50 000 ord på 30 dagar? ...seff!

02.nov.2010, 16:50, 5 har kvitra att

Har du høyrt om NaNoWriMo før? Det hadde ikkje eg heller, før i går! Det står for Nation Novel Writing Month og er eit internasjonalt prosjekt, som går ut på at ein melder seg på og prøver å skrive ein roman på minst 50 000 ord i løpet av november månad.

Kor fett er ikkje det!

Eg høyrde om det to gonger i går, først frå ein ven i Canada, og så las eg om det på Virrvarr.net, og eg bestemde meg for å prøve. Det kan vel ikkje skade å prøve?

Kvifor?
For å skrive 50 000 ord på ein månad, må ein berre setje seg ned og skrive. For å nå målet, må du skrive i snitt 1667 ord om dagen, og det er forferdeleg masse, om ein tenkjer etter. I går greidde eg 2301, så langt i dag har eg skrive 1257 ord. Dette handlar ikkje om å nødvendigvis skrive ei innmari bra bok, men om å vere produktiv og lære om seg sjølv og koss ein funkar i ein skriveprosess. Du må ikkje publisere verket ditt, du skriv det i Word eller kva du vil, og så fyller du berre inn kor mange ord du har kvar dag.

Du skriv på kva språk du vil (eg skriv sjølvsagt på nynorsk), og om du når 50 000 ord og vil "vinne" (eg veit ikkje heilt kva ein vinn, men det plar vere tusenvis av vinnarar), så må du laste opp tekstfila, slik at eit teljeprogram dei har kan sjekke at du ikkje har juksa.

Skriv deg opp i dag! NaNoWriMo. Legg meg gjerne til som ven, så kan vi lettare sjå at alle greier det, at det ikkje er umogleg. Eg heiter "Kvitter", og du kan leggje meg til som ven frå profilen min på nanowrimo.org, trur eg. Eventuelt kan du seie meg kallenamnet ditt om du er med, så skal eg søkje deg opp og leggje deg til.

Men skynd deg, NaNoWriMo er berre i november, og no har allereie éin dag gått!

Kven er med? Lista ligg ikkje så høgt, det er berre å prøve, og det går fortare å kome opp i 1667 ord enn du trur. Berre begynn med noko og la det stå til!

5 attkvitter

anders

02.nov.2010 kl.17:48

jeg har egenltig ganske lyst til å gjøre dette. i så fall må jeg begynne nuh

JULIA

02.nov.2010 kl.18:10

Jeg er med! Skriver på engelsk, og mangler rundt 500 ord i dag før jeg har nådd dagens mål. Det er veldig, veldig gøy og mitt første år! Og jeg er definitivt ikke en forfatter av noe slag. Jeg merker det allerede nå, at jeg ofte stopper og tenker "herlighet hva er dette for noe", men det er egentlig bare litt gøy. :D

Vegard

02.nov.2010 kl.19:02

anders: Gjer det! Det er kjempegøy, eg er sikker på at du kjem til å skrive noko kjempefint. :3

Vegard

02.nov.2010 kl.19:04

Julia: Wooh, knall! Kvifor engelsk? Eg verken skriv eller les på engelsk, så det høyrest fjernt ut for meg. Eg har greidd målet to dagar på rad no, og det byrjar jo å bli ein lang tekst, herregud.

Ja, det blir gøy å lese gjennom resultatet. Eg tviler på at eg kjem til å hugse alt eg har skrive når månaden er omme. Gøy, gøy, gøy. Kva heiter du? Vi kan leggje kvarandre til.

Julia

03.nov.2010 kl.21:52

SV: Jeg leser nesten bare på engelsk, alle bøkene jeg har lest i år unntatt èn har vært på engelsk. (minus skolegreier) Jeg veit ikke helt hvorfor, det bare virket som en morsom ting å gjøre. Bare for å gjøre hele greia litt vanskeligere, haha! Jeg har også greid målet de siste dagene, man må bare skrive og skrive og skrive selv om det er skikkelig shite. Jeg håper virkelig jeg klarer dette! Jeg heter "svineinfluensa". Fordi... Fordi. Hva heter du? :D GØY!

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits