. At noko slikt kan skje og har skjedd burde fortsette å påverke oss i lang tid. Eg veit ikkje om vi som samfunn skjønnar kva som har skjedd.

Johanne

08.aug.2011 kl.16:25

Strekmannen ber nok, men det tok litt tid for eg fann det ut ;)

Så artig at du og har slekt i Nord-Trøndelag! Besteforeldra mine bur der og, men det er i Namdalen (innlandet v/Grong). Liknar likevel litt på bileta dine, berre at det er skog overalt og litt meir fjell. Har same opplevelse med at det er sjukt stille, om vinteren kan ein nesten høyre den :p

Så har eg eit spørsmål til deg. Eg skal ha særemne no komande skuleår, og eg slit litt med idear. Eg vil enten ha 1) samanlikne ei bok og ein film eller 2) ha noko om bokmål vs. nynorsk, nynorsk i samfunnet eller noko slikt. Når det gjeld det siste, så lurte eg på om du kanskje har nokre idear til kva temaet/problemstillinga kan vere? Eg vil ikkje ha noko veldig innvikla språkanalyse-greier :P Takkar for alle forslag!

anders

09.aug.2011 kl.15:48

/ haha!!!!!

frøken engebretsen er mi kjære svigersøster! gift med mr bassist-i-tôg. kuli

Vegard

13.aug.2011 kl.12:17

Johanne: Han ber, ja. Ikkje så lett å sjå. Er det nokon som eigentleg ber sånn? Ser ut som ein mellomting mellom kristen og muslimsk bønn.

Namdalen, ja! Slekta mi bur stort sett i det eg trur heiter Ytre Namdal. Ut med kysten. Har vore mykje med Grong, for å byte frå tog til buss. Fint der. :P

Sjølvsagt har eg nokre idear til særemnet ditt! Om du vil skrive om bokmål vs. nynorsk, så er det masse å ta av. Skal du skrive historisk, kan du skrive om utviklinga av bokmål og nynorsk gjennom ulike reformer, du kan skrive om samnorskprosjektet og koss det blei mottatt blant dei ulike språkorganisasjonane, du kan velja eit tiår og skrive om "målstriden på 60-talet" eller noko liknande, eller du kan skrive om koss nynorsk vaks frå ingenting til å bli likestilt med det danske skriftspråket. Om du vil skrive om noko moderne, kan du f.eks. prøve å finne eit svar på korfor vi har så mange litteratur- og språkprisar som berre gjeld nynorsk litteratur, men knapt nokon tilsvarande for bokmål. Eller så kan du prøve å finne nokon som bruker nynorsk i marknadsføring der du bur (om du bur i bokmålsland, eg hugsar ikkje heilt kor du bur :C ) og rett og slett intervjue dei om koss det er å vera nynorskbrukar, korfor dei vel nynorsk i marknadsføringa osv..

Så vel du så klart vinkling og problemstilling etter kva du har lyst til å skrive om og kva som er realistisk å finne stoff om. Historiske problemstillingar kan f.eks. vera "Kva hadde ønsket om ein norsk identitet å seia for framveksten av nynorsk?" - hadde nynorsken hatt ein sjanse om Norge ikkje nyleg var frigjort frå 400 år under Danmark? Noko eg kunne tenke meg å skrive om, er korfor verken Noregs Mållag eller Riksmålsforbundet nokon gong var positive til samnorsk, sjølv om Norge på den tida var eit samfunn fylt til randen av kompromissvilje, samarbeid og solidaritet. Ideologisk var ikkje samnorsktanken nokon dum tanke, men likevel blei det nærmast borgarkrig.

Til meir moderne problemstillingar om nynorsk og bokmål i samfunnet (kanskje spesielt nynorsk), blir det vanskeleg å koma unna nynorsk som identitetsmarkør, men det er jo mange sider ved den saka. Du kan jo spørja om "korfor treng nynorsken [ørten] litteraturprisar?", det er jo sikkert gøy. Eg liker ideen om å intervjue nokon som bruker nynorsk i marknadsføringa i eit bokmålsområde, då kan problemstillinga f.eks. vera "Har bruk av nynorsk i marknadsføringa nokon effekt på salet?".

Eg har ikkje tid til å skrive meir no, men skriv gjerne tilbake om eg kan hjelpe deg med å finne stoff eller kva det måtte vera.

Johanne

13.aug.2011 kl.18:17

Takk for bra "input" :) Eg bur vel eigentleg i bokmålsland no, Ålesund, der alle dessverre meiner at nynorsk er noko drit. :P

Det med korleis nynorsk og bokmål har utvikla seg gjennom reformer blir nok eit litt for stort tema for min smak, men litteraturpris-ideen og marknadsførings-ideen er jo begge gode idear (bortsett frå at så å seie ingen (?) brukar nynorsk i Ålesund når dei skal marknadsføre noko. )

Noko historisk hadde kanskje óg gått an, men det blir kanskje litt tungt igjen. Planen framover er å sjå sesongane av "Typisk norsk", så får eg kanskje nokre andre idear å velje mellom i tillegg. Det hadde jo vore ganske kult å ha eit originalt særemne som ingen andre har hatt :3 Eg er óg ganske interessert i tema som engelsk i norsk språk.

Eg skal i alle fall kike litt meir rundt, og om eg vel noko med nynorsk å gjere kjem eg heilt sikkert til å spørje deg om råd ;)

15.aug.2011 kl.15:12

hvor har du fått yoshiene fra? Lag et innlegg om det davel :)

Skamlaus

16.aug.2011 kl.23:52

Kva med "Blir tømt på kvardagar"?

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits