Fordi Yoshi-barn er så søte.

30.jan.2010, 13:16, 5 har kvitra att
Flash er tilgitt
Sjølv om Flash-programmet berre avslutta av seg sjølv i går, har eg no tilgitt det, så eg har teikna litt meir. Eg tenkte fyrst at eg skulle teikne nokre Yoshi-barn som gjer ting eg likar å gjere. Ser du kva dei gjer, alle saman?



... og så vart eg ramma av ein intens lyst på kakao med krem, men det slo meg at Yoshi-barna ikkje greier å bruke kremtoppboksen aleine. Korleis vil dei då gjere det?



Det er bra det er åtte stykk av dei, så kan dei ta to koppar samstundes. Jess.

Og elles, då? Står bra til med nynorsken?

5 attkvitter

Marta

30.jan.2010 kl.14:46

Den fyrste spelar trompet (sovidt eg kan sjå, iallfall (og takk for det, eg har alltid gløymt å spørje kva instrument du spelar)), den andre les og den fjerde teiknar. Den tredje er eg derimot litt meir i tvil om. Helsar han på nokon? Lurar han på om nokon treng hjelp?

Kakao med krem er godt ^^ Me har kake i staden for. Kjøpte oss ei kakebok i sommarferien (trur eg), som me ikkje hadde innvigd enno. So me syntest det var på høg tid å gjere det til helga ^^

Nynorsken står det bra til med. Enn so lenge. Skal pugge til norskprøve no (akinga vart utsett til i morgon), der mesteparten av boka er på bokmål... Til dømes det lange kapitlet eg skal ha prøve i, bah.

Frå Austfold/Østfold?...

30.jan.2010 kl.17:40

Jaudå nynorsken går det vel bra med, eg skreiv nett mitt fyrste innlegg i dagboka på nynorsk. Det eg trur er riktig nynorsk er som oftast det (bank i bordet), mitt problem er at eg ikkje tør å lite på meg sjølv og eg blir difor sittande å slå opp ord som eg ikkje treng å slå opp, berre fordi eg er redd for å gjere feil.

anders

30.jan.2010 kl.19:39

1. trompet woowoo

2. lese

3. den er klar til å mose meg

4. tegne/skrive

woowoo jeg er best

og nynorsken går det bra med woowoo, har gått opp en karakter hurra

tror du fortjener litt av takken for å blogge på nynorsk <3

dativfleirtal

30.jan.2010 kl.20:24

står bra til med nynorsken her òg, du! studentmållaget mitt har styrkt seg kraftig og fyllt på alle verv. og som om ikkje det var nok, sit eg jaggu ein sein laurdagskveld og les lekser om ivar aasen. (eg er litevetta på etterskot.)

Vegard

01.feb.2010 kl.18:48

anders: Andårrs har sjølvsagt heilt rett. ^^ Nummer 3 er klar for ein moseklem!

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits