Dagens gjenbruksoppsig

21.jan.2011, 14:52, 10 har kvitra att

Gjenbruksperler

Her i Oslo har vi nokre gjenbruksstasjonar, kor ein som regel har ei ombrukshylle i tillegg til kjeldesorteringa. Der kan folk setje ting som er i orden (med unntak av elektriske ting) og som andre kan bruke. Det er f.eks. koppar, kar, service, tørkerullstativ, klede, ski, møbel og ikkje minst bøker.

Eg er fascinert av gamle bøker, og særleg ordlister og bøker om språk og lingvistikk er kjekke å finne, eg har til og med funne pensumlitteratur der. I dag fann eg denne:




Det står skuffaned lite Garborg på pensumlista mi i år, og ingen av tekstane er henta frå Haugtussa, men det skadar vel aldri å lese litt Garborg. Denne utgåva er gamal og fillete, men vi kallar det "vintage" og liker det.

Elles skal eg no begynne på Amtmandens Døtre av Camilla Collett, som eg skal ha lese ferdig om ti dagar. Eg skal sjølvsagt lese boka i original språkdrakt. Første setning lyder "En Eftermiddag, mod Slutninge af Trediveårene, var en Reisende, der kom Syd fra, steget af på Skydsskiftet Storemo, beliggende i et af Landets nordlige Amter."

10 attkvitter

anders

21.jan.2011 kl.17:18

wooo ugle!!!!!!!! hipsturrr

kulturpessimisten

21.jan.2011 kl.20:17

Pent funn!

Guro i verda

21.jan.2011 kl.22:31

åå, så hyggelig! gjenvinning i mitt hjarte for alltid.

kallenamnslaus

22.jan.2011 kl.02:17

Eg må seia eg likar nynorsken til Garborg. Det er så ubokmålsk :)

«Hugen leikar og Augo lær,

Elsken gløder og Hjarta slær;

det er Stundir ein aldri gløymer.»

(så kan du sjå om du finn sidetalet)

Ragnhild

22.jan.2011 kl.17:43

Åh, for ein skatt!:D Eg ska lese Haugtussa ein gong. Begynte faktisk på den i fjor, men eg klarte ikkje lese ho ut før eg måtte levere ho tebake, ogso skulle vi lese andre ting i norsken.

Vegard

23.jan.2011 kl.12:41

anders: Ohyes! Du burde jo ha eit godt forhold til Garborg, eg skal tenkje på deg når eg finn dei finaste dikta.

Vegard

23.jan.2011 kl.12:42

kulturpessimisten: Det var det absolutt! :) Stort sett noko fint å finne på desse stasjonane.

Vegard

23.jan.2011 kl.12:44

Guro i verda: Eg gler meg masse til å lese ho. :) Dessverre er det ikkje så mykje Garborg på litteraturhistoriepensum i år (pensum er enormt, eg får ikkje lest mykje utanom), så eg får ta det som små drypp innimellom. Det kulaste er jo at boka er frå 1945 og både ser ut og kjennest gammal.

Vegard

23.jan.2011 kl.12:48

kallenamnslaus: Ja, det er sant, Garborg arbeidde jo mykje med landsmålet. Eg reknar med at vi skal arbeidde litt med dette i språknormering og -planlegging i vår.

Vegard

23.jan.2011 kl.12:53

Ragnhild: Den var eit funn, ja. ^^ Det er det andre eg skal lese som gjer meg bekymra. Litteraturlista i begge emna eg skal ha i år (litteraturhistorie og språnormering), er lange som vonde år. Mykje artig på dei, så klart, men det blir neppe høve til å lese så mykje anna.

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits