Ta til motmæle! Ja, DU, ja!!

11.jan.2010, 09:47, 3 har kvitra att
Katastrofalt Si;D-innlegg
Dagens innlegg i Si;D er eit forferdeleg angrep på eit vakkert og levande språk! Under overskrifta "La nynorsken dø" skriv Sindre Trengereid (17) påstander om at nynorsken vert halde kunstig i live, at det er eit språk i forfall og kallar det blant anna "halvspråk" og "ruklet".

Kan vi finne oss i at språket vårt vert omtala på denne måten? Nei! Eg oppmodar alle som les bloggen min til å ta til motmæle og sende inn motinnlegg, små som store! Skriv om kor feil han har, at nynorsken lever og har unge brukarar og tilhengjarar over heile landet! Skriv langt, skriv kort, skriv!

Send til dømes ein SMS med kodeord "AFSID" til 1905!

Du kan òg trykke her for å få opp eit innleggsskjema!

Det går klart fram av innlegget til Sindre at det han eigentleg vil ha vekk er obligatorisk sidemål, og det er på tide å få folk til å slutte å la sidemålsdebatten bli ein arena for å slenge dritt om minioritetsspråket i landet.

Tips til innlegg:
Her skal vi ta til motmæle og vi skal skrive betre enn Sindre Trengereid. Han har få gode argument å kome med anna enn prosentar og eventyrmetaforar. Vi må syne ham at vi kan langt betre, at nynorsk er eit levande språk som vert nytta av mange unge i heile landet, òg utanfor Vestlandet. Skriv at vi ikkje vil ha noko fleirtalsdiktatur i Noreg og at vi vil ha to reellt jamstilte språk og ikkje framhalde undertrykking og diskriminering av nynorsken! Ikkje la slike tullingar mobbe språket dykkar, ta til motmæle og ver sta!

Eg vil gjerne få fram at det faen ikkje er bokmålsfolket det er synd i når ein ser på nynorskens historie! Sidan 1885 har landsmålet/nynorsken vorte aktivt utestengd frå media og næringsliv, frå skular og frå heile bygder. Det er nynorskbrukarar som har måtta slåst for rettane sine, det er nynorskbrukarar som har stått på krava og måtta kjempe og slåst for å få lov til å bruke ei målform som er jamstilt med den dominerande. Det er nynorskfolket som er minioriteten og som dagleg vert tråkka på og får drit kasta etter seg. Det er nynorskfolket som alltid har vore den minste og den svakaste parten, men det er vi som har den beste saka og det er vi som har skjønt det.

3 attkvitter

Marta

11.jan.2010 kl.11:41

GAH! Han BER om å få svar, ingen tvil om det! Eg har mykje lekser denne veka, men eg skal prøve å få til eit svar so snøgt som råd.

Hm, me skulle ikkje samarbeide om det? Eg veit iallfall at eg trenger hjelp til å skrive kortare innlegg *kremt* So om eg i det minste kunne sende det til deg etterpå om det vart for langt, so du kunne hjelpe meg med å ta vekk det som ikkje er nødvendig, so hadde det vore fint?

Marta

15.jan.2010 kl.21:14

Det er forresten noko som slår meg i innlegget til Sindre: Avslutninga. «Men du vet jo hva som skjer når de unge vil noe, gjør du ikke? Jo, det går noen år, og så dør de gamle, så glemmer vi hva de en gang kjempet for. Og så blir det vi som bestemmer...»

Eg tykkjer avslutninga ikkje er særleg god, av di den får meg til å tenkje på andre verdskrig. Det er vel ikkje so bra om me gløymer kva dei gamle kjempa for, for då risikerer me vel å gjere same mistaket éin gong til? Og ein ny verdskrig freistar vel ikkje? Nokolunde sitat frå ein vegg i Ravensbrück (omsett til norsk, so klart): ?Når ekkoet av stemmane våre svinn hen, er menneskja dømt til å leve historia om att.?

So er det jo godt mogleg at alle andre synest det var ei god avslutning, og at det berre var eg som starta å tenkje på verdskrigar. Og det er eit stykke frå nynorsk til verdskrig, men det var delen om at me unge gløymer kva dei gamle kjempa for som fekk meg til å tenkje i dei baner.

Og då skal eg lese "Dagens utklipp ...", so takk for meg.

Frå Austfold/Østfold?...

14.mar.2010 kl.15:24

Hadde skriveøkt i norsktimen her om dagen, kor eg skulle svare på nett dette lesarinnlegget. Der forsvarte eg nynorskfolket og ba Trangsyntreid la folk ha språket sitt i fred.

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits