Muffinsformer som fyller seg opp og steikjer seg sjølve

26.jan.2010, 00:00, 3 har kvitra att

Hei, du grøne sopp

Du var artig. ^^


Hei, de fine Yoshi-barn i mørkret

Har de det bra der de rullar omkring?


Rosa-Yoshi har ein ven

Han er av tre, men ikkje sei det høgt. Han har sløyfe.




Verdsrekord i -inging

Ing. Ing. Ing. Ing. Ing. Ing. Privatflytting og utrydding var av dei interessante ordvala..


Kven er no "LTG"?



Passiv gjev sjelden meining

Det er klart at det er kokken som skal blande og røre, men muffinsformene fyller seg opp sjølv! "Formene fylles ca. 3/4 fulle". Dei steikjer seg sjølve òg! "Små muffinsformer stekes i ca. 12 minutter". Fantastisk. Når eg følgjer instruksjonen her, ser eg at eg vert instruert til å setje omnen på 200 grader, blande, røre, blande og ha røra oppi former. Då står instruksjonen i imperativ, og det er klart at lesaren er den som skal gjere det. Men kven skal gjere det når setninga står i passiv? "Formene fylles" - javel? Kven fyller opp dei?


Eg unngår å bruke passiv så langt det let seg gjere. Bruk av passiv skapar ein ugrei avstand til lesaren og er i overkant autoritært. Eg hatar passiv. Derfor er det så fint at s-passiv er eit bokmålsfenomen. :3 På nynorsk er det lite bruk av passiv, og det er flott. Nynorsk er eit meir presist og godt språk enn bokmål. Legg om i dag, det er mitt råd! Men no skal eg leggje meg, det er nok ikkje dumt.

3 attkvitter

Gard

26.jan.2010 kl.01:15

Ser ut som tremannen kvæler Roza.

martha

26.jan.2010 kl.17:24

Du er morsom. Liker deg.

Prille

27.jan.2010 kl.20:09

Du hadde mange fine nintendoting. eg vil óg ha ein yoshi-bamse.

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits