Romjulskalender - Slå klammeformene!

06.jan.2010, 23:09, 6 har kvitra att
Eit spel for deg og meg
Det er nokon der ute som skriv verkeleg bokmålsnær nynorsk. Kvifor? Fordi det går an. Med klammeformer i nynorsk kan ein få nynorsken til å likne litt på bokmål. Det tykkjer eg er kjipt. Språkrådet har no oppretta ei nemnd som skal arbeide med ei ny nynorsknorm, og dei har varsla at klammeformene skal bort og at norma skal bli strammare. For å varme litt opp, kan du no få øve deg på å slå klammeformene vekk frå nynorsken.

Førebels sprett dei opp att av to grunner. 1: Dei forsvinn ikkje før i 2011 og 2: Eg fekk ikkje til å la dei vere nede... Eg er ikkje så flink i Flash. Jaja. Kos deg!

TRYKK HER FOR Å KOME TIL SPELET!

I dag er ein av dei dagane som gjer meg til ein lykkeleg nynorskbrukar. Kvifor får du lese (og sjå) i morgon.

6 attkvitter

Lisa

06.jan.2010 kl.23:19

Haha :D!!! Det er morsomt å slå klammeformer!

Þormóðr

07.jan.2010 kl.03:16

Vegard, ditt oppkomme av originale påfunn.

Men gjør det noe om nynorsken bare forsvinn? Eg hadde eit fantasibilde i hovudet der nynorsken var borte og bokmålet riksmål, og ting gikk faktisk rundt som vanlig. Men noen er meir interessert i korleis ein sei ting, enn kva enn sei, og dei sit i alle slags råd og utval og ting kor nynorsken elles ville blitt latinisert.

Det vil seie, eg likar at du får utfolde di sjel og uttrykke deg slik du ynskjer. Eg respekterer ditt til dels vakre forhold til språket. Mitt problem er at for mange former er forvirrande og tidkrevjande. Eg vil helst ha ei endeleg form å forholde meg til. Synest språket skal fungere som eit effektivt verktøy til å uttrykke seg - eg vil ikkje sitte og fundere over KORLEIS eg skal skrive.

Bloggen din er morosam og kreativ, men når alt kjem til alt er den meiningslaus. Altså, to sett med skulebøker? Sidemålsundervisning? Nynorskforeiningar? Offentleg informasjon i stereo? Hallo?

Som mange andre med nynorsk som hovudmål, skriv eg like gjerne bokmål.

Anonym

07.jan.2010 kl.11:21

Jeg holder meg til bokmålen denne gang, så jeg ikke tabber meg ut (:
Tro det eller ei, men den gangen jeg gikk på videregående skole, som forøvrig ikke er så lenge siden, så ba min lærer meg om å skrive klammeformer. Hun mente jeg var sta som absolutt måtte skrive "korrekt" nynorsk, fordi det var mye vanskeligere. Jeg sto selvsagt på mitt og spurte hva vitsen med å lære nynorsk var, hvis man ikke skulle lære nynorsk ordentlig. Det falt visst ikke i god jord, for hun mente at klammeformene var ordentlig nynorsk.

07.jan.2010 kl.11:37

Tja, no veit eg ikkje om det er eit mål i seg sjølv å halde nynorsken borte frå bokmålet. Bokmål og nynorsk nærmar kvarandre og på sikt vil dei nok smelte ihop - det er berre naturleg.

Det finst andre gode grunnar til å ta bort klammeformene, då.

For det fyrste er det framleis slik at dei ikkje er identiske og då er det dumt å presse nynorsken gjennom ein tåpeleg samnorskmaskin. For det andre er det utruleg uoversikteleg for eit skriftspråk å ha så mange unnatak.

Eg tykkjer berre det er viktig at me ikkje gjer nynorsken til noko han ikkje er: eit mystisk og statisk alvespråk.

Vegard

07.jan.2010 kl.13:55

Anonym: Der tek du litt feil. Språkpolitikken har rett nok vore at nynorsk og bokmål skal smelte saman i om lag 100 år, men det er forandra no, og Stortinget har vedteke at ein skal normere, ta vare på og styrke bokmål og nynorsk kvar for seg. Grunnen til at bokmål og nynorsk er så like som dei er, er nettopp denne normeringspolitikken. Politikarane har sjølvsagt lenge ana at å ha to språk er ei utfordring og ein utgift, det mest praktiske hadde vore om alle i heile verda snakka og skreiv heilt likt. Men sånn er det ikkje.

Det er gode grunner du har der, ja. Samnorsktanken må døy, og norma bør vere éi.

Siste setninga di er eg heilt samd i. Nynorsken må vere levande og kunne fungere som eit daglegdags skriftspråk for alle nordmenn. Eg ser med stor glede at nynorsken er på veg opp og fram i Oslo (faktisk sit eg og skriv denne kommentaren i ein bokhandel som nyttar mykje nynorsk i marknadsføringa). Diverre er det mange som allereie tykkjer at nynorsk er eit "mystisk og statisk alvespråk". Med den nye norma og meir arbeid for å styrke rettane til nynorksbrukarane, trur eg den uhyggelege nedgongen til nynorsken vil snu. ^^

Þormóðr

15.jan.2010 kl.23:44

Eg uttrykte meg for sterkt og feil ovanfor, og det plaga meg. Eg meiner at sjølv om bloggen din - nynorskbloggen - i ånd av ein pådrivar for bevaring og spreiing av nynorsk kan være vesentleg for saka, så er saka meiningslaus. Urgh..vel, du skjønar.

Men elles er det jo det å uttrykke seg og kommunisere med andre noko som gir mykje meining for oss, så eg er jo slett ikkje negativ til bloggen din!

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits