A sad funeral, hard to say goodbye

17.jun.2010, 14:55, 6 har kvitra att
I dag er du invitert i gravferd. Eller funeral, som det kanskje heiter. I år skal vi ein gang for alle la Kortbukse møte skaparen sin. Farvel, Kortbukse! Du har vore ein god ven gjennom barndomen min og fram til no, men no må eg la deg gå. Eg kan ikkje lenger tvihalde på deg om eg vil at nokon skal ta meg seriøst. Farvel.
Engelske former tek over
I Oslo får ein ikkje lenger tak i kortbukser, t-skjorter eller skuggeluer. Ingen står lenger på rullebrett og å slappe av er eit døyande fenomen.

For Oslo-folk går no alle saman i shorts og t-shirts, dei har på seg caps, jeans og på beina har dei gjerne boots, sneakers eller pumps, eller kanskje sommarlege slip-ons, slik at dei kan chille medan dei tan-er. Og skatarane? Dei står på skateboard, så klart.

Kvifor, spør eg. Fordi alt er så mykje kulare på engelsk.

Møt t-shirt


Eg trudde vi hadde gode ord for klede i Noreg, men no er til og med t-skjorte snart gått i grava. Den nye, hippe og kule varianten er t-shirt.

Eg har eigentleg ikkje anna å seie enn at ordtaket "same old shit, new wrapping". Engelsk har skremmande høg status no. Alt er kulare på engelsk, sånn er det berre.

Det same gjeld ordet outfit, som har teke over for antrekk. Det er jo framleis eit antrekk, men berre ein kallar det eit outfit, så blir det jo så mykje betre. Sjølv eit billeg, enkelt og slaskete "antrekk" er kult nok til å blogge om så lenge ein kallar det "outfit".

Og om ein skal ut og handle festantrekk, kan ein dra rett tilbake til gamledagar. I dag skal ein shoppe partyoutfits. Så det, så.


Faksimile av nye innlegg i kategorien "mote" på blogg.no.

Eg fann alle desse overskriftene blant dei tretti siste innlegga i kategorien. Medan eg leita, såg eg ingen "antrekk".

Og kvifor har eg engelsk overskrift i dag? Nei, det er no slik som ungdomen likar, då...

Kva skal eg gjere?
Det er ikkje noko vanskeleg å stadfeste at det er slik. Eg er langt ifrå den første som skriv om dette (og dette er ikkje første gong eg skriv), og neppe den siste.

Naturleg utvikling av språket? Vi får se.. Eg tykkjer det ser rart ut å skrive shorts, t-shirt og outfit i norsk, ikkje minst i nynorsk, men folk får no berre gjere som dei vil. Men å gravleggje eit godt norsk ord fordi det er "for teit", vil eg ikkje vere med på frivillig.

Tykkjer du at ord som shorts, skateboard, caps og t-shirt høyrer heime i norsk? Kva må til for at eit norsk ord skal vinne fram hos ungdom? Køyr debatt!

6 attkvitter

Janne Kristine

17.jun.2010 kl.15:08

hehehe :-)

Hilde

17.jun.2010 kl.16:04

Jeg er helt enig med deg. Det er egentlig ganske irriterende, rett og slett. Men jeg aner ikke hvorfor det skjer.

Charlotte

17.jun.2010 kl.17:08

En gang da jeg var på en klesbutikk, så sto en voksen dame som sikkert var 30 og noe ved siden av meg. Damen kikket på en t-skjorte som en butikkansatt hadde vist henne. "Denne er vel fin?" spurte butikkansatten, damen svarte med "Ja, hvis jeg finner rette sizen da" ... Sizen? Det er noe av det fæleste/morsomte jeg har hørt, og jeg måtte gå der i fra før jeg begynte å hylflire :3

Vegard

17.jun.2010 kl.20:05

Charlotte: Hahaha, så utruleg latterleg! Vi får håpe det var ein form for humor eller ironi.

Men apropos, når det kjem til namn på storleikar, så skjøner eg eigentleg at folk held på "small", "medium" og "large". Om vi skulle ha brukt dei norske alternativa "liten", "medium" og "stor", så byt jo forkortingane rekkjefølgje. Greitt for dei som berre skal ha "M", men eg vart utruleg forvirra då eg på Fretex fann klede i "S" som var gigantiske. Det viste seg at det sto for "stor" og ikkje "small"..

Marta

17.jun.2010 kl.20:16

Eg seier nok diverre shorts, men eg har mine definisjonar på det. Eg, til dømes, går i kortbukse, medan andre nok går i shorts.

Shorts: http://www.victorystore.com/soccer/images/shorts14.jpg (må vere slikt stoff, skal det verte godkjent som shorts hjå meg)

Ooooog eg seier heller ikkje skuggelue (ikkje skyt meg, er du snill?). Men eg seier rullebrett (av og til snik det seg inn eit "skateboard", men stort sett: rullebrett), t-skjorte og slappe av. "Chille" og "ditcha" er dei to orda eg hatar mest. Dei gjev meg frysningar, kort og greitt. Og akutt trong til å rette på personen som sa det.

Og kan nokon forklare meg kva søren "outfit naturlig sommer" er?! Den fekk meg verkeleg til å lure.

Men ey, medan me er inne på ord som står i fare for å verte gravlagt: Kan de, Vegard som lesarar, hjelpe meg med å redde eit ord? Eg er oppvaksen med ordet "pjusk", so for meg er det ein naturleg del av vokabularet. Sjå for dykk sjokket mitt då eg fann ut at det stod på ei lista over utrydningstruga ord! Det som er slikt eit fint og skildrande ord.

Å kjenne seg pjusk, å sjå pjusk ut = du kjenner deg ikkje bra, er veldig synleg for andre at du er sjuk.

Og gravleggje eit norsk ord av di det er teit? Kva søren? Har dei folka høyrt korleis det er når dei snakkar med ein kombinasjon av norsk og engelsk? Dei blandar to heilt ulike språk, med ulik syntaks og setningsmelodi, so det teitaste er jo når dei blandar språka! Gah...

Og forresten: Eg trur eg skjøna mange av orda om kva ungdommen i Oslo ville gjere, men eg skjøna ikkje alle. Takk og lov x) Eller, eg skjøna til dømes at det var fotty det var snakk om, men korleis dette fottyet ser ut, det har eg inga aning om.

Clara

20.jun.2010 kl.01:28

Jeg bruker kortbukse og t-skjorte. Og caps og shorts. Kortbukse er bukse til knærne og lenger, shorts er kortere.

Og nei, er ikke så glad i de engelske ordene. Bruker dem sjelden når jeg skriver, men de sniker seg inn i munnen min...

Men du, har du et norskt forslag til shorts? Noe annet enn kort kortbukse. x)

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits