Bondestudentar

20.feb.2011, 17:53, 2 har kvitra att

Arne Garborg - Bondestudentar



Førre veke las blant anna denne boka, og ho er verd å lese for alle, sjølv utan litteraturhistoriebriller, ikkje minst for språket. Boka er frå 1883 med handling lagt til ein gong til 1870-talet. Vi møter ein bondegut som blir hjelpt fram av prestar og lærde og til slutt endar opp som student i Kristiania. Artig.

Boka er naturalistisk, men er ofte ganske ironisk. Denne typen danningsromanar, som fortel om ei personleg utvikling, viser oss ein hovudperson vi skjønner at vi ikkje burde strebe etter å vere som, utan at det nokon gong blir skrive i klartekst. Eg syntest, ikkje overraskande, at boka var ganske morosam, men om ein les boka i lys av si eiga samtid, er det meir tragisk. Men, det er no slik eg les bøker.

Midlandsmål (?)

Garborg var målmann og var ein av dei som arbeidde vidare med grammatikken i landsmålet til Ivar Aasen. Garborg sto saman med Rasmus Flo for den landsmålsgrammatikken som ikkje blei vald til hovudform av Stortinget, nemleg Midlandsnormalen. Observante lesarar legg merke til at boka på biletet i dette innlegget ikkje er den same boka eg har blogga om før. Denne boka er ein litt annan versjon, med nokre endringar i språket. Eg bytte bok om lag halvvegs i boka.

Noko eg kan seie om språket i boka, er at det er i-mål, kløyvd infinitiv, i-supinum og y-former. I tillegg er det bruk av fleirtalsformer som -or, -ir og -ur, som ikkje er med i moderne nynorsk (med unntak av -or, som er klammeform for -er av svake hokjønnsord). Elles bruker Garborg fleirtalsbøyinga -ar for både han- og hokjønnsord med omlyd: hendar, bøndar, bøkar, mennar. Det ser unekteleg litt merkeleg ut. Samsvarsbøyinga av sterke verb er gjort med i-vokal: ein slitin gut.

Så denne boka er ikkje berre ei reise til ei studenttilvere i ei anna tid (som ikkje er så reint ulikt studenttilvera i dag), men òg ei reise i språktid, om ein kan kalle det noko sånt. Sjølvsagt finst det dei som har teke vare på arven etter Garborg og framleis skriv midlandsmål (eg er litt usikker på nemninga, for denne boka er skriven før namnet "midlandsmål" kom til, og det er nok nokre forskjellar), og flott er det.

Noko som var litt uvant i den eine versjonen eg har, er at stum -t i bestemt form eintal av inkjekjønnsord var borte. Altså blir det "boki låg på borde", "i dette lande" osv.. Men det går fort å venje seg til.

Så. Les!

Denne boka er anbefalt.

Elles held eg no på med R. Ei urokråke i språket av Arne Torp. Ei heil bok om r. Fantastisk. Eg les ho på bussen og sit og beveger tunga og leppene for å skjønne kva han skriv om. Fantastisk bok.

2 attkvitter

kallenamnslaus

21.feb.2011 kl.21:42

No har eg sett på nynorskhøyringa på net-TV i heile dag. Hadde vori moro om Garborg og Aasen var der. I, O, Y, U og kløyving vert E og Ø - det trur eg ikkje dei vil ha funni seg i.

At T-en i «bordet» osb. ikkje er borte enno tykkjer eg er merkelig. ALLE seier jo «borde» og «lande». Det er synd midlandsnormalen tapte mot Hægstad-normalen på det punktet. Wikisource har forresten både Bondestudentar og andre Garborg-verk ute gratis: http://no.wikisource.org/wiki/Fil:Garborg_-_Bondestudentar.djvu

Steinrausi

23.feb.2011 kl.16:16

Garborg skal vel ikkje nytte fleirtalsformir på «-or», di dei hjå honom er «-ur»: visune, vikune, gjentune (mot visorna, vikorna, gjentorna åt Aasen). Detta gjeld au endingi av inkjekyn (kvargiskyn i midlandsnormalen): eit auga - fleire augu, eit hjarta - fleire hjartu. «ar»-ending i ord med omljod er utbreidd i midlandsmåli og dessmeir sume slag av trøndersk. Hallingdølir segjer no «dai bøndadn æra staute menna(r)» o. s. b. Eg kann nemne at trondheimsfølk segjer «manña, fota» ? do detta nok kjem frå nordlandskt. For sume trønderar er det like sælt, mest dei i Orkdali, av di dei pratar um «bøk, føt, menñ, strenñ'».

Skjeringi av «-t» i supinum heng saman med freistnadane på å fjerne «burtdåne/dauve» ljodar: kastad[e] => kasta, båtarne => båtane (eit sertrekk med midlandsnormalen!), funnet (O. A. Vinje: funnit) => funni. Aasen tenkte nok at samsvarsbøygjingi fullt skulde fylgje endingane i namnordi: Mannen er slit-en, boki er op-i, huset er op-et, hestarne er slit-ne. Men der var ikkje like ratt soleis med målføri slik dei var på herne tidi ? og i dag. Sume midlandsmålpåverka følk gjekk endåtil lengre, millom dei Duun, som skreiv «gar» (gard).

Eit anna artigt trekk med midlandsnormalen er jamvektsordi, som framleis stend sterkt i Gudbrandsdalen og indre Trøndelagen. Ein sleda (slea), ein haga (hagga), ei viku (vukku/vokko), ei haku (hukku, hokko), ei stugu (stuggu, stoggo) og so burtetter. Det er sjølvsagt eit vrangt system fyrr deim som manglar jamvekti i talemåle, og soleis vart midlandsnormalen ei sideform til nytting i skulen.

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits