Kven i ørsten er Jens Evensen?

11.jan.2010, 22:33, 8 har kvitra att
... og kva gjer namnet hans der oppe?


Lydspor: The Unicorns - Les Os


No tek dei ned jula



Det eg faktisk tenkte på då eg gjekk forbi dette og knipsa, var om jenta som gifta seg med jula tek ein liten Berliner-Mauer no, opprettar ei heimeside og seier at ho framleis er gift med jula "in spirit". "Min ektemann heiter jula, og han arbeidde med å gjere vinteren til handelstanden si viktigste årstid. Han er pensjonert for i år".

^^

Chop Chop Ninja!


Fett spel. 6 kr i App Store. Spring og kjøp. ^^

Mammablogging til eit nytt nivå
Eg er, i likskap med mange andre, uroa for unge folk som brettar ut seg sjølve på Internett og skriv fullt namn, kva skule dei går på og alt mogleg. Det er jo ganske uheldig, kan ein seie. Eg er jo glad i Aftenposten, sjølv om avisa er på riksmål og redaktøren tykkjer det er naudsynt at avisa ikkje skriv nynorsk for å ha ei redaksjonell linje (*banke seg i skallen og seie "ko-ko"*), så eg les nettutgåva ganske mykje. No kom eg over ein artikkel frå i fjor som handlar om korleis unge utleverer seg sjølv på bloggar rundt om kring på verdsveven. Fin lesning, med ekspertfråsegn og heile pakka.

Men det var ein setning her som var grammatisk morosam. Dette er om bloggaren Malindus, som er 16 år og mamma:
"Hun er en slags økomamma som blogger om å gi vekk håndlagede såper til jul, om å gifte seg med kjæresten i november og faren til lille Malin som snart fyller ni måneder."

Den lille delsetninga om faren som snart fyllar ni månader er artig. Eg måtte faktisk lese setninga ein gong til då eg kom til "ni måneder". Grammatisk tvitydig, den setninga der, altså. ^^

Pryder og pryder, fru Blom


Biletet er teke frå Dagbladet.no. Trykk på biletet for å kome til artikkelen.

Frå ordboka:
pryde v1 el. -r, -dde, -dd el. -dt (norr prýða) gjere vakker, pynte, stase opp duken var prydd med gullsaum

Ordvalet var no litt drygt... Denne tatoveringen korkje gjorde vakker eller stasa opp.



Uæh, dette vart eit uvanleg kvitter! Eit slags multikvitter om alt mogleg på ein gong! Forvirra...

8 attkvitter

Lisa

11.jan.2010 kl.23:11

Pappaen til Malin må være verdens yngste...

Espii

11.jan.2010 kl.23:15

Ørsten? :P

Du uttrykket har eg ikkje høyrd før... Minnar meg om Ørsta (Nynorskhovudstaden over alle stadar)... Har det noko samanheng?

Vegard

11.jan.2010 kl.23:40

Espii: Eg hadde tenkt å skrive "helvete". Men det kler liksom ikkje meg. Så då gjorde eg litt om på namnet "Ørsta". La på -en-ending og liten førebokstav. Må jo vere tilsvarande "helvete"? ^^

kristine trampoline

12.jan.2010 kl.00:19

hei, jeg er litt dum og tenkte egentlig at det store treet på oslo s var et ekte tre? du drepte nå den illusjonen. takk. :(

Marta

12.jan.2010 kl.08:41

Eg har ingen aning om kven Jens Evensen er, og sidan timen startar no, tek eg meg ikkje tid til å søkje det opp. Me kan tenkje at han må vere utruleg viktig, sidan han har fått namnet sitt øvst på ein bygning. Og ein som skjular seg bak andre, sidan me ikkje veit kven han er.

Eg òg hadde ei von om at det kunne vere eit ekte juletre. Greitt nok so har eg berre sett det på avstand dei få gongane eg har vore på Oslo S, men likevel. Betre å tru det er eit ekte juletre, enn å vite det er eit plasttre? Det var vel ein skrivefeil, men eg skriv det i tilfelle: Ein kan ikkje skrive "viktigste", det er "viktigaste".

Om det er greitt, so kjøpar eg ikkje det spelet, då eg ikkje har iPhone eller noko liknande i det heile.

Hehe, jau, den setninga var heller tvilsam. Eg vil helst ikkje møte på so unge fedre, DÅ er det "litt" vel skummelt kor tidleg folk startar.

Tatoveringa var fin, men helst som bilete eller liknande, ikkje på eit menneske. Takk for tilbodet, men eg er ikkje interessert i å lese om den nye tatoveringa til Beckham...

OG KVIFOR INN I HEITASTE, HULASTE, SVARTASTE GRANSKAUEN KAN IKKJE MICROSOFT WORD FÅ INN I DEN GRAUTTJUKKE SKALLEN SIN AT EG VIL HA NYNORSK SOM STANDARDSPRÅK?! Microsoft likar ikkje nynorsk. Eg vil ha att Open Office, programmet som likar nynorsk... (eg nyttar ei skulemaskin som ikkje har Open Office)

Jellyfish

12.jan.2010 kl.10:32

Jens Evensen? Hmm.. Aldri hørt om.

Eirin

12.jan.2010 kl.10:52

oi. skikkelig multikvitter ja :P

*banke seg i skallen og seie "ko-ko"* - hahahhaha :D

Marta

12.jan.2010 kl.21:15

"Jens Evensen (født 5. november 1917 i Oslo, død 15. februar 2004) var en norsk politiker (Ap), diplomat, jurist, høyesterettsadvokat og folkerettsdommer ved Den internasjonale domstolen i Haag 1985-1994, og Kommandør av Korset av St. Olavs Orden. Han fremforhandlet Norges handelsavtale med EF i 1972, og var statsråd i Trygve Brattelis og Odvar Nordlis regjeringer, først som handelsminister, deretter som havrettsminister til 1979. Hans arbeid kan ha vært avgjørende for de store statlige inntektene av norsk oljevirksomhet. 'Gråsone'-avtalen var også hans verk. FNs havrettstraktat (1982) er i stor grad fundamentert på Evensens arbeid. Einar Førde kalte Jens Evensen for 'en av de store nordmenn i dette århundret.' "

Framhald her: http://no.wikipedia.org/wiki/Jens_Evensen

So veit me no det.

P.S.: Orsak for at eg ikkje omsette det til nynorsk, men eg hadde ikkje tid.

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits