Carl Frode Tiller - Innsirkling 2

02.feb.2011, 14:14, 13 har kvitra att

Mellom bakkar og berg av pensum

... prøver eg å vere flink til å lese andre ting òg. Førre veke sat eg med nasen djupt i ei gammal utgåve av Amtmandens Døttre av Camilla Collett, men før eg begynner på neste skjønnlitterære pensumbok, dykkar eg ned i Innsirkling 2 igjen. Denne boka er ein tjukkas på 400 sider, men eg nærmar meg slutten no, og det er så vanvittig bra at eg nesten ikkje kan vente på oppfølgjaren.


Sjå på linselusene i bokhylla.. Merksemdssjuke barn.

Ein skulle ikkje tru det var så vanskeleg å få td til å lese andre bøker blant pensum. Det er jo ikkje tida det står på heller, men når du har lese ein del pensum, både romanar, dikt, noveller og faglitteratur, er det ikkje så lett å setje seg ned med ei anna bok og kvile. Men eg er fast bestemt på å likevel gjere det til ein vane.

Det er litt merkeleg koss eg på vidaregåande hadde over 30 undervisningstimar i veka og fekk tid til å lese minst femti bøker i året, mens eg no har ti timar undervisning/forelesing i veka og så langt i år ikkje har lese éi bok utanom pensum.

Og jo, så har eg forresten kjøpt ei plante til å ha på bordet, men ho ser ut til å døy. Tips?

13 attkvitter

Hilde

02.feb.2011 kl.16:20

Studier er slitsom!

Jeg kan antakelig gi deg plantetips, men det er vanskelig å gjøre uten å vite hvilken plante det er! Planter flest trenger litt vann, heller for lite enn for mye. Nå som det er vinter og mørkt trenger de fleste bare en liten skvett i uka, kanskje. Og så trenger de alt lys de kan få!

Hilde

02.feb.2011 kl.16:21

Eller slitsomt, alt ettersom.. :)

Gard

02.feb.2011 kl.16:30

Vann den.

Eirin

02.feb.2011 kl.17:50

Plukk av døende blader så de ikke tar opp næringen fra de friske, også kan du jo ha oppi sånn ekstranæring. Og muligens gi den mer lunka vann istedenfor kalt :)

SiljeLilje

02.feb.2011 kl.17:59

Du kan ha fast vatningsdag. F.eks. Fredag rett etter skulen. Ellers så har du fått mange bra tips over :) Også er det ikkje lurt å drukne planten!

Vegard

03.feb.2011 kl.13:36

Hilde: Eg kan godt blogge litt om planten. Han ser ut til å ha det fint no, eg vatna han i forgårs og plukka av visne blad etter tips i kommentarfeltet. I tillegg har eg snudd litt på han der han står i vindauget, slik at heile han får lys på seg, og i dag har han kvikna litt til. Jorda er framleis ganske fuktig, så eg overdreiv kanskje litt med vatninga... Men takk for tips! Set pris på det. :P

Vegard

03.feb.2011 kl.13:37

Gard: Takk for framifrå stalltips.

Johanne

03.feb.2011 kl.13:37

Eg har same problem som deg med plantane, dessverre. Eg har 3 stk: 1 med rosa liljeliknande blomar, ein med tjukke blad og ein med tynne blad. Den rosa sine blomar visnar sjølv om eg vatnar den jamnt (2-3 gongar i veka) og sjølv om den ikkje blir tørka ut av sola (det har ikkje vore sol her på 2 veker). Den tjukke er óg i ferd med å døy, sjølv om den tidlegare har stått ca 1 mnd utan vatning og fortsatt hatt blaut jord. Den med tynne blad såg ut som ein ørkenbusk etter 4 dagar utan vatning sidan blada ikkje held på vatnet, så eg trur eg skal halde meg til plantar med tjukke blad frå no av. Eg vil råde deg til det same :P

Eg la merke til at språkrådet har lagt ut høyringsframlegg på nettet no, har du det så travelt med studeringa di at du ikkje har lagt merke til det? Eller har du berre ikkje kome på å kommentere den på bloggen? Sidan denne bloggen i ein viss grad handlar om nynorsk språk som tema vil eg anta at du burde ta det opp? Høyringsframlegget ligg her: http://sprakrad.no/upload/Rettskrivingsnemnda/Innstilling%20fr%C3%A5%20rettskrivingsnemnda_2011-02-01.pdf

Eg kan ikkje seie anna enn at eg likar (veit at likar er feil, men eg hatar verkeleg å skrive liker) den! Superbra, dei vil faktisk ta vekk mange "bokmålske" ord frå norma som kjøre, -lig endingar, former med diftong blir eineformer, fortsatt valfri J osv... Yey!!! :D

Utdrag: "Målet om å sikre ei norm for heile landet, ikkje berre for dei nynorske kjerneområda, tilseier at vi burde halde på mange av tilnærmingsformene, sjølv om dei er mindre brukte i skriftleg nynorsk. Nemnda har i fleire høve likevel gjort eit anna val, nemleg å vere atterhalden med å gi dei status som jamstilte former i den offisielle rettskrivinga, for å demme opp for praksisen til mange offentlege etatar og læremiddelprodusentar med å velje dei mest bokmålsnære formene."

Tommel opp frå meg! Kva synst du/de?

Vegard

03.feb.2011 kl.13:38

Eirin: Hmm.. Plukke daude blad høyrest lurt ut. Ekstranæring høyrest valdsamt ut, eg kan aldri hugse at mamma hadde det i potteplantane heime. Eg har foreløpig berre vatna han éin gong, og då med lunka vatn. Men det var kanskje litt mykje vatn, for jorda er ganske fuktig enno. o.O

Vegard

03.feb.2011 kl.13:40

SiljeLilje: Det høyrest lurt ut, det skal eg prøve! Noko fortalte meg at fleire plantar døyr av for mykje vatn enn for lite, det var jo ein augeopnar, for eg trudde plantar elska vatn. Litt som sjokolade for barn (no er det sikkert òg fleire barn som døyr av for mykje sjokolade enn for lite, når eg tenkjer meg om...)

Vegard

03.feb.2011 kl.13:50

Johanne: Audå. Planten min er eit lite tre med ganske tynne blad. Den ser ut til å ha det fint no, då, enn så lenge.. Eg skal ta tipsa over her og gjere det beste ut av det.

Eg har skrive fleire utkast til innlegg om dei nye rettskrivingsreglane, men ikkje publisert noko enno, fordi eg ikkje veit kor eg står, og då blir det vanskeleg å meine noko. Ho eine i nemnda er lærar i eit fag eg har på Blindern, så eg såg høyringsbrevet på tysdag like etter at det blei lagt ut, faktisk. Eg har lese det frå start til slutt og slit med svelgje nokre av kamelane.

Eg synest nemnda til dels har gått laus på gal valfridom. Å fjerne tradisjonelle nynorskformer som i-mål, kløyvd infinitiv og i-supinum er heilt gal veg å gå. Når det gjeld dei formene du kallar bokmålske, er det former eg meiner er så utbreidde i både tale og nynorsk skrift at dei burde få stå. -lig er vanleg i nynorsk litteratur og det er òg kjøre, høre, glømme og gjømme. Valfri j er bra.

Nemnda har gjort mykje bra, det er ikkje det, men eg ønsker å skrive nynorsk med i-supinum, -lig-endingar og ein del monoftongar. Grunnen til at eg ikkje gjer det no er at eg aldri lærte om det på skolen (eller "skulen", som eg no må gå tilbake til å skrive), men eg har alle desse formene i talemålet mitt, og slekta mi frå Trøndelag snakkar nesten nynorsk-identisk om ein skriv med i-supinum, kløyvd infinitiv og -lig. Den nye nynorsknorma inneber at fleire typiske austnorske målmerke går ut, og slik mistar nynorsk delar av den nasjonale appellen.

At nemnda ser at pronomenparet "de - dykk" er problematisk, er bra, men å gjere "dykk - dykk" lov blir berre rotete. Eg er meir for å innføre "dokke(r) - dokke(r)". Eg skal skrive innspel til høyringa og sjølvsagt òg eit innlegg her på bloggen (kanskje i dag?), kor eg skriv om kva eg er for, kva eg er imot og kva eg er i tvil om.

PS: Når det gjeld "like", så er det heilt lov å skrive "likar". Verbet har valfri bøying, og nemnda har no innført det som kallest "blanda bøying" for verb som eksisterer som både a- og e-verb. Du kan altså skrive "å like - likar - likte - har likt". Det same gjeld f.eks. å bruke, kor mange seier "brukar" i presens, men likevel "brukte" i preteritum. Det likar eg!

kallenamnslaus

03.feb.2011 kl.22:04

Eg kom på noko fantastisk denne veka - når vedtaka nynorsknemnda har gjort vert gjeldande, treng eg ikkje høyra på dei. 94-arane er dei fyrste som må det. Slik eg har skjøna det, treng ein heller ikkje å fylgja rettskrivinga på universitetet, men eg veit ikkje om det gjeld for deg.

Når det gjeld planter er løysinga mi å finna næraste kvinnemennske og fortelja at «denna planta driver og dævver ellerno'». Elles er eg ganske god til å ta livet av planter; dei kan visst ikkje symja...

Johanne

04.feb.2011 kl.12:46

Takk for tipset om bøyinga av å like, læraren min seier at det ikkje er lov fordi det er e-verb (jfr. liktE), men no skal eg bevise han at eg har rett og kan skrive like slik eg vil :3

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits