Anonymiteten min får du aldri!

21.jan.2010, 16:24, 9 har kvitra att
... den må du ta.

Eg freistar jo å vere sånn passe anonym. Eg har jo skjønt at det ikkje nyttar å vere heilt anonym. Folk som vil, kan enkelt finne ut kven eg er, og folk som kjenner meg frå før, har ikkje problem med å gjette seg til kven eg er. Det er ikkje så mange 18-åringar i Oslo som heiter Vegard, elskar nynorsk og er over gjennomsnittleg glad i Yoshi. Faktisk berre meg som eg veit om.

Så anonymiteten min har heller gått ut på å ikkje utlevere meg sjølv. Ikkje poste "outfitbilete", eller "åh, sjå på meg, eg er så trøytt" eller på andre måtar blogge med bilete av meg sjølv, skrive om kvardagen min, tankane mine osv.. For det fyrste har eg ikkje lyst til det, for det andre trur eg ikkje det er interessant. Eg har vore anonym i form av å ikkje ha bilete og å vere upersonleg. Spør deg sjølv - kor mykje veit du om meg som person etter å ha lese bloggen min?

Utfordre anonymiteten
Eg har posta nokre bilete kor eg viser delar av andletet mitt, det er eigentleg mest for å spele litt på at eg er så anonym, men at det går heller dårleg med det prosjektet. Men eg skal halde på anonymiteten min, sjløv om han vert litt svekka med tida. Men blogglesar og bloggar Pormodr har no teke dette eit skritt vidare og sydd saman eit bilete av heile andletet mitt, for å avsløre korleis eg ser ut:



Eg har ikkje heilt ord, men eg skal finne nokon.... For det fyrste er det jo reint imponerande gjort! Dette må ha vore tidkrevjande og slitsamt, og resultatet er jo ikkje så dumt. Eg kan opplyse om at eg ikkje har luggen i ein spiss ned i panna og at eg ikkje ser så trist ut, og eg veit ikkje heilt kva som har skjedd med fingrane mine på biletet, men ja - dette gjev ein peikepinn på korleis eg faktisk ser ut.

Om nokon skulle vere interesserte i det..

9 attkvitter

Lisa

21.jan.2010 kl.17:06

hahahaha xD! nå syntes jeg du kan bruke det bilde som profilbilde på fjesboka :D!! Det var jo utrolig genialt bilde.

Marta

21.jan.2010 kl.18:51

Hehe, det var meininga eg skulle tenkje på "Men fjernkontrollen min får du aldri" av Are Kalvø no, sant? Den har me, artig bok ^^ Ja, me har òg "Kunsten å vere neger". Bah, typisk. Eg skulle svare på innlegget ikring klokka 17:00, men so vart eg hindra, og no har eg gløymt noko av det eg skulle seie... Utsetjingar er aldri bra...

Eg trudde verkeleg ikkje det var mange som friviljug posta bilete av seg sjølv i duren "sjå kor trøytt eg er". Trudde dei færraste ville bli hugsa slik, for å seie det på det viset. Då lærte eg noko nytt i dag att.

Om ein går litt i djupna og er nyfiken, kan ein jo lære seg korleis du tenkjer, veremåte og slikt. Eg må berre innrømme at eg ikkje hugsar alt du skriv, so eg kan ikkje utbrodere so mykje der *kremt* No høyrdest det ut som om eg ikkje brydde meg stort korkje om deg eller det du skriv om, gjorde det vel? Auda, ikkje meininga. Eg tittar jo innom bloggen din fleire gongar for dag, det hadde eg vel ikkje gjort om eg ikkje brydde meg? *smile uskuldig*

Artig bilete, det var det. Som deg sa eg ikkje noko til Þormóðr av di eg ikkje fann ord. Anna enn at eg vil verkeleg vone du ikkje ser so trist ut til vanleg x) Ey, er det forresten nokon andre som kan sjå at luggen din formar eit hjarte? Eg kom ihug desse hjarta ein perla då ein var små. Luggen hadde same forma som dei. Minner, minner ^^

Eg veit kva som har hend med fingrane: Du er magikar og nytta magi til å lure oss trill rundt med kunstane dine! Eller Þormóðr er magikar, alt ettersom,

God kveld =)

H O Y E S E N-Lykkeliten<3

21.jan.2010 kl.19:39

Ja du har jo helt rett i det du sier, men jeg synes det er fælt at noen kan gjøre slikt. Uansett hvem som har gjort det liksom...

Lena Mari

21.jan.2010 kl.20:33

Du fekk jo så flotte fingrar på bilete. Eg bryr meg ikkje om du er anonym eller ikkje, så lenge du ikkje postar 762863 "outfit" (fælt ord) bilete kvar dag.

Eg trur eg har lagt ut eit bilete av meg sjølve på bloggen detta året. Og kanskje nokre få i fjor. Eg huskar ikkje. Eg er så dårleg til å ta bilete av meg sjølve uansett, så da er best eg berre tek bilete av alle andre.

kristine trampoline

21.jan.2010 kl.21:35

jeg vet ganske godt hvordan du ser ut, selv om jeg hverken har møtt deg eller sett bilde av deg. jeg er lur.

Þormóðr

21.jan.2010 kl.21:53

låll Ser ut som ein fjortis på det bildet. Det er min fyrste reaksjon. :p

Elles føle eg meg rimelig teit av å ha pressa deg til å skrive innlegget! På tide å skygge banen.

Frederic Bodin

21.jan.2010 kl.23:26

Jeg fant ut hvordan du så ut og hvordan du hørtes ut første gangen du nevnte at du ville være anonym på internett :D Det var kjempelett! Hva kan man ikke få til med Google liksom? :D

Jeg er ikke stalker da, bare nysgjerrig på mennesker generelt. =O

Embla

24.jan.2010 kl.14:06

Jeg lo.

eirin

01.mar.2010 kl.20:11

haha, så gøy. du har en fin blogg som jeg skal linke til, syns nynorsk-historien din er veldig inspirerende :) Er selv i et lese-mer-nynorsk-for-å-bli-bedre-prosjekt.

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits