Nynorsken held stand hos Grensen Libris

14.jul.2011, 01:42, 3 har kvitra att

Når eg først har begynt å dokumentere all nynorsken hos Libris i Grensen, så kan eg jo ikkje slutte? Eg har ikkje vore der på år og dag no, men i dag var søs og eg innom ein tur for å sitta i kafeen og bestille trøndelagstur på nettet. Ein lapp fortalde oss at nettet var nede, men lappen var på nynorsk, så det gjorde ikkje noko.



Like ved sida av, hang ein ikkje fullt så sjarmerande lapp på byråkrat-bokmål:



Eg følte plutseleg at eg stod i ein etat og skulle søke om løyve til å drikke kaffi. Kva med å skrive noko hyggeleg, som "Det er berre plass til to barnevogner i kafeen, men vi har meir plass i første!"?

Til slutt har eg eit bilde av eit klistremerke eg såg på Majorstua t-banestasjon her om kvelden. Lurer på kven som klistrar opp slike. Eg liker det.

3 attkvitter

kallenamnslaus

14.jul.2011 kl.04:25

Så var det liv her òg, ser eg! Og nytt bakgrunnsbilete har du fått deg :) No har eg sjølv vori borte nokre dagar, så eg samlar alle attkvittera i eitt.

Fyrst: gratulerer med A på eksamen! Det gjekk tydeligvis mykje betre enn VGS-eksamenane mine:P Ein hadde jo ei viss russetid før eksamen og plutselig sat ein sjuk i eksamenstida, men så trong eg ikkje anna enn ståkarakter på eksamen for å koma inn der eg ville heller. Planen var ei særdeles rolig russetid, men såleis vart det ikkje ? ikkje i det heile.

Det byråkrat-bokmålet har eg vorti lei av, svaret eg fekk frå eksamensklagenemnda var berre slik. Dei har brukt mange linjer på å fortelja meg nesten ingenting, men det som faktisk gjør meg forbanna er at den som skreiv svaret tydelig ikkje liker radikalt bokmål og at svaret i tillegg er på byråkratisk riksmål med så mykje passiv at eg ikkje heilt veit om eg var subjekt eller objekt. Kva folka i det offentlige har imot språk som folk faktisk forstår, DET kan ikkje eg skjøna meg på. Vurderer å plaga ei eller anna offentlig greie med ekstrem-byråkratisk riksmål (berre for å vera kjip), men må fyrst finna noko som bryr meg nok til at eg gidd å gjøra det ...

kallenamnslaus

14.jul.2011 kl.04:27

(Aj, aj! Det spørjeteiknet skulle vera tankestrek.)

17.okt.2011 kl.12:43

klistermerket er kruttkim :D trur eg

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits