A, D, E og F

14.jul.2010, 14:23, 5 har kvitra att
A // for Almaas


Forfattar: Bjørn Esben Almaas
Tittel: Katzenjammer
Språk: Norsk (bokmål)
År: 2003
Forlag: Oktober

Denne boka lånte eg fordi eg mangla ei bok på A og gjekk og titta i hylla. Boka har ein daudingsskalle på framsida, og opninga er skummelt lik opninga i ei Murakami-bok. Eg vart nyfiken og bestemde meg for å låne ho, og det angrar eg ikkje på. Hovudpersonen er nederlandsk, heiter Bas de Klerk, jobbar på kontor og er gift med Åsne, som ønskjer seg katt. 

Diverre blir det meir stress med innkjøp av katten enn Bas hadde turt å håpe på, og straks tek kattungen mykje plass i kvardagen. Saman med ei rekkje hendingar i samband med jobben, gjer innkjøpet av katten at noko seier klikk i hovudet til Bas. Ikkje greitt.


Personane og miljøa er karikaturar, men likevel truverdige og gripande. Slutten er diverre ikkje på høgde med resten av boka, men eg vil gjerne vite korleis det går med Bas vidare. Tommel opp!

D // for Dickens


Forfattar: Charles Dickens
Tittel: Mysteriet Edwin Drood
Språk: Bokmål, orig. engelsk
År: 1870 (blei aldri ferdigskriven)
Forlag: Aschehoug

Eg blei tilrådd å lese noko av Dickens, og på biblioteket hadde dei alle dei mest kjend Dickens-bøkene (Copperfield, Twist osv.), og denne. På baksida kunne ein lese at Dickens aldri rakk å skrive ferdig denne boka, og at notata Dickens la att ikkje røpa noko avslørande. Ingen veit kva som skjedde med Edwin Drood, ein ung mann som plutseleg forsvann.

Den halvdelen av boka Dickens rakk å skrive er utruleg fengslande og god. Handlinga er i ein passe stor by i England på 1800-talet og har både kjærleik, begjær, svik og konspirasjon. I omsetjinga snakkar snobbane riksmål med høfleg tiltale og dei med uformell "grov" taleform, har austkantdialekt, ganske lik mi eiga. Det er både dynamiske og statiske figurar, kor dei siste er spiddande karikaturar av heile grupper. Utruleg artig å lese.

Boka "endar" brått ved at det berre ikkje er meir. Handlinga rekk å ta ei overraskande vending like før, og dette må vere den aller verste "cliffhanger"-en i litteraturhistoria. At boka heiter "Mysteriet Edwin Drood" er ikkje anna enn lagnadens ironi.


E // for Eikemo


Forfattar: Marit Eikemo
Tittel: Arbeid pågår
Språk: Norsk (nynorsk)
År: 2009
Forlag: Samlaget

Eg plukka med meg noko på E medan eg først var på biblioteket og freista å gå alfabetisk til verks. Denne boka var den einaste som verka nokonlunde interessant, og den første sida ga meirsmak.

Vi møter (men blir ikkje kjend med) ein ikkje fullt så ung student som har leigd seg ei lita leilegheit i Spania for å få fred til å skrive avhandlinga si, om kritikk og parodiering av Ibsen oppgjennom historia. Det er visst umogleg å konsentrere seg med alt som skjer og alle som bur i bustadkomplekset, og utan nokon å diskutere Ibsen med, finn han stadig att Ibsen-figurane og -tematikken i det nye miljøet. Og er han ikkje ein Ibsen-figur sjølv?

Det står mykje om Ibsen i boka, og eg trur det kan vere greitt å ha lese og gått gjennom nokre Ibsen-drama før ein går laus på denne boka. Eg har heldigvis gått gjennom tre av dei store dramaa på skulen og forsto det meste, men eg mistenkjer at det er hendingar, relasjonar og figurar i boka som er parallellar til Ibsen-skodespel, og at denne boka då blir særs psykologisk. For dei av oss som ikkje kjenner Ibsen så godt, blir det heile litt uengasjerande.

Ein blir aldri særskilt kjend med figurane, og det er berre i periodar ein verkeleg har lyst til å lese meir. Når ein trur ein kjenner hovudpersonen, kjem eit verkeleg karakterbrot, utan forklaring, og av og til er han uuthaldeleg dum. Dette er ei bok du fint kan gå glipp av, men du vil ikkje grine deg i søvn om du les ho likevel.



F // for Faldbakken


Forfattar: Knut Faldbakken
Tittel: Sin mors hus
Språk: Norsk (bokmål)
År: 1974
Forlag: Gyldendal

At eg les denne boka, er eigentleg heilt tilfeldig. Eg var innom ein gjenbruksstasjon og vitja bror min som var på jobb, og så såg eg gjennom dei innkomne bøkene og fann Faldbakken. Eg hugsa namnet frå norsktimane og hadde i hovudet kategorisert det som "må lesast", så eg tok med meg boka og las ho på toget ned til Oslo.

Boka er forferdeleg ekkel, og skildrar korleis ein overtidsstudent (det eg kallar dei som har vore så lenge på universitetet at dei gløymer korleis verda eigentleg heng saman) lagar ei verd oppi hovudet kor alt og alle kring han er delar i eit spel om roller i livet hans.

Det oppstår i hovudet hans ein maktkamp mellom den nye kjærasten hans og mora. Begge to vil vere den dominerande kvinna i livet hans, og det psykologiske, seksualdrivne spelet han diktar opp i hovudet sitt blei nesten for mykje for meg. Boka er utruleg ekkel, men ikkje direkte pervers, men det var likevel noko som heile tida dreiv det vidare og var spennande og truverdig. Ei bok kan handle om kva ho vil, men er god så lenge lesaren vil lese meir. Endinga er diverre litt uoriginal.



Oppsummering
Av dei fire bøkene eg har skrive om så langt, er det berre éi du absolutt burde lese, og det er Mysteriet Edwin Drood. Dei andre er òg gode, men ikkje noko eg meiner du ikkje kan gå glipp av.

Dei neste på lista er Bjerke, Christie, Gulbranssen og Haddon. Heng på!

5 attkvitter

Frå Austfold/Østfold?...

14.jul.2010 kl.19:08

Viss du skulle komma til å setja pris på bøkene til Gulbranssen (dei er utruleg fine å lesa omatt, då ein er vand med dei og kan fokusera meir på sjølve soga (for det er ei soge, verkeleg)) kan det vera morosamt å prøva å leggja merkje til språket hans. Gulbranssen skreiv jo i ei tid kor ein skreiv riksmål viss ein ikkje skreiv landsmål/nynorsk, men trass i dette finn eg stadig ord eg stussar over at ein riksmålsbrukar frå Oslo av og til ville bruke; til dømes ord som stundom og åssen.

Dvs. han er ikkje alltid konsekvent og utan at eg har leita noko spesielt etter det, verker det som om han tilpassar språket til det han skildrer, frå natur til kvardagshendingar og frå menneske med høg sosial status til menneske med låg sosial status. Men eg må seia at eg blir glad inni meg av å lesa om bikkjer (søster mi rettar meg alltid til hundar), om bleike høstsoler (ikkje bleke) og om at dyr "gøyv" og ikkje "gjøv" laus på andre og om store djup og ikkje "dyp".

God lesnad og så håpar eg du set pris på bøkene, dei er ikkje gjort i ei vending :)

ida

16.jul.2010 kl.13:30

kor fint å lesa om Katzenjammer! var ei gong freista å kjøpa boka grunna namnet og daudningehovudet (eg eri kanska eitt sindur...enkel slik), men kom aldri så langt. viss det minner om murakami kjenner eg eg er HEILT overtydd allereie. eg kan godt lika ei bok om plagsame kattar :)

Vegard

17.jul.2010 kl.14:18

ida: "Katzenjammer" var ei god bok, altså. Men det er eigentleg mest førstesida som minner om Murakami. Ein fyr står og lagar mat, kona vil ha katt og telefonen ringjer. Tematikken elles er ikkje særskilt lik Murakami, og i motsetnad til slik Murakami går grundig til verks med å skildre psykologiske reaksjonar og samanhengar, skildrar ikkje Almaas det i det heile. Og dei psykologiske ringverknadene omgjevnadene har på den stakkars fyren er på ingen måte like djuptgåande som i Murakami sine bøker.

Det beste med boka, er skildringa av kona Åsne, og korleis hovudpersonen etter kvart legg planar for korleis han skal bli kvitt katta. Haha, som eg ler berre eg tenkjer på det. Det hadde blitt ein fantastisk bra film. Eg ser levande for meg Gard Eidsvold i hovudrolla.

Maja

17.jul.2010 kl.15:16

Prøv deg på en bok som heter "The Last Dickens" av Matthew Pearl, du. ;) Den handler om, nettopp, Mysteret Edwin Drood og hva som faktisk skjedde med den delen av boken som bare...ikke eksisterer. Leste begge bøkene på ferietur i fjor sommer og storkoste meg med dem (dem, ikke de!). Merk deg dog at The Last Dickens er skjønnlitteratur, og ikke en bok om hva som -faktisk- hendte med Edwin Drood. Den er rett og slett en liten mysterie-detektiv-bok i god Dickensk og engelsk krim-ånd. :)

Chalten

19.jul.2010 kl.22:58

Kjøpte "Great Expectations" av Dickens i går, og jeg gleder meg ettersom jeg ikke har lest noe av forfatteren tidligere.

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits