Eit lite nynorskkurs

06.mai.2011, 14:57, 4 har kvitra att

Nokre lesarar ville at eg skulle skrive litt om det eg snakka om på nynorskkurset. Det kan eg sjølvsagt gjere:

St-verb
St-verb er verb som "å skjemmast" (skamme seg), "å møtast" (treffe kvarandre) og "å slåst" (å slå kvarandre). St-endinga kan kome av forskjellige, norrøne pronomen, dei fleste frå sik, som svarar til dagens seg. Desse verba endar på -s på bokmål.

St-verba har st-ending i alle tider og liknar veldig på dei "vanlege" verba dei er konstruert av. Bøyinga blir så klart lik:

- a-verb: å snakkast - snakkast - snakkast - har snakkast (av snakke)
- e-verb: å møtast - møtest - møttest - har møtst (av møte)
- j-verb: å spørjast - spørst - spurdest - har spurst (av spørje)
- sterkt verb: å finnast - finst - fanst - funnest/-ist (av finne)

Lær deg å kjenne att eit st-verb når du ser eit! Merk at alle st-verba har -ast i infinitiv (men ikkje "slåst"), elles endar dei på -est, -ast eller -st i presens.

Imponer læraren: Hugs presensform: Vi sest!

Passiv/aktiv
På nynorsk har vi berre passiv i infinitiv, på bokmål har vi i infinitiv og presens, og på svensk har vi passiv over heile linja. Passiv endar på -st på nynorsk, men må ikkje forvekslast med st-verba over. Passiv er så å seie berre i bruk etter modale hjelpeverb (som dannar futurum, altså med infinitivsforma av verba):
- Oppgåva må leverast innan fredag
- Billettane kan hentast i kiosken
- Du vil hugsast for vitsane dine

På nynorsk lagar vi passiv med bli/verte: Fuglane blir mata på onsdagar (bokmål: fuglene mates onsdager).

Er du i tvil om det er passiv eller st-verb? Prøv å skriv om til bli-passiv, då ser du raskt om setninga er passiv eller ikkje:
- Vi snakkast i morgon -> vi blir snakka i morgon (dette blei berre dumt)
- Det jobbast på spreng -> det blir jobba på spreng (denne er i passiv! Men skriv helst kven som jobbar på spreng...)

Viktige krav til konsekvens i formval
Gjer du eit val, så må du halde deg til valet. Det betyr at om du skriv med a-infinitiv, så må infinitiva alltid ende på -a, osv.. Slike val pleier å gå av seg sjølv på nynorsk, fordi dei som vel dei valfrie formene (som eggi eller sovi) er veldig bevisste på det (i motsetning til på bokmål, kor endingar på -a, -en, -et og -ene flyg om kvarandre i ei salig røre). Men vi har nokre viktige:
- y eller ø? Du som elev treng ikkje halde deg til hovudformene, derfor kan du alltid velje y eller ø i dei orda som har valfridom. Først, søsken, bøtte el. fyrst, sysken, bytte.
- e eller i? Supinum av sterke verb: kome, skrive, sove el. komi, skrivi, sovi
- diftong eller monoftong? Skriv du drøm, bør du òg skrive flom og glømme. Det einaste formelle kravet er til konsekvens i enkeltord, men det ser absolutt best ut med samanhengande val.

Forskjellen på -leg og -ig
Eg argumenterte for å halde på -lig som alternativ til -leg fordi det er vanskeleg å skilje frå l+-ig, men det var få som likte forslaget. Iallfall:

På nynorsk lagar vi ofte adjektiv og adverb med -leg: kjær + leg = kjærleg, år + leg = årleg. Andre gonger lagar vi dei med -ig: kraft + ig = kraftig, drift + ig = driftig.

Om eit ord sluttar på -l, får det ofte -ig, og ikkje -leg. Derfor skal det heite forskjellig, jævlig og stilig! Fleire ord av denne typen: frivillig, (full-)talig, kjølig, salig, tolig.

Ordtilfang: Kva er lov, kva er greitt?
Det er vanskeleg/umogleg å sette ei grense for kva ord ein har lov til å bruke i norsk. Ordlistene vil alltid ha litt etterslep: Det er heilt lov å bruke ord som chatte og blogge, sjølv om dei ikkje står oppført i ordlistene enno. Vi importerer og konstruerer nye ord heile tida, men ordlistene blir ikkje oppgraderte kontinuerleg!

Tidlegare var ein strenge på at ein ikkje fekk bruke ord som ikkje står i ordlista i nynorsk, slik er det heldigvis ikkje lenger. Det er likevel vanleg å ikkje bruke ord på an-, be-, -heit, -else, ge- eller liknande suffiks før dei står i ordlista. Det kan vere vanskeleg å hugse kva som er lov, men her er nokre hugsereglar:
- Dersom nynorsk har eit tilsvarande ord utan prefiks (eventuelt med preposisjon), tar ein ikkje opp ord med an- eller be-. (Altså kan ein ta inn beskrive fordi det skil seg frå skrive, men ikkje antal, fordi vi har tal på frå før.)
- Dersom nynorsk har eit ord med -ing som betyr akkurat det same, tar ein ikkje opp ord med -else: Vi har begynning, så vi treng ikkje begynnelse, men følelse er greitt, for føling er noko heilt anna.
- Ord på -heit kjem ikkje inn dersom vi har ord med -skap, -dom eller -leik frå før. (Friheit krasjar med fridom, verkelegheit går fint, evigheit krasjar med evigskap, svakheit går fint, sjølv om vi har veikleik og veikskap frå før)

Når det gjeld ord som foreløpig og nødvendig er det meste stort sett lov, sjølv om det er mest typisk nynorsk å skrive førebels og naudsynleg.

Presens av sterke verb
Til slutt tar eg eit punkt kor folk syndar masse, og det gjeld presens av sterke verb. Regelen er at sterke verb ikkje har ending i presens:

å finne - finn - fann - har funne/-i

Alle sterke verb kan få -er i presens, men det er klammeform og ser fælt ut:

å finne - finner - fann - har funne/-i 

Absolutt ingen sterke verb kan ha -ar i presens. Eg skrivar bok, ho finnar noko eller han sugar i fotball er kjempefeil! Skriv du -ar i presens av sterke verb, går du kjapt ned ein karakter. Og det er ikkje bra.

Om nokon lurer på noko meir, så er det berre å spørje! (Men obs: Eg er på landsstyremøte i helga, i ei hytte i Nordmarka.)

4 attkvitter

kallenamnslaus

06.mai.2011 kl.21:41

Passiv og -s(t) rotar eg med på både bokmål og nynorsk. Noko skit i grunnen. Elles har nokon teki bort gamle Bokmålsordboka/Nynorskordboka endå ein gong, så no må eg rota endå meir med dette.
-
Forresten: kvar fører studia neste år?

namnelaus2

07.mai.2011 kl.02:07

-ast-forma av verb (ikkje st-verb) kan vel berre skrivast med hjelpeverb, altså "kunna", "vilja", "skulla" og så bortetter. Funkar fint for meg :)

Hessaren

09.mai.2011 kl.13:12

Gjæv introduksjon, men! «Evigskap» er ikkje god norsk. Det heiter «æve» etter dølsk ;) Eg trur også det blir ei slags bjørneteneste å læra elevane om avløysarord som soknar til skriftbiletet i bokmål (følelse, begynne). Få kjem til å hugse at der ikkje finst nokon symmetri her (følelse, begynnelse). Dertil kjem sjansen for at dei tek med seg andre språklege trekk frå bokmålet, til dømes passiven og mangel på etterstelt pronomen.

Ine S.

16.mai.2011 kl.13:35

Tusen takk, var til stor hjelp! :D

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits