i-målsveke: Innføring i i-mål

15.nov.2010, 20:30, 12 har kvitra att


Lillegul: Hei, og velkomen til i-målsveka på Kvitter!
Lillegrønn: Ja, heihei! Vi er vertane dykkar denne veka, som blir ei koseleg veke her på Kvitter!


Lillegul: Ja, og kva vil det seie at vi no skal ha i-målsveke, Lillegrøn?
Lillegrønn: Åh, no spør du dumt, Lillegul, dette veit du jo.
Lillegul: Ja, men dei andre veit kanskje ikkje det.


Lillegrønn: Åja, okei! Det betyr at alle innleggi på Kvitter denne veka vil vere skrivne på i-mål!
Lillegul: Alle som eitt?
Lillegrønn: Alle som eitt!
Lillegul: Men kva om ikkje alle veit kva i-mål er?
Lillegrønn: Det er difor vi no skal lære vekk alt vi kan om i-mål.
Lillegul: Åh. Men då så. Du får vere lærar!


Lillegrønn: Woho, kor kjekt! Eg må berre presisere at eg aldri har lært å skrive i-mål, men berre har hive saman nokre reglar frå ordlister og ulike kjelder. Ei god oversikt over alle reglane for i-mål har eg ikkje greidd å finne, så dette blir berre sånn cirka. Men here goes.


Lillegrønn: I-mål er altså det vi kallar nynorsk med bestemd hokjønnsartikkel -i. Men det er berre dei sterke hokjønnsordi som skal få -i. Dei svake hokjønnsordi får framleis bestemd artikkel -a.


Lillegrønn: Dei svake hokjønnsordi er dei som endar på trykklett -e og har klammeform på [-a], skoleelevar kan altså skrive ei kista, ei jenta osv., slik som mange snakkar f.eks. i Stavanger. Alle andre hokjønnsord er sterke og får bestemd artikkel -i på i-mål.


Lillegul: Eg har eit spørsmål!
Lillegrønn: Eh, ja, Lillegull?
Lillegul: Kvifor seier vi då "ordi" og "innleggi"? Det er jo bestemd form fleirtal av inkjekjønnsord?
Lillegrønn: Din utolmodige dust, eg kjem jo til det no...


Lillegrønn: Det er nemleg slik at endingi i bestemd form eintal av hokjønn skal vere lik endingi i bestemd form fleirtal av inkjekjønnsord.
Lillegul: Åååh... Dette lærte eg aldri på skulen?
Lillegrønn: Du skulle hatt meg som lærar.


Lillegrønn: Altså.. Skriv du i-mål skal det altså ikkje berre heite brui, soli og kui, men òg ordi, husi, eggi, innleggi osv.. I fleirtal
Lillegul: Okok, er det berre dei ordi?
Lillegrønn: Nei, det gjeld òg hankjønnsord som til vanleg endar på -a i bestemd form fleirtal, f.eks. skoa, tinga, skia, feila og foreldra, som alle får -i på i-mål.


Lillegul: Eg må seie at eg tykkjer i-mål er eit utruleg vakkert mål!
Lillegrønn: Ja, kan du tenkje deg kvifor dei vil ta det ut av nynorsknormi til neste år?
Lillegul: Nei, nemndi kan ikkje ha tenkt heilt klart.


Lillegrønn: Jaja, no skal de få lekser!
Lillegul: Serr?
Lillegrønn: Ja! Nokre i-målslekser. Det er lov å svare i attkvitrefeltet.


Lillegrønn: Set desse setningane om til i-mål! "Alle Yoshi-barna har ulik farge på skoa" og "Den bortkomne kista blei funnen i helga".

Svaret står opp ned nedst i innlegget.


Lillegrønn: Ja, det var det første av mange innlegg på i-mål denne veka!
Lillegul: Ja, kor mange innlegg blir det på Kvitter denne veka?
Lillegrøn: Eg veit ikkje, eh... Sikkert fleire enn førre veke.
Lillegul: Ja, det er jo fint...

Svar på leksa:

Skriv i-mål mens du kan!

12 attkvitter

Þormóðr

15.nov.2010 kl.21:33

Lillegrønn: Din utolmodige dust, eg kjem jo til det no...

Lillegrønn: Du skulle hatt meg som lærar.

Usympatisk kosedyr.

Steinraus

15.nov.2010 kl.21:37

<3

Men eg vil rette liti her. I-målsfolket skriv oftast ikkje "skoi", men sko(r)ne. "Skoa" er ikkje so utbreidt.

anders

15.nov.2010 kl.22:01

Alle Yoshi-barni har ulik farge på skoi.

Den bortkomne kista blei funni i helgi.

Vegard

15.nov.2010 kl.22:05

Steinraus: Høhø, eg visste det kom... I-måls-folket skriv vel helst òg "me", gjerne a-infinitiv, skule osv.. Eg valde å skrive slike eg gjer til vanleg, berre på i-mål. Eg skriv til vanleg "skoa", så då blir det "skoi".

Steinraus

15.nov.2010 kl.22:50

Vegal: Fair nuff.

Du gløymde for resten å nemna adjektivbøygjingi hos dei fleste med i-mål. Nemleg at ho fylgjer endingæ i bundæ form ganske regelrett.

Frå Mosjøen: Sol-æ e mi eig-æ. Dør-æ e bund-æ. Hus-e e mett eig-e. Dyr-e e bund-e. Mann-(æn)j e min eig-ænj. Hest-(æn)j e bund-ænj.

kallenamnslaus

16.nov.2010 kl.02:11

Genialt opplegg! Eg skal sjølvsagt fylgja opp og berre velja i-formene i kommentarane mine denne veka. :) Kan du ikkje senda bloggposten din til nynorsknemndi slik at dei kan tenkja seg om både ein og to gonger før dei tek bort i-målet (og -or/-one)? Endingane -or/-one høyrer jo saman med i-ane. Å ta i-ane må vera den største endringi (brigdet?) sidan 1938 og eg meiner nemndi er i ferd med å gjera uboteleg skade på nynorsken.

Eg tykkjer eigentleg at dette skulle ha vori obligatorisk på alle skulane i heile landet, ei i-målsveka (og ei radikal-bokmålsveka) kvart år. Dette hadde både dei med nynorsk som hovudmål og oss som er «sosialt låst» (verkar som at ein mange stader kan verta mobbeoffer berre ein nemner nynorsk) til bokmål hatt godt av. Ikkje berre må eg stadig fortelja folk at infinitiv kan enda på -a og at boki er eit flott ord, men eg må òg seia det same om att og om att når folk ser at eg har skrivi «jeg kasta tinga sjøl» eller ordet åssen. Eg fann ut at leiaren i Senterpartiet, Navarsete, både har e-infinitiv og regjeringA endå ho kjem frå tjukkaste i-målsland i Sogn og Fjordane. Ho av alle skulle ha nytta i-målet (regjeringI!!!), so eg vart so sur at eg ville riva sund avisi.

Steinraus

16.nov.2010 kl.12:50

Eg prata med Navarsethe for ikkje so lengi sidan faktisk. Ho likar _ikkje_ at i-målet er på veg ut, og lova meg å koma med eit fråsegn åt nemndi om ikkje for lengi.

I-ane høyrer ikkje alltids lags med -or/-one, for resten. Til dømes hev mange område som grensar åt i-mål desse, ogso mitt eige målføre (som krinsar Helgoland). I-målet kann få ei solid reising om nordlendingar med i-mål kjem på banen. Nordnorskt er tross alt godt lika yvi heile landet.

kallenamnslaus

16.nov.2010 kl.20:51

Det eg ikkje kan skjøna er at Navarsete skriv med e-infinitiv og a-former om ho samstundes ikkje vil ha ut i-målet. Ein kan vel best hjelpa truga former ved å ta dei i bruk(?)

Då eg sa at -or/-one høyrer saman med i-ane, meinte eg at det var dei formene Aasen hadde og som saman vart innestengde i klamrer i 1938.

Vegard

17.nov.2010 kl.15:14

Þormóðr: Dei er stort sett hyggelege med kvarandre, men har ei slem-spøkjefull tone seg imellom. Slik går det når ein veks opp på austkanten.

Vegard

17.nov.2010 kl.15:14

anders: Det er sjølvsagt heilt riktig! <3

Vegard

17.nov.2010 kl.15:20

kallenamnslaus: Hm. Eg veit ikkje heilt om dette er eit innlegg i debatten dei til ta seriøst, altså. Nokon av dykk må jo gjerne sende det til dei om de trur dei har interesse av det, men eg held det for meg sjølv inntil vidare, iallfall. Ein ven av meg viste det til Sylfest Lomheim i går, då. Det er jo kjekt. Lomheim meiner for øvrig at i-mål burde ut av rettskrivingi fordi det gjer nynorsk vanskeleg å lære for barni. Eg er ikkje einig med han i det.

Ja, opplæringi i norsk språk er får dårleg. Elevane kjenner til mangfaldet i for liten grad! Ikkje berre dei ulike moglegheitene i skriftspråket, men òg mangfaldet i talespråket er totalt ukjent for mange. Tenk berre på bergensarane - koss skal vi lære dei om sterke hokjønnsord når dei ikkje veit kva eit hokjønnsord er? Det må dei jo lære på skolen.

Hugs at Liv Signe Navarsete er tilsett i offentleg forvalting, då kan ho ikkje bruke klammeformer. Eg trur ikkje reglane om målbruk i staten omfattar debattinnlegg i aviser, men ho føler kanskje at det gjer det. Det er fantastisk å høyre ho snakke. "Stortingsmeldingi er komi", hjarte.

Steinraus

18.nov.2010 kl.14:24

Vanskelegare for borni? Merkeleg kar, detta. Eg trur born hev lettare for å læra mønster enn reglar. Mannen er sliten, katti er sliti, dyre(t) er slite, skorne er slitne. Og vips, so fær dei samsvarsbøygjingi og i-målet i ein svip! No vil dei jo mesta ta nett samsvarsbøygjingi or normi, fordi ho visst-nok er so vanskeleg. Sjølvsagt er ho "vanskeleg" for dei som vil skriva dansk-norsk ;)

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits