Tips til deg som vil leggje om!

19.jan.2010, 15:34, 22 har kvitra att
Lettare enn ein kan frykte!
Eg har fått førespurnad frå eit par lesarar (akkurat to, faktisk!) om å skrive nokre tips til korleis ein kan leggje om til nynorsk. Det er det klart eg kan gjere! Og no har eg ein ledig stund, så eg kan faktisk gjere det litt bra. Her gjev eg deg tre tips til korleis du kan leggje om frå bokmål til nynorsk. Merk at alt er basert på eigne erfaringar og at eg ikkje på noko vis har pedagogisk utdanning eller liknande.

Punkt 1: Ha lyst!
Det er ikkje ei smal sak å leggje om til nynorsk. Å endre målforma er enklare enn å endre målføret (målform = skriftspråk, målføre = dialekt), men det er altså snakk om å endre måten du tenkjer på når du skriv. Ikkje tenk at du skal bli vand med å skrive alle orda annleis og slikt, du burde tenkje nynorsk medan du skriv. Det nyttar ikkje å få nokon flyt i nynorsken din om du skal tenkje "gutter" kvar gong du skal skrive "gutar". For å greie å vri om nøkkelen i hovudet og endre dette, må det store kreftar til. Eg tilrår å mobilisere slike krefter i deg gjennom å byrje å elske nynorsk. Kjærleiken er sterk, og kjærleiken må kanskje til.


Du må òg vere mentalt førebudd på at nynorsk raskt vert ein langt større del av din identitet enn bokmål nokon gong har vore.

Punkt 2: Ha utstyret på plass!
Nokre ting må ein berre ha. Nynorsk ordliste må du ha (ho finn du òg på nett!), helst nyaste utgåva. Eg har tiande utgåve, men fann berre niande då eg skulle ta bilete. I tillegg er det andre, gode hjelpemiddel tilgjengeleg:
- Nøkkel til nynorsk, lite hefte med oversyn over nynorsk grammatikk (40 kr hjå Dag og tid)
- Språkrådet sitt nettkurs i nynorsk
- Nynorsksenteret sitt nettkurs i nynorsk
- "Kort administrativ ordliste" for deg som er vand med byråkratisk språk, gratis frå Språkrådet


Punkt 3.1: Bruk nynorsk - les nynorsk!
Diverre kan ein ikkje pugge seg til å leggje om språket. (Det heiter jo at det umogleg ikkje er umogleg, det tek berre litt lenger tid, så du kan sikkert bli god i nynorsk ved å berre pugge nynorsk grammatikk medan du elles les bokmål, men det vil altså ta ubehageleg lang tid). For å bli riktig flink i eit språk, må ein bruke det, altså lese og skrive. Diverre er nynorsken diskriminert, utestengd og tråkka på her i landet, så det er ikkje berre å gå i butikken og kjøpe ei avis på nynorsk, og på skulen les ein gjerne berre Garborg, Vesaas og Duun - noko som ikkje heilt treff alle ungdomar i hjartet i dag. Då eg la om til nynorsk, las eg mange bøker og andre ting på nynorsk.

Her er tips til korleis du kan lese og bruke meir nynorsk:
- Ha Facebook på nynorsk
- Be om å få skulebøkene dine på nynorsk (her er det berre å mase, du har lovfesta rett på det)
- Nynorske teikneseriar på nynorsksenteret.no (eg kan ikkje leggje dei ut her, pga. kopirettar, men det er mykje artig!) Teikneserien Raff og Brage er definitivt min favoritt.
- Nynorsk.no samlar opp artiklar om nynorsk rundt omkring, elles skriv nrk.no mange nyhende på nynorsk
- Les bloggar på nynorsk! Nynorskbloggane eg les, finn du til venstre på sida her
- Abonner på Språknytt, gratis frå Språkrådet:

- Les bøker på nynorsk. Her er eit utval gode bøker eg fann i hylla mi no:

Are Kalvø - Nød

Are Kalvø er verkeleg ein genial mann. Bøkene hans er stappfulle av humor og satire, men med Nød viser han at han òg kan skrive gode romanar. Dette er både ein satirisk roman du kan smile av og ei bok som tek opp alvorlege tema om ansvar og naudhjelp. Are Kalvø har teke seg nokre fridomar og skriv til dømes "Norge", "da" og "nød", men elles flott nynorsk.


Kjartan Fløgstad - Grand Manila



Carl Frode Tiller - Innsirkling

Denne boka har vunne masse prisar og er fantastisk bra! Nominert til Nordisk Råds Litteraturpris, og vinnar av EUs litteraturpris. Knallbra konsept. Tilrår òg dei andre to bøkene til Tiller: Skråninga og Bipersonar. Eg skreiv særemne om denne mannen.


Øyvind Vågnes - Ekko

Då eg las denne boka, gjekk det opp for meg kor bra engelsk gjer seg på nynorsk. Her har du ei passe sprø historie, passe sprø folk, New York og kjærleik i same bok. Artig-artig. ^^ Ikkje misforstå, boka er originalt skrive på nynorsk, men det er berre ikkje heile tida dei engelske replikkane står på engelsk. Av og til står dei på engelsk, men stort sett på nynorsk. Eg sjølv om eg las det på nynorsk, høyrte eg engelsk i hovudet. Noko liknande har aldri skjedd medan eg har lese bøker på bokmål. Fantastisk.

Lars Ove Seljestad - Blind

Denne boka er ikkje på ordentleg nynorsk, men på ganske fri Odda-nynorsk. Altså ei bok for vidarekomne, men fullt ut ei god bok. Inneheld eit par særs artige og koko historiske augneblink. ^^


Treng du tips til fleire gode nynorskbøker? Eg har ambisjonar om å ein gong byrje å skrive faste bokmeldingar på bloggen, kategorisere dei og lage eit oversyn slik at folk som vil leggje om til nynorsk kan finne fram til gode bøker på deira nivå. Men førebels har eg berre ambisjonane...

Punkt 3.2: Bruk nynorsk - skriv nynorsk!
Nei, det held ikkje å berre lese nynorsk, du må òg skrive nynorsk. Når du les, vil du merke at nokon skriv med kløyvd infinitiv og at det er mange verb du kan bøy som anten a-verb eller e-verb. Til dømes er "å smelte, smelter, smelte, har smelt" like riktig som "å smelte, smeltar, smelta, har smelta" og mange liknande verb.

Dette vil eg samanlikne med å velje mellom a- og en-endingar i bokmål. Slik du har måtta gjere deg komfortabel med bokmålet du skriv, anten du vel å skrive "jenta hoppa ved hytta i skauen" eller "jenten hoppet ved hytten i skogen", er det viktig å velje. Her er det fleire moglege val. Her er ei liste over dei vala eg oppfattar som mest sentrale
- Om du skal bruke klammeformer eller ikkje. Her er det to underpunkt:
----> Skal du velje bokmålsnære klammeformer der du kan? (Noen, gjøre, gikk osv.)
----> Skal du skrive gamalmodig nynorsk? (Kossen, sumar osv..)
- Om du skal bruke kløyvd infinitiv eller ikkje (vere/vera, kome/koma..)
- Om du skal skrive i-mål (ei sol, soli osv.)
- Om du skal skrive da eller då, vi eller me o.l. (Hjelp til gode døme?)
- Om du skal leggje dialekta di til grunn eller skrive slik du meiner nynorsk bør vere

Eg har vald å unngå klammeformer så mykje som mogleg, berre bruke e-infinitiv, ikkje skrive i-mål, skrive då og vi og å ikkje leggje dialekta mi til grunn. Eg føler jo same kva at dialekta mi kjem betre fram på nynorsk, sidan eg kan skrive a-endingar og a-preteritum utan å gå mot norma. Ikkje at det er mot den teoretiske norma i bokmål, men det er mot den praktiske. Du les ikkje om at nokon har "hoppa i havet" i ei avis eller ei bok, med mindre ho er skriven av Dag Solstad...

Sånn, no har eg lært deg litt av alt eg kan! Gå og legg om!

22 attkvitter

Anders

19.jan.2010 kl.16:10

Punkt 2: Ha utstyret på plass!

he-he

Marit

19.jan.2010 kl.16:11

Et litt usaklig attkvitter, men jeg må bare spørre. Er den store plysj-yoshien ny? Mamma skulle kjøpe bursdagsgave til meg forrige uke på Outland på Oslo S, og de fortalte henne at de nettopp hadde solgt en slik stor Yoshi. Da mamma kom hjem og fortalte meg dette sa jeg til meg selv: "Vedder på at det er Vegard som har kjøpt den!" Om dette faktisk er sant, er det nesten litt komisk.

Marta

19.jan.2010 kl.16:31

Raff og Brage! ^^ Glad i teikneseriar, eg? Jepp! Eg, og mange andre, forelska oss i den serien då den vart lagt ut på nettserier.no (nei, eg sluttar aldri å reklamere for den sida). *titte vidare nedover teikneserielista* Eg kjenner att fleire frå nettserier, jo! Havet, til dømes (òg teikna av Ottesen, verdt å sjekke ut). Jorunn Hanto Haugse teiknar Reveland (som er å finna i Hordaland kvar laurdag), artig serie. Eh, eg skal gje meg med teikneserieprat no.

Min umiddelbare tanke då eg opna innlegget, var: Brått var du ikkje so anonym lenger (sikte til bilete). Nynorsken stod visst ikkje i sentrum hjå meg, heh... Den gjer det elles, er det bra nok?

Ah, vent litt. So det Frode Grytten skriv, er Odda-nynorsk? Eg les "Bikubesong" no (ei av mange bøker eg har hatt i fleire år, men aldri rokke å lese, det er so mange gode bøker i verda at ein vinn jo ikkje å lese alle!), og nynorsken ergrar vettet av meg. Bilde, fikk, osb. GAH! Det er gode noveller, det er ikkje det, men den bokmålsnynorsken der er berre irriterande å lese for min del.

Men takk for boktips, skal sjekke ut. Men no lyt eg kan hende prioritere dei bøkene eg har, som eg ikkje har lese. Det er på høg tid, iallfall.

Klart Are Kalvø er genial, er der verkeleg nokon som tvilar?!

Vegard

19.jan.2010 kl.16:34

Marit: Hehe, nei, det var ikkje eg. Denne gromguten (Yoshi, altså), kjøpte eg for lenge sidan. Hugsar ikkje heilt når. Er vel kring halvanna år sidan no. ^^

Marta

19.jan.2010 kl.17:15

Noko eg kom på: Musikk? Det finst jo mykje på nynorsk. Takk til deg, for so vidt: Då eg titta gjennom teikneserielista (eg har møtt teiknaren av "3 rips", wey ^^), kom eg over "Kveldssong for deg og meg", so i skrivande stund høyrer eg på Odd Nordstoga.

Odd Nordstoga har vel berre nynorsktekstar, Sissel Kyrkjebø har nokre nynorskperler og Bjørn Eidsvåg har vel fleire. Ein del folkemusikk er vel òg å finna på nynorsk. Eg nektar å tru noko anna. So er vel musikk meir ein smakssak, men ein har no iallfall høvet til å lære nynorsk ved hjelp av musikk.

Åh, det gløymde eg i stad: Eg visste ikkje at ein kunne skrive "kossen". Tusen takk, det var kjekt å vite. Det er so nært dialekta mi som ein kan få det ^^ Men greitt nok so skriv eg ikkje gamalmodig nynorsk (med unntak av "so"), men kan hende eg burde gjere det? Hmmm...

Lisa

19.jan.2010 kl.17:39

Haha. Ironisk at jeg nettopp kom hjem fra biblioteket med nød i hånda. Ja, Nød av Are Kalvø :D!!

Gleder meg kjempemasse til å starte å lese.

Vegard

19.jan.2010 kl.17:42

Lisa: Ironisk? Det heiter lagnadsbestemt. ^^

ida

19.jan.2010 kl.17:45

enn å kunna vera så motiverande som deg! (da/då og vi/me er slike ord ein typisk vel ut frå dialekta si. "da" opplever eg som veldig bokmålsnært, då.)

Lisa

19.jan.2010 kl.17:51

SV: haha. Eller kanskje skummelt. Jeg hadde bestemt meg for å låne den boka siden fredag(prosjekt på skolen) også dagen jeg låner den, kommer du og forteller at jeg må lese den. Digger det egentlig, og jeg digger Are Kalvø. Han er kul.

Silje

19.jan.2010 kl.18:44

Bra tips! Eg må nok skaffe meg nokre bøker på nynorsk snart.

Ikkje fullt så anonym lenger.. (:

Eirik

19.jan.2010 kl.19:32

Omfattende innlegg! Tror ikke jeg kommer til å legge helt om til nynorsk, men jeg vil gjerne bli bedre i det, så her kan jeg nok hente mange tips.
Jeg har forresten bidratt med en tegneserieside i Nynorsksenterets nye tegneserieantologi. Får den vel i posten selv ganske snart.

Þormóðr

20.jan.2010 kl.01:48

Hah! Sjølv om du skjular deg bak bøker, hender og ein Nintendo-skapning, så har eg brukt bitar av fleire bilder av deg og gjennom datateknologi vore i stand til å konstruere eit kunstig bilde av din reelle utsjånad:

http://farm3.static.flickr.com/2754/4288694491_6d997e01ac_o.jpg

Jellyfish

20.jan.2010 kl.15:23

Jeg var på biblioteket, fant noen engelske bøker, og alle de du anbefalte, og så hadde ikke purrings-regningen gått inn enda, så jeg fikk ikke lånt.. Utrolig irriterende D: Men jeg går inn på linkene hvertfall. Tusen takk :)

Vegard

20.jan.2010 kl.15:38

Marta: Eg skal byrje å skrive "heftig absurd" no, haha, det er det artigaste eg har lese på lenge. ^^

Ja, no er det liksom ikkje så farleg lenger. Eg kan omtrent setje namn på alle som les eller har sett bloggen, og ingen som kjenner meg hadde hatt noko problem med å finne ut at det var meg, same kor lite eg hadde skrive om meg sjølv. :c

Nei, Frode Grytten skriv ikkje Odda-nynorsk. Iallfall ikkje på same måte som Seljestad gjer. Eg reagerte faktisk ikkje så mykje på språket i "Bikubesong", eigentleg. Det var nokre bokmålsnære ord, men ikkje meir enn eg er vand med når eg les. Eg tykkjer skjønnlitterære forfattarar må kunne ta seg slike fridomar utan at eg skal irritere meg over det. Hadde det vore i ei av skulebøkene mine, hadde eg nok reagert, men ikkje der. Bøker hadde jo ikkje vere det same på normert norsk, hadde det vel? Kva hadde Olav Duun vore utan nordtrøndersk? Eller Dag Solstad på riksmål? Huff, nei. :P

Vegard

20.jan.2010 kl.15:59

Marta: Eg såg det var ein i ei nynorksgruppe på Facebook som meinte vi burde gje Odd Nordstoga målprisen for 2009, sidan han visstnok hadde gjort meir for nynorsken i 2009 enn Noregs Mållag har gjort dei siste 100 åra. Ein nokså dryg påstand, men.. ^^

Hm.. Eg måtte slå det opp no, og "kossen" er ikkje oppslagsord. Det står korleis og så hoss, hossen eller koss i klammeform. Eg får opp "kossen" når eg søkjer, som ei form av "koss", men eg forsto ikkje heilt. Gjer du? xD

So er då flott og moderne, det. ^^ Tenkjer meir på ord som "honom", "somme [sume]", "brigda" og liknande. Flotte ord, for all del, men det er heilt unaturleg for meg å bruke dei.

Talkie Walkie

20.jan.2010 kl.17:58

Jeg har kjøpt meg boksere det står Ivar Aasen på! De er sexy og kule ;) I love them!

Og skal jeg noen gang skrive bok så skal jeg skrive et kapittel på nynorsk. Just for you!!!

Marta

20.jan.2010 kl.18:53

Du veit du ber om eit langt attkvitter no, sant? Velvel, her me går (eller "here we go" om nokon lurde på kva eg hadde fått i meg no).

Heftig absurd? Javel? Eg feiltolka det fyrst og las gjennom attkvitret mitt for å finne ut kvar eg hadde skrive "heftig absurd". Då eg ikkje fann det der, trur eg at la saman to og to og fekk fire. Trur eg. Isofall får eg seie tusen takk til deg =)

Du er iallfall meir fotogen enn meg, det er sikkert. Fin ting det, for det gjer at me har fått mange kreative bilete med deg og Yoshiar og bøker, slikt er koseleg ^^

Heldige deg. Eg finn so mange ord eg vil kalle for bokmål, so eg ergrar meg grøn over det kvar gong eg les i boka. Som er kvar kveld no... At dialogane er på dialekt (slik som "Gategutt", som eg les no) er heilt greitt, det synest eg er artig/gjer det meir interessant. Men ikkje når du finn til dømes "eg" og "fikk" i same setning elles i teksta, GAH! Eg kan ikkje for det, hjernen min rettar automatisk til eit meir nynorskvenleg ord om han ikkje godkjenner det som står. Det øydelegg litt av flyten når du les, kan du seie...

Eg kan gå med på at den var litt dryg (iallfall før eg har sett meg skikkeleg inn i kva båe "kandidatane" har gjort (100 år blir litt mykje, so eg kjem neppe til å sjekke det ut heller)), men eg kan vel òg sjå på det som ei støtte til det eg skreiv om at Odd Nordstoga kunne vere til hjelp for nynorsklæring, so då er vel alt bra ^^

Vegard, du skuffar meg, har du ikkje prøvd dokpro? =P Prøv der, so blir du opplyst. Eg kan òg spare deg for søket og fortelje deg at her seier me: "Kossen gjeng det?" eller "Koss gjeng det?" Me brukar altso "koss/kossen" for "korleis".

Nei, det er nok ikkje det. "So" er klammeform, so om eg skal skrive det med rette, lyt eg skrive konservativ nynorsk. Eg veit ikkje om eg er heilt der enno. Og om eg vil, har eg ein lang veg att, då må eg jo lære mange ord på nytt, for å seie det slik. "Brigde" hugsar eg at eg fann på sidane til Målungdomen, måtte søkje det opp på dokpro før eg fann ut av kva det var. "Honom" og "somme", derimot, er ikkje so gale. Eg nyttar dei ikkje sjølv (eller... kan hende "somme" av og til?), men eg veit andre som gjer det. Kva med "friviljug"? =P

Eg fann forresten for alvor ut kor mykje du eigentleg bloggar. For: For litt tilbake fann eg ut at eg skulle kopiere det fine folk har skrive til meg her (alltid fint å lese =D ). Fått gjort det med dei nyaste attkvitra, men eg ville jo få tak i dei eldre òg. Då vart det plutseleg "nokre" innlegg ein måtte sjå seg gjennom x) Eg har iallfall fått jobba meg fram til desember no (og du for ein fordel at eg ikkje har eigen blogg, det var langt færre attkvitter frå folk med svart skrift enn dei med blå skrift, so det vart snøggare å leite ^^).

Oi, det vart ein smule lengre enn planglagt *plystre* Gidd du forresten å seie frå til meg om du får vite kva dag innlegget til nynorskjentene (du veit kven eg skriv om) kjem på trykk?

Marta

20.jan.2010 kl.19:08

*kremt* Eg limte inn kommentaren min i eit tekstdokument og sjekka kor mange teikn det var. Er det 2200 teikn som er grensa for hovudinnlegg i Si ;D no? Mitt var mykje lengre enn det. Til og med lengre enn den førre grensa på 2500 teikn (medrekna mellomrom, hugs det!). 2707 teikn *plystre*

Men NO er det på tide eg puggar til matteprøve. Prøve i morgon, og eg har ikkje pugga sidan sundag, heh. Eg likar ikkje sannsyn >_<

Vegard

20.jan.2010 kl.20:54

Talkie Walkie: Du veit at du ber om å bli lagt an på no? O.o

Lena Mari

21.jan.2010 kl.12:09

"Saman er ein mindre aleine" er eit fantastisk bok, som er oversatt frå Fransk til Nynorsk. http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=2595384

Kan og komma med tipset om og høyra på nynorsk musikk, Ivar Medaas og Salhus Vinskvetten er flotte greie, sjølv om dei begge innheld ein god del dialektord som ikkje vert brukt så mykje i den skriftlege nynorsken.

Ellers så er da mange flotte diktarar som skriv på nynorsk, eg er spesielt glad i Aslaug Låstad Lygre, dei har og sette melodi til nokre av dikta, og da likar eg!

Emse

22.jan.2010 kl.20:40

Pulesveis på siste bilde. Talkie Walkie har nok fått gjennomgå alt...

Marta

26.jan.2010 kl.21:38

Noko som slo meg no: Lokalaviser? "Hordaland" og fleire andre lokalaviser i Hordaland og Sogn og Fjordane (og diverse elles i landet òg, so klart) skriv jo pur nynorsk. Der er det lett å lære seg nye ord, sjølv om ein har skrive nynorsk heile livet.

Tips nummer to kan jo kan hende vere å sjå meir på fjernsyn (tips med modifikasjonar!)? Iallfall NRK har jo fleire program som er teksta på nynorsk, so der kan ein lære litt (og dei har vel fleire interessante program enn til dømes TV2, so kvifor ikkje?)

Jau, og ved sidan av bøker kan ein lese bokmeldinger og slikt av Marta Norheim, iallfall. To fluger ein smekk: Du får lese nynorsk og du kan finne deg nye og interessante bøker ;-)

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits