Stjernemann

31.jan.2010, 16:11, 6 har kvitra att
Eg har fått ein stjernemann
... og sjå så glad eg er i han.




Og så testar eg ein teipfunksjon. Det ser ikkje så gale ut.







No er helga snart over. Eg har aldri ete så mykje kake på så kort tid før. ^^

6 attkvitter

Marta

31.jan.2010 kl.17:31

Kor mange Mario-relaterte ting har du, eigentleg? Eg tok meg berre i å lure no x)

Jaudå, det var jo ein artig teipfunksjon, men eg må ærleg innrømme at ein av dei fyrste tankane mine var ein svenske. Det ser særdeles "svenskt" ut når dei er bileta er teipa fast på skjermen (slik, i same stil som vitsen om korleis du ser at ei(n) svenske/blondine har nytta datamaskina di).

Du har ikkje gjort det i tidlegare bursdagar? Du er ikkje noko kakemonster! =P Veit du kva som eigentleg er litt fint? Pappa et ikkje kake for tida, mamma likte ikkje kaka me laga so godt, ergo: Meir kake på meg, juhu! Og dei er best fersk, soooo... Det siste, mellomstore stykket går nok etter middag x) (til mitt forsvar, det var ei litt lita kake! (som me laga på fredag))

susannastrand

31.jan.2010 kl.17:53

stjernemann <3<3<3<3

Eirin

31.jan.2010 kl.18:10

Har stjernemannen og yoshi-barna egne navn? :D

Vegard

01.feb.2010 kl.18:51

Marta: Hmm.. Har ikkje noko tal. Litt for mange? Nei, aldri.

Svenskekommentaren var episk. Eg tenkte ikkje noko liknande, eg tykte det såg "vintage" ut. ^^ Og jaudå, eg et kake ved kvart høve, særs min eigen bursdag, men i år har eg feira to og ein halv gong med ulike folk, så det vart ekstra masse. ^^

Moralen er at kake er fantastisk?

Vegard

01.feb.2010 kl.18:53

Eirin: Nei, eigentleg ikkje, men det er eit visst system. Dei minste Yoshi-barna kallar vi Raud, Gul, Ljoseblå og tilsvarande. Og så har vi nisse-Yoshi, store-grøn, Fyrste-Yoshi/original-Yoshi... Det er lett å skjøne kven ein snakkar om. ^^

Marta

01.feb.2010 kl.19:59

Eg er samd med deg: Eg kan aldri få for mange kosebamsar. Trur eg. Eg kjøpar dei eg likar, som ikkje er so mange no lenger, eg har kan hende vakse det av meg (eller so kan du seie eg har blitt kresen)?

Bah, er det ikkje irriterande når du oppdagar skrivefeil i det du har skrive? "(...)dei er bileta er (...)" Eg vart veldig irritert på meg sjølv. Takk for den, det hadde eg ikkje forventa. Episk, eg lika den ^^ Jaudå, det såg, som tidlegare skrive, artig ut, det kom berre brått ein spontan tanke med svenskar som låner maskina di og korrekturlakk. Klarar dei korrekturlakk, kvifor ikkje teip? x)

Godt =) Eg gissa at du nok åt kake i store nok mengder (kven gjer vel ikkje det?), det høyrdest berre urovekkjande ut når du skreiv du aldri hadde ete so mykje på so kort tid før. Det høyrdest ikkje lovande ut for kakemonsterdelen. Då et ein alltid mykje på kort tid (men ikkje so fort at det blir uhøfleg! (so mykje at det er uhøfleg, derimot, det er ei anna sak)).

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits