Gått nytt år til dei å

01.jan.2010, 22:22, 3 har kvitra att
Ein liten ferie?
Eg får ikkje dårleg samvit for å ikkje blogge. Om det er ein god eller dårleg ting, veit eg ikkje, men eg kom no til å tenkje over at eg faktisk har hoppa over ikkje mindre enn to luker i romjulskalenderen, som eg skal halde fram med til 6. januar, men dei får eg ta igjen. Det kjem altså dagar kor eg berre ikkje bloggar, fordi eg trur at både eg og dei som les set pris på at eg ikkje bloggar berre for å blogge og skriv innlegg om at eg ikkje har noko å blogge om. Det er teit.

Og sidan det ikkje skal sjå ut som om eg ikkje har noko å blogge om og difor bloggar om at det er teit at andre folk bloggar om at dei ikkje har noko å blogge om, så skal eg slutte no. For å blogge om at andre bloggar om at dei ikkje har noko å blogge om, det er jo verkeleg ikkje noko bra.

Overskrifta
Eg var nær å briste i gråt i kveld, då eg fekk denne meldinga på Facebook. Merk avsendar:


Åh, herre... Gått nytt år til dei å da !

Og kvifor har smilefjeset dobbelthake? >:C

Dagbladet har sunke endå djupare
Eg trudde ikkje dei kunne gjere det, men sjå berre her.

Førre gang nokon spurde om eg kunne kjøpe Dagbladet for dei, svara eg "Nei, kan vi ikkje boikotte den drittavisa". Eg har førebels ikkje endra meining. Slikt høyrer absolutt ikkje til på ei framside saman med ordentlege nyhende, og Dagbladet har gong på gong prova å ikkje vere seriøst.

Meir Dagbladet-"moro"
Fekk du med deg gladnyhendet om at det for fyrste gong er inngått eit homofilt ekteskap i Latin-Amerika? Ikkje? Gjer det no! Slik såg nyhendesida ut:


La oss ta ein nærare kikk på biletteksten:


"Alex Freyre (T.V.) OG partnere Jose Maria Di Bello, ble Latin-Amerikas første homofile ektepar i Argentina mandag."

Kvifor i alle dagar står det "OG" med store bokstavar? :S Og kvifor har det fått stå? Er det ingen form for korrekturlesning eller høve til å endre skrivefeil? Eg kjem opp med tre moglege forklaringar:

1. Dagbladet sin nettredaksjon tykkjer verkeleg det er naudsynt å poengtere at dei var to om å gifte seg og at Freyre ikkje gjorde det åleine.
2. Det var fyrst skrive "å", og ein eller annan gluping såg det og retta det med store bokstavar for å vere sikra merksemd. (Denne forklaringa er litt usikker, då det er tilsynelatande få glupingar i Dagbladet sin nettredaksjon, høhø..)
3. Det var berre eit hendeleg uhell.

Kva trur du?

Det i artikkelen som fekk meg til å riste mest på hovudet var likevel dette sitatet frå biskopen i byen der ekteskapet vart inngådd. Han seier dette ekteskapet er, intet mindre enn, "eit angrep på overlevinga av den menneskelege rase". Sjølv om både talet på homofile ekteskap går opp og folketalet går ned i vesten, trur eg ikkje homofilt samliv er rette syndebukk, altså...

3 attkvitter

Marta

01.jan.2010 kl.22:52

Dårleg samvit trenger du nok ikkje å få, men eg saknar oppdateringane dine. Særs no, når eg ventar spent på neste luke i romjulskalenderen. So har so klart andre eit liv i større grad enn meg og er meir ute, osb., men eg ventar, og vonar, no likevel. Men me kan berre seie at kalenderen er feil, og at me følgjer den rette kalenderen, ergo at trettande dag jul ikkje er før den 8.januar. Då går det opp i opp ;-)

Søren... SØREN! Eg såg det motsette i dag. I ei eller anna avis, eller slikt, hadde dei skrive "godt" i staden for "gått." Det lèt til at det er lett å byte om på dei to. Eg hugsar berre ikkje kvar eg såg det!

Eg seier framleis at om du synest Dagbladet har sunke djupt, burde du prøve VG. Dagbladet har iallfall framleis nokolunde vett med prioriteringane sine. Den dagen *tenkje* Brittany Murphy (?) døydde, utgjorde det størstedelen av forsida til VG, medan det hjå Dagbladet berre var nemnd øvst i eine hjørnet. Hovudoppslaget deira var 17 økonomiske råd til korleis du kunne tene meir før dette året var over (eg hugsar ikkje nøyaktig kva det var, men noko i den dur). VG er meir som Se og Hør, medan Dagbladet framleis har meir seriøst stoff (iallfall samanlikna med VG...).

Men "Ikke tenk koffert nå" var noko eg heller hadde trudd skulle kome frå VG, eg innrømmer det. OG trur eg er eit hendeleg uhell. Det er irriterande lett å få to store bokstaver når du berre skal ha éin (eg må til dømes ofte sjekke at eg ikkje har skrive MArta). Slikt er òg lett å oversjå, særleg om du har lita tid på deg, som sikkert er eit presserande problem hjå avisane, sidan dei skal vere fyrst ute med ditt og datt.

Då irriterar eg meg meir over skrivefeil i skulebøkene våre, DER burde dei hatt god nok tid til å plukke vekk slikt. Ein stad i biologiboka vår er det plutseleg ein w i eit ord. Den hengde seg sikkert på e-en som skulle vere der, men likevel...

Og no skriv du "nyhende" òg, ser eg. Det vann over det meir bokmåls- og dialektnære "nyheit"? Eller berre prøver du deg fram for å sjå om det kjennest naturleg å skrive det?

I tilfelle eg ikkje har skrive det enno (eg har altfor dårleg hugs): Godt nytt år til deg og dine! =) Og til alle de andre som les dette, so klart!

Om eg skriv meir no, skal eg smikke meg over fingrane, so over og ut!

Jellyfish

02.jan.2010 kl.02:23

Lang kommentar. Hoi.

Jeg så også den meldingen på fjesboken, og jeg sukket. Høylydt.

Vegard

03.jan.2010 kl.14:11

Marta: Det er ganske lett å byte om på "godt" og "gått" sidan dei vert uttala om lag likt. Eg merkar at "godt" ligg lenger ned i munnen enn "gått", men det kan jo berre vere meg..

VG slutta eg å lese for lenge sidan, men eg les framleis DB.no av gamal vane. Av dei tre store, riksdekkjande avisene i landet, er det Aftenposten eg liker best, sjølv om dei i hovudsak skriv på riksmål. :c

Ja, skrivefeil i skulebøker er fælt! Særs når det er fatale skrivefeil i oppgåver og/eller fasitsvar. Men eg hugsar ein gong frå kjemien i fjor då det sto feil i bokmålsboka, men ikkje nynorskboka. ^^

Eg har framleis ikkje kome til nokon konklusjon om "nyhende" eller "nyheit". Men eg nærmar meg. :P

Godt nyttår til deg òg. ^^

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits