Godmorgonkvitter!

02.feb.2010, 07:43, 7 har kvitra att
Lydspor: The Dandy Warhols - You were the last high


1000
Tusen - det er talet på kor mange gongar eg vakna i natt. Kvar einaste gong eg vakna, såg eg på dei to siste sifra på klokka og tenkte at det sto "07" foran, og i så fall kor god eller dårleg tid eg hadde. Det var ikkje så gøy, altså... Men då eg faktisk skulle opp, mange timar seinare, var det ikkje noko problem. Så.. Her sit eg.

Eg er ganske oppslukt i Kjærleikens ferjereiser. Sjølv om eg slit litt med å halde styr på namn og slikt, så er det gode og gripande historier som vert fletta saman i den boka, som eg fyrst var litt misnøgd med. Hoem skriv nemleg fleire bokmålsnære ord, som "nå" og "sette", og aller verst "Norge", men han er jo frå bokmålsdelen av Møre og Romsdal, så ein kan vel ikkje seie han er anna enn eit produkt av samfunnet kring seg.

Moralen er: Ein Yoshi er aldri dumt.


Frå spelet Chop Chop NInja, når prinsessa vert forvandla til stein. Hihi.

7 attkvitter

Marta

02.feb.2010 kl.08:33

Klokka 7? Eg må opp klokka 06:30 for å rekkje båten =P Men eg kjenner meg att i å sjå feil på klokka...

Uffda, har eg påverka deg, no? Hugsar du ikkje merkte deg det då du las "Bikubesong", medan du gjer det no. Orsak, eg skulle aldri sagt det!

Heh, eg hugsar norsklæraren vår på barneskulen sa me berre måtte skrive "Norge", av di ho syntest det var tåpeleg at me skulle ha to ulike namn til eitt og same land. Eg er vel i grunn litt samd med ho, samstundes som eg veit eg er utpå tynn is no; eg plar jo å vere heilt imot slikt.

Men sett slik: Om me berre skulle nytte eitt av namna, burde me vel helst halde på "Noreg", sidan det er nærare den opphavlege tydinga: "vegen mot nord". So er det vel flest som seier "Norge", då (her er ikkje noko unntak), menmen.

Gard

02.feb.2010 kl.09:06

Jeg har aldri skjønt det, hvorfor "Noreg"? Hvor i landet sier de det egentlig? :C

Vegard

02.feb.2010 kl.09:55

Gard: Åh, det er mange plassar, i hovudsak i bygde-Noreg. Mange plassar på vestlandet, men òg i mange bygdestrøk utover Austlandet. Før i tida sa alle Noreg eller Norig.

Eg hadde ikkje gråte meg i søvn om "Norge" vart tillate på nynorsk, altså. Men eg har alltid tenkt på "Noreg" som den mest nynorske forma (eigentleg er det jo den einaste, men forfattarar som Are Kalvø skriv likevel "Norge").

Argumentet med at ein berre skal ha eitt namn på landet sitt, er litt teit. Skal ein berre ta livet av det andre namnet, då? :C Slik molboeffektiviseringspolitikk er for folk som berre tenkjer pengar.

Marta

02.feb.2010 kl.10:26

*kremt* Takk for den. Eg vel å påstå at eg ikkje berre tenkjer på pengar *raudne* =P
Det er litt merkeleg med to namn på eitt land, kan hende særskilt når alternativa er so like. Samisk og norsk, til dømes, der er det naturleg nok ulike alternativ til "Norge", men nynorsk og bokmål? Du bytar berre om på dei to siste bokstavane i ordet, so eg synest på ein måte det er litt sært at det i det heile tatt har hendt. So dei fleste seier nok "Norge", medan "Noreg" er mest korrekt om du vil kome nærast mogleg det opphavlege, "Norðrvegr".
Jeje, attende til prøvepugging (ergo ikkje særleg gjennomtenkt/strukturert attkvitter no).

Silje

02.feb.2010 kl.12:07

Eg seier og skriv "Norge". Eg er nok litt enig med Marta. Trur nok ikkje det er så mange som seier "Noreg"... (:

Vegard

02.feb.2010 kl.12:49

SiljeLilje: Eg har ikkje noko tal på det, men det er vel ikkje utan grunn at det står i ordlista. :P Men som sagt, eg hadde ikkje gråte meg i søvn om Norge var tillate på nynorsk, men om dei fjerna Noreg frå ordlista, hadde det vore verre. Ein kan jo ikkje ta livet av eit ord på den måten. Eller? Dersom det til slutt berre er i ei lita bygd på Vestlandet dei seier Noreg, kan eg gå med på å fjerne det, men ikkje før. ^^

Eg tykkjer Noreg er mykje penare enn Norge, og skulle ynskje eg sa Noreg sjølv. Noreg liknar dessutan meir på framandspråklege namn på landet vårt, og det er jo ikkje heilt irrelevant.

Marta

02.feb.2010 kl.16:36

Neimen, Vegard! No diskriminerer du! Kva om det er ei lita bygd på Austlandet som seier "Noreg"? =P Orsak, kveruleringsinstinktet slo til. Det gjer det av og til *plystre*

Herleg! Norskprøva gjekk fint, og deretter vart dagen avrunda med at eg brått ikkje har noko lekser til i morgon. Livet er godt å leve! =)

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits