Oppskrift på laksepasta

14.jan.2011, 18:17, 8 har kvitra att

Denne oppskrifta er ein variant av ei oppskrift eg fann i iPhone-kokeboka til Tine. Originalen har sitronpepper, soltørka tomatar og persille, men det høyrdest ikkje så godt ut, tenkte eg.

Du treng

- Laks (minst to filetar til kvar person)
- Créme Fraîche
- Safta av ein halv sitron
- Krydder (eg brukte oregano, dill og havsalt)
- Litt smør
- Pasta (spaghetti eller tagliatelle, eigentleg passar vel alt)
- Riven ost

Slik gjer du

Kok opp vatn og ha i pastaen. La pastaen koke mens du gjer det andre.

Skjer laksen opp i små bitar og legg dei på ei fjøl, skvis safta frå sitronen over og dryss på litt krydder. Varm litt smør i panna, ha laksebitane oppi og steik til dei ser fine ut. Så hiv du oppi nokre store skeier med Creme Fraîche (oppskrifta sa 2 dl, eg trur eg tok litt mindre), rør rundt (ifølgje oppskrifta skulle det "surre", kva enn det er). Riv over litt ost og krydre.

Et!



Ikkje frykt at dette skal bli ein matblogg. Eg treng berre litt motivasjon til å stå for middagen sjølv kvar einaste dag, men det kjem så klart i tillegg til den vanlege kvitringa.

8 attkvitter

whooah - Line

14.jan.2011 kl.18:25

Herlig! :)

Marita

14.jan.2011 kl.19:30

Dette såg skikkeleg digg ut, sjølv om eg er litt usikker på om "røyr rundt" ikkje burde vore bytt ut med "rør rundt".

Eg kan vera litt pirkete, btw ;)

Vegard

14.jan.2011 kl.19:46

Marita: Det var digg, men hadde sikkert smaka betre med ein skikkeleg ost, ikkje vanlef Synnøve Finden. Å røyre er feil, ja, haha! Takk for pirk, retta til røre no. Pirk er kjekt, det er slikt ein blir flink av. :p

Gard

15.jan.2011 kl.15:18

Soltørka tomater er jo meininga med livet.

Eirin

15.jan.2011 kl.18:36

kan styre meg for pastaen :) men sier ikke nei takk til laks med agurksalat osv

SiljeLilje

15.jan.2011 kl.23:00

Pannekaker er eit godt tips til middag. Inviter gode vener på middag, då blir det mindre restar og det er supersosialt. To fluger i ein smekk :P

JULIA

16.jan.2011 kl.16:36

SV: Jeg leser som regel bare på engelsk, ja. Vet ikke helt hvorfor, bare liker det best. Men Kollektivt Selvmord leste jeg i fjor (den eneste norske boka jeg leste faktisk, haha) og den er bra. Will Grayson Will Grayson er en av yndlingsbøkene mine. Gled deg til den!

Oh, laksepasta. Nå fikk jeg veldig lyst på laksepasta. Tror jeg skal lage laksepasta. En eller annen gang snart.

Vegard

19.jan.2011 kl.12:58

SiljeLilje: Hmm... Pannekaker er kanskje ikkje så dumt. Steikepanna mi er ganske lita (men søt), så eg får ikkje steikt dei heilt store pannekakene, kanskje, men då kan ein jo ete fleire og ha på meir pålegg, haha.

Skal prøvast! :D

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits