Ein god grunn til å skrive norsk

22.jan.2010, 19:28, 6 har kvitra att
Angst for avløysarord?
Eit avløysarord er eit ord som skal avløyse eit framandspråkleg importord. Gode døme er datamaskin for "computer", og lydplanke for "surroundbar". Eg tykkjer engelske ord generelt passar dårleg inn i norsk grammatikk og ser særs upassande ut nynorsk. Dei har ikkje sjølvforklarande bøyningsmønster, og det er ingen reglar for det.

Ta ordet "outfit" som døme. Det er semje om at "outfit" ikkje er eit hokjønnsord, elles er det uklart om det er han- eller inkjekjønn. Fleirtalsbøyinga er eit reint anarki med eit utal ulike måtar, som "outfit'er", "outfitter", "outfit", "outfit-er" osv. Nokon vel òg å berre bruke engelsk s-fleirtal og snakke om "fleire outfits". (Eller "flere outfits", som det gjerne er.)

Av og til treng ein likevel ikkje meir avansert fornorsking av ord enn å fornorske stavemåten. Eit døme er blogg. Vi legg på ein ekstra g, og plutseleg passar ordet inn i både uttale og grammatikk. Ein blogg, bloggen, fleire bloggar, alle bloggane.

Diverre er det mange som har angst for slike avløysarord, og mange ser ikkje poenget i å lage dei eller å bruke dei. Engelsk har vorte eit sminkespråk, og mange går i fella og trur at alt vert mykje betre og tøffare på engelsk. Blogg.no nyttar til dømes fjortisjenter til å kaste bort pengar på "BloggShout", og sjølv ei gamal, slitt joggebukse frå Cubus vert kul om ho er del av ein "outfit".

Blog(g?)awards 2010
Som brukar på blogg.no kan ein ikkje unngå å få med seg nyhenda frå blogg.no-folka. Det nye no er å reklamere for "Bloggawards 2010", nesten elleve månader i førevegen. Kvifor veit eg ikkje, men eg gjettar på at dei skal tene pengar på det.

Iallfall, eg har faktisk eit poeng. Dei vel å kalle det "bloggawards". "Award" er ikkje eit ord som står i bokmålsordlista, men det ser ikkje ut til å bry dei det grann. Eg forstår eigentleg ikkje poenget med å kalle arrangementet "Bloggprisen 2010". Det passar langt betre inn i norsk uttale og grammatikk og er ikkje minst eit ordentleg ord folk kan seie utan å dumme seg ut. "Awååååååååourdszz".

Men her snublar dei. For korleis kombinerer ein eit norsk ord med eit engelsk? Kan ein gjere slikt? Må båe orda vere engelske? Eller? Nei? Kanskje? Jo? Ja? Nei? Tjah? Veitikkje? helvetefaenhjelpossdaa?

Du får nå sjå korleis det gjekk:


Sideadressa er altså bloggawards.no med to g-ar, men dei er ikkje heilt samde med seg sjølve her... Trykk på biletet for å kome til sida.

Moralen er: Skriv norsk. Gjerne nynorsk.

Nokon vil vel påstå at "bloggawards" er fleire prisar medan "bloggprisen" berre er éin, men eg kan jo opplyse om at både Komiprisen, Amandaprisen og Spellemannprisen er mange prisar i ulike kategoriar, så eg foreslår namnebyte til "Bloggprisen 2010".

6 attkvitter

Lisa

22.jan.2010 kl.19:34

bloggprisen høres faktisk litt bedre ut enn bloggawards.. men bloggawards høres mer rosablogger-aktig (om det går an å si)

anders

22.jan.2010 kl.19:43

avløser-ord er så sykt mann.

btw, lisa; hvem tror du kommer til ås tille opp i bloggaward da? (:

Lena Mari

22.jan.2010 kl.20:12

Da er berre fordi at BLOGG AWARDS høyrast ut som noko som kunne gått på MTV. Små rosa jenter og folk med berre "autfitts" innlegg på bloggen sin likar jo MTV.

Silje

22.jan.2010 kl.21:02

Vegard! Kan du ta deg litt tid å kommentere på detta innlegget? Blir så kraftig irritert og klare verkeleg ikkje å svare ordentleg på innlegget.

http://siljeehesthagen.blogg.no/1264176718_for_eller_imot_sideml.html

Heia nynorsk og norsk :D

Þormóðr

22.jan.2010 kl.21:13

Du har kanskje rett i at "blog" er blitt til det norske "blogg" ved å legge til ein "g", slik at skrivemåte føl uttale, men den norske utgåva har ei logisk lingvistisk forankring: Det engelske ordet "blog" er jo ei forkorting av "web-log", som på norsk blir "web-logg" eller "vev-logg", med henholdsvis forkorting "blogg" eller "vlogg". Eller kva med "nett-logg", altså ein "nlogg"? Nei, det blir jo for dumt, og "nett" er jo ikke så spesifikt som "(world wide) web". Og "vlogg" ville jo bli forveksla med forkortinga av video-logg, som også er "vlogg". Men skulle for resten ikkje video-logg bli forkorta "ologg", eller er det vilkårleg korleis ein forkortar desse orda med lik oppbygging?

Etter å ha fundert litt over det, synest eg det gir meining å skrive "blogg" frå "web-logg", og ikkje ""vlogg" frå "vev-logg", fordi alle norske nettsider brukar world wide web. Eg kan illuminere med eit eksempel: vi seier jo Flash-animasjon, og ikkje blink-animasjon eller glimt-animasjon, fordi vi henvisar til teknologien som blir brukt. World wide web er universalt, og det er der du skriv loggen din.

Eirik

23.jan.2010 kl.02:43

Atter et bevis på at de som står bak kulissene i norsk bloggsammenheng ikke er de skarpeste skjeene i skuffen? Imponerende å kalle det BLOGGAWARDS og like nedenfor skrive "blogawards.no", når selve siden heter det med to G-er igjen. SUKK.
Ellers synes jeg at det jeg leser ut av begrepet "bloggawards" høres helteit ut. ER blogging virkelig så stort at det trenger en egen prisutdeling? Og det på min mors bursdag, til og med? Nøyaktig et halvt år før (eller etter, alt ettersom hvordan man ser det) min egen bursdag?
Med mindre bloggen min vinner 11 Oscars skal jeg prate bæsj om fenomenet i årevis.

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits