Bøker i posten

11.sep.2010, 17:00, 7 har kvitra att
I dag fekk eg pakke i posten, og der låg endeleg resten av pensum. Utanpå pakka såg eg at ho først var sendt feil, og det kan forklare kvifor det har teke nesten to veker.

I alle høve, her er eit bilete teke med det innebygde kameraet i Vesla, så det er speglvent, men det går fint (eg fann eit val for å ikkje speglvende bileta først etter at dei var tekne, så eg gadd ikkje):

Norrønt

Innføring i norrønt språk og Norrøne tekster i utval.

Eg har emnet "norrøn grammatikk og eldre språkhistorie" i år, og det er ganske kjekt. Eg trur og håpar det vil vere ein fordel å ha bytt mål frå bokmål til nynorsk, for då har eg allereie på ein måte fått med meg mange viktige skilje på aust- og vestnordiske språk.

Vi lærer norrønt frå kring 1200, og det blir ganske kjekt. Eg vil neppe greie å lære meg å skrive norrønt, men når eg får eit oversyn over den norrøne grammatikken, blir det vonleg enklare å lære færøysk seinare.

Tekst og kommunikasjon


Språklig samhandling, Retorikk i skolen og Å forstå avisa.

Utan at eg heilt skjøner kvifor dette emnet er ein del av årseininga i nordisk, så er det no ein gong slik. Tekst og kommunikasjon går ut på å lære om kva som definerer ein tekst, kva som definerer eit teikn, kvifor vi kommuniserer som vi gjer og så vidare. I dette emnet er det få fasitsvar, men vi skal lære omgrep og slikt til å skildre og analysere tekstar med. Sikkert interessant. Forelesaren min er ein artig type som har ganske banale døme.

Norsk grammatikk


Innføring i norsk syntaks.

Norsk grammatikk er eit emne eg gler meg masse til å kome godt i gang med, så det er fint at syntaksboka endeleg kom. Morfologiboka har eg hatt nokre dagar. Her skal vi lære om kvifor norsk er slik det er. Førebels er det litt frustrerande, for det er få fasitsvar.

Og til slutt noko til meg sjølv


Lamme lår og sukker biter - Kunsten å skrive godt av Per Egil Hegge.

Sjølv om Per Egil Hegge sjeldan uttalar seg positivt om nynorsk, er han ein dyktig språkbrukar og har sikkert masse å lære vekk. Boka er ganske lita, litt som ei handbok, og det er kjekt. Ho skal få vere med meg som eit lite oppslagsverk i formuleringsevne.

Eit lite, uskyldeg sitat frå kapittelet "Hvordan bygger du opp en tekst?":
Økonomiredaktøren i London-avisen The Times i slutten av 1970-årene, Peter Jay, var en person med svært høye tanker om seg selv, og en dag ble han stoppet av en kollega som sa at artiklene hans om britisk økonomi var så vanskelige at det bare var de tre toppbyråkratene i finansdepartementet som forsto noe av dem. "De er akkurat de tre jeg skriver for," svarte Jay.
Hehe, ganske artig. Eg skal ikkje skrive artiklar om britisk økonomi, men det er jo eit godt poeng. Som Hegge er eg glad i klart, tydelig og målretta språk.

Eg tykkjer eg ofte har veldig rar eller manglande flyt i innlegga på bloggen, og dei fleste setningane byrjar med "eg". Det må vel gå an å gjere noko med, så eg har nok masse å lære av boka.

Til slutt i innlegget: Ei setning i feit skrift, slik at du skal kunne bla gjennom heile innlegget utan å lese noko, men likevel ha ei enkel linje å halde deg til. Flott-flott.

7 attkvitter

Clara

11.sep.2010 kl.20:15

Den siste boka tror jeg faktisk jeg kan ha interesse av. Fint om du skriver litt om den når du er ferdig! :D

Vegard

12.sep.2010 kl.13:45

Clara: Klart! Trur dei fleste av oss kan trenge å lese litt om slikt. Det er ikkje lett å skrive klart og enkelt, men det er nok ikkje uoverkomeleg heller.

Clara

13.sep.2010 kl.21:27

Hurra! Utifra navnet og sitatet virker det som en ganske morsom bok. :)

Jepp, øving gjør mester!

Þormóðr

19.sep.2010 kl.23:26

Morfologi høyrest veldig interessant ut - det oppfordrar eg deg til å skrive om!

Vegard

20.sep.2010 kl.09:50

Þormóðr: Morfologi har vi ikkje før seinare på året, men eg skal passe på å skrive noko om skilnaden på morfologi i bokmål og i nynorsk! Og meir om deg, sjølvsagt.

Þormóðr

20.sep.2010 kl.11:34

Åja! Eg trudde morfologi gjaldt eldre språk > norrønt > moderne norsk. Skilnaden på bokmål og nynorsk er ikkje så spennande for meg personleg, men du har sikkert evnen til å gjere det interessant.

ida

25.sep.2010 kl.23:07

her var det mykje kjend lesnad! kos deg med norrøne tekstar i utval, utruleg mykje kjekt der - særleg han djevelen i soga om margreta fekk lokka fram låtten! samt at ho driv litt reklame for seg sjølv. "alle lyt kjøpa denne boka og ha ho i hus, då vil ingenting vondt henda dei" so det er godt du har gjort den investeringa!

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits