Vonbroten!

11.jan.2010, 18:41, 7 har kvitra att
I dag har det vore nettmøte med sjefredaktør i Aftenposten, Hilde Haugsgjerd. Eg sendte sjølvsagt inn eit spørsmål om nynorsk. Svaret hennar var eg ikkje nøgd med..



Aftenposten får pressestønad som alle andre, eg meiner det då er toskeskap å la dei velje bort ein målform som er jamstilt med den andre. At ho kan grunngje denne aktive nynorskboikotten med at "en redaksjon må ha en språknorm" og at det er jamstilt med "standarder for journalistikk og design" er skuffande.

Trekk pressestønaden til Aftenposten no, seier no eg. Om ei avis skal få statsstønad må ho vel vere for heile folket?

7 attkvitter

anders

11.jan.2010 kl.19:00

skal ikke avisene ha sånn 25 % nynorsk uansett egenltig?

ånei

dativfleirtal

13.jan.2010 kl.12:57

aftenposten si norm er styrt av riksmålsforbundet. dette las me om i pensum i fjor. der vart det framstilt som om ei snever gruppe på 5-6 ekstremt konservative riksmålsmenneske styrer aftenposten og dei fleste store forlaga (litt partisk bok), fordi denne gruppa avgjer den språklege rettesnora som skal fylgjast.

(eg trur kanskje det er sant. ekkelt.)

Vegard

14.jan.2010 kl.22:33

anders: Nei, og det er ganske latterleg.. Når staten gjev folk stønad til å lage media til heile folket, bør dei kunne krevje at det skal vere for nynorskbrukarane òg. TV2 fekk sendeløyve i Noreg mot at dei hadde nynorsk. Dei får ikkje ei krone i statsstønad, men har nynorsk likefullt. Dei oppmodar og folk til å bruke dialekta si, og TV2 har ei framifrå språkleg utforming. Men Aftenposten, Dagbladet, VG og andre aviser har det ein kallar "momsfritak", dei får altså selje avisene sine utan å betale moms på det. Men dei har ikkje noko nynorskkrav, dei kan fint nekte journalistane sine å skrive på nynorsk. Og det er kjempeteit, for vi nynorskbrukarar har plutseleg få alternativ til å få daglege nyhende på nynorks. "Alle forstår jo bokmål" er jo så klart det eg får høyre når eg klagar om dette.

LI

15.jan.2010 kl.00:32

Et interessant poeng kan jo også være hvor stor andel av Aftenpostens lesere som selv skriver nynorsk. Jeg vil tro svaret er en god del under landssnittet. Min logikk sier at dersom 5 % (gjetting) av leserne skriver nynorsk, og flere av dem ikke har et stort behov for at deler av avisa skal være på deres hovedmål, er det rart om f.eks. 25 % må være på nynorsk.

(Hvorfor føler jeg at de fleste andre her er hakket mer pro nynorsk enn jeg er?)

Vegard

15.jan.2010 kl.13:18

LI: Det er eit godt og interessant poeng, ja, men kanskje var det meir slik før enn no? Aftenposten er jo i utgangspunktet ei Oslo-avis, men vert distribuert over heile landet og er den tredje største avisa i heile landet. Så tidlegare var avisa meint for eit publikum som nær utelukkande var bokmåls-/riksmålsbrukarar, no er ho òg meint for alle i heile landet, dvs. òg dei mange hundre tusen nynorskbrukarane, men framleis med vekt på Oslo.

25 % er jo ein ganske stor prosent. 10 eller 15 % er meir realistisk. Men eg er ikkje for å stille eit prosentkrav, eg vil berre forby dei å nekte journalistane å skrive nynorsk. Om dei vil. Eg vil ikkje tvinge nokon til å skrive nynorsk, for eg veit kor kjipt det er å måtte skrive ei anna målform enn du vil. Journalistar som vil skrive nynorsk får seg jo ikkje arbeid i Aftenposten, men om Aftenposten fjerna det redaksjonelle forbodet, er det ikkje utenkjeleg at nokon byrja å skrive på nynorsk.

Ein må stimulere fram nynorsken, ikkje tvinge han fram. :3 (Med mindre det er snakk om offentleg sektor, då er kvoter på sin plass.)

(Eg veit ikkje.)

16.jan.2010 kl.21:00

Hei gutekall! Kan eg få eit trevekers abonnement?

Aftenposten har for tida ei kampanje der abonnentar kan gi andre eit 3 vekers gratis abonnement. Eg kan fylle ut sjølv og greier, men eg treng ditt verkelege namn! :)

Lena Mari

16.jan.2010 kl.21:23

Eg er enig. Og eg få sjølv lokalavisa frå Lindås i postkassa mi her på austlandet. Fint og lesa noko som er 100% nynorsk! Du får byrja og abonnera på Nordhordland, eller Strilen! Eller Firda for den del. :) Då får du mykje nynorsk.

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits