Dagens bokmålsglose: Eigen

13.jul.2011, 13:43, 1 har kvitra att

Draumeyrket mitt er jo som kjent å vera samnorskkonsulent, dvs. utforme offentlege skilt og liknande slik at dei fungerer på både bokmål og nynorsk. Då slepp ein å krangle.

Det er stort sett to utfordringar ein støter på. Mange av formene som er felles for bokmål og nynorsk er klammeformer i nynorsk, og går derfor ikkje an å bruke i offentleg administrasjon. Eit anna problem er at mange av fellesformene er veldig uvanlege på bokmål. I dag skal vi sjå på ei av desse formene.

Eigen

Bokmål:
Din egen/eigen bil. Di egen/eiga bok. Ditt eget/eige hus. Dine egne/eigne barn.

Nynorsk:
Din eigen bil. Di eiga/[eigi] bok. Ditt eige hus. Dine eigne barn/born. 

Som du kan sjå, er det altså mogleg å velja fellesformer i alle kjønn og tal. Slike småord (som ingen og nokon) kan vera eit slit å få til på samnorsk, men akkurat eigen går fint. Den største utfordringa er at eg aldri, absolutt aldri, har sett nokon som helst bruke eigen på bokmål. Men kanskje dette blogginnlegget gjer ein forskjell?

Korfor skrive samnorsk?
Ikkje tru at eg oppfordrar folk til å skrive på samnorsk til vanleg. Samnorsk er forstyrrande både å lesa og å skrive, men det er ei fantastisk øving i norsk grammatikk. Du må øve deg på å omformulere, du må ofte skrive setningar på eit utal ulike måtar før det blir samnorsk, og det er ikkje minst gøy.

Eit døme på skilt som fint kan vera på samnorsk:

"Rent vann - en kilde til glede!" Desse skilta står langs Akerselva (og har ikkje blitt tatt ned etter klorutsleppet, merkeleg nok). Dei kunne fint vore formulerte "Reint vatn - ei kjelde til glede!" og vore grammatisk korrekt og innanfor hovudformene på både bokmål og nynorsk.

Eitt attkvitter

Skamlaus

13.jul.2011 kl.22:44

Verkeleg interessant kor mykje ein kan tøye bokmålet. Men spesielt godt kling Samnorsk diverre ikkje i ehm.. auga mine, så eg skriv alltid så nære riksmål eg kan dei gongene høvet krev bokmål. Eg tykkjer ein skal ta dei som det dei er: to vidt ulike mål. Heider skal du uansett ha for funna dine. Det er alltid artig å lesa.

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits