Høyring om ny nynorskrettskriving

25.feb.2011, 19:10, 16 har kvitra att

I dag gjekk fristen for å sende inn høyringssvar ut, og eg fekk somla meg til å sende inn eit svar eitt minutt før fristen. Eg vel å tru at dei sjølvsagt hadde latt svaret mitt bli med om eg hadde korrekturlese det først og sendt det inn fem minutt seinare. Menmen. Eg sendte dei ein korrekturlesen versjon seinare, som blei lagt ut.

Då er det berre å setje seg ned og lese! Eg har no lese gjennom meir eller mindre alt nemnda har fått inn og eg er mildt sagt sjokkert. For det første er eg sjokkert over koss institusjonane og enkeltpersonane er så langt frå kvarandre. Så godt som alle enkeltpersonane som har sendt inn høyringssvar, er for å halde på kløyvd infinitiv. Eit fleirtal av institusjonane skriv berre at dei støttar forslaget om å ta det ut.

Skuffande få er positive til å halde på -lig, veldig få har grunngitt synspunktet. Spesielt merkeleg er dette sitatet, frå ungdomstrinnet på Vassenden skule i Jølster (det er uklart om det er elevane eller lærarane som har skrive høyringssvaret): Vi ønskjer -leg, ikkje -lig (sjølv om elevane i stor grad brukar -lig). At elevane i Jølster, som kjem til å vere nynorskområde til Dovre fell, i stor grad vel å bruke -lig er eit veldig godt argument for å halde på forma!

Set deg ned og bla gjennom høyringssvara som er sendte inn og sjå kva som rører seg! Gjett gjerne kva høyringssvar som er mitt, men hugs at eg ikkje vil ha fullt namn på denne bloggen. Så kan vi gjerne diskutere det eg skriv i brevet, eg forventar at nokre lesarar er djupt ueinige med meg (de veit kven de er) i det meste.

16 attkvitter

mikaoJ

25.feb.2011 kl.22:02

Hmmmn. Eg har fylgt litt med på dei svara der, og sende inn eit eige svar for nokre veker sia (som ikkje ligg ute blant dei andre). Mi overrasking er størst over at så mange er utelukkande negative til endring av de/dykk. Eit veldig lite mindretal er for endringa til dykk/dykk, medan nokre få har føreslegi endring til former som dokke, men det store fleirtalet ville tydelegvis halda fast på systemet slik det er. Det tykkjer eg er ganske snodig, med tanke på kor ofte det vert gjort feil. Men for all del, om den endringa ikkje er velkomen, så får det bare vera. Eg ville haldi stolt fram med de/dykk sjølv uansett. Og eg vil gjerne fått inn "-ligt" saman med "-legt" i inkjekjønn, forresten - kan ikkje skjøna kvifor den t-en forsvann til å byrja med.

Svaret som eg skreiv var for øvrig bare ei lita oppfordring om å ikkje gjera nynorsk språkpolitikk defensiv for gamle brukarar og dermed lukka for potensielle nye brukarar, men heller inkluderande og open for alle.

kallenamnslaus

25.feb.2011 kl.23:28

Eit strålande innlegg :) Det er dumt at dei har sett innlegga opp etter namn i staden for når dei kom inn, men eg fann innlegget ditt for eg veit jo etternamnet ditt. Ikkje tru at eg har drivi på med stalking eller noko; det var berre at då eg melde meg inn i Facebook-gruppa di (gøymt mellom 5440 andre, hihihi ...), så eg jo namnet. Det var nokre månader før eg fann bloggen, men i undermedvitet vart det gjort ei kopling (noko som skræmer meg) og då eg undersøkte det, var det jo rett. Uansett godt at du sende inn innspel, argumenta var overtydande. Tenkte på å gjøra det sjølv, men gløymde det. Venta for lenge fordi eg ikkje var viss på om eg framleis ville vera så anonym som no, men etter at eg røpte det over er det jo berre 5440 personar (minus dei som er jente eller ikkje kjem frå Oslo) å velja mellom. Eg kom no i alle fall fram til at eg skulle gjøra det i dag, men då var det jo for seint. Klønete. Verkelig klønete :P

T-en i inkjekjønn av -lig, -sk og liknande skulle eg gjerne hatt att. Elles ja til i-mål og -or/-one (eller -ur/-une), ja til kløyvd infinitiv, ja til i-supinum, ja til skole og nokre monoftongformer (glømme er jo norsk det òg, i alle fall ikkje dansk). Nei til bokmålsformer, nei til å ta ut objektsformer og nei til dusteargument. Med dusteargument meiner eg at dei tek ut skole fordi det er for mykje av det, men tek ut i-målet fordi det er for lite av det. Dusteargument er òg at ein kan finna på å sjå kløyvd infinitiv utanfor Austlandet om det vert hovudform.

Tek eg feil om eg gjet på at det er Steinrausi med det kule midlandsmålet som vil vera usamd med deg?

Vebjørn

26.feb.2011 kl.00:15

Eg er samd i ein heil del (faktisk!). Serleg fjerning av i-mål, i-supinum og kløyvd infinitiv synest eg framstår som veldig lite føremålstenleg - tre enkle, stramme og tydelege reglar, som opnar for personleg tilpassing i veldig mange ord med eit absolutt minimum av regelkunne.

Samstundes: Personleg skulle eg nok helst sett at nemnda hadde vore meir opptekne av å staka ut ein kurs for korleis nynorsken kan verta enkel å læra, framfor å la ordfrekvens (i eit tekstkorpus med litt skrantande representativitet) vera øvste prinsipp. Sjølvsagt finst det grenser for kor mykje dei kan endra på "midtlina", men eg trur det ville vore ein stor fordel om nynorsknorma i større grad var éin *fellesnemnar* for alle dialektane, heller enn mange parallelle fellesnemnarar. Med andre ord: Kutt i former frå alle delar av landet. Alle burde få med ein del av sitt, men ikkje alt - og mest mogleg på kategorinivå.

På den andre sida: Rom vart ikkje bygt på ein dag. Kan henda denne endringa på sikt kan vera grunnlaget for ei endå betre rettskrivingsendring (som kanskje ville vore for stor/urealistisk i dag) om førti år.

Marita

26.feb.2011 kl.00:35

Eg er sjølvutnemnd stalker og veit av di heile namnet ditt ;) Veldig (veldeg? :p) einig med Vebjørn i at det er dumt ein legg mest vekt på enkeltorda framfor å finna ut korleis ein kan "staka ut ein kurs for korleis nynorsken kan verta enkel å læra".

Er likevel veldig imot å ta inn ord som "uke", "nese" og "speil". Her er nok eg ein av dei som ikkje har noko betre grunnlag for meiningane enn at det "passar ikkje".

Og om "male" går ut blir eg greitt lei meg. Om ein skal "måla" eit bord hadde eg funne fram målebandet og ikkje noko malekost, for å sei det sånn...

Vegard

26.feb.2011 kl.15:09

mikaoJ: Var det høyringssvar du sendte inn? I så fall burde det jo ligge ute.

Eg trur ikkje så mange er imot endringa av de/dykk, men imot forslaget om dykk/dykk. Det får jo folk til å grøsse. Eg likte spesielt innspelet frå han frå UiB om at folk "hatar" dykk, og at ein burde velje noko anna. Eg er jo f.eks. veldig for dokker/dokker, sjølv om det er heilt nytt i skrift.

Det er kjempemerkeleg at -ligt/-legt ikkje er med, og rart at det ikkje blei drøfta meir.

Ja, eg ser poenget ditt. Problemet er at nemnda (eigentleg) ikkje skal drive med språkpolitikk. Det gjer dei jo så klart, for språknormering er språkpolitikk, men dei politiske måla er allereie sette. Eg synest nemnda verkar ekskluderande for dei konservative brukarane og veldig inkluderande for bokmålsbrukarane som skal skrive nynorsk i seks år og vere ferdig med det. Det er eit håplaust utgangspunkt.

Vegard

26.feb.2011 kl.15:12

kallenamnslaus: Takk for det!

Eg ante ikkje at ein kunne bruke dei gamle Facebook-gruppene enno, men det er jo hyggeleg at folk framleis melder seg inn i gruppa mi. Men det er betre å bruke facebook-sida til "Nynorsk", som har over ti tusen tilhengjarar.

Eg er positiv til i-mål, men litt skeptisk til -or/-one. Sjølv om dei så klart er fine. Einig i det du seier om dusteargument. Som fleire av innskrivarane har poengtert, har nemdna vore dårlege på å vere konsekvente i argumentasjonen og har (mis)brukt mandat og tolkingar for å gjere som dei vil, sjølv om det har innebore at dei har gjort heilt usamanhengande ting.

Vel, bl.a. Steinrausi, ja. Men vi veit at vi er ueinige om ein del ting, hehe.

Vegard

26.feb.2011 kl.15:16

Vebjørn: Ja, eg veit jo at vi er einige om ein del ting. Er vel mest sidemålspolitikk vi er ueinige om.

Der er eg veldig einig. Det verkar som om grunntanken er at dei fleste lærer nynorsk intuitivt gjennom å lese og sjå nynorsk i bruk. Det kan sikkert stemme for mange, men det må likevel vere rom for dei som ønsker å følgje reglar og ha eit system på ting.

Kompromissvilje er bra. Eg kan f.eks. ofre i-supinum om eg får skrive glømme. Skriv eg med i-supinum må eg skrive "legi" og "seti", og det er ikkje så interessert i, men eg skjønner at å få inn former som "liggi" og "sitti" er mykje å be om.

Vi får gi det nokre år og sjå koss vegen går. Til sist er det brukarane som sit med makta og fortel oss kva ved denne reforma som går gjennom og kva som blir boikotta. Så får vi håpe at det går lang tid før vi treng ei reform igjen, slik at nynorsken kan stabilisere seg meir slik som bokmålet (til ein viss grad) har gjort.

Vegard

26.feb.2011 kl.15:19

Marita: Huffda. Jaja, folk har jo funne adressa mi òg, så det er vel ikkje så vanskeleg.

Nettopp det argumentet med at det ikkje passar, har eg litt problem med å forstå. Det er jo mange som seier "veke", "nase", "spegel" og "snigel", men desse formene er med på å gjere nynorsk framand for dei som seier "uke", "nese", "speil" og "snegle". Kanskje aller mest er det "bilde" og "kors" som er viktigast å få inn, og det har vi fått inn no. Men eg håpar vi kan få inn "vindu" òg.

Eg ser for meg problematikken på eksamen i bygg- og anleggsfag: "Du skal måle eit hus. Gjer greie for kva utstyr du vel å bruke og koss framgangsmåte du vel."

Frå Austfold/Østfold?...

27.feb.2011 kl.14:07

Eg har ein far som driv i trelastsbransjen og som stadig vekk slit med at folk misforstår når han brukar verbet «å måle». Kvifor spør han om dei skal måle plankane, han veit då vel sjølv kor lange dei er?..

Steinraus

28.feb.2011 kl.12:44

Det er spesiell synsing at ord som «veke, nase, vindauga» og «bilete»" held folk undan nynorsken. I så fall hadde bokmålet streva med trønderar som seier «dokkers» (ikkje «deres»), «oss» (ikkje «vi»), «ljøs» (ikkje «lys»), «sau'i» (ikkje «sauer») og «mytji» (ikkje «mye»). Kann hende skulle vi ta inn «ikke», «int» og «inte» ? fordi «ikkje» frammandgjer mange? Greidt at vi skal ha ein «personleg» nynorsk, men det skal ikkje vera utan føring og retning heller. Det er ikkje noko poeng å halde på nynorsken om han berre skal tilpasse seg innslag av bokmål i målføri ? då blir han berre vaska ut med tidi.

Nynorsken hev nokre veger å gå med infinitiven. Nokre moment: Skal det vera e-supinum, må det vera a-infinitiv ? av di det fort blir forvikling av å/hev kome. Kløyvd fungerar best med i-supinum, e-infinitiv likeså.

Elles er det trist at jamvekti ikkje kom med i ordskiftet. Eg skulle lika å sjå «stugu»i normi, ei langt norskare og gjævare form enn «stue». Og når dei fyrst gjer veg i vellingi over konsonantismen, sku' dei gjort noko med «(det) same» ? som snøgt blir tolka som ei folkegruppe. Her hev austnorsken råd og seier berre /(dæ/de) sam(m)a/. Aasmund Vinje skreiv «det sama», må vita. Han skreiv au «friheit», og det lyt såleis koma eit nytt ordskifte om ordtilfanget i nynorsken. Det er sikkert plass til nokre folkelege anbeheit-ord, må eg tru.

Vegard

28.feb.2011 kl.14:21

Steinraus: No er du slem med meg igjen, Steinrausi. Eg seier ikkje at "vindauge" og "bilete" held folk unna nynorsken. Det eg seier er at eg meiner det ikkje skadar nokon om eg skriv "nesa mi", "heile uka", "sjå ut vinduet" eller "sjå meg i speilet". Det blir urettferdig å samanlikne det med personlege pronomen, kor kvar knaus har sin eigen variant og nynorsken verken kan eller prøver å gjere alle til lags. Dette her gjeld ikkje formverket, men ordvariasjon. Det er mykje valfridom, òg i det nye framlegget, men eg ser ikkje koss "uke" eller "snegle" skadar. Eg hadde derimot sett det store, symbolske problemet i å forby "vokster", "ikorn" og "sumar" og så tillate "uke", "speil" og "vindu". Det hadde jo ikkje sett bra ut.

Eg merkar òg at om eg skriv med i-supinum, så er alt straks meir oversynleg. Supinumsforma er ikkje lenger klin lik infinitiven eller eit liknande substantiv, og det er lite som kan mistolkast. Trist om i-supinum ryk.

kallenamnslaus

28.feb.2011 kl.18:10

Kan dei ikkje taka inn «ikki» eller noko? Det skulle vel dekkja både «ikkje», «ikkji» og «ikke»? (Trur eg)
Du må byrja med i-supinum, då - heia Oslo-nynorsken! ^^ Gjør som du har gjort med «dialekta» (og vann fram med): skriv «liggi» og «sitti» endå det heiter «legi» og «seti». Elles eit godt poeng det at e-infinitiv og e-supinum gjev samanfall (skrive t.d.).

Vegard

01.mar.2011 kl.13:03

kallenamnslaus: Eg trur ikkje det er lurt å ta inn noko nytt nektingadverb. Av alle ordtypane er det kanskje pronomen som er mest risikosport om ein skal innføre noko nytt, men nektingsadverbet kjem på ein god andreplass. Men av og til kan det jo vere lurt? Ein gong gjekk vi jo vekk frå "deim", eg har gått vekk frå "henne" og "honom", og no er eg jo veldig for å gå over til "dokker". Kanskje eg skal ha ei prøve-veke med "dokker", berre for å sjå koss det vil sjå ut? :P

Hmm.. Eg har gjort litt ufrivilleg research på det her. Dei som ikkje visste det, kan no få vite at tidlegare byrådsleiar i Oslo, den homofile høgremannen Erling Lae, som alltid går fremst i homoparaden i Oslo, har ei spalte i Hallingdølen. På nynorsk. Mens eg her om dagen bladde gjennom nokre av artiklane hans, såg eg at han skreiv "ligge" som supinum av "å ligge". Med i-supinum blir jo det "liggi"! Lurer på kva ein finn om ein søker på "har sitte" vs. "har sete"...

Ang. det med samanfall, så har eg no lagt saman to og to og skjønt korfor rogalendingar nesten berre har e-verb. Dei seier f.eks. "hopte", som preteritum av "å hoppe". Forklaringa på at alle dei svake verba med tida blir e-verb, må jo vere at a-verba er like i alle former! For dei snakkar med a-infinitiv og sløyfar r-en i presens, så eit a-verb i Stavanger hadde blitt "hoppa - hoppa - hoppa - hoppa". Då er det ikkje rart dei heller går for "hoppa - hoppe - hopte - hopt"... No veit eg verkeleg ikkje om dette stemmer, men det rima godt i hovudet mitt, hehe.

kallenamnslaus

02.mar.2011 kl.01:40

Seier ikkje ham, så har aldri skrivi honom, men held på henne. Eg skriv nokre gonger deim eller dem, men ikkje i sidemålsinnleveringane.

Eg har høyrt mykje om namnet Erling Lae, men eg veit ikkje stort meir om han enn at han er frå Høgre. Wikipedia seier (eg held på å skriva segjer heile tida av ein eller annan grunn), eller skriv for å vera rett, at han er frå Oslo, så eg kan ikkje skjøna kvifor han skriv i Hallingdølen.

Forresten så bankar liggi og sitti både legi, seti, lege og seti. Lege har heller ikkje meir enn 2,5 gongar så mange tilslag som logge, lugge og lågge har til saman. Sete slær sotte, sutte og såtte, men har mindre enn to gongar så mykje. Sitte og ligge fær òg mellom fem og ti tusen tilslag kvar. Eg trur formene med u, o eller å er vanlige av same grunn som at det heiter har vori/vore i staden for veri/vere (norr. verit). Morosamt, eg skulle ha skrivi høyringssvar. Eg sender dem ein e-post i staden ... Sendt. Og der vart klokka mykje. Skreiv «dem» som objektsform i e-posten òg ...

PS. ufrivill-ig ;) Ein av dei mange grunnane til å halda på -lig syner seg.

Vegard

02.mar.2011 kl.11:04

Erling Lae er Oslo-mann, ja, men han har vel sine grunnar til å skrive nynorsk i Hallingdølen. Kanskje han har slekt der eller noko. Kanskje mannen/partnaren hans er døl, kanskje han har hytte der. Eg veit ikkje. Men artig er det.

Eg trur det blir vanskeleg å få med "sitti" og "liggi" no. Om vi får redda i-supinumen, kan vi jobbe med å spreie desse formene slik at dei blir så mykje brukte at Språkrådet vedtek dei utanom ei reform. Mange ord får endra bøying mellom reformene, i nynorsk var det f.eks. ein del vedtak i '96...

Og "frivillig" kan eg, eigentleg, men denne "-leg"-endinga har ein tendens til å trenge seg inn der ho ikkje skal vere, som eg skreiv om i høyringssvaret mitt.. Bevis på at det er unaturleg [-lig].

kallenamnslaus

02.mar.2011 kl.18:52

Nynorsk i avisa: Lae har visst hytte i Hallingdal. Are Kalvø skriv forresten på heimesida si at «frå mars 2011 skriv eg fast laurdagsspalte i Aftenposten». Moro.

Sitti og liggi: aldri sei aldri, dei la ut e-posten min i høyringssvara trass i at han kom i natt og ikkje fredag. Eit lite sjokk, men moro òg. Litt mange «protestformer», men jaja.

Rekna med at «ufrivilleg» var ufrivillig.

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits