Romjulskalender - Teke på kornet

03.jan.2010, 19:17, 6 har kvitra att
Teikne
Sjølv om eg berre har ei passe stor MacBook-museplate ("touchpad") å teikne på, tykkjer eg det er artig å drodle litt. I dag vart resultatet denne.


- Slutt å ta meg på kornet, din fordømte grisefaen!!

Konstruktivitet?
No skal eg snart gjere noko meir konstruktivt. Som til dømes å teikne eit nytt toppbilete. Eg kan jo ikkje ha juletoppbilete når skulen byrjar. Og eg manglar framleis nokre luker på kalenderen. Trettande dag jul er jo ikkje før 6. januar. :3 Og det er tre dagar igjen, i tillegg manglar eg to luker, trur eg. Så. Fem ting igjen. Går så fint, så.

Eg vonar alt står bra til med nynorsken i det ganske land! Ved skulestart kan de jo hugse på at de har krav på å få ein "rimeleg del" av undervisninga på hovudmålet dykkar. ^^

Kyss og klem.

6 attkvitter

Helene & Christine - Forlovet

03.jan.2010 kl.19:18

vil du vinne onepiece?

vi har en konkuranse :)

Marta

03.jan.2010 kl.22:54

Veeeeent litt... Er ikkje onepiece den gyselege dressen? Kven vil friviljug bruke noko slikt, anna enn som pysj, sidan ingen andre kjem til å sjå den då? Og éin ting til: Ein god måte å auke truverdet sitt på i samband med ein konkurranse, er å skrive rett... Nok om det.

Det blir lett, hjå oss skriv halve klassa nynorsk. Som då vil seie tre elevar, men det treng ein kan hende ikkje å nemne høgt? Innrøm det, det høyrest betre ut at 50% av klassa skriv nynorsk, enn om du seier at tre elevar i klassa di gjer det? Attpåtil er læraren vår frå ein nynorskkommune, so null problem. Hehe, mot slutten av fyrste termin på VG1 kom ho bort til oss og lurte på om me ikkje berre kunne skrive ein tekst på ei side og levere til ho, for det gjekk plutseleg opp for ho at ho ikkje hadde noko vurderingsgrunnlag på oss i sidemål x) Seier vel sitt om kor ofte me skriv bokmål om me ikkje må?

Er det meg det er noko gale med, eller andre, når dei seier at "å kjøre safe" går an å bruke i norsk, medan eg er usamd? Kvifor det går? "Av di me ikkje har noko alternativ på norsk", eg nemnde fleire (å køyre trygt, sikkert, å heilgardere seg, alt ettersom kva det er snakk om). Og ho eg snakka med visste ei heller om eit godt norsk ord for "safe." Eg hugsar ikkje kva ho nemnde, men ho visste iallfall ikkje om "pengeskap/-skåp." Eg likar ikkje utviklinga til det norske språk...

Og ja, me vil ha meir romjulskalender, so hald fram (eg skreiv iallfall ikkje "so keep it coming" =P )

Marit

04.jan.2010 kl.13:01

Eg veit ikkje om du driv med den "Dagens outfit"-spalta di enno, men eg fann noko litt rart på vekeplana mi i dag.---> http://i.imgur.com/IwjU6.jpg

Sjølv ville eg nok heller skrive "siste frist" =P

Anders

04.jan.2010 kl.15:53

eheehehehehe jeg klarer ikke se bildet ditt :c

Vegard

04.jan.2010 kl.16:35

Anders: Var noko gale med Imageshack. :c Men det er i orden no.

anders

04.jan.2010 kl.19:04

JAA NÅ SER JEG

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits