Den googlesøk-baserte nynorskhjelpelista

05.feb.2011, 11:38, 2 har kvitra att

Innkomne Google-søk

Google står for ein del av den innkomne trafikken til Kvitter, og veldig mange av dei som kjem innom etter å ha søkt på Google, leitar etter nynorskhjelp. Google greier sjeldan å sende dei til innlegg kor dei faktisk kan finne svaret, derfor har eg no samla nokre populære Google-søk som har kome til bloggen min i den googlesøkbaserte nynorskhjelpelista. Forhåpentleg vil Google greie å sende folk hit.

Eg er ikkje i tvil om at veldig mange òg googlar med rettskrivingsspørsmål om bokmål, men dei finn sjeldan bloggen min, naturleg nok..

Lista er alfabetisk.

Tips: Dei fleste nettlesarar har søkjefunksjon. Ofte ctrl+f på PC og cmd+f på Mac. Bruk for å søkje etter det du leitar etter!

Anbefale - Anbefale og anbefaling er lov på nynorsk.
Ansikt - Både ansikt, andlet og fjes er like lov på begge målformer.
Auge/auga - Auge går anten slik: eit auge - auget - auge - auga, eller slik: eit auga - auga - augo - augo.
Begynnelse - Denne forma er ikkje lov. Sjå begynning. (Eller byrjing, førstning, start)
De - dykk - Andre person fleirtal heiter de - dykk. De må vaske dykk. Svarar til dere - dere på bokmål.
Dialekta/dialekten - Foreløpig kan dialekt berre vere hankjønn.
Diverre/dessverre - Her står du fritt til å velje. Du kan òg skrive di verre eller dess verre.
Foreløpig - Du kan skrive foreløpig på nynorsk (og du kan skrive førebels på bokmål!)
Forhåpentligvis - Du kan skrive både forhåpentleg og forhåpentlegvis på nynorsk.
Følelse - Tillatt på nynorsk, hanskjønnsord. (Ev. kjensle.)
Heileskaking - Betyr hjerneristing ("hjernerystelse" på dansk) og er noko uvanleg i bruk.
-heit - ord på -heit er hokjønn: svakheita, verkelegheita.
Hjarte/hjarta - Hjarte bøyer du anten slik: eit hjarte - hjartet - hjarte - hjarta, eller slik: eit hjarta - hjarta - hjarto - hjarto.
Inkje - Pronomenet ingen har inkjekjønnsforma inkje på nynorsk. Det betyr det same som "ikkje noko" eller intet på bokmål. "Intet dyr å se", "inkje dyr å sjå". (Inkje kan ein òg bruke for ikkje i trykksterk stilling, altså: "han har eg inkje sett", men likevel "eg har ikkje sett han", kursiv markerer trykk.)
Klammeformer - Sidan 1938 har ordlista vore delt i hovudformer til bruk i lærebøker og klammeformer som elever kan bruke om dei vil. Ein skal etter planen gå vekk frå systemet i 2012.
Likar eller liker? - Dette er valfritt. Å like - likar - lika - har lika eller å like - liker - likte - har likt.
-løshet - Ord som sluttar på -løshet på bokmål, sluttar på -løyse på nynorsk. Arbeidsløyse, søvnløyse.
-løyse - ord på -løyse er hokjønnsord.
Naudsynleg - Eit fint ord som betyr det same som nødvendig, turleveg..
Noreg/Norge - På nynorsk kan landet vårt berre heite "Noreg", enn så lenge.
Nyhende/nyheit - Ei nyheit er noko som er nytt, og kan vere f.eks. eit nytt produkt eller ei ny hending. Eit nyhende er berre ei hending. Nyheit kan brukast om både nyheiter og nyhende, men nyhende kan berre brukast om nyhende. Sjølv bruker eg nyhende om nye hendingar (naturleg nok) og nyheit om nye ting.
Nødvendig - Både nødvendig, nødvendigheit og nødvendigvis er lov på nynorsk.
Osb. - Osb står for "og så bortetter" og betyr det same som "og så vidare" (osv.).
Personlegheit - På nynorsk heiter det personlegdom.
Salg - Dette skal skrivast utan -g: sal. Bm å selge er på nn: å selje - sel - selde - har selt.
Selveste - sjølvaste.
Tilrå - Eit fint verb som betyr det same som å anbefale.
Ønskjer/ynskjer - Desse verba er sidestilte.
Ønske/ynske - Desse substantiva er sidestilte.
Øyre/øyra - Øyre er anten: eit øyre - øyret - øyre - øyra eller eit øyra - øyra - øyro - øyro.

Har du tips eller ønske til kva nynorsktips som kan stå i denne lista, så kom med det. Eg har møtt på masse slike spørsmål mens eg har lagt om frå bokmål til nynorsk, og om eg ikkje kan svare, veit eg kor eg skal leite.

For øvrig lurer eg på om oppsettet er godt nok. Det kunne kanskje vore betre å ha lista slik:

Osb. Betyr "og så bortetter" og er eit alternativ til "osv." (Ordlistelenkje)
Salg. Skal skrivast utan -g på nynorsk: sal (ordlistelenkje)

Eller kanskje ikkje? Då er det lettare å følgje forbokstavane, f.eks.., og utgreiingane mine vere korte.

2 attkvitter

Frå Austfold/Østfold?...

05.feb.2011 kl.12:25

Eg har ikkje eigentleg så mykje å kommentere om, men eg ville berre seie at dette er den kvitterbloggen eg likar. Forsida, slik som ho er no er nett det som gjorde at eg fall for denne bloggen; nynorsktips og andre nynorske kuriositetar (her er det mykje å ta av), yoshi-born som skapar ein avslappa tone og plass til språkpolitiske ordskifte (jf. nynorsknemda). Utsjånaden på bloggen er au den beste hittil og eg er særs nøgd. Som nemt hadde det vori artig å kanskje frå tid til annan få eit heilt spesielt nynorskord til å ta med seg i kvardagen. Hald fram som du stemnar!

Vegard

07.feb.2011 kl.14:18

Frå Austfold/Østfold?...: Heihei, det er hyggeleg å sjå kommentarar frå deg igjen! Takk for fine ord og synspunkt om bloggen. Det er godt å høyre at ein gjer noko riktig. :P

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits