Bondestudent - eg?

12.feb.2011, 19:25, 5 har kvitra att

Garborg-jubileum

I år er det 150 år sia Arne Garborg blei fødd, kva er vel meir naturleg enn å ha litt Garborg på pensum? No skal eg i gang med Bondestudentar av Arne Garborg (på ein eller annan måte samtidig med Fröken Julie av August Strindberg) og vere ferdig om nokre dagar. Eg har ikkje lese mykje av Garborg frå før, berre nokre små dikt og sitat, så det blir spennande!

I tillegg til å skrive, var Garborg ein kjend målmann. Han arbeidde med normering av landsmål/nynorsk og stod saman med Rasmus Flo bak midlandsnormalen som var eitt av to framlegg til offisiell rettskriving i nynorsk/landsmål frå nemnda som blei sett ned av Stortinget kring 1900. Stortinget valde den andre nemnda Hægstad-normalen, men lot midlandsnormalen stå som tilgjengeleg sideform for dei som ville. Med seinare rettskrivingar døydde restane av midladsnormalen ut i nynorsk rettskriving (dette er veldig grovt og kort fortalt, altså), men enno skriv mange på denne språkforma, og trivst med det.

Det står ingenting i boka om denne utgåva er modernisert eller akkurat slik Garborg skreiv ho i 1883, men av det eg kan sjå av å skumme gjennom den første sida, er at det ligg tett opptil landsmålet til Ivar Aasen. Det er kjekt å lese, det!

5 attkvitter

kallenamnslaus

13.feb.2011 kl.18:18

Ny bakgrunn! Ikkje ille, men litt meir alvorlig enn dei blåe?

Eg hadde nok haldi meg til midlandsnormalen om det hadde vori lov i skolen. Mest morosamt hadde det vori om eg kunne skriva som han Vinje:
«Men eg, som er leid af trøyttkjøyrde Øykir og Skranglekjerrur, eg finner det som eit Dikt at fara so fort og sjaa Tre og Steinar og Tuvur og alt, som i Vegen kann koma, at syna seg fram i ein Augneblink og atter renna fraa os som skræmde Fuglar, og so høyra Eimvogni frøsa som ein annan Hest og faa Mat og Drykk af Kol og Vatn.»

Eirin

13.feb.2011 kl.19:21

Du må skrive en anmeldelse når du er ferdig, om du får tid selvfølgelig! :)

Jeg synes den nye bakgrunnen din ble litt vel brun.

Vegard

13.feb.2011 kl.21:01

kallenamnslaus: Jau. Eg har leika meg litt der. Det var mest for å prøve. No prøver eg meg på noko lysegrått igjen, men det blir litt lyst.. Eg veit ikkje heilt kva eg tykkjer.

Midlandsnormal er ei målform som er fin å lese, men ikkje noko eg føler meg heime i. "Bondestudentar" er med kløyvd infinitiv, då, det er vilt tøft å lesa. Eg vil lære meg å skrive med kløyvd infinitiv. Eg kan jo systemet og slikt, men det går ikkje på autopilot enno.

Vegard

13.feb.2011 kl.21:03

Eirin: Det kan eg få til! Eg skal vere ferdig til fredag, så det kjem før eg rekk å gløyme det igjen.

Ja, eg er heilt einig. Eg skulle berre sjå om eg fann noko alternativ til dei blå bananane. No prøver eg noko grått, så får eg sjå koss det går. Med ein gong ser det veldig lyst og uvant ut, men eg får sjå kva eg synest.

kallenamnslaus

14.feb.2011 kl.01:18

Veit ikke heilt kvifor, men Vinje-landsmål er faktisk noko eg kunne hatt som hovudmål om eg fekk lov. Kjenner at det er sånn hogg-bort-det-du-ikkje-treng-mål. Hogg av -er i sterke verb om du ikkje treng det, gjer i-ane og u-ane slappe så dei vert e-ar i øykir og kjerrur (øyker og kjerrer) og hogg av det du vil i blåsit (blåse (slapp i), blåsi, blåst) eller funnit (funni, funne, funnet).

Om bakgrunnen: Grått var faktisk litt kult, men kanskje litt mørkare hadde vori betre, ja. Eg kan inkje om fargar eigentlig, men sidan eg elskar blått vert ting ofte blått. Prøvde å stilla litt på bakgrunnen, hue/saturation/lightness: 40, 50, -10. Då vart det slik: http://img831.imageshack.us/img831/6545/bilete.png

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits